Fjernstyrt fôring gir store fordelar Alfred Økland styrer joysticken stødig. Flyttar blikket frå skjerm til skjerm. Analyserer rørslemønsteret til fisken. Veit akkurat når han skal gje laksen fôr og kva han skal sjå etter. I det nye tilvekstsenteret i Håvik har operatøren full oversikt over anlegget ved Espevær – fleire mil unna.
Og der opnar herlegdommen seg. 28 digre flatskjermar fordelt utover. Pluss på åtte pc-skjermar og du forstår omfanget. Her sym det laks i alle slags vinklar. Og to karar med kvar sin joystick har full kontroll på anlegga i Gissøysundet og ved Sølvøyane.
– Heisann, Anders her! Handtrykket er fast og karen svært imøtekommande. – Bli med meg inn her, så skal de få sjå kva me balar med. Anders Eidet Vik set kursen gjennom ei dør. Og så ei dør til.
8
– Dei seinare åra har Bremnes Seashore testa ut modellen med såkalla tilvekstsenter i eit mindre pilotanlegg på Tittelsnes i Sveio. Erfaringane var så gode at me konkluderte med at dette kunne ein gjere i større skala, fortel Eidet Vik som er driftsleiar ved tilvekstsenteret. – Fordelane er openbare. Me får enno betre kontroll på fôringa og unngår no at noko går til spille. HMS-en er og styrka ved at me
BREMNES FRYSERI ÅRSMELDING 2018
F.v.: Alfred Økland, Maja Katrine Fagerheim, Jørn-Rune Bruun, Anders Eidet Vik, Malene Fjellheim og Dag Eirik Aasheim
kan overvake anlegget trygt også når det er uvær, og me får meir spissa fagmiljø. I tillegg gjer teknologien oss vesentleg meir effektive og me får dermed frigjort folk til andre oppgåver i selskapet, seier regionssjef for matfisk i Hordaland, Jørn-Rune Bruun.
Han legg armane i kross. Tydeleg nøgd med nyvinninga peikar han på at dei dyktige fagfolka som er ute på anlegga no får enno meir fokus på sjølve røktinga og reinsefisken, medan tilvekstsenteret får reindyrka ekspertar på fôring og overvaking.