Temabilag hus & heim

Page 6

6 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Loppegeneral: – Fine ti Mellom loppene som er samla i Lopperiet i Galleri 104 på Sandane, står eit vitrineskap fullt av lopper som skal ut for sal til høgstbydande. – Dette er mitt møbel, smiler Aase

Ryssdal Sæther, som er loppegeneral, og opnar dørene i skapet. Forklaringa på det spesielle namnet er at det er eit skap som er forma ut med glasfelt slik at ein kan sjå innhaldet. Slike skap vert ofte brukt til å vise fram spesielt verdifulle gjenstandar, ifylgje leksikon. – Eg har ei liknande skap heime, og eg veit ikkje om vi vil selje denne. Det blir i alle fall til høg pris,

seier Aase, som kan glede seg over at loppemarknaden under Sandanedagane gav over hundre tusen kroner til Stiftinga kyrkjelydsarbeid i Gloppen. Grunnen til ho har valt nettopp dette skapet som sitt favorittmøbel, er at ho vil ikkje at fine, verdfulle ting skal gøymast bak dører. – Kva skal vi med fine ting dersom vi aldri ser dei. Vi kan også

skifte ut ting om det er aktuelt, seier ho og hentar fram nokre fine muggar frå skapet. Aase, som er pensjonert bonde, men framleis avløysar, speler bokstaveleg tala på mange strenger. Ho er på Facebook både med ord og uttrykk frå Nordfjord og gamle bilde frå Gloppen. – Facebook er fantastisk berre folk sluttar å fortelje kva dei har


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.