1 minute read

Opplev sommarlivet i Stad

Eit utval arrangement mai-aug.

26.5 - Sagastad, konsert Misery and Company

27-28.5 - Dragseidspelet "På Sverdeggja"

31.5 - Sommarshow Stad kulturskule, Operahuset

9.-11.6 - Selje Cup, Selje

23.-25.6 - Elskhug & Eksis, lystspel Nordfjordeid

22.-24.6 - Barnas superhelg Alti og Eid handel

30.6-8.7 - Sommaraktive Stadt

9.7 - Seljumannamesse, Selje

15.7 - Eid gatematfestival

21.7 - Dødsekonkurranse, Nordfjordeid

20.-22.7 - Malakoff Rockfestival 2023

29.7-5.8 - Vestlandsk Sommarsymfoni, Nordfj.eid

12.8 - Selje Golfklubb, jubileumsturnering 25 år

26.8 - Innbyggjartreff i Operahuset Nordfj.

31.8 - Flygelbonanzakonser, Operahuset Nordfj.

Veke 26-32 - Eidsgata 9 og Nabben 80/BUA Selje, sommaraktivitet for born og unge, ma. til fr. Laurdagar i juli - Sommarshopping m/aktivitetar på Nordfjordeid.

Vilt, vakkert og heilhjarta: Velkomen til sommareventyret i Stad!

I Stad kommune kan du oppleve dei store kontrastane. Frå stille vatn og høge fjell ved Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet - til kvite sandstrender, grøne landskap og det ville Stadhavet ytst ved Vestkapp.

I Stad finn du surfeparadiset Hoddevika, Vestkapp - det vestlegaste fjellplatået i Noreg, Fjordhesten - ein av verdas eldste hesteraser, Myklebustskipet - eitt av verdas største vikingskip og Selja kloster med Noregs einaste kvinnelege helgen Sankt Sunniva. - Eit mangfald av særeigne kultur- og naturopplevingar å oppleve og ta med seg i hjartet!

Midt i Stad kommune og Nordfjord finn du kommunesenteret Nordfjordeid – ein perfekt "basecamp" for ditt Nordfjord-eventyr. Om du vil ta ein pause frå aktive opplevingar og kjenne på kvilepulsen kan du bade og nyte livet i Sagaparken, handle og rusle rundt i den idylliske Eidsgata og finne alt du treng på éin stad – med kort veg til heile Nordfjord.

- Hjarteleg velkomen!

Meir info om attraksjonar, opplevingar og aktvitetar i Stad finn du på www.hjartestad.no og www.nordfjord.no

# hjartestad - del din stad