1 minute read

FESTIVALAR

Klart For Leik Og Moro I Sentrum

I år går Måløydagene av stabelen helga 9.–11. juni. Dette for å få med seg tivoliet. I tillegg vil ein del av moroa på Måløydagene strekke seg eit par dagar ekstra ut i tid i år, på grunn av cruiseturistane som er venta i same periode. Under Måløydagene blir det blant anna show i teltet fredag og laurdag, mykje underhaldning for barn, opptog, musikantar i gata og boder. I år har nye folk i arrangementskomiteen bidratt med eit friskt blikk på ein god gammal tradisjon, og dei har nokre overraskingar på lur.

Etter 20 år har Malakoff Rockfestival stadfesta posisjonen sin som ein anerkjent rockfestival. På programmet i år står mellom andre Kaleo, Rival Sons, Dagny, Empire State Bastard, The HU, Bigbang, Undergrunn, Ylvis, Hellbillies, Lars Vaular, Kamelen og The Good The Bad and The Zugly. Festivalcampen har plass til nær 5.000 personar, og 1.000 telt. Årets festival går føre seg 20.–22. juli på Nordfjordeid i vakre omgivnadar i området Malakoff.

SAMLAST TIL MESSE PÅ HEILAG ØY 8

Søndag 9. juli går den tradisjonsrike Seljumannamessa av stabelen, forhåpentlegvis denne gongen ute ved Selja kloster. I fjor braut arrangørane på ein måte tradisjonen då dei måtte bruke Selje kyrkje for å søke ly for det dårlege vêret. Hovudtalar under årets Seljumannamesse blir Solveig Fiske, som er tidlegare biskop i Hamar bispedøme.

SOMMARAKTIVITET FOR STORE OG SMÅ

9

Sommaraktve Stadt er ei aktivitetsveke for heile familien på Stadlandet. I år går arrangementet av stabelen frå 30. juni til 8. juli. Det blir mellom anna fotballdag, volleyballturnering, tennis og ein eigen dag med vassaktivitetar på, i og ved sjøen. Under Sommarktive Stadt blir det også opning av den nye dagsturhytta på Stadlandet. Aktivitetsveka blir avslutta laurdagen med dans på Stad hotell.

Mat Er Tilbake P Festivalmenyen

Tre år utan Eid gatematfestival var nok for Leon Knapskog. Restauranten Aske og Minibakeriet inviterer no nemleg kokkevennar, matentusiastar, lokale mat- og drikkeprodusentar og alle som høyrer om festivalen til matfest igjen. Datoen som er sett av er 15. juli. Denne dagen blir det også musikk, god stemning og dersom det blir som på tidlegare gatematfestivalar vil det komme tusenvis av gjestar til Nordfjordeid.