Gloptimisten september 2018

Page 1

1 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018 GLOPPEN FRIIDRETTSLAG • GLOPPEN KOMMUNE • SEPTEMBER 2018 INFORMASJON . . . er generalsponsorar for Gloppen Friidrettslag Hovudsponsorar er: Hans tok sølv på Bislett
medaljevinnarar
NM Fekk Kongens fortenstmedalje Thomas tok gull i nordisk Rikhaldig oppsummering av NM på side 9, 10 og 11 side 5 side 8 side 12
GFIL sine
i

Leiaren har ordet

I over 70 år har friidrett vore ein av berebjelkane i Gloppen-idretten. Det finn vi fort ut om vi tek ein titt i jubileumsbøkene som moderlaga har gjeve ut dei siste ti åra.

Nesten utan unnatak har kommunen heile tida hatt utøvarar heilt oppe i landstoppen. Faktorar som etter mi meining har vore avgjerande er: fem allidrettslag, turn­tilbod, Firda Gymnas, Idrettsplassen, og Byrkjelo stadion. Vi held nokolunde posisjonen også i 2018, men det er slett ikkje sikkert at det vil halde fram. Det er færre og færre i kommunen som får smake på den flotte idretten vår, det er det fleire årsaker til:

• Nedbygging/forfall av fleiridrettsanlegg og tilsvarande bygging av spesialanlegg.

• Tidleg spesialisering i ballidrett, j.f. lokal mediesak om 9­åringen som som har fleire organiserte fotballtreningar for veka i store deler av året.

• Allidrett for for born under 12 år er på vikande front i moderlaga. Særidrettsgruppene køyrer innbyrdes sololøp med sine tilbod.

For å understreke kor viktig allsidigheit er kan vi dra fram gamle historier som til dømes om Flo­gutane i Stryn som møtte opp på allidrettsanlegget ein time før fotballtreninga for å hoppe høgde. Kanskje ikkje rart at dei same gutane vann dei fleste luftduellane når dei seinare kom på landslaget. Slikt var mogeleg når høgdematta låg i halvsirkelen rett bak fotballmålet. I 2018 får ikkje våre unge sjanse til å utvikle slik spisskompetanse.

No kjem kvardagen etter ei fantastisk NM­helg på Byrkjelo, der vi fekk vist oss fram på beste måte både sportsleg og arrangementsmessig. Det er slike opplevingar som gjev både aktive og trenarar inspirasjon til å gå på mot ein ny sesong. Vi har plass til langt fleire på fellestreningane for neste sesong som tek til etter haustferien. Vi er spesielt interessert i å få med fleire løparar, i 2018 var det ingen frå GFIL som var kvalifisert til senior­NM i løpsøvingar. Løpsøvingar utgjer den største og mest populære delen av friidretten, vi har trenarkrefter som er klare til å rettleie, både når det gjeld sprint og lengre distansar.

Sportsleg helsing Jørund Årdal

TRENINGSTIDER

HAUST OG FØRJULSVINTER 2018

Mandag:

Kl. 1700-2000

Kast på Loggane/ styrke Rygg skule

Kl. 1830-2000 Intervall i Bukta (oppstart 15. okt)

Tysdag:

Kl. 1800-1930

Løpstrening ute –oppmøte i Firdahallen (16. okt)

Onsdag:

Kl. 0700-0815

Langtur – oppmøte ved Firdahallen (17. okt)

Kl. 1700-2000

Kast på Loggane/ styrke Rygg skule

Torsdag:

Kl. 1800-2000 Fellestrening i Firdahallen (18. okt)

Fredag:

Kl. 0700-0815

Felles basisøkt Oppmøte i Firdahallen (19. okt)

Kl. 1700-2000

Kast på Loggane/ styrke Rygg skule

• Husk å ha med klebytte slik at de ikkje frys etter harde løpsøkter ute.

• Møt opp i god tid og ha med noko å ete til like etter at økta er ferdig.

Gloppe­Trimmen

– GFIL sitt lågterskeltilbod

Når de les denne Gloptimisten, er årets Gloppe-Trim-sesong avslutta. Kven som vann premiane er ikkje klart no i skrivande stund, i og med at her er to trimkveldar igjen.

Det som er klart er imidlertid at vi har aktivisert 150 trimmarar gjennom sesongen, som samanlagt har gjort om lag 1000 startar. Dei fleste har gått eller sprunge 4 km (dei yngste har hatt 2 km), og det betyr at det er tilbakelagt i underkant av 4000 km på Buktavegane!

Færre har delteke med tidtaking, noko vi kanskje er litt skuffa over. Vi meiner det må vere glimrande trening å springe mot klokka, og inspirerande å konkurrere mot seg sjølv. Same distanse dei fleste trimkveldane gjev eit utmerka høve til å bruke Gloppe­Trimmen som test av eigen form. Ein deltakar vil vi imidlertid framheve: Kjell Grimen har delteke alle onsdagskveldane denne sesongen i eigen kamp mot stoppeklokka. Imponerande!

Alle som har vore med minst åtte gonger, får ein liten premie å ha på hylla. Høgtideleg premieutdeling var som vanleg på siste trimkveld, den 19. september. Godt og vel seksti kan smykke seg med det trofèet.

Nokre færre var med på minst ti trimkveldar, men dei er med i trekking om gåvekort frå Intersport på kr. 2.000,Sidan årets sesong var den tiande med Gloppe­Trimmen, måtte vi ha ein skikkeleg jubileumspremie. Som ved femårsjubileet vart det

Kiropraktor Eigil Instebø 994 88 373

Knutholmen med overnatting for to, og ikkje minst inkludert «Havets festbord», som vart uttrekt mellom dei som har vore mellom dei ivrige trimmarane. Gloppe­Trimmen har facebookside, det er berre å søke den opp dersom du er forviten på vinnarlista!

Styret i GFIL 2018:

Leiar: Nils Ove Roset

Nestleiar: Jørund Årdal

Økonomi: Olav Holvik

Styremedlem: Ole­Bent Søreide

Styremedlem: Ole Morten Mardal

Styremedlem: Liv Randi Teige

Styremedlem: Else Lundestad

Aktivrepr.: Robert André Moldestad

Varamedlem: Even Rønnekleiv

Varamedlem: Jan Otto Aae

Gloptimisten er lagsavisa til Gloppen Friidrettslag. Den har vore i drift sidan 1990 med vekselsvis 3 og 4 nummer i året. Avisa går til alle husstander i Gloppen som informasjonsavis samt at vi sender den til utflytta glopparar med friidrettsbakgrunn. Såleis når den fram til mange.

REDAKTØR

For snarleg tiltredelse

Den som vert tilsett må ha gyldig førarkort for personbil og disponere eigen bil, ha tilgang på laptop og skikkeleg fotoapparat. Det vil følge med mykje gratiskøyring og gratisarbeid. Det er ein fordel med forholdsvis høg kompetanse på idrett.

Meir info om stillinga får ein ved å kontakte leiar i Gloppen Friidrettslag

Sandane

Telefon 57 88 46 00

er lagsblad for Gloppen Friidrettslag (GFIL) skipa i 1990 av moderlaga STIL, Brodd, Fjellhug/ Vereide, Hyen og BBIL.

GFIL driv junior­, senior­ og veteranfriidrett i Gloppen. Bladet kjem ut til alle husstandar i kommunen tre gonger i året.

Redaktør: Nils Ove Roset

Lagskontor i Øvrevegen 10 Tlf. 970 34 389

e-post:

gloppen.friidrettslag@enivest.net

Nettredaktør heimeside Nils Ove Roset www.gloppenfil.no

Bankkonto: 3710.07.06130

2 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
Vi søker etter

Idrettsplassen på Sandane – ei tragedie

For få år sidan vart Gloppen kåra til den beste kulturkommunen i landet. Innanfor dette kulturomgrepet ligg idretten som har vore ein berebjelke i mange år. Dei idrettane som særleg har sett Gloppen på kartet er ski og friidrett. Her har det vore toppar både nasjonalt og internasjonalt

I ein slik samanheng skulle ein tru at det hadde vore stor vilje for å støtte aktivt opp om dette, men her har det vorte ei haldning der særleg friidretten er vorte nedprioritert. Eit godt døme på dette er idrettsplassen i kommunesenteret Sandane. Slik anlegget ser ut i dag er det ei stor skam for kulturkommunen Gloppen.

Grunnen til dette er manglande vedlikehald i mange år. Hovudproblemet er dårleg drenering som gjer at vatnet i regnversperiodar ikkje renn ned i grunnen men vert liggande opp på banedekket. Ja, i periodar ligg heile bana under vatn. Dette har vore påpeika ved fleire høve utan at det har vorte nokon respons for å gjere noko.

For tida går det føre eit arbeid med sikring av elva der det mellom anna vert reist ein steinmur. I ein slik samanheng ville det vere naturleg at det vert vidare arbeid på sjølve anlegget når det fyrst er anleggsmaskinar på plass, men det er tvilsamt om det vert nokon realitet av dette.

Det som er underleg i den samanheng er den passivitet som vert vist frå instansar som ein skulle tru var interessert i at noko vart gjort. Det er eit idrettsråd i Gloppen som skal ha som si oppgåve å fremje idretten si sak, men dette har ikkje lagt «to pinnar i kors» for å prøve å halde idrettsplassen i stand. Hovudgrunnen til dette er nok manglande idrettskompetanse då mesteparten av personane der ikkje har vore aktive idrettsutøvarar; det vil seie å delteke i konkurransar. I tillegg har vi eit kommunestyre der ingen av representantane har vore aktive idrettsutøvarar.

Det er elles å nemne at bana i utgangspunktet var godt brukande. Det har i tidlegare tidare vore arrangert fleire KM og DM i friidrett, ja, det har endå til vore

STIL som største idrettslaget i Kommunen burde sjå til Hyen og BBIL . På Byrkjelo har anlegget vore rehabilitert to gonger seinast i 2011 og er ein arena for opplæring i løp/hopp og kast både for skulen og idrettslaget. Hyen har sitt treningsanlegg der bana er 333m rundbane(ikkje standardstørrelse) med kunstgras, lengde/høgde/tresteg/kule, volleyballbane, ein arena for skulen og idrettslaget. Det vil vere mange som er interessert i å sitte i ei prosjektgruppe for å få dette anlegget opp å gå. Vi veit alle kor viktig den allsidige treninga er for meistring og seinare prestasjonar i alle idrettar. Eit skikkeleg idrettsanlegg er grunnpilaren både for miljø og sportsleg framgang.

Det er og eit paradoks at idrettsanlegga i utkantane i Gloppen vert halde i stand medan anlegget i kommunesenteret er i ferd med «å råtne på rot.

NM­arrangement. Her er å nemne NM i mangekamp (5­kamp og 10­kamp) i 1972 og NM veteran i 1980. Begge arrangementa med stor deltaking. Dette var i ei tid

der det var ei eiga banenemd og i den samanheng var det ein eigen banemeister som gjorde jobben sin og heldt bana i god stand. No er det tilsett ein person der arbeid på idrettsplassen berre er ein del av mange andre arbeidsoppgåver.

Det er og eit paradoks at idrettsanlegga i utkantane i Gloppen vert halde i stand medan anlegget i kommunesenteret er i ferd med «å råtne på rot». Slik idrettsplassen no framstår er eit trist syn.

Når det gjeld friidretten i Gloppen er det stor mangel på løparar. Ein slik tilstand idrettsplassen no er i er ingen motivasjon til at kan verte noko endring i dette; bana er no heilt ubrukeleg både til trening

Konfirmasjon,  dåp,  bryllaup  eller  50 årslag? Koldtbord,  sosakjøt,  suppe  eller  steik?

Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller 50-årslag? Koldtbord, sosakjøt, suppe eller steik?

Du bestemmer og bestiller, folkehøgskulekokkane steiker og kokar!

konkurranse. Det er i den samanheng å nemne at med eit skikkeleg anlegg ville og idrettslinja på Firda vidaregåande skule hatt eit anna preg både når det gjeld aktiviteten for elevane og for søknad til linja. Det er trass alt meir motiverande å søkje ei linje med eit skikkeleg idrettsanlegg. Slik idrettsplassen er no kan ikkje halde fram. Det er no på tide at det vert ei skikkeleg opprusting av anlegget. Det må oppgraderast til eit skikkeleg friidrettsanlegg med kunststoffdekke på løpebana og elles oppgradering til eit fullverdig anlegg.

Skal Gloppen halde fram som ei stor kulturkommune må alle instansar som har med idretten gå saman for å få til eit skikkeleg anlegg som er eigna både til trening og til større arrangement. Olav Holvik Tidlegare aktiv langdistanseløpar

Du  bestemmer  og  bestiller, folkehøgskulekokkane  steiker  og  kokar!

Vi leverer heim til deg, eller du kan leige festlokale på skulen.

Ta kontakt for informasjon og bestilling.

Tlf

3 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
57 86 80 40
Vi  leverer  heim  til  deg,  eller  du  kan  leige  festlokale  på  skulen.
’’
4 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018 – stolt sponsor! – stolt sponsor!

Hans tok sølv i junior­NM

Junior-NM er alltid eit høgdepunkt for både aktive og trenarar. I år var det helga etter Byrkjelo og vi håpte naturleg nok på ei helg med godt veir. Det vart ei flott helg i hovedstaden med kortebukse og solbriller. Alle budde på Hotell Bondeheimen midt i byn og med kort transport med trikk opp til Bislett.

Det er stor forskjell på Bislett NM og Byrkjelo NM, store tribuner gjere sitt til at det ser glissent ut rundt bana. Det er heller ikkje same stemninga som når Nm er plassert på mindre stader. Storbyen har ikkje same evnen til å samle mykje folk. Arrangementet vart prikkfritt gjennomført av IL Bul. Det var ein liten tropp i år, vi mangla både Håkon, Thomas, Magnus og tilegg var Simon skada og fekk ikkje gjennomført konkurransen. Vi hadde ei fin og sosial helg, ekstra kjekt var det at Håkon Lundestad var med oss og kosa seg på Bislett saman med oss alle og ikkje minst familien. Håkon er ein svært erfaren mann og fekk med seg samtlige sprintstarter frå beste tilskodarplass. Neste år skal vi til Sigdal(Prestfoss), der var vi på JrNm i 2012. Eit flott anlegg og driftige arrangørar.

5 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
26.
Jr NM Bislett 24.
august:
Frå NM på Byrkjelo – harde tak i GFIL teltet Simon Hjelle Lidal. Arne Osnes Devik og Steffen Fjellestad. Robert Andre Moldestad. Håkon Fjellestad. Fellesmiddag. Hans Sande saman med dei to andre medlajevinnarane i slegge under junior-NM på Bislett.

SANDANE

stolt sponsor!

Den korte vegen til eigen bustad

Å kjøpe bustad kan vere både spennande, skummelt og moro på ein gong.

Er du usikker på kor du skal starte for å nå bustaddraumen?

Vi har erfarne rådgjevarar som gjerne vil hjelpe deg!

6 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
på ssf.no/lanebustad eller ring 57 82 97 00
Prøv lånekalkulatoren vår og søk lån

Lerøyleikane, uoffisielt NM for 13­ og 14­åringar:

Når det viktigaste ikkje er å vinne

For 50 år sidan var det første NM for denne aldersgruppa arrangert! Det var Donald Duck-leikane på Hønefoss. Lerøyleikane heiter det no, og det blir arrangert i tre regionar: øst, nord/midt og vest i landet.

Lerøyleikane i vest har dei siste 10 åra vore arrangert på Osterøy. Deltakarane konkurrerer som lag, for sitt fylke, mot ungdomar frå Agder, Rogaland og Hordaland. Kvar deltakar kan delta på to øvingar pr dag, og for ganske mange er dette eit stemne der ein debuterer på nye øvingar som 200 meter hekk, tresteg eller stavsprang. Ein konkurrerer sjølvsagt også i favorittøvingar.

For å delta på stemnet må du bli tatt ut. Uttak blir gjort gjennom deltaking på stemner, men også ved å delta på treningssamlinger i forkant av leikane kan ein bli tatt ut som representant for Sogn og Fjordane. Stemnet er derfor ikkje berre ei mønstring for kvar enkel deltakar, men det er og eit stemne der ein heilt tydeleg representerer eit lag. Det er veldig stas å bli tatt ut, og det er kjekt å kunne stille som lag også i ein individuell idrett!

Gloppen var sterkt representert. Det var deltakarar frå alle laga. Emilie frå Brodd, Sebastian og Cecilie frå Fjellhug Vereide, Caroline, Christoffer og Viljar frå STIL, og Anne Louise og Malene frå BBIL. Veldig kjekke ungdomar, og eg trur faktisk at alle satte personlege rekordar i løpet av helga. Det er jo eit sikkert teikn på god innsats!

Idretten og resultata er viktige, alle vil jo prestere. Men det viktigaste var det sosiale. I løpet av helga vart gjengen meir og meir samansveisa, gjennom felles busstur, overnatting på skulerom, fel­

les måltid og konkurransar. Laurdag kveld var det festmiddag med show for deltakarane, og det var ganske så god stemning til langt

Korleis

7 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
på kveld. Litt trøtt gjeng på søndag morgon, men alle var fort klar for konkurranse også då. Stemnet vart avslutta med stafett både laurdag og søndag ettermiddag, og det skapte enorm stemningkjempekjekt! det gjekk med lagkon­ kurransen? Sogn og Fjordane tapte...., men det gjorde ingenting! Vi hadde ein suveren tur! Anne Merete Kleppenes

Dag fekk Kongens fortenstmedalje

Etter eit langt liv som aktiv og engasjert i friidretten i kommunen i tillegg til ei lang rekke andre engasjement fekk Dag Fosstvedt overrakt Kongens fortenstmedalje under NM på Byrkjelo i august.

Det var Gloppen friidrettslag og Gloppen Røde kors som saman tok initiativ til å forslå Fosstvedt til påskøninga. I skrivet til Ordenskanselliet heiter:

«Forslag om tildeling av Kongeleg påskjønning til Dag Fosstvedt f.02.12.1927

Dag Fosstvedt har arbeidt som lektor ved sandane barneskule frå tidleg på 1970 tallet

Han har heile tida vore aktiv i ungdomsmiljøet i kommunen. Mest har han engasjert seg i friidrettsmiljøet; både som utøvar, frivilleg og trenar.

Han har heile tida vore eit viktig føredøme på sportsleg kappestrid, frivilleg innsats og for all glede og positiv aktivitet som er i ulike idrettsgreiner i kommunen.

Etter at han vart pensjonert som lektor, har han i tillegg til idrettsengagementet, vore aktiv i Røde Kors.

I lokallaget i Gloppen Røde Kors har han vore både tllitsvald og frivilleg. Han har vore tillitsvald i fylkesorganisasjonen for Røde Kors.

Sjølv om han no snart er 90 år er han framleies i aktivitet fleire dagar for veka , som frivilleg både på Institusjonane vi har innan eldreomsorga og ved besøk til einsleg heimebuande.

Han var og ein av dei mange frivillege bak Gloppen jentekor. Dette koret nådde opp på nasjonalt nivå .

Dag Fosstvedt fekk Gloppen kommune sin Kulturpris 2014 for sin innsats i aktivitets­ og velferdsmiljøet i kommunen.

Dag Fosstvedt har fått Sogn og Fjordane Røde Kors sin «Bry deg» pris og Hedersteikn med nål.

Kommunen og alle organisasjonane som er i arbeid der, ser på Dag Fosstvedt som eit fyrtårn når det gjeld frivillegheit.

Han er og har vore ein positiv faktor i dei miljøa han ferdast; både for dei han gjer ein innsats for og for dei som samarbeider med han.»

I eit vedlegg frå Gloppen fiidrettslag utdjupar dei innsatsen Fosstvedt har lagt ned i kommunen:

«Dag Fosstvedt har vore ein idrettsperson av dimensjonar i Fjellhug/ Vereide IL. Frå han kom til Sandane på tidleg 70­tal til i dag har han hatt ein finger med i det som skal arrangerast. Han er alltid lett og be, og er alltid positiv når idrettslaget har bruk for ei hjelpande hand.

Dag har vore organisator frå han kom inn i idrettslaget, og det er friidrett og orientering som han har ofra seg mest for.

Friidrett: Dag vart leiar i Fjellhug/ Vereide si friidrettsgruppe i 1975 og 1976. Leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins i 2 år. Har også vore nestleiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins. Leiar i trenings og utdanningsutvalet i friidrettskrinsen, og har vore vara i dommarutvalet. Har fått Breimstafettmedaljen, Heidersteiknet frå Norges friidrettsforbund, og Friidrettens Vener`s Ærespris.

Dag har hatt ansvar for mange store og små friidrettsarrangement, m.a. eit norsk meisterskap i mangekamp. Han har også vore av dei viktigaste brikkene ved store nasjonale og internasjonale friidrettsstemne på Byrkjelo, både som organisator og dommar.

Han har vore svært aktiv i Gloppen FIL dei siste 15­20 åra. M.a. har han vore redaktør i heile «Gloptimisten» (lagsavisa til GFIL) si levetid, fram til sist vår. Han har også vore sekretær for GFIL i ei årrekkje.»

I orientering har han mange år som leiar i O­gruppa i Fjellhug/ Vereide, og ansvarleg i enno fleire år for arrangement og løypelegging. Han var ein viktig person i Nord­Vest­galoppen i orientering som år om anna vart lagt til Gloppen.

I eit anna vedlegg har Gloppen Røde Kors spelt inn ei lang liste som viser Fosstvedt sitt egasjement i lokallaget og fylket:

«Gloppen Røde Kors Omsorg har ein svært aktiv medlem som vi meiner fortener ei påskjønning for sin store samfunnsinnsats ved sitt frivillege engagement i Røde Kors og i fleire organisasjonar i kommunen.

Dag har arbeidt og arbeider framleies som frivilleg for mange både unge og eldre. For Røde Kors sin del så har han dei siste 25 åra vore svært aktiv i teneste for Omsorg. Han har både vore tillitsvald både lokalt og i Distriktsrådet; i tillegg til all den tenesta han har gjort for trengande i kommunen.

Han starta opp ei song og musikkgruppe på Sjukeheimen på Dementavdelinga i 1995. Den har vore aktiv sidan; anna kvar veke året rundt.

Han var flink til å spore opp dei som var einslege og dei som hadde utfordringar. Han gjekk på besøk og sytte alltid for at dei som ville fekk vere med på ulike sosiale tilstellingar i kommunen. Med gitaren i handa vart han eit kjent og kjært innslag.

Dei siste ti åra er det på Omsorgssenteret han har vore mest aktiv. Der starta han opp og held Sjokoladeklubben gåande kvar søndag. Han går på besøk til mange både på institusjonen vår og i private heimar, og han er framleies gitarist i songgruppa.

I tillegg til aktiv frivilleg teneste har han og vore tillitsvaldHan har og vore tillitsvald.

Dag Fosstvedt har vore frivilleg i mange år på Barne og ungdomsleirane som Sogn og Fjordane Røde Kors arrangerer på Hauglandssenteret kvar sumar.

Han har delteke i organisasjonsarbeidet som tillitsvald i fylket frå 1998 ­ 2007

Sogn og Fjordane Røde Kors har tildelt han «Bry deg» prisen i år 2001 og Røde kors sin utmerking med nål i år 2007 for den frivillege innsatsen hans og for dei verdiane han legg til grunn for arbeidet sitt.

Dag Fosstvedt har hatt fleire tillitsverv i Gloppen og Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg :

Leiar i Rådet frå 1998­2007

Medlem i Rådet frå 2007­ 2016

Varamedlem i Distriktsrådet for Besøkstenesta 2000­2002, og

Medlem 2002­2004

Nestleiar i 2004­2005

Medlem i Distriktsrådet for samfunn og omsorg 2005­2007

Vi vil spesielt framheve dei verdiane Dag Fosstvedt legg til grunn i arbeidet sitt. Han er tolerant, oppteken av situasjonen for dei som har utfordringar og ser stor verdi i førebyggande arbeid.

Når han i tillegg har halde på i så mange år med stor innsats på fleire samfunnsområder, meiner vi han fortener ei påskjøning.»

8 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
Dag Fosstvedt fekk Kongens fortenstmedalje under NM i Friidrett på Byrkjelo. Varaordførar Magni Aa Berge overrekte den kongelege påskjøninga. (Foto: Ronny Solheim)

Sportsleg oppsummering for Gloppen Friidrettslag – NM Byrkjelo 2018:

Fem NM­medaljar, to av dei gull

Byrkjelo stadion kledd i meisterskapsdrakt er noko spesielt for dei lokale utøvarane. Ein treningsarena som plutseleg er fylt opp av nasjonale topputøvarar på jakt etter NM-medaljar og kongepokal, NRK med kameralinser som dekkjer alle steg, hopp og kast, og publikum som fyller tribunene. Team Ingebrigtsen og Karsten Warholm er på plass, litt pop-stjerner etter fantastiske resultat i EM i Berlin.

I år var det som vanleg eit meget bra arrangement, men veirgudane hadde vi dessverre ikkje på vår side. «The våtaste og mest forblåste NM ever» kunne ein sikkert døype det til.

Reint sportsleg fekk ein nok ikkje dei toppresultata ein kunne håpa på, men det må veiret ta mykje av skulda for. For våre utøvarar derimot, var medaljefangsten svært bra!

Trude Raad: gull og Noregsmeister i slegge!

Fredag ettermiddag var Breimsbygda si eiga «dotter» på plass i sleggeringen, på førehand klar medaljekandidat, og kanskje ein liten favoritt? Trude har gullmedaljar i slegge frå før, men no var det trass alt snakk om NM i «eigen kastring». Heldigvis var veirforholda greie denne ettermiddagen, og det låg til rette for ein spanande konkurranse. Alt i 1.kast tok ho leiinga, snaue meteren framfor gullgrossisten siste

åra, Beatrice Llano. I 3.omgang fekk ho opp 63.96m, mens Llano kasta 63.31 i siste omgang. Då kunne Trude sleppe jubelen laus, for gull i slegge på heimebane! Marte Rygg Årdal var den andre lokale deltakaren, og ho kasta fine 54.94m, som heldt til ein sterk 4.plass!

Thomas Mardal, sølvmedalje, og Evald Osnes Devik, bronsemedalje i slegge!

Laurdag var veirforholda mildt sagt elendige, men for ein dag det allikevel vart for dei lokale utøvarane! Fyrst ut var «slegge­karane», heile fire i talet!

Det er sterkt av ein såpass liten klubb som GFIL! Eivind

Henriksen (IK Tjalve) hadde i EM rett før sett norgesrekord med 76.86m, og vart som venta norsk meister med 74.27m.

På ein gledeleg sølvplass kom Thomas med 70.01 i siste omgang. Det er fyrste gongen at to sleggekastarar passerar 70m i NM­samanheng! Evald hadde ein god konkurranse og sikra bronsemedaljen med sitt bestekast på 60.53m. To glopparar på NM­pallen er skjeldan kost!

Steinar Kleppe, som tidlegare har mange NM­medaljar i øvinga, har trappa ned satsinga siste åra, og måtte nøye seg med 5.plass og 57.37m. Hans Sande vart nr.7 med 54.59m.

Merete Helgheim: gull og Noregsmeister på 3000m kappgang!

Merete var storfavoritt til eit nytt NM­gull, og ho gjorde det med

stil! Ho gjekk etter kvart eit reint sololøp, og kom i mål på den sterke tida 13.55,77 min, noko som gav eit suverent gull, i tillegg til banerekord (som ein viss Tysse Pletzer sette i NM i 2011!).

Else Lundestad Bakkelid: bronse i diskos!

I diskos­konkurransen fekk vi kanskje oppleve det kjekkaste augneblikket under meisterskapet, sett med lokale auge. Else har helde på lenger enn dei fleste, med sine 42 år. Men som med vin som vert betre med alderen, har ho jamt og trutt hatt framgang etter gode treningsår. Alt i 1.omgang fekk ho opp sterke 46.95m, som vart beste kastet til Else. Etter 6 omgangar kunne ho og resten av GFIL­miljøet sleppe jubelen laus for ei etterlengta og fortent bronsemedalje! Marit Årdalsbakke tok ein sterk 6.plass med 44.55m,og ny personleg rekord. Ikkje verst av ein vektløftar!

Simon Lidal tok NM­kravet i spyd på Byrkjelo tidlegare i sommar, og det var svært kjekt å ha ein NM­debutant i denne øvinga. 57.33m var litt bak pers, men ein godkjent 8.plass i meisterskapsdebuten på Årdølen!

5 NM­medaljar, derav to i gull, er fasiten etter tre flotte NM­dagar. GFIL set kommunen på det sportslege kartet, og viser at ein kan drive toppidrett også i distrikta. Når også NM­arrangøren viser topp klasse, kan vi konkludere med at friidretten leverte varene når det gjeld!

På dei neste sidene presenterer vi biletglimt frå dagane på Byrkjelo.

9 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
(Foto: Ronny Solheim)
10 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
(Alle foto: Ronny Solheim)
11 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018

Kva med framtida?

Vi kan sjå tilbake på nok eit NM i friidrettskommunen Gloppen. På 35 år har det vore arrangert 11 norske meisterskap på Byrkjelo. Samtlege med arrangementsmessig suksess som har skapt eit fantastisk rykte for BBIL og Gloppen kommune.

Friidrettskommunen Gloppen har i alle desse åra prestert på topp også på resultatsida. Trening og drift av friidrett er noko som også pågår når flagga er firte, og snø og slaps er det som pregar dei harde treningsdagane. Kampen om sponsorkronene til friidretten er like hard for oss som for fotball og handball. Likevel arbeider toppfriidretten i kommunen på lavbudsjett samanlikna med andre idrettar. Vi presterer topp nasjonalt og er også deltakande internasjonalt. Eit sterkt GFIL er avgjerande skal vi ha toppfriidrett i Gloppen, historia taler sitt tydelege språk. 106 NM­medaljar for senior sidan 1990, derav 22 gull. Greitt å slå i bordet med når sponsorer skal bli kjent med produktet dei støttar. Vi meiner også at det er meir interessant å invitere til norske meisterskap når kommunen har eigne utøvarar som kan syne att på meisterskapen. Mange soler seg i glansen av suksess. Flotte bilder av NM­bygda og Gloppen, samt dei blåkledde aktive idrettsutøvarane som opptrer som flotte ambassadørar for idrettskommunen Gloppen.

GFIL er dei første til å sole seg og seie tusen takk til våre dedikerte idrettsutøvarar og trenarar som bruker pålag heile si fritid (all tid for den del) til friidretten. Takk også til BBIL som faktisk kan ta på seg eit NM på rimeleg kort varsel om det vart spørsmål. Så gode er dei!

Eg er dessverre bekymra for friidretten si framtid i Gloppen. Eg har solid erfaring med snart 40 års samanhengande engasjement, og vel å vere so frimodig å sei at mine vurderingar er verdt å lytte til. Den aktive friidretten treng drahjelp om vi fortsatt skal ha eit truverdig tilbod til barn, unge og vaksne utøvarar. Det er klart at vi berre kan drive med slegge, kule og diskos på Loggane, men vi synest for all del at friidrett også er løp og hopp. Også i friidrett må det trenast og treningsgrunnlaget vert lagt i vinterhalvåret og finpussa i sommarhalvåret. Løp og hopp har i dag berre tilbod til finpussen. Kast kan vi gjere på heilårsanlegget til IL Brodd. Dei som ikkje har greie på friidrett og trening hevdar at «de har Hyen og Byrkjelo stadion , det må greie seg» . Ja det er flott til finpussen! Vi treng eit heilårsanlegg for friidrett i kommunesenteret. Det seier seg sjølv at det er Idrettsplassen vi snakkar om. Den er ein skamplett og heilt ubrukeleg til friidrett. Største idrettslaget i kommunen har bruks og råderett til dette anlegget og kommunen er eigar.

Det har forundra oss voldsomt i over 10 år at verken STIL eller Gloppen Kommune har sett verdien av at dette vart oppgradert til eit treningsanlegg for friidrett. I dag har ikkje barn og unge i tettast befolka området i Gloppen anlegg dei kan lære friidrettsøvin­

Tok gull i Nordisk­Baltisk meisterskap

gane. Grunnopplæring her er grunnopplæring i ferdigheter som er gull verdt i alle idrettar. I desse dager snakker garva STIL folk om allsidig tilbod og tilrettelegging for fleire idrettar. Då er friidretten heilt sentral og anlegget Idrettsplassen skulle i STIL auge vore topp prioritert for lenge sidan. Vidare utbygging av Myklebustflata er det som STIL har på topp i sin organisasjon. Uråd å forstå med den plass friidretten med sin allsidige grunnopplæring skulle hatt i kommunen sin største klubb.

Så er det Gloppen kommune si rolle i dette anlegget. Det er ei perle i sentrum som har eit enormt nedslagsfelt. Begge sider av fjorden og sentrum, med byggefelta rundt, har dette som sitt næranlegg for trening og instruksjon. Barneskule, ungdomskule og Firda Vidaregåande med si velkjente og suksessrike idrettslinje med friidrett som ein av dei viktigaste idrettane er næraste naboar til Idrettsplassen. Vi som styrer med idrett kvar dag heile året er forundra over at der ikkje er forståing for at dette betyr enormt for skulane . Kommunen med skulesjef og kultursjef i spissen, rektor på Firda Vgs , rektor på begge grunnskulane skulle vore fremste talsmenn for totalrenovering og oppgradring av alt utstyr. For Vgs snakkar vi om å kunne ha eit utandørsanlegg tilgjengeleg heile året for idrettslinja med friidrett som ein av hovedidrettane. Vi tvilar på om fotballen hadde akseptert at det ikkje var tilgjengelege utandørsanlegg i treningshalvåret. Eit treningsanlegg for friidrett i kommunesenteret med fast dekke og flomlys vil vere eit bidrag til både folkehelse og aktiv friidrett i framtida. Det bidrar til å sikre ei topp idrettslinje med dei arbeidsplassane det betyr innan idrett.

Samtlege idrettslag i kommunen nyter godt av idrettslinja sine bidrag til den frivillege idretten. Barna og ungdomane vil få muligheit til å lære friidrett og klubbane kan gje eit truverdig tilbod der allsidig opplæring og trening er i fremste rekke.

Torill Fjellestad har med sine betrakninger omkring allsidighet, saman med Karsten Warholm sine betraktninger om same emnet, prega det sportslege nyheitsbildet lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Skal idrettskommunen Gloppen ignorere behovet og la friidretten sakte døy ut i kommunesenteret?

Då blir ikkje Gloppen unik lenger.

I dag er friidretten i Norge i sterk framgang. Miljøa rundt dei nye innandørshallane har skapt treningsmuligheiter og resultatmessig framgang så det monnar. I Ulsteinvik er der

sprengt kapasitet i Dimna IL. Alle vil drive friidrett. I Gloppen valde vi vekk hall med friidrettsfasilitetar og gjekk dermed glipp av mykje av den pågåande boomen i Norsk friidrett. Alle øvingar frå stav, via kule til 1500 m. og sprint hevdar seg i dag i Europatoppen. Hadde vi i dag hatt skikkelege innandørs treningsforhold for friidrett ville ikkje renovering av idrettsplassen hatt på langt nær same prioritet sportsleg sett som den har i dag. I dag er vi heilt avhengige av idrettsplassen skal vi ha friidrett i framtida.

Så er det også lite moro å svare NM­tilreisande som overnattar på Sandane at Idrettsplassen er einaste vi har av baner i kommunesenteret. Dei blir både forundra og skuffa, men aller mest imponerte over GFIL som mot alle odds greier å produsere utøvarar på toppnivå år etter år. Då må vi takke IL Brodd for tilrettelegging for heilårs kastanlegg og styrketrening.

Tidleg i prosessen med sentrumsplanen melde GFIL inn forslag til Gloppen Kommune om at Idrettsplassen måtte kome med i planlegginga av korleis sentrum skulle sjå ut i framtida. Teikningar og detaljert om kva anlegget skulle innehalde vart framlagt skrifteleg. I det minste måtte Kommunen sjå muligheitene til å få drenert stadion og få til opplegg saman med NVE når elva likevel skulle førebyggjast. Det ville vere framtidsretta og praktisk når der likevel vart stor graveaktivitet. Vi meiner Idrettsplassen absolutt høyrer med til sentrum og har stort potensiale som rekreasjonsområde. Anlegget koplar saman skuleanlegga, museet, hotellet og sentrum. Det var nok aldri meininga at anlegget skulle vere med i sentrumsplanen, og forslaget vart vel lagt i skuffa.

Når alt dette er sagt så er dette eit anlegg som også må byggast og planleggast med dugnadsinnsats, tippemidlar og støtte frå andre aktørar. Til liks med alle andre anlegg i kommunen. Vi som driftar friidrett er i alle fall klare for dugnad slik vi har gjort i den aktive delen i alle dei år. Det er faktisk ufatteleg mykje dugnad berre å framsnakke prosjektet og drive nødvendig folkeopplysning om konsekvensane, både med å la vere å bygge og å realisere prosjektet. Av og til er det på sin plass å spørje om det er verdt å prøve på noko i det heile, men idrettsinteressa og tanken på det gode for utøvarane ligg så grunnleggande fast at vi vel å stå på vidare.

Nils Ove Roset

I studentferien hadde Thomas to viktige stemne å trene fram mot: Nordisk-Baltisk U23-meisterskap og NM senior. NM kan de lese meir om elles i denne avisa, difor eit lite tilbakeblikk på konkurransen i Gävle, ein liten by ein times tur nord for Stockholm.

Byen er vertskap for neste års EM­U23, så for Thomas høvde det fint å gjere seg kjend med kastringen eitt år i førevegen. Ei stor kontrast til stadion i Polen der meisterskapen vart halden i 2017: I Bydgoszcz var det eit flott stadion med over 20.000 sitjeplassar, i Gävle eit gammalt anlegg praktisk talt utan tribunar. Det er nesten slik at underteikna tviler på om det er mogeleg å arrangere eit så stort internasjonalt stemne neste år på eit slik anlegg.

Startfeltet i slegge dette året var nok det sterkaste nokon gong i denne meisterskapen: Fire 70­meterkastarar skulle kjempe om medaljene denne laurdagen, dei hadde flg årsbeste:

Thomas 72,20

Aaron Kangas (FIN) 72,09

Hilmar Örn Jónsson(ISL) 71,60

Roope Auvinen(FIN) 70,12

Thomas følte i oppvarminga at formen var god, men vi fekk eit kjedeleg avbrot på 30 min etter at ein av finnane traff det nye buret slik at det nesten ramla saman. Det første kastet til Thomas var nærmast mislukka, men likevel målt til 70,30. Vi var difor begge einige om at persen var innan rekkvidde. I alle konkurransane i USA denne sesongen har Thomas hatt minst eitt kast som klaffa teknisk, denne dagen måtte vi vente til siste omgang: 72,81. Soleklar 1.plass og meisterskapsrekord på kjøpet! Litt artig å kunne slette ein Eivind Henriksen­rekord: som 22­åring i 2012 kasta han 72,32, den gongen gjekk meisterskapen på heimebane på Jessheim.

Dei tre hardaste konkurrentane hamna alle på 68­talet, så Thomas var aldri trua i denne konkurransen. Søndag kom høljregnet, likevel vart det nesten pers i diskos med 52,36 og 3.plass. Jørund

12 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
Friidrettsmiljøet ventar spent på kva som skjer med idrettsplassen på Sandane. Frå tribunen under NM Byrkjelo.

Held fram fruktbart samarbeid

STIL og FjV har fortsett det gode samarbeidet om trening for gruppa 8­12 år. Treningane skjer på Byrkjelo, grunna dei ubrukelege tilhøva på Idrettsplassen. Litt ekstra logistikk, tid og køyring fører dette med seg. Oppmøtet er bra og aukande, og truleg er det NM­effekten vi ser resultat av.

På Byrkjelo er treningane samstundes med GFIL si trening. Det er inspirerande for dei yngste å sjå til det gode miljøet og tilbodet som er der når dei vert litt eldre. Det er framleis få som tek steget ut på stemner, men vi vonar på godt oppmøte på Regionsleikane på Byrkjelo midt i september.

Når det gjeld rekruttering av nye born i 12­14 års alderen er det nok viktig at vi heile tida held døra vår open for dei som vil prøve seg, enten det er i mai, september eller midtvinters. Der er vi i dag, og det må vi vere flinke til å

formidle. I tillegg bør skulane ha friidrett på menyen, slik at dei eldre borna får prøvd seg på ulike greiner. Gjerne i kombinasjon med instruktørar frå GFIL/moderlaga, og med informasjon og invitasjon til å møte på friidrettstrening for dei som ønskjer det. Det er nok fleire der ute som har vore opptekne med ulike idrettar, men som etter kvart

ønskjer å prøve noko nytt – og der bør friidretten stå med opne armar og invitere inn. Friidretten er definitivt i ei medgangsbølgje, og det er kjekt. For oss på Sandane er det sjølvsagt også ein nøkkel for vidare rekruttering til friidretten at Idrettsplassen vert opprusta som treningsarena, og her håpar vi dei styrande legg til rette for at den flotte friidretten kan få eigna kår for vidare vekst og utvikling også på Sandane.

Gloppen Halvmaraton 6. oktober

Med litt flaks har du Gloptimisten i hende før Gloppen Halvmaraton vert arrangert laurdag 6. oktober. Håpet er at du då vert inspirert til å vere med, gjerne i trimklassen sin 10 km om du synest at 21 km vert i lengste laget.

Fjellhug/Vereide il er arrangør, og er godt nøgde med responsen dette spesielle løpet har fått. Dei to siste åra har det vore om lag 35 løparar på startstreken, som er plassert så vidt inne på løpebana på Idrettsplassen.

Løypa går langs FV615 forbi Elvaneset, Bukta, Rygg, og til godt og vel ein kilometer forbi vegen til Ivahola. Der er det vendepunkt, med drikkestasjon og 10.549 m tilbake same veg til mål, som er på plassen ved STIL­stova.

Løypa har offisiell kontrollmåling, noko som er viktig for deltakarane, sidan dei då kan notere eventuelle personlege rekordar som godkjende. I denne løypa har det då også vist seg at tidene vert gode, det har nok med den flate og fine profilen løypa har. Løyperekordane har Linda Hove, Aksla i dameklassen, med tida 1.34,57. Bendik Grimsbø, Førde har beste herre­tid, med 1.18,03, sett i 2017.

Fjellhug/Vereide il legg også i år opp til at du kan delta i ei kortare mosjonsløype på 10 km. Her er det runding ved det raude naustet nedanfor Reidar Gimmestad. Mosjonsdistansen vart etterlyst i fjor, og vi håpar at det vert fleire med i

år enn kva som var tilfelle i 2017.

Start på Gloppen Halvmaraton er kl 14. Det er mogeleg å starte ein halv time før for dei som reknar med å bruke litt lenger tid på distansen. Dei fleste vil såleis vere komne i mål til kl 16. Trimklassen

startar kl 14. Etter at alle er komne til mål, vert det premieutdeling, der m.a. overnatting for to, inkludert tre­rettars middag på Gloppen Hotell, vil bli trekt ut på ein av deltakarane i konkurranseklassen. Vi har elles fått støtte frå mange lokal­

matprodusentar og butikkar til gåvepremiering; tusen takk til desse! Reportasje og bilete, og namn på sponsorane for arrangementet, får vi kome tilbake til i julenummeret av Gloptimisten. Dagfinn Nyhammer

13 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
Trude Eimhjellen vann dameklassa i 2017. (alle foto: Svein Hjelmeset) Bendik Vereide i godt driv. Nr. 31: Kolbjørn Hjertvik, Kårvåg il, nr. 19 Håkon Igland, Svelgen og nr. 35 Owe Wolff, Hyllestad. Sverre Nesdal Aske, Fj/V vart totalt nr. 2.

TELEFON 57 86 63 90

FRÅ OKTOBER FINN DU OSS I BYGGET TIL COOP EXTRA PÅ SANDANE

Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane

Postboks 185, 6821 Sandane - Entreprenørforretning

Laurdag

Felles møteplass for friidretten i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane

Nordstrandsvegen 13, 6823 Sandane

Tlf: 57 86 57 97 / 995 48 810

Ser du godt nok?

Ditt byrå i bygda

Christina og Arne Jostein Gimmestad Telefon 57 86 78 73

Vi hjelper deg også med: - Gravstein - Oppussing og tilføying av namn

Vi støttar lag som glimtar av gull!

Sandane

Gullsmedforretning

Friidrettskrins inviterer klubbleiarar, utøvarar, foreldre og trenarar til Idrettens Møteplass i Sogndal laurdag 27. oktober.

Her vil det bli foredrag før lunsj på tvers av heile idretten i Sogn og Fjordane, medan det blir eige møte for friidretten i fylket kl. 13.00 - 16.00.

Her vil viktige tema som fastsetting av terminliste 2019 og KM 2019 vere tema, samt korleis ein kan løfte friidretten i fylket dei neste åra.

Påmelding kan gjerast frå nettsiden til krinsen: /www.friidrett.no/k/ sogn-og-fjordane/

RAMMEPROGRAM:

Kl. 09.30 – 10.00

Registrering, kaffi • For leiarar, foreldre, trenarar.

Kl. 09.30 – 11.00

Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 1 • For utøvarar fødde 2002 – 2006.

Kl. 10.00 – 12.00

Foredrag «Foreldre som ressurs» v/ Michael Jørgensen og Pia Mørk Andreassen, Olympiatoppen Vest • For leiarar, foreldre, trenarar.

Kl. 12.00 Lunsj til alle

Kl. 13.00 – 13.30

Foredrag om kosthald for aktiv idrettsungdom • For utøvarar fødde 2002 – 2006.

Kl. 13.00 – 16.00

Fellesmøte Sogn og Fjordane Friidrettskrins • For leiarar, foreldre, trenarar.

Kl. 13.30 – 15.30

Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 2. • For utøvarar fødde 2002 – 2006.

14 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
• Entreprenør • Fargehandel • Ovnar • Byggevarer • Kjøkken, bad og garderobe • Lampar og gardiner Vi har det du treng til fornying av husetinne og ute! Velkomen innom butikken vår i Jarbrugda! 6823 Sandane • tlf 57 86 80 60 • fax 57 86 80 61 • www.trebohus.no
6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 55
Ferdigbetong Telefon 57 86 62 55 Telefax 57 86 59 80 V E R E I D E B L O M S T E R A S Sandane Blomster - Binderi og Hagesenter KATTAHAMRANE, SANDANE Telefon 934 12 239 / 414 12 512 www.hageland.no Nordstrandsvegen 13, Skarsteintunet, 6823 Sandane Tlf. 57 86 52 66
-
Bestill time no! 57 86 52 66 Idrett gjev glede og overskot i kvardagen
27. oktober inviterer ein til «Idrettens møteplass» i Sogndal
Idrettens møteplass

I OVERHALLA 2018:

Fire medaljar i Overhalla

UM i friidrett vart arrangert i Overhalla 31. august til 2.september i år. Overhalla ligg i Trøndelag, ein køyretur på mellom 10 og 11 timar ein veg. Nokre valde å dele opp turen, medan dei fleste køyrde opp torsdag og heim søndag.

Klubbane overnatta på Grong Gård Gjestegård der vi også hadde invitert med oss utøvarane frå Olden og Stryn. Vi hadde eit flott opphald der med frukost alle dagar og middagsservering laurdag Dei andre dagane ordna verten middag på Grong hotell for oss. Dette er eit kjekt stemne der ein blir godt kjent med utøvarar, trenarar og andre som er med i støtteapparatet.

Dagane samla vi oss på stadion der dei som ikkje konkurrerte var heiagjeng. Også veldig kjekt å sjå på andre utøvararar i dei ulike disiplinane. Værgudane var med oss – sola var framme heile helga. Kveldane samla vi oss i storstova på garden for å gå gjennom dei sportslege resultata samt forberede dagen etterpå, det vart også tid til litt Diamond League på fjernsynet, kortspel og avslapping.

Alt i alt ei vellukka helg for alle involverte. Mange av oss fekk også sjå ein del av landet der dei ikkje har vore før.

Liv Randi Teige

15 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
UM Mange på trening 1, utøvarar frå heile Nordfjord.

Mardal Rør A/S

16 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018 Lyslo Foto 6823 Sandane • Tlf. 958 39 036 Repro av gamle bilete SANDANE Firda Elektro AS Nordstrandsvegen 17 6823 Sandane Aut. elektro og teleinstallatør FRYDENBØ BILSENTER STØTTER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG Postboks 103 - 6821 Sandane Tlf. 57 88 43 50 - Fax. 57 88 43 51 Arild Sæthre Jon Arne Myklebust 97 71 69 00 90 06 56 50 GLASSMESTERFORRETNING GLASS • VINDUER • DØRER • FASADER Gloppen kommune legg forholda til rette for idretten SANDANE MÅNDAG – FREDAG 7 - 21 LAURDAG – SØNDAG 9 - 21 Telefon 57 86 54 22 Mobil 970 34 390 Alt i elektriske installasjonar og varmepumper 6823 Sandane tlf. 57 86 57 91 - Fax. 57 86 54 20
OPNINGSTIDER Måndag til laurdag 12 – 23 Søndag 13 – 23 57 86 66 23 Velkomen til vår restaurant på Sandane Alle rettar God og billeg mat Tek imot selskap SANDANE Telefon 57 86 70 10 OPNINGSTIDER: Måndag-fredag 7.00-23.00 Laurdag 8.00-21.00 Velkomen til ein hyggeleg handel! Støtt sponsorane våre! Dei støttar oss!

debutant på Byrkjelo NM

I år har eg nett byrja på 5­årig lærarstudie i Halden. Der skal eg utdanne meg som grunnskulelærar for 5­10 klasse i faga kroppsøving, matematikk og naturfag. Studiet verkar bra og eg trivst. Eg er no inne i min fyrste praksisperiode. I sommar var det veldig kjekt å få nokre treningar og å reisa på stemner saman med gjengen i GFIL. Ekstra stas var det å perse i spyd og å klare å kvalifisere seg til NM på Byrkjelo. NM var ei flott oppleving som fristar til gjentaking. Diverre fekk eg meg ein liten skade i olbogen under stemnet. Skaden

hemma meg under JrNM, men den verkar ikkje å vera alvorleg og eg håpar å komme meg fort tilbake. Treningane i Halden har gått bra, miljøet verkar fint. I september er det «off season» og då blir det ikkje så mange fellestreningar. I oktober startar knallhard jobbing igjen. I tillegg till fellestreningane har eg eige treningsprogram. Eg gler meg allereie til neste sesong. Elles har eg flytta inn i ny hybel, der eg mellom anna har eige kjøkken. Så no styrer eg på og lagar dei «beste og sunnaste» rettar :)

17 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
Her er bilde av spydgruppa, skulle eigentleg være 4stk til men dei rakk ikkje å komme pga konkurranse.
GFIL­utøvar –
Mange på trening 2 – Byrkjelo ein torsdag midtsommars Gjengen på VU spelen i Gøteborg i starten av juli.

BDO Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 6821 Sandane

VI

86 52 72 www.bdo.no

Best Breim

Breim bensin & service AS

Tlf.: 979 97 024

Påfyll for bil og folk!

E. E. RØNNEKLEIV

6829 HYEN

Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane

Tlf.: 57 88 44 10 • eikenes@libris.no • www.libris.no/eikenes

Besøk oss på Coop-varehuset

ELKJØP

as, avd. SANDANE

6823

• Sunnere inneklima, ventilasjon, sentralstøvsuger, rensing av ventilasjon

• Beslag/takrenner

• Tak og fasadekledning, reingjering

Støtt

Dei

18 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018 ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL Grandavegen 26, 6823 SANDANE Telefon: 57 88 44 00 ­ Telefax: 57 88 44 01 www.gloppenadvokat.no STØTTAR GFIL Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater. Vis oss din lidenskap - få endre bedre resultater! Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no Vår lidenskap for tal vil gje deg betre resultat. Vis oss din lidenskap – få enno betre resultat!
Tlf.96 22 33 66 Vaskemaskin! med poleringprogram Hyen Automatstasjon Fyll tanken lokalt! tlf. Sandane 57 86 55 39 • www.beststasjon.no 6823 SANDANE BILUTLEIGE TLF: 57 72 50 80 RØRLEGGER, SNEKKER OG FLIS KOMPLETT BAD Telefon 57 86 53 80 Mobil 905 65 802 E-mail: bademiljø.no Tel: +47 57 86 85 92 Fax: +47 57
ABPBygdeserviceAS
driv framleis butikken sin i Gotavegen. Velkomen til oss!
STØTTAR IDRETTEN I GLOPPEN
Sandane
Grandavegen 3, 6823 SANDANE telefon: 57 86 59 87 epost:
FJORDANE
gloppen@elkjop.no
SANDANE Tlf. 57 86 61 35 – Fax 57 86 62 33 Mob. 909 82 646 – 957 64 170 post@eveboblikk.no www.eveboblikk.no
sponsorane våre!
• Liftutleige, betongsaging/kjerneboring, branntetning støttar oss!

Trening på Rygg

IL Brodd har inngått avtale om å bruke 1 etasje i Rygg skule til vektrom. Eine klasserommet skal nyttast til dei tunge løfta og det andre rommet til basistrening. Vi er no tilbake i den delen av huset der vi starta. Heilt ypperlig. Viktig at vi no har merksemd på å vere ryddige og at vi vaska etter oss.

Utetrening

Då er vi snart inne i den mørke tida igjen. Også denne førjulsvinteren vil vi ha løpstrening i Eidsmona eller på Søreide. Om nokon kjem over ein gjeng med løparar som spring motbakkeløp i billysa så ikkje bli skremt. Det er berre GFIL som prøver å gje løparar eit tilbod. Det er nok verken miljøvenleg eller belleg med to køyretøy på tomgang i over ein time.

Skjer i oktober

På tampen av sesongen er desse arrangementa ført opp i terminlista til friidrettskrinsen:

30 september: Nordstrandløpet

Fjellhug/Vereide IL, mosjonsarrangement

6. oktober: Gloppen halvmaraton

Fjellhug/Vereide IL, mosjonsarrangement

7. oktober: Loggane open

IL Brodd, treningsstevne

Og så er utesesongen for friidretten i fylket slutt for 2018.

– Sånn er verda...! Steinars hjørne

I år kom Steinar’s Hjørne som jula på kjerringa. Nils Ove sendte meg melding i kveld når eg satt i et møte i Oslo, og eg avlyste heile utgaven av denne spalta. No sitter eg på Flytoget og klokka er 20:39, så spørsmålet er om Steinar’s Hjørne er ferdig skreve når eg ankommer Gardermoen.

Frå Byrkjelo til Hamar

Med Byrkjelo­NM vel overstått, har friidretts­Norge byrja bus seg til neste års NM. Det vart tildelt Hamar IL og FIK Orion under Friidrettstinget i Bergen i fjor. Arrangementet går på Hamar Idrettspark 23. ­ 25. august 2019.

Okei…Dagens tema er trangsyntheten som rådar rundt enkelte som er motstandarar av mineralnæring i Noreg. Først av alt så ønskar eg å forklare at Noreg er ein av verdas største forbrukarar av mineralske råstoff rekna i antall innbyggarar. Vi lever i ei verd der overforbruk er regelen heller enn unntaket. Barn i dag lærar at melka kjem frå kua og bacon kjem frå grisen (Mmm… Bacon…). Men sjå rundt deg. Gå deg ei runde og prøv og tenk over kor mykje av det du ser rundt som kjem frå ei gruve. Det er meir enn du trur. Bilen din. Mobilen din. Steinen i muren din. Lyktestolpane som lyser opp vegen. Kaffikoppen din og pina meg papiret som Gloptimisten blir skrive på (ja, den inneheld mykje stein). Alt dette må som sagt komme frå ei gruve, enten i Noreg eller ein anna plass. Veldig sjeldan i Noreg, og veldig ofte frå ein anna plass.

Verda i dag er enkel. Stort sett ønskar vi at TVen skal være veldig billig, og vi ønskar å sitte igjen med kjensla av at vi i Noreg, nei vi driv ikkje med forsøpling. Og gruvedrift? Kven vil ha den gammaldagse industrien i vår postkortnatur? Dette er veldig få, og det merkar vi i forbindelse motstanden ein møter når ein prøvar å etablere den første mineralfokuserte gruva i Noreg på fleire tiår. I Noreg har vi det veldig fint. Vi har anledninga til å sei nei når det er noko vi ikkje likar, som for eksempel høgspentlinjer og vindmøller. Men billeg og stabil straum skal vi ha. Og Tesla og Nissan Leaf og det som betre er. Er ikkje dette motstridande?

Så tilbake til mineralnæringa. Klokka er no 20:48 og vi nærmar oss Gardermoen… Mange i Noreg ønskar å nytte seg av alle produkt som mineralnæringa gir dei, men er flaue over at Noreg skal etablere gruvedrift i distrikta og «Dumpe» gruveavfall i fjorden. Så då spør eg: Kor skal vi få minerala frå? Det drit dei fleste i, men eg veit kor alternativa er. Sierra Leone. India. Sør­Afrika og regnskogen i Brasil. Trur vi at det er betre her?

Uansett korleis ein vrir og vender på ting, så vil Noreg ha blant verdas strengaste miljøkontrollar. Vi tillet ikkje store mengder kjemikalier i naturen. Vi tillet ikkje omfattande avrenningar frå tungmetallholdige gruveavgangar. Dette vil

ikkje skje (med mindre naturvernarar lagar miljøkatastrofe (søk opp tittelen) ved å tvinge gruveselskap til å etablere landdeponi). I gruvebya Baotau i Mongolia har dei en svær forekomst av sjeldne jordartar. Desse grunnstoffa førekjem ofte saman med uran og thorium som vi ville sett på som høgrisiko avfall i Noreg. Kva gjer dei i Mongolia? Joda.. pumpar det i opne rør ut i ein innsjø og gir blanke. Men om ein aktør ville forsøke å utvinne sjeldne jordartar frå Fensfeltet i Telemark ville naturvernarar strøyme til og protestere og ta bileter med smarttelefonane sine som med veldig stor sannsyn inneholder sjeldne jordartar frå Baotau. Ironisk? Absolutt.

I 2012 skjedde det noko grusomt i Sør­Afrika. Arbeidarar som er katastrofalt underbetalte og som opplever uverdige arbeidsforhold ville streike for betre lønn og arbeidsforhold. Dessverre vart en av streikarane litt for voldsomme med en høygaffel. Resultatet? Jo.. bevæpna politi løyste skot og drap fleire tiltals mennesker i løpet av timar. Interessert? Søk opp Marakana accident. Triste saker. I Noreg ønskar vi ikkje å utvinne rutil fordi vi er for stolte for den typen gammaldags industri. Verda (inkludert oss i Noreg) gir blanke opp i om vi i Noreg ikkje produserar rutil (som inneheld titan) og ei ny gruve i Sør­Afrika kan heller åpne.

Er det riktig at vi i Noreg skal være storforbrukarar av mineralske råstoff utan å betale litt av rekninga? Er det riktig at vi ønskar det grøne skiftet velkommen, men lukkar augene for kor mineralene dette skiftet er avhengig av kjem frå? Er det riktig at vi fordømmer hendingar som massakren i Marakana, men indirekte oppfordrar mineralbransja i desse landa til å tyne produksjonen sin fordi vi ikkje vil? Er det riktig at vi sit på store, rike ubrukte mineralressursar utan utnytte dei, medan barn i Sentral­Afrika tek ut mineral for hand? Nei, eg syns ikkje dette, men for å sitere eit av oljebarna som satt fastlenka til ei av boreriggane i forbindelse med mineralutforsking i Sunnfjord: Sånn er verda…!

Då er vi på Gardermoen. Takk for meg

19 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018 Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 E-post: postmottak.firdavgs@sfj.no www.firda.vgs.no • Studiespesialiserande • Musikk, dans, drama • Idrettsfag – MEIR ENN EIN SKULE FIRDA VIDAREGÅANDE

VASSRETT

1 Avgud i gamle Israel

5 P ­ t Nåledyret

11 ­ syndar

14 Hyl

Øy i

LODDRETT

2 Like vokalar

3 – r Kan ikkje lese og skrive

4 Dårleg karakter (fork.)

5 Til saman (to ord)

6 Anonym

7 Nils Dal

8 Blir rost (Bokmål omv.)

9 Ikke utenriks

10 D ­ Diskusjonstorg

12 Ujamn

13 – n Son til Kornelius

16 Apostelbrev (Fleirtal bokmål)

17 Jon Ness

19 Like vokalar

21 Like konsonantar

24 Er ein som kjem frå nord

26 – am Patriark 28 Sint

Løysing til GFIL, Boks 120, 6821 Sandane.

FRIST: 1. oktober 2018

Det kom inn svært mange løysingar denne gongen Kryssordvinnarar: Odd Svendsen-Aslaug Aarøen-Ragnhild Bakke Austrheim , Sandane

HALD FORMEN PÅ TOPP!

TA DEG EIN TUR I TRIVSELSSKOGEN MED LYKT, OG INNOM SPENST FOR LITT STYRKE OG KRAFT!

VI HAR UTSTYRET DU TRENG FOR Å FÅ EI GOD TRENINGSØKT!

FØRPRIS 599,-

299,- 349,- 399,-

T-SKJORTE TIL TRENING HERRE REFLEKS-VEST

Refleksvest med god passform, glidelås i front, mesh i rygg som gjer at den pustar godt, og store refleksfelt som gjer at ein er

Nike t-skjorte til trening. Transporterer svette så du kjenner deg tørr og komfortabel. Vnr 265074

TRENINGSGENSER SLINGSBY

Treningsgenser frå Bergans i eit hurtig-tørkande materiale med ekstremt god pusteevne. Vnr 196397

FØRPRIS 1000,-

PHOENIX JOGGESKO DAME/HERRE

Lett og fin joggesko frå Asics. God demping i hæl, fin til tur og lett trening.

999,- 549,-

TIGHTS HERRE

Nike bukse til trening. Lausare øvre del, formsydde kne og tettsittande bein for god komfort. Vnr 244847

STORM TIGHTS DAME

Populær vinter-tights frå Craft. Fòra og avvisande mot vind og litt regn. God passform. Vnr 256528

20 Gloptimisten • SEPTEMBER 2018
KRYSSORDET
Båtbyggjar
Andersen
34 Hekt
100
A
Stad
Gloppen 36 Personleg pronomen 37 Liv Kårstad 38 Plagg 39 Bror til Jakob 41 Flokk 44 Krinsmeisterskap 45 Like konsonantar 47 Von 48 Musikkform 50 Skomakarverktøy 52 Korstemme 53 Alfabetgrannar 55 Svært dårleg
Like vokalar 57 Utropsord
15
Troms 18 Dalside 20 Tilfredsstillande (fork.) 22 Ulåst 23 Edel 25 Strøsukker 27
i GT 29 Odd
31 – e Omvendt deig 33 V – a I sikkerheit
liter (omv.) 35
i
56
32
38
42
43 Samtlege 46 Skomakarverktøy 48 Tigga 49 Ikkje inne 51 Flire 54 Skalatone
30 Respekt
Kjerneved
Hos 40 Fjell i Ålesund
P ­ Cola (Leskedrikk)
300 lumens, vanntett, 80 meters rekkevidde. Vnr
HODELYKT
499,-
240660 SPOT
649,-
DAMEM0DELL KVALITETSLYKT 300 LUMENS GOD PASSFORM SANDANE OPE: 09-18 (09-15) TLF: 57 88 46 00 WWW.INTERSPORT.NO INTERSPORT SANDANE SØRSTRANDVEGEN 6 6823 SANDANE

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.