6 minute read

Sovjetunionen og frigjering av Nord-Norge

toget mot Italia.»8 Men etter at det frå hausten 1943 av all kraft vart satsa på operasjon Overlord, det kontinentale åtaket som vart iverksett i Normandie med D-dagen 6. juni 1944, var det klart at Norge ville koma i periferien av krigen. Det var grunn til å tru at det ville gi ein vanskeleg situasjon, særleg etter at dei tyske styrkane ville måtta trekka seg ut av Finland.

Statsminister Churchill sine planar om eit militært åtak mot tyskarane i Norge møtte mykje motstand hos britiske militære leiarar. Statsminister Winston Churchill sin næraste militære rådgjevar, sir Alan Brooke (nr. 3 frå venstre), førte dagbok under krigen. Det er ei viktig kjelde, som mellom anna fortel om diskusjonane mellom Churchill og dei nærmaste militære leiarane hans. Foto: Harold William Tomlin / Imperial War Museums.

Advertisement

Sovjetunionen og frigjering av Nord-Norge

Det var klart frå første stund etter operasjon Barbarossa at Sovjetunionen ønskte at det skulle koma vestalliert støtte på nordfronten. Det ville gi ei avlasting på trykket på Austfronten generelt og sikra den livlina forsyningar over Murmansk og Arkhangelsk var for den sovjetiske krigføringa. I eit brev til Churchill i juli 1941 foreslo Stalin at det vart oppretta nye frontar i Nord-Frankrike og i Arktis.9 I desember 1941 foreslo Boris Shaposhnikov, leiaren for den sovjetiske overkommandoen, overfor den britiske

8 RA, PA-1407, boks 9, mappe «Lykke: Finland». Notat signert T.L., datert 10.31944. 9 Mann 2012: 67.

visestabssjefen Archie Nye eit felles åtak på Petsamo og Kirkenes for å hindre Tyskland å stoppa konvoitrafikken, med gjennomføring i januar–februar det komande året.10 Dette sovjetiske presset var då også ein viktig årsak til at Churchill så lenge trassa alle dei militære råda, som såg dette einsidig frå ein militær synsstad. Det er ein parallell mellom dei dominerande oppfatningane om at Churchill hadde Norge som ein tvangstanke, i strid med korleis dei militære leiarane såg det, og oppfatningane av Hitler si sterke prioritering av Norge, også i strid med oppfatningane i den tyske militære leiarskapen. Men også Hitler sine vurderingar kan truleg tilbakeførast til politiske vurderingar, i tillegg til dei militære som gjeld innsatsen på nordfronten: Det handla også om den strategiske balansen i Norden. Dersom forsvaret av Norge vart lågare prioritert, kunne det svekka Sverige si vilje til å føra ein tyskvennleg nøytralitetspolitikk og dei kreftene i finsk politikk som heldt sterkast på alliansen med Tyskland.11

Spørsmålet om Storbritannia burde opna ein «andre front», vart også diskutert ope på eit tidleg tidspunkt. Wilhelm Keilhau, ein av regjeringa sine utanrikspolitiske rådgivarar, viste i eit brev til utanriksminister Lie i juli 1942 til «de drøftelsene som i disse dager foregår om åpningen av den såkalte ‘annen front’» i avisene i London. Han meinte at «russerne er i høy grad krenket over at ikke den annen front åpner», ikkje nødvendigvis med «et avgjørende felttog fra vest», men i alle høve ein innsats i nord for å letta trykket på Sovjetunionen. Han er redd for at Sovjetunionen i motsett fall kan sjå seg nøydd til å inngå ein separatfred med sin tyske fiende. Norge har såleis «en ubetinget plikt til å gå inn for de russiske krav».12 Keilhau nøgde seg ikkje med eit brev til utanriksministeren. I august same år publiserte han ein artikkel i Norsk Tidend, regjeringa sitt organ i London, om at tanken om å etablera ein andre front for å avlasta Sovjetunionen var utsett til året etter, noko han var kritisk til. Det må Keilhau sjølv ha meint var eit viktig initiativ, for han sende ei engelsk omsetting av denne artikkelen til Utanriksdepartementet.13 Dette førte til at Christopher Warner, sjefen for Northern Department i det britiske utanriksdepartementet, oppsøkte det norske utanriksdepartementet for å høyra om dette var offisiell norsk politikk, noko som vart avvist.14

10 Ibid.: 74. 11 Ibid.: 89. 12 RA, UD 1940–1949, doss. 34.1, mappe 7. Keilhau til Lie 22.7.1942. 13 Keilhau til UD datert 11.8.1942, same stad. 14 Notat HOB datert 26.8.1942, same stad. datert 11.8.1942.

Dette var ikkje norsk politikk på dette tidspunktet. Korrespondansen rundt Keilhau sitt utspel i 1942 er då også arkivert i ei mappe med nemninga «Privat utanrikspolitikk», saman med utspel frå Carl Joachim Hambro og andre personar som vart oppfatta i regjeringskretsar som altfor geskjeftige. Men spørsmålet om ein alliert intervensjon i det nordlege Norge stilte seg heilt annleis då tida for Finland sitt skifte av side og eit sovjetisk åtak på dei tyske styrkane i Finnmark nærma seg. I første omgang ville den norske regjeringa ha vestallierte styrkar inn. Det var viktig å markera at Norge var eit vestalliert operasjonsområde. Det vart stadfesta frå britisk og amerikansk side, men utan at det kom løfter om allierte styrkar.15 I neste omgang var det difor viktig å ha ryggdekking overfor Sovjetunionen, som ville rulla opp dei tyske styrkane på nordfronten og mest sannsynleg rykka inn i Finnmark.

Det var heile tida ei uro for kva planar Sovjetunionen hadde. Utanriksminister Lie tok opp spørsmålet om sovjetiske planar om å vinna territorium på norsk område alt då den britiske utanriksministeren Anthony Eden reiste for å ha samtalar med Stalin i desember 1941. Eden kunne fortelja at Stalin ikkje kom med slike krav på dette møtet, tvert om hadde han ingen innvendingar mot britiske basar i Norge.16 Det kom ei rekke slike forsikringar frå sovjetisk side gjennom krigen om at Norge vart vurdert som ein del av den britiske interessesfæren. Det kunne jo vera talemåtar utan innhald, men det samsvarte med ei konsistent linje som vart ført gjennom heile krigen, og like eins dei synspunkta som vart formulerte like etter krigen, som Sven G. Holtsmark har argumentert for i fleire arbeid.17

Den norske uroa over sovjetiske intensjonar i nord i 1941–1942 var særleg knytt til at det kunne koma ein sovjetisk motoffensiv på nordfronten. Under ein lunsj med Churchill i februar 1942 understrekte både statsminister Johan Nygaardsvold og Lie at ein ikkje måtte risikera at det kom sovjetiske styrkar over på norsk område utan at det var vestallierte styrkar der – britiske, amerikanske og norske.18 Kronprins Olav hadde i brev til president Roosevelt gitt uttrykk for tilsvarande synspunkt på same tid. Her tok han ikkje berre opp eventuelle invasjonsplanar, men også sovjetisk ekspansjonisme, «a great risk of Russia wanting to permanently annex a part of Northern Norway for all times».19

15 Riste 1979: 163. 16 Ibid.: 159. 17 Jf. til dømes Holtsmark 2021: 96. 18 Riste 1979: 160, 280 ff. 19 Ibid.: 292.

Kronprinsesse Märtha, prins Harald, statsminister Johan Nygaardsvold, prinsesse Ragnhild og kronprins Olav på Pooks Hill, utanfor Washington D.C. Kvinna i bakgrunnen er Signe Svendsen, prins Harald si barnejente. London-regjeringa og kongehuset forsøkte å få Storbritannia og USA til å prioritera frigjeringa av Norge så mykje som mogleg. Foto: Nikolai Ramm Østgaard / Riksarkivet.

Olav Riste sannsynleggjer at denne norske uroa hadde utgangspunkt i rykte med opphav i den polske eksilregjeringa, og ho vart kraftig forsterka då president Roosevelt i ein samtale med Lie i mars 1943 kasta fram tanken om at Sovjetunionen kunne få tilbod om fri transitt over Skibotn og Narvik under internasjonalt tilsyn. Det vekte sterke reaksjonar frå norsk side, og Roosevelt kom aldri seinare tilbake til dette. Riste har påvist korleis dette utspelet frå Roosevelt ikkje var forankra i eigen administrasjon og heller ikkje hadde bakgrunn i forslag frå sovjetisk side. 20 Sven G. Holtsmark har i sovjetiske dokument funne at Roosevelt alt i januar 1942 sjølv hadde lufta denne ideen om ei sovjetisk frihamn i Norge, til dømes Narvik, med oppretting av ein korridor fram til byen. I eit telegram til den sovjetiske ambassadøren i Washington, Maksim M. Litvinov, hadde utanriksminister Molotov følgjande bodskap, ut frå at han oppfatta det slik at Roosevelt meinte at det kunne utplasserast sovjetiske styrkar i Narvik:

20 Riste 1979: 160. Utanriksminister Lie uttalte seg fleire gonger frå 1942 og ut krigen kritisk til den polske eksilregjeringa sin politikk som kunne tolkast som ein freistnad på å byggja ein allianse med dei nordiske landa som særleg var mynta på forholdet til Sovjetunionen etter krigen. Lie ville møta dette med større grad av samordning med dei tyskokkuperte landa i vest, Nederland og Belgia, og bygde dessutan gode relasjonar med den tsjekkiske eksilregjeringa, som hadde ein felles interesse med Norge i å ikkje utfordra Sovjetunionen.