Julebord 2016 - Stord Hotell

Page 1

KOM I JULESTEMNING PÃ… STORD HOTELL JULEBORD 2016


Julebord 2016 Stord Hotell har i ei årrekke vore ein tradisjonsrik leverandør av god, ekte julestemning. Me pyntar hotellet til jul og inviterer deg og dine til vårt store og velfylte julebord kvar fredag og laurdag frå 18. nov. til 10. des. Me tilbyr eit førsteklasses julebord med tradisjonell varm julemat og kalde delikatesser, samt topp underhaldning. Bestill julebord på Stord Hotell i år – me garanterer super stemning, herleg julemat og overnatting på første klasse!

FØRSTEKLASSES MAT OG OVERNATTING Me tilbereder frå dei beste råvarene og tilbyr mellom anna pølse og spekemat frå Åkrafjorden, pinnekjøt, sprøsteikt svineribbe, andebryst, grava reinsdyrfilet, hummar, sjøkreps og kongekrabbe. Dessertbordet bugnar av fristande juledessertar, kaker og ost. På julebordet finn du alt du kan tenkje deg av julemat – og litt til! Pris for julebord: frå 795 kr Prisen inkluderer heilaften med fri garderobe, aperitiff ved ankomst, stort julebord med nydeleg mat, dans til SPLINT og levande musikk i vår pianobar.

Overnatting med julefrukost Pris per person i dobbeltrom: frå 495 kr Pris per person i enkeltrom: frå 795 kr

KONFERANSE MED JULEBORD Kva med å kombinere julebordet med ein konferanse eller eit seminar? Me legger til rette for ein vellukka fagleg samling, samt ei minnerik julebordsfeiring. Ta kontakt for meir informasjon eller eit godt tilbod.


NYTT I ÅR For våre julebordsgjester tilbyr me julequiz 26. nov. og 10. des.

UNDERHALDNING For 3. året på rad gler me oss til å presentere SPLINT som kjem her for å lage kanonstemning med fengande dansemusikk kvar helg i julebordssesongen. Her kan me garantere at det kjem til å rykke kraftig i dansefoten! Det vert og livlig ut i dei små nattetimar med levande musikk i vår pianobar.

VIN- ELLER ØLSMAKING Kva med å kombinere julebordet med vin eller ølsmaking? På forespørsel tilrettelegg me vin eller ølsmaking i vår vinkjellar for 15-24 personar. Me testar fire ulike øl eller vinar saman med litt snacks. Pris 345 kr kr per person

JULEBORD I EIGE LOKALE Me kan tilby julebord eller julemiddag i eige lokale heile julebordsesongen. Me har kapasitet til inntil 250 personar i eige lokale. Ta kontakt for meir informasjon eller eit godt tilbod.

FIRMAFEST PÅ NYÅRET? Eit alternativ er å utsetje “julebordet” til nyåret. I januar og februar har me gode tilbod på denne type arrangement. Ta kontakt for meir informasjon!


FAMILIEJULEBORD Ta med deg dine kjente og kjære på eit triveleg måltid i ei travel førjulstid. Søndag 4. og 11. des. ønskjer me heile familien velkomne til ei hyggeleg førjulsfeiring på Stord Hotell. Frå kl. 13:00 står vårt innbydande og tradisjonsrike familiejulebord med både varme og kalde rettar, samt eit flott dessertbord dekka og klart. Sjølvaste nissen kjem på besøk og det vert hyggelege overraskingar til borna. Det vert og visning av julefilm for dei minste. Prisar: 545 kr for vaksne, 295 kr for born 5-12 år, born 0-4 år gratis.

TYSDAGSJULEBORD Tysdagane 29. nov. og 6. des. dekker me til flott julebuffet i restauranten vår. Her vert det servert tradisjonsrik kald og varm julemat, samt eit nydeleg dessertbord. Ta med deg gode kollegaer eller vennegjengen og opplev ein hyggeleg kveld på Stord Hotell. Pris 595 kr per person

JULAS À LA CARTE God mat er ein viktig del av juletradisjonen. Kvar vekedag frå 21. nov. og fram til jul serverer me herleg julemat i vår restaurant. Vårt stolte kjøkken har satt samen ein à la carte meny med smakfulle juleinspirerte retter, samt 3- og 4 rettars julemeny. Heile menyen finn du på vår nettside.

Velkomen til ekte førjulsstemning på Stord Hotell! Tlf: 53 40 25 00 | Epost: ragnhild.saue@stord-hotel.no | www.stord-hotel.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.