
Lokalt kompetansebehov
Frå konditor til organisasjonsutvikling
Ann Margit Grønstad
har visjonar for Grannar






Stian Skarheim Magelssen
Dagleg leiar Fikse Næringsforening
![]()

Lokalt kompetansebehov
Frå konditor til organisasjonsutvikling
Ann Margit Grønstad
har visjonar for Grannar






Stian Skarheim Magelssen
Dagleg leiar Fikse Næringsforening
Etne og Vindafjord har eit næringsliv dei fleste i både Noreg og verda misunner. Vi knuser både landssnittet og snittet i Rogaland på talet bedrifter per innbyggjar. Vi har svært låg arbeidsløyse, relativt lite sjukefråvær og få mottakarar av AAP. Men at statistikken er god, betyr lite for dei menneska som dessverre fell utanfor. Desse må vi fange opp, slik at dei òg får moglegheita til å bidra med sin kompetanse.

Sjølv om næringslivet blomstrar, står lokalsamfunna våre ovanfor ei enorm befolkningsendring.
Vi blir fleire eldre og føder færre barn. Då har vi ikkje råd til at nokon som kunne ha bidrege i arbeidslivet, ikkje gjer det. Det eg har opplevd som mest positivt med å flytte hit til bygda, er kor inkluderande folk er. Ikkje fordi eg venta noko anna, men fordi inkludering ikkje skjer av seg sjølv. Tidsklemma og kvardagslogistikken har ført til mang ein avlyst avtale. Då varmar det ei enkel austlandssjel at etnesbuar og vindafjordingar tek seg tid til den middagen, inviterer på ei treningsøkt og møter opp på søndagstur uansett vêr.
Denne inkluderingsånda ser eg òg i næringslivet. For tidsklemma råkar òg bedriftene. Dei må produsere og levere, samstundes som det stadig dukkar opp nye krav og reglar dei må setje seg inn i. Det er ikkje gitt at bedriftene vågar å satse på nokon som ikkje er heilt A4 og glir rett inn i produksjonslina. Vi har heldigvis mange døme frå lokale bedrifter som har våga nettopp det. Der nokon utan papira heilt i orden får ein sjanse – og som blir ein heilt avgjerande ressurs for bedrifta. Dei som har har site i kjellaren utan fullført skulegang, kan bløma og få personalansvar etter å ha kome ut i jobb. Desse historiene er ofte takka vere fantastiske ressurspersonar i bedrifter som gir det vesle ekstra.
Næringslivet ropar etter meir arbeidskraft, men det er ikkje alle som står utanfor som svarar. Hadde det vore så lett, så hadde vi jo ikkje hatt noko arbeidsløyse. Alle passar ikkje inn overalt, men eg er overtydd om at det finst ein plass for alle. Du som les dette, kjenner kanskje ein som ikkje har fått moglegheita til å skine endå. Eller kanskje du jobbar i ei bedrift med overskot til å satse på ein ulepen diamant.
Desse må vi få kopla saman. Både næringslivet og samfunnet blir rikare om vi tør å tenkje litt utanfor den gode gamle boksen.

Utgåve nr. 2 2025
Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening
Ansvarleg redaktør:
Stian Skarheim Magelssen
Dagleg leiar
Redaksjon:
Omega 365 Design:
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Hanna Maria van Zijp
Inga Klokkerstuen Wangensteen
Judith Sørhus Litlehamar
Helga Klungland
Design:
Omega 365 Design
Foto:
Hanna Maria van Zijp
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Marcus Rødne
Framsidefoto:
Hanna Maria van Zijp
Annonsesal:
Eirik Odin Salmo Pedersen
Opplag: 4 200
Trykkeri: H.B.O Grafisk AS
Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.
Lokalavisa Grannar har dei siste åra gjennomført ei stor digital satsing som har bore frukt.
Den nye redaktøren står likevel fast ved at samfunnsoppdraget er det same sjølv om teknologi og medievanar endrar seg i høgt tempo.
– Me har hatt ein solid digital vekst det siste året. Tala låg på om lag 800 digitale abonnentar, og har no auka til rundt 1290. Auken kjem mellom anna av at fleire har gått frå komplett til å ha berre digitalt abonnement, fortel den nytilsette redaktøren i Grannar, Ann Margit Grønstad.
Ho er opphavleg frå Etne, men er busett med familie på Vormedal. Etter utdanning innan journalistikk, litteratur og medievitskap, har ho hatt ei mangfaldig karriere der CV-en byr på administrasjon, Den norske kyrkja, hotellbransjen samt oppdrag som frilansjournalist. Sidan 2019 har ho vore journalist i redaksjonen til Karmøynytt, før ho i 2021 vart redaktør og så dagleg leiar i nettavisa. Då ho fekk førespurnaden om å søke på jobben som redaktør i Grannar, såg ho det som nok ei spanande utfordring.
– Avisa har allereie gjort store sprang dei siste åra, og det verka veldig kjekt å få vere med vidare på denne reisa. Grannar er «mi» lokalavis, som eg er oppvaksen med, og ho betyr mykje for meg. Me har alltid halde avisa heime, og eg har halde fram med å lese ho i vaksen alder. No er eg komen inn i ein redaksjon med kollegaer som er både dyktige og særs engasjerte i lokalsamfunnet, seier ho. I ei
medieverd der papiravisene får stadig færre lesarar, er redaktøren særs nøgd med at utviklinga går seinare for Grannar.
– Ein ser at papiravisa står sterkt i desse kommunane. Det er også ei avis som ligg mange sine hjarte nært.
Likevel er det ingen tvil om at nyheitssakene til avisa i aukande grad vert lesne på skjerm.
– Me trur overgangen frå komplett abonnement til reint digitalt abonnement skuldast distribusjon. Mange opplever å ikkje få avisa si før mange dagar etter at den er utgjeven. Det er særs uheldig at dette ikkje fungerer betre, og dette har konsekvensar ikkje berre for oss, men også langt fleire aviser.
Trass i utfordringane med sending, er det ikkje aktuelt å slutte med papiravisa, som kjem ut kvar torsdag.
– Det lønnar seg framleis for oss å gi ut papiravis, sidan mange abonnerer på den. Heile 75 prosent av lesarane har komplett abonnement med både papiravis og digital avis.
Ho legg samstundes ikkje skjul på at tilveksten av nye abonnentar, også skuldast ein strategi lokalavisa har jobbe med.
– Me skal vere der lesarane er, og i dag er det i stor grad på skjerm. Gjennom nettsidene våre og sosiale medium er me til stades i lokalsamfunnet på både
Med oppvekst på Grønstad i Etne, har Grannar alltid vore lokalavisa over alle, for den nytilsette redaktøren.

Lokalavisa er ein av kanalane der ein kan vere trygg på at informasjonen er sjekka, vurdert og sett inn i ein samanheng.
“

Avgjersler skal tas i lys og ikkje mørke. Me skal vere til stades og følgje med.
Ann Margit Grønstad
smått og stort. Frå fotballcup og basar til kommunestyremøte og store lokalpolitiske saker. Det er viktig for folk at dei kan lese om det som skjer, der dei er. Folk vil lese om det som betyr noko for kvardagen deira, og den typen nærleik finn dei ikkje i riksavisene.
Grønstad er tydeleg på samfunnsoppdraget til avisa. – Me skal både vere ein heiagjeng og ei vaktbikkje når det trengst. Me skal stille spørsmål og fortelje historiene. Lokal journalistikk skal spegle kvardagen til folk som bur i distriktet, samstundes som dei skal sette søkelys på prosessar. Avgjersler skal tas i lys og ikkje mørke. Me skal vere til stades og følgje med.
Med endra mediebruk hjå nordmenn, auka skjermbruk, inntog av KI og fleire kjelder til falske nyhende, er lokalavisa si rolle viktigare enn nokon sinne. – Endringane i medievanane og utviklinga innan KI, går kjempefort. Det merkar alle. Folk får nyheiter frå langt fleire kanalar enn før, men mykje som blir delt er ikkje kvalitetssikra. Det er her redaktørstyrte medium skil seg ut, også ute i distrikta. Lokalavisa er ein av kanalane der ein kan vere trygg på at informasjonen er sjekka, vurdert og sett inn i ein samanheng. Me kan også bruke KI som eit hjelpemiddel, men på ein klok måte. Me er avhengige av tilliten til lesarane og skal kunne stå inne for alt me publiserer, konstaterer ho.


Samstundes etterlyser ho fleire tips og meir aktiv bruk av lokalavisa.
– Me dekkjer to store kommunar, og det er mykje som skjer. Me prøver å dekke alt, men det er ikkje alltid me får med oss alt. Mange bedrifter, lag og organisasjonar brukar no eigne kanalar for å informere om arrangement, jobbar, tilbod og nyhende. Det forstår me godt at dei vil gjere, men me er avhengige av å få tips til saker – og her kan folk gjerne bli endå flinkare. Det er vinn-vinn for begge partar. Går ein til lokalavisa først, kan ein få ei skikkeleg sak og ei breiare dekning. Viss ein har informert om saka i eigne kanalar først, kan ho ha mist nyheitsinteressa for mange når ho kjem i avisa. Skal lokalavisene overleve, må dei vere aktivt i bruk – både av lesarar, annonsørar og folk som tipsar om innhald.
På spørsmål om kor ho trur Grannar er om ti år, kjem svaret raskt.
– Då skal me framleis vere den viktigaste nyheitskjelda for innbyggarane i Etne og Vindafjord! Kanskje med nye format og historieforteljing, men med same oppdrag. Behovet for truverdig lokal journalistikk vil ikkje forsvinne.
Opplev lynraskt internett og førsteklasses TV-underhaldning, uansett kvar du er.
Med vår teneste kan du nytte Altibox i Tysnes og Etne - Utforsk ei verd av moglegheiter med oss!

Les meir på enivest.no/tysnes-etne

– Kunstig intelligens vil forma både maritim bransje og oss, seier konsernsjef i Arriva Shipping, Sindre Matre.

Sindre Matre, tredjegenerasjonsreiar i Arriva Shipping, sit på det nye kontoret sitt i Ølensvåg. Det vil seia, bygget er ikkje heilt nytt, men utvida og renovert. Kontoret er der det har vore sidan 1972, i sjøkanten ved Ølensfjorden. Nå tenkjer konsernsjefen høgt om utviklingstrekk både i maritim bransje og hjå dei sjølve i Arriva.
– Sjøfolk er ekstremt viktige for oss framover, og grunnen til at me er her i dag. Dei treng me også i åra framover, seier konsernsjefen.
Utanom bemanning på dei åtte skipa Arriva opererer, ser Matre ei rivande teknologisk utvikling på fleire felt.
– Eg er ikkje i tvil om at kunstig intelligens i ein eller anna form vil vera med å forma bransjen og oss. I første omgang vil det kanskje særleg gjelda logistikkplanlegging, seier Matre.
Shippingkonsernet sine kundar er industri og entreprenørar, som skal få frakta tømmer, flis, industrivarer, tilslag, kol og mineral. Nedslagsfeltet er i hovudsak Nord-Europa. Sjølv om dei fleste av dei 172 tilsette arbeider på sjøen, er rett over tjue tilsett på land i administrasjonen. Dei fleste held til ved hovudkontoret i Ølensvåg. For første gong i rederiet si historie, bygde dei eige fartøy som blei levert i 2022. Nå er dei godt i gang med bygging av to søsterskip, som blir leverte i 2026.
– Våre system utviklar seg heile vegen. Det kjem nye løysingar på dei nybygde skipa, som automatisk/elektronisk tankpeiling eller digitale loggbøker, seier Matre. Skipa er batteri-hybridar, og kan dermed gå heilt elektrisk i korte periodar, som igjen gir vesentleg betre energieffektivitet. Det kuttar store utslepp, noko maritim bransje har forplikta seg til. Nye krav frå EU legg også føringar for korleis Arriva skal driva framover.
Å forstå den tekniske sida ved berekraftig teknologi, er ikkje berre viktig på sjøen. Det er også behov for denne innsikta på land, i administrasjonen. Framover vil ny nullutsleppsteknologi innta dei store skipa.
– Derfor har me mellom anna satsa på meir kompetanse innan elektroautomasjon, seier Matre om fjorårets tilsetjing av teknisk personell.
– Me leiger dessutan inn ein båt som skal byggjast i 2027, som er rigga for å gå på ammoniakk.
Når det gjeld kompetansebehov til framtidige stillingar i Arriva, trur Matre at teknologi, digitalisering, berekraft og miljø vil vera aktuelt i landadministrasjonen. I tillegg kan fag som cybertryggleik bli aktuelt på sikt, i ei meir uføreseieleg verd der maritim bransje kan vera utsett. I tillegg kjem stadig nye krav om dokumentasjon og reduksjon, både nasjonalt og frå EU.
– Der må me byggja ytterlegare kompetanse framover, seier Matre om samfunnsutviklinga.
– Nyleg har me også rekruttert ein økonomidirektør som vil jobba endå meir med strategi framover, seier Matre.
Om ein ikkje har alle punkta i ønskt fagleg bakgrunn som søkjar, ser Matre at personlege eigenskapar ofte kompenserer for dette.
– Med rette innstillinga kan bransjen og faget lærast. Me er nøydde til å sjå etter folk som er nyfikne og praktisk anlagde, for det er korte beslutningsvegar her. Det kan vera rett person sjølv om søkjaren ikkje har erfaring med akkurat vår bransje, men då har ein gjerne tilnærma erfaring frå andre bransjar. Det har me eksempel på her i administrasjonen.
– Me er lokalpatriotar i Arriva. Me vil byggja eit lag her, seier Matre.
Arriva Shipping
Internasjonalt nærskipsrederi med hovudkontor i Ølensvåg
Starta som selskapet Sandfrakt i 1972 av Johannes Matre
Fraktar gods som tømmer, industrivarer, tilslag, kol og mineral
8 eigne og 7 innleigde fartøy trafikkerer i hovudsak NordEuropa
Samla transportvolum utgjorde rundt 4,1 millionar tonn i 2024
Konsernet har rundt 172 tilsette fordelt på 150 sjøfolk og 22 i administrasjonen
Av dei 22 tilsette på land, sit dei fleste på hovudkontoret i Ølensvåg


Samla gode vener og familie til ei aktiv oppleving på Åkrafjorden Nature. Me tilbyr mat- og drikkepakkar tilpassa dykkar ønske og tilbyr overnatting for grupper.
LITT MEDVIND I HVERDAGEN?
Ta kontakt for pakketilbod eller gåvekort!
+47 90 84 49 18 / mail@a-nature.no akrafjordenbnb.no
Vi har ledige kontorplasser i Etne, Skjold, Sandeid og Ølensvåg. Stikk innom eller ta kontakt med oss.







BLI EN DEL AV WESTCONS
SPENNENDE FREMTID
westcon.no/karriere












Ko ntak t oss! hei@omega365 .c om omega365design.n o
Rutinar er like viktig for godt psykososialt miljø som open kommunikasjon, seier HR-rådgjevarar i Vindafjord kommune, Anne Solveig Kvinnesland og Arild Lund.


– Det handlar om dei mellommenneskelege relasjonane på jobben, korleis dei påverkar trivselen og korleis ein opplever tryggleik. Det heng saman med kommunikasjon, leiarstil og i kva grad ein opplever støtte på jobben, fortel HR-rådgjevar Anne Solveig Kvinnesland.
Saman med kollega Arild Lund, arbeider Kvinnesland ved HR og lønn i Vindafjord kommune. I 2026 vil ei endring i arbeidsmiljølova i større grad styrka arbeidstakarar sin rett til godt psykososialt miljø. Det er viktig, ifølgje duoen.
– Det har alltid vore søkelys på arbeidsmiljø. Og det er alle sitt ansvar å skapa det, både oss på HR, leiarar og tilsette. Men me på vår avdeling skal leggja til rette for det og må alltid ha den tankegangen med oss, presiserer Lund. – Lovendringa sikrar den retten for alle uavhengig av arbeidsplass og bransje, legg Kvinnesland til.
På individnivå kan dårleg psykososialt miljø både skapa mistrivsel og føra til fysisk ubehag. Ofte kjem det av dårleg kommunikasjon, konflikt og stress. Eit godt miljø vil ha rake motsette effekt, ifølgje Kvinnesland og Lund – og det er gjerne prega av psykologisk tryggleik og tillit mellom tilsette og leiarar. Det viser ikkje berre på sjukefråvær-prosenten.
– Eit godt psykososialt miljø vil vera positivt og bidra til meir effektivt arbeid, og skapa færre konfliktar og mindre stress. Det gir betre samarbeid og samhold, seier Kvinnesland.
Rådgjevarane trekk fram god og open intern kommunikasjon som ein føresetnad.
– Det må liggja klare forventningar til tilsette om oppgåver og ansvar. I eit godt miljø er det takhøgd for å diskutera, og det gjer det lettare i situasjonar ein kanskje er usamd om noko, seier Kvinnesland.
– Kommunikasjon er nøkkelen. Dersom folk ikkje opplever psykologisk tryggleik, tør dei heller ikkje å snakka om korleis dei har det. Får ein ikkje ytra seg om det, får ein heller ikkje fanga det opp tidleg. Då har ting ein tendens til å bli større, seier Lund.
Rådgjevarane trekk også fram kor viktig godt miljø er for nyrekruttering.
– Det skin ut at folk har det bra på jobb. Det kan gjera at folk ønskjer å jobba hjå oss, og er stolte av å jobba her. Det er viktig for å behalda dei folka me har også, at folk kjenner på moglegheiter for utvikling og til å ta meir utdanning, kurs eller anna, seier Lund.

Kvinnesland peikar også på konkurranseaspektet, i dagens utfordrande arbeidsmarknad.
– Då er meir framsnakk bra, legg ho til.
Kvinnesland trekk også fram at det er viktig å visa det meiningsfulle arbeidet kommunen gjer og dela dei gode historiene. Kommunen løyser eit mangfald av oppgåver og har dermed også behov for mange ulike yrkesgrupper. Kommunikasjon som viser arbeidskvardagen eksternt, kan bidra til godt omdømme. Etter ei positiv sak på kommunen sine nettsider, blei ein einingsleiar kontakta av ein potensiell kandidat som hadde lese saka.
Vindafjord kommune sitt gode rykte var dessutan relevant for både Lund og Kvinnesland då dei blei rekrutterte til sine stillingar som HR-rådgjevarar.
– Eg pendlar til Vindafjord frå Haugesund, og me får fleire søkjarar herfrå. Då er det noko me gjer rett her. Sjølv opplevde eg eit kjekt og profesjonelt intervju, og merka at eg hadde lyst til å jobba her. Du merkar dersom folk trivst – og det var veldig positivt, fortel Lund.
Kvinnesland opplevde det same.
– Ja, det skein gjennom via Teams, seier rådgjevaren, som budde på Austlandet før ho flytte heim for stillinga i Vindafjord kommune.
Som del av HR og lønn i kommunen, trekk dei fram kor viktig det både er med open kommunikasjon og system, rutinar og det formelle i orden. I arbeidet med godt psykososialt miljø, vil både infrastrukturen og ei open linje vera viktig.
– Me har kvalitetssystem for å melda avvik, men håpar alltid folk tar ting via leiaren sin, seier Lund.
Nyleg blei Strategi for å behalda, utvikla og rekruttera vedtatt i kommunestyret.
– Ut frå den strategien arbeider me med fleire tiltak. Elles har me gode rutinar og reglement for blant anna sjukefråvær, livsfasepolitikk, tilsetting og HMS. Me har ulike formelle møtepunkt kor me kan sikra forankring ut i organisasjonen på det me gjer, som for eksempel den årlege tillitsvalddagen kor me samlar leiarar, tillitsvalde og verneombod til føredrag, diskusjon og gruppearbeid. Årets tema var rus- og avhengigheitsproblematikk og kommunens nye reglement knytt til det. Den forankringa er viktig, meiner Kvinnesland.
– Me vil gi folk rutinar og verktøy. Det er viktig at me har det den dagen ting eventuelt skjer.
Tekst: Hanna Maria van Zijp Foto: Marcus Rødne
– Det viktigaste me gjer er å forstå kva bedriftene faktisk treng, og klarer å kople dei med arbeidssøkjarar som har rett kompetanse, seier Helene Kringlebotten som er lokal rekrutteringskontakt i NAV.
Denne hausten skal NAV Vindafjord og Etne arrangere mini-jobbmesse for aller første gong. Fleire NAV-kontor i Rogaland har allereie god erfaring med dette, og Kringlebotten er spent på kva respons ein vil få lokalt. Bak tiltaket ligg eit tydeleg mål: å skape raskare, enklare og meir treffsikre møte mellom arbeidsgivarar og jobbsøkjarar. NAV tek med seg aktuelle kandidatar ut til ei bedrift, slik at dei får treffast.
– Me avlarar kandidatane på førehand, bedriftene presenterer seg, og så går me rett på speed-intervju. Mange er mykje meir enn det som står på ein CV, det ser arbeidsgivarane når dei får møte dei ansikt til ansikt.
Kringlebotten håpar mini-jobbmessene blir eit fast tiltak.
– Dette gjer det enklare for bedrifter, og meir motiverande for jobbsøkjarane. Det er berre ei lita gruppe som deltek no, men me ønskjer å drype slike arrangement utover året.
Kringlebotten og kollegaene er bindeleddet mellom lokale bedrifter og menneske som står utanfor arbeidslivet. Mange arbeidsgivarar i Etne og Vindafjord tek

Helene Kringlebotten oppfordrar bedrifter som treng kompetanse til å ta kontakt med NAV for å sjå om det finst rett kompetanse i nettverket.
rett kompetanse.
– Nokre treng folk i full stilling. Andre ser etter nokon dei kan lære opp, sjølv om kandidaten har lite utdanning eller hol i CV-en. Rause arbeidsgivarar betyr alt når me skal få folk ut i arbeid igjen, seier Kringlebotten.
Når behova er kartlagt, startar det eigentlege koplingsarbeidet. NAV finn aktuelle kandidatar, sender intern utlysing til arbeidssøkjarane og matchar på bakgrunn av CV og motivasjon.
– Det er viktig at arbeidssøkjarane får sagt sitt om jobben faktisk verkar interessant for dei. Når begge partar er positive, kan me setje i gang arbeidspraksis eller tilsetjingsprosess.
Kringlebotten møter mange som berre treng ein sjanse.
Rause arbeidsgivarar betyr alt når me skal få folk ut i arbeid igjen.
Helene Kringlebotten
direkte kontakt for å høyre om NAV har aktuelle kandidatar for dei.
– Me opplev at mange arbeidsgivarar ønskjer å inkludere, og fleire ser no etter andre måtar å rekruttere på fordi dei ikkje får tak i folk, eller fordi dei ynskjer å gjere ein samfunnsinnsats, seier ho.
NAV sitt arbeid startar ofte med at bedrifta tek kontakt med dei som er rekrutteringskontaktar, eller tar kontakt via nettsida. I tillegg til Kringlebotten er Siri Stenberg også ein av kontaktane som hjelper bedrifter med å finne
– Det er utruleg kor mykje arbeid betyr. Å komme seg ut i ein jobb igjen, å bli sett og få bidra – det er uvurderleg for folk. Og dette er dyktige menneske som gjer ein god jobb, seier ho.
NAV jobbar også tett med deltakarar i introduksjonsprogrammet, der arbeidspraksis er ein viktig del.
– Språk er nøkkelen til arbeid. Nokre lærer fort, andre treng meir tid. Uansett opplever me at lokale arbeidsgivarar er svært inkluderande når dei får rett oppfølging. For arbeidssøkjarar som ønskjer hjelp, er første steg enkelt: registrering i NAV-systemet og ein samtale med rettleiar. Der blir behov, mål og tiltak vurdert og lagt inn i ein aktivitetsplan.
– Ta kontakt så finn me som regel ei løysing. Me har breitt samarbeid med arbeidslivet i kommunen, og me opplever at arbeidsgivarane er rause og engasjerte. Det gir oss tru på at me skal klare å kople endå fleire arbeidssøkjarar med dei som treng folk, meiner Kringlebotten.
Vi er en global kompetansebedrift som leverer løsninger, ekspertise og personell for å effektivisere prosjekter og drift.
Bli en del av vårt team!
• Spennende kundeoppdrag • Lokale og nasjonale jobbmuligheter
• Sterkt kompetansemiljø • Løsningsorienterte team
• Engasjerende arbeidsmiljø • Inspirerende teambuildinger
• Fantastiske feriehus • Unikt verferdsprogram

omega365.com/jobs

Heimdal Utbytte nærmer seg tre år. Nå har norske investorer plassert nærmere 4 milliarder kroner i aksjefondet, med mål om best mulig risikojustert avkastning.
Finansavisen fortalte at Heimdal Utbytte var Norges beste aksjefond i 2024 (publisert 29 03 25), og avisen hadde et større portrettintervju med forvalter Sigurd Klev der han fortalte om sin strategi.
mulig risikojustert avkastning. Slik mener jeg fondssparing bør være: Ikke gamble på trender, på å slå markedet eller å treffe den neste store teknologikometen, men plassere pengene i solide selskaper som har god kontantinntjening, forklarer Sigurd.
- Vi fokuserer på det jeg kaller
selskaper som har en viss størrelse, som er lønnsomme her og nå, og som er likvide på børsen slik at vi kan handle når vi ønsker det. Kontantinntjening går aldri av moten! Ved å unngå de mest risikable selskapene, reduserer vi også verdisvingningene.
Disclaimer: Dette dokument / innhold er distribuert til kund
Når denne artikkelen skrives, har Heimdal Utbytte gitt en årlig nettoavkastning på 21,7 prosent siden lansering for to år og 1 1 måneder siden (per 05 1 1 25).
- Det er selvsagt vanskelig å spå om fremtiden. Aksjefond svinger i verdi, og kan i perioder gi negativ avkastning. Vi lover ikke annet enn å gjøre så godt vi kan, så får vi bli vurdert på det, avslutter Sigurd Klev

Sigurd Klev og hans Heimdal Utbytte investerer i «indre-
Heimdal Fondene
• Har 13,1 milliarder kroner under forvaltning
• Stavanger-basert. Vokser i Oslo og andre steder i Norge
• 15 ansatte
• Fond: Heimdal Høyrente, Heimdal Høyrente pluss, Heimdal Utbytte, Heimdal Norden Utbytte, Heimdal Jorde, Heimdal Vidde heimdalfondene.no
foretak i kontakt med forvaltningsselskapet. Vi gir ingen anbefalinger om kjøp eller salg av verdipapirer Historisk avkastning er ingen garanti for fremtidig avkastning Avkastningen vil bl a avhenge av markedsutviklingen, forvalters dyktighet, verdipapirfondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen kan bli negativ så vel som positiv I forkant av investering i verdipapirfond anbefaler selskapet å lese nøye fondets prospekt, vedtekter og nøkkelinformasjon.
Hos Vindafjord trafikkopplæring setter vi eleven i fokus.
Effektiv opplæring Fornuftige priser
Opplæring i de fleste klasser

Tlf. 52 76 20 10 - www.vindtraf.no
Kontorer i Ølen, Skjold og Haugesund
På tide med service?


Skift dekk hos oss. Vi har også dekkhotell!
Vi står for riktig utført og prisgunstig verkstedsarbeid. Alt arbeid utføres med reservedeler av originalkvalitet, og selvfølgelig gjelder alle bilens garantier fortsatt når bilen har vært hos oss.
auto-pluss.no
Sentralbord: 48 88 46 66
Ditt lokale Meca verksted for alle typer bil i Sandeid og Haugesund!
Line Njåstad (53) har gått vegen frå å komponere smaksrike og gastronomiske kunstverk til å jobbe med HMS og menneske. Avstanden er kortare enn ein skulle tru.

– Det handlar jo om menneske alt saman, og korleis ein kan bygge eit lag, seier Line om karrieren som har tatt nokre uventa svingar frå livet som kokk og konditor til HR og organisasjonsutvikling. Om CV-en kan virka overraskande på mange, er den ikkje det for Line.
Utforskartrongen og den evige viljen til å utvikle seg har gjort at ho har tatt sjansane som har bydd seg gjennom åra. Denne hausten er ikkje noko unntak, for eit par månadar sidan starta Line i ny jobb som HR-leiar for Knapphus Energi. Line kunne så godt som ingenting om drivstoffbransjen, men ho kunne derimot mykje om HR og HMS. Då vart ikkje valet så vanskeleg.
– Mange meiner eg er galen som har kasta meg inn i ein heilt ny bransje igjen. Men det er no berre slik eg er skrudd saman, og eg sansa raskt at her har dei ein kultur der folk er trygge, hadde eg ikkje sett det hadde eg ikkje tatt jobben.
Ho kan snakke seg varm om kor viktig det er forstå mennesket for å forstå kva potensiale, utfordringar og unike eigenskapar dei har.
– Du veit, folk er ikkje som kaffikoppar. Dei kan sjå ut som at dei er like som kaffikoppar når dei står på ei rekke, men kvar enkelt av dei må forståast på sin heilt unike måte. Og ein må nærme seg litt forsiktig, ein kan ikkje berre dure på. Nokre er sjenerte og treng tid, andre er meir frampå.
Line meiner bedriftene ho har jobba i har mange fellestrekk når det kjem til HR og HMS. Sjølv om retningslinjer og prosedyrar ofte er ulike er målet heile tida det same. Det handlar om å skape ein trygg arbeidskvardag for alle, og ein kultur der folk blir sett og høyrt. Sjølv er ho motivert av å møte folk, lære om livet deira og prøve å forstå kva dei står i her og no.
– Kulturen er og veldig viktig, og den kan variere

Du veit, folk er ikkje som kaffikoppar.
Line Njåstad

mykje frå bedrift til bedrift. Eg må finne ut kva haldningar folk har, både til arbeidsplassen sin og til oppgåvene dei skal utføre. Viss det er mykje slurv og «skal berre – haldningar», så må ein våge å vere tydeleg og setje grenser. Eg pleier stille spørsmål om kvifor me jobbar med HMS. Er det fordi eg skal ha jobb, eller fordi de skal kome trygt heim frå jobb?
Line er meir opptatt av å tufte reglar og lovar i kvardagen enn å presse lovparagrafar på dei tilsette. Nøkkelen til suksess ligg meir i kulturendring enn i tvang, ein må få folk med seg.
– Det er viktig at folk kjenner dei er trygge til å kome med forslag til endringar, til å stille spørsmål og kome innom. Døra mi skal vere open, det er kjempeviktig.
Jobben som HR-leiar i Knapphus Energi er ei nyoppretta stilling, og Line sjølv skal gi jobben form og innhald.
– Det er ein fantastisk moglegheit, og samstundes er det ein stor overgang frå ein kvardag der arbeidsoppgåvene stod i kø til ei nyoppretta stilling der folk skal finne ut kven du er og kva dei kan spørje deg om. Eg har brukt denne første tida til å bli kjent med folk og vere der ute, seier Line.
Ho har fått vore med ein tankbil-sjåfør på jobb og på den måten lært meir om korleis arbeidsdagen i Knapphus Energi ser ut. Det handlar om å kome seg ut, sjå kva som rører seg og kor skoen trykker.
– Det er så viktig å kjenne dei ein jobbar saman med. Det er mykje enklare å vere ute på vernerunde dersom ein har blitt godt kjent med den ein skal besøkje. Du skal sjå dei tilsette, interessere deg for deira arbeidsoppgåver og spørje etter kva utfordringar dei har. Me likar alle at nokon bryr seg og er interessert i oss og korleis me har det.
Sjølv om ho ikkje har spikra alle mål og framtidsplanar i ny rolle, er det noko ho brenn for å gjennomføre.
– Eg er veldig opptatt av kompetanseheving og utdanning innad i selskapet. Me har fått på plass Energi-skulen, det vil fungere som ein god paraply for kompetanseheving i bedrifta og er ein viktig del av employer-branding. Eg trur det er viktig at tilsette trivst mykje betre i jobben dersom dei kan utvikle seg fagleg undervegs.
Ho meiner det er viktig setje søkjelyset på kva som må til for at alle kan utvikle seg fagleg utan å forlate arbeidsplassen. Ikkje minst trur Line intern kompetanseheving også er avgjerande for god rekruttering.
– Ein må dyrke fram ei merkevare som viser at dei som jobbar her er stolte over arbeidsplassen sin. Det er vanskeleg å få tak i folk, også i desse fagfelta me har her, men eg trur dette kan vere med å hjelpe, seier Line som gjennom dei to månadane ho har vore tilsett så langt har vore med på å rekruttere to nye sjåførar.
Me må tilbake til kjøkkenbenken for å forstå meir av innhaldet i den innhaldsrike CV-en hennar. Som
16-åring starta Line nemleg som kokke-lærling på Hotell Norge. Etter eit fagbrev var i boks fekk ho smaken på konditorfaget og vart freista til å endre kurs. Då Line var 22 hadde ho to fagbrev, og eit brennande ønskje om å bli best mogleg i konditorfaget.
– Det var den kreative sida i meg som vakna, eg ivra etter å lære meir og for å skape noko fint heile tida. Ho vart utfordra til å stille i NM i konditorfaget, og takka ja. Temaet var bryllaup og konkurrentane til Line hadde satsa på overdådig, kvitt og sukkersøtt som tema. Line køyrde stilen: bunadsbryllaup i Hallingdal. – Eg tenkte: «shit, kva har eg gjort» når eg såg korleis dei andre hadde pynta.
– Men det fungerte! Eg var berre fire poeng frå å vinne konkurransen, men sølv i NM var og veldig kjekt. Konkurranse er ein god måte å lære på. Eg deltok sjølv i NM for kokkekunst nokre år seinare, og så har eg vore med å arrangert lærlingkonkurranse i elektrikarfaget, det blei ein suksess. Det er alltid sunt og utfordra seg sjølv for å bli betre.
Line flytta etter kvart til Etne og fekk jobb som kokk på Skånevik fjordhotell. Ein månad seinare fekk 25-åringen tilbod om å overta som kjøkkensjef. Line tenkte som Pippi: «dette har eg ikkje gjort før, så det klarer eg sikkert».
– Eg har faktisk eit bilete heime som eg har laga sjølv der denne teksten står. Eg trur det er viktig å hoppe ut i ting, sjølv om ein ikkje har prøvd det før, seier ho.
Mens Line var i Skånevik etablerte ho seg med familie og fekk to barn. Det vart behov for å gjere noko som var meir tilpassa familielivet, og vegen gjekk via Saltnes bakeri til kantina i Fatland. Så kom spørsmålet som seinare skal vise seg å vere eit vendepunkt i karrieren. Punktet då matfaget verkeleg møtte organisasjonsutvikling. Line fekk jobben som kvalitetsleiar i Nortura.
– Då gjekk eg frå å ha kokkekniven som verktøy til å bli sitjande på kontor. Eg kunne lite om kvalitetskrav i ei bedrift, men eg kunne mykje om råvarer og hygiene. Det var nok her eg fekk interesse for risikovurdering, personalleiing og HMS.
Line tok med seg erfaringar frå det hektiske tempoet på kjøkkenet og servicen ute blant gjestene inn i eit yrke som nettopp skal bygge god bedriftskultur og sikre rett kompetanse på rett plass.
– Det er mange likskapar mellom å støtte leiargruppa og dei tilsette i ei bedrift som HR-leiar og servere gjester i ein restaurant. Ein skal behandle folk skikkeleg, ha respekt for at menneske er ulike og heile tida vere innstilt på å bidra så langt ein kan. På kjøkkenet lærer ein og ha hovudet klårt sjølv om tempoet er høgt, og ikkje minst lærer ein seg å avslutte på ein god måte. Maten må ut til gjesten sjølv om du ikkje meiner resultatet er heilt perfekt.
Ny jobb gav også Line ei praktisk utfordring. Ho måtte plutseleg bli god på å skrive på PC, noko ho slett ikkje var frå før.
– Eg sat heime og øvde på å skrive fortast mogleg. På jobb gav eg beskjed om at eg ikkje kom til å
“
Mange meiner eg er galen som har kasta meg inn i ein heilt ny bransje igjen.
Line Njåstad
skrive på PC i møter før eg var god nok. For meg vart dette og sjølvsagt ein konkurranse om å bli best mogleg.
Line ristar på hovudet og smiler av seg sjølv. – Eg har nok store krav til meg sjølv. Ikkje minst så må eg helst gjennomføre det eg har planlagt. Har eg planlagt ei treningsøkt får eg ikkje fred i sjela før den er gjennomført. Eg er dårleg på å droppe det og legge meg på sofaen. Etter 10 år i Nortura var Line klar for nye utfordringar, og let seg freiste av eiga utforskartrong.
– Eg var nok gira på å utvikle meg meir, sjølv om eg hadde det flott i Nortura. Eg søkte på stillinga som HR-leiar i Helgevold gruppen og fekk jobben. Det var
Namn: Line Njåstad (53)
Bur: Etne
Les: Les ikkje så mykje bøker, men har nettopp kjøpt meg ei bok som heiter Utvandrerne, som er ei bok som for fortel om dei første nordmenn som tok seg over Atlanteren for å søke lukka i Amerika.
Høyrer og ser på: Høyrer og ser på: Radio, ser litt på helgeunderhaldning på TV, elles nyheiter.
Høyrer ikkje på: Jazz
Førebilete: Mormora mi


ein overgang å kome frå landbruksmiljøet og over til elektrikar-bransjen.
Ho var også HR-leiar for Aritech på Stord, som den gongen var ein del av Helgevold gruppen. Då dei skilte lag, blei ho etter ei tid tilsett direkte i Aritech AS. – Eg likte meg veldig godt i Ariteck, men eg ynskte å vere meir til stades i eige lokalsamfunn no. Sjølve pendlinga til Stord gjorde ikkje så mykje for meg, men det å kunne bidra direkte inn her eg bur vart viktig for meg. Då passa det godt at det opna seg ein moglegheit hjå Knapphus Energi.
Line og mannen driv gard på Støle i Etne, i tillegg til at dei er i full jobb begge to. Det heile går rundt med hjelp av eit avløysar-par frå Polen og ein svigerfar som meir enn gjerne stiller opp i fjøset på morgonkvisten. Likevel krev livsstilen ein god porsjon energi og arbeidslyst. – Me er bevisste på å kople ut. Me reiser vekk i ny og ned, det er god avkopling.
Line har lært at ho treng overskot tilkvardagen, og at ingen takkar henne om ho møter veggen. Ho må ha tenketid for å finne dei episodane der ho måtte trykke på pauseknappen i livet, men nokre dagar etter intervjuet kjem det nokre punkt på ein e-post. Som 23-åring vart ho sett ut av spel i ni månadar av kyssesjuka, seinare fekk ho ein sju månadar lang pause på grunn av korona, og ikkje minst fekk ho brot i ryggen etter eit fall på rulleski i sommar. I følgje seg sjølv er det ikkje så mykje å snakke om sidan ho er «heilt fin no».
– Det er viktig å kravle seg opp igjen så raskt ein kan etter slike ting. Det vil som regel gå godt. Som lita jente i Austevoll var eg veldig beskjeden og usikker. Hadde eg som liten sett meg sjølv i dag hadde eg kanskje tenkt: «Yes, eg klarte å bli ein trygg person».
Oppveksten i Austevoll var fin. Foreldra dreiv med fiske, og sjølv har ho vakse opp midt mellom to brør. Ho spelte i korps, trakterte orgelet og gjekk på turn. Midt oppe i dette prøvde ho å finne sin plass i klassen, vennegjengen og i øysamfunnet.
– Det er ikkje alltid så enkelt å finne ut kven ein er

og kor ein høyrer heime. Sjølv om eg var usikker, så har eg og alltid høyrt at eg er ein typisk Austevoll. Dei frå Austevoll er ikkje kjente for å ta eit nei for eit nei.
– Du har eit liv som går i eit høgt tempo. Men kva drøymer du om vidare?
– Eg er ikkje ein person som går rundt og drøymer så mykje. Men det er ein tanke som ikkje slepp taket for tida, og det er ideen om å lage ein gardsbutikk. Den kunne vore sjølvbetent og me kunne selt varer frå eigen gard, og samstundes vore med på å sikra betre mattryggleik og beredskap. Me må produsere meir mat for å kunne klare oss betre på eiga hand i dette landet. Line brenn for norsk matproduksjon, mange vil nok også hugse innsatsen hennar på kjøkkenet under Etnir Duggurd på Etnemarknaden, der det blei servert gourmet-rettar av lokale råvarer. Ho meiner det trengs haldningsskapande arbeid for å vise kva som står på spel i norsk landbrukspolitikk.
– Me fekk oss ein liten vekkar i korona-tida då grensene vart stengde, men folk gløymer fort. Eg trur det er kjempeviktig å vise kor viktig norsk matproduksjon er framover. Av og til tullar eg med at eg skal ete berre norsk mat i eit heilt år, eg trur faktisk eg skulle klart det, seier ho før ho på ny stussar over eigne draumar.
– Eg skjønar ikkje heilt kvifor denne butikk-ideen kjem tilbake til meg gong etter gong. Det kan godt hende eg berre må prøve å få det til.


Velkommen til bading i nye Vindafjordhallen
Nyt finværet inne, heile året!

25 m treningsbasseng med djupne på 3,6 m
Stupetårn på 1 og 3 m
Terapibasseng med justerbar djupne
Badstove for avslapping
Familiegarderobe og tilrettelegging for alle.
Kom og opplev badeglede!

Saudavegen 6975
5576 Øvre Vats
BILLETTAR HER



vindafjordhallen.vindafjord.kommune.no
Far og son Havreberg har kjempa i verdstoppen i karate og drive med toppidrett over fleire tiår. No er deira fremste mål at innbyggjarane i Etne skal oppleve treningsglede for kropp – og sjel.

– Eg trur me kan gjere fleire folk friske med trening enn med medisin. Geir Arne Havreberg snakkar engasjert.
– Me ser allereie at dette er i endring. Viss du fekk ein meniskskade for 5-10 år sidan, var norma at du måtte inn og operere. No seier legane at du skal prøve trening først. Me har fleire og fleire kundar som kjem til oss, som først har vore innom legekontoret.
Kundane han snakkar om er folk i alle aldrar som kjem til dei for råd og hjelp til trening i nyetablerte Havreberg Coaching. På få år har dei etablert eit PT-tilbod og starta opp treningssenter både i eiga løe og Ljoshallbygget i Etne. Det har vore ein braksuksess frå start.
Geir Arne Havreberg veit kva han snakkar om når temaet er trening.
– I 1982 starta eg Etne karateklubb som etablert utøvar. Eg var aktiv konkurranseutøvar i femten år, og landslagstrenar og landslagssjef i karate i 15 år. I dag sit eg i styret i Kampsportforbundet og bygger opp nysatsinga i karateklubben, «Team Etne».
Idretten ligg han nært og trening har vore ein livsstil i ein mannsalder. Sonen, Hans Kristian har fylgd hakk i hæl. – Eg er så og sei fødd i karaktedrakta gi, seier Hans Kristian. Eg byrja å trene då eg var seks år og vart ein av dei yngste til å konkurrere internasjonalt då eg var fjorten år. Etter kvart då eg vart senior, flytta eg etter karatetilbodet og studerte undervegs.
Det har resultert i ein mastergrad i idrettsvitskap, eit årsstudium i psykologi og han er framleisaktiv utøvar. Dette ville han bruke til å trene opp andre karateutøvarar slik som far sin. Det var då idéen om å tilby trening først dukka opp.
– Me såg det var mangel på fysisk trening for karateutøvarar, særskilt basistrening. For å kunne gi eit god tilbod til dei som ville satse, starta me Havreberg Coaching. Me tilbydde online coaching og reiste rundt og besøkte utøvarar. Det vart veldig populært og det kravde at me bygde opp eit lite treningssenter i løa heime på Norheim, fortel Geir Arne.


Det var aldri planen å tilby treningstilbod til folk elles i kommunen.
– Me skulle satse heime, men undervegs trente me nokre tilsette hjå tømrarfirmaet Brødrene Mæland. Dei heldt på med bygginga av Ljoshallbygget. Under ei morgonøkt med Thomas Rullestad nemnte han at det var eit rom som var perfekt for treningssenter i bygget. Eg lo og takka høfleg nei, men vart lurt med på opninga. Då eg såg rommet og dei store vindauga, var det klart me måtte ha eit treningssenter der. Då var det berre å overtale far, og så køyre på, ler Hans Kristian.
Då dei starta opp treningssenteret på Ljoshall hausten 2024, hadde dei laga ein kalkyle på at 100 medlemmer skulle gjere det verdt å investere i.
– Me hadde 100 medlemmer i løpet av nokre timar etter opning. Så heldt folk fram med å melde seg inn og i dag har me over 400 medlemmer og 50 personar på venteliste på PT-timar. Det er heilt tydeleg at det har vore eit behov i Etne, seier Hans Kristian.
Med på laget har dei tre tilsette til. Beathe Hegerland og Hilgjerd Molnes, som tilbyr treningsrettleiing, og Lise Løvereide som gir rettleiing innan kosthald, trening og mental helse.
Det store langsiktige målet er å ha eit tilbod til heile mennesket og vekse med kompetansen.
– Det ligg ofte mykje prating bak ein treningstime og fleire melder at det er betre enn å gå til psykologen. Kropp og hovud heng saman. På sikt ønskjer me også å få til eit samarbeid med ein fysioterapeut for å styrke tilbodet mot skadeførebygging, unge utøvarar og andre, fortel Geir Arne.
Dei ser også tydeleg konsekvensar av ein moderne livsstil.
“
Før var det berre kroppsbyggarar og idrettsutøvarar som dreiv med styrketrening.
Geir Arne Havreberg

– Folk har meir stillesittande jobbar og er meir i ro på fritida. Ungar er også mindre ute og leikar. Dette gjer oss mindre robuste for skadar og slitasje, då både ungdomar og vaksne manglar grunnleggande styrke i kroppen. Ein tiåring er mindre robust i dag enn han var i 1982, seier
Geir Arne.
982, seier Geir Arne.
Endring i livsstil har også endra etterspurnaden på trening.
– Før var det berre kroppsbyggarar og idrettsutøvarar som dreiv med styrketrening. No har alle behov for det, frå bønder og handverkarar, til unge fotballspelarar og kontortilsette, seier dei.
Dei har tru på at utfordringane knytt til muskel- og skjelettplager ikkje kjem til å bremse, men meiner difor eit auka fokus på trening kan gi enorme gevinstar. Både for enkeltmenneska, arbeidsgjevarar og samfunnet. – Ein kunne garantert halvert sjukefråveret i arbeidslivet, om ein hadde lagt til rette for meir trening hjå dei tilsette. Sjukefråver er det dyraste ein har i arbeidslivet, spesielt i ei bedrift som produserer noko. Når folk har monotont eller stillesittande arbeid, kan det vere skadeleg over tid. Mange har også høgt arbeidspress. Er du i god form, vert du meir robust mot slike påverknadar, seier Geir Arne.
Han meiner små investeringar kan føre til store innsparingar for bedrifter som vel å satse på trening og helse. – Med trening blir ein litt betre versjon av seg sjølv. Ein toler meir stress, har større kapasitet, vert meir effektiv, blid og motivert. Det er ein vinn-vinn-situasjon for både tilsett og arbeidsgjevar og gevinstane er underkommuniserte.
“Det ligg ofte mykje prating bak ein treningstime og fleire melder at det er betre enn å gå til psykologen. Kropp og hovud heng saman.
Geir
Arne Havreberg


Dei peikar på at det er mange måtar ein kan legge til rette for meir trening i arbeidslivet på.
– Nokre firma gir dei tilsette rabatt på medlemsskap på treningssenter. Andre har poengordningar for trening eller går saman om felles treningsmål som eit løp. Nokre firma set også av tid til felles treningsøkt. Me gir gjerne bedrifter råd om kva dei kunne ha gjort av tiltak, og tilbyr også foredrag og rettleiing, fortel Hans Kristian.
Geir Arne, som jobbar som prosjektleiar i Hexacage utanom trenarjobben, er pensjonist i 2030, men det har han ingen planar om å bli.
– Me har store planar og ambisjonar, men det generelle målet er ha eit tilbod som er enormt kvalitetssikkert,
Åsmund Hamre og Terje Gravelsæter set pris på treningstilbodet og prøver å møtast for ei økt eit par dagar i veka.
same om kunden vil bli kjempegod i ein idrett eller berre vil klare å gå opp trappa om kvelden.
– Me har ikkje tent ei krone viss me tel timar som me har lagt ned i treningssenteret, men lidenskapen har tatt over. Me er drivne av lysta til å hjelpe andre, og no har me også fått ei berekraftig drift.
Dei skal likevel fortsette med den nøkterne strategien som har ført dei hit.
– Me skal fortsette å bygge stein på stein, der kvalitet alltid er viktigast, avsluttar dei.
Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Utebassenget i Skånevik sentrum er flittig besøkt. Dei 10 000 besøkjande er heilt ulike grupper og i alle aldrar. I bakgrunnen styreleiar Heidi Wannberg.
Utebassenget
i Skånevik har blitt eit velsmurt, gjeldfritt maskineri til beste for både bygda og regionen.
Om det ikkje er noko i Skånevik sitt drikkevatn, kan det vera badevatnet. Korleis bygda får til å byggja eit utebasseng til ein verdi av 18 millionar kroner, er mystisk. I sentrum, 50 meter frå ferjekaien, rett ved fjordhotellet, ligg eit unikt anlegg. Med rundt 10 000 besøkjande i året, har bassenget vore ein suksess sidan opninga i fjor.
Ifølgje initiativtakar og styreleiar i Sjøkanten trivsel, Heidi Wannberg, er svaret på suksessen ei blanding av patriotisme, samhald og dugnadsand.
– Her veit me at dersom du vil ha noko, så må du stå på sjølv.
Det har dei gjort. Ho og Lars Rune Langhelle fekk ideen i 2017, og Wannberg har vore ein av dei sterkaste pådrivarane i utebasseng-prosjektet. Som styreleiar har reisa vore lang, synest Wannberg. Samstundes, om ein ser på tida frå gruppa blei formalisert i 2018 og fram til bassenget stod ferdig i fjor, er det

mykje kortare enn dei fleste byggjeprosessar.
Då gruppa fekk i stand arkitektteikningane støtta av Skånevik bygdeutviklingslag, løsna prosjektet for alvor.
– Då blir det med ein gong meir konkret, seier Wannberg.
– Me hadde eit mål i gruppa, at kvar gong me hadde møte, skulle me komma eit steg vidare.
Forankringa lokalt gjorde gruppa gjennom folkemøte og engasjement.
– Det var superviktig at dette var noko som bygda ville ha og var viljuge til å jobba for, fortel Wannberg.
Det har Skånevik verkeleg gjort. Etter at Etne kommune ga frå seg kremtomta i sentrum,
– Eit slikt prosjekt krev nokon som vil det veldig mykje, som står bak og får andre med seg. Men det er klart at det er
“
Klarer ein å reisa til månen, så må me kunna klara å byggja eit basseng.
arbeidskrevjande. Ein må vera viljug til å engasjera seg. Eg er mest stolt over at me har halde ut! Seier Wannberg.
Éin ting er alle arbeidstimane. Skånevikbuen har jobba dugnad frå planlegging til byggjeprosess. Det er vanskeleg å trekkja fram einskildpersonar, ifølgje styreleiaren. Prosjektering og støyping av betongdelen vart leigd inn. Graving, og bygging og byggjeleiing blei gjort på dugnad – over kveldar, helger, månader og år. Johannes Røgelstad lånte ut gravemaskin, og han som grov, sat eit år åleine med det. Så var det den faste «klanen», dugnadsgjengen, som stilte tre kveldar i veka, i halvanna år. Sjøkanten brukthandel, ein bruktbutikk drive på dugnad, sørgde for inntekter, noko butikken framleis gjer.
«Heilt utruleg,» seier Wannberg om det å ha eit gjeldfritt anlegg.
– Det er takka vera brukthandelen og alle gåvene me fekk, seier Wannberg.
Gruppa starta med ei privat innsamling dei kalla «Litt mitt». – Det var mange private som gav. Det er det mest rørande, for dei visste ingenting. Prosjektet trengte det for å kunna søkja om spelemidlar, seier Wannberg.
Dessutan var mange viljuge til å dela av fagkompetansen, frå Funtek, Johansen rør AS, Tungesvik bygg og Vigor. Då prosjektet mangla 200 000 kroner ved éin av milepålane, gjekk dei inn med 50 000 kroner kvar. Fagkompetansen var like viktig.
– Me fekk med fleire som kunne vera ein ressurs inn i prosjektet. Det var ein god gjeng som heldt på ei stund i planleggingsfasen. Ein representant frå alle entreprenørane var med i gruppa, slik at me hadde faga med i prosessen. Alle dei hadde jo vesentlege roller på kvar sine måtar og dei tok ikkje forteneste på varene dei leverte. Dei var berebjelkane på mange måtar. Arkitekten gjorde ein del på dugnad óg, seier Wannberg.
– Arbeidet er gjort fint og skikkeleg, fortel ho.
– Det blei lettare og lettare å få folk med då det byrja å ta form, både når det gjeld tenester og dugnad. Det var jo veldig godt, og ein opptur at det gjekk så lett på slutten.

Pengegåvene frå næringslivet har vore rause. Sparebanken Norge var største sponsor. Prosjektet har fått spelemidlar frå Norsk tipping, Sparebankstiftinga i Etne og nesten alle bedriftene i Skånevik har bidratt. Etne kommune har også sponsa prosjektet.
Dei 10 000 besøkjande er heilt ulike grupper og i alle aldrar. Mykje har til nå vore drifta på dugnad, medan reinhald, badevakter i sommarsesongen og vaktmeister er innleigd. Anlegget har til nå gått med overskot.
– Utebassenget er brukt av fjordhotellet, skulen, bygda og turistane. Det er fleire gjengar som trener fast. Og nå startar badstove-sesongen, fortel Wannberg.
Det er kort veg til ferja mellom Utåker, Matre og Skånevik.
– Me kallar ferja badebåten. Det kjem til dømes mange badegjester frå Kvinnherad, , seier Wannberg.
– Du har vore med frå idéstadiet. Går det an å skildra den dagen bassenget opna? Wannberg får klump i halsen.
– Det var rørande, for alle stilte opp. Det var kjensla av at alle vil og får det til. Det er veldig kjekt, veldig sosialt og samlande for ei bygd. Alle er like stolte, og det har vore veldig lite motgang i dette prosjektet.
Tar ein steg for steg, så kjem ein i mål, har vore mantraet.
– Viss du vil det nok. Me har sagt at klarer ein å reisa til månen, så må me kunna klara å byggja eit basseng her i Skånevik. Og me var viljuge til å gjera det som skal til.

Heimefrå, men ikkje åleine!

Lundeneset er ein kristen internatskule i Ølensvåg.
I tillegg til ein god skulegang gir vi deg eit trygt miljø, varierte fritidstilbod og vener for livet!

Vi tar hånd om hele prosjektet, fra planlegging til ferdigstillelse.

Vi tilbyr
- IT og medieproduksjon
- Salg, service og reiseliv - Studiespesialisering - Påbygging til generell studiekompetanse
Byggesøknader, kontrakter, SHA-planer, fremdriftsplaner og annen prosjekt- og byggeledelse. Vi sørger for effektiv gjennomføring og god kommunikasjon.





Noen ganger er det noen som spør: Hvorfor er det viktig for Haugesund Sparebank å støtte lokale lag og foreninger?
Kan vi som bank regne hjem krone for krone det vi betaler ut? Hvor mange kunder får vi for en logo på en fotballdrakt? Hvor mye tjener vi på å støtte en frivillig organisasjon? Kan noen beregne verdien av ungdommer som lager et nytt teaterstykke eller et korps som spiller i toget på 17. mai?
Svaret er nei. Slike spørsmål kan ikke besvares med kroner og øre.
Noe større enn oss selv
Det finnes så mange festtaler for enerne, vinnerne, de beste og de raskeste. Det finnes så mange pokaler og priser for de som utmerker seg og som tar gullet hjem.
Men mellom konkurransene og kampene,
mellom mesterskapene og premierene ligger hverdagene og det vanlige. En fotballtrening i lett duskregn og en ball som blåser bort med nordavinden. En orienteringsøkt hvor man roter med postene og løper seg vill. En løpetrening som blir til lett jogg. Hekkene blir for drøye, listen for høy og tresteget kommer til kort og dansetrinnene snubler bort. En korøvelse som aldri helt treffer tonene, et band som øver og øver, en teaterøving hvor replikkene glemmes. Men plutselig løsner det og mestringsfølelsen fyller både scene og bane.
Alle disse små og store hendelsene skjer hver eneste dag. Gjemt bort i øvingslokaler, idrettshaller, møterom, bydelshus, grendahus, ballbinger og baner.

Men mållaust liv har også en mening. Latterkulene runger like bra i garderoben, dusjen er like deilig, småpraten like lystig og sykkelturen hjem har sin uvurderlige verdi.

For i denne jungelen eller regnskogen av lag, foreninger, klubber, grupper, dugnadsgjengen og idealister finnes det en rød tråd. Den er ikke alltid lett å se og den når verken rampelyset eller overskriftene. Men bredden i tilbudet, engasjementet fra alle som står rundt og alle som blir en del av noe som er større enn oss selv.
Og mellom trenere, instruktører, dirigenter, lærere, oppmenn/oppkvinner, dugnadsansvarlige, styremedlem, sponsoransvarlige finnes frivillighetens uunnværlige mellomlagspapir. Det er de omtenksomme mødrene og fedrene som baker den kaka, kjører til den treningen, henter det laget, venter i regnet, står i den kiosken og som smiler varmt, og sier “ja”. Selv om det er travelt, selv om de kanskje

skulle vært et annet sted. Foreldre som så inderlig godt har forstått at det er nå vi må være her. Ikke på mobiltelefonen, ikke på jobben, men tilstede i disse små øyeblikkene. Haugesund Sparebank er en bank, og banker skal tjene penger slik som alle andre bedrifter.
Tusen takk for at vi får være en stolt sponsor!
Men bak tallene og regnskapene er vi bare vanlige folk, som alle andre. Vi haster hjem for å lage middag, rekke trening og øvelse. Vi heier på sidelinja, står klar til å gi applaus og trøste når det går skeis. Med et smil, et romslig baksete og et inderlig håp om at vi gjorde rett – sammen med ønske om at det samfunnet vi vokser opp i skal være akkurat det. Et sted for trygghet og toleranse, hvor det er plass og muligheter til alle.
Derfor støtter Haugesund Sparebank frivillige organisasjoner, lag og foreninger. Vi ønsker å bidra slik at dette eventyret kan fortsette – vi tror det er #einforalle
1 2 3 4
Kvifor Trondheim?
Kva er planen din etter studiane?
Kva skal til for å flytte heim?
Kva tenker du om forslaget i statsbudsjettet om å gi studentar som flyttar til distriktskommunane (Etne og Vindafjord inkl.)
25 000 kr årleg trekk på studielånet?

Thomas Hagland
Master i rådgivingsvitskap ved NTNU
1. Etter å ha tatt bachelorgrad i Bergen, ville eg prøve noko nytt. Eg valte Trondheim fordi eg har høyrt mykje bra om byen og fordi NTNU har eit godt miljø både fagleg og sosialt.
2. Planen er å finne ein jobb innan rådgiving, rettleiing, rekruttering eller et anna felt der eg kan jobbe med menneske. Eg er open for litt ulike retningar.
3. Det kommer an på jobbmoglegheiter. Om eg finn ein relevant jobb heime, kunne eg tenkt meg å flytte heim.

Andrea Opsal
Sivilingeniør industriell kjemi ved NTNU
1. Trondheim som studentby var eit naturleg val ettersom NTNU har eit sterkt fagmiljø innan teknologi og naturvitskap, noko som passa godt med interessene mine. Byen er òg kjent for å ha eit aktivt, inkluderande og engasjerande studentmiljø. Det viktigaste for meg var å velje ein studiestad kor eg kunne finne ein balanse mellom eit solid fagleg tilbod og eit godt sosialt miljø. Då eg gjekk i andre klasse på vidaregåande, var eg heldig og fekk lov til å reise til Trondheim for å besøke universitetet. Då fekk eg inntrykk av at NTNU tilbaud nettopp dette – ein plass kor eg kunne utvikle kunnskapen min og vekse personleg. Dessutan er Trondheim ein utruleg vakker by med mykje fin natur i nærleiken og ein bykjerne som er liten nok til at ein lett kan komme seg rundt.
2. Eg går fjerde året på sivilingeniør industriell kjemi med spesialisering innan kjemisk prosessteknologi. Eit naturlig steg for meg etter studiane blir difor å utforske korleis eg best kan nytte kunnskapen eg har
4. Eg synest det er eit veldig positivt tiltak. Det kan motivere fleire til å flytte tilbake til distrikta og bidra til å skape liv og arbeidskraft der.
opparbeida meg til å bidra i industrien. Eg har eit sterkt ønske om å vere med å utvikle løysingar som fremjar berekraft og meir miljøeffektive prosessar, og eg kan sjå føre meg ei karriere kor eg kan kombinere teknologi, problemløysing og samfunnsansvar. Eg har ikkje ein klar plan etter fullført studium, men eg er open for det meste, og kva eg ender opp med vil nok bli bestemt av en kombinasjon av kor dei mest spennande jobbmoglegheitene dukkar opp, og kor eg har størst sosialt nettverk.
3. For at eg skal velje å flytte heim må det vere spennande jobbmoglegheiter innan fagfeltet mitt i nærleiken. Det må òg vere eit inkluderande, sosialt og kulturelt miljø som eg kan trivast i over tid, både fagleg og personleg. Venner og familie betyr mykje for meg, og for at eg skal kunne trivast med å busette meg ein plass, er eg avhengig av å ha gode relasjonar rundt meg. Eg legg òg vekt på at lokalmiljøet tar vare på innbyggarane sine og tilbyr gode tenester innan helse, kultur,
utdanning og fritid. Vidare set eg pris på eit lokalsamfunn som tar vare på det nærområdet har å tilby, som til dømes den flotte naturen me har her i Vindafjord.
4. Eg meiner dette er eit positivt tiltak som kan bidra til å spreie kompetanse og styrke distrikta. Eg erfarer at mange unge ønsker å busette seg i dei større byane fordi dei opplever at det finst fleire jobbmoglegheiter og et rikare kulturmiljø der. Samtidig er det viktig å huske at distrikta òg har mykje å tilby – både når det gjeld arbeidsplassar, livskvalitet og nærleik til natur og lokalsamfunn. Eit økonomisk støttetiltak som dette kan gjere det lettare for unge å få augo opp for mindre kommunar dei kanskje ikkje ville vurdert i utgangspunktet. Samtidig er det avgjerande at slike ordningar blir følgt opp med gode arbeidsmoglegheiter og sterke faglege miljø. Det er ikkje berre økonomi som avgjer kor ein vel å busette seg, men heilskapen i miljøet ein skal leve i.

Informatikk ved NTNU

Mariell Markhus Vevatne
Sivilingeniørstudiet georessursar og geoteknologi ved NTNU
1. Eg valde Trondheim då eg hadde høyrt mykje godt om studentmiljøet her oppe. It-studiane ved NTNU har eit godt rykte. Eg er nøgd med at eg valde Trondheim og NTNU.
2. Etter studiane er planen å ta over garden på Fjeldheim. Eg skal prøve å kombinere å arbeide som både bonde og it-konsulent, noko som kan bli ei spennande utfordring.
3. For min del er det ynskje om å overta garden og tilknytinga til heimkommunen som gjer at eg vil tilbake. Det er spesielt attraktivt å kunne bu rimeleg, romsleg og tett på naturen, samtidig som det er kort veg til Haugesund.
4. Eg synest det er kjekt å få studielånet gradvis sletta; men for min del er det garden, lokalsamfunnet, naturen samt kort veg til Haugesund som blir mine største insentiv for å flytte tilbake.

Master i leiing av teknologi ved NTNU
1. Trondheim er den einaste plassen som tilbyr akkurat denne masteren, så dermed blei det eit naturleg val. Med det sagt så har eg alltid tenkt på Trondheim som ein aktuell by å studere i då det er enormt gode moglegheiter for både faglege og sosiale aktivitetar, verv og arbeidsmoglegheiter. Det er rett og slett ein veldig attraktiv studentby! Og då valet mitt landa på denne masteren, var eg takknemleg for moglegheita til å få teste Trondheim.
2. Planen min etter studiane er å finne meg ein kul jobb kor eg kan få både fagleg og personleg utvikling! Eg trur ikkje eg er heilt klar for å flytte heim til bygdene enda, så det blir nok ein snartur innom ein av dei andre byane Norge har å by på. Det tenker eg kan vere ein god moglegheit til å få litt andre perspektiv og erfaringar, som ein kan ta med seg tilbake til bygda etterpå. Tidlegare har eg arbeidd i Oslo, og eg er ikkje framand for nokon år til der. Men klart; fjord og fjell kallar!
3. Personleg avhenger det nok ein del av livssituasjon. Eg er utruleg glad i Vindafjord, og det å flytte heim igjen «til slutt» har alltid vore planen. Samtidig så har eg lyst å finne meg ein god arbeidsplass som kan tilby spennande moglegheiter. Det finst heldigvis mange kule bedrifter i distriktet, så eg håpar det dukkar opp ein interessant stilling som kan passe meg! Det eg derimot kommer til å savne frå bylivet er alle dei gode tilboda der, som kulturliv, arrangement, kafear, idrettstilbod og kollektivtilbod. Per i dag er det eldsjeler i bygdene som driv mange av disse tilboda (og all ære til dei!). Men eg trur at dersom kommunen hadde lagt enda meir til rette for dette, ville det blitt lågare terskel for å flytte heim for mange.
4. Eg trur at dette kan bidra til at fleire flytter heimover, og at det kan bidra til vekst i bygdene. Og dersom fleire og fleire flytter heim, har nok det ein god trekk-effekt. Eg trur det er eit godt tilskot til bygdene.
1. Då eg skulle velje studiestad, stod eg lenge mellom Bergen og Trondheim. Til slutt fall valet på Trondheim, noko eg er veldig glad for i dag! NTNU var ein stor del av grunnen. Universitetet har eit svært godt rykte, spesielt innan ingeniørutdanning. I tillegg til eit godt utdanningstilbod blir det stadig arrangert bedriftspresentasjonar, karrieredagar, it-dagar og så vidare, noko som gir oss studentar kontakt med næringslivet tidleg i studieløpet. Tidlegare i år fekk jentene på studiet vårt mellom anna vere med på Kvinnedag med Equinor, ei veldig kjekk og lærerik oppleving! Samtidig var ryktet Trondheim hadde som ein heilt unik studentby «av og for studentar» noko av det som fekk meg til å velje byen. Eg hadde òg lyst til å oppleve noko heilt nytt! Bergen er jo ganske nær heime, så det å bygge eit heilt nytt nettverk i Trondheim, i tillegg til alle heime, har vore utruleg kjekt!
2. Eg er framleis litt usikker på kva eg vil gjere rett etter studiane, men eg er ganske open for ulike moglegheiter. Eg ser for meg at eg ein dag flytter heim til Etne eller Vindafjord, men om det blir rett etter studiane eller om eg kanskje blir verande og jobbar litt i Trondheim eller i utlandet, er eg ikkje sikker på ennå. Eg trur eg kjem til å bestemme meg når tida nærmar seg og etter at eg har fått meir erfaring frå utveksling og eit betre innblikk i kva moglegheiter som finst, både i Vindafjord og andre stader.
3. Først og fremst at det finst spennande jobbmoglegheiter. Det betyr mykje å kunne bruke utdanninga mi og utvikle meg vidare òg heime. I tillegg er det viktig å ha moglegheit til å komme seg inn på bustadmarknaden og vere ein del av eit godt sosialt miljø. At det finst møteplassar og aktivitetar som samlar folk, bidreg mykje til trivsel og fellesskap. Det er kjekt når det skjer litt i bygda!
4. Eg synest det er eit veldig bra tiltak som kan motivere fleire til å flytte tilbake til distrikta etter studietida. Mange unge tenker jo på økonomi når dei skal etablere seg, så eit slikt initiativ kan bety mykje, spesielt for dei som vurderer å flytte heim, men er litt usikre. Det er absolutt noko eg kjem til å ha i bakhovudet når den tid kjem!

Last ned Finnfag-appen i
AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar. Finn læreplass
Bli sett
Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar
• Ny E134
• Meir næringsareal
• Forenkla byråkrati
• Betre kommune- og fylkesvegar
• Samhandling skule og næringsliv
• Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»
Bli høyrt
Bedriftene sitt talerøyr
• Gir ut næringsmagasinet Tempo
• Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar
• Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar
Bli med Faglege nettverk og møteplassar
• NæringsGIV på Olalia
• Bransjekoordinator
• Fagseminar
• L.Ærling – for lærebedrifter