Page 1

Nr. 1 – februar 2015

Medlemsblad for Noregs Mållag

TRENG DRAMAET > 14-15 – Eg seier at det skjønnlitteratur. Sjølve slektshistoria er jo berre interessant for slekta, seier Edvard Hoem.

NORSK TIDEND

droppa nynorsk > 6-7 – Regjeringa må få nettsidene sine til å framstå som tospråklege, krev Marit Aakre Tennø.

Aktiv aktivist > 20-21 – Eg kunne tenkt meg å gå i fengsel for dette. Fengselsvesenet har heller ikkje noko nynorsk, seier Jens Brekke.

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Ærleg særpreg X

Kleven Maritime byggjer båtar for milliardar, og konsernspråket er nynorsk. – Me byggjer nokre av dei mest avanserte båtane i verda, og så skal me liksom jåla oss til med å bruka eit anna språk enn vårt eige? spør kommunikasjonssjef Ellen C. Kvalsund.

> 16-19


Lleiarteigen Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Tanken som tel LLMe skal gje ros, men stundom er det moglegvis best å late det vere med tanken. Det klassiske dømet er då Dagavisen var invitert til eit seminar om nynorsk i spaltene, sidan dei var temmeleg rause med slikt. Før seminaret vart dette eit emne i leiargruppa i Dagsavisen: kva var eigentleg språkpolitikken i avisa? Diverre landa dei på at det var greitt i personlege spalter, men ikkje i vanlege redaksjonelle saker. Brått var dei ikkje så rause lenger. Etter at Are Kalvø slutta, sit me no att med Roald Helgheim. LLFør jol fekk kona mi eit brev i posten. Det var frå eit statleg føretak som strengt tatt burde halde seg til mållova, og i så måte var det ikkje noko gale med sjølve brevet. Men frankeringsstempelet? Trur du ikkje det stod NOREG? Det er ikkje mange månadene sidan Noregs Mållag måte rope på både minister, lensmann og fut for at dei som skulle levere frankeringsmaskina til oss, faktisk greidde å få NOREG i stempelet vårt. No syner det seg altså at det er minst éi anna maskin som har eit slikt stempel. LLEg var på nippet til å skrive til dette føretaket for å finne ut kven som stod bak denne knakande gode idéen, men eg tok det i meg. Kan hende er det ei triveleg dame som i det daglege må skrive på eit framand språk, men som også styrer med innkjøp av frankeringsmaskinene. «Greitt», tenkjer ho. «Eg skal fylgje lova, men frankeringsmaskina styrer eg.» Og så har ho i sin stille kamp sendt ut tusenvis av brev med NOREG i stempelet. LLEg er ikkje hundre prosent sikker på om bruk av frimerke og frankeringsstempel fell inn under mållova, og er såleis ikkje heilt sikker på om eg no oppmodar til sivil ulydnad. Men om eg hadde teke kontakt, så kunne denne praksisen blitt oppdaga av leiargruppa i føretaket og vips var det slutt på slike fakter. Lov eller ei. Difor lèt eg det vere. I staden sender eg henne gode tankar. Takk!

Kjartan Helleve

Utgjeven av Noregs Mållag

Norsk Tidend 1–2015

Avisa blir redigert etter Redaktørplakaten

2

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Redaktør: Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no, 23 00 29 32 I redaksjonen: Hege Lothe Heimeside: www.nm.no Abonnement: 250 kroner per år Utforming: Språksmia AS smia@spraksmia.no

Regjeringen eller regjeringa, spelar det noka rolle? Før jul lanserte regjeringa nye nettsider. Frå å ha heitt både regjeringen.no og regjeringa.no, heiter det øvste politiske organet i Noreg no berre regjeringEN. Og sjølv om du framleis kan koma inn på sida ved å skriva www.regjeringa.no, så er overskrifta på sida regjeringen.no. Alle tekstar på framsida unnateke to overskrifter er på bokmål. Hovudinntrykket er bokmål. Både rett før og rett etter jul har det vore høglytte protestar. Frå ordførarar, mållaget, målungdomen og målfolk over heile Noreg. Men regjeringa har stått på sitt. Dei har valt å blanda nynorsk og bokmål på same sida, og stør seg på at Språkrådet har sagt at det er ein god måte å løysa mållovskravet om 25 prosent nynorsk på. Men så er det ikkje det Språkrådet har sagt. Dei har i brev til regjeringa i arbeidet med dei nye sidene rådd dei frå å gå for ein modell med begge språka på same sida. Men sagt at det kan vera ei løysing. Sjølv om intensjonane er gode, og kanskje når ein reknar opp alle undersider så er ein i mål med 25 prosent nynorsk, så heiter regjeringa no med eitt berre regjeringen. Og det vil dei tydelegvis helst gjera. Kvifor? Det er jo ikkje slik at den norske staten i utgangspunktet er ein bokmålsstat, og at bokmålet kjem heilt av seg sjølv. I det ein set seg ned for å skriva noko, må ein aktivt velja kva språk ein skal skriva på. Det norske staten er ein fleirspråkleg stat som mange andre statar i Europa, og då må staten retta seg etter det. Ikkje berre finst det plikter om å produsera tekst på alle språka åt ein stat, det finst òg ansvar. Kva språk staten produserer tekst på, har noko å seia. Men det er det ikkje lett for dei som brukar det mest brukte språket, å sjå. Men for alle dei andre språkbrukarane er det viktig å sjå og lesa språket sitt. Og det er sjølvsagt difor det finst mållover og språklover rundt om i verda, nett fordi fleirtalet må minnast på ansvaret sitt. For når det høgste politiske organet i landet seier dei ikkje forstår kritikken, provar det for det fyrste nok ein gong kor viktig mållova er, og for det andre at me målfolk må verta flinkare til å argumentera for kvifor mållova er viktig. Mange gonger vert argumentasjonen vår at mållova er viktig å halda fordi ho er ei lov og norske lover skal ein halda. Det er sjølvsagt rett, men det aukar ikkje forståinga for kvifor det er viktig at det står ”vent på raudt lys” på skilta til Vegvesenet i dei områda mållova seier at Vegvesenet skal nytta nynorsk. Vidare vert det ofte argumentert med at fordi nynorsk og bokmål er jamstelte, må staten nytta begge språka. Og det er sjølvsagt heilt rett, men om ikkje nynorsk og bokmål var jamstelte, så ville det framleis vore viktig for det nynorske språksamfunnet at staten produserte tekst på nynorsk. Sjølv om jamstellinga er eit argument i seg

marit aakre tennø Leiar i Noregs Mållag

sjølv, så er ikkje det argumentet med og forklarar kvifor ei lov som mållova er viktig. Kanskje har mållovsarbeid og mållovsargumentasjon blitt litt stemoderleg handsama fordi nokon har tenkt at det ikkje er så viktig - me forstår kvarandre likevel? Men det er summen av alle dei her ubetydelege tekstane som er våre språklege rettar, og til saman er dei ein viktig del av nynorsk tekstproduksjon. På vårkonferansen vår i Fredrikstad i februar har me sett av tid til alle desse spørsmåla om mållov og språklov og det offentlege sitt ansvar for språka våre i Noreg. Mellom anna kjem Synnøve Midtbø Myking, ho har studert fransk i Canada og skal seia noko om nett korleis ei tøff lovregulering kan få det som berre knapt var eit fransk skjer, til å verta ei heil øy i eit hav av engelsk. Men for å få det til, må det vilje til, politisk vilje. Og politisk forståing for at det er viktig. I det offentlege ordskiftet kring regjeringa sine nye nettsider er det kanskje nett den politiske forståinga for kvifor det er viktig å bruka nynorsk på offentlege nettsider, som ikkje verkar vera tilstades hjå dei som har ansvar for dette arbeidet. Alle språk treng å bli brukte og sedde, og mindre språk treng det meir enn større. Difor er staten sitt ansvar for alle dei mindre språka ekstra viktig og ikkje minst ekstra viktig at vert forstått. Det er ikkje nok å gjera seg forstått, ein skal ta vare på heile skrifttradisjonar og språkbrukarar. Og den argumentasjonen gjeld for alle språka i Noreg frå det største til dei minste. Då må ein sjå at språk er meir enn kommunikasjon, og at det finst ein eigenverdi i språket som er verdt å taka vare på.

Det er jo ikkje slik at den norske staten i utgangspunktet er ein bokmålsstat, og at bokmålet kjem heilt av seg sjølv.


Lsagt – Det har eg ikkje tenkt på, men kanskje det kjem om dei startar eit Facebook-opprop eller fakkeltog. Donald-redaktør Marius Molaug om meir nynorsk i Donald – Det at ungdommer lærer seg nynorsk på skolen, er bare positivt, for da lærer man om norsk kultur, hjernen funker bedre og jobbmulighetene øker. Det er fordeler som kan gjøre en stor forskjell for deg. Nynorsk gjør deg bedre! Oscar (14) i Si;D i Aftenposten – Eg kan jo litt nynorsk Skiskytar Dorothea Wierer til NTB Æ snakka bokmål æ, sjø. Ukjend på telefon til Noregs Mållag So langt i dag har eg drukke kaffi, lest 100 sider sakspapir på fylkeskommunalt nettbrett og betalt kontigenten min til@noregsmallag @Fylkespolitikar på Twitter – Hadde eg visst den gongen at dette skulle vere eit så stort problem som det har vist seg at det er, hadde eg vel aldri gitt meg inn på det. Men eg visste ikkje betre. Eg trudde at nynorsk var normalt. Ragnar Hovland til Dagens Næringsliv – Å vere nynorskforfattar er vel omtrent som å vere homofil: Det er ikkje noko ein berre kan velge vekk, sier hun. Agnes Ravatn til Dagens Næringsliv Jeg ser at Forsvarsbygg i annonser her i avisa konsekvent bruker sunnmørsdialekten, også kalt nynorsk. Vi klarer oss godt med den overdominansen av Sunnmøre- og sogndialekten vi får via NRK og TV 2. «Bokmålsveteran» i Fosna-folket

I torsdagsavisa kom vi i skade for å skrive at «sessefille» er det same som klut til oppvask. Det var feil. For «sessefille» er ei fille du brukar til rundvask. Fleire lesarar har elles peika på at «fataklut» eller «fatafille» er eit vanleg brukt ord i Valdres om oppvaskklut. Red. i Valdres Word gjør autokorrektur og stavekontroll til nynorsk hele tiden, selv når jeg manuelt har endret til bokmål. Noen som vet hvordan jeg fikser? @sondreolsen på twitter

Illustrasjon: Kjartan Helleve

Dette er en del av konspirasjonen som nå foregår mellom microsoft og @noregsmallag @supergeir77 svarar @sondreolsen på twitter

Norsk Tidend 1–2015

Det stykket som Stanley Kvinlaug hadde i Agder på måndag tykte eg ikkje noe om. Han må få kjøpt seg ei nynorsk ordbok visst han skal skriva meir på det målet. Odny Risnes i Agder Flekkefjords Tidende

3


Lmålnytt

Illustrasjon: Kjartan Helleve

– Dette vil folk ha meir av!

Saknar nynorsk landslagsdrakt

Norsk Tidend 1–2015

XDen nye logoen og det nye landslagsemblemet til Norges Fotballforbund (NFF) er eit emblem med det norske flagget, to løver og «NORGE» som skal pryda brystkassen til det norske landslaget i fotball. Noregs Mållag etterlyser ei nynorskutgåve av det nye emblemet. – Eg trur mange ville vera glade for å få ei drakt med «Noreg» på, både fotballspelarar og me andre. Det er vel heller ikkje noko i vegen for at landslaget kunne spelt nokre landskampar med «Noreg» på brystet, seier leiar Marit Aakre Tennø til Framtida.no. – Om eg kan få ei skjorte med «Noreg» på, skal i alle fall eg kjøpa mi fyrste landslagsdrakt, legg ho til. Kjetil P. Siem, generalsekretær i NFF, seier at han ikkje er overraska over ynsket til Noregs Mållag. – Dersom ein spelar ynskjer at det skal stå «Noreg», så er det vel språkleg jamstelling, og ynsket vil truleg bli etterkome. Særleg om spelaren er god og bøttar inn mål, legg han til. – Vil ei drakt med Noreg på i så fall vera til sals? Marit Aakre Tennø seier det hadde fått henne til å kjøpa si første landslagsdrakt – Me lyt sjå om det er ein spelar som forlangar det, men me kan spesiallaga ei til henne.

4

Ein fin gest – Det er jo heilt fantastisk, seier Marit Aakre Tennø først og ler, då ho får beskjed om at NFF vil spesiallaga ei landslagsdrakt til henne med «Noreg» på brystet. – Men eigentleg tykkjer eg ikkje personlege preferansar til einskilde spelarar skal bestemma om det står Noreg eller Norge på drakta. Det handlar om alle i landet vårt, og at me har to jamstelte språk. Det er ikkje uvanleg andre stader at ein skriv namnet på laget eller verksemda på to ulike språk i land med fleire språk. Men at dei vil laga ei drakt det står Noreg på til meg, er jo kjempefint. Det betyr jo at det ikkje er vanskeleg å få det til, så kvifor ikkje berre lata heile laget spela med Noreg på av og til? Det er ein fin gest, og kostar dei ingenting, avsluttar Tennø. Framtida.no

XI vinter fekk lesarane av Donald Duck & Co innslag av nynorsk for fyrste gong på over 50 år. Førre gong bladet inneheldt ei original historie med nynorsk, var i 1963. I tillegg kom sju Donald-album ut i nynorske utgåver i tidsrommet 1984-1991. Då Framtida spurde Donald-redaktør Marius Molaug om det var fleire nynorske andeforteljingar i vente, svara han at: «kanskje det kjem om dei startar eit Facebook-opprop eller fakkeltog.» Mållaget tok oppmodinga på strak arm. I skrivande stund har over 1800 likt Facebook-oppropet «Nynorsk i Donald? Ja takk.» – Me er opne for å nytta meir nynorsk og dialekt på dei rette karakterane, svarar Donaldredaktør Marius Molaug til Framtida.no. – Eg tykkjer nok me har vore litt for konservative, utan at det har vore med overlegg. Me er opne for å nytta meir nynorsk og dialekt på dei rette karakterane, når så mange vil ha meir av det, avsluttar Molaug, som gjerne tek imot innspel om gode nynorskambassadørar som kan duckifiserast. – Både nynorsk- og bokmålsungar les for lite nynorsk, difor hadde det betydd mykje om nynorsken hadde vorte meir synleg gjennom eit blad som Donald, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Foto: Johann Roppen/Wikimedia Commons

Professor vil ha Ivar Aasenuniversitet XHøgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda bør slå seg saman og danne eit «Ivar Aasen-universitet», meiner språkprofessor. For tida arbeider Kunnskapsdepartementet med å utvikle ein ny høgskulestruktur på Vestlandet. Signala frå departementet er tydelege, høgskulane i Sogn og Fjordane, Volda, Ålesund og Molde er alle for små til å halde fram med å stå åleine. Nynorskprofilen til Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda er eitt av argumenta som departementet har brukt for å fremje ei samanslåing. Statssekretær Bjørn Haugstad sa til Nynorsk pressekontor før jul at nynorskprofilen ville stått sterkare i ei samling av skulane. No tek også språkprofessor Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø til orde for dette. I eit blogginnlegg på Forskning.no peikar han på at dei to skulane er dei einaste høgare utdanningsinstitusjonane som i dag har ein tydeleg nynorskprofil. Vangsnes føreslår å kalle opp att den eventuelle framtidige storskulen etter Ivar Aasen og kjem med to konkrete forslag: Høgskulen Ivar Aasen eller Ivar Aasen-Universitetet. NPK

Foto: Gaute Øvereng / Aasentunet

Øyehaug blir festspeldiktar i Aasen-tunet XGunnhild Øyehaug skal vere festspeldiktar når Dei nynorske festspela blir arrangert for 24. gong i juni. Publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med både festspeldiktaren og den varierte forfattarskapen hennar under festspela 25.–28. juni. – Eg er glad og stolt over å få vere festspeldiktar i 2015 i Ørsta. Ivar Aasen har alltid vore min store helt, så eg kjenner meg ei blanding av sterkt entusiastisk og smått skjelven for dette oppdraget, seier Gunnhild Øyehaug i ei pressemelding. Øyehaug har heilt sidan debuten med diktsamlinga Slaven av blåbæret i 1998 utfordra ulike litterære sjangrar. I tekstane nyttar ho både popkulturelle og litterære referansar, ofte i ein miks av det saklege og det humoristiske. Allsidig forfattar Gunnhild Øyehaug har ein allsidig litterær produksjon som femner om dikt, essay, noveller og romanar, i tillegg til at ho har gjendikta lyrikk frå andre språk. Ho fekk sitt store gjennombrot i 2008 med romanen Vente, blinke som blei nominert til Brageprisen og blei seld i svært mange eksemplar. Denne romanen er også utgangspunkt for spelefilmen Kvinner i for store herreskjorter som har noregspremiere 6. mars. Gunnhild Øyehaug har sjølv skrive filmmanuset. I tillegg til å vere forfattar, er Øyehaug litteraturkritikar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho vaks opp i Ørsta og bur no i Bergen. NPK


Animerte raringar: Kva ville du ha gjort om du møtte denne karen ute på havet ein stad? Frå kinoaktuelle Reisa til fjørkongens rike, den fyrste heil nynorske spelefilmen på kinoar på mange år. Foto: Filmweb/Kontxtfilm

kinoaktuell barnefilm:

– All den tid eg er for språkleg mangfald, så var det ikkje målpolitiske grunnar til at me enda opp med nynorsk. Filmen høvde til det, skodespelarane snakka slik og det vart enkelt å få til, fortel distributør Stig Brekke. Den vesle kaninen Johan mistar mor si. Det er ikkje like enkelt å forstå for ein liten gut. Ein dag er han ute på sjøen og finn vegen til ei underverd der Fjørkongen styrer. Kan han finne att mor si der? Resan till Fjäderkungens rike hadde premiere i Sverige i mars i fjor. Regissør Esben Toft Jacobsen er dansk, og produksjonsselskapet bak er dansk. Men sidan mesteparten av pengane kom frå svensk hald, blir han kalla ein dansk-svensk samproduksjon. Stig Brekke, som driv det vesle filmdistribusjonsselskapet KontxtFilm, såg filmen på filmfestivalen i Berlin. Filmen var med i sjølve tevlinga, og det er i seg sjølv eit kvalitetsteikn. Brekke hadde tidlegare sett den fyrste filmen til regissør Jacobsen, utan å bli imponert. Denne gongen vart han gripen. – Han skilde seg ut, seier Brekke.

Film med meining Det er kjen-

nemerket for dei filmane det vesle selskapet hans har fått ut til norske kinoar. Det er nok amerikanske eller engelske storproduksjonar, og målet hans er å syne ungane at det også finst andre måtar å fortelje historier på. – Det som slo meg med denne filmen, var at han har ei meining. Eg

har ingenting mot eventyr og fantasi, det er det også i denne filmen. Men denne filmen har meir rot i røynda, det er ei meining, ein bodskap i botnen. I tillegg er han godt laga. Det må han vere om han skal ha sjanse til å nå ut. Det er nesten slik at slike små filmar som denne må vere betre enn Hollywoodfilmane, for å nå eit publikum. Og det meiner eg at denne er. – Eg ser at filmskaparane er inspirerte av japansk barnefilm? – Det er sant, men det er vel så mykje ei nordisk barneforteljing her. Både Astrid Lindgren og Tove Jansson skreiv om vanskelege ting og om å flykte inn i andre univers, seier Brekke.

Vestlandet: – Det er store spørsmål, få ord og ute ved kysten ein stad. Det er litt Jon Fosse over det. Det var denne kjensla eg ville halde på, då eg skulle sjå etter norske skodespelarar, seier Stig Brekke. Foto: Kjartan Helleve

Hovudrolle frå Ulsteinvik

Det er ikkje uvanleg å høyre dialekt i norsk barnekultur, og NRK Super er det fremste dømet på det. Denne filmen er også ein liten dialektfestival, men i tillegg er både informasjon og rulletekstar på nynorsk. – Det er litt på slump. Eg er sjølv frå vestlandet, og tykte eg kjende att stemninga og karakterane derifrå. Det er store spørsmål, få ord og ute ved kysten ein stad. Det er litt Jon Fosse over det. Det var denne kjensla eg ville halde på, då eg skulle sjå etter norske skodespe-

larar. Sally Nilsson var den fyrste skodespelaren som vart klar, men enn så lenge var det berre henne med rogalandsdialekt. Då eg skulle finne han som skulle leggje røyst på hovudpersonen, den vesle guten, stod det mellom tre kandidatar. Den beste var Martin Svendsen Dimmen frå Ulsteinvik. Stemma hans har eit sterkt nærvær som eg likar godt. Dermed måtte jo fleire rundt han ha liknande dialekt, og då tok me steget heilt ut, fortel Brekke.

Nordub i Volda Nordub har hatt studio i Volda i fleire år, og Dimmen har lagt røyst på karakterar i tv-seriar på NRK Super. Brekke har arbeidd lenge med Nordub, og deira erfaring var heilt avgjerande for prosjektet. – Utan erfaringa deira, hadde det ikkje gått. Dei hadde ein omsetjar, Astrid M. Grov, som har erfaring med å setje om slike manus. Det gjorde det trygt og ufarleg. All den tid eg er for språkleg mangfald, så er det ikkje målpolitiske grunnar til at me enda opp med nynorsk. Filmen høvde til det, skodespelarane snakka slik og det vart enkelt å få til. – Har du ikkje møtt motstand nokon stad? – Dei einaste som har reagert, er andre distributørar. Fleire kinoar har vore overbegeistra, men kollegaer har himla med augo og spurt om eg verkeleg vil meg sjølv så vondt. Så motstand finst. Men det er viktig for meg å tenkje utanfor boksen, og dette er eit døme på det. – Kvifor er det ikkje fleire som gjer det same? – Det er vel ein kombinasjon av eigen motvilje og motvilje frå filmprodusenten. Store amerikanske og britiske produksjonar krev å få godkjenne dei skodespelarane og språket som blir nytta i andre land. Dei er truleg skeptiske til eit mindre brukt språk, og vil gå for det største. Men denne filmen er relativt liten, og regissør Jacobsen kjem sjølv frå vestkysten i Danmark. Han forstod raskt kva eg var ute etter og var heilt med på nynorsk, fortel Brekke. Filmen hadde premiere 6. februar og blir synt på nesten sytti kinoar rundt om i landet. Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 1–2015

– Enkelt med nynorsk

5


Lmålnytt

Frå regjeringa til regjeringen Regjeringa har fått seg nye nettsider. Der ein tidlegare lett kunne finna synleg nynorsk, er denne no for det meste vekke. Før kunne ein vitja nettstaden regjeringa.no, no blir ein automatisk sendt vidare til regjeringen.no. Tidlegare kunne ein velja å lesa sidene på nynorsk, no kan ein berre velja mellom norsk, samisk og engelsk. I praksis vil det å velja norsk seia å velja bokmål. – Oppussinga av nettsidene vart gjort så grundig at ein pussa vekk nynorsken i same slengen. Det er ein språkleg arroganse som ikkje er ei regjering for eit tospråkleg land verdig, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø. – Regjeringa tok styringa for eit Noreg med to jamstelte språk og kom ut som ei bokmålsregjering. Sjølv skriv dei på sidene sine at i staden for å ha ein eigen nynorskversjon av nettsida, skal dei no veksla mellom bokmål og nynorsk på nettsida. Det er ikkje Noregs Mållag motstandar av, men då må nettsidene samstundes framstå som tospråklege, og nynorsknamnet må vera godt synleg. Det er det ikkje no, seier Tennø.

Reaksjonar Mållaget er ikkje dei einaste som har reagert på omlegginga. Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune har skrive brev til Statsministerens kontor og kravd å få på plass den nynorske versjonen av nettsidene til regjeringa.

«Det betyr at 500 000 nynorskbrukarar ikkje lenger kan velja å få informasjon frå regjeringa og departementa på nynorsk – medan samisk og engelsk enno ligg inne som val – og bokmål på toppen av alt no blir kalla ‘norsk’, sjølv om vi har to sidestilte målformer i landet», skreiv Eid-ordføraren. Norsk Målungdom synte til mållova og meinte at sidene skal vera på både nynorsk og bokmål. «No har det gått ein månads tid utan at regjeringa har nynorske nettsider. Det er brot på mållova og det er ei nedgradering av nynorsken å late nynorskbrukarane vente ein månad lenger enn alle andre», sa Karl Peder Mork i ei pressemelding.

Språkrådet

Departementas sikkerheits- og serviceorganisasjon (DSS) har utvikla nettsidene. Dei har fleire

Det er viktig at alle brukarar av norsk kan kjenne seg heime, også språkleg sett, på den mest sentrale offentlege nettstaden vi har. Språkrådet

gonger synt til at dei var i kontakt med Språkrådet i førearbeidet med dei nye nettsidene, og har hevda at Språkrådet har signa løysinga med språkblanda sider. Alt hausten 2013 sende Språkrådet eit brev som gjorde greie for deira vurdering om målform på nettstader. I utgangspunktet meiner rådet at å ha parallelle sider er det beste, sidan det vil gjera nynorsken tydeleg, og «særnynorske» ord vil koma tydeleg fram. Men erfaringar syner at nesten alle som har slike parallelle sider, har bokmål som standard opningsside. Lesarane må gjera eit aktivt val for å finna nynorsken. Difor landar Språkrådet på ikkje å rå statsorgan «til å innføra versjoneringsløysinga (både bokmålsider og nynorsksider); vi ber dei heller gjera vekslingsløysinga (språkblanda side) betre». – Ei vekslingsløysing har den fordelen at alle lesarar møter begge målformene, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet. – Men løysinga fungerer berre dersom begge målformene er synlege og utgjer minst 25 prosent av det totale tekstinnhaldet. Språkrådet har i år fått tilsynsansvaret for målbruken i departementa. Vi vil derfor ha dialog med alle departement om korleis dei kan arbeida for å bringa nettsidene i tråd med norsk lov. Det er viktig at alle brukarar av norsk kan kjenna seg heime, også språkleg sett, på den mest sentrale offentlege nettstaden vi har.

Møte med departementa

– Sidan sidene blei lanserte, så har det blitt gjort endringar, det har kome til meir nynorsk i dei faste elementa. Er Språkrådet involvert i dette arbeidet?

– Språkrådet har gitt DSS og departementa tilbod om hjelp til kvalitetssikring av nynorske tekstar på nettstaden. DSS og enkelte departement nyttar seg av dette tilbodet. Vi har også invitert DSS og alle departementa til eit møte 23. februar. Då vil vi drøfta korleis dei kan arbeida vidare for å oppfylla krava i mållova. Vi har elles merkt oss at nynorskdelen i menytekstar og nettsideinnhald aukar gradvis, og vi arbeider for å stø opp under denne utviklinga.  – Burde sida heitt regjeringa.no sidan det fungerer på båe språka?    – Ja, den beste løysinga hadde vore at regjeringa.no var både nettadresse og overskrift på nettstaden, sidan den forma er både

Norsk Tidend1–2015

Seier nei til endring i privatskulelova

6

X – Gode privatskular med nynorsk opplæringsmål kan bli lagde ned, og elevane flytta over til større bokmålsskular der tilhøva for å vera nynorskelev vert vanskelegare, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Kunnskapsdepartementet vil endra dagens privatskulelov og innføra ei elevtalsgrense på 30 elevar. Om skulen får mindre enn 30 elevar tre år på rad, må privatskulen leggja ned drifta. I dag er grensa 15 elevar. Noregs Mållag er redd for fylgjene, og har sendt ei høyringsfråsegn til departementet.

– Ei slik elevtalsgrense vil påverka synet til både styresmakter og kommunar om storleiken på dei offentlege skulane. Ho kan bli brukt som argument for å leggja ned dei minste skulane som mange stader er skular med nynorsk opplæringsmål, seier Tennø. Ho fortel at praksisen der ein legg ned små skulekrinsar og slår dei saman med større skulekrinsar med ulikt opplæringsmål, er at skulemålet skal opp til røysting på ny. Sjølv om utfallet av røystingane i praksis er heilt ope, så er erfaringane at dei nye krinsane vert bokmålskrinsar, sjølv

om mindretalet for nynorsk kan vera ganske stort. – Høvet til å etablera privatskular etter skulenedlegging har til no til ein viss grad bremsa skulenedlegginga i distrikta. Med ei slik grense kan det auka farten i sentraliseringa av skulestrukturen som i mange tilfelle vil råka dei små og utsette nynorskkrinsane, seier Tennø. Dei faglege grunngjevingane for å heva grensa til 30 elevar er svake. Ein forskingsrapport frå Senter for økonomisk forsking ved NTNU (Bonesrønning og Vaag Iversen 05/08)

finn ein tendens til at elevar på små skular tvert om får marginalt betre resultat enn på dei større skulane, etter å ha korrigert for foreldra sitt utdanningsnivå. Spørsmålet om store skular versus små skular er mange stader ein stor debatt og har vore det i skulefaglege miljø i mange år. Likevel er det vanskeleg å finna forsking som slår fast at store skular er betre enn små. Michael Davidson, OECD-analytikar, skriv i Pisa-kartlegginga i 2009 at det i dei nordiske landa er svært liten skilnad i læringsresultata mellom dei ulike skulane, store og små, by og land.


L MEDIA karoline opsal marøy Dagleg leiar i Kringkastingsringen

Kva kan me krevje av TV2?

bokmål og nynorsk. Men om ein ønskjer å bruke regjeringen. no på bokmål, er det viktig at nettstaden også har eit nynorsk namn som er synleg på same måte som bokmålsnamnet. Slik sidene ser ut i dag, møter lesaren berre bokmålsnamnet i overskrifta på nettstaden. Det er uheldig, seier Solbjør.

DSS: – Gje oss tid DSS har

motteke fleire brev og førespurnader om nynorsk på nettsidene og har gjort fleire endringar på sidene. Mellom anna er teksten om høyringar no på nynorsk. – Målet har vore å gjera nynorsken meir synleg, seier Erik Bollestad, avdelingsdirektør i

Informasjons- og kommunikasjonsteknologiavdelinga (IKT) i DSS. – Med denne løysinga må alle som kjem til desse sidene, lesa bokmål og nynorsk. Om me hadde halde på den originale todelinga, måtte lesarane ha gjort eit aktiv val for å finna nynorsk. Slik er det ikkje med denne løysinga, og me trur det vil gjera at fleire les nynorsk på desse sidene. – Sjølv om nynorsk finst, så er det bokmålet som dominerer. Ikkje minst gjeld dette dei redaksjonelle sakene? – Dei redaksjonelle sakene kjem frå dei ulike departementa og frå statsministeren sitt kontor.

Denne omlegginga og reaksjonane på ho, har auka merksemda om nynorsk i dei ulike departementa. Eg trur ein konsekvens av dette blir at departementa blir flinkare. – Nokon tek til orde for å gå attende til den gamle løysinga? – Det trur eg vil vera ei ulempe om ein vil at lesarane skal møta nynorsk. Det vil kanskje verka som ein siger, men i det lange løp trur eg det vil vera eit tilbakesteg. Dei nye sidene har berre vore oppe i nokre veker, og me utviklar sidene stadig. Gje oss litt tid før de feller den endeleg dommen.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Nedlagd: Vines skule. Berre ein illustrasjon, sidan skulen aldri var i privat drift. Hausten 2011 vedtok Ullensvang herad at Vines skule skulle leggjast ned. Hovudgrunnane var lågt elevtal og dårleg økonomi, men ein annan grunn var at rektoren skulle gå av med pensjon. Dersom skulen skulle halda fram, måtte ein søkja etter ny rektor. Resultatet vart nedlegging, og elevane frå tidlegare Vines skule går no på Hauso skule. – Hm. Høyrest nesten ut som om det hadde vore enklare å berre søkja etter ein ny rektor, seier Ragnar Hovland i kort kommentar. Foto: Jarle Vines/Wikimedia Commons

TV2 har gjort mykje bra. I allmennkringkastingsrapporten kjem det fram at dei er opptekne av dialektar og oppmodar medarbeidarane sine til å nytte si eiga dialekt på skjermen. Me er glade for at TV2 har ein språkprofil som ser verdien av dialektmangfaldet i Noreg. ... Men så var det satsinga på nynorsk. Sjølv om TV2 har enkelte røyster som nyttar nynorsk på ein framifrå måte, er det diverre for få av dei. Teksting av program på nynorsk ser ein nesten aldri. Det er grunn til å reagere når til dømes programmet Fjorden Cowboys, om Joar og Lothepus frå Sørfjorden i Hardanger, vert teksta på bokmål. Med hovudkontor i Bergen, burde det ikkje vere vanskeleg å skaffe seg naudsynt nynorskkompetanse. TV2 har i dag språkpolitiske skyldnader å ta omsyn til. TV2 har sjølv signalisert at dei ynskjer å forhandle fram ein ny konsesjonsavtale no når han går ut i 2015. Kva krav ein skal stille til TV2 som allmennkringkastar i framtida, vert difor eit viktig spørsmål for Kringkastingsringen dette året. I dag står det i konsesjonsvilkåra at TV2 skal nytte begge målformene - ei formulering som rett og slett ikkje er tydeleg nok. Me ynskjer at medieverksemdene skal føre ein språkpolitikk som speglar språkmangfaldet i Noreg, og at TV2 skal halde fram med å ha ei rolle som ein viktig kultur- og språkformidlar: med enda meir nynorsk i tekst og tale.

Norsk Tidend 1–2015

I år har Kringkastingsringen sekstiårsjubileum. Sjølv om me byrjar å trekkje på åra, er me likevel langt frå pensjonsalderen. Media får ein stadig større plass i kvardagen til folk, og eg er overtydd om at Kringkastingsringen har ei viktig rolle også i framtida.    Sidan skipinga av NRK i 1933, heitte det at kanalen burde ta omsyn til språksituasjonen i landet og syte for at begge måla vart representerte i sendingane. NRK tolka dette sjølv som at begge mål kunne nyttast med like full rett. I 1970 fekk ein endeleg gjennomslag for at minst ein fjerdedel av sendingane skulle vere på nynorsk. Kravet om 25 prosent nynorsk er det største gjennomslaget Kringkastingsringen har fått til, og sjølv om NRK aldri har lukkast med å nå kravet, har det likevel skjedd ei stor haldningsendring der kanalen har sett i verk fleire tiltak for å auke nynorskprosenten.  I 2015 er det på tide å vende nasen mot TV2.

7


Lmålnytt Tilsette i Norsk ordbok går til sak mot UiO X Det har lenge vore uro rundt

organiseringa av Norsk ordbok. No går Norsk Tjenestemannslag til sak mot Universitetet i Oslo (UiO) for usakleg oppseiing på vegner av seks tilsette. – Me støttar dei i synet på at desse oppseiingane er usaklege, seier forbundsleiar Siv Anita Hagen i Norsk Tjenestemannslag (NTL) til universitetsavisa Uniforum. Det er NTL som fører saka for dei seks tilsette. Organisasjonen har varsla at dei vil ha klar ei stemning innan 28. februar. I juni i fjor fekk alle dei 23 tilsette varsel om at dei berre hadde arbeid ut året på grunn av pengemangel. Dette trass i at prosjektet etter planen først skulle avsluttast 1. mars, fortel avisa. Dei seks tilsette som er organiserte i NTL, er ikkje dei einaste som meiner at oppseiingane ikkje har gått rett føre seg. Også tre medarbeidarar organiserte i Forskerforbundet vurderer å gå til sak og prøva saka si for Arbeidsretten.

Maktkamp Forbundsleiaren i NTL har inntrykk av at dei tilsette som har mist jobben sin og no går til sak, tek oppseiinga svært tungt.

– Det er bygt opp ein kompetanse over tiår, som universitetet no berre «kastar på dør», seier ho. Ho meiner også dei tilsette har blitt dregne inn i ein maktkamp mellom universitetet på den eine sida og Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet på den andre sida. – Begge departementa er svært tydelege på kva dei krev av UiO, medan universitetet er ute etter å prøva kor langt autonomiteten deira rekk. Medlemmene våre kjem dermed i ein klinsj i denne knivinga mellom UiO og departementa, seier Siv Anita Hagen. Slik ho oppfattar det, ønskjer UiO å bestemma sjølv kva oppgåver dei skal driva med, medan Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet ikkje meiner dei har høve til det. Rektor ved UiO, Ole Petter Ottersen, ønskjer ikkje å kommentera varselet om søksmål. – Eg registrerer at NTL ønskjer å prøva denne saka i rettssystemet. Det vil difor ikkje vera ryddig av meg å kommentera nokre sider av denne saka no, skriv han i ein e-post til Uniform. (NPK)

Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er

Vonen fe Arnfinn Muruvik Vonen slutta i januar som direktør i Språkrådet før åremålet var ute. – Vonen ynskjer å arbeide meir fagleg med språk enn stillinga som leiar for Språkrådet har gitt høve til. Han har hatt permisjon frå Høgskolen i Oslo og Akershus, og byrjar der no som professor for å arbeide med teiknspråk, seier assisterande departementsråd i Kulturdepartementet Henning Henriksen i ei pressemelding. Roy Kristiansen har sidan 22. januar vore mellombels direktør i Språkrådet. Han er eigentleg ekspedisjonssjef i Kulturdepartementet. – Det vil nesten alltid vere overraskande når ein toppsjef sluttar, og det bør det vere, seier Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet. – Etter fire av seks år i åremålet ønskte han å gå tilbake til språkfagleg arbeid, og det er ei ærleg sak. Det blir aldri for mange dyktige språkforskarar i akademia.

Det vil nesten alltid vere overraskande når ein toppsjef sluttar. Ottar Grepstad

– Han var ikkje den synlegaste direktøren som har vore, men han lyfte mellom anna teiknspråket opp i medvitet. På kva andre måtar endra han Språkrådet? – Premissane i spørsmålet blir heilt feil. Vonen var til stades i svært mange og ulike miljø av språkbrukarar, og slike møte kan vere viktige sjølv om ingen journalistar skriv om det. Dette er ikkje eit einmannsshow. – Språkrådet er eit statleg forvaltningsorgan og har fått utvida arbeidsfeltet sitt slik at det også inkluderer nasjonale minoritetsspråk. Difor har vi med stort hell mellom anna arrangert ein eigen minoritetsspråkdag. Dei største språkfaglege sakene vi har arbeidd med, er 2012-rettskrivinga for nynorsk, ein samla norsk ordbokpolitikk og oppfølging av den ambisiøse språkmeldinga. – Styre og direktør har endra Språkrådet mykje i dei siste åra i tett samarbeid med dei tilsette. No er Språkrådet ein heilt annan organisasjon enn for fire år sidan, og det set oss betre i stand til å utnytte all den kunnskapen dei tilsette og fagråda rår over. – Dette blir eit tett samarbeid mellom Kulturdepartementet og styret. Vi har gitt våre innspel til departementet no, og så snakkar vi oss fram til ein utlysingstekst slik vi gjorde då stillinga sist blei lyst ut i desember 2010. Eg trur denne stillinga er endå meir attraktiv enn då, for Språkrådet er blitt ein god og moderne organisasjon, og viktige oppgåver ventar. – Når kan me vente at ein ny direktør er på plass? – Når den rette personen er funnen, fortel Grepstad.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 1–2015

Proba-rapporten: Depart

8

Stort utval i nynorske bøker, turutstyr med Aasen-ordtak, magnetpoesi, designprodukt og mykje, mykje meir

Handlenett.no Nettbutikken til Ivar Aasen-tunet og Olav H. Hauge-senteret

X – Eg merka meg dei store variasjonane i korleis lærarutdanningsinstitusjonane dokumenterer nynorskkompetansen til kandidatane, svarer Birgitte Jordahl, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, på spørsmålet om kva som er det viktigaste funnet i rapporten som i mållaget er kjent som Probarapporten. I vår gav Utdanningsdirektoratet Proba samfunnsanalyse eit oppdrag med å gjennomføre eit forskingsprosjekt for å få vite meir om korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetanse hjå studentane sine og få svar på spørsmålet om kvifor elevar med

nynorsk hovudmål skifter til bokmål. Birgitte Jordahl, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, peikar på at lærarutdanningsinstitusjonane er noko departementet fylgjer opp. – Departementet har sendt eit brev til alle institusjonar med grunnskulelærarutdanning om at departementet forventar at institusjonane nøye vurderer praksisen ved eigen institusjon opp mot kritikken frå Proba-rapporten og set i verk nødvendige tiltak.

Nynorsk i grunnskulen

– Vidare har eg sjølvsagt også merka meg at elevane i stor grad


rdig i Språkrådet

Har slutta: Arnfinn Muruvik Vonen har slutta i Språkrådet og gått attende til Høgskulen i Oslo og Akerhus, der han skal til i stillinga som professor i teiknspråk. Arkivfoto

er somt skulen ikkje kan gjere så mykje med, og andre ting vi i vår sektor kan bidra til å forbetre.

Meir kunnskap – Er det noko de

tykkjer ein bør forske meir på, eller er det tiltak i skulen som de ynskjer å sjå nærare på, på bakgrunn av rapporten? – Desse to spørsmåla kan vi sjå i samanheng. I samband med arbeidet med ein ny innsats for lesing og skriving frå 2015 kan det vere interessant å gjennomføre ei undersøking om elevane sin skrivekompetanse i begge målformer. Her er vi framleis på planleggingsstadiet, så det er litt tidleg å seie noko sikkert.

– Det kan også vere grunn til å merke seg at gjennom den siste revisjonen av norskfaget vart nynorsken si stilling styrkt gjennom blant anna tidlegare start med lesing av tekstar på begge målformer. Den nye læreplanen fekk også gode tilbakemeldingar frå språkorganisasjonane, seier Birgitte Jordahl. – Er det nokre funn som er spesielt overraskande? – Nei, eg vil kanskje ikkje seie overraskande. Det er ikkje positivt at delen elevar som har nynorsk som hovudmål, stadig går nedover.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Statssekretær Birgitte Jordahl ynskjer at lærarhøgskulane nøye vurderer si eiga nynorskundervisning.

Norsk Tidend 1–2015

peikar på at grunnen til at dei byter målform, er at bokmål er mest nytta i samfunnet. Dette er det vanskeleg for opplæringssektoren å gjere noko med, seier Birgitte Jordahl. – Når det er sagt, vil eg gjerne nytte høvet til å understreke at nynorsk er eit levande språk i Noreg. Vi skal framleis syte for å leggje godt til rette for at elevar med nynorsk som hovudmål kan få halde fram med dette gjennom heile opplæringa. – Korleis tolkar de funna i rapporten? – Eg ser på funna i rapporten som interessante. Eg ser at det

Foto: Marte Garmann

tementet vil ha nødvendige tiltak

9


Llagsnytt Bergenskonferansen vil setje dagsorden X – Alle er velkomne til Bergen. Både frå Oslo og frå alle kantar av landet, seier Nils Mæhle, leiar i Bergen Mållag, og ein som skipar Bergenskonferansen i april. –Både kommunereforma og omorganisering i høgare utdanning gjer at vi stiller spørsmålet: Kva har dette å seie for nynorsken? Vi inviterer til konferanse for å drøfte desse saksfelta, fortel Nils Mæhle, leiar i Bergen Mållag. – I april er det venta ei stortingsmelding om organisering av høgare utdanning, og det er også varsla ei melding om kommunereforma. Vi vonar at konferansen er med og set dagsorden og skapar debatt. Det er viktig at folk er medvitne om kva slags endringar desse omorganiseringane kan føre til for nynorsken, seier Nils Mæhle. Til saka om ny struktur i høgare utdanning er det rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen og rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse som innleiar til debatt. Tittelen på punktet er: «Ny institusjonsstruktur innanfor høgare utdanning. Språklege konsekvensar med vekt på nynorsk.» Bergen som nynorskby

– Og så skal vi også ha ein spennande paneldebatt med tittelen: Bergen som nynorskbyen i Noreg, seier Nils Mæhle. – Denne debatten samlar både folkevalde og andre. Då kjem mellom andre Birthe Eriksen, styreleiar i Hordaland Teater, Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, Kjersti Toppe, stortingsrepresentant frå Sp, Oddny Miljeteig, gruppeleiar for SV i bystyret og Terje Breivik, stortingsrepresentant frå Venstre. Debattleiar er Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør i Allkunne.no. I tillegg byr vi på emna kva skjer med norskfaget i lærarutdanninga, og nynorsk forsking og nynorsk i media.

L Bergenskonferansen Konferansen er laurdag 25.–26. april i det nye høgskulebygget på Kronstad Høgskolen i Bergen, Bergen Mållag og Hordaland Mållag har gått saman om å skipe ein felles konferanse

Ope for alle – Dette er ein

konferanse for målungdomar, målfolk i alle aldrar, studentar, tilsette og for dei som til vanleg har sitt daglege virke i kommunar og fylkeskommunar, seier Nils Mæhle. På kvelden vert det kveldsete med forfattar Frode Grytten, som også har med seg nokre musikarar. – Det trur eg vert veldig flott, og etter underhaldninga med Frode Grytten vert det middag og sosialt samvær, fortel Nils Mæhle. Konferansen skal vere i det nye høgskulebygget til Høgskolen i Bergen på Kronstad. – Dette er eit fantastisk flott bygg og verkeleg ein attraksjon i seg sjølv, seier Nils Mæhle som vonar mange tek turen til Kronstad og Bergen denne siste helga i april.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Norsk Tidend 1–2015

Foto: Svein Ove Eikenes, HSH

10

X For fyrste gong sidan 1948 skipar

ikkje Noregs Mållag til landsmøte for organisasjonen. I staden blir det nasjonalt vårseminar i Fredrikstad. På landsmøtet i 2012 vart det vedteke at organisasjonen berre skulle ha landsmøte annakvart år. Slik ville ein både spare på utgif-

Ny start i Torsdag 22. januar vart det invitert til oppattskipingsmøte i Balestrand Bygdahus i Balestrand i Sogn og Fjordane. Målet var å skipe oppatt Balestrand Mållag som ikkje har vore eit aktivt lag på lang tid. – Etter måten er det mange medlemer i Balestrand. Her er heile 30 medlemer, og me trur det kan vere mogleg å få til eit aktivt lokallag att, seier Ingvar Åberge, ein av initiativtakarane bak invitasjonen til oppstartsmøtet og nyvald leiar av interimstyret. Me møttest i Balestrand Bygdahus, og til saman var me ikkje fleire enn fem frammøtte. Men kakebordet stod ikkje tilbake for verken konfirmasjon eller bryllaup. Både marsipankake, stor platesjokoladekake, smørbrød og muffins vart det servert. Så var det

For alle: – Dette er ein konferanse for målungdomar, målfolk i alle aldrar, studentar og for dei som til vanleg har sitt daglege virke i kommunar og fylkeskommunar, seier Nils Mæhle.

Vårseminar i Fredrikstad

Blæs liv i laget: Atle Johannes Dale og Ingvar Åberge meiner tida er inne for å få liv i

tene til lokallaga, og også frigjere arbeidstid på skrivarstova til andre oppgåver. For at det ikkje skulle gå for lang tid mellom kva gong organisasjonen møttest, ville styret skipe til nasjonale seminar dei åra det ikkje er landsmøte. Det ligg arbeid i slike tilskipingar også, men kravet om årsmeldingar, sakspapir og rette fullmakter er fråverande. – Det er viktig at det er mange

utsendingar på landsmøta, og dette er nok noko lokallaga også kjenner på. Men det kostar, og ikkje alle laga har høve til å sende utsendingar kvart år. No håpar me at ved å ha møte berre annakvart år, så kan fleire kome på landsmøta, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. – Samstundes er det nok folk og lag i denne organisasjonen som har

også verdt å feire at det vert ny mållagsaktivitet i Balestrand. – Nynorsken har ein sjølvsagd plass i lokalsamfunnet, men for å sikre denne plassen er det viktig å drive eit godt og medvite arbeid for nynorsken, seier Ingvar Åberge.

Tidlegare aktivitet – Den

fyrste protokollen som ligg på fylkesarkivet, tyder på at laget truleg vart skipa i 1959. Aktiviteten må ha vore mindre nokre år, for det vart laga eit større oppattskipingsmøte i 1978, fortel Ingvar Åberge til dei frammøtte.

lyst til å møtast for å snakke språkpolitikk. Meininga med desse vårseminara er at dei skal vere som eit landsmøte, men utan den formelle sakshandsaminga som høyrer slike møte til. Me skal få til akkurat det same politiske ordskiftet og sosiale samværet som på landsmøta, seier Endresen, som gler seg stort til å kome til Fredrikstad. På programmet står sjølvsagt


LLandet rundt Bø kommune og LNK

Nynorsk i næringslivet

Bø kommune i Telemark bør melde seg inn att i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), skriv Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Telemark Mållag og nestleiar i Noregs Mållag, i Bø Blad. Kommunen melde seg ut i 2010 for å spare nokre kontingentpengar, og Hjelmbrekke meiner at kommunen treng LNK for å styrkje nynorskarbeidet sitt.

Sogn og Fjordane Mållag skipar sitt fylkesårsmøte laurdag 28. februar. Hovudemnet på eit miniseminar i samband med årsmøtet vil vere nynorsk i næringslivet og i reklame. Janne Nygård, styremedlem i Noregs Mållag og sjølv frå Jølster i Sogn og Fjordane, vil halde innleiing på årsmøtet.

Bokgåve til skular

Balestrand Mållag att, og er med i det nye interimstyret. Foto: Eirik Thue

Balestrand

Gulleplet – Eit viktig spørsmål for Balestrand Mållag er om det er mogleg å ta opp att arbeidet med å gje ut det tradisjonsrike bladet Gulleplet,

kommunereforma og dei språklege utfordringane som fylgjer med. Det blir innleiingar om offentleg målbruk og spørsmålet om Noreg bør få ei eiga språklov. Nye vegar til nynorsk barnelitteratur er eit anna emne, og ein kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar vil bli presentert. – Me er særleg glade for at sametingsråd Ann-Mari Thomassen frå Sametinget kjem. Det samiske språket

seier Ingvar Åberge. Han får støtte frå Atle Johannes Dale, som også blir med i interimstyret, og som nemner på at det er noko eigenkapital på konto til å setje i gang arbeidet. – Eg skal helse og seie ifrå kona mi at ho gjerne blir med på arbeidet med Gulleplet, smiler Ole Fuglestad. Han er innflytta balestrending frå Klepp, men blir gjerne med i interimstyret. – Det er viktig å stå på for nynorsken, slår han fast. Dei tre er samde om at den viktigaste oppgåva denne våren, er å få til eit møte der ein kan få drøfta korleis ein kan få til å lage Gulleplet igjen. – Eg tykkjer det høyrest veldig kjekt ut om vi får til å gje ut Gulleplet på nytt. Eg trur det vil bli godt motteke i Balestrand, seier Ingvar Åberge. Denne kvelden fekk Balestrand Mållag ein heilt ny medlem, og eit nytt interimstyre. Ein god start for laget.

Hege Lothe

Kommunereforma Mållaget Dag inviterer til medlemsmøte 17. februar klokka 19 på Dag Bondeheim i Skien. Innleiar er Jens Kihl, og emnet er kva konsekvensar kommunereforma kan ha for nynorsken.

Ny leiar i Gausdal Gausdal Dialekt- og Mållag har fått ny lokallagsleiar. Ny leiar er Ola Fjeldet.

Seminar i Herøy For tredje år på rad skipar Sunnmøre Mållag til Sunnmørsseminar. Det blir laurdag 28. februar og 1. mars, kombinert med årsmøte i Sunnmøre Mållag. «Nynorsken og kommunereforma» blir eitt av fleire viktige emne. Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, kjem for å halde innleiing om emnet. Då blir det både skulering og debatt om strategi for arbeidet. Ynskjer du å vere med, ta snarast kontakt med Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag, e-post: terje. kjode@tussa.com.

Rogaland Mållag kallar inn til fylkesårsmøte og seminar laurdag 7. mars og sundag 8. mars i Hjelmeland. Styremedlem i Noregs Mållag, Ingrid Fiskaa, skal innleie til strategidebatt om kommunereforma og nynorsken.

Landsmøte i NMU Norsk Målungdom samlar seg til landsmøte 20.–22. mars 2015.

Årsmøte i Naumdøla Mållag og i Trønderlaget Styret i Naumdøla Mållag inviterer til fylkesårsmøte torsdag 5. mars i Grong. Organisasjons- og informasjonskonsulent i Noregs Mållag, Hege Lothe, vil snakke til årsmøtet. Ho vil reise vidare til fylkesårsmøtet i Trønderlaget som samlar seg laurdag 7. mars i Trondheim.

Skisamling med suksess Også i år samlar Juristmållaget seg til seminar på Haugastøl der dei kombinerer skigåing med fagseminar. Seminaret har vore i ei årrekkje, og det samlar både studentar og juristar med både lang og kort erfaring frå arbeidslivet. Målet med seminaret er å hjelpe juristar til eit godt nynorsk fagspråk, slik at dei ikkje går over til bokmål i studietida eller seinare som yrkesaktive.

hege.lothe@nm.no

har mykje av dei same utfordingane som nynorsk, og det skal bli veldig interessant å høyre om korleis ho tenkjer fram mot kommunereforma, seier Endresen. Seminaret skal vere på Litteraturhuset i Fredrikstad. Påmeldingsfristen er 27. februar, og seminaret er ope for alle.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Det nye litteraturhuset i Fredrikstad.

Norsk Tidend 1–2015

– Etter kort tid kom ideen om å starte opp eit bygdeblad som vart kalla Gulleplet. Dette vart eit veldig populært blad i bygda. Det var mange som skreiv og tok bilete, og gav ulike bidrag til bladet, fortel Åberge. Namnet Gulleplet er henta ifrå eit lokalt fjell, og det var også ei spalte i bladet som vart kalla rotaeplet. I den spalta vart det gjerne skrive om nokon som brukte bokmål, som heller burde skrive nynorsk. Og Eplekart var sjølvsagt sida for ungane. Balestrand Mållag gav ut bladet til ut på 90-talet, då kommunen og idrettslaget vart med på utgjevinga, fortel han. Frå om lag 2000-talet ser det ut til at det ikkje var noko meir aktivitet i Balestrand Mållag. Så det er rundt 15 år sidan sist det var eit aktivt lag.

Skular over heile Sogn og Fjordane fylke har klassesett med dei fire bøkene i vikingserien Odins smykke av Bjarte Sindre frå Florø. Bak gåva står Selja Forlag og Mållaget i Sogn og Fjordane. Fylkesmållaget og forlaget delte ut til saman 2.500 bøker før jul. Målet er å gi elevane i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen høve til å lese gode bøker på nynorsk.

Meir om kommunereforma

11


12

Norsk Tidend 1–2015


Lmåln ytt

Teatersjef Erik Ulfsby (i midten) har engasjert fire europeiske dramatikarar til å lage teater om andre verdskrigen. Frå venstre Oleg Bogev, Maria Tryti Vennerød, David Greig og Lukas Bärfuss. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Speler i natta burgh og høyrt kva dei forbind med andre verdskrigen, kva for historier dei har høyrt. Her møter eg folk frå mange land og kan byggje vidare på det dei fortel, seier David Greig. Han synest det er ei fascinerande oppgåve å sy saman det han kallar eit lappeteppe av historier.

«Natt i verda» er arbeidstittelen på stykket. – Andre verdskrigen er jo på ein måte ei natt i historia til menneska. Vi planlegg å spele frå midnatt og fram til klokka åtte om morgonen. Freden kjem med soloppgangen, seier Erik Ulfsby til NTB. Teatersjefen har engasjert fire europeiske dramatikarar til å skrive teksten. I januar var dei fire samla for første gong i Oslo.

Mange historier Han som skal

Fascinert av det umoglege

Foto: Aasen-tunet

– Då eg fekk høyre om prosjektet tenkte eg: Er du gal, dette er berre for stort. Men eg vart tiltrekt av det umoglege med dette, og sa ja, seier den sveitsiske dramatikaren Lukas Bärfuss, som publikum på Det Norske Teatret kjenner frå oppsetjinga «Tjue tusen sider» i fjor. I tillegg til Bärfuss er norske Ma-

ria Tryti Vennerød, skotske David Greig og russiske Oleg Bogev godt i gang med å skrive manus. Vennerød seier at ho skriv på ei tredelt historie om ein nazi-lege som bokstaveleg talt går over lik og gjer barbariske handlingar i den tru at han som lege kan lækje sivilisasjonen. – Eg har snakka med folk eg har møtt på min faste kaffibar i Edin-

Andre verdskrigen er jo på ein måte ei natt i historia til menneska. Erik Ulfsby

sy saman alt til slutt, er teatersjefen sjølv, som skal ha regien, og sjefdramaturgen på Det Norske Teatret, Carl Morten Amundsen. – Det å lage noko frå absolutt ingenting er moro, seier Amundsen. Dei fire dramatikarane har jobba med prosjektet i trekvart år. – No har eg 300– 400 sider å jobbe med og ser at dette kan la seg gjere, seier Amundsen. I tillegg til historiene frå dramatikarane kjem den endelege framsyninga til å byggje på anna materiale frå andre verdskrigen, som dagbøker, foto, aviser, brev og filmar. – Det kjem ikkje til å bli ei einsarta forteljing. Det kan ikkje vere eitt perspektiv i ei slik framsyning. Vi skal dyrke forskjellige vinklar, og dei fire dramatikarane har jo også gripe dette veldig forskjellig an, seier Amundsen.

Tema kjem også til å bli korleis den andre verdskrigen pregar oss no, 70 år etter.

Spektakulært Maratonfram-

syningar er ikkje noko nytt for Det Norske Teatret. På slutten av 1980-talet sette Stein Winge opp seks timar lange Merlin på teateret. I 2013 vart like lange Bibelen spelt med stor suksess, også det i regi av Winge. – Med Bibelen spelte vi jo både heile framsyninga i eitt og vi delte ho i to, for vi trudde det ville bli veldig mykje for folk å sjå dei seks timane. Men erfaringa var at alle ville sjå heile, for det var på ein måte storhendinga, seier Ulfsby. Erfaringane frå Bibelen gjer at han også har tru på at folk vil komme for å sjå ei maratonframsyning om natta. – Vi trur ein slik happening vil appellere. Det er jo noko spektakulært å sitte og sjå teater heile natta. Vi legg i første omgang ut eit tal netter, og det kan godt tenkjast at vi også skal spele nokre framsyningar på dagtid, seier teatersjefen, som fortel om stor entusiasme internt på huset for prosjektet.

Trine Andersen/NTB/NPK

Godt år for Nynorsk kultursentrum

Rekordår for ungdomsnettstad

Nynorsk kultursentrum hadde i 2014 samla inntekter på om lag 31 millionar kroner, og gjestetalet auka og vart betre enn budsjettert. Publikumstalet passerte budsjettet med 38 prosent og enda på 28.700, går det fram av ei pressemelding. Institusjonen har no 17 tilsette i heiltidsstillingar i Ørsta og Ulvik. Olav H. Hauge-senteret i Ulvik kom i full drift frå september. I alt hadde senteret om lag 5.500 gjester i 2014, og både billettsal og butikksal blei betre enn budsjettert.

Framtida.no kan sjå tilbake på eit år med rekordmange lesarar. I fjor var over 336.000 unike brukarar innom Framtida.no. Det er ein auke på 31.000 samanlikna med 2013 og ny rekord, opplyser redaktør Svein Olav Langåker. Framtida.no blei omtala 328 gonger i andre medium i 2014, nær ei dobling frå året før. – Dette er svært gledelege tal, og dei viser at me lagar journalistikk som blir lagt merke til, seier redaktør Svein Olav Langåker. Redaksjonen tel i dag 3,4 årsverk fordelt på fire personar. I august opna Framtida.no vestlandskontor på Stord, i lokala til avisa Sunnhordland. (NPK)

Med 23.000 gjester i fjor blei året det nest beste i historia til Ivar Aasen-tunet. Berre i 2013 vitja fleire tunet. Både butikken og kafeen i Aasen-tunet selde for meir enn budsjettert. Dotterselskapet Allkunne AS lagar digitalt innhald på nynorsk og er eitt av to redigerte leksikontilbod på norsk. Ved årsskiftet hadde Allkunne publisert om lag 15.000 artiklar. I fjor haust fordelte Nynorsk kultursentrum over 400.000 kroner i restmidlar frå Språkåret 2013 til seks ulike prosjekt som dekkjer både bokmål, nynorsk, samisk og kvensk. (NPK)

Norsk Tidend 1–2015

Sjefen på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, tenkjer nytt og vil spele teater om natta. Det skjer med storsatsinga neste år – ei åtte timar lang framsyning om andre verdskrigen.

13


Lintervjuet

Hoems historie For ni år sidan kom historia om mor og far. I haust historia om oldefaren og dei som reiste til Amerika. Og enno er ikkje Edvard Hoem ferdig.

Norsk Tidend 1–2015

w Han er ein hardtarbeidande forfattar. Han har vore på om lag 350 ulike tilskipingar med biografien om Bjørnstjerne Bjørnson. Om lag like mange tilskipingar med Mors og fars historie. I fjor hadde han 100 reisedøger og femtifem føredrag og opplesingskveldar, ein liten dupp i tempoet, men like fullt travelt. No er han i gang att, med boka Slåttekar i himmelen, ein roman om sin eigen oldefar. – Eg har ikkje hobbyar, fortel Edvard Hoem. – Dette er ein livsstil. Eg arbeider heile tida, også når eg er på reise. På hotellrom, på flyet og på toget. Det einaste som har kome til, er at doktoren min seier at eg skal gå meir. Han tek opp telefonen, ein iPhone 6, som automatisk bokfører kor mange skritt han tek. – I går var ein god dag. Då gjekk eg nesten ti tusen skritt. Det er så langt som doktoren vil at eg skal gå kvar dag.

14

FOLK Vil ha meir I dag går turen til Hamar bibliotek, og Hoem er gjest i Litterær lunsj. Ingen veit heilt kor mange som vil kome, det er ikkje meir enn nokre veker sidan han vitja Hamar og Gravdahl bokhandel. Men folk vil tydelegvis ha meir, og tretti stolar er ikkje nok. Då det dreg seg mot lunsjtida, er nærare femti vaksne komne for å høyre på Hoem. Dei er stort sett godt vaksne. – Framleis kjem folk bort til meg på gata for å snakke om Mors og fars historie, seier Hoem. – Ikkje minst tyskarungane. Eg var på mange tilskipingar med den boka, og veldig ofte var det ei vaksen dame som kasta seg rundt halsen på talaren og sa: «Jeg er tyskerunge.» Mennene stod meir og sparka i grusen medan eg signerte bøker og kom fyrst til meg då eg var på veg ut. Så eg trur boka også var med på å gjere den lagnaden kvardagsleg, det synte at dette ikkje var noko særskilt, fortel Hoem. Då Hoem går på scena, er det som om fiksjon og fakta blir kopla i hop. I Mors og fars historie fortel Hoem om faren som var lekpredikant og samla søkjande sjeler til små og store møte. No står sonen i ljoset der framme og snakkar om sin bodskap. Det vaksne publikummet nikkar og samtykkjer med høge m-lydar og låga ja. Song blir det derimot ikkje, men signering. I det Hoem er på veg ut døra, er det eit par som hukar tak i han. Dei vil syne han eit slektstre. Dei er i slekt med han, seier dei. FØLJETONG Suksessen med Mors og fars historie kom overraskande på han og forlaget. Historia om lekpredikanten som finn saman med kokka som frå før har ein unge med ein tysk soldat, råka noko hjå boklesarane. – Manuset vart levert seint i høve til å kome som bok om hausten, og forlaget meinte ho godt kunne vente eitt år. Eg trong ikkje å gi ut bok kvart år, meinte dei. Men det var berre ei lita flis om foreldra mine, så eg ville ha henne ut. Det

LEdvard Hoem Aktuell med romanen Slåttekar i himmelen. Boka handlar om oldefaren til Hoem, og kan lesast i samanheng med den førre romanen Mors og fars historie. Sistnemnde er mellom dei mest selde nynorske skjønnlitterære bøkene, med eit samla opplag på 78 000.

gjekk forlaget med på. Boka kom, og overraskinga saman med den. Forleggjaren min fortalde at dei unge damene på forlaget las boka, og at dei identifiserte seg med mor si historie. Dei las henne som noko meir enn ei minnebok. Utover vinteren byrja det derimot å ta av, og brått hamna ho på bestseljarlistene og vart der i vekevis. Det som verkeleg gjorde at ho tok av, var at boka gjekk som følgjetong i Vårt Land. Då vart ho lesen av folk som aldri har høyrt om Oktober Forlag, og ikkje har lyst til å høyre om det heller. Rundt om i heile landet sat vaksne damer og klypte ut stykka, og la dei i bunker på kjøkenbenken, heilt til dei oppdaga at historia også fanst som bok. Dei kjøpte ikkje berre ei til seg sjølv, men fire-fem som dei gav til andre i familien. Ei sa: «Ho er så god! Skulle tru ho hadde kome ut på Lunde Forlag.» Det var eit gjennombrot i høve til det publikumet og andre nye lesarar. No er vel samla opplag tett på åtti tusen.

indremisjonsmiljøa Hoem var klår over at det å skrive om sine eigne foreldre, kunne få konsekvensar. Han inviterte søskena til ein betre middag og fortalde om boka. Han sa at dei ikkje fekk lese henne før ho kom ut, for om det var nokon som skulle få skjenn i etterkant, så skulle det vere han. Men reaksjonane kom knappast. Berre gode tilbakemeldingar. Han trudde sjølv at så mykje av handlinga gjekk føre seg i eit indremisjonsmiljø at det ville vere ei sperre for nokre lesarar. – Det var Jan Inge Sørbø som snakka om at dette er eit utypisk bilete av dette miljøet. Når indremisjon og predikantar dukkar opp i litteraturen, så er det som oftast eit nedsetjande og skremmande bilete som blir teikna. Hjå meg blir det å sykle opp og ned Gudbrandsdalen for å snakke for små forsamlingar det normale. Dette er historia om at det byrjar dårleg og enda godt. Og det er den historia folk vil ha. Slik er det jo. Folk frå indremisjonsmiljøa tykkjer det er ei god bok, og seier at ho handlar om dei. Men me les jo bøker frå alle moglege miljø, i frå alle kantar av verda, og likevel kjenner me oss att. – Dette salet og desse reaksjonane seier vel at boka er noko meir enn di personlege bok om familien din. Det er kvalitetane boka har som litteratur som har heva henne opp frå andre minnebøker? – Utgangspunktet var ein ungdom i slekta som spurde: «Hva var det bestemor gjorde på Lillehammer, da? Var hun sånn derre hore?» Nei!, svara eg og fortalde litt, og byrja å leite litt meir. Men etterkvart som eg granska, så forstod eg at dette var meir enn familiehistorie, dette var norsk historie. Så eg sette i gang og heldt på med dette i femten år, og enda opp med ei tjukk bok på 450 sider, med fotnotar og alt. Det var nærast som ei dokumentarbok å rekne. Eg gav manuset til mi noverande hustru, og bad henne vere ærleg. Ho sat at «det er meir interessant å høyre deg snakke om det ved kjøkenbordet, enn det er å lese om det. Og kva skal du med fotnotar? Kven er det som skal forske vidare på dette her?» LITTERÆR BOK – Eg sette meg ned, skreiv boka ned til 100–150 sider i løpet av tre veker, kutta ut fotnotane og leverte inn. Nett dette å ha eit slikt press på meg, gjorde at eg kunne vere nådelaus med min eigen tekst. Vekk med alt slikt fagsnakk, og alle detaljar som ikkje var naudsynte. Det tente boka på. – Med Slåttekar i himmelen visste du mindre, og du måtte dikte meir frå starten. – Mors og fars historie er ei veldig litterær bok. Ho er tenkt sånn og har ei klassisk oppbygging. Ikkje alle ser dette, dei er for opphengde i det historiske. Men det er berre éin episode i den boka som eg har funne på. Så seier folk: «Korleis kan du vite kva mormora di sa då ho sende tvillingjentene sine på skulen for fyrste gong?» Jo,


Når eg er ferdig med dette slektsmaterialet, skal eg attende til samtida. Det er nok tankevekkjande ting som hender her. Edvard Hoem

mormor sa det som alle mødrer seier, og tenkte det som alle mødrer tenkjer i denne situasjonen. Folk trur dei er så spesielle, men me er nesten heilt identiske alle mann. Eg har ikkje noka skriftleg kjelde for kva ho tenkte, men det er jo sant likevel. spinn kring Hoem sin oldefar, Knut Hansen Nesje. Han lever i Molde-traktene på slutten av 1800-talet. Han arbeider hardt for sin eigen gard og familie, men det er harde tider, og mange ser etter ei ljosare framtid i Amerika. – Denne historia har eg baksa med heile livet, om oldefar og sønene han såg forsvinne. Eg har prøvd å skrive om dette fleire gonger. Eg leverte til og med inn eit manus på 80-talet, utan at det vart noko. Det var fyrst då eg reiste til USA i 1990, at eg forstod at det var sjølve utvandringa som var motoren eg trong. Historia til den karen som bur på ein karrig plass og er flink med ljå, var ikkje nok. Det vart for stilleståande. Men den store utvandringa som hender rundt han, blir eit historisk råmeverk som set livet hans i eit ljos. Utvandringar påverkar livet hans. – Men korleis er det å skrive to liknande bøker, men med så stor skilnad på tilgjengelege kjelder? – Til Slåttekar hadde eg ikkje så mange kjelder, bortsett frå familieforteljingane. Då blir det meir dikting. Det er stoffet som avgjer. Det er lett å finne fødselsdato, konfirmasjon og død. Etter at kyrkjebøkene vart lagde ut på nettet, så er det lett å finne. Det er råmeverket. Når det er sagt, så finst det mange kjelder som ikkje går direkte på historia, men på samtida. Norsk utvandringshistorie har dreidd seg lite om sjølve overfarten. Heldigvis kom eg over ei privat nettside som hadde nett slik informasjon. Ein Børge Solem, etterkomar etter eit agentur for amerikareiser i Trondheim, har skanna og lagt ut tusenvis av dokument om drifta. Der fann eg det eg hadde bruk for. På same måte har eg brukt ein liten formue på å få kopiar av gamle amerikanske landbrukstidsskrift. Nordmenn dreiv i hovudsak landbruk, men i ukjent miljø og i ei stadig jakt på større avlingar. Alt dette gjer historia visuell og handfast. – Men er det viktig? – Det er difor eg seier at det skjønnlitteratur. Sjølve slektshistoria er jo berre interessant for slekta. Det er dramatikken mellom mor og far og verdskrigen, mellom oldefar og sønene og utvandringa som folk kjenner att. Bøkene grip om det allmenne gjennom enkeltpersonar si historie. – Blir du ikkje lei av å vere i fortida? – Jo. Problemet er at Bjørnson tok for lang tid. Og desse bøkene er det eg som må skrive. Det kjem moglegvis to til, men eg håpar at det berre blir ei. Når eg er ferdig med dette slektsmaterialet, skal eg attende til samtida. Det er nok tankevekkjande ting som hender her.

Kjartan Helleve (Tekst og foto) kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 1–2015

Meir dikting Historia i Slåttekar i himmelen

15


Når kunden din er den rikaste i New Zealand, skulle ein tru det ikkje var så viktig med nynorsk. Det er det for Kleven.

Norsk Tidend 1–2015

KLEVEN Vil ikk

16

Døra går opp, inn kjem ein kar som stiller seg opp, reinskar stemma og seier høgt: – Mine damer og herrar! Kan eg få be om merksemda ein liten augneblink? Eg vil berre få informera om at det i kveld er mogleg å gå på musikalen Ronja Røvardotter borte i Sjøborg kulturhus. Alle er hjarteleg velkomne. Ta med familien og kom! Karen blir ståande ei lita stund for å venta på ein respons som ikkje kjem. – Ja, og så vil eg gjerne ha ein kaffi. På eit hjørne i bygget som husar Ulsteinvik bussterminal ligg den relativt nystarta kafeen «Mjøl & Meir». Utvendig er ikkje bygget så mykje å skryta av, men inne i kafeen er det lunt og varmt. Det luktar brødbakst, og nysteikte bollar minner deg på at det er ei stund sidan du åt sist. Interiøret står ikkje attende for noko. Opne hyller gjer at kundane ser rett inn på kjøkenet der fleire bakarar er i sving. Interiøret er i ljost tre, stearinljos står på borda. Slagordet er «Eit godt brød er verdt å vente på», og nynorske slagord prydar dei store glasa. Eit typisk moderne bakeri. Ein skal ikkje mange år attende før ein slik serveringsstad ville hatt eit engelsk namn, i alle fall skrive café.

Blest I 2007 gav Ulstein Mållag ut heftet Blest. Nynorsk marknadsføringsspråk. Det

Vårnye klede» i staden for «Vårens nyheter» har vore nytta i klesbutikkar i mange år. Arild Torvund Olsen, Ulstein Mållag

har seinare kome i fleire opplag, no seinast i fjor haust. Det inneheldt praktiske råd og tips for å «gjera livet litt lettare for deg som vil laga god marknadsføring på nynorsk». – Det var ein del verksemder som ynskte å bruka nynorsk, men som var litt ustøe i rettskriving, fortel Arild Torvund Olsen frå Ulstein Mållag. – Det er ein del standardformuleringar som går att på t.d. reklameskilt, og det fanst ikkje så mange gode føredøme, så dei i butikkane vart usikre. Det var stort sett dei same feila som gjekk att. Då tenkte me at me kunne samla det viktigaste i eit lite hefte. Han fortel at dei fyrste hefta vart delte ut til alle verksemdene i Ulsteinvik via Ulstein Marknadsforum. Lokallag andre stader i landet tok kontakt for å kjøpe ein bunke, og avisa Firda ville ha fleire. – Dei kjøpte fyrst fem eksemplar, men berre nokre veker seinare kom ei tinging på femti til. Så me vart ganske fort utselde, og måtte laga eit opplag til. No hadde det vore utseld ei stund, så i haust kom det eit nytt opplag. Til saman har det vel blitt 2–3000 hefte, seier Olsen. – Kvifor trur du folk set pris på heftet? – Det er veldig praktisk. Det er mange butikkar og verksemder som har eit medvit

L Kleven maritime AS Vinnar av Nynorsk Næringslivspris 2014 Prisen blir delt ut av styret i Noregs Mållag Eig verfta Kleven Verft i Ulstein og Myklebust Verft i Gursken Feirar 100-årsjubileum i år

om språk, og som ynskjer å nytta nynorsk. Men det er ikkje alltid slik at dei flinke næringslivsfolka var dei som var dei beste i norsktimane på skulen. Difor set dei pris på slike konkrete råd. Samstundes inneheld heftet formuleringar som me ikkje visste om frå før, og som me lærde av folk som har drive med marknadsføring på øya lenge. «Vårnye klede» i staden for «Vårens nyheter» har vore nytta i klesbutikkar i mange år. – Kva verksemder er det som brukar bokmål? – Kjedene er eit problem, då mykje av materialet deira er produsert sentralt. Då


Rem Fortune, som Kleven Verft leverte i 2013. Foto: Kleven Maritime

Kommunikasjonsjef Ellen C. Kvalsund om bord på den enorme Viking Neptun.

krev det ein ekstra innsats, og det er ikkje alltid det er mogleg å få det til heller, seier Olsen.

Travelt verft På andre sida av Lyngnesvika ligg Kleven Verft. Mektige kraner regjerer landskapet, men det er fyrst når ein svingar av vegen, ein skjønar dimensjonane. Det står bilar parkert langs alle vegar og på alle ledige flekkar, og det er tydeleg at det går godt for verftet. Etter å ha passert vaktbua, tek eg plass ved resepsjonen. Nynorsk Næringslivspris 2014, som selskapet fekk i haust, står strategisk plassert på eit stativ tenkt til brosjyrar. Eit oppslag på veggen fortel at ei sjøsetjing vart utsett i eit par dagar. – Det var på grunn av dårleg vêr, fortel kommunikasjonssjef Ellen C. Kvalsund då ho kjem og hentar meg. – Dei fleste skipa me byggjer, skal rett ut i oppdrag. Forseinkingar er aldri populært, og det kostar. Men vêret kan me ikkje gjera noko med. Kleven har auka omsetnaden sin med om lag ein milliard i året dei siste åra, i fjor var han på fem milliardar. Grunnen er ikkje at dei byggjer fleire båtar. Dei er dyrare. Dei har medvite spesialisert seg på avanserte og veldig store offshore-båtar, men utanfor

kontorglasa ligg det også ein over hundre meter lang yacht. Det er nett tinga ein liknande, berre ti meter lenger. Dei er også i gang med å byggja eit fartøy som skal driva med undersjøisk diamantutvinning. Det er ei stund sidan Marius Kleven bygde seg ei smie og tok på seg ymse oppdrag på kveldstid. Det var i 1939. På 90-talet var verftet ein del av Kværner-konsernet, men Kværner ville etter kvart ut av skipsbygginga. Det gjorde det mogleg for Kleven-familien å kjøpa attende selskapet. I dag styrer selskapet Kleven Verft, Myklebust Verft i Gursken, i tillegg til ymse andre avdelingar og dotterselskap. Selskapet har nærare 800 tilsette. Dei sjøset ein båt annankvar månad.

Jordnære – For dei internasjonale kun-

dane har det sjølvsagt ikkje så mykje å seia at me brukar nynorsk, men det er viktig at dei opplever oss som nede på jorda, ekte og gjennomførde i det me held på med, seier Kvalsund inne på kontoret sitt. – Kan hende denne yacht-kunden, som er den rikaste i New Zealand, tykkjer det er eksotisk å byggja båt i Noreg, at det er noko anna. Om me då prøver å vera lik alle andre, så mistar me noko. Dei fleste kundane våre er likevel lokale, ute frå Herøy eller

Me tenkjer ikkje på det å bruka nynorsk som noko eksotisk eller særskilt. Ellen C. Kvalsund, Kleven

lenger sør på Vestlandet. Då er det er inga ulempe at me nyttar nynorsk. Du definerer deg sjølv gjennom kva språk du nyttar, slik er det også for verksemder av vår storleik. Ho innrømmer likevel at ho er litt ambivalent til denne merksemda. Dei set sjølvsagt pris på all skryt og ros, og ho fortel at det stadig kjem folk innom med språkspørsmål som refererer til prisen og seier at «no når me har fått denne nynorskprisen, korleis skal me eigentleg skriva dette ordet?» Men Kleven driv ikkje med språkpolitikk, dei driv næring. – Me tenkjer ikkje på det å bruka nynorsk som noko eksotisk eller særskilt. Det er språket vårt. Det er verktøy mellom mange, som me nyttar for å nå ut. Det er kjekt å bli lagt merke til, det er noko me legg arbeid i. Men eg oppfatta det som om me fekk pris for at me nytta språket godt, at me arbeider seriøst med språket. For det gjer me. Marius Kleven formulerte verdigrunnlaget vårt allereie i 1944, og sidan det vore det same: ”Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på.” Det er oss. Det gjeld i alle samanhengar. Det skal vera skikkeleg, det skal ikkje vera ein fasade. Me er frå Ulstein og i frå Gursken, Ytre Søre Sunnmøre, tjukkaste nynorskland. Det er nynorsk me har vakse opp med, det er det som er rundt oss, det er det me har lært på skulen. Dialekten

Norsk Tidend 1–2015

kje jåle seg til

17


Dei fleste delane til skroget blir bygde i Polen, før dei blir sette saman i Noreg.

– Det var stort sett dei same feila som gjekk att. Då tenkte me at me kunne samla dei viktigaste reglane i eit lite hefte, seier Arild Torvund Olsen i Ulsteinvik Mållag.

Norsk Tidend 1–2015

vår er nær normert nynorsk. Difor er det sjølvsagt at me skal nytta nynorsk, seier Kvalsund.

18

Styrevedtak Ho representerer likevel ein bransje som ikkje er kjend for å tenkja slik. Det er engelsk som dominerer hjå verfta langs kysten, og nokre vel bokmål, særleg om dei er ein del av ei større verksemd. – For oss ville det ha vore veldig kunstig. Då heimkjøpet vart gjort, og Kleven og Myklebust skulle bli eit selskap, så vart det vedteke på det fyrste styremøtet at konsernspråket skulle vera nynorsk. Tidlegare hadde det vore litt tilfeldig. Men også konsernsjef Ståle Rasmussen er levande oppteken av dette, og styreleiar Kjersti Kleven er oppteken av dette. Eg er heldig som kan arbeida i ein organisasjon det konsernleiinga er oppteken av ikkje berre nynorsk, men også godt språk. Dei meiner noko om det, og kan koma inn med ein gul lapp og seia at slike flosklar kan me ikkje bruka. Ordet «fokus» er ikkje lov å bruka. I Kleven har me ikkje fokus på ting, i Kleven gjer me ting. Me skal ikkje pynta oss med ord, seier Kvalsund. Ho byrja som kommunikasjonssjef for tre og eit halvt år sidan. Selskapet hadde vore utan ein slik person på nokre år, men kravet om å vera synleg auka. Media ville ha meir, og kampen om dei tilsette auka på. Kleven måtte bli meir synleg. Pressemeldingar omsette – Ein

journalist sa at pressemeldingane dykkar var mellom dei beste og klåraste frå verfts-

I byrjinga kom det jo e-postar frå journalistar i Oslo som lurte på når bokmålsmeldinga kom, men ho har aldri kome. Ellen C. Kvalsund, Kleve n

industrien. Det var råd å skjøna kva de snakka om. – Det er sjølvsagt kjekt å høyra. I byrjinga kom det jo e-postar frå journalistar i Oslo som lurte på når bokmålsmeldinga kom, men ho har aldri kome. Men uansett om dei har tenkt å omsetja meldinga, så trur eg at dei vil meina at det er betre å få ei god nynorsk pressemelding framfor ei engelsk. Om eg ikkje kan gjera det forståeleg, så har eg ikkje forstått sjølv. Det skal vera råd for våre tilsette å snakka om arbeidet vårt ved frukostbordet. – Hender det at dei trykkjer den nynorske teksten din? – Kan henda den fyrste utlegginga på nettsidene, men han blir gjerne omsett litt seinare, og eg ser dei aldri på trykk. Det ergrar meg ikkje, men eg tykkjer det er rart at dei tek seg tid til det. Om me ser vekk i frå dei fyrste førespurnadene frå Oslo-journalistane, så har eg sidan berre fått positive tilbakemeldingar på språkvalet. Me held hus der me gjer, og avisene i nærleiken slepp å omsetja tekstane våre. Det trur eg dei set pris på. – Eg forstod det slik at de var usikre på om det var rett å insistera på nynorsk på Oljemessa i Stavanger? – Me hadde ein liten runde på det. Slagordet skulle stå i store bokstavar på messeveggen bak oss, så me gjorde nokre forsøk på å omsetja det til engelsk. Det vart berre tøys. Det vart ikkje slik Marius sa det. Det vart ikkje oss, og heller unaturleg for dei som kjenner oss. Og så vart me kåra til ein av dei ti beste utstillarane, og ein av

dei tinga som juryen trekte fram, var nett at me nytta nynorsk på ei internasjonal messe. Klart, det er mange som gjekk glipp av det som stod der, men samstundes var det mange som spurde. Det vart ein inngang til mange gode samtalar, seier Kvalsund.

Mange språk Me forlèt kontoret, tek

på oss hjelmar og går ned til sjølve verftet. Kvalsund peikar og fortel, medan ho kikar opp for å sjekka om me går innunder ei kran. Rundt oss går arbeidarar frå og til, og ho forklarer at fargane på hjelmen seier noko om kva stilling du har. Formenn har éin farge, verneombod ein annan. Knall oransje med knall oransje vest avslører at eg er gjest. Ho slår av ein prat med ein kar på engelsk. – I travle dagar som no kan me ha opp mot 700 utanlandske arbeidarar her, hovudsakleg frå Polen og Romania. Hovudgrunnen til det er at det ikkje finst nok lokal arbeidskraft. Me er i eit område der det knapt er arbeidsløyse. Det er knallhard tevling om folk, og her slår også språket inn. Det hadde vore enkelt å argumentera for at Facebook-sidene våre berre skulle ha vore på engelsk. Men om me vil at våre tilsette skal kjenna seg att, så går ikkje det. Er du sunnmøring og les om deg sjølv på engelsk, så kjenner du deg ikkje att. – Men det må vera ei utfordring med så mange språk? – All tryggleiksinformasjon er på norsk, engelsk, rumensk og polsk. HMS-videoane


Kjartan Helleve (tekst og foto) kjartan.helleve@nm.no

Nynorsk næringslivspris 2014 Kleven Maritime fekk tildelt Nynorsk næringslivspris på landrådsmøtet før jol. – Kleven er ein stor aktør i ein viktig bransje, og har valt nynorsk som språk fordi det er språket som står dei nærast – og som viser at dei er trygge på kvar dei kjem frå. Juryen for Nynorsk næringslivspris meiner Kleven er eit godt døme å følgje for verksemder i dei nynorske kjerneområda generelt, og for større industriverksemder spesielt, seier Sveinung Rotevatn, leiar for juryen. – Vi er båtbyggjarar i ein internasjonal marknad der det meste er på engelsk, men vi har valt å bruke både engelsk og norsk. Og for oss er norsk sjølvsagt nynorsk, smilte Ellen C. Kvalsund, kommunikasjonssjef i Kleven Maritime, då ho takka for prisen. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna: «Kleven Maritime AS har gjennom mange tiår vore eit sterkt merkenamn i skipsindustrien, innanfor både nybygg og service. Kleven opererer innanfor ei tradisjonsrik næring, og

Kleven Maritime fekk tildelt Nynorsk næringslivspris på landrådsmøte i Noregs Mållag: Frå venstre: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, Ellen C. Kvalsund, kommunikasjonsdirektør i Kleven Maritime og Sveinung Rotevatn, juryleiar. Foto: Hege Lothe har eit breitt nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt. Det er eit familieeigd selskap, med djupe røter i lokalsamfunna i Gursken og Ulsteinvik. Totalt har konsernet om lag 770 tilsette. Konsernet er nominert til næringslivsprisen frå fleire hald. Grunngjevinga er den gode og konsekvente nynorskbruken i ein bransje der bokmål og engelsk er dominerande. Dette

er ei grunngjeving juryen kan slutte seg til. Kleven har eit medvite syn på val av målform, både internt og eksternt. Verksemda har mange utanlandske tilsette, og legg vekt på god norskopplæring av desse.» Juryen for Nynorsk næringslivspris 2014 har vore: Sveinung Rotevatn (leiar), Nina Refseth, Nina Berge Rudi, Magne Aasbrenn og Hilde Lysengen Havro.

Norsk Tidend 1–2015

er utan språk slik at alle skal forstå dei. Alle formenn må kunna norsk eller godt engelsk. Alle avdelingar har ein formann som kommuniserer godt med oss. Dette påverkar diskusjonen vår om språk . Men det hadde ikkje hjelpt om me gjekk over til berre å bruka engelsk. Då er det ikkje nokon grunn til å kvitta seg med norsken, seier Kvalsund. Ho vil ta meg med opp på helikopterdekket på «Viking Neptun», hundre og førti meter langt, det største skipet dei har bygd. Prislappen er 1,5 milliardar kroner. Men Kvalsund slit litt med å finna vegen. Det er så mange båtar at dei har vore nøydde til å byggja 200 meter ny kai. På vegen opp syner ho meg dei enorme lagerromma, eitt kan ta 6000 tonn med kabel. Vel oppe på helikopterdekket blir alle arbeidarane der nede som små maur. – Utan å overdriva, så handlar det om tryggleik. Me er i ein svær bransje med internasjonale aktørar, der marknaden svingar, med mykje me ikkje har kontroll over. Me må gjera det nært. Sjå ut rundt oss. Sjå kva me får til her oppe. Det er skipskonstruktørar, sveisarar, leverandørar og målarar som byggjer dei mest avanserte båtane du får nokon stad i verda. Me byggjer dei her, og så skal me liksom jåla oss til med å bruka eit anna språk enn vårt eige? Det er det ikkje nokon grunn til. I vår bransje er Ytre Søre Sunnmøre eit tyngdepunkt. Og språket vårt er nynorsk.

19


Lmållova – Det er ofte slik at vi som peikar på at staten ikkje følgjer si eiga mållov, vert kalla kverulantar. Men det er tvert om. Det er politiet som kverulerer når dei ikkje følgjer mållova, seier Jens Brekke.

– Politiet er spr – Når politiet ikkje ein gong skriv nynorsk i heimefylket, då lyt ein seie ifrå, seier Jens Brekke. Han er leiar i Vik Mållag, men det er ikkje som lokallagsleiar han har sett djupaste spora for målsaka. Det er som «mållovsklagar» han er mest kjend. Køyrer du ifrå Sogndal ut til Hella og tek ferja over Sognefjorden til Vangsnes, og køyrer vidare langs fjorden til Djuvik og deretter svingar deg opp 500 meter på ein smal og svingete veg, då kjem du dit Jens Brekke bur.

Norsk Tidend 1–2015

Ulovleg bål Der oppe i dei

20

bratte bakkane, høgt oppe og med vidt utsyn over Sognefjorden, bur han med familien. Det var også her nokre titals meter frå bustadhuset at han i fjor tende eit bål. I mai, dagen før konfirmasjonsdagen til sonen, skulle han berre rydde noko rusk og rask og tende opp eit bål utan løyve. Brått kom nokre kraftige vindkast og på nokre få minutt var elden ute av kontroll. Det lokale brannkorpset kom raskt til staden og fekk kontroll på lauselden, men eit større område vart svidd av. I juni fekk han eit førelegg på 7000 kroner for å ha brote brann- og eksplosjonsvernlova. Jens Brekke skreiv tilbake at han vedtok førelegget og ville betale bota, men bad om å få bota utferda på nynorsk. Og avslutta brevet slik: ”Vonar dette let seg ordna raskt, så eg får gjera

opp for meg, utan at me bryt endå ei lov, mållovi.”

Bot på bokmål Politimeister Ronny Iden hjå Sogn og Fjordane politidistrikt svarar at Jens Brekke ikkje har rett til å få førelegget på nynorsk. Sivilombodsmannen uttalte seg i ei liknande sak i 1994. Der skriv Sivilombodsmannen: «Ombodsmannen la til grunn at omgrepet «rettsstellet» har samanheng med rettargangen, at omgrepet femner vidare enn domstolane og at påtalemakta si påtaleverksemd går inn under omgrepet. Ut frå karakter og innhald var det naturleg å sjå utforminga av førelegg i den einskilde

Eg ville ikkje levere inn geværet før eg fekk vervemedaljen på nynorsk, og det var sjølvsagt strengt imot reglementet. Jens Brekke

saka som rettargangsverksemd som målbruksreglane ikkje gjeld for. Ombodsmannen tok atterhald med omsyn til den delen av førelegget som var skrive ut på ferdigtrykt skjema.» Til NRK Sogn og Fjordane seier Kristin Solbjør, seksjonsleiar i Språkrådet, at det er rett at Sivilombodsmannen tolka mållova slik for 20 år sidan. Språkrådet har ikkje vore samd i denne tolkinga, men har valt å følgje den.

Brev på nynorsk Saka som Jens Brekke står midt oppe i, kvervlar opp fleire problemstillingar. Politiet har ikkje malar på nynorsk, og dermed sit alle politifolk uavhengig av kvar dei arbeider eller bur i Noreg, og skriv bokmål alle saman. Dette problemet meiner Politidirektoratet at dei kan ordne i løpet av tre år. Politiet er i gang med eit stort arbeid som mellom anna skal føre til at dei jobbar på ein smartare måte. Som ein del av dette skal det også kome eit nytt system som politiadvokatane skal jobbe i, og her skal også nynorsk vere ei av målformene. Politiinspektør i Politidirektoratet, Knut Erik Huseby, seier til NRK Sogn og Fjordane at innan 1. januar 2018 skal malane på nynorsk vere i bruk. I løpet av hausten fekk Brekke fleire krav frå Statens innkrevjingssentral som er dei som har oppgåva

med å krevje inn førelegg, og i november kom brevet om melding om tvangsinnkrevjing. Nokre veker etter fekk Jens Brekke eit nytt brev frå Statens innkrevjingssentral der dei gjer det klart at han ikkje treng å betale purregebyr, berre den opphavlege bota.

Spørsmål Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) stilte i januar skriftleg spørsmål til beredskap- og justisminister Anders Anundsen der ho bad han om å syte for at Jens Brekke får bota på nynorsk og at han får svar frå Sogn og Fjordane politidistrikt på nynorsk og etter forvaltningslova . Statsråd Anders Anundsen svarar slik: «Politiet skal retta seg etter forvaltningslova og mållova så langt den gjeld. Eg legg såleis til grunn at politiet følgjer reglane i desse lovene, både no og i framtida.» Trass i denne klare uttalen frå statsråden peikar politiet framleis på uttalen ifrå Sivilombodsmannen. – I saka di peikar Politiet på at Sivilombodsmannen uttalte i 1994 at eit førelegg var å rekne som rettspleie og at det er unnateke mållova. Kva tenkjer du om det? – Det kan ikkje vere meininga at Sivilombodsmannen skal kunne nøytralisere norsk lovverk laga av Stortinget. Då er det noko hakkande gale ein plass, seier Jens Brekke.


Vernepliktsbladet kalla det ein «lukkeleg utgang» då Brekke etter 12 års kamp endeleg fekk heimevernsmedaljen sin.

Jens Brekke med fritt utsyn over Sognefjorden.

Vernemedaljen på nynorsk: «Heimevernet for fred og fridom» Alle foto: Hege Lothe

I denne saka er han også skuffa over at Sogn og Fjordane politidistrikt ikkje står meir opp for nynorsken. – Det er staten som har ansvaret for at malane og programma i Politiet ikkje finst på nynorsk. Men det er veldig skuffande at Sogn og Fjordane politidistrikt ikkje syner vilje til å få det dei skal ha på nynorsk.

Vernemedalje Jens Brekke er som sagt ikkje ukjend med å seie ifrå – og at det kan ta tid å vinne igjennom. Etter at han var ferdig med militærtenesta, gjekk han inn i Heimevernet og var med der i fleire år. Då det var tid for å avslutte heimevernstenesta, skulle han også få tildelt den tradisjonsrike vervemedaljen. Han bad om å få den på nynorsk. – Og det vart eit skikkeleg leven. Eg ville ikkje levere inn geværet før eg fekk vervemedaljen på nynorsk, og det var sjølvsagt strengt imot reglementet. Våpen skulle leverast inn straks tenesta var avslutta. Men eg stod på mitt. Stilte i bunad Etter at det hadde gått ti år utan at saka hadde fått ei løysing, sende han eit nytt brev. Og etterkvart byrja det militære byråkratiet å rulle. Tolv år etter at han var ferdig i Heimevernet, var det tid for å avslutte. Heimevernsbladet nr. 5 frå 1996 skildrar det slik: «I

bunad og marsjstølvar, med AG-en over aksla og grønsekken på ryggen. Kontrasten er hard, men for Jens Brekke er det høgtid. Det er den lukkelege utgangen på ei av dei mest spesielle og langvarige målsakene militærsystemet har sett. Som den første HV-soldaten i landet får han medalje for lang og tru teneste – på nynorsk.»

Forenkla førelegg Også saka om det forenkla førelegget for å ha køyrt for raskt med bil i 80-sona i september 1987, byrja i det små. På førelegget skriv Jens Brekke under på at han godtek førelegget «under føresetnad av at skjema kjem på

– Sivilombodsmannen skal ikkje kunne nøytralisere norsk lovverk laga av Stortinget. Då er det noko hakkande gale ein plass. Jens Brekke

nynorsk». Han fekk morske brev frå Sogn Politikammer på Hermannsverk som gjorde det klart at «om bota ikkje vart betalt innan fristen, vil bota verta innkravd av politiet på heimstaden Dykkar». – Det var temmeleg tydelege brev, men den gongen var eg så heldig at det var ein advokat som ynskte å hjelpe meg med saka. Og det var til veldig god hjelp å få så solid juridisk kunnskap for å svare departementa som var inne i saka. Sjølve saka vart ikkje løyst før etter sju år. Då vart det klart at Jens Brekke fekk bota på nynorsk, og at det vart ein rett for alle bilførarar som får forenkla førelegg, å få dei på anten bokmål eller nynorsk.

Mangslags målarbeid Vik Mållag er ikkje av dei mest aktive lokallaga i mållaget, men eit aktivt lag er det. – Vi er eit buhund-mållag. Vi kjem ut og gøyr når det trengst, smiler Jens Brekke. Men rett skal vere rett. Vik Mållag og Vik Ungdomslag skipa ei svært vellukka festframsyning då Nynorskstafetten 2013 var på vitjing. – Ein av dei tinga vi har gjort, er å gje Målprisen til Ann Kristin Flatland. Vi gav henne målprisen tidleg i skiskyttarkarrieren og ho har halde veldig godt på dialekten, fortel Jens Brekke.

Tek tid – No er det allereie snart vår att. Og bota er framleis ikkje komen på nynorsk og heller ikkje betalt. Kor langt skal du gå – kvar skal dette ende? – Eg er budd på at denne saka vil ta lang tid før ho er ferdig og avslutta. Erfaringa mi frå tidlegare saker syner at det gjerne kan gå fleire år. Og det er eg budd på at det kan gjere. Og Jens Brekke er van med å stå i striden for målsaka. – Eg kunne tenkt meg å gå i fengsel for dette. Fengselsvesenet har heller ikkje noko nynorsk, så då kunne eg gjerne fått gjort noko med det, smiler Jens Brekke. Intervjuet med vart gjort heime hjå Brekke i Djuvik i Vik fredag 23. januar. Sundag 1. februar klokka 09.43 kom denne tekstmeldinga på mobiltelefonen åt journalisten: «STORHENDING! Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø har omsett førelegget mitt til nynorsk. Fekk det i posten i går. Ein strid etat med dekning bak Sivilombodsmannen har kapitulert for nynorsken. Fantastisk! Eg betalar med glede. Problemet vidare er vel at dei køyrer vidare med resten på bokmål. Då må lovbrytarar i nynorskland oppmodast til å returnera alle bokmålsskjema, så dei må laga alle formular på bokmål og nynorsk.» Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Norsk Tidend 1–2015

råkkverulantar

21


Lmålbyte

Éin av fem blir oppfo

Norsk Tidend 1–2015

Ei undersøking Iselin Nevstad Øvrelid har gjort av språkskiftet ved vidaregåande skular i Møre og Romsdal, syner at tjue prosent av dei som byter, har vorte direkte oppmoda om å gjera det.

22

Iselin Nevstad Øvrelid er utdanna journalist og hadde i utgangspunktet ein plan om å skriva ei medierelatert masteroppgåve. Kunne det vera ein samanheng mellom kor mykje nynorsk elevane las i avisene og valet deira av språk? Etter at spørjeundersøkingane var unnagjorde, landa ho på at problemstillinga måtte endrast. – Det vart for snevert berre å skulla måla lesevanane til elevane for å kunna seia noko om kor mykje det har å seia for språkbruken deira. Derfor valde eg i samråd med rettleiar å endra fokus, fortel Øverlid. Masteroppgåva fekk namnet Språkskifte ved tre vidaregåande skular i Møre og Romsdal. Påverknad og haldningar. og er levert ved Høgskulen i Volda. Dei tre vidaregåande skulane som er med i undersøkinga, er valde ut for å samanlikna skular i ulike språkområde. Volda vidaregåande skule der nynorsken dominerer og elevane opplever lite språkpress frå bokmål, og Fagerlia og Molde videregående skole der bokmål dominerer, men som har mange elevar frå nynorskkommunar. Målbyte er ikkje noko nytt, men Øverlid vart overraska over kor mange av elevane som hadde vorte oppfordra om å byta. – Så mange som 20 prosent av alle elevane som har skifta frå nynorsk til bokmål i løpet av anten barneskule, ungdomsskule eller vidaregåande, seier sjølve at dei har vorte direkte oppfordra til å skifta frå nynorsk til bokmål. – Kven er det som oppfordrar? – Ein skulle kanskje tru at det var vener som oftast påverkar, fordi elevane ofte er opptekne av kva venene deira gjer og meiner i denne alderen. Slik er det ikkje, ifølgje det elevane seier sjølve. Dei som oppfordrar oftast til språkskifte, er foreldre og nesten like ofte, faktisk lærarar. Det er veldig tankevekkjande, spesielt rolla som lærarane har. Det hadde vore veldig interessant å finna ut meir om dette, men det får verta til eit anna prosjekt. Eg hadde ikkje sett føre meg at det totale talet var så stort. – Noko anna som overraska meg, er at det er fleire nynorskelevar ved Fagerlia videregående

«Bokmål er lettast» –

LIselin Nevstad Øvrelid Aktuell med mastergradsoppgåva Språkskifte ved tre vidaregåande skular i Møre og Romsdal. Påverknad og haldningar. Prosent av elevane som skifta frå nynorsk til bokmål: • Molde VGS: 20 prosent • Fagerlia VGS: 32 prosent • Volda VGS: 4 prosent

skole i Ålesund som trur dei kjem til å skriva bokmål i framtida, enn det er nynorskelevar ved same skulen som trur dei kjem til å skriva nynorsk. Dette kan tyda på at språkskiftet i grunnskulen og den vidaregåande skulen berre er starten, og at språkskiftet held fram når elevane tek til med studium på høgskule eller universitet eller når dei går vidare ut i arbeidslivet.

Det er heilt klart at det er «bokmål er lettast», som går att oftast blant elevane. Iselin Nevstad Øvrelid

Kvifor byter elevane språk, i fylgje arbeidet ditt? – Hovudargumentet frå dei som skiftar, er at det er lettare med bokmål enn med nynorsk. Når elevane ikkje ser og brukar nynorsk like mykje som bokmål, opplever dei at nynorsk er vanskelegare å læra enn bokmål. Dette heng saman med meistring. Kjenner elevane at dei meistrar språket, trur eg det vil gi meir positive haldningar på sikt. Eg kan ikkje seia kva dette skuldast, men ein kan spørja seg kva som er årsaka. Har læraren tilstrekkeleg nynorskkompetanse? Har læraren fått god nok kompetanse gjennom lærarutdanninga? Kjenner læraren seg trygg nok på dette i ein undervisningssituasjon? Eller er det haldningar heimanfrå som gjer at elevane tykkjer bokmål er enklare? Ser dei nynorsk verta brukt der dei veks opp? Her er mange spørsmål ein kan spørja seg. – Nokre elevar svarer også at dei likar betre bokmål, og nokre argumenterer også med at få i klassen valde nynorsk, undervisninga var på bokmål og skulebøkene var på bokmål. Men det er heilt klart at det er «bokmål er lettast», som går att oftast blant elevane. – Du skriv at det er vanskeleg å skilja ut den spesifikke grunnen til språkskifte, mange faktorar speler inn. Korleis skal ein vita kvar me skal setja inn mottiltak? – Det er fordi språkskifte er avhengig av mange ulike faktorar. Om lærarane underviser på nynorsk, om administrasjonsspråket i kommunen er på nynorsk, om elevane møter nynorsk på butikken, om dei ser verksemder brukar nynorsk osv. Men kva med alt som skjer indirekte? Det er vanskeleg å måla kor mykje det har å seia for om elevane held på språket sitt eller ikkje. Volda vidaregåande skule har ikkje så mykje bokmålspåverknad utanfrå som dei vidaregåande skulane i Ålesund og Molde har. Sjølv om argumenta for å skifta frå nynorsk til bokmål

Arkivillustrasjon

ser ut til å vera like blant mange av elevane, er kvar situasjon unik. Alle elevane har sine eigne opplevingar av språkskifte, og nokre skiftar også fleire gonger i løpet av grunnskulen og vidaregåande. Det trengst meir forsking på kva som er problemet ved kvar enkelt skule. Men når ein ser at så mange av elevane seier at dei har vorte direkte oppfordra til å skifta av foreldre og lærarar, så er vel det kanskje ein peikepinn på at det er der ein bør byrja. Lærarar som treng og ønskjer det, bør få heva kompetansen sin i nynorsk, og det er som prosjektet Målstreken tidlegare har peika på: Styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål bør få konse-


kvensar for korleis ein underviser, også i nynorsk som hovudmål. Dette må inn i lærarutdanninga, og det må finnast i vidareutdanningsprogram. Lærarar og skuleleiing har, og bør ha, handlingsrom for sjølve å leggja opp til gode metodar for å ta tak i språkskiftet. Det er dei som kjenner elevane sine best, og det er dei som er nøkkelen til å få det til. Men dei treng nasjonale tiltak for å klara det, som klare handlingsplanar og politisk vilje.

større enn skulen – Du tek

også til orde for at dette burde vera eit emne ikkje berre for kultur-/språkforsking, men også for samfunnsfaga. – Som eg seier i oppgåva: Det

er gjerne eit poeng at språkforskarar kanskje ikkje er dei beste til å undersøkja korleis og kvifor haldningar oppstår og vert slik som dei er. For kvar går eigentleg grensene mellom kulturfag og språkfag? Eg meiner at det samfunnsfaglege aspektet i (skrift)kulturfag er noko som dei ofte reint humanistisk orienterte språkforskarane burde fokusera meir på. Samfunnsfunksjonane spelar ei viktig rolle i kor vidt språkskifte er eit problem eller ikkje. Derfor må vi ikkje vera redde for å arbeida tverrvitskapleg. Vi veit for lite om prosessane rundt påverknaden som fører til språkskifte og treng meir forsking på det. Eg sjølv har valt meg ein meir

språksosiologisk innfallsvinkel enn sosiolingvistisk innfallsvinkel, fordi eg går meir inn på sosiale forhold og funksjonane i samfunnet når eit slikt språkskifte skjer. Gjennom arbeidet som journalist er eg likevel litt svak for samfunnsfunksjonar. – Oppgåva di kjem i (nesten) same svingen som rapporten frå Målstreken og doktoroppgåva til Eli Bjørhusdal. Kor mykje hjelp har du funne der? – Målstreken er eit godt arbeid som har vore med på å inspirera til forsking på dette feltet. Prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus gav meg innsyn i spørjeskjemaet dei hadde brukt, og eg fekk stor nytte av det når eg skulle utforma mitt eige spørjeskjema. Når det gjeld Eli Bjørhusdal,

er det eit veldig spanande doktorgradsarbeid ho har levert, og det at ho plasserer omgrepa målbyte og språkskifte inn i eit språkpolitisk perspektiv, var avgjerande for at eg konsekvent har nytta omgrepet språkskifte i oppgåva mi i staden for målbyte. Eit anna godt bidrag til feltet er Anne Steinsvik Nordal si hovudfagsoppgåve tilbake til 1997, som var ei språkhaldningsundersøking om bakgrunn for skifte av skriftspråk frå nynorsk til bokmål, der ho spurde niandeklasseelevar ved Volda ungdomsskule. Ho fann at foreldra ikkje i særleg grad er engasjerte i skriftspråkspørsmålet ved skulen i Volda. Sidan mine funn viser at foreldra ser ut til å påverka mest til språkskifte ved Molde og Fagerlia videregående skole, der det er utprega språkskifte, kan det verka som at foreldra der er meir opptekne av det enn i Volda. Men dette kan ikkje eg slå fast sikkert. Eg har også fått inntrykk av at skriftspråkspørsmålet engasjerer elevane mykje, men ja, utprega meir på dei skulane der nynorsk står under press og med stort tal på bokmålselevar, fordi dei har sterke meiningar om spesielt sidemålsundervisninga. – Kva tilskot kjem oppgåva di med? – Funna mine kan på ingen måte generaliserast for andre skular eller fylke, men gir oss ein peikepinn på korleis situasjonen er på desse skulane og kva utfordringane deira er knytt til språkskifte. Eg har funne ut meir om i kor stor grad språkskifte er eit problem ved desse skulane, kven som skiftar, kvifor dei skiftar, at påverknad har mykje å seia, at haldningar ser ut til å spela ei vesentleg rolle, men også at det framleis er mykje som kan undersøkjast vidare. Så håpar eg berre det arbeidet eg har gjort, kan vera nyttig og interessant for andre.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 1–2015

ordra til å byta språk

23


Kven er eg

Lminoritetsspråk Kvensk Ungdomsnettverk vil gjera folk stolte av det kvenske språket, og brukar Bob Geldof-metoden som verkemiddel.

Som ein del av Kveeni-Luusit – eit prosjekt for å opplysa elevar på vidaregåande skule i Troms og Finnmark om kvensk språk og kultur – har Kvensk Ungdomsnettverk laga ein låt og ein musikkvideo med ein enkel bodskap: Du kan vera ein kven.

debut i samtidsmusikken

Nora Marie Ollila er leiar i Kvensk Ungdomsnettverk, eller Kveeninuoret, og er prosjektleiar for Kveenilusit og produksjonen av låt og musikkvideo. – Det er kanskje sjeldan kost med kvensk i samtidsmusikken, men no kan det skyta fart, seier Ollila og flirer på telefonen. Ho er overvelda av reaksjonane på musikkvideoen, som skal vera eit kulturelt innslag i deira misjonstur for å opplysa elevane i Troms og Finnmark om kvenane. – Det å vera nordnorsk og ikkje å ha høyrt om kvenane, er jo veldig spesielt. Men slik er det for mange. Med på prosjektet er fleire kvenskætta artistar, som Petter Pogo frå Jokke og Valentinerne, og Emelie Nilsen frå The Blacksheeps. – Prosjektet er inkluderande, det er ikkje mot nokon, men for nokon. Og denne biten av norsk kultur fortener merksemd, sa Petter Pogo til Ruijan Kaiku.

nal minoritet i Noreg, kvenane er etterkommarar av finskspråklege som kom til Nord-Noreg frå grensa mellom Sverige og Finland. Språket er basert på finsk, med norske lånord, og er på vikande front. – Det kvenske språket er i ein veldig sårbar situasjon no, og me må handla raskt om me ønskjer å halda språket vårt i live. For å hindra at kvensk språk døyr ut, er det heilt naudsynt å heva det til nivå tre i det europeiske språkcharteret., seier Ollila. Europarådet sitt språkcharter er den europeiske pakta om regionale språk eller mindretalsspråk.  Charteret har tre nivå, og i dag er kvensk plassert på nivå to. – Om kvensk språk blir heva til nivå tre, får me moglegheita til å gi nytt liv til språket. Det vil nok vera avgjerande for om me har eit kvensk språk i det heile om 50 år, seier Ollila. Fleire stiller seg bak ønsket om å plassera kvensk på nivå tre i charteret, og mellom anna har fylkestinga i både Troms og Finnmark stilt seg samrøystes bak forslaget. No har òg Tromsø-ordførar Jens Johan Hjort

Frå innspelinga av musikkvideoen, Emelie Nilsen frå The Blacksheeps framfor mikrofonen. Foto: Joakim Jaksland

Norsk Tidend 1–2015

– Pissa meg ut Både låt og musikkvideo er veldig lik veldedigheitsprosjektet til Espen Lind og Lene Marlin etter tsunamien i 2004, der norske artistar samarbeidde om låten «Venn» – eit prosjekt som i sin tur gjekk i fotspora til Bob Geldof sitt Band Aid. I Kveeninuoret sin versjon syng dei «Eg kan vera ein kven, og sei det til alle», og teksten er omskriven av Eskild Johansen, Stein Olsen, Katriina Pedersen og Ollila sjølv. – Det passar så bra. Eg heldt på å pissa meg ut då Eskil kom med forslaget om å skriva om «Venn». Då me sendte ideen rundt til fleire andre i det kvenske miljøet, tykte dei òg det var kjempemorosamt, så me fekk grønt lys, fortel Ollila.

24

Rappa sjølv Eit problem i prosjektet, fortel Ollila, var at Ravi rappar i den originale versjonen av «Venn». Saman med eit ønske om faktisk å bruka det kvenske språket i songen, vart det etter kvart sjølvsagt at rappebiten skulle gjerast på kvensk. Kven som skulle gjera det, var eit heilt anna spørsmål. – Etter kvart måtte eg berre ta det sjølv. Det var utruleg artig å sjå språket i ein slik situasjon, og eg tykte resultatet vart bra, seier Ollila – som aldri hadde rappa før denne songen. Ein sårbar situasjon Det kvenske folket er ein offisiell nasjo-

bedt regjeringa om hjelp til å redda det kvenske språket.

handlar om haldningar

I desse dagar planlegg Kveeninuoret ruta for skuleturneen i KveeniLuusit-prosjektet. – No er det planleggingsdagar i skulen, men så snart me veit at me er ein del av timeplanen, reiser me ut, seier Ollila. – Mange er interesserte og ønskjer meir informasjon, men dei får ikkje tak i det. I skulen, lære-

verket og læreplanane har kvensk fått ekstremt lite plass, slik som andre nasjonale minoritetar. Det er mange som går gjennom heile skuleverket utan å høyra noko om kvenane. – Kva kan folk flest gjera sjølv for å redda det kvenske språket? – Det handlar om haldningar. Å visa respekt for kultur og språk, og at det får den statusen me ønskjer. Og så kan du melda deg inn som medlem i organisasjonar som oss.

Anders Veberg/Framtida.no


Foto: Stig Brøndbo, UiT

Første grammatikkbok på kvensk

Styret i Kveeninuoret – Kvensk Ungdomsnettverk, med leiar Nora Marie Ollila framme i kvitt sjal. Foto: Kveeninuoret

Det kvenske språket skal reddast. Tromsø-ordførar Jens Johan Hjort (biletet) ber regjeringa om hjelp. Den kvenske nettavisa Ruijan Kaiku skriv om ordføraren i Tromsø, Jens Johan Hjort (H), som i ei pressemelding vender seg til regjeringa for å få hjelp til å redda det kvenske språket. Kvensk, som er eit offisielt minoritetsspråk, ligg i dag på nivå II i Det europeiske språkcharteret. Målet til Hjort og fleire andre er å få språket opp til nivå III, som vil setta ulike krav til regjeringa om å halda språket levande. Hjort fortel at han var klar over at det kvenske språket var utfordra, men det var då Kvensk Ungdomsnettverk utfordra han til å vera med i musikkvideoen sin og ta saka vidare at han vart klar over kor alvorleg det faktisk var. – Dette handlar om kulturhistoria vår, og ein brutal fornorskingsprosess som har gått ut over både samisk og kvensk kultur. Når uretten er gjort, må ein legga seg i selen for å gjera det godt att. Han har ikkje fått svar frå regjeringa, men det skuldar han på romjula. Han lovar likevel å ta saka vidare ved første høve. – Eg får faktisk besøk av kulturminister Thorhild Widvey fleire gonger i den kommande månaden, og då kjem eg til å ta opp dette med ho. Kvensk vart eit offisielt nasjonalt minoritetsspråk i

2005, og det hadde vore fint om Widvey kunne vera den som løftar språket opp. Gjennom kontakten med kvensk ungdom har Hjort blitt imponert over engasjementet. – Eg ser at unge kvenar er veldig opptekne av å redda språket og kulturen sin, og ingenting er hyggelegare enn det. Når ei slik innstilling er på plass blant dei som faktisk skal bruka språket, er det ekstra viktig at noko blir gjort. Regjeringa allereie har sett i gang fleire tiltak for å styrka det kvenske språket, ifølgje statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet. Han legg til at engasjementet til Hjort og dei andre som kjempar for det kvenske språket, blir ønska velkommen. – Revitalisering av kvensk språk er ein viktig del av språkpolitikken. At kvensk er omfatta av del II i språkpakta, betyr at staten har folkerettslege pliktar til å setja i verk tiltak som støttar kvensk språk. Borgundvaag fortel at Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny språklov, og at dei i denne vil foreslå å lovfesta statusen til kvensk språk og det offentlege ansvaret for å fremja det. Men han kan ikkje lova noko om å løfta kvensk til nivå III i språkcharteret. Borgundvaag presiserer òg at språkcharteret sitt nivå II ikkje set nokon grenser for kva positive tiltak ei regjering kan gjera, og at Regjeringa støttar det lokale arbeidet som blir gjort for å utvikla kvensk.

Anders Veberg/Framtida.no

Anders Veberg/Framtida.no

Noregs Mållag stør kvensk språkkrav – Styret i Noregs Mållag stør ei oppgradering av kvensk språk frå nivå to til nivå tre i den Europeiske Minoritetsspråkspakta, heiter det i ei fersk fråsegn frå styremøtet i Noregs Mållag. – Som den største språkorganisasjonen i landet, vil Noregs Mållag at også denne delen av språkmangfaldet i Noreg skal haldast i hevd. Brukarane av kvensk har gjennom tida vore utsette for ein knallhard fornorskingspolitikk. Det har gjort at språket i dag vert rekna som truga. Fyrst i 2005 fekk kvensk status som eige språk, og dei siste to åra har språket fått både lærebøker og ein grammatikk. – Ved å vedtaka ei nivåheving kan regjeringa bidra til å halda liv i det kvenske språket og gje ny kveik til det kvenske språksamfunnet.

Norsk Tidend 1–2015

Ber regjeringa om hjelp

Det kvenske språket har tatt eit stort steg no, og fått si eiga grammatikkbok – etter 300 år. Det skriv Noregs Arktiske Universitet. Det er 300 år sidan kvenane etablerte seg i Noreg, og det er ikkje forferdeleg mange som brukar språket heller. Nokre få tusen i Nord-Troms og Finnmark snakkar språket, som er eit offisielt minoritetsspråk i Noreg. Framtida til kvensk har lenge sett dyster ut, og sjølv om mange kjempar for å bevara språket, er det på vikande front. – Det finst ikkje nøyaktig oversikt over kor mange som kan kvensk, og så vidt me veit er det ikkje lenger nokon barn som snakkar kvensk. Språket er i ferd med å døy ut, seier Eira Söderholm. Ho har akkurat gjort sitt for å redda språket. Ho har forfatta den første grammatikkboka for kvensk, på kvensk – Kainun kielen grammatikki. Söderholm er kvensk språklærar og førsteamanuensis ved Institutt for språkvitskap ved UiT. Eit mål for dei som kjempar for å bevara det kvenske språket, er å få heva språket til nivå III i Det europeiske språkcharteret. I dag er kvensk på nivå II, og ei oppgradering vil gjera myndigheitene pliktige til å ta vare på språket i mykje større grad. – Om kvensk språk blir heva til nivå tre, får me sjansen til å gi nytt liv til språket. Det vil nok vera avgjerande for om me har eit kvensk språk i det heile om 50 år, seier Noora Maria Ollila, leiar i Kvensk Ungdomsnettverk.

25


Lmålgåver

Gåver til Noregs Mållag Takk! Frå 11. november til 2.februar fekk Noregs Mållag 258 080,– i gåver. Dette er noko me er særs takksame for. Lista under er namna på dei som gav.

Norsk Tidend 1’–2015

Aust-Agder Mållag Scott Aanby Torfinn Brokke Kristine Foss Rolf Fredriksen Reidun Gilje Kåre Hagane Torleif B. Harstad Olav Hoftuft Knut K. Homme Torbjørg Katerås Karl Kråkedal Gunvor Lande Kåre Mogstad Rune Nylund Olaf N. Oland Anne Oland Sigrid Bjørg Ramse Olav Repstad Kåre Rike Sigrid Rike Rysstad Øystein Rød Johannes G. Torstveit Helge Ove Tveiten Olav Vehus Jens Vellene Johannes Havstad

26

Austmannalaget Olaug Aaberge Brynjulv Aartun Magnus Amdal Steinar Bakken Bård Benum Jostein Brenden Per Brumillom Gunnar Eide Torhild Ekre Frode Erstad Harald Ove Foss Ola Garmager Kjell Gulbrandsen Erik Hanssveen Olav Haraldseid Solfrid M. Harildstad Magnhild Harsheim Bjarte Hole Ola Holen Guttorm Horten Per Rolf Johnsen Kristin Kirkestuen Ragnhild Kjorstad Turid Kleiva Håvard Kleiven Ola Klepp Grete Langodden Gunnar Lien Mari Lien Mildrid J. Lunder Odd Arne Nustad Gerd Nyland Hans M. Næss Olaf Nøkleby Jørgen Nørstegard Inga Johanne Pighaug Liv Eva Preststulen Tor Rogne Oddvar Romundset Magne Rydland Arne Skuterud Nils Steinar Slapgård Ragnhild Utgård Smette Marit Steinsrud Kåre Sveinhaug Sigrid Trøite Thøring Ola Tronsmoen

Lars Ullgren Olav Veka Magne Velure Bjørn Liavaag Visø Åse Grønlien Østmoe Bjarne Øygarden Buskerud Mållag Niri Baklid Gunvald Bergan Herbjørn Brennhovd Sverre Heimdal Ingebjørg Henriksen Nils Amund Hitland Syver Hjelmen Oddbjørn Jorde Klaus Lågøyr Gunn-Torill H. Mathisen Astrid Nilstad Odd Oleivsgard Arne Ommedal Halle Perstølen Ola Ruud Line Sandvik Knut V. Seim Dagny Irene Skare Knut H. Skrindo Einride Tinjar Knut S. Torsteinsrud Sigrun Torsteinsrud Sigurd Tveito Olav Wøllo Kjell Snerte Fylkesmållaget Vikværingen Bergfinn Aabø Solveig Fiskvik Aamodt Ivar Aasen Ruth Amdahl Norunn Askeland Børre Austmann Lillian Austnes Leidulv K. Bergwitz Sigmund Birkeland Gerd Bjørke Erlend Bleie Reidar Borgstrøm Magnhild Brekke Herfinn Brekke Hæge Marie Roholdt Brunvatne Kjell Bø Karen Bø Tormod Bønes Erlend Lunde Colleuille Alv Reidar Dale Tove Karina Eidhammer Turid Farbregd Ingar Daffinrud Fjeld Mass Flatråker Olav Frøystadvåg Torfinn Fuhr Kim S. Fureli Otto Gjerpe Kåre Glette Randi Grann-Tronvoll Jarle Grimstad Oddrun Grønvik Gunnvald Grønvik Ola M. Heide Mildrid Helland Botolv Helleland Astrid Hernes Sigrun Heskestad Audun Heskestad

Halldor Hoftun Joar T. Hovda Marit Hovdenak Olav Høgetveit Ingeborg Hauge Høyland Olav Bakken Jensen Jens Kihl Laurits Killingbergtrø Turid Louise Quamme Kittilsen Harald Sverdrup Koht Bård Kolltveit Johannes Kvammen Tove Harriet Eeg Larsen Edvard Lauen John Petter Lindeland Mette Ulland Lund Trond Øivindsson Lunde Lars Meling Remi Moen Magne Myhren Øystein Njål Nordang Sigurd Nordlie Kjellaug Norli Svein Johann Ose Anders Paulsen Kari Rysst Paulsen Rolf Egil Pedersen Yngve Rekdal Reidar Ristvedt Asbjørn Roaldset Magnus Robberstad Olav Røvang Erik Simensen Olav R. Skage Inger Skjelmerud Arve Skutlaberg Sigrid Skålnes Terje Svardal Ellen Marie Svea Sissel L Sæbø Jostein Sønnesyn Tordis Thorsen Svein Olav Throndsen Olav Nils Thue Jostein Tjore Øystein Tormodsgard Stein Tveite Gudrun Dahler Vik Lars Sigurdson Vikør Kjetil Vistad Agnes Råket Vågslid Hallgerd Wangensteen Arne Wåge Håkon Ørjasæter Hordaland Mållag Ivar Bård Aadland Olav Aas Arne L. Aksnes Livar Aksnes Otto Aksnes Olaf Almenningen Arne Alsaker Sigrid B. Andersen Madli Arnestad Edel Augestad Anny Bastesen Håkon M. Berge Olav Berge Daniel Berge Oddbjørn Berge Marit Berge Eli Bergsvik Dagrun Berntsen Ansgar Bjelland

Solveig Bjørkevoll Bjørn Bjørlykke Reidun Bjørnberg Audun Bjørnberg Asbjørn Bjørnset Lars O. Bleie Eivind Blindheim Einar Borgund Arne Brattabø Jostein Brattabø Tor Brattebø Elfrid Brekke Reidar Bremerthun Endre Otto Brunstad Kristian Bruåsdal Jostein Buene Rannveig Bårtvedt Arve Dale Jan Davidsen Olav Digernes Randi Engelsen Eide Nils Eidhammer Bjørgulv Johan Eik Frøydis Eiken Jakob Eldøy Nils M. Engelsen Øystein Erstad Olav Fagerbakke Jarl Fimland Normann Fjeldstad Sverre Fjell Jomar Flatekval Kåre Flokenes Anne Karin Fonneland Kari Fosse Olav Freim Harald Frønsdal Jan Egil Furunes Berly Mjøs Giljarhus Nils L. Gjelland Asbjørn Gjerde Astrid Tove Kjellevold Grov Solveig Grønlien Jakob Gullberg Mildred Haakaas Olav L. Hannisdal Oddlaug S. Hansen Magna Hatlebakk Lars Sigurd Hattaland Liv Else Haugland Aina Isdal Haugland Åshild Haukås Johannes Helland Aslak T. Helleve Aslak L. Helleve Knut Johannes Helvik Jan Kåre Henriksbø Kåre Herfindal Kjartan Hernes L. O. Himle Asle Hindenes Marit Hjartåker Elin Hjelmeland Sverre Hope Karl Hope Ingvild Hovland Irene Hunskår Bjørn Husefest Dagfinn Iversen Else Jerdal Sniolvur Joanesarson Ingebjørg Jordal Gunvor Jåstad Randi Marås Kalve Bjørg Kaurin Folke Kjelleberg Frode Kjoberg Vigdis Marie Knudsen Leif Knutsen Kjetil Koldal Helga Kolstad Trygve Kråkevik Magne Kvæven Berit Kyrkjerud

Åsta Kårevik Rolv Landøy Torfinn Langelid Knut Langesæter Haldor K. Lid Olav Lien Åsmund Lien Torgrim Ljones Gunnvor Bodil Lothe Kåre Lutro Tore Lyssand Torstein Løning Ove Leon Låstad Lars J. Låte Jørgen Markhus Solveig H. Michelsen Anne Marie Midtbø Synnøve Midtbø Myking Jostein Mykletun Einar Myster Herborg Mæland Johannes A. Måge Marit Nedreli Nils N. Nesheim Randi Nordjord Nils Nytveit Gerd Dårflot Olsen Agnar Omvik Oddlaug Oppedal Aud Oppedal Anfinn Otterå Olai Otterå Inga Rasdal Lars Riise Inger-Johanne Rossebø Kaare Rundhovde Arne A. Rykke Atle Reidar Rød Øyvind Røen Sigmund Røstum Lars K. Sandven Solbjørg Åmdal Sandvik Heidi Seilfaldet Torbjørn Seim Mons Ole Dyvik Sellevold Torbjørg Sjøberg Bjarne Skarestad Gunvald Skeiseid Bjarne Skjold Bernhard Skjolde Arnlaug Skjæveland Per Skjæveland Harald Skorpen Marie Skålnes Solbjørg Slettebakken Jostein Småbrekke Harry Solberg Jan Oddvar Solli John Stavland Idar Stegane Karin Steinsletten Gerhard Inge Storebø Nelly Storebø Bjarne Storheim Jon Strand Gunnar Reidar Stusdal Edith Stusdal Rolf Sigmund Sunde Kurt Svensson Audun Sydnes Lars Børge Sæberg Leif Helge Særsten Kjell Gudmund Søholt Ingebjørg Søreide Arne Søyland Øyvind Teigen Erling Thu Harald Tjønn Erling Toft Arne Tokheim Torgeir Torvik Håkon Træland Harry Tunestveit Kjell Thore Tungesvik Hans Tveit

Odd Tøndel Tora Tønder Kirsten Ulveseth Olav Ulveseth Helga T. Utne Brynhild Utne Terje Gerhard Valen Rigmor Nesheim Vaular Øyvind Vevle Liv Vike Erling Vikesland Inger B. Vikøren Arne Villanger Ingebjørg Viste Karl Helge Watnedal Jonas Ystaas Olav Ånneland Magne Århus Karmsund Mållag Steinar Aalvik Torunn Alnes Elise Dørheim Lars Eikehaugen Synneva Flesland Stein Oddvar Gravelsæter Katrine Græsdal Torill Borge Horneland Olav Torfinn Jondahl Svend Kjetland Anne Brit Klungland Solveig Lunde Leiv Karsten Medhaug Hanne Marit Molland Paul Mølstre Harald Orvedal Ingebret Paulsen Gunlaug Pedersen Borghild Sævereide Prestegård Åse Berit Rolland Eyvind Rossebø Askild Rullestad Trygve Sandvik Magne Skjervheim Svein A. Strømme Lars Sævereide Jon Olav Tesdal Hans Olav Tungesvik Jon Olav Velde Svein Terje Vestbø Ingolv Vevatne Arne Vevatne Åsmund Vinje Anny F. Øverland Yngve Øvstedal Naumdøla Mållag Håvard Avelsgaard Odd Bach Jan Gaute Buvik Toralf Engesnes Egil Andreas Helstad Liv Marit Idsø Kjell Nyland Nordland Mållag Kåre Fuglseth Tore Moen Nordmøre Mållag Jon Kristian Aune Olav Bergheim Anne Grete Witzøe Botten Ola Bræin Styrkår Brørs Arild Drøivoldsmo John O. Dønheim Brita Fladvad Tora Kjelleberg Asbjørn Klaksvik Jorunn M. Kvendbø Ingrid Lysberg Oddvar Moen Henry Opland


Rogaland Mållag Kjell Aambakk Gunvor Aardal Audun Aarflot Leiv Alvsaker Sigmund Andersen Ingegerd Austbø Johannes Bakka Trygve Brandal Arne Braut Geir Sverre Braut Alf Jan Bysheim Gerd Helen Bø Randi Ellingsen Else Fagerheim Eirik Daniel Fatnes Åse-Berit Fidjeland Alma Figved Jan Finjord Solveig Moe Fisketjøn Jon Fosså Bjarne Fowels Ingrid Gjesdal Ranveig Gudmestad Anny Hagesæter Nils Johan Hallaråker Lidvor Hatteland Kari Ingfrid Hatteland Ola Hauge Astrid Heigre Halvard Helseth Arna Herabakke Rasmus Hetland Per Hoftun Terje Håland Odd Jørstad Norunn Kalvatn Sigrid Kjetilstad Steinar Kjosavik Inge Kjøde Anne Margrethe Kolnes Nils Ingvar Korsvoll Jon Laland Hallgeir Langeland Georg Løvbrekke Eli Marvik Sofie Meling Lars Mo Per Moen Reidar Nesheim Lise Lunde Nilsen Ingvar Olimstad Oddbjørg Oma Aslaug Opheim Åshild Osaland Signe Randa Svein Risa Gunvor Risa Torleiv Robberstad Ole Bjørn Rongen Audun Rosland Magne A. Roth Atle Røe Thorhild L. Rørheim Rolf Salte Gerd Sandsmark Bergljot Selvåg Jostein Selvåg Ingeborg Skjerpe Kåre Skår Lars Slåttå Målfrid Snørteland Tom Soma Rolf Soma Torgeir Spanne Hans Spilde Jon Stangeland Inga Stokka Odd Sigmund Sunnanå

Brit Harstad Sværen Einar Sæland Hogne Sønnesyn Svein Kjetilson Søyland Svein Kåreson Søyland Per Thygesen Oddrun Tjeltveit Anders Tofte Kåre Torvanger Kurt Tunheim Torhild Øvregård Tveit Knut Vadla Ottar Vandvik Reidar Vik Øydis Helene Westersjø Anne Elise Winterhus Romsdal Mållag Dagrun Gjelsvik Austigard Petter Inge Bergheim Solrun Beathe Bugge Kristine Eidhamar Rose Maiken Flatmo Brit H. Friisvold Einar Helde Arnhild Digernes Krøvel Gunnhild Austlid Oppigard Karen Os Asbjørn Oterhals Knut Romestrand Arnt Øyvind Siem Ivar Vereide Kåre Vold Øystein Øye Oddmund Svarteberg Sogn og Fjordane Mållag Vemund Aartun Georg Arnestad Per Inge Bale Saxe Bjørkedal Kari Blåflat Eivind Brekke Oddbjørn Bukve Audun Bøyum Annbjørg Eikenes Gjertrud Eikevik Arne Eldegard Arnfinn Jørgen Eldegard Eldbjørg Stegane Engebø Dag-Erik Eriksmoen Marta E. Fjærestad Jan Martin Frislid Reidar Fristad Rigmor Frøyen Ottar Færøyvik Einar Gautefall Arne Gjeraker Dagfrid Grepstad Leif Grinde Olav Grov Jon Gåsemyr Oddlaug Hammer Mona Hamre Margit Hovland Hamre Hans Haugen Jon Heggheim Svein Heggheim Johannes Helgheim Jørgen Helgheim Eivind Helleland Johan Torgeir Holvik Bjørn Nesse Hunderi Liv Husabø Målfrid Husnes Sverre Indrehus Bjarne Kaarstad Ingunn Kandal Odd Kinden Rannveig Tveit Kirkebø Ragnhild-Lise Furnes Korsvoll Liv Janne Kvåle

Johan Kyrkjebø Magny Kårstad Kåre Lerum Jon Ove Lomheim Lars Lotsberg Rune Lotsberg Aud Jensine Lunde Atle Hagen Lunde Håkon Lundestad Steinar Dahl Lægreid Terje Moe Kjell Magnar Myklebust Knut Ole Myren Olav Myrhol Julie Kristine Ness Anna Njøs Kolbjørn Nord Per Scott Olsen Vidar Otterstad Oddbjørn Ramstad Jon Ramstad Tordis Randmo Asbjørn Rutledal Einar Rysjedal Signe Marie Rønnekleiv Steinar Røyrvik Arve Sandal Marta Kari Schawlann Karen Sindre Jon Skjeldestad Signe Skjeldestad Knut Atle Skjær Erik Skogli Synneva Kolle Solheim Unni Stedje Harald Steiro Irene Stokker Ola Magne Strand Magn Jarl Stubhaug Karsten F. Sunde Harald Systad Gunnhild Systad Magne Sæterlid Jakob Thingnes Tore Thingvold Kari Malmanger Torstad Reidar Tveit John Elling Vereide Jens Vestrheim Øystein Vikesland Ingebjørg Voll Liv Østrem Ragnhild Ås Sunnmøre Mållag Anders Aasebø Håkon Almestad Åsmund Arne Oddfrid Nora Bell Knut Slinning Bjørdal Odd Bjarne Bjørdal Dagfinn Bjørkedal Sigurd Olav Brautaset Liv Brekke Åshild Dale Linda Dyrhol Knut Falk Per Fauske Mård Torgeir Fauskevåg Karen Randi Festøy Tore Gjære Per Halse Asbjørn Hatlehol Gunnvor Hatlestad Jorunn H. Henriksen Sigrunn Heggheim Hovde Astri Hunnes Torstein Huse Ingrid Runde Huus Jørund Kile Jakob O. Kjersem Gunvor Krogsæter Liv Kari Krøvel Marit Kvammen Else Løndal

Kåre Sigmund Opsahl Barbro Ose John Osnes Britt Oterholm Einar Pettersen Lillian Ramnefjell Torbjørn Rekdal Torleiv Rogne Gunder Runde Åge Magne Sandvik Ola L. Steinsvik Kjell Roger Straume Asgeir Tandstad Dagrun Torvanger Randi Flem Ulvestad Eldrid Vik Svein Vinje Sveinung Walseth Knut Ytterdal Lars Ørjasæter Kjell Arne Årseth Telemark Mållag Dag Aanderaa Erlend Bakke Hege Bakken Eva Bergø Lars Bjaadal Halgeir Brekke Sigrid Bø Tjøstov Gunne Djuve Per Engene Gunlaug Fjellstad Jon Funner Anne Karin Funner Asbjørn Gardsjord Gunhild Gardsjord Hans Magne Gautefall Torgeir Grimstveit Lavrans Grimstveit Asbjørn Nes Hansen Svanhild Haugen Jarle Helle Jan Holme Ragnhild Hovda Hallgrim Høydal Jon Ingebretsen Halvard Jansen Olav K. Jørgedal Åse Klakegg Erling Langleite Aslaug Langåsdalen Svein Olav Lie Knut Løvlund Olav Mosdøl Ellen Bojer Nordstoga Jakob Olimstad Birger Risnes Sigmund Romtveit Helge Rykkja Bjørn Seljebotn Tore Skaug Gunvor Solberg Olav Stranna Alv Halvor Straumstøyl Sondre Svalastog Olav Teigland Tone Telnes Olav Tho Anne Elise Thorvaldsen Borghild Tveit Kari Tveit Jon Tvitekkja Borgny Slettemoen Tøfte Johan Vaa Kristi Veseth Halvor Øygarden Troms og Finnmark Mållag Malin Midna Berg Terje Christoffersen Terje B. Dahl Knut O. Dale Vidkunn Eidnes

Sveinung Eikeland Karl Ragnar Engstad Torgeir Engstad Eldbjørg Gjelsvik Magne Heide Olaug Husabø Sigrun Lunde Magnar Mikkelsen May Johanne Molund Atle Måseide Rønnaug Ryssdal Sigrid Skarstein Guri Skeie Sunniva Skålnes Karin Vrålstad Bjørnar Østgård Trønderlaget Svein Aarnes Reidar Almås Kjell Bardal Einar H Bartnes Arne Bjørdalsbakke Oddrun Bjørgum Kari Synnøve Bjørndal Karl Ove Bjørnstad Astrid Dalslåen Olaug Denstadli Olav Engan Ola Stuggu Fagerhaug Tore Fagerhaug Helge Fiskaa Arne A. Frisvoll Anders Gjelsvik Oddbjørn Gorsetbakk Magnhild Gravdal Gisle Andreas Green Gunhild Grue Anders Gustad Sigrid Haavik Jan Ragnar Hagland Sivert Hestveit Øyvind Hoel Inger Sandvik Jarstein Ingrid Lill Kolset Håkon Lasse Leira Jens Loddgard Borghild Kristin Lomundal Lars Kolbjørn Moa Kristine Kaasa Moe Olav Mogstad Sverre Mikal Myklestad Birger Mølnå Helge Normann Nilsen Einar Nordbø Ingrun Norum Jenny Nyvik Aud Okkenhaug Solveig Otlo Olaug Reitås Anna Dorthea Remhaug Kristian Risan Narve Rognebakke Anders Sakrisvoll Rutt Olden Skauge Oddny Pauline Skeide Alv Helge Skeie Ingebjørg Sogge Arvid Henry Staupe Asbjørn Steen Eldrid Sundan Steinar Supphellen Erling Syrstad Nils Søvik Oddbjørn Tallerås Torbjørn Tranmæl Aud Mikkelsen Tretvik Inge Torfinn Vada Harald Vik-Mo Aa. Bjørgum Øwre Valdres Mållag Gunnar Belsheim Eli Belsheim

Gunnar Breivik Olav Gullik Bø Inger Solveig Bøe Ola Fosheim Ingunn Hommedal Frank Tommy Jacobsen Signe Elisabeth Kvåle Bjørg Lerhol Inger Lyberg Per Lykkja Torbjørn Stavenjord Tone Steinset Per Gunnar Veltun Magnor Wigdel Vest-Agder Mållag Leiv Hartly Andreassen Anne Austad Valdemar Birkeland Gunnhild Fjermedal Halvdan Furholt Jens Graasvoll Aanen Grimestad Ola Reidar Haaland Torgeir Hagestad Magne Heie Henny Heskestad Knut Homme Olav Hårtveit Ernst Håkon Jahr Olav Kalnes Alf Georg Kjetså Kirsti Lavold Klara Lilletveit Sylfest Lomheim Gudlaug Nedrelid Hilda Helene Neset Knut Gunnar Solberg Asbjørn Stallemo Leiv G. Storesletten Østfold Mållag Gunnar Anmarkrud Ole Johan Bjørnøy Bodil Cappelen Eiliv Herikstad Kjell Karlsen Arne Kvernhusvik Arild Løvestad Nils Aksel Danbolt Mjøs Bjørg Robberstad Jensen Einar O. Standal Yrkesmållag Kjellfrid Bøthun Linda Eide Lars Inge Fenne Sissel Hole Eirik Holten Kari Huus Gunnar Jordal Anne Lognvik Kjell Harald Lunde Kari Nes Olav Norheim Borge Otterlei Linda Plahte Sigrun Solberg Lars Helge Sørheim Turid J. Thune Harald Thune Sigrid Tyssen Birger Valen Vidar Ystad Direktemedlemer i NM Randi Einrem Kristian Halse Johannes Hjønnevåg Herborg Lillebø Erling Nordheim Kolbjørn Sandøy Åse Floa Steinrud

Norsk Tidend 1–2015

Per Eilert Orten Rolv Sæter Eirik S. Todal Lars Prang Vorpvik Jon Østbø

27


Lkryssord ved Laurits Killingbergtrø

Kryss NT nr 1-2015 I HUS

PLANET

GALE

GRASIØST KLAUVDYR

STAPPE

BRUKE

NEDBØR

KRØTER

SJØLVPLAGING

DYREFØDE

BETENNELSE

VARIASJON

PÅLEGG

KEISAR

DOMMAR

PLANTE

BYFOLK TANNROTE HELLER SJELDAN

NØYAKTIG PLANTE

TRÅDEN HOBBYAR FROSEN VÆSKE HØGASTE EINSIFRA

UTSEGN

SLETT

VÅRTEIKN

HØGASTE NIVÅ

IKKJE TIL Å TOLKE

HAUG

URO

STAS

I DET MINSTE

STROPP

ROVDYR

HAR I SEG

KJEFTE

LORT

I DAG UNDERLAG

SAFT SLEPPE

JORD

RESPEKT

FERDSELSÅRE

SLUDD

KORTET

FRUKT

I FALL

HA DET VONDT

SNUSE

SKUR

DET GJORDE VONDT !

FRYS

HERD

ÅT

VÊRE

MORO

LYDTILHØVE

DYREUNGE

RENN

RENNE SMÅTT

PLASS

VITNEMÅL

DRAMA

SETTE FRIMERKE PÅ

FUGLELYD

SMÅFEET PEISHYLLE

TEVLING PÅ VATN

HUSDYR

FARBRØR

SKRAM ELLER CHRISTIE

BAKKE

VERKE

SONG UTAN ORD

SKJEMD

LEIGA INSTRUMENT

FÅ UNGAR

PLANTE

FÆLT

TRÅD

STAUP

HØGDEDRAG

SOM SNØ UTKROPEN

GJORD

FOSTRAR

I ØSTFOLD SINGULARIS

UNDERSKRIVNE

KARPEFISK ANONYM

I TO

ELEGISK

KANT

PÅ MOTEN

TAL

KLEDEKANTEN

BYE FASTSETT

NT NR. 1 2015

HAR

Kryssordvinnarar i nr. 5 – 2014 Marit Karin Haugen, Bergen Brita og Aage Lavik, Eidslandet Halvard E. Lønøy, Bergen

Send løysinga til: Noregs Mållag Lilletorget 1 0184 Oslo

LLøysing

Kryss NT nr 5-2014

POLITIOMRÅDE STUND

GRESK SEGNFIGUR RUSS. BY

Norsk Tidend 1–2015

Frist: 9. april 2015

28

Merk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fin premie.

Namn:

HEIDER TIL MUSIKARAR VERKTY

HURLUMHEI

P I L E G R I M S F E R D

FATTIG

HUGLAGET

MØRKEBLÅTT

BLANKT DEKKE

SKIT (ORSAK !)

FRÅKOPLA

ELTE

OSTEBY

I A L E V N N A R L Y K K E N S M A N N S U K N A K B L REISKAP MYNT TIL L O R A K E TREFTE R OMNEN TONN SIT TIL I R REX T T R E HEST LARVE K A R O S BRUTAL Å M J U K E O S K BØYELEGE M P E L L E M A N I L FOSTRE A L E T SKAPT H K S E D A N S DASKA HARA V ØMFINTN TJUVERI N A S PIKS LEG INNSKOT REISE R A FRUKT I F E L L SIN VEG TJUVERI MYNDIG SPRANG R A N FANGST S T O KORT S T R E N G K A LUFTR U T A STEINAR A E R O INGEN D L Å T LEVERE N U L L V E G A R B E I D P A R I S ÅTE A G N GÅVE TUR

TIL HUSET KRYDDER

GUDEFRÅSEGNA

VELDIG

SPRENGSTOFF

VEKST

DET INDRE HOS OSS

RUNDT TAL KONSERVERER

GRUVEDEL

FUNGERE

MESSESKJORTE

SPISS

FIRKANTEN

Adresse:

MELODI

NYNORSK VEKEAVIS IKKJE-

EIN MED UTEJOBB

Postnummer/-stad:

METROPOL

A V I E D I S A N D NY M MATCH O KJÆRLEIKS- A M GUD E HARSELAS A U N P R LITA I BJØLLE K R E K I N I N G N G F G L I E O ANGAR T FRED L A R LÆRESTAD M O R FYLLMATERIALE PÅ MOTEN

LUFTUTSTØYT KLOKKE

KLOKSKAP

GREIN AV SONGARAR MEDISINEN

FORELDER

FÓR FORT I ORDEN

K O S O P O R T R I K T E KLORER L HERR O M K A M P O R R E SAMANR A P LIKNA D MED F R E I I S E N BOKSEN V A T N E MJØLKE HOS E R T FISK S G E I K U S A I S K E HALDE SEG K A L V S I N VETTE A U K T A R S K O L E NT NR. 5 S A R V 2014 SLAGSTAD 1177 SPIKK

SÅ VONDT !

NORSK ØY

HELSEMÅTE

BORT (2 ORD)

GJE VÆSKE

PLANTE

FARGESTOFF MATT

LAUVTRE IKKJE EIGNA

IKKJE-

INNANFOR

UNGE

KJÆRTEIKN

FORTALDE MUSIKKLEIAR


L nmu KARL PEDER MORK Leiar i Norsk Målungdom

Lengje var Supermann min helt. Ingen kunne som han oppdaga farar, og med superfart fly dit og ordna opp. Fly vart sette trygt ned på bakken, skyskraparar som heldt på å falla, vart haldne på plass lengje nok til at folk kunne røma, skurkar vart funne, og med myndig hand sette i buret. Ingenting kunne stansa Supermann når han var ute for å gjera det gode. Han var supersterk og usårleg. Sidan vart det nokre gode stunder saman med Lynvingen. Aldri høyrt om han? Dei unge og språkforvirra i dag kallar han Batman, men eg er altså så gamal at eg las Lynvingen. Rett nok hadde han ikkje superkrefter, men med så mykje utstyr, og ikkje minst den tøffaste bilen i verdi, var det ikkje nokon som kunne stå opp mot han. Då eg vart litt eldre, hadde eg ei kjensla av at sogene om han var litt tillaga, det var aldri nokosinne fåre for at skurkane skulle vinna over han. Så går jo åri, og teikneseriar er vel ikkje det ein nyttar mest tid på lenger. I alle fall ikkje dei som handlar om superheltar. Dei er vortne kjedelege, det er aldri noka ekta spaning i korleis det går med heltane. Dei engasjerar ikkje lenger, og ikkje sakene dei slost for heller. Eg tek til å sjå annleis på kven eg ser opp til. Og kva saker det er som engasjerar meg. Om Supermann endeleg får i seg noko kryptonitt, kva så? Eller om Lynvingen skulle kollidera bilen sin og koma for seint? Eg bryr meg ikkje. Om ho Marit tapar i sin kamp for at alle skal få nytta sitt skrift-

L TYLEPRAT KNUT P. BØYUM storeknut@online.no

språk der det er naturleg, det engasjerar meg! Ho Marit meiner at nynorsk er distriktskamp, og kjempar for at båe delar skal vera gode me tek med oss og kan overlevera til neste generasjon slik at dei kan få oppleva gleda og nytten av begge delar. Og anten du trur det eller ikkje, det kan sjå slik ut, men ho Marit har ikkje superkrefter. Og skurkane er sterke og mange. Utfallet er ikkje gjeve lengje før soga startar. Her nyttar det ikkje med magiske formlar og mange duppedittar som bergar henne

Er det då ingenting som er likt mellom dei gamle heltane mine, og desse nye heltane mine? Jaudå, skurkane. Dei er framleis mange, sterke og litt dumme.

ut av ei kvar knipa, her må Marit nytta hovudet, engasjementet og kreftene for å ha ein sjanse. Jens er ein annan helt for meg. Han har rett nok ei superkraft, humoren. Når han møter dumskap og urettvise nyttar han humoren som sitt supervåpen. Men sjølv eit slikt våpen er ikkje nok til at utfallet alltid er avgjort. Stundom tek det æver før han oppnår noko. Det er ein sterk, og ofte mangehovuda, motstandar han kjempar mot. Då kjem ei anna av superkreftene hans godt med, han er uthaldande. Han gjev seg ikkje ved den minste motstand, slik folk i dag har for vane. Han står på i årevis om so er naudsynt. Om permar vert fulle av motstandaren sine toskute påfunn, og sleipe vendingar for å vri seg unna når humoren til Jens råkar, spelar inga rolle. Eller enno betre, om han får ålmenta til å le av byråkrati og uviljuge styresmakter. Han gjev seg ikkje før boti eller medalja er på rette språket. Er det då ingenting som er likt mellom dei gamle heltane mine, og desse nye heltane mine? Jaudå, skurkane. Dei er framleis mange, sterke og litt dumme. Og ute av stand til å sjå det sjølve. Og så skulle ein så gjerne ynskja seg litt av dei same superhelteigenskapane hjå norske redaktørar. Litt mot og vilje til å stå for ytringsfridom, anna enn i festtalar med ein liten bris og svulmande hjarto. Men når festen utartar, og kvardagen byrjar, då er motet og idealismen borte. Attende står berre trøytte kvardagar der det vande halvfeige er så mykje betre for arbeidsro og sjelefred. Akk ja, det er ikkje for alle å vera heltar.

Å vera ein organisasjon for alle handlar om å treffe alle. Å jobbe nasjonalt er eit krevande arbeid der mange politikarar, direktørar, redaktørar og andre sjefar skal styrast inn i nynorsk lei. Og alle medlemer må vera med og halde utkikk. Der er 135 ferjesamband i Noreg. Elleve av desse er i Sogn og Fjordane. Ein skulle tru at ein ferjetur i «nynorskfylket» var ein tur som berre handla om meir eller mindre enn seks meter, eller kaffi og svele til tjue kroner. Men nei, sjølv på eit uskyldig ferjestrekk på Vestlandet møter ein målstriden. Sambandet Lavik-Oppedal, som kryssar sjølvaste Sognefjorden, har fått ny operatør. Ikkje berre det, verdas første batteriferje tar over. I fjor blei det frakta 648 274 personar på sambandet. Det er om lag like mange som det er nynorskbrukarar i Noreg. Norled, som tar over sambandet, seier dei ikkje vil ha tryggleiksinformasjonen på nynorsk i Sogn, men plansjane med Norled-soga vil vera på nynorsk. Vi kan ikkje vente at reiarlaga fører målsaka vidare, men burde vi ikkje vente av fylkespolitikarane våre at dei set nynorskkrav på ferjesambanda rundt om? Saka gjeld ikkje berre Sogn og Fjordane. Den er eit døme på lokale omstende, og desse må møtast med lokale krefter, ikkje berre nasjonalt press. Viss mållaget er ei ferje med tolv tusen passasjerar, kjem ein seg likevel ikkje frå kai utan gode matrosar ved lemmen eller trossene. Skal ein gjera språkmangfaldet synleg, må ein gjera seg sjølv synleg. Dei lokale mållaga må vera i tet i lokale nynorskkrav. Lokale nynorskfolk som seier dei vil ha meir nynorsk, er ikkje noko nytt. Det vi treng er lokale nynorskfolk som krev sitt, som krev at lokale styresmakter bruker språket dei skal bruke, at politiet møter publikum på nynorsk i nynorskområda og at ein får kjøpt kvitvin og ikkje hvitvin på Voss. Det er ikkje berre sidemålsundervisninga i grunnskolen som er målsak. Om dag 6 er lørdag eller laurdag er berre eit lokalt døme. Lokallaga må inspirere kvarandre i målarbeid der dei er. Mange saker ventar, mesta på kvar ferjekai.

Norsk Tidend 1–2015

Kva er ein helt?

Thibault fr/Wikimedia Commons

Mange bekker små

29


Krambua Ja takk, eg tingar: ❏ Fleecejakke

med logoen til Noregs Mållag på brystet.

For damer: Fargar:

❏ grå ❏ kornblå ❏ bringebær Storleikar: ❏ s ❏ m ❏ l ❏ xl For menn: Fargar:

❏ grå ❏ azurblå Storleikar: ❏ s ❏ m ❏ l

❏ xl ❏ xxl

Kr 220,– Hugs å krysse av for farge og storleik!

❏ Mobildeksel iPhone 4 ❏ Mobildeksel iPhone 5 Mjukt mobildeksel til iPhone 4 og iPhone 5 med trykket «Å snakka: akkedera, garta, kvitra, masa, munnrøda, pjegga, preika, røda, svalla, tjantra» Kr 50,–

1 eller 20 jakkemerke «Gjennom ord blir verda stor» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

1 eller 20 jakkemerke «Takk, Ivar Aasen!» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

❏ Matboks

I plast, 16 x 11 cm. Kr 50,–

❏ Notatbok blå ❏ Notatbok svart

Linjert notatbok med slagordet «Gjennom ord blir verda stor!» Hardt omslag med stofftrekk. Kr 125,–

❏ Notatbok natur

Ulinjert notatbok med Ivar Aasen på framsida og «Noregs Mållag» på baksida. Hardt omslag med strie. Kr 75,–

❏ Krus

Med trykket: Det endaa koma kann den Dag, daa Retten fram kann sleppa. Ivar Aasen, 1875 Kr 100,–

❏ Krus

Med trykket: Skogen stend, men han skifter sine tre. Olav H. Hauge, 1965 Kr 100,–

Norsk Tidend 1–2015

❏ Krus

30

Med trykket: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld. Tarjei Vesaas, 1950 Kr 100,–

Sjå innom heimesida for andre tilbod. Hugs at vi kan gå tom for somme artiklar. Det er såleis ikkje sikkert at du får alt du tingar.

Namn: Kryss av, klipp ut eller kopier og send tinginga til:  Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo

Eller: send e-post til krambua@nm.no, ring til 23 00 29 30, eller gå inn på www.nm.no Porto kjem i tillegg.

Adresse: Postnr./poststad: Telefonnr./e-post:


Longvafondet deler ut 50 000 kroner i 2015 – Midlane går primært til skriveprosjekt, fortel dagleg leiar i Mållaget, Gro Morken Endresen. Ho er sekretær for styret og er den som tek mot og held oversyn over innkomne søknader. Ho fortel at det plar koma søknader for langt høgare summar enn det som er til utdeling kvart år. Ho oppmodar difor om å gjera godt greie for prosjektet i søknaden, slik at det kjem tydeleg fram kor realistisk det er å gjennomføra, om det finst avtalar om utgjeving og ei prosjektskildring over innhaldet. I år er det om lag 50 000 kroner til fordeling på dei beste prosjekta. I statuttane heiter det, litt nedkorta, at fondet skal vera til framhjelp av nynorsk litteratur, gjennom påskjøning til personar som arbeider med litterære eller historiske emne e.l. og som skriv på nynorsk. Med andre ord: grunnar du på eit skriveprosjekt og treng litt ekstra midlar for å koma i mål? Send ein søknad til gro.morken@nm.no innan fristen 27. mars.

Foto: Berit Krogh

Ny økonomikonsulent Per Henning Arntsen (biletet) er tilsett som ny økonomikonsulent i halv stilling. Han er 57 år, kjem frå Sulitjelma og har mangfaldig bakgrunn frå detaljhandel og hotelldrift. – Så langt er eg strålande nøgd både med arbeidsoppgåver og kollegaer, seier Arntsen, som saman med Berit Krogh styrer det økonomiske arbeidet mot balanse og vel så det.

Stipend Noregs Mållag lyser kvart år ut to stipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Pengane er ei løyving frå Kulturdepartementet. Stipendnemnda ser særleg positivt på søknader som har som føremål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom. Ei kvinne og ein mann skal tildelast kvar sitt stipend. Send søknad til gro.morken@nm.no innan fristen 1. mars.

Seminar for nye leiarar i lokallaga – Det er slett ikkje alle som er fødde til å bli lokallagsleiarar, difor må det lærast det som alt anna, seier Gro Morken Endresen. Fredag 13. mars, kvelden før vårseminaret i Fredrikstad, vert alle nye lokallagsleiarar inviterte til seminar for å lære meir om organisasjonen Noregs Mållag, politisk argumentasjon for nynorsken, mediearbeid og det jamne gode arbeidet i lokale mållaget. I løpet av kvelden vert det tid til å drøfte ulike utfordringar som lokallaga har. Les meir om samlinga på nettsidene til Noregs Mållag.

NORSK TIDEND

NYNORSKSTIPEND

Tilsette: Gro Morken Endresen, dagleg leiar, tlf. 23 00 29 37 • 957 85 560, gro.morken@nm.no

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Erik Grov, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 30, erik.grov@nm.no

Prent: Nr1Trykk as Opplag: 13 500 Abonnement: kr. 250,– per år

NOREGS MÅLLAG www.nm.no

Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, berit.krogh@nm.no

malungdom.no

Annonsar: Annonseprisar: Tillegg for tekstside: Spaltebreidd: Kvartside: Halvside: Heilside: Ilegg til avisa:

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Telefon: 23 00 29 30 E-post: nm@nm.no

Per Henning Arntsen, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 34, per.arntsen@nm.no

Tilskrift: Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo Telefon: 23 00 29 40 E-post: skriv@nynorsk.no

kr 9,00,–/mm kr 0,50,–/mm 45 mm kr 3 000,– kr 5 000,– kr 9 000,– kr 1,00 pr. stk.

Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar. Stoffrist nr. 2 – 2015: 9. april

Kontoradresse: Lilletorget 1, 0184 OSLO

Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36 • 975 29 700, ingar.arnoy@nm.no

NORSK MÅLUNGDOM

Bankgiro: 3450.65.48707

Bankgiro: 3450.19.80058

Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60 • 926 48 348, hege.lothe@nm.no

Leiar: Karl Peder Mork, Telefon: 901 67 493 • 23 00 29 40, E-post: karlpeder@nynorsk.no

Leiar: Marit Aakre Tennø Mobil: 454 71 716 E-post: marit.tenno@nm.no

Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend, tlf. 23 00 29 32 • 943 97 998, kjartan.helleve@nm.no

Skrivar: Synnøve Marie Sætre, Telefon: 926 95 330, E-post: synnovemarie@nynorsk.no

Norsk Tidend 1–2015

Mållaget informerer

Lnoregs mållag

31


Lilletorget 1 • 0184 OSLO

nr. 1 • februar 2015

Det ville vore artig å kjøpe ein etablert klubb, sentralt på Austlandet, og gjere den nynorsk. For eksempel Lillestrøm. Døype klubben om til Veslestraumen. Skifte namn på stadion, frå Åråsen til Ivar Aasen stadion. Arnfinn Kolerud til Fjordenes Tidende om kva han ville gjort om han vann i lotto

LPå tampen Lysande ring rundt sola – på fagspråk kalla halo. Eit ord som visstnok kjem frå gresk halos ’rund treskeplass’. Ein slik halo kan det også vera rundt månen, og fenomenet oppstår når lyset frå sola eller månen blir brote og avspegla i små iskrystallar i skyene. Dette må da vera slørskyer, cirrostratus. Dei går svært høgt og er så tynne at sola og månen skin gjennom dei. Himmelen er mørkare inni ringen enn utafor, slik det går fram av bildet. Av og til kan ringen ha fargar som ein regnboge, men her kjem dei i motsett rekkefølgje – fiolett ytst og raud inst. Det blir gjerne sagt beint fram at det er ring eller gard rundt sola og månen. Solgard og solring er også kurante namn, og månegard tilsvarande. Dette har parallellar i svensk og dansk solgård, og i tysk Sonnenhof. I Østerdalen er namnet solhaga notert. Men solgarden har med vêret å gjera, og har fått gjera tjeneste som vêrmerke. Derfor er han mange stader kalla vêrgard eller vêrgarde, eit ord som også brukt om månegard. Vêrgarden varslar nedbør: «I dag du om sola ser ein stor ring; i morgon av sola ser du ingenting». Nedbøren kan komma i form av snø: Snøgard kan derfor brukast både om ringen rundt sola og månen, og likeeins snøring. Førebod om rått vêr ligg i namna rågard (Sunnmøre), råvêrsgard (Sunnmøre, Selje i Nordfjord) og råvêrsring (Selje). Vêrboge tyder vanlegvis regnboge, men i Bremanger har det også vore brukt om ring rundt sola. Vêrvarsel ligg til grunn for nemninga kor som er. Stundom kan ein sjå berre ein del av ringen. Dette kjem av at skyene som gir vêrgard, ikkje dekker vidt nok område rundt sola eller månen. Varselet blir da gjerne at vêret skal komma frå den leia der ringen er open. I Hardanger var det veldig spesifikt: Var det gard for sola før dugurd, ville det bli «nedbersle» (nedbør). Såg ein garden seinare på dagen, skulle det bli storm. Men om sola bar ringen heile dagen, ville ein få både storm og nedbersle. Dei folkelege varsla om dette stemmer faktisk, og har stått seg for fagfolks kritikk. Slørskyene som lagar vêrgarden, kjem nemleg føre dei vandrande nedbørområda. Eit anna optisk fenomen som gjerne opptrer i lag med solring/vêrgard, er lysande flekker i visse avstandar frå sola. Desse er kalla bisoler. Innimellom ser vi at same namnet kan bli brukt på desse som på vêrgarden, såleis ymse variantar av solgisl, t.d. solgylt (Stjørdalen) og «solgjødsel» (Vågå). Solhuv er mest kjent som nemning for bisol, men Aasen fann det brukt om solgard på Hadeland.

Tor Erik Jenstad ordoguttrykk.wordpress.com

Foto: Edgar G. Bachel

Ny plate frå Aadland LL«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive frasar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», meinte Dag og Tid då dei melde den nye plata til Tom Roger Aadland. LLAlbumet har fått tittelen Rapport frå eit grensehotell og vert av plateselskapet omtala som mørk og vakker vestlandsgotikk. Korleis vestlandsgotikk kan vere noko anna enn mørk og vakker, får dei svare på sjølve. Singelen «Like til mi dør» har allereie fått innpass på A-lista til NRK P1. – Produsent Lars Voldsdal og eg var samde om at dette skulle bli eit rockealbum, sa Aadland til Klassekampen. LL– Dei fleste songane hadde ei tyngd i seg som peika mot eit røffare musikalsk uttrykk. Vi brukar mykje elgitar på plata, og kassegitaren min er ofte køyrd gjennom ein «skitnande » gitarforsterkar. Men rock handlar jo ikkje fyrst og fremst om desibel eller forvrengde gitarar, det kan gå like mykje på timing og haldning. Vi hadde heile tida fokus på å få eit sterkast mogleg ut-

trykk, det trur eg gjeld heile produksjonen. Eg syng nok også eit hakk råare enn før på denne plata, sa Aadland til avisa. LLBortsett frå Dagbladet som trillar ein firar på terningen, er det stort sett femmarar som er slått. Dagsavisen og Fædrelandsvennen er dei som hyllar Aadland høgast. Dagsavisen skriv at Rapport frå eit grensehotell er på grensa til genialt. Fædrelandsvennen skriv «Det er eit sug og eit driv her som nærast er uimotståeleg. Ganske nært eit meisterverk». Dagbladet skriv at Aadland er ein fryd å høyra på når han skriv slentrande landevegspoesi som i låten «Like til mi dør». NRK P1 har uttalt at «her kan ein verkeleg dra fram nemninga rockepoet. Ein strålande norsk artist» LLTom Roger Aadland har tidlegare omsett Bob Dylan-albumet Blood on the Tracks til nynorsk og Blod på spora. Han har i tillegg gitt ut tre andre album. Aadland er utdanna klassisk gitarist og kjem frå Vikebygd i Sunnhordland.

KH

Norsk Tidend 1-2015  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you