2 minute read

Finlands stilling

Frigjeringspolitikk

Hallvard Tjelmeland

Advertisement

Frigjeringa av Finnmark må sjåast i lys av utviklinga av sjølve krigen i eit lengre tidsperspektiv. Hausten 1943 var det heilt klart at det gjekk mot eit nederlag for Det tredje riket. Det tyske nederlaget ved Stalingrad i januar 1943 er rekna som det største vendepunktet. Så kom det endelege nederlaget for tyskarane i Nord-Afrika i mai 1943, med den påfølgjande allierte landinga på Sicilia i juli og den italienske kapitulasjonen i september. Desse klare utviklingstrekka førte også til ei omlegging av den svenske nøytralitetspolitikken.1 Alt dette la eit formidabelt press på Finland, noko som var avgjerande for den norske eksilregjeringa sin politikk i dei neste månadene.

Finlands stilling

Finland var oppe på det allierte stormaktsmøtet mellom Stalin, Roosevelt og Churchill i Teheran i desember 1943. Her var det semje om at Finland kunne halda fram som sjølvstendig stat etter krigen. Føresetnadene var at grensene frå 1940 vart gjenetablerte, at Petsamo eller Hangö vart avstått til Sovjetunionen, og dessutan at Finland måtte betale krigsskadeerstatning til Sovjetunionen. Desse krava var identiske med dei Moskva hadde stilt heilt sidan seinhausten 1941.2 I januar 1944 kryssa Sovjetunionen grensa til Polen, og i Stockholm møtte statsminister Paasikivi den sovjetiske ambassadøren Alexandra Kollontaj for å diskutera kva fredsvilkår Sovjetunionen ville stilla.3 Utanriksminister Trygve Lie fortel i sine memoarar at regjeringa vart engsteleg av artiklar i Sunday Times 23. januar 1944 om

1 Insall 2019 : 287 f. 2 Meinander 2006: 184. 3 Sverdrup 1996: 123.

Illegale norske motstandsaviser styrka moralen. Her var bodskapet klart og greitt: Det brann under Hitler sitt regime. Kjelde: Riksarkivet, Stockholm.

at det nå var aktuelt at Finland gjekk ut av krigen. Då kunne det henda at sovjetiske styrkar ville rykka inn i Norge for å stansa tyske luftoperasjonar mot Nord-Russland og Nord-Ishavet frå basar i Nord-Norge.4

Rykte om ein finsk separatfred var sterke i januar 1944, og regjeringa hadde merka seg at all energi vart lagt på å førebu eit kontinentalt angrep.5 Churchill sine planer om å etablera ein andre front i Norge, rulle opp europakartet nordfrå, som han uttrykte det, vart gong på gong forpurra av dei militære strategane, men vart ikkje forlate av Churchill sjølv før i 1943.6 Churchill sitt engasjement på dette punktet, hans «curious obsession with Norway», som historikaren Christopher Mann formulerer det, førte til at det vart utvikla tre store planar for ein invasjon av Norge mellom 1941 og 1943.7 Den viktigaste av desse var operasjon Jupiter, som gjekk ut på å etablera ein «andre front» i Norge for å avlasta trykket på Sovjetunionen på Austfronten. Han kom tilbake til denne fronten fleire gonger – kvar gong nedkjempa av dei militære kretsane. På ein lunsj i mars 1944, der kong Haakon hadde invitert statsminister Churchill og utanriksminister Eden, uttalte Churchill i kjend stil at han hadde hatt stor lyst til å gå laus på tyskarane i Norge i 1943: «Hvis vi hadde gjort det», heiter det i Lie sitt referat, «så hadde dere vært hjemme i dag. Men jeg ble slått av alle generaler og admiraler, som bestemt motsette seg mitt forslag, og isteden gikk felt-

4 Lie 1958: 123. 5 Holtsmark 2015: 255; Riste 1979: 162 ff. 6 Sverdrup 1996: 127. Han kom tilbake til denne ideen så seint som i 1944. Churchill såg dei politiske og militære aspekta i samanheng, noko hans militære kritikarar ikkje måtte. Jf. Willmott 1995: 104 f.; Grannes 1995: 111 f.;

Insall 2019: 294 f. 7 Mann 2012: 10.