Mitt Ryfylke 2013 1

Page 12

Smelteverket i Sauda

F A B R I K K E N

Smelteverket i Sauda vart etablert i 1915 og leverer manganlegeringar til den internasjonale marknaden. Manganlegeringane frå Eramet blir brukt i stålproduksjon og har eit breidt bruksområde, frå verktøy, proteser, syklar og bilar – til supertankarar, skyskraparar og fly. Eramet overtok bedrifta frå Elkem i 1999. Smelteverket har to smelteomner i tillegg til eit raffineringsanlegg.   Smelteverket er ei klassisk hjørnesteinsbedrift og har hatt stor betydning for utviklinga av regionen, blant anna ved at bedrifta frå oppstarten hadde ansvaret for å etablere infrastruktur i form av sjukehus, bustadar, vegar og idrettsanlegg. På det meste sysselsette verket 1300 personar, i dag er det 200 tilsette ved smelteverket.  I dag er utvikling og forskning viktig ved Smelteverket. Det blir arbeidd med store prosjekt for å auke energigjenvinninga frå prosessane, og ein ser på korleis ein best kan utnytte overskotsenergi – blant anna vannbåren varme. Bedrifta ynskjer å spele ei sentral rolle i næringsutviklinga, noko som blant anna viser igjen ved at det er etablert ein eigen næringspark inne på anlegget. Smelteverket fekk Haugaland HMS sin arbeidsmiljøpris i 2011.  Eramet Norway er eit heileigd dotterselskap av det franske gruveselskapet Eramet Group. Selskapet har tre produksjonsanlegg i Noreg: Porsgrunn, Kvinesdal og Sauda Eramet. Til saman har selskapet sju omnar og to raffineringsanlegg. Eramet Norway hadde ei total omsetjing på 4,2 milliardar og ein produksjon på 509 000 tonn i 2012. Smelteverket i Sauda står for omlag 40 prosent av dette.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Mitt Ryfylke 2013 1 by Omega 365 Design - Issuu