Norsk Tidend 1-2015

Page 10

Llagsnytt Bergenskonferansen vil setje dagsorden X – Alle er velkomne til Bergen. Både frå Oslo og frå alle kantar av landet, seier Nils Mæhle, leiar i Bergen Mållag, og ein som skipar Bergenskonferansen i april. –Både kommunereforma og omorganisering i høgare utdanning gjer at vi stiller spørsmålet: Kva har dette å seie for nynorsken? Vi inviterer til konferanse for å drøfte desse saksfelta, fortel Nils Mæhle, leiar i Bergen Mållag. – I april er det venta ei stortingsmelding om organisering av høgare utdanning, og det er også varsla ei melding om kommunereforma. Vi vonar at konferansen er med og set dagsorden og skapar debatt. Det er viktig at folk er medvitne om kva slags endringar desse omorganiseringane kan føre til for nynorsken, seier Nils Mæhle. Til saka om ny struktur i høgare utdanning er det rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen og rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse som innleiar til debatt. Tittelen på punktet er: «Ny institusjonsstruktur innanfor høgare utdanning. Språklege konsekvensar med vekt på nynorsk.» Bergen som nynorskby

– Og så skal vi også ha ein spennande paneldebatt med tittelen: Bergen som nynorskbyen i Noreg, seier Nils Mæhle. – Denne debatten samlar både folkevalde og andre. Då kjem mellom andre Birthe Eriksen, styreleiar i Hordaland Teater, Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, Kjersti Toppe, stortingsrepresentant frå Sp, Oddny Miljeteig, gruppeleiar for SV i bystyret og Terje Breivik, stortingsrepresentant frå Venstre. Debattleiar er Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør i Allkunne.no. I tillegg byr vi på emna kva skjer med norskfaget i lærarutdanninga, og nynorsk forsking og nynorsk i media.

L Bergenskonferansen Konferansen er laurdag 25.–26. april i det nye høgskulebygget på Kronstad Høgskolen i Bergen, Bergen Mållag og Hordaland Mållag har gått saman om å skipe ein felles konferanse

Ope for alle – Dette er ein

konferanse for målungdomar, målfolk i alle aldrar, studentar, tilsette og for dei som til vanleg har sitt daglege virke i kommunar og fylkeskommunar, seier Nils Mæhle. På kvelden vert det kveldsete med forfattar Frode Grytten, som også har med seg nokre musikarar. – Det trur eg vert veldig flott, og etter underhaldninga med Frode Grytten vert det middag og sosialt samvær, fortel Nils Mæhle. Konferansen skal vere i det nye høgskulebygget til Høgskolen i Bergen på Kronstad. – Dette er eit fantastisk flott bygg og verkeleg ein attraksjon i seg sjølv, seier Nils Mæhle som vonar mange tek turen til Kronstad og Bergen denne siste helga i april.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Norsk Tidend 1–2015

Foto: Svein Ove Eikenes, HSH

10

X For fyrste gong sidan 1948 skipar

ikkje Noregs Mållag til landsmøte for organisasjonen. I staden blir det nasjonalt vårseminar i Fredrikstad. På landsmøtet i 2012 vart det vedteke at organisasjonen berre skulle ha landsmøte annakvart år. Slik ville ein både spare på utgif-

Ny start i Torsdag 22. januar vart det invitert til oppattskipingsmøte i Balestrand Bygdahus i Balestrand i Sogn og Fjordane. Målet var å skipe oppatt Balestrand Mållag som ikkje har vore eit aktivt lag på lang tid. – Etter måten er det mange medlemer i Balestrand. Her er heile 30 medlemer, og me trur det kan vere mogleg å få til eit aktivt lokallag att, seier Ingvar Åberge, ein av initiativtakarane bak invitasjonen til oppstartsmøtet og nyvald leiar av interimstyret. Me møttest i Balestrand Bygdahus, og til saman var me ikkje fleire enn fem frammøtte. Men kakebordet stod ikkje tilbake for verken konfirmasjon eller bryllaup. Både marsipankake, stor platesjokoladekake, smørbrød og muffins vart det servert. Så var det

For alle: – Dette er ein konferanse for målungdomar, målfolk i alle aldrar, studentar og for dei som til vanleg har sitt daglege virke i kommunar og fylkeskommunar, seier Nils Mæhle.

Vårseminar i Fredrikstad

Blæs liv i laget: Atle Johannes Dale og Ingvar Åberge meiner tida er inne for å få liv i

tene til lokallaga, og også frigjere arbeidstid på skrivarstova til andre oppgåver. For at det ikkje skulle gå for lang tid mellom kva gong organisasjonen møttest, ville styret skipe til nasjonale seminar dei åra det ikkje er landsmøte. Det ligg arbeid i slike tilskipingar også, men kravet om årsmeldingar, sakspapir og rette fullmakter er fråverande. – Det er viktig at det er mange

utsendingar på landsmøta, og dette er nok noko lokallaga også kjenner på. Men det kostar, og ikkje alle laga har høve til å sende utsendingar kvart år. No håpar me at ved å ha møte berre annakvart år, så kan fleire kome på landsmøta, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. – Samstundes er det nok folk og lag i denne organisasjonen som har

også verdt å feire at det vert ny mållagsaktivitet i Balestrand. – Nynorsken har ein sjølvsagd plass i lokalsamfunnet, men for å sikre denne plassen er det viktig å drive eit godt og medvite arbeid for nynorsken, seier Ingvar Åberge.

Tidlegare aktivitet – Den

fyrste protokollen som ligg på fylkesarkivet, tyder på at laget truleg vart skipa i 1959. Aktiviteten må ha vore mindre nokre år, for det vart laga eit større oppattskipingsmøte i 1978, fortel Ingvar Åberge til dei frammøtte.

lyst til å møtast for å snakke språkpolitikk. Meininga med desse vårseminara er at dei skal vere som eit landsmøte, men utan den formelle sakshandsaminga som høyrer slike møte til. Me skal få til akkurat det same politiske ordskiftet og sosiale samværet som på landsmøta, seier Endresen, som gler seg stort til å kome til Fredrikstad. På programmet står sjølvsagt


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Norsk Tidend 1-2015 by Norsk Tidend - Issuu