Årsrapport 2022 - Nordhordland UNESCO Biosfære

Page 1

TA EIT
ÅRSRAPPORT 2 0 2 2
DJUPDYKK I NORDHORDLAND UNESCO BIOSFÆRE

INNHALD

Foto forside og denne side: Ruben Soltvedt.

INNLEIING 04-05

OM OSS 06-11

HANDVERK I NORDHORDLAND 14

STOLT MEDSPELAR 15

SMAK AV NORDHORDLAND 16

FORSKING I NORDHORDLAND 17

BIOSPHERE - AREALER UNDER PRESS 18

FILM FRÅ NORDHORDLAND 19

STORT OG SMÅTT 20 -21

BLI MED! 22

FØLG OSS 23

3

INNLEIING

Foto: Ruben Soltvedt.

Eit biosfære år! 2022

Året 2022 vart året Nordhordland UNESCO Biosfære verkeleg kunne skyte fart og breie om seg med spennande prosjekt og aktivitetar! «Pandemi-tida» brukte vi på å leggje grunnlaget for ein styrka økonomi og fekk auka prosjektporteføljen. Det sette oss i stand til å auke bemanninga, og frå 1. august har vi vore 4 personar i administrasjonen. Det har gjeve oss eit enormt løft!

I april lanserte vi ny visuell profil og ny heimeside. Vi er stolte over resultatet som er særs anvendeleg og gjev oss eit godt visuelt uttrykk. På heimesida vår finn du no all informasjon du treng, og meir til! Den vert stadig oppdatert med prosjektinformasjon, historier, tips og nyhende. Vi har auka aktiviteten i sosiale media, og når ut til stadig fleire. Du kan óg teikne deg som abonnent på nyhendebrev frå oss - det vert sendt ut 4 gonger i året.

Vi har no på plass eit godt system for tilrettelegging av forskingsaktivitet. Vi har jobba med formidling av forsking, for å gjere kunnskapen meir tilgjengeleg, samt å marknadsføre Nordhordland som eit attraktivt forskingsområde. I tillegg er vi partnar i fleire forskingsprosjekt under tema arealpress, kulturlandskap og naturgode.

Gjennom året har det viktigaste vore å leggje til rette for at fleire skal bli kjent med biosfæreområdet, og vise korleis ein kan ta del og nytte seg av UNESCO-statusen. Vi har utvikla merkevareprogram som vi håpar mange vil nytte seg av. Har du aktuelle arrangement og prosjekt, kan du no søke om å få bruke eigna biosfærelogo, og få ekstra merksemd via våre kanalar.

Det vart ein fantastisk respons då vi lanserte merkevareordning for mat frå Nordhordland! 2022 var året der det første lokalmatproduktet kunne merke seg med merkevara «Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære»!

Vi er stolte av våre lokale råvarer, matrettar, mattradisjonar og mathandverk - det er ein viktig del av vår identitet, og vi har så mange dyktige aktørar!

Du får ein god oversikt over året 2022 i denne rapporten, men du finn dette og mykje meir på heimesida vår www. nordhordlandbiosphere.no. Etter eit forrykande 2022, har vi store forventningar til 2023 – vi har så mykje spennande på gang!

Kari Evensen Natland

Nordhordland UNESCO Biosfære

5

OM OSS

Frå tidleg 1970-tal har Man and the Biosphere (MAB)-programmet vore eitt av UNESCO sine mange arbeidsområde. Programmet vart etablert som eit verkemiddel for å finne berekraftige løysingar på dei store utfordringane verda sto ovanfor, som befolkningsvekst, klimaendringar og politisk uro mellom anna.

MAB-programmet har som mål å oppnå langsiktig berekraftig bruk av jorda sine ressursar. UNESCO sine biosfæreområde, som Nordhordland er eit av, er læringsområde som skal vise gode eksempel på berekraftig ressursbruk.

MAB-programmet og biosfæreområda sin visjon er ei verd der menneska er bevisste på si felles framtid, korleis dei samhandlar med planeten, og at dei handlar kollektivt og ansvarleg for å bygge blomstrande samfunn i harmoni i biosfæren.

«Man and the biosphere»
Foto: Ruben Soltvedt.

Nordhordland UNESCO

19. juni 2019 vart Nordhordland utnemnd til UNESCO biosfæreområde, det første i Noreg. Det er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og Øygarden kommune som eig statusen som eit UNESCO biosfæreområde.

Eit biosfæreområde er eit læringsområde for berekraftig utvikling. Då Nordhordland fekk denne utnemninga var det ei anerkjenning får UNESCO om at denne regionen har særskilt gode føresetnader for å utvikle regionen for ei berekraftig framtid. Og ikkje berre det: Kvalitetane vi har for dette arbeidet synes UNESCO er så interessante og viktige at det vi gjer her skal vere gode eksempel for andre rundt om i verda.

7
H Ø G A S T E F J E L L S A M L A A R E A L : K O M M U N A R I O M R Å D E T 6 6 9 8 k m ² K O R M A N G E B U R H E R ? 5 4 4 3 0 R U N D E R A B B E N I M O D A L E N 1 2 9 2 M . O . H . A L V E R , A U S T R H E I M , F E D J E , G U L E N , M A S F J O R D E N , M O D A L E N , O S T E R Ø Y , V A K S D A L O G Ø Y G A R D E N
Biosfæreområde
Kart Foto: Inger E. Måren.

Ressursprofil

Nordhordland er valt ut som eit UNESCO biosfæreområde fordi regionen på ein framifrå måte kan stå som læringsområde, både for det historiske og det moderne kystlandskapet i Noreg. Utvikling i samfunn og teknologi har ført til at regionen forvaltar store verdiar i form av vasskraft, petroleum og fisk. Det varierte kultur- og naturlandskapet er ein ressurs i seg sjølv. Naturen er rik på kontrastar, med kysten som er beskytta av ein brei skjergard, store og små fjordar, og vidare gjennom dal- og skoglandskapet opp til høge fjell.

Ressursprofil i Nordhordland illustrert av Kjersti Isdal.

Drift

Stab

Vi har sidan 2021 hatt ein aukande prosjektportefølje. Frå januar 2022 kunne vi auke staben noko og sidan 1. august har vi hatt 3 årsverk knytt til biosfærearbeidet, fordelt på 4 personar. Dette er ei dobling frå tidlegare og gjev oss ein heilt anna fart og ikkje minst viktig: ein breiare kompetanse i teamet. Dette gjer oss betre i stand til å ivareta oppgåvene vi har knytt til drift og prosjekta vi har tatt på oss.

Økonomi

Biosfæreområdet har ein sunn, om enn noko trong økonomi. Driftsinntektene vi har er umåteleg viktig for stabilitet og grunnfinansiering. Det gjev oss ei ekstra kraft til å sikre oss prosjekt og prosjektinntekter som er heilt naudsynt for å fylle strategi og handlingsprogrammet vårt med innhald.

Organisering

Regionrådet i Nordhordland, utvida med ordførar og rådmann frå Øygarden kommune, er det overordna organet for biosfæreområdet sitt arbeid, statusen er eigd av kommunane.

Region Nordhordland IKS (RNI) har det administrative ansvaret for satsinga. Til dette høyrer forsvarleg drift, og at biosfæreorganisasjonen utførar arbeidet i tråd med UNESCO sine retningsliner, og i tråd med eigen vedteke strategidokument.

Biosfærerådet vert oppnemnd av Regionrådet og skal vere sett saman av personar med relevant kompetanse.

Biosfærerådet

Biosfærerådet er vårt rådgjevande organ, samansett med brei kompetanse og god geografisk spreiing. Leiar er Sara Sekkingstad, ordførar i Alver. Rådet har hatt to møter og ei heildagssamling i 2022.

Foto: Ruben Soltvedt.

Strategi og handlingsprogram

Arbeidsplanen til Nordhordland UNESCO biosfære er vedteke i Regionrådet. Det er peika ut fem satsingsområde og det høyrer til eit handlingsprogram med tiltak for kvart av desse.

Levande lokalsamfunn

Dette gjeld tiltak som styrkar lokal kultur og identitet, aukar trivsel og attraktiviteten til bygda og regionen. Inspirere til breitt, folkeleg engasjement for verdiane i biosfæreområdet.

Natur, miljø og klima

Biosfæreområdet vil arbeide for at naturen og naturressursane vert ivaretatt og brukt på ein langsiktig berekraftig måte for å sikre både naturmangfaldet og dei goda naturen gjev oss.

Kunnskap og læring

Utviklinga i Nordhordland jobbar vi for at skal vere kunnskapsdriven og slik leggje grunnlaget for kloke val. Samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar – og med skular og barnehagar i regionen - vil vere viktig for å styrke kunnskapen i biosfæreområdet om kva som er ei god, berekraftig utvikling.

Grøn verdiskaping

Berekraftig ressursbruk er avgjerande for ei framtidsretta utvikling av næringslivet i regionen. Næringslivet i biosfæreområdet er opptekne av berekraftig utvikling og særs mange tek grep for å bidra til ‘grøn omstilling’.

I biosfæreområdet skal vi samarbeide om og oppmuntre til vidare grøn innovasjon og verdiskaping.

Møteplassar og kommunikasjon

Å leggje til rette for dialog og samhandling for ei berekraftig utvikling, er ein grunnpilar i UNESCO sitt biosfæreprogram. Biosfæreområdet vil oppmuntre til å kome saman, diskutere, dele kunnskap og vise engasjement.

11
og kommunikasjon
Møteplassar
Levande lokalsamfunn
Natur, miljø og klima Kunnskap og læring Grøn verdiskaping Foto: Ruben Soltvedt.
”Vi jobbar for å utvikle biosfæreområdet gjennom ulike prosjekt.”

HANDVERK

I NORDHORDLAND

Berekraftige kulturopplevingar og lokale produkt

Forprosjektet «Handverksruta» (2021-2022):

-Korleis kan vi skape unike, berekraftige kulturopplevingar, bidra til auka verdiskaping for verksemder, og løfte fram lokale produkt innan handverk, kunst og mat – i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde?

Vi har sett på korleis vi kan:

• Samle og synleggjere aktørar innan handverk, kunst og lokalmat i Nordhordland

• Hjelpe kunden/turisten i å finne regionen sine «skjulte skattar»

• Finne, løfte og utvikle det regionale «DNA» for Nordhordland som destinasjon

• Sjå på samanhengar mellom levande lokalsamfunn, berekraftig turisme og biosfærestatus

• Skape synergiar med nettverksbygging og samarbeid

I prosjektet er det gjennomført ei enkel aktørkartlegging. Denne avdekkar eit stort mangfald av aktørar innan handverk i Nordhordland, nokre store og mange små. Alt frå verksemder med utsal/galleri, produsentar av lokale produkt, tidsavgrensa arrangement og aktørar innan formidling. Ei utfordring med små aktørar kan vere mangel på faste opningstider, og småskala produksjon. Men det gjer og moglegheiter. Her finst eit yrande mangfald, ein del av Nordhordland sin eigenart og DNA. Vi har pågåande satsingar det er naturleg å byggje vidare på, som Ullruta, Kunstrunden, og lokalmatsatsinga ”Smak av Nordhordland”, som kvar samlar mange verksemder.

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde si rolle kan gje ei ramme, i form av berekrafts-perspektivet. Eit viktig arbeid er å synleggjere og løfte fram både handverket og aktørane, skape nettverk og samarbeid slik at fleire ønskjer å satse. Det kan igjen gjere det enklare for reiselivsaktørar å pakketere og lage produkt opp mot ulike målgrupper. Forprosjektet er meint som eit grunnlag for å kunne søkje tilskot til ei større satsing på HANDVERK i regionen vår. Les meir HER!

Forprosjektet er støtta av Vestland fylkeskommune.

levande lokalsamfunn
Foto: Ruben Soltvedt.

STOLT MEDSPELAR

I arbeidet for ein felles identitet for Nordhordland UNESCO biosfæreområde har vi utvikla Stolt Medspelarprogrammet. Det skal inkludere og engasjere næringslivet og lag/organisasjonar. Her skal vi synleggjere gode praksisar for samfunnsengasjement, og for dei tre dimensjonane som utgjer ei berekraftig utvikling. Vidare skal det være ein pådrivar til verksemder i alle sektorar til å tenke meir berekraft i deira verksemd og forretningsmodellar, og for lag/organisasjonar til å setje dette på deira dagsorden. Kunnskap- og erfaringsdeling vil være ein stor del av Stolt medspelar.

Stolte medspelarar skal gje ein tydeleg identitet til biosfæreområdet og bidra til eit høgt engasjement for det «grøne skiftet», samt vise regionen sin posisjon i dette arbeidet.

Målet vårt er å synleggjere eksisterande praksisar frå verksemder i Nordhordland UNESCO Biosfære, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi ynskjer også å være ein pådrivar for at verksemder i Nordhordland vil forbetre sine rutinar, forretningsmodellar, handlingar, mål og strategiar i ein meir berekraftig retning.

I 2022 har vi utvikla programmet med logo, profilguide og søknadsskjema som skal nyttast i ordninga.

Denne ordninga er ikkje ei sertifiseringsordning, men eit inkluderande og lågterskel program for alle samfunnsengasjerte verksemder og lag/organisasjonar som støttar opp om biosfæreområdet sine mål og visjonar for å arbeide på lag for ei berekraftig framtid. Stolt medseplar vert lansert i 2023.

15
grøn verdiskaping
Foto: Ruben Soltvedt.

SMAK AV

NORDHORDLAND

Lokalmatnæringa bidrar ikkje berre til tilgang på lokale råvarer og lokal mat, men òg til utvikling av landbruksnæringa, bevaring av naturlandskap og ivaretaking av våre mattradisjonar og matkultur.

Smak av Nordhordland starta som eit treårig prosjekt for å fokusere på lokalmat som næring.

Prosjektet er ferdig, men har «blomstra» vidare i arbeidet som vi gjer i samband med statusen Nordhordland UNESCO Biosfære. Lokalmatprodusentane har ei viktig rolle i lokalsamfunna og i biosfæreområdet. Lokal mat og mathandverket utgjer ein stor del av vår identitet. Det at ein nytter mest mogeleg lokale råvarer, og at mykje av produksjonen skjer lokalt, støttar opp om berekraftig matproduksjon og biosfæreområdet sine verdiar.

Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er:

• Lokalmatprodusentar frå kommunane: Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og gamle Øygarden kommune.

• Lokalmatprodusentar som har fokus på berekraftig matforedling.

• Lokalmatprodusentar som ynskjer å skape utvikling og innovasjon.

• Lokalmatprodusentar som fremmer Nordhordland UNESCO Biosfære og mattradisjonane herifrå.

Aktivitetar frå 2022:

• Spandert medlemskap hjå Smak frå Vest.

• Deltatt på Bondens dag i Knarvik senter.

• Fingermat på fylkestinget. Les meir HER!.

• Deltatt på Ullveka i Knarvik senter.

• Utvikla lokale firmagåver saman med Reklamehuset. Les meir HER!.

• Utvikla eiga merkevare som lokalmatprodusentar kan nytte. Les meir HER!.

levande lokalsamfunn
Foto: Ruben Soltvedt. Foto: Tina Monslaup. Foto: Tina Monslaup.

FORSKING

I NORDHORDLAND

Bringe fram ny kunnskap for ei haldbar framtid!

Ein viktig del av arbeidet kring ein UNESCO biosfære status er vektlegging av kunnskap og forsking. Nordhordland skal vere eit læringsområde for berekraftig utvikling, og for å forstå korleis våre handlingar påverkar klima, miljø og samfunn, må vi kontinuerleg hente inn kunnskap. På den måten kan vi korrigere, og endre handlingsmønstera våre til å bli meir berekraftige. Vi arbeider med temaet forsking på mange måtar. Ein av dei er at vi er aktivt inne som «hjelparar» i ulike forskingsprosjekt, som til dømes at vi er aktive samarbeidspartnarar, kan ta del i referansegrupper, hjelpe til med å finne informantar eller lokasjoner, eller driv aktivt kommunikasjonsarbeid i høve til gitt forskingsprosjekt.

Vi arbeidar også med temaet forsking meir generelt og i hovudsak kring to viktige tema:

1. Formidle forsking. Gjere forsking meir kjent og tilgjengeleg for lokalsamfunnet, både for kommunane, næringsliv og innbyggjarar i Nordhordland

2. Korleis gjere Nordhordland UNESCO Biosfære til eit meir attraktivt forskingsområde?

Gjennom året har vi knytt kontaktar med ulike forskingsmiljø og gjort dei kjent med biosfæreområdet. Vi har vist kva vi kan tilby, og har utvikla gode måtar å kommunisere forsking på gjennom forenkling og visualisering. Vi kartlegg behova kommunane har når det gjeld forsking og har starta arbeidet for å få på plass ein eigen database med ulike problemstillingar som kommunane vår ynskjer meir kunnskap om. Her kan forskingsmiljø hekta seg på med både studentar og forskarar. Les meir om forsking HER!

17
kunnskap og læring

BIOSPHERE

- AREAL UNDER PRESS

Forskingsprosjektet «BIOSPHERE» - areal under press

Det er eit stort press på areala våre, og vi ser oftare at det er interessekonfliktar knytt til bruk av dei. I tillegg visar rapportar at naturen, vår aller viktigaste ressurs, vert taparen i for mange arealsaker. Tap av naturmangfald er frå FN peika på som den største trusselen på jorda. Forskingsprosjektet «BIOSPHERE» har som mål å kunne styrke lokale myndigheiter i arealplanarbeidet. Ein ynskjer å få fram meir kunnskap kring prosessane knytt til å ta i bruk areal og skal sjå på om bruk av meir heilskaplege og inkluderande tilnærmingar til arealbruk vil bidra til å løyse utfordringane vi har knytt til bruk og press på areala våre. Universitetet i Bergen leiar prosjektet og Alver kommune og biosfæreområdet er samarbeidspartnarar. Vår oppgåve vert å kople forskarteamet til aktuelle folk i biosfæreområdet som kan bidra med innsikt til problemstillingane, samt formidling av arbeidet.

5 arbeidsfelt:

1. Kunnskap frå fortida – gjev mogelege løysingar for ei berekraftig framtid.

2. Tilstanden i biosfæreområdet – kartlegging.

3. Korleis kjem vi frå der vi no til der vi ønskjer å vere?

4. Styrke påverknaden til forskingsarbeidet gjennom aktiv kommunikasjon.

5. Bruke kunnskapen frå prosjektet til å styrke arbeidet med arealplan og arealbruk.

kunnskap og læring
Foto: Ruben Soltvedt. Foto: Inger E. Måren.

FILM

FRÅ NORDHORDLAND

Handverkfilmar

Gjennom forprosjektet “Handverksruta” (2021-2022) har vi blant anna sett på korleis vi kan synleggjere handverk gjennom historieforteljing. Vi har i samarbeid med fotograf Ruben Soltvedt fått produsert 10 filmar som viser litt av mangfaldet av handverk i Nordhordland. Her vil dykk bli kjend med ei rekke handverkarar, som driv næring med dette, og/eller sørgjer for å overlevere kunnskapen sin til nye generasjonar:

• Smiing – Johannes H. Fosse

• Ysting – Cathrine W. Tveit

• Veving – Anne Grete Breisnes

• Grindbygg og brakekledning – Bart Lesaffre

• Bunadssaum – Randi Hatland

• Tørrmuring – Håkon Aase

• Maling – Galleri Gamleskulen

• Laksegilje – Bygdasjarm

• Tresko produksjon – Hosanger museum

• Sildeforedling – Lyngheisenteret

Etter kvart som filmane vert lansert, finn du dei på vår eigen YouTube-kanal: Nordhordland UNESCO BiosfæreYouTube

Handverkstradisjonane har alltid peika framover Når ein snakkar om handverk, tradisjon og kulturarv er det lett å bli stempla som ”tilbakesjåande” og gamaldags. Men vi har lett for å gløyme at alt vi gjer er resultat av kor vi er i historia, kva vi har lært av dei før oss, og korleis vi tek dette vidare inn i framtida. Kunstnarar og innovatørar brukar ofte kulturarv som inspirasjon for nye utrykk og produkt. Slagorda for filmane vi har laga reflekterer dette:

”Rike tradisjonar - rik framtid”

”Kulturarv i dag - innovasjon i morgon”

Handverka er resultat av korleis ein har nytta dei lokale ressursane ein har hatt til rådigheit, og tilpassa det til klimaet og landskapet vi lever i. Ved å ta vare på og vidareutvikle handverkstradisjonar, kan vi lære mykje om korleis ein nytta materialar på ein berekraftig måte, og lar oss inspirere til ny innovasjon.

19
levande lokalsamfunn
Foto: Ruben Soltvedt. Foto: Ruben Soltvedt. Foto: Ruben Soltvedt.

STORT OG SMÅTT

Ny visuell profil

Vi er så stolte av vår grafiske profil. Symbolikken i dei fire elementa i logoen famnar kva biosfæreområdet handlar om på ein veldig fin måte. På heimesida vår finn du alt du treng å vite om biosfæreområdet – den er under stadig oppdatering og vidareutvikling.

Besøk hjå Knarvik vgs - berekraftige val

4. april 2022 var vi på Knarvik Vidaregåande skule og besøkte elevar på første trinn for å snakke om berekraftige val i kvardagen. Elevane fekk i oppgåve å velje ut eit tiltak for gjere deira kvardag meir berekraftig. På nettsida vår finn du mange gode tips til korleis ein kan gjere berekraftige val i kvardagen. Les meir HER!

Historiebanken er opna

Vi samlar på historia til biosfæreområdet. Kva har skjedd og kva har vi erfart? Korleis har historia forma samfunnet vårt? Vi byggjer oss ein historiebank - og den skal etterkvart vere proppfull av alt som er oss! Du finn alle dei spennande historiene som er samla inn til no på heimesida vår.

Open dag på Marineholmen

Vi hadde stand saman med UNESCO-teamet på Universitetet i Bergen, ein fin laurdag i april. Universitetet arrangerte open dag i samband med 75-års jubileet. Vi fekk vist fram mykje av den spennande forskinga som skjer i biosfæreområdet og fekk mykje merksemd. Smaksprøvane frå Smak av Nordhordland vart særs godt tatt i mot!

Sjøaurekartleggjing

Fleire sjøaurevassdrag i Nordhordland er no kartlagd (20212022). Det er undersøkt kor store bestandane er i utvalde vassdrag, samt kartlagt vandringshindre og gyteområde for sjøaure. Det er føreslått ei rekke tiltak for å betre tilhøva for sjøaure i vassdraga. Grunneigarar og elveeigarlag kan søkje tilskot til tiltak. Les meir HER!

Foto: Hildegunn Opdal. Foto: Oddbjørn Rosnes. Foto: Kari Natland. Foto: Kjersti Isdal.

STORT OG SMÅTT

Biosfæreturnè

I haust har vi besøkt dei fleste av kommunane, og informert om kva aktivitetar og prosjekt vi har i gong som kommunane kan ta del i. Tilbake fekk vi meir kunnskap om kva som går føre seg rundt om. Saman diskuterte vi korleis vi kan setje i gong felles tiltak, og ikkje minst få fram alt det flotte som skjer i kommunane.

Lærarseminar

Vi samarbeida med FN-sambandet som arrangerte eit innhaldsrikt og spennande seminar for lærarar frå UNESCOskular i heile landet. Seminaret var lagt til biosfæreområdet. Programmet bestod mellom anna av bedriftsbesøk, og biosfæreområdet fekk vist mangfaldet og mogelegheitene knytt til berekraftig utvikling.

Prosjekt og arrangementlogo

Vi har utvikla ei ordning som gjer det lettare for arrangement og prosjekt som går føre seg i biosfæreområdet til å knyte seg til UNESCO-statusen. Aktørane må søkje om å bruke logoen via eit spørjeskjema. Vi ynskjer at biosfæreområdet skal være eit kvalitetsstempel for mangfaldet av prosjekt og arrangement som støttar opp om satsingsområda våre.

Cultivate

CULTIVATE er eit internasjonalt forskingsprosjekt der ein ser på kulturarv si rolle for å forme landskap og samfunn. Vidare ser ein på kva ”frø” sår vi i dag, som kan gi oss ei god framtid? Universitetet i Bergen er samarbeidspartnar. Nordhordland UNESCO Biosfæreområde deltar saman med biosfæreområde i Estland, Tsjekkia og Skottland.

Naturgode

Vi er del av eit forskingsprosjekt som kartlegg godene i naturen, og kva desse godene gir oss. I 2020/21 vart verdsetting av naturgode kartlagt. Den viste at naturgodet vi verdsett mest er friluftsaktivitetar, men og landbruk og landbruksprodukt kom høgt opp på lista. Undersøkinga er no vidareutvikla og vert relansert i 2023.

21
Foto: Torbjørg Grøttveit. Foto: Roy A. Nilsen / Kystkultur.no. Foto: Ruben Soltveit. Foto: Inger E. Måren.

BLI MED

Vil du bli Stolt Medspelar?

Vert lansert 13.april 2023

Les meir her!

Bli ein del av Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære!

Les meir her!

Vil du/de samarbeide om forskingsprosjekt? Ta kontakt!

Les meir her!

Foto: Getty Images.

FØLG OSS

Nettstaden vår!

Trykk her!

Facebook

Trykk her!

Instagram

Trykk her!

Nyhendebrev

Trykk her!

YouTube

Trykk her!

#egermed #egermed #egermed
Foto: Ruben Soltveit.

”Fra de ytterste skjær der havdønningene slår som klodens egne pulsslag innover svabergene over lyngheier og sund, innmark og utmark, knauser og koller helt inn til der landskapet stiger steilt mot fjellheimen og støl ligger bak støl mot himmelranden, er Nordhordland et lite stykke Norge i miniatyr. Selv om hele landsdelen fra Fedje til Stølsheimen var løsnet fra kysten og kommet i drift hadde den likevel hatt det meste av det landet har å by på - med seg”.

Foto: Ruben Soltveit.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.