Kværner Systemposten 2015

Page 65

sosialtillitsvalt Håvard Kvarme. Klubbstyret med tillitsvalte for dei ulike avdelinga er med og gjer ein god innsats i det daglege arbeidet ute i felten. Å vere tillitsvalt kan stundom vere ein tøff jobb, og det å representere dei tilsette på ein best mogleg måte er ikkje alltid like lett. Og det er ikkje fritt for at ein kjem mellom barken og veden i enkelte saker. Å vera løysningsorientert er viktig, og me vil alle det beste for verksemda til sjuande og sist.

Klubbstyret 2014 (bilete for 2015 er ikkje tatt) Framme frå venstre: Thomas Varghese (vara for Ole Aleksandersen), Kaj Rydningen, Torfinn Dagsland, Lisbet Pettersen, Lena Petterteig (vara for Jan Egil Føyen), Nils Haugen og Håvard Kvarme. Bak frå venstre: Jan Erik Økdal, Knut Ove Handeland, Hans F. Nes, Amram Hadida, Pål Ankervold, Håvard Petterteig, Reodar Thorbjørnsen og Inge Bucvold.

Klubbleiar Amram Hadida seier Verkstadklubben i dag er ein sterk og god 70-åring, som vil arbeide for dei tilsette sine rettar i mange år framover. Me er stolt over vår tradisjon og historie, og no er det vår oppgåve å lage ny historie. •

SYSTEMPOSTEN

65


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.