Temabilag hus & heim

Page 1

hus & heim Temabilag for Nordfjord oktober 2019

Hans-Ivar tek godt tak i tradisjonane Eigar Hans-Ivar Holmøy drøymer om å skape eit senter for bygningsvern i den gamle arbeidsskulen i Holmøyane i Eid. – Det er miljøvenleg å ta vare på det gamle i staden for å rive eller kaste, seier 31-åringen. SIDE 2 OG 3

Arven har fått nytt liv

SIDE 10 OG 11

Opnar opp for det fine

SIDE 6 OG 7


2 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

UTGANGSPUNKTET: Slik såg internatet ut før arbeidet starta. Ved sidan av ser vi stabburet som også får ei andletsløfting. FOTO: PRIVAT

NESTE STEG: Stillasa er på plass, og arbeidet med taket kan ta til. FOTO: PRIVAT

MANGE BITAR I PUSLESPELET: Underlaget er på plass og arbeidet med legging av skifer har starta. FOTO: PRIVAT

Målet er å «byggje» nytt liv i skulen Den tradisjonsrike garden med arbeidsskule i Holmøyane er under restaurering. Draumen er eit senter for bygningsvern, og nytt liv i dei gamle undervisningslokala.

– Vi er i ferd med å fullføre restaureringa av internatbygget frå 1901. Det er eit prosjekt som har gått over tre år, fortel Hans- Ivar Holmøy. Dei har lagt om skifertaket, måla utvendig og sett i stand vindauga. Han hadde hjelp både med grunnmuren og skifertaket, men arbeidet med vegger og vindauge har han gjort sjølv. Skore til glas der det var knust, og skifta ut det som var av rote tre i rammene. Hundre rammer i alt. Prosjektet med Holmøy Arbeidsskule fekk 316.000 frå kulturminnefondet. Totalkostnaden i kroner er på 450.000. Då har han ikkje rekna med eigeninnsats på 500 timar, 200 timar frå mor og sambuar, i tillegg til hjelp frå nabo Reidar Holmøy i planleggingsarbeidet.

– Kva er det som får ein mann på 31 år til å legge det meste av fritida i restaurering av gamle hus? – Det ligg vel i blodet, smiler karen, som vil føre vidare tradisjonane som har gått frå mann til mann sidan tipptipp-oldefaren starta Holmøy Arbeidsskule i 1858. Hans-Ivar starta som møbelsnikkar, men no har han bak seg eit halvårsstudie i bygningsvern ved Fagskulen Innlandet på Gjøvik. Ei utdanning med helgesamlingar i kjende verneområde som Røros, Valdres og Telemark. Utdanninga omfattar mellom anna tilstandsvurdering av bygningar frå mur til tak, og innføring i overflatebehandling der han held linoljebasert måling som det beste. Utdanninga førte til at han skifta


NORDFJORDSAMKØYRINGA OKTOBER 2019 3

GODT BRUKT: Trappa måtte også skiftast, inkludert dei spesielle sementflisene. FOTO: PRIVAT

EIT STEG PÅ VEGEN: Verandaen var eit prosjekt for seg sjølv, heilt frå grunnmur til skifertak. FOTO: PRIVAT

LANGT FRÅ FERDIG: Slik såg det ut etter at Hans-Ivar hadde fått fjerna trappa. FOTO: PRIVAT

GOD MÅLING: Hans-Ivar meiner linoljemåling er best når ein skal restaurere. Han har også lagt skifertaket på utbygget over trappa i bakgrunnen. FOTO: INGE FÆNN

HEILT NYTT: Sementflisa frå 1901 måtte skiftast, men han klarte å finne marokkansk sementflis som likna. FOTO: INGE FÆNN

I EIGEN GARD: Hans-Ivar Holmøy med det nyrestaurerte internatet, stabburet og låven i bakgrunnen. FOTO: INGE FÆNN

arbeidsplass frå fabrikk til Inge Kolås som har spesialisert seg på vøling av eldre bygg. – Eg gjorde eit val i skifte av arbeidsplass for å få meir røynsle, seier han, og er langt ifrå ferdig med alt som må gjerast på garden. Akkurat no arbeider dei med å sikre låven. Det neste store prosjektet blir taket på skulebygget. – Det ligg nok litt fram i tid. Akkurat no vil eg prioritere litt familie, seier Hans-Ivar, som er i ferd med å ta over hovudhuset. Han har god hjelp i sambuaren, Hege Marie Pedersen, som har bachelor i kunst- og handverk, og som akkurat no tek pedagogikk i Volda. I vinter har dei innreia keramikkverkstad i kjellaren på skulebygget. Målet er å bli sjølvstendig næringsdrivande etter kvart som han skaffar seg nok kunnskap. Han har snikkarverkstad i skulebygget,

men der er plass til mykje meir. – Fine lokale for bryllaup og andre tilstellingar, seier han, og draumen er undervisning i bygningsvern. – Det ligg ei framtid i bygningsvern. Det er miljøvenleg å ta vare på det gamle i staden for å rive og kaste. Det er ein trend i tida at vi skal vere meir miljømedvitne. Stadig fleire ser verdien av å ta vare på eldre hus, men det krev kunnskap. Det er det eg får no, og som eg gjerne vil dele med andre når den tida kjem. – Det treng ikkje bli mykje dyrare om ein planlegg godt. Når det gjeld vindauga finst det gode løysingar for isolasjon utan å bryte den gamle stilen, meiner han. Andre delar av landet har vore mykje flinkare til å ta vare på gamle bygningar. Det må vi endre på. Det er ein del av kulturarven vår, og det er det folk vil sjå, meiner han.

«Flid lønast» var mottoet til skulen, og historia til skulen går som ein raud tråd gjennom alt som vert gjort. Hans-Ivar trakka i fotefara til faren, Ola, heilt frå han var smågut og saug til seg lærdom. Diverre døydde Ola tidleg, men sonen er klar til å føre tradisjonane vidare Målet er nytt liv i den gamle skulen. INGE FÆNN nordfj@fjt.no

Det ligg ei framtid i bygningsvern. Hans-Ivar Holmøy


4 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Andale

Nordfjord Hus AS – stolt forhandlar av Archihus Nordfjord Hus held til i Stryn og er forhandlar av Archihus på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. Vi som jobbar i Nordfjord Hus har mange års erfaring med både rehabilitering og nybygg. Vi lovar å vere din trygge følgjesvenn heile vegen; frå første møte til nøkkelferdig hus. For at du skal bli fornøgd er det avgjerande å finne ein husmodell med planløysingar som passar det livet du og din familie ynskjer å leve. Dette hjelper vi deg gjerne med! Alle våre hus kan sjølvsagt tilpassast din eigendom og dine behov.

Inge Matias Tvinnereim Bustadr ådgivar M: 917 66 044 E: inge.matias.tvinnereim@archihus.no

NORDFJORD HUS

Rune Solheim Bustadr ådgivar M: 920 95 472 E: r une.solheim@archihus.no

Stig Tisthamar Prosjekt- og byggeleiar M: 971 99 442 E: stig.tisthamar@archihus.no

Tonningsgata 42 Stryn, 6783 Stryn T: 920 95 472 str yn@archihus.no

Visste du at det blei selt 706 bustadar i Nordfjord i 2018? Spør oss om bustadannonsering. Vilde: 918 22 206 Rune: 454 45 244 nordfj@fjt.no nordfjordsamkøyringa.no

Alt i trelast og byggevarer Fritt levert Bryggja, Måløy og Selje kvar onsdag.

La deg inspirere eller tegn

Byggfaghus

ditt helt eget

Nystøl & Fagerhol AS tlf:700 20 830 post@nystol-fagerhol.no

www.facebook.com/byggevarer


NORDFJORDSAMKØYRINGA OKTOBER 2019 5 eller leiligheiter heilt i SJØKANTEN

HAUSTKAMPANJE

Praktiske bustadar med carport i sentrum av Eid

Rådhusveien 30A , 6770 Nordfjordeid Tlf: 480 09 700 | dvergsdalogsunde.no pønske.no

Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet. nordfjordsamkøyringa.no nordfj@fjt.no 57 84 90 00

Isolerglas som doggar? Knust glas? Energisparing? - Då er isolasjonsverdien halvert. - Glaset blir delvis svekka mot lekkasje Ring oss for rådgjeving i høve val av nytt glas og riktige glasløysingar!

Din totalleverandør av alt innan glas: - Isolerglas, solavskjermande glas og spesialglas - Luxaflex solavskjerming - Alum. fasader, glastak, vinterhage, GODE vindu/dører - Trervindu, PVC

KAMPANJEPRISAR!

FAGKUNNSKAP GIR TRYGGHET

Kontakt

GLASS SIKRING AS

Følg Glassfagkjeden på Facebook

post@glass-sikring.no

GLASSREKKVERK - STYRKETESTET OG GODKJENT

Flere typer rekkverk og glass på lager Se hjemmeside http ps:///www.lyyserom.no// eller tlf 932 00 362. Ta kontakt for et godt høst-tilbud!

• Manglar du vatn til hus eller hytte? • Er tida komen for å oppgradere til bergvarme? Ta kontakt, gratis synfaring. Mobil: 90 99 00 41 / 48 06 96 46 e-post: post@brustugun.no www.brustugun.no

Ovn og peis Trebo-Hus AS

Jarbrugda, 6823 SANDANE

Kjøkken og bad

BLÅSEISOLERING - Etteriosolering av gamle bygg - Isolering av nybygg

Fjordanne

ISOLERING

VI KJEM GJERNE PÅ SYNFARING!

Temabilag hus&heim Neste utgåve: April 2020

Gunnar Kjørvik, 6823 Sandane Telefon 918 27 844 e-post: gatlekj@online.no - www.isofiber.no

Belysning

Trelast - golv - flisar - garderobe - vedovnar

Handverktøy / Makita OPNINGSTIDER MÅNDAG - FREDAG: 07.30 - 16.30 LAURDAG: 10.00 - 14.00


6 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Loppegeneral: – Fine ti Mellom loppene som er samla i Lopperiet i Galleri 104 på Sandane, står eit vitrineskap fullt av lopper som skal ut for sal til høgstbydande. – Dette er mitt møbel, smiler Aase

Ryssdal Sæther, som er loppegeneral, og opnar dørene i skapet. Forklaringa på det spesielle namnet er at det er eit skap som er forma ut med glasfelt slik at ein kan sjå innhaldet. Slike skap vert ofte brukt til å vise fram spesielt verdifulle gjenstandar, ifylgje leksikon. – Eg har ei liknande skap heime, og eg veit ikkje om vi vil selje denne. Det blir i alle fall til høg pris,

seier Aase, som kan glede seg over at loppemarknaden under Sandanedagane gav over hundre tusen kroner til Stiftinga kyrkjelydsarbeid i Gloppen. Grunnen til ho har valt nettopp dette skapet som sitt favorittmøbel, er at ho vil ikkje at fine, verdfulle ting skal gøymast bak dører. – Kva skal vi med fine ting dersom vi aldri ser dei. Vi kan også

skifte ut ting om det er aktuelt, seier ho og hentar fram nokre fine muggar frå skapet. Aase, som er pensjonert bonde, men framleis avløysar, speler bokstaveleg tala på mange strenger. Ho er på Facebook både med ord og uttrykk frå Nordfjord og gamle bilde frå Gloppen. – Facebook er fantastisk berre folk sluttar å fortelje kva dei har


NORDFJORDSAMKØYRINGA OKTOBER 2019 7 MITT MØBEL: – Kvifor gøyme bort fine ting? spør Aase Ryssdal Sæther. Favorittmøbelet hennar er eit skap med glasruter for å vise folk kva som er i hyllene. ALLE FOTO: INGE FÆNN

DUK ELLER GARDIN: Aase Ryssdal Sæther (t.v.) saman med Berit Gloppestad finn mykje fint i det som vert levert inn til Lopperiet på Sandane. Pengane som kjem inn er kjærkomne i kyrkjelydsarbeidet i Gloppen.

GAMLE SKØYTER: Blir det kaldt i vinter kan Aase by på skøyter både med og utan sko, og mykje anna spennande mellom alle loppene dei har til sals. – No har vi noko vi har kalla skrotnissehandel. Eg spør folk kva dei byr. Er bodet for lågt seier eg at det blir ikkje sal.

ting skal ikkje gøymast hatt til middag, ler ho og leitar fram ein strengeleik som har fått plass mellom loppene. Ho let øvde fingrar danse over strengane og lokkar fram tonar. Inn mellom alt anna har ho også tid til å vere med på konsertar der salmar og folketonar står på programmet. Lopperiet vert drive på dugnad saman med nokre andre kvinner,

og pengane som kjem inn er til glede både for unge og gamle i kyrkjelydane i Gloppen. Dei har rikt utval av lopper, og berre eit fåtal har prislapp. – No har vi noko vi har kalla skrotnissehandel. Eg spør folk kva dei byr. Er bodet for lågt seier eg at det blir ikkje sal. Vi sel ikkje før vi får ein pris vi er nøgde med, seier ho, og viser fram veteranskøyter

med og utan skor. Varene kjem frå mange stadar i kommunen. Hus skal ryddast, og ofte stoggar folk ved Lopperiet slik at dei kan sjå kva som er interessant å ta vare på, før resten går på dungen. – Vi finn mykje verdfullt, konstaterer Aase Ryssdal Sæther. INGE FÆNN nordfj@fjt.no

FAVORITTMØBEL Namn: Aase Ryssdal Sæther Alder: 65. Yrke: pensjonert bonde, men jobbar som avløysar Adresse: Sandane Bur: på garden Ryssdal


8 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Ambulerende glassmester VINTERTILBUD!

Trenger huset ditt en ansiktsløftning med nye dører og vinduer? ”Alle” skal gjøre det til våren, men vi vil tilby deg et godt vintertilbud, der du bestiller før 15. november, og vi kan montere fortløpende i januar, februar og mars!

5% ekstra prosjektrabatt! Gjelder leveranse av Fenstra PVC vedlikeholdsfrie produkter. Små eller store prosjekter er velkommen! Les mer om tilbudet på www.kvamme.no

Nyheter og stort utvalg av: - Arbeidslamper - Hodelykter - Lyslister - Håndlykter - Stavlykter - Lommelykter

I butikken finner du mange utstillingsmodeller.

VERLO AS 57 85 11 77 90 91 91 96

www.verlo.no

Industrivarer | Spesialvarer Båtslipp | Jernvarer | Mek. verksted

GJER HUSET DITT KLART TIL MØRKARE OG KALDARE TIDER.

Fensttra PVC ved dlikeh holldsffriie dører og viind duer. Vi leverer og monterer alle typer vinduer i PVC. Fastkarmer, sidehengslet, bunnhengslet, toppsving, drei/vipp innslående, balkongdører, ytterdører og skyvedører. Bestselgeren er TOPPSVING som

kan snus rundt og vaske fra inns

iden.

Spør oss om:

• Elkontroll av ditt elektriske anlegg • Elektroinstallasjonar • Varmepumpe ifb med varmekomfort og inneklima - vi leverar fleire fabrikat av varmepumper • Sikringsskap med jordfeilautomatsikringar • Overspenningsvern for å sikre elektriske apparat ifb med lyn og torden • Komfyrvakt som sikkerheit mot brann i samband med med komfyren • Smarthus for å gjere huset ditt smart • Panelomn i samband med effektiv- og miljøvarme • Belysning inne/ute i forhold til hausttmørkeret

Øyane 12 - 6770 Nordfjordeid www.eidelektro.no

Monteringen av Fenstraproduktene monteres fagmessig av Johan og Olav, med mange års erfaring, med fagbrev og er Autoriserte Glassrådgivere fra Glass og Fasadeforeningen i Norge.

Send oss din forespørsel på epost: post@kvamme.no www.kvamme.no Tlf: 400 05 939


NORDFJORDSAMKØYRINGA OKTOBER 2019 9

LEILIGHETER TIL SALGS

MODERNE, SENTRALT OG RIMELEG I HJARTET AV NORDFJORDEID 1. H0102

Bruksareal: 54m² P‐rom: 51m²

1etg

Pris: kr 2.075.000,‐

2. H0201

Bruksareal: 75m² P‐rom: 71 m²

2etg

Pris: kr 2.690.000,‐

3. H0202

Bruksareal: 66m² P‐rom: 62m²

2etg

Pris: kr 2.490.000,‐

4. H0203

Bruksareal: 66m² P‐rom: 62m²

2etg

Pris: kr 2.490.000,‐

5. H0204

Bruksareal: 65m² P‐rom: 61m²

2etg

Pris: kr 2.450.000,‐

6. H0302

Bruksareal: 66m² P‐rom: 62m²

3etg

Pris: kr 2.590.000,‐

7. H0303

Bruksareal: 66m² P‐rom: 62m²

3etg

Pris: kr 2.590.000,‐

5 4 - 7 5 M ² - 20 7 5 0 0 0 - 26 9 0 0 0 0 K R FERDIGSTILLING 3. APRIL 2020!

Perfekte leiligheter i gunstig prisklasse for dei som vil komme seg ut på bustadmarknaden eller vil ha ein flott og praktisk bolig i Eid sentrum. Med beliggenheit midt i sentrum er ein sikra å få med seg det som rører seg. Perfekt for den som likar å vere der det skjer. Samstundes er det kort veg til flotte turar både til fots, sykkel eller båt.

Frequency.no

Kontakt Sissel Halnes Eigedomsmeklar MNEF 970 76 649 sissel@eigedomsmekling.no

HAR DU MYKJE RASK OG ROT - VI HAR CONTAINER TIL SKROT.

Vi gir deg 24.000 lesarar i våre kanalar Dersom du treng å kvitte seg med større eller mindre mengder avfall, så ta gjerne kontakt med oss.

Vilde: 918 22 206 Rune: 454 45 244 nordfj@fjt.no nordfjordsamkøyringa.no

Vi har alt frå 1500 l avfallssekk / bigbags for kraning til opne og lukka containerar frå 4 m3 til 41 m3.

NOMIL AS

Kontakt oss på telefon 940 35 702 eller på e-post: post@returanomil.no Besøk oss gjerne på facebook. Nomil AS, Eidsmona 14, 6823 Sandane


10 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Huset på 140 år har fått ei framtid «Heimtun», det gamle hovudhuset frå 1880-åra til Markusbruket på Vanberg i Olden, er ferdig restaurert. – Restaureringsbudsjettet var kostnadsrekna til 1,3 millionar. Vi fekk 375.000 kroner frå Kulturminnefondet og 25.000 frå UNI Stiftinga. Resten får vi ta sjølve, seier eigaren Morten C. Vanberg, som er busett i Asker. Bestefaren Martin var odelsgut på Vanberg. Han sa frå seg retten og dreiv kolonialbutikk i Hurum. Det vart bygt nytt hus på garden, og faren Ola fekk det gamle huset. Faren Ole eigde så huset til Morten fekk skøyte for tolv år sidan. No kan han gle seg over tett tak, og at huset er sikra for ettertida. Det som står igjen er kjellaren der det var bøkkerverkstad. Murane skal setjast i stand, og det skal lagast ei ekstra dør framfor inngangsdøra med den gamle dørlåsen som er gammal smedkunst.

Krevjande arbeid

Halvor Tenden i Stryn Bygg starta restaureringa i fjor. Han har hatt alt arbeid et med tak og vegger medan Ove Losnegård i Fjaler henta vindauga til Sunnfjord som vinterarbeid. – Ein krevjande og spennande jobb, seier Tenden, som har fjerna

eternittplatene på taket. No er det igjen skikkeleg skifertak på huset. – Vi brukte skifer på 50 x 50 cm i staden for 60 x 60. Det førte til lettare tak, og mindre press på takkonstruksjonane, fortel han. Det meste av vestveggen måtte skiftast, men materialkvaliteten i resten av bygget, som er over hundre år, var overraskande god. Materialen kom frå furuskogane i Markane, og det var mykje god adel.

Alle takrenner er av sink.

– Utfordringa har vore å få alt mest mogeleg identisk. Det er ikkje isolasjon. Eg hadde kanskje skifta litt meir hadde eg fått lov, smiler han og viser at det er ulik breidde på bordkledinga frå vegg til vegg. – Dei kjem frå ulike tidsbolkar, og utskjeringane er handarbeid, seier Tenden og viser fram korleis han løyste det som skulle vere over glasa. – Med tanke på at vi skal 140 år tilbake var dette eit uvanleg stort bustadhus den gangen det vart bygt, seier eigaren, som har vore på Vanberg kvar einaste sommar i over 60 år. Det einaste som bryt med det gamle er innlagt vatn, bad og toalett der det ein gang i tida var to små rom, men treveggane står der framleis. INGE FÆNN nordfj@fjt.no

FRAMTIDA SIKRA: Halvor Tenden kan glede seg over arbeidet han har gjort med å sikre det 140 år gamle huset på Vanberg for ettertida.


NORDFJORDSAMKØYRINGA OKTOBER 2019 11

LANG VEG Å GÅ: Markus C. Vanberg og kona Anne Kathrine Stangeland ved huset slik det så ut før arbeidet starta. ALLE FOTO: INGE FÆNN

SOM I GAMLE DAGAR: Huseigaren slappar av i den gamle gyngestolen. I stova er alt som før.

HANDARBEID: Halvor Tenden med den gamle, rotne modellen og korleis han har laga dei nye kopiane.


Flyttesjau med ei aldri s

12 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Plutseleg ein dag var det ein realitet. Eg skulle flytte. Frå Oslo. Tigerstaden. Tiggarstaden. Byen med det store hjartet. Til Stavanger. Oljebyen. Siddis-land. Eg hadde både seld leilegheit her og kjøpt leilegheit der. Dermed var det berre å sette i gong med å pakke ned livet mitt. Etter 28 år i vår fabelaktige hovudstad var det over. Det heile var klump-ihalsen-og-tåre-i-augekroken-vemodig. Reise frå ein by eg er så inderleg glad i. Den einaste storbyen vi har. Ein liten storby i verdsmålestokk, rett nok, men med alle ingrediensane som skal til for å lage ein storby. Dessutan er det ein by som berre blir betre og betre. Reinare luft, mindre biltrafikk, stadig nye bilfrie arenaer å boltre seg på, sydande folkeliv, kilometervis med nye sykkelfelt. På få år har Oslo klatra frå 19. til 7.-plass blant Europas beste sykkelbyar. Dessutan er det Europas miljøhovudstad i 2019. Men Oslo mangla ein faktor, ein veldig vesentleg faktor; sonen min og familien hans. Eg ville nærmare dei. Vere saman med dei oftare. Og eg måtte gjere det medan eg framleis var så oppegåande at eg hadde noko å bidra med. Det er når ein skal flytte det verkeleg går opp for ein kor uhorveleg mykje av uvesentlege, unødvendige og ubrukande ting som har samla seg opp gjennom åras løp. Takk og lov då for Fretex. Det blei skytteltrafikk mellom bustaden min og Fretex på Grünerløkka. Ein sekk full av sko. Ein annan full av klede eg aldri brukte. Og pyntegjenstandar det ikkje var plass til. Gjenstandar som hadde hatt eit kummerleg, mørkt og einsamt liv i kjellerboden. Takk og lov for Finn.no òg. «Gratis bord. Må hentast.» «Spisebord med seks stolar til sals. 2500 kroner.» Måtte hentast det òg. Ugudeleg billeg, men sånn fekk det vere når det ikkje var rom for det i mitt nye herberge. Og så var det berre å gå laus på og pakke ned rom for rom. Sidan eg ikkje har bil og det å frakte 15–20 IKEA-flyttekasser på buss var utelukka, blei Kiwi redninga. Kvar einaste dag var eg innom to Kiwi-butikkar i nabolaget og tigga tomme banankasser. Til eg

FULLT HUS: Vågsøyværingen Jarl Wåge har pakka sakene sine og flytta til Stavanger etter 28 år i Oslo. «No er eg så usedvanleg heldig at eg har hadde ein heil haug. Ein skulle tru dei er laga med tanke på flytting. Sterke og solide. Kan stable dei oppå kvarandre om dei er fulle av glas eller gryter. Til slutt såg stova ut som eit bananlager. Ein vakker dag var eg ferdig. Sliten og ganske stolt av meg

sjølv over innsatsen. Flyttebyrået kom som avtalt, og to sterke menn frå Baltikum bar alt inn i flyttebilen i løpet av to timar. Så starta dei på lang natts ferd mot Stavanger. Eg sette meg på nattoget i same retning og kappreiste med dei. Vi kom fram omtrent samtidig, og etter to nye timar

hadde dei to arbeidsmaurane plassert alt eg eigde i ein haug i den nye leilegheita. Eg blir så imponert over folk som kan eit fag. Handverkarar; tømmermenn, målarar, røyrleggarar, elektrikarar. Kanskje eg er lettimponert. For eg har ikkje

«ti tusen tommeltottar» som Halvdan Sivertsen syng om. Eg har titusen på kvar hand. Minst. Plutseleg hadde eg nytt golv. Nymalte vegger. Nytt, moderne kjøken. Nye baderomsmøblar. Det meste på plass medan eg framleis heldt på og pakka meg ut av Oslo.


så lita tåre i augekroken

NORDFJORDSAMKØYRINGA OKTOBER 2019 13

fått meg eit nytt liv. Ein mann godt oppe i åra som får byrje med blanke ark.», skriv han i denne kommentaren. TEIKNING: JAKKI MOORE No driv eg og bur meg til i Stavanger. Eg har tidlegare skrive om utsikt. At eg i Oslo såg eg rett inn i ein vegg. Men under over under. Eg har fått «a flat with a view». Digre vindauge heilt ned til golvet slepper inn masse ljos. Dei vender ut mot ein flunkande ny park. Og ein kanal. Om terras-

sedøra er open, kan eg høyre bølgjeskvulp (!) når ein båt har gått forbi på fjorden (som eg òg har utsikt til) og sender bølgjer inn kanalen. På nytt har eg oppdaga korleis utsikt og utsyn gjev ei slags forunderleg ro i sjela. «Angrar du på at du har flytta?» spør folk. «Det er alltid for seint å

angre», er mitt livsmotto. Av og til må ein brenne bruer. Det er eg ganske god til. Då nyttar det ikkje å sjå seg attende. No er eg så usedvanleg heldig at eg har fått meg eit nytt liv. Ein mann godt oppe i åra som får byrje med blanke ark. Nær dei viktigaste menneskja i livet mitt. Litt

som ein lottogevinst. Då er det berre å sjå framover. Så får eg heller hente fram dei gode minna når det kjem lange, mørke netter. Dei kjem alltid. Same kvar i verda ein måtte vere.

JARL WÅGE nordfj@fjt.no

No driv eg og bur meg til. Jarl Wåge


14 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

GREITT Å VITE FØR DU KJØPER HUS: «Det er svært viktig å sette seg grundig inn at all dokumentasjon som vedkjem salet før du går på vising», skriv Jan Erik Mardal i dagens informasjonsspalte i Hus & Heim-magasinet. Fylkesleiaren i Huseierne har ei lang liste med tips og sjekkpunkt til dei som vurderer å kjøpe seg bustad. TEIKNING: TURID BREIDALEN


NORDFJORDSAMKØYRINGA OKTOBER 2019 15

Gode råd til bustadkjøparar Kjøp av bustad og fritidsbustad er som regel den største investeringa vi gjer i løpet av livet. Her er nokre viktige reglar som ein kjøpar bør kjenne til før ein går i gang med å gje bod på ein eigedom.

Seljar har ei plikt til å gje korrekte opplysingar om eigedomen som han kjenner eller må kjenne til, og som kjøpar har grunn til å rekne med få. Det er svært viktig å sette seg grundig inn at all dokumentasjon som vedkjem salet før du går på vising. Alle opplysingar som går fram av salsdokumenta, dvs. salsoppgåve med takst/tilstandsrapport, eigenerklæring frå seljar, reguleringsplanar mv., blir rekna som kjent for deg som kjøpar. Om du har oversett informasjon her, kan du ikkje seinare unnskylde deg med at dette har du ikkje fått med deg. Husk også at eigenerklæringa frå seljar kan innehalde viktig informasjon. Om du lurer på noko er det viktig å stille spørsmål til meklaren. Ver merksam på at ein verditakst gir deg langt mindre informasjon om bustaden sin tilstand enn ein tilstandsrapport. Dersom det ikkje ligg føre tilstandsrapport og bygningen ikkje er heilt ny, bør ein søkje bistand av ein fagmann til å delta på visinga. Ver likevel merksam på at du som kjøpar vil kunne stå langt svakare ved ein seinare reklamasjonssak dersom mangelen gjeld forhold som ein fagkyndig burde ha oppdaga. Opplysingar eller synlege forhold som kan indikere ein risiko for skader, skjerpar kravet til deg som kjøpar til å gjere ei grundig undersøking. Det du som kjøpar kjende eller burde vore kjent med før kjøpsavtalen blir inngått, kan ein ikkje seinare reklamere over. Dersom kjøpet t.d. gjeld ein eldre bustad og det er opplyst at dreneringa er frå byggjeår og viser teikn til svakheit, vil det seinare vere vanskeleg å nå fram med eit seinare reklamasjonskrav knytt til dreneringa. Dersom du oppdagar forhold på visinga som kan indikere avvik, t.d. fukt, sprekker eller skeivheiter, bør du forhøyre deg om dette før du legg inn bod. Det same gjeld om det er usikkert om kva omfang ei dokumentert fukt-

HAR GODE RÅD: Jan Erik Mardal er distriktsleiar i Huseierne i Sogn og Fjordane. FOTO: PRIVAT

skade har og om det er blitt gjort utbetringstiltak. Krev dokumentasjon for eventuelle tiltak. Gjeld kjøpet ei leilegheit i eit sameige bør du sjekke om det er avgjerder i vedtektene om t.d. dyrehald dersom det er viktig for deg. Be om å få sjå siste årsmelding med rekneskap. Få avklart om det er planlagt kostbare tiltak/utbetringar i den nærmaste framtida. Om du er usikker på eit forhold, bør det takast atterhald om dette i samband med bodgivinga. Dersom forholdet blir oppdaga etter at bodet er akseptert, men før kontraktsmøtet, bør dette omtalast i kjøpsavtalen. Kjøpar har ei plikt til å undersøkje eigedomen nøye i samband med overtakinga. Dette kan få betydning for ein eventuelt seinare reklamasjon, t.d. der mangelen kunne vore avdekka då ein tok over. Dette gjeld også uteområde der det kan stå att gjenstandar eller søppel som skulle vore fjerna av seljar. Om ein mangel blir oppdaga i samband med overtakinga, bør dette omtalast i overtakingsprotokollen som også er

siste moglegheit for å krevje at meklar skal halde tilbake del av kjøpesummen på klientkonto som sikkerheit for eit mangelskrav. Kjøpar kan gjere gjeldande ein mangel i fem år etter overtakinga. Dersom du oppdagar ein mangel må du likevel reklamere innan rimeleg tid. Domstolane har vurdert dette som to-tre månader etter at mangelen blei eller burde ha blitt oppdaga. Dersom det gjeld ein skjult feil eller mangel som ikkje var kjend for seljar på salstidspunktet, må det også vere snakk om ein mangel av eit visst omfang for at seljar skal kome i ansvar. Mange forhold kan medverke til å redusere eit typisk krav om prisavslag. Ei utbetring av ei fuktskade på eit eldre bad, kan t.d. bli medføre at eit ev. prisavslag blir redusert på grunnlag av eit standardhevingsfrådrag. Husk at seljar som utgangspunkt har rett til å utbetre eller rette ein mangel. Dersom kjøpar tek frå seljar denne retten, kan ein risikere at mangelskravet går tapt. Dersom seljar har teikna eigarskifteforsikring i samband med salet, er det viktig at du reklamerer overfor forsikringsselskapet. Om du er usikker på prosedyrane omkring korleis du skal reklamere kan du kontakte eigedomsmeklaren. Om du bør teikne bustadkjøparforsikring i samband med salet må kvar enkelt vurdere. Dei fleste vil uansett ha krav på rettshjelpsdekning gjennom eige forsikringsselskap.

JAN ERIK MARDAL Huseierne

HUSEIERNE VEIT RÅD •• Huseierne er ein landsomfattande interesseorganisasjon for eigarar av hus og leilegheiter, sameige, burettslag og gardeigarar. •• Advokat Jan Erik Mardal er distriktsleiar i Sogn og Fjordane, og i Hus & heim-bilaget kjem han med gode råd til huseigarar.


16 OKTOBER 2019 NORDFJORDSAMKØYRINGA

NYTT TAK?

Vi har markedets billigaste tak frå Evertile

Alltid fraktfritt levert!

NYHEIT

PÅ LAGER: Evertile ru: svart, raud antikk, grå antikk. 30 års vasstettgaranti. Everglaze: Svart høgglans/glassert. 30 års vasstettgaranti. Evertech: Svart matt. 30 års vasstettgaranti. Alutech: Svart aluminium. 50 års vasstettgaranti.

Evertile pr. kvm

190,70

Takpanne

Dekkande mål: 367x1260 mm

Everglaze pr. kvm

2,15 panner = 1 kvm

ALUTECH pr. kvm

218,85

252,30

NYHEIT Aluminium

Evertile pr. stk

132,84

Møne buet

Everglaze pr. stk

370 mm

152,63

ALUTECH pr. stk

163,63

NYHEIT Aluminium

Evertile pr. stk

157,95

Møne buet start/slutt Koppen Industrier AS er et byggevarefirma med fokus på nybygg og rehabiliteringsmarkedet. Vi er hovedleverandører til flere store prosjekter i regionen, og er tilknyttet en rekke entreprenører. Vi spesialdesigner også hytter, naust og garasjer som byggesett.

Vår målsetting er korrekt levering til rett tid og rett pris!

med d på åsattte endestykke 370 mm

Everglaze pr. stk

181,48

NYHEIT Aluminium

ALUTECH pr. stk

194,58

Evertile pr. stk

181,55

Gavlbeslag høgre/venstre

Everglaze pr. stk

205,99

Dekkande mål: 1100 mm

ALUTECH pr. stk

221,59

NYHEIT Aluminium

Luftehatt

Evertile pr. stk

Tilkopl.: Ø 160, 150, 130,125, 110 og 100 mm Gummimansjett med sjølvklebande butylkrage. 150x150 mm. Kullsvart.

Furene, 6100 Volda - T.: 70 04 59 90 - Fax: 70 06 87 70 - www.koppenind.no - post@koppenind.no

Vi har faste køyreruter:

Everglaze pr. stk

2212.48 ALUTECH pr. stk

NYHEIT Aluminium

2212,48

Penger å spare ved å velge Evertile/Everglaze/Alutech Dim.

170 m 2 stk 35 stk 20 stk 64 stk 1 stk 1 stk 4 pk 3 ruller

2

Alle dagar: Ørsta og Volda Tysdagar: Sykkylven, Stranda og Hellesylt Tysdagar: Hornindal, Stryn, Loen, Innvik og Utvik Onsdagar: Giske, Sula, Ålesund, Ørskog og Haram Onsdagar: Nordfjordeid, Måløy, Bremanger, Selje, Stadtlandet og Vanylven Torsdagar: Sande, Herøy, Ulsteinvik og Hareid

ERT V E L T T FRI

1889,83

100-450 steinbe.

!

Takpanne 369x1260 Møne start/slutt Møne Gavel lang venstre/høgre Gavel kort venstre/høgre (ekstra ved kort gavel) Rep. sett Lufthatt Skru 5,0x35 rustfritt Møne/ventilband 5m

Totalt m/MVA fritt levert

p y Du sparer mykje ved å kjøpe Evertile

mot liknande ståltak

Her finn du oss!

NYHEIT

Aluminium Alutech

Evertile ru

Evertech

Everglaze svart

32.419,316,4.649,3.631,(8538,-) 157,1.890,2.689,2.293,-

37.205,363,5.342,4.120 (9083,-) 311,2.212,2.689,2.293,-

37.205,363,5.342,4.120,(9083,-) 311,2.212,2.689,2.293,-

42.891,389,5.727,4.432,(9348,-) 311,2.212,2.689,2.293,-

48.044,-

54.539,-

54.535,-

60.944,-

ca. 29.500,-

31.500,-

Ope:

8-17 (9-14)


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.