5 minute read

Frigjeringsavtalar

I denne forbindelse finner den sovjetiske regjering det nødvendig å meddele presidenten at Sovjetunionen ikke har, og heller ikke har hatt, noen som helst territoriale eller andre krav å fremme overfor Norge, og at den derfor ikke kan akseptere forslaget om å besette Narvik med sovjetisk styrker.21

Liknande forsikringar kom ved fleire høve etter dette. Sovjetunionen såg Norge som del av ein vestleg interessesfære. Slik vart det også oppfatta på vestalliert side.

Advertisement

Frigjeringsavtalar

Dette er bakteppet for at den norske regjeringa brukte så mykje energi på å få offisielle stadfestingar på at Norge var vestalliert operasjonsområde. Dette vart eit tema i ein samtale i januar 1944 mellom utanriksminister Lie og Christopher Warner frå Northern Department i det britiske utanriksdepartementet, som på det tidspunktet også var ambassadør til den norske regjeringa. Her viste Lie til at dei sovjetiske styrkane kunne bli dei første på norsk jord.22 Det kom inga avklaring om dette, og det vart oppfatta som meir og meir prekært jo nærare tidspunktet for ei mogleg sovjetisk framrykking i nord kom. Frå britisk side vart det argumentert med at det var underforstått at Norge var britisk-amerikansk operasjonsområde.23 På eit utanriksministermøte i Moskva i november 1943 var det semje om å oppretta ein «European Advisory Commission» (EAC) som skulle drøfta spørsmål som hadde med frigjeringa å gjera. Den britiske regjeringa ønskte at spørsmålet om frigjeringsavtale med Norge skulle diskuterast der, men amerikanarane ønskte ikkje det – truleg fordi dei ville at det skulle vera eit klart skilje mellom dei frigjorte statane i vest og dei i aust. Problemet for Norge var at landet stod i ein heilt anna stilling enn Belgia og Nederland, som ikkje stod i fare for å få sovjetiske styrkar inn på sitt territorium. Til dette kom at amerikanarane frykta at britane ville få ei for sterk stilling i rådet som hadde sete i London, og at dei dessutan meinte slike spørsmål var av militær, og ikkje politisk karakter.24

21 Holtsmark 2015a: 251. 22 Elstad 2020: 90. 23 Riste 1979: 103 f. 24 Ibid.: 166 f.

Når dette drog ut i tid, valte Lie i mars 1944 å erklæra til den sovjetiske ambassadøren, Viktor Zacharovitsj Lebedev, at Norge, i tilfelle at Finland trakk seg ut av krigen, ønskte å etablera norske styrkar på sovjetisk territorium, bygd på dei same prinsippa som dei norske styrkane i Storbritannia, med sikte på å delta i ein framtidig offensiv mot Tyskland i nord. Dette vart akseptert på sovjetisk side.25 Norge inngjekk så ein separat frigjeringsavtale med Sovjetunionen den 16. mai 1944, likelydande med tilsvarande avtalar med Storbritannia og USA. Den norske avgjerda kom etter at britane aksepterte ein tilsvarande separat frigjeringsavtale mellom Sovjetunionen og den tsjekkiske eksilregjeringa.26 Det er grunnar til å sjå denne norske politikken som politisk nødvendig, med tanke på den framtidige utviklinga i nordområda. «Lie hadde gjort eit førsteklasses stykke diplomati», skriv historikaren Christopher Mann. «Han hadde oppnådd forsikringar både frå den britiske, amerikanske og – viktigast, sovjetiske allierte utan å stilla britane i ein vanskeleg posisjon eller svekka den allierte einskapen.»27

Bak dette arbeidet for å etablera frigjeringsavtalar låg eit strev for å få frigjeringa av Norge høgast mogleg på den allierte agendaen. Seinhausten 1943 vart det utforma ein heilskapleg plan for frigjering av Europa – Rankin A, B og C. Generalstrategien var eit kontinentalt angrep, operasjon Overlord, iverksett 6. juni 1944. Rankin-planane var reserveplanar for det tilfellet at Tyskland gjekk i oppløysing før denne kunne setjast i verk. Ingen av desse gjaldt Norge direkte. Norge var heilt i periferien av storkrigen, men i Rankin B var det opning for å setja inn styrkar både i nord og sør i ein sluttfase, og Rankin C gjaldt dei okkuperte landa i ein situasjon der det stod om å sikra vilkårslaus kapitulasjon. Norge vart lagt inn under skotsk kommando, med general Andrew Thorne i spissen.28 I desember 1943 vart generalmajor Oscar Strugstad for første gong involvert i planlegginga av «Rankin C – Norway». Strugstad var leiar for den nye norske militærmisjonen som skulle delta saman med britiske styrkar. Norge var uroa over at det ikkje var lagt opp til å senda troppar til Finnmark.29 Den norske forsvarssjefen Wilhelm Hansteen tok i februar opp med den øvste allierte leiaren, general Dwight D. Eisenhower, og med hans stab spørsmålet om å få styrkar til Finnmark inn på prioriteringslista.

25 Komarov 2015: 62 f. Jf. Sverdrup 1996: 133; Skogrand 2004: 101. 26 Riste 1979: 170 f. 27 Mann 2012: 178, mi omsetting. 28 Sverdrup 1996: 128. I oktober 1944 fekk Rankin B og C kodenamna Aladdin og Apostle 1 når det gjaldt Norge. Skancke 2010: 75; Riste 1979: 150 ff.; Mann 2012: 170 ff., 297. 29 Mann 2012: 173 f.

Utanriksminister Lie følgde opp dette overfor britane på same tid. Dei lukkast i å få dei militære strategane til å revurdera dette spørsmålet, utan at det kom meir ut av det.30

I den allierte planleggingsstaben var ein merksam på at den brente jords taktikk kunne bli aktuell etter at Finland hadde trekt seg ut av krigen. I ein bakgrunnsanalyse av Rankin-operasjonane signert av Frederick E. Morgan i Eisenhower sin stab datert 13. august 1943 heiter det at ein kan venta at Tyskland vil sørga for «maksimal grad av øydelegging» ved tilbaketrekking.31 I slutten av mai året etter vart dette formulert meir konkret i eit appendiks til eit notat om «Operation ‘Rankin’ Case B – Norway». Etter ei tysk tilbaketrekking frå Finland kan ein gå ut frå at tyskarane vil gjennomføra «a policy of demolitions in Finnmark, and in particular have destroyed all ports and installations, scuttled major shipping and destroyed all food stores».32

Allierte militære leiarar rekna med at Tyskland ville sørge for store øydeleggingar under ei tilbaketrekking, noko som også skjedde. Her blir Høybuktmoen flyplass utanfor Kirkenes lagd øyde. Foto: Rune Rautios samling.

30 Ibid.: 176 f. 31 NARA, RG 331, boks 98. Morgan til Secretary, Chiefs of Staff Commitee, Offices of the War Cabinet d. 13.8.43,

Appendix A: 20. 32 NARA, RG 331, boks 98. «Operation ‘Rankin’ – Case ‘B’ – Norway. Withdrawal from Finnmark», Appendiks C til eit notat datert 29.5.1944: Operation ‘Rankin’ – Case ‘B’ – Norway.