Page 1

Audun Hundere & Asle Roar Hundere

Dobbeljubilanten i Sogndal

Entreprenøren 80 år Bedrifta 50 år 2013


Dobbeljubilanten i Sogndal Entreprenøren 80 år Bedrifta 50 år 2013 Prosjektleiar: Oddrun Midtbø Illustrasjonar: Oddrun Midtbø Trykk: Interface Media Illustrasjon oppslag: Framme: Handteikningar av Audun Hundere Bak: Datateikningar av husteikningar 2012 Boka er sett med 12 pt Adobe Garamond Papir: Arctic Silk 130 gr


Dobbeljubilanten i Sogndal Entreprenøren 80 år Bedrifta 50 år 2013

INNHALD

7 9 23 33 49 70 81 95 96 99

Føreord Epoke 1: Glimt frå barndom og oppvekst Epoke 2: Frå barndom til vaksen Epoke 3: Etablering av bedrift Epoke 4: Generasjonsskifte Bildeminne Spor i Sogn Fakta Kronologisk oversikt over arbeidsoppdrag Gratulasjonar & helsingar


Føreord Gründerar får mykje merksemd når dei etablerer nye bedrifter, men det er vel så imponerande å ha stayerevna; skape ei bedrift som overlever bølgjedalar år etter år. - Det heile starta tilfeldig. Eg skulle teikne eit hus til systera mi, og ”so badla da pao seg”, seier gründeren bak Byggsenteret Hundere, Audun Hundere, på sin nøkterne måte. Entreprenøren rundar 80 år. Bedrifta 50 år. Det er absolutt verdt eit jubileumsskriv. Audun har sjølv skrive ned utvalde historier frå barndomen. Hendingar som har vore med å prega han og gjort han til den han er; ein som tålmodig og utan dei store faktene har bygd opp ei verksemd. Saman med sonen og arvtakaren av verksemda, Asle Roar, deler dei minne og erfaringar som kanskje kan forklare kvifor nokre får drivkrafta til å etablere ei verksemd, skape arbeidsplassar og ikkje minst, halde det gåande år etter år. I boka vil me også syne spora etter denne energiske guten som vaks opp i ein familie med ti søsken på eit liten gard framme i Sogndalsdalen. Sogndal, november 2013 Oddrun Midtbø Skribent 7


var ho på Orrestad, lenger framme i dalen. Ein dag skulle ho heim til oss. Han far var oppteken den dagen og var ikkje heime. Han sa til bror min og meg at me skulle ta gamle Blakka og henta ho. Me gjekk i stallen for å sela på merra. I båsen ved sidan av stod ein to-åring. Han far hadde vore ute og køyrt med han av og til, så han var slik halvveges tam. – Gamle Blakka er så tung og seig. Eg trur me tek to-åringen, sa bror min. Eg var samd i det.

Bror min var 11 år, eg var 9 år den gongen. Me sela på to-åringen og sette han for sleden. Me batt fast ein kasse framme på sleden, la eit pledd over, slik at ho Diamoster skulle sitje godt. Me køyrde i veg. Det gjekk i småtrav fram til Orrestad. Me fekk plassert ho Diamoster på kassen, så bar det på veg heimover. Først trava han fint og pynteleg. Så fekk han truleg sterk heimlengt, for han gjekk over i galopp. Bror min som held i taumane, prøvde alt han kunne for å stoppa han, men til liten nytte. Den ville ferda held fram i galopp. Snøballar frå hovene hagla bakover. Ho Diamoster som sat fremst på sleden, held begge hendene for ansiktet. Då me nærma oss avkøyrsla var me spente på om han ville fortsette rett fram eller ta svingen ca 180 grader. Men han visste kor han høyrde heima, og tok svingen i galoppfart. Sleden fekk ein voldsom skrens, og me fekk ein luftetur me aldri gløymde. Ho Diamoster tok eit par rundkast og landa på ryggen i vegen. Bror min og eg kava oss opp av snøen, og var spente på korleis det gjekk med ho Diamoster. Me såg at ho blunka, me spurte om ho hadde slått seg. 14


– Reis meg opp, sa ho. Me tok ho oppunder armen – ein på kvar side og fekk stabla ho på beina og banka snøen av ho. Ho var ikkje blid og spurte kva påfunn dette var.

–Har de fått lov til og bruke denne galningen av ein hest? Me måtte seie det hadde me ikkje, men me tykte gamle Blakka var så seig at me valde og bruke to-åringen. Då sa ho Diamoster at det måtte vera måte på hastverk. Ho mumla noko om at når far vår fekk vita dette, ville nok bjørkeriset koma fram. Då byrja me og tenkja på bjørkebuska som låg på kjøkenskåpet. Halvt framkomne, stoppa ho Dia og byrja å le. Ho såg det komiske i dette, og me skjønte ho var komen i godt lag att. Mor var på kjøkenet. Då ho såg ut vindauga oppdaga ho to-åringen galopperande over tunet mot stalldøra. Då vart det bråstopp, for døra var stengd. Bra var det. Elles hadde han braka inn med sleden på slep. Korleis det hadde gått kan ein berre tenkja seg! Mor kom mot oss og spurde kva som hadde hendt. Diamoster fortalde historia og lo. Ho var ikkje heilt humørlaus mor vår heller, så ho lo med. Dei vart enige at det var best og tiga med dette når far kom heim. Då far kom heim gjekk han i fjøset for å fóra dyra. Han undra på kvifor to-åringen var så sveitt. Diamoster sa då at ho skulle fortelja kva som hadde hendt, mot at han ikkje måtte leggje hand på oss gutane. Ho fortalde 15


historia på ein slik humoristisk måte at han far måtte le med. Då skjønte me at faren var over. Men han sa at slikt måtte me ikkje finna på oftare. Og det hadde me ingen problem med å lova. Bratt moro i Sogndalsdalen Om vinteren gjekk me ofte til fjells på sundagar når vêret tillet det. Ein sundag gjekk me på Fageregginipa. Me var 10-12 stykker i fylgjet. Det var skareføre. Då vi stod på toppen, diskuterte me om me skulle sigla rett ned på Fagereggivatnet. Det vart diskutert kven som skulle sigla først. Eg stod lenge og eva meg, men til slutt hivde eg meg utover. Det vart ein kolossal fart. Då eg kom ned i overgangen mellom fjell og vatn, vart det bråstopp. Eg gjorde fleire rundkast i lufta og landa på ryggen. Nedslaget var så hardt at eg mista pusten. Eg låg ei stund, kom meg på beina og såg meg rundt. Skiene var pinneved, spreidd utover. Eg såg opp om det var fleire som kom, men skrekken tok dei då dei såg kva himmelfart eg fekk. Eg gjekk på skaren heim – utan ski.

16


Gode minne frå stølslivet Om sommaren var me på stølen i Frudalen. Mor var budeie og hadde med seg oss som var yngst. Før Fjærlandsvegen kom, stoppa vegen ved Nyseter. Der stod eit lite skur ein kalla Kløvjahuset. Der bytte ein frå seletøy til kløvjesal. Varer fram og avdrott det vil seie; myse, ost og smør heim vart festa til salen på hesten. Det var om lag ein times gange fram til stølen.

Her er Audun med eit godt tak om folungen. Far Anders og Lars Gjesthaugen lastar kløvi på Gamle Blakka, og bror Harald følgjer med i bakgrunnen. Alt på den tida var det planar om veg til Sogndal frå Fjærland. Det var to alternativ; anten over fjellet til Frudalen, eller over fjellet til Anestølen. Det var ikkje snakk om tunnel på den tida. Heldigvis vart det ikkje noko av.

17


Postkort frå Frudalsseter. Frå v: Hermund Hundere, Hermann Hundere på steinen, Anders A. Hundere står med killing og mannen med hatt er Anders I. Hundere, far til Audun. Kvinnene til høgre er Karen Hillestad og Kristine Koven (bak). Heilt til høgre i biletet, med ryggen til er Per Nes Hofslund. Foto: Paul E. Ritter, Bergen. (Photogravure nr 516) Sommarferiar med stølsarbeid Me hjalp til med å mjølka, separera, kjerna smør og diverse anna. Elles fann me på mykje rart. Leiker hadde me ikkje, anna enn det me laga sjølve. Bror min, som var to år eldre enn meg, var heime på garden. Ein sommar skulle han vera med på stølen nokre dagar. Han treivst ikkje. Det me andre leika med, tykte han ikkje noko om. Til slutt vart han så lei seg at han la seg på ein hammar nede med elva og truga med at han ville hiva seg på. Mor var redd for han og prøvde å lokka han til seg. Då det ikkje nytta, gjekk ho inn i selet og kom att med nokre sukkerbitar. Ho stod på avstand og retta fram sukkerbitane. Han tenkte ei stund på kva han skulle gjera, men så tok freistinga overhand og han valde å ta sukkerbitane. Så snart han far kom fram, vart bror min med han heim att.

18


Livleg fantasi Me hadde ikkje radio under krigen. Om vinterkveldane kunne far av og til sette seg til og fortelja frå eldre tid. Det kunne vera bjørnehistorier, segner og anna. Me ungane sat musestille og høyrde på. Han fortalde mellom anna om ein stor stein som ligg mellom stølshusa og Frudalsbotn. Folk som hadde gått forbi steinen hadde høyrt felemusikk, og sett huldrene dansa rundt steinen.

Audun med det eldste barnebarnet, Malin, tek ein stopp ved Huldresteinen, sommaren 2013.

19


Då me gjekk til middag, fann eg fram ei krone. - Her har du krona for eplet eg slo av, sa eg. Han tok krona og sa: - Dette kan vere ei lærepenge for deg! Dette var ein sommar eg helst vil gløyme. Utdanning Vinteren 1949–1950 gjekk eg på eit vinterkurs ved Sogn ungdomsskule i Balestrand. Der var det både teorifag og yrkesfag. Eg fekk med meg god lærdom og godt kameratskap derfrå. Me hadde mykje snikkararbeid; laga møblar og høvlebenk, i tillegg til at me var i smia der me laga diverse verktøy. Det var eit praktisk retta fag. Me var også borte i ein del teoretiske fag; norsk, engelsk, matematikk, kristendom og helselære. Eg hugsar eg arbeidde fram ei stor platesaks som skulle brukast til å klyppe blekkplate til å ha under omnar etc. Me følgde motorbåten ”Øyvind” for å kome oss frå Balestrand til Sogndal. Hausten 1949 gjekk far vår bort. Noko som var eit stort sakn for oss. Frampå våren 1950 byrja eg i teneste hjå Ivar Falck Husum i Amla. Bror min som var to år yngre, byrja i teneste på same staden utpå forsommaren. Dei var greie å arbeide hjå, og me likte oss svært godt der. Då eg hadde lært meg å mjølke på stølen, vart eg satt til mellom anna å stelle med dyra i fjøset.

25


Det er på fjellet Audun er i sitt ess; sommar som vinter. Då koplar han av frå stress og mas. Her etter ein flott tur på Frudalshesten september 2010. Frå v: Leif England, Kjell Årøy, Oskar Orrestad og Norvald Kvam. - Eg har vore på Filefjellet kvar påske sidan 1962, med unnatak av den våren Asle Roar vart fødd. Eg kan ikkje hugse så fantastisk flott påskever som me har hatt i år; mitt 80. Det vart ni dagar med flotte skiturar under knallblå himmel, seier han som er ein av dei flittigaste til å gå tur i nærmiljøet i Kvam; opp Flåten og til fjells. Året rundt. Han har opp gjennom åra hatt fleire verv og oppgåver i ulike organiaasjonar. I mange år, sidan 1985, har han fungert som revisor for den lokale 4H-klubben Lerka, og det gjer han framleis etter å ha runda 80 år. I juli 1995 kom Asle Roar heim og byrja i bedrifta etter fullført studium ved Ingeniørhøgskulen på Gjøvik. Han fekk jobben med å omforme butikk og lager, og ansvaret for ein del byggjeprosjekt. August 1997 vart Monica tilsett i firmaet. Ho gjekk på same skule og på same tid som Asle Roar. Etter kvart tok ho over alt kontorarbeidet. Dei ga oss tre kjekke barnebarn, som har gitt oss mykje glede. I 2000 vart eg pensjonist. Monica og Asle Roar tok formelt over ansvaret for bedrifta. 45


Byggsenteret var ein del år medlem av NHO Sogn og Fjordane og Norges Byggmeisterforbund. Eg var styremedlem i NHO i to periodar og ein periode i Norges Byggmeisterforbund. Seinare gjekk vi over til Bedriftsforbundet, der eg var styremedlem i ein periode. Eg var elles styremedlem i Mesterkjøp i to periodar. I 15-20 år har eg vore takst- og skjønsmann i heile Sogn. Mesterhus var ein av ideane til Norges Byggmesterforbund, NBF. Det vart starta for å slå attende litt av presset mot ferdighus, som var i ferd med å konkurrere ut byggmeistrane. 17 medlemsbedrifter i Mesterhus; spreidd over heile landet, stifta i 1975 Mesterkjøp. Føremålet med dette samarbeidet var at mange små bedrifter skulle få betre innkjøpsavtalar ved å stå saman. I 1986 vart Mester Byggsenter starta med 11 medlemar. Det er ei kjede for byggevarebutikkar som er medlemar av Mesterkjøp. No når eg har fylt 80 år ser eg attende og finn at mykje kunne vore gjort annleis. Det har vore oppturar og nedturar. Den største nedturen var då eg mista mi kjære Inga i 2010. Men dei gode minnene lever. Til slutt vil eg takke alle medarbeidarar som har vore medverkande til at Byggsenteret står fram som ei god bedrift å jobbe i. Eg ønskjer Byggsenteret AS ei trygg og framgangsrik framtid.

46


I 2010 tok Anja Solbjør fagbrev som tømrar, og i dag er ho fagleg leiar for lærlingen Ole Martin Tveit. Leilegheita i Riverdalen skal vere ferdig før sommarferien tek til om nokre timar, men kjapp fotografering tek dei seg tid til. - Eg prøvde meg på frisørutdanninga eitt år, men det vart heilt feil, seier Anja. Etter å ha vore utplassert på Byggsenteret i løpet av åra på vidaregåande, var ho ikkje i tvil: tømrarfaget var det rette for ho, og Byggsenteret var ein arbeidsplass ho gjerne ville bli ein del av. Ledig annonseplass! Ring

57 65 60 00

Onsdag

31. oktober 2012 • Nr. 212

Tøff kritikk frå Riksantikvaren

Side 4

Laussal kr. 20,–

Samlar reiselivet

Side 10

TØMRARJENTER: Anja Solbjør, Emmy Malene Fossberg og Kamilla Andersen jobbar for tida på prosjekt i Leikanger. – Eit variert yrke der ingen dagar er like, seier Solbjør.

7 090005 513103

Framleis vel få jenter tømraryrket. Men Byggsenteret Audun Hundere er ikkje så mannsdominert som ein kunne tru. Firmaet har tjue i sving på byggjeplassar, tre av dei er kvinner. – Mange trur det er eit tungt yrke, men ein utviklar styrke etterkvart når ein jobbar, seier Anja

Solbjør (24), som tilrår andre jenter å velja yrket. – I heile indre Sogn veit me berre om fire kvinnelege tømrarar, tre av dei jobbar for oss, seier prosjektleiar Jan Skeistrand. Side 8 og 9

Årdal turlag til topps i Afrika

Side 14 og 15

65

Amtsstova kan bli flytta

Side 16 og 17


8

nn Nyhende nn

Populært å starta AS

LEIKANGER: Etter at Regjeringa valde å

redusera minimums-aksjekapitalen frå 100.000 til 30.000 kroner i aksjelova har det blitt registrert rekordmange nye AS-selskap. Det viser fleire undersøkingar, mellom anna Global Entrepreneurship Monitor. I Sogn og Fjordane er det registrert 335 nye aksjeselskap dei tre første kvartala i år, som er ein auke på heile 66 prosent i høve same

periode i 2011. Møre og Romsdal har hatt ein vekst i same periode på 47 prosent, medan Hordaland har hatt en vekst på fattige 30 prosent. Sogn og Fjordane ligg jamt med landssnittet på 67 prosent vekst i nyregistrering av AS. – For Sogn og Fjordane er dette ein positiv utvikling, som forhåpentlegvis for fylket vil styrkja industrien i fylket, seier Trygve Lilletvedt i Bizup.no.

– Viktig for distrikta

svarar til årsforbruket til 310.000 husstandar og er 1,8 TWh høgare enn på same tid i fjor. Men resultatet til konsernet etter skatt gjekk ned, frå 794 millionar kroner til 620 millionar kroner. – Produksjonskapasiteten har vore god, men med lågt forbruk i området og manglande nettkapasitet ut av området, har me i periodar måtta sleppa vatn forbi turbinane. Det er dårleg verdiskaping og viser kor naudsynt det er å auka kapasiteten i straumnettet, seier konsernsjef Atle Neteland.

9

nn Nyhende nn

SOGN AVIS • Onsdag 31. oktober 2012 Onsdag 31. oktober 2012 • SOGN AVIS

Lågare resultat for BKK

BERGEN: Hittil i år har BKK produsert 6,2 TWh vasskraft. Det

LEIKANGER: Lokale energiselskap er av vesentleg betydning for distrikta. Mindre og mellomstore energiselskap i distrikta betyr lokal vekstkraft, viktig sysselsetjing, høg forsyningstryggleik og god beredskap ved kriser. Ein tilsett i energiselskap gjev ringverknader tilsvarande ein annan arbeidsplass i lokalsamfunnet. Oppkjøp og fusjonar mot større selskap vil kunna føra til fleire tusen

tapte arbeidsplassar i dagens eigarkommunar. Og lokalt eigde nettselskap gir monaleg lokal utviklingskraft. Dette viser ein studie gjennomført av Trøndelag Forskning og Utvikling (TFoU), utført på oppdrag for KS Bedrift og El & IT Forbundet. Analysane er basert på data frå 14 energiselskap frå heile landet. – Lokalt eigarskap gjev lokal verdiskaping, seier forskar Roald Sand i TFoU.

Bustadbygginga til vers

OSLO: Førebelse tal tyder på at bustadbygginga aukar sterkt.

Ikkje sidan 1987 har det vore registrert fleire igangsetjingsløyve for bustader i månadene juni-september. Det er gjeve igangsetjingsløyve til 22 339 nye bustader hittil i år. Dette er ein auke på nær 2.000 bustader, eller 10 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Etter ein moderat start på året har byggjeaktiviteten teke seg kraftig opp, melder Statistisk sentralbyrå.

gjefirma Tre jenter i same bygg nn

Framleis mannsdominert

LEIKANGER: Det er langt

mellom kvinnene i tømrarbransjen, men i firmaet Byggsenteret Audun Hundere er ting annleis. – Det er svært uvanleg at det er så mange kvinner i eitt byggefirma, for eg vil tru at nesten 99 prosent av dei som jobbar i bransjen er menn. I heile Indre Sogn veit me berre om fire kvinnelege tømrarar, derav tre jobbar for oss, seier prosjektleiar Jan Skeistrand. Me er på Hermansverk, der to bygg tek form ved sida av kvarandre no. Her har Emmy Marlene Fossberg (19), Kamilla Andersen (24) og Anja Solbjør (24) arbeidsplassen sin for tida.

Endra val Alle dei tre jentene opplevde å vera åleine i klassen sin, då dei tok utdanninga si. – Folk forventar jo ikkje at eg skal fortelja at eg jobbar som tømrarlærling når dei helser på meg akkurat, seier Fossberg, og legg til at ho først byrja på allmennfag. – Før skulestart hadde eg melde meg på ventelista til byggfag, og fekk beskjed om at eg hadde kome inn der første skuledag på allmennfag. Det er fleire grunnar til at eg først

nn

Ynskjer fleire kvinner

skulle byrja på allmennfag, litt fordi eg torde å byrja på bygg og litt fordi folk lo litt av meg når eg fortalde eg ville søkja bygg. Dei visste jo ikkje at eg var interessert i å snekra. Eg vart også råda av ein rådgjevar til å ikkje byrja på bygg, fordi personen meinte det ville vera bortkasta å gå der for meg som var så flink på skulen, seier ho.

FEKK NEI: Nordled fekk medhald og Fjord1 får ikkje køyra turistruta Bergen-Flåm (Arkiv)

Fjord1 får ikkje løyve til turistrute

Tilfeldig val For Andersen og Solbjør var det litt tilfeldig at det vart tømrar som vart yrkesvegen deira. – Det var veldig tilfeldig for meg. Eg hadde interesse for faget, og fann ut at eg skulle prøva. Då fann eg ut at det vart kjekkare og kjekkare etterkvart og at eg trivdest blant alle gutane, seier Solbjør, som i utgangspunktet hadde planar om å verta frisør. – Eg klarte ikkje å velja mellom kokkelinje og byggfag. Eg enda først opp med å søkja på kokkelinja, men siste dagen før søknadsfristen gjekk ut ombestemte eg meg, og bytta førsteval. Det er eg glad for idag, legg Andersen til.

nn – Lang handsamingstid FLÅM: Departementet

har sett bom for Fjord1 sitt sommareventyr på Sognefjorden. Dermed vart det tommelen ned også for fylkespolitikarane sitt vedtak om å tillata parallellkonsesjon på ruta Bergen-Flåm. Vedtaket har vore inne til ankehandsaming i Samferdsledepartementet. No er det klart at opninga for ei parallell kommersiell rute på fjorden er oppheva.

Mannsdominert Dei tre jentene frå Sogndal, Leikanger og Gulen meiner yrket framleis er mannsdominert. – Dei seier det skal vera så mange fleire jenter som har

Inntektsrisiko

NØGDE: Emmy Malene Fossberg (nr.2 f.v), Kamilla Andersen og Anja Solbjør med prosjektleiar Jan Skeistrand.

utdanna seg til tømrar, men eg har ikkje sett så mykje til dei enda, seier Solbjør. Ho og dei andre jentene trur det eksisterer nokre myter om faget deira. – Mange trur at det er eit veldig tungt yrke, men det er mindre tungt enn eg trudde på førehand. Ein utviklar også styrke etterkvart når ein jobbar, og eg er mykje sterkare enn eg var då eg byrja. Ein del trur nok også at arbeidsmiljøet er mykje tøffare enn det eigentleg er, seier Solbjør.

Godt teken imot Alle tre meiner dei er vorte

godt teke imot av bransjen, sjølv om dei er i mindretal kjønnsmessig. – Det har vore nokre kundaer som har fått litt hakeslepp når dei ser at det er eg som kjem, men det gjev seg fort. I starten skjedde det også at eg vart spurt eit par gonger om eg trengte hjelp når eg jobba. Det gav seg riktignok så fort kollegaene mine vart kjent med meg og skjøna eg greidde meg på eigahand, humrar Solbjør.

Ynskjer fleire kvinner Både ho og Skeistrand trur arbeidsmiljøet har godt av

er nøgde med arbeidsplassen

kjønnsbalanse og ynskjer gjerne fleire kvinnelege kollegaer velkommen. – Me synest det er kjempepositivt med fleire kvinner i faget, og det er flott om fleira vil prøva seg i bransjen i tida framover. Kanskje det kan hjelpa på rekrutteringa om fleire jenter får koma og prøva seg på ein byggjeplass, gjennom utplassering på ungdomsskulen. Besøk på dei vidaregåande linjene gjev ikkje nødvendigvis eit godt bilde på korleis yrket eigentleg er, seier han. Gjengen trur det kan verta endå fleire kvinnelege

sin, og ynskjer fleire kvinner velkommen til tømrarbransjen. Her saman

tømrarar i framtida. – Det har endra seg mykje gjennom dei ti åra eg har vore i bransjen, så eg trur det går i riktig retning, seier Skeistrand.

– Variert yrke Dei tre tømrarane har fleire argument for kvifor ein bør velja same yrkesveg som dei. – Det er eit variert yrke der ingen dagar er like, ein får kjempegod trim på arbeidsplassen og får vera masse ute, sjølv om det av og til kan vera både positivt og negativt, humrar Solbjør. – Når ein kjem heim og ser

Administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen, fortel at vedtaket får store konsekvensar for selskapet. – Alt håp er ikkje ute, men uavhengig av kva som skjer vidare har me mista sesongen i år, og 2013 vil vera ein stor inntektsrisiko for oss. No må det vurderast kva me skal gjera med sesongen i 2014.

Han meiner handsaminga av saka har teke unødig lang tid. – Me stiller oss spørjande til at departementet nytta sju månader på å finna ut at saken må attende till fylkeskommunen for ytterlegare utgreiing.

henta informasjon frå klagaren, Norled, eller laga eigne reknestykker på korleis den parallelle ruta kan påverka rutetilbodet Norled A/S har etablert på basis av kontrakten med fylkeskommunen.

Dårleg opplyst

Eksklusiv einerett

Departementet sitt vedtak er eit drepande slag mot det politiske sjiktet i fylkeskommunen. Det blir halde fram at saksfeltet er dårleg opplyst og soleis ueigna til å konkludera på. Kritikken går på at verknadene av trafikkbortfall for den primære konsesjonæren, Norled ikkje er utgreia skikkeleg. Vidare blir det peikt på at når ein først opnar marknaden for ei heilkommersiell rute kan ein ikkje nytta behovsprøving som argument i neste omgang for å hindre nye kommersielle aktørar å etablera seg. Fylkeskommunen, les politikarane, har ikkje, seier departementet, prøvd å inn-

Vedtaket i fylkeskommunen vart gjort i mars 2012. Klagen vart oversendt 30. april til departementet. Klagaren heldt fram at Norled fekk ein eksklusiv einerett då dei etter konkurranse vart tildelt løyve for rutetransport BergenFlåm, og samstundes fekk fastsett ei fylkeskommunal godtgjering for å utføra denne tenesta. Av den grunn meiner Norled at fylkeskommunen ikkje har rett til å gje løyve til fleire operatørar på same strekninga.

Terje Eggum og Ragnhild Myklemyr terje.eggum@sognavis.no

at noko må gjerast, er det også kjekt å kunna fiksa dette sjølv. Eg trur aldri ei tømrarutdanning er bortkasta, uansett om ein vil ha det som leveveg eller endrer meining etterkvart, legg Fossberg til.

Ida Hundvebakke ida@sognavis.no

- Tømrarfaget er vanskeleg i starten og ein oppdagar musklar og sener ein ikkje er klar over at ein har. Eg fekk senebetennelse etter dei første dagane; var ikkje van med å løfte og bere på gipsplater… Ein treng ikkje springe på treningsstudio for å trene styrke når ein er tømrar, smiler ho. Jan Skeistrand var den faglege leiaren hennar under lærlingetida, og ho har berre godt å seie om han og dei andre kollegaene. - Me har det moro på jobb. Det er alltid nokon som tullar og ler, seier ho som liker jobben fordi det er såpass variert. – Det er friskt og godt å jobbe ute i all slags ver, i tillegg til at ein veks på oppgåvene ein får tildelt. Eg set pris på ein arbeidsplass som gir utfordringar, og det er absolutt ei tillitserklæring å få oppgåva som fagleg leiar, seier ho, og rosar Ole Martin for å vere ein dyktig snikkar som lærer raskt. - Dette er eit yrke som blir kjekkare etter kvart som ein lærer nye ting. Historisk Byggsenteret kan skryte av å ha utdanna den første jenta med sveinebrev i tømrarfaget i Sogn og Fjordane. Her er utdrag av eit intervju med Hildur Kuld frå arkivet til Sogn Avis. 66


”– Mannfolka reagerer ikkje. Det er faktisk andre jenter som blir mest forundra når eg seier at eg er snikkar, smiler 21-årige Hildur Kuld som nettopp har avlagt sveineprøva i tømrarfaget etter læretid hjå firma Audun Hundere i Sogndal. Hildur bestod sveineprøva med glans og ser fram til å koma “skikkeleg” i gang som faglært snikkar. – Etter det eg veit er ho den første jenta i fylket som har teke sveinebrevet i dette faget, seier Kjell Haugen i sekretæriatet for yrkesopplæring. (Sogn Avis, 14. desember 1982)” Ingen press på neste generasjon På spørsmål om kva forventningar kviler på skuldrene til neste generasjon, svarer Asle Roar: - Me har ikkje snakka om det. Dei har ikkje noko press. Tida vil vise. Naturleg nok har begge døtrene, Malin og Anita, sommarjobbar i bedrifta. Begge starta på lageret og har jobba seg gjennom dei ulike avdelingane. – Dei kjenner bedrifta, men skal ikkje føle noko press til å velje denne vegen for framtida, seier Asle Roar. Yngsteguten, Patrick, er framleis for ung til å ha sommarjobb. For å markere dobbeltjubileet inviterte dei likså godt alle tilsette med partnarar på ein tur med Kielferja ei helg i oktober. Som den 80 år gamle entreprenøren seier: “Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv!”

Bedrifta har vakse jamnt og trutt på dei 50 åra ho har eksistert. I 2013 er det rundt 60 namn på lønningslista - med alt av stort og smått. 67


Det heile starta med dette huset på Leite - i 1963. Audun teikna og bygde huset til søstra Kjellaug, og oppdraga “badla pao seg”.

Fiskehyttene, røykeriet og klekkeriet i Årøy var eit av dei første store prosjekta Byggsenteret hadde. Det er ein nøgd 80-åringen som ser at bygga framleis er i bruk og fungerer godt i 2013. 82


Ein vandretur rundt i Sogndal for å sjå på spora Byggsenteret har satt, tek tid. – Det er ikkje mogeleg å ta bilete av alle husa. Då vil ein ikkje ha plass til noko anna i boki, seier Audun.

Byggsenteret fekk totalentreprisen på bygging av Helgheim, Sogndal Folkehøgskule, på tidleg 1970-talet. I 2013 er nokre av byggja totalrenoverte innvendig, men fasaden held mål – også i 2013. 84


Endå eit utviklingsprosjekt i tett samarbeid med grunneigar; Riverdalen på Leikanger. Meir sentrumsnær bustader er det ikkje lett å finne. Bygninga vart ferdig i jubileumsåret.

91


ferskvann.no

blinkhundere_jubbok_170x240 24.10.13 11.32 Side 1

TAKK FOR TILLITEN Takket være dere har XL-BYGG blitt en lokal kjempesuksess. Den tilliten forplikter. Vi lover å stå på enda hardere for at alle dere som elsker de beste rådene og den beste servicen. Velkommen til fagfolk som bryr seg om ditt prosjekt. Velkommen til XL-BYGG!

Loftesnes 6856 Sogndal Tlf: 57 62 79 79

xl-bygg.no

Åpningstider: Mandag - Fredag: 07.00-16.00 Lørdag: 09.00-14.00

VI BYGGER FOR DEG!

Vi vil inspirere deg til å realisere din egen drøm. Enten drømmen gjelder hus eller hytte. Med vår trygge og oversiktlige byggeprosess som “grunnmur”,

106

kan du bruke tiden på alle de spennende detaljene.

Se mer på www.blink-hus.no

6856 SOGNDAL, Tlf. 57 62 79 79


ferskvann.no

Gratulasjonshelsingar til ein god kunde!

Byggsenteret er kjende for kvalitet og høg fagkunnskap. Me er stolte over eit langt og godt samarbeid gjennom mange ür, og ser fram til fleire spanande prosjekt. Til lukke med jubileet!

Vi gratulerer Audun Hundere med 80 ĂĽr og Byggsenteret Audun Hundere AS med dei 50. Ynskjer Dykk alt godt framover! 107


112


113


114


115


116


117


Dobbeljubilanten Byggsenteret i Sogndal Audun og Asle Roar Hundere. Far og son. Gründer og utviklar. Begge med pågangsmot og stayerevne. Kva er det som gjer at nokre startar bedrift? Og kva er det som gjer at dei held ut tiår etter tiår? Tilfeldigheiter, og god dose av tid i naturen er ein del av oppskrifta, skal ein tru desse to nøkterne karane. Mange timars arbeid og stort ansvar er også ein del av bilete. I denne boka deler 80-årsjubilanten minne og opplevingar som har vore avgjerande for at han er blitt som han er blitt. Resultat: flott familie og ei bedrift som gir trygge arbeidsplassar til rundt 40 personar. 2013 er året gründeren runda 80 år og bedrifta 50 år. Det er verdt ei markering!

Jubileumsbok  

Utdrag av ei bok eg har hatt hovudansvar for; tekst, foto, illustrasjon og layout. I tett samarbeid med oppdragsgivar vart det eit varig min...

Jubileumsbok  

Utdrag av ei bok eg har hatt hovudansvar for; tekst, foto, illustrasjon og layout. I tett samarbeid med oppdragsgivar vart det eit varig min...

Advertisement