3 minute read

DNT SINE TURTIPS

Langhuken

Langhuken er Keipen Turlag sin gapahuk som ligg nydeleg til på ein odde i Langevatnet ved fv. 614. Parker på parkeringsplassen ved Langesjø hyttegrend. Nokre meter etter inngangsportalen, tar du til høgre gjennom skogen. Her kjem du fram til eit idyllisk område med gapahuk og høve til å lage mat på bålpanna (hugs ved til eige bruk). Du kan bade eller fiske (fiskekort) og om du har med deg DNT-nøkkelen, kan du ta deg ein tur i kano på vatnet. Det er ein flott plass å henge opp hengekøyer. Turen er berre litt over 1 km og er grønmerka.

Knekkevasshytta

For å komme til hytta, kan du gå frå parkeringsplassen ved Sørdalstrappa og følge T-merka sti mot Keipen. Denne vegen er i underkant av 3 km, ein familievennleg tur. Det er også mogleg å gå frå parkeringa ved Amsterdam. Denne er brattare og 1,5 km å gå. Dette er ei DNThytte som Keipen Turlag har bruksavtale på. Her er sengeplass til 12. Hytta er låst med DNT-nøkkel. Det er fint å nyte nistematen på terrassen med utsikt over Nordgulen. Vil du lage deg eit varmt måltid er det gasskomfyr. Hytta har solcellebelysning.

EGGJA I SELJE 8

Av fjellturar i Selje, kjem ein ikkje unna Tarvaldseggja. Turen startar ved vegen på høgste punktet på Sandvikeidet på godt merka sti. Ein kan velje om ein vil ta ein liten tur oppom Orren, eller gå forbi. Godt oppe i stien kjem du til ei steinur med tilrettelagde trinn. På toppen har du god utsikt i alle retningar. På veg ned, ta gjerne stien ned i Kvernhusdalen, Klipet og til dagsturhytta Sjøglytt.

9 KEIPEN

Fjellet har gitt namn til turlaget i Bremanger. 1.362 moh. viser toppen seg som ein båtkeip frå store delar av kommunen. Vil du prøve deg på ein tur hit, kan det vere ein god start å begynne dagen før, overnatte på Knekkevasshytta og gå på den T-merka stien. Starten finn du ved parkeringsplassen ved Slørdalsvatnet. Gå opp trappa og følg T-merkinga fram til hytta og heilt til toppen. Dette er ein lang dagstur for folk flest.

BRANDEN

Ein lett tilgjengeleg topp, med flott utsikt til Anda, Gloppefjorden og Hyefjorden. Ein kan parkere på Årskogvik camping, mot parkeringsavgift. Frå Årskogvika går ein nordover langs E39, og kryssar vegen etter om lag 200m. Det er skilta frå starten av skogsvegen. Etter kvart går vegen over i sti. På veg opp eller ned, kan ein gå bortom ein gapahuk, som er sett opp ikkje langt frå stien. Siste delen mot toppen går stien langs ryggen, med fin utsikt mot fjorden. Frå Branden kan ein gå vidare til Trollenykjen. Ein kan rekne om lag to timar opp til Branden.

NYT MUSIKKEN, HAVET OG UTSIKTA

Ved ei av Norge sine vakraste stender, Refviksanden, går Strandfestivalen av stabelen 7.–8. juli. I løpet av festivaldagane blir innbyggartalet i den vesle bygda mangedobla. På plakaten til årets festival står DumDum Boys, Stavangerkameratene, Kjartan Lauritzen, Rotlaus, Stage Dolls, Morgan Sulele, Vestlandsfanden, Andrea Santiago og Jørn Trollebø. Det blir også ein eigen konsert for dei minste på dagtid laurdag under Strandfestivalen junior.

Skal Lage Liv Og R Re I Kystperla

Kalvåg Kystfestival skal gå av stabelen første helga i august i år, 4. til 6. august. Arrangørane gler seg i år til ein fullskala, tradisjonell kystfestival. På programmet står mellom anna rokonkurranse og trappeløp. I tillegg blir det stands og salsboder, mykje liv og røre, show og musikk med mellom andre Adam Douglas, Kokken Tor, Turbostipend og Tøttene som skal ha 80-talsshow.

Byr P Ei Rocka Helg I Havgapet

Når RockWeekend går av stabelen 13., 14. og 15. juli er det klart for ein festival i kjend stil. Den nye komiteen har fått med seg fleire kjende namn på festivalplakaten. Torsdag er det jam med lokale musikarar, fredag står Creedence forever og Halva priset på scenene på Havlys i Iglandsvik, og laurdag kveld går Linnea Dale og Donkeyboy på scena. Laurdag på dagtid blir det familiedag i Iglandsvik.

Elvis Kjem Tilbake For Ei Helg

Blant årets artistar til Elvisfestivalen finn vi både kjende og nye namn. Blant dei som kjem til Måløy under festivalen 3., 4. og 5. august er Victor Trevino jr. som vart kåra til verdas beste tributeartist i fjor. Med seg får han Jimmy Holmes, Eddy Popescu, Morgan Vøien og Sanni Luis. Saman med dei lokale artistane Isak Søraa, Terje Våge, Stian Hjelle og The Brothers skal dei sørge for elvisstemning i kyrkja, teltet og sentrum. Det blir også fleire arrangement i festivalteltet og i sentrum gjennom helga.

Ta Del I Fotballgleda P Cupen

juni.

frå 10–17 år er frå fredag til søndag. I utgangspunktet tek ein sikte på at gutar og jenter 15–17 år spelar fredag kveld, andre klasser 10–14 år laurdag og søndag. Avslutning blir søndag ettermiddag med Kongleriket-turnering 6–9 år. Cupen vil også i år ha eit rikhaldig program utanom kampane med

10 7