Nytt i Uka 11.12.19

Page 6

6

|

on s dag 1 1 . d esem b er

2 0 19

|

I fjor haust vart Ragnar Ulstein intervjua i Nytt i Uka. Tema var at kirigshistorien må få ein større plass i Ålesund. (Arkivfoto)

Ragnar Ulstein (1920 – 2019) Så var dagen komen. Ragnar Ulstein gjekk ut av tida, 99 år gamal. Ein krigar for fred, demokrati og rettferd for alle har forlate oss. Saknet etter Ragnar vil bli stort! Ragnar vart fødd i Ulstein i 1920 og vaks opp på eit småbruk med foreldre og sysken. Barndoms- og ungdomstid vart prega av fråhaldssaka og det kristne indremisjonsmiljøet i bygda. Han vart tidleg interessert i samtida og det som skjedde rundt han lokalt og elles i verda. Avisa vart ei viktig kjelde til informasjon for Ragnar. Der kunne han lese om dei store hendingane ute i verda og elles i landet. Barne- og ungdomsåra hans forma eit glødande samfunnsengasjement som varte livet ut. Han høyrde på radioen om utviklinga ute i verda med krigstrugslar og framvekst av antidemokratiske krefter. Han tok tidleg eit klart standpunkt mot nazismen etter å ha høyrt talane til Hitler på radioen. Eit bilde i Sunnmørsposten av ein tysk jøde som hang drepen i piggtråden i fluktforsøket frå nazismen gjorde Ragnar til ein svoren antinazist, ein ideologi han seinare kjempa mot med våpen i hand. Dette gjorde også Ragnar til ein ven av jødane, noko han var livet ut. Han byrja på gymnaset i Volda i 1938, og den opplyste ungdommen tok del i dei mange debattane som dukka opp i klassa. Han flagga tidleg sitt demokratiske sinnelag og argumenterte frisk mot kommunistane og nazistane på skulen. Då krigen kom til landet 9. april 1940 var allereie Ragnar bestemt på å kjempe mot nazismen. I juni 1941 baud sjansen seg. Ein flokk med ungdommar tok båten ”Ulstein”, og etter ein krevjande overfart nådde dei Shetland. Etter å ha vorte klarert ved ”Patriotic School” i London kom Ragnar i kontakt med Martin Linge. Så følgde eit opplegg med utdanning i soldatdugleik med sprenging og nærkamp, og etter denne utdanninga drog han saman med andre soldatar over Nordsjøen for å

drive sabotasje mot tysk skipsfart langs norskekysten. På slutten av krigen var Ragnar i Sogn og bygde opp lokale Milorg-avdelingar som skulle førebu ei overtaking etter den tyske kapitulasjonen som då var venta. Ei hending som skulle verte avgjerande for Ragnar sine haldningar overfor ein slått fiende var då han møtte den tidlegare Hird-sjefen i ein fangeleir i Høyanger sommaren 1945. Det som møtte Ragnar i fangeleiren var som han sjølv uttalar i boka ”Ragnar Ulstein, i krig og fred” (Gunnar Myklebust, 2017) ”eit menneskevrak ... Eit vesen som ikkje kunne trykkjast lenger ned”. Dermed var Ragnar ferdig med krigen. Ragnar Ulstein gjekk inn i journalistikken etter krigen. Han fekk oppgåva med å skrive historia til Kompani Linge. Det vart til to band som fortel om kompaniet sin innsats i det okkuperte Norge. Seinare fekk han arbeid i Bergens Tidende som journalist. Her markerte Ragnar seg tidleg. Han tok opp sakene til krigsveteranane som kom heim til ingenting. Fulle av traumar etter bombetokt, etter år som krigsseglar i konvoifart over Atlanterhavet og som overlevande frå dødsleirane i Europa hadde dei knapt noko hjelpeapparat som venta. Ragnar skreiv om desse i mange artiklar og vekte sterke reaksjonar mellom folk. Eit av dei viktigaste punkta Ragnar sette på dagsorden var krigspensjonsordninga. Desse folka som hadde kjempa for fridom og demokrati vart ikkje verdig ein eigen krigspensjon frå staten si side, noko som Ragnar og venene hans tok opp. Og etter fleire års kamp måtte Stortinget til slutt vedta ei krigspensjonsordning for desse! Seinare fekk Ragnar Ulstein oppgåva med å skrive om englandstrafikken frå Ålesund. Dette resulterte i ei rekkje bøker frå krigen. Saman med kona Jenny Hermine reiste han land og strand og intervjua grenselosar, englandsfararar, etterretningsfolk og andre som hadde gjort ein innsats under krigen. På denne

måten opparbeidde han seg eit rikhaldig arkiv, eit arkiv som no er samla på Heimefrontarkivet i Oslo. Han skreiv også om taparane i krigen. Om jentene som kom saman med og vart gifte med tyske soldatar. Om jødane som klarte å komme seg unna nazistane. Ragnar Ulstein hadde sine klare meiningar om det meste. Han talte og skreiv jødane si sak og var glødande opptatt av fridomen og demokratiet som han sjølv hadde kjempa for under krigen. Difor vart han mektig irritert i 2018 då ei bok som hevda at Kompani Linge-karane ikkje gjorde nok for å hindre jøde-deportasjonane i Norge. Han sa klart ifrå om at forfattaren ikkje kjende krigen sin røyndom og ansikt, og difor hadde ei heilt feil framstilling av saka. Han var uroa over utviklinga i landet vårt. Dei som høyrde han tale då bysta av han vart avduka i Ulsteinvik i 2017 vil aldri gløyme bodskapen hans. Vi må kjempe for fridomen, demokratiet og kulturen vår. Kvar dag. Ragnar Ulstein og venen Joachim Rønneberg (19192018) bar fram haldningar og standpunkt som hadde innverknad på oss som har tenestegjort i Internasjonale operasjonar for Forsvaret. Dei haldningane dei sjølv bar på formidla dei til oss, noko som var både inspirerande og motiverande for oss i den tenesten vi vart sette til å utføre. I USA kallast denne generasjonen som Ragnar var ein del av for ”The Greatest Generation”, den beste generasjonen. Denne generasjonen er no på veg ut av tida. Ragnar var ein av dei siste som formidla bodskapen til kommande generasjonar. Våre tapre krigsveteranar frå andre verdskrigen er vår beste generasjon! Takk for innsatsen, Ragnar! Kvil i fred! Ove Røv, for Sunnmøre Forsvarsforening


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Nytt i Uka 11.12.19 by Nytt i Uka - Issuu