Søtsjuk skapar i
Lysefjorden Som 20-åring starta ho sitt eige konditori. Nå 13 år seinare held June Kristine Dahlskaas Fossmark (33) på å realisere draumen om sin eigen sjokoladefabrikk. Men som den rastlause og skapande personen ho er, blir det meir enn det. Mykje meir.
Ei utålmodig rauting høyrest frå fjoset. Ein hane gjel høglytt borti vegkanten. Mats Ove Fossmark (37) har halde kyrne inne til vi kjem. Nå skal dei gå til beitet, som ligg like forbi svingen på vegen til garden på Eiane i Forsand. Her har det vore folk og gardsdrift sidan 1540. For tre år sidan flytta familien på fire frå eit bustadfelt midt på Jørpeland til garden Eiane ved Lysefjorden. Det er ikkje mange hus i nabolaget. Familien Dahlskaas-Fossmark gjekk mot straumen og kjøpte mjølkekvote på garden. Den gamle kvoten blei selt 10 år tidlegare. Maja (9 ½) har fri på onsdagar, og kjem ut døra og vil vere med når kyrne skal følgjast på beitet. Sola skin frå ein lettskya augusthimmel på den turkisgrøne gravemaskina ved sida av det kvitmåla bustadhuset. Julian, som blir 12 år i september, er på skulen. Det er ikkje berre June, Maja og Mats som følgjer dei 16 kyrne; hundane Mina og Junior og to svarte langhåra kattar heng seg også på. Ei brun og kvit ku kjem med den lysebrune snuten sin heilt oppi fjeset på den eine av kattane, som sit fredeleg og ventar tålmodig på dei slentrande kyrne. Katten hoppar kjapt vekk. Eianevatnet ligg stille i den avslappa morgonstunda med gule vassliljer og brun mudderbotn. Hanen gjel endå høgare då vi passerer hønsegarden. Kven skulle tru at ei rastlaus sjel som June kunne trivast i fredelege Eiane? — Det er herleg her inne, eg har kome hit for å bli, slår 33-åringen fast. — Når eg køyrer langs vatnet, det er stille og auren hoppar, og eg kan kanskje sjå ei ørn, eit rådyr eller ein elg, då føler eg meg heldig. Reportasjen skulle eigentleg handle om sjokolade, men som med planane til June er det så mykje meir. Eigentleg skulle
ho ha vore på eit byggjemøte akkurat nå, men det har ho utsett. Igjen. Etter vårt besøk skal ho til Randaberg på kurs i samband med jobben på Bergeland videregåande skole, så skal ho vidare på eit kurs på Tau som handlar om å vere etablerar, og så skulle ho eigentleg på handballtrening på Jørpeland på kvelden, men treninga er avlyst. Puh! Slik er mange av dagane til gründaren. Vi står i tunet. June peikar og forklarer kor det 130 kvadratmeter store nybygget på garden skal stå. Her blir det produksjonslokale for sjokolade, butikk, kurs- og konferanserom og toalett. Det skal også vere kafédrift og servering av varmmat og bakevarer. Det var dét byggjemøtet ho eigentleg skulle på. Prosjektet Lysefjorden Sjokolade kjem til å koste rundt tre millionar kroner. Ho får støtte frå Innovasjon Norge, men skal også bruke av eigne, private midlar. Gjennom Innovasjon Norge har ho i tillegg fått mentor-støtte. Dagleg leiar i kommunikasjonsbedrifta Melvær & Lien, Dag Terje Klarp Solvang, blei den mentoren June valde. — Eg synest planane til June er utruleg spennande. Eg er overtydd om at ho har det som trengst for å lukkast. Ho har eit unikt produkt som eg trur folk vil ha, ho har «guts» og innsatsvilje, ho har rette tankar om kven som skal selje produktet hennar og ho kan alt om faget. Det som blir utfordringa er jo distribusjonen, det å få sjokoladen ut til kunden, slår Dag Terje fast. June kan røpe at ho har ei stor spennande avtale om distribusjon på gong, men at avtala ikkje er heilt på plass ennå. I det nye bygget på garden skal det etter planen bli eit tilbod for firma og grupper som førehandsbestiller besøket. Det skal også vere eit tilbod som passar for barn. I og rundt tunet er det kyr, sauer, kalvar, kattar, hundar og høns. Mannen
September 2013
33