Jul i Måløy 2017

Page 6

6 JUL I MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Håpar ho har skapt ein tradisjon Kinosjef Anne Grethe Strand skal vise to filmar i jula. Tidlegare år har framsyningane i romjula hatt gode besøkstal.

– Kinoframsyninga 1. juledag har vist seg å vere veldig populær. Då har vi som regel selt

heilt ut. Eg trur det har blitt tradisjon for mange å ta seg ein tur på kino mellom frukost og middag. Dei siste tre-fire åra har vi gjort dette, og eg trur vi har skapt ein tradisjon, seier Strand. Det blir to filmar som skal visast i romjula på Måløy kino. Desse er animasjonsfilmen

TO FILMAR: Kinosjef Anne Grethe Strand i Vågsøy kommune skal vise to filmar i jula. Dei siste åra har dette blitt ein tradisjon. ARKIVFOTO:

Ferdinand og den norske actionfilmen Den 12. mann. – I romjula har vi valt å vise filmane litt tidlegare på dag, slik at folk skal kunne tilpasse kino med alt det andre som skjer i løpet av jula, forklarar kinosjefen.

MARIANNE S. ROTIHAUG

MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

JULESTEMING: På Måløy Stormarked blir det i førjulstida besøk av julenissen, som har med seg overraskingar til alle barna. I tillegg kjem Skavøypoll barnehage og syng på senteret i desember. Senterleiar Terese Gjerde seier dei håpar å gje dei handlande ein god porsjon julestemning. F.v. Andreas Frantzen (MX sport), Margrethe Gangsøy (Bakeriet Kaffebar), Terese Gjerde (senterleiar), Lisbeth Furenes Blålid (Cubus), Kim Nedreberg Silden (Elkjøp) og Ottar Vindfjell (Europris). FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG

Gler seg til nissebesøk og song Nokre aktivitetar som besøk frå nissen og song frå barnehagebarn har blitt tradisjon på Måløy Stormarked i tida før jul. – Julenissen kjem på besøk på senteret og har med seg overraskingar til alle barna, fortel senterleiar Terese Gjerde. 14. desember kjem julenissen på besøk, og Gjerde fortel

at dette har blitt ein populær aktivitet på kjøpesenteret som ligg i Deknepollen. – Vi har hatt dette på programmet dei siste åra, og vi ser at senteret byrjar å fylle seg opp i god tid før nissen kjem. Ungane ventar spent og gler seg alltid mykje til besøket, forklarar senterleiaren.

Gjensidig glede

Ein annan tradisjon som også blir halde ved like i år er besøk frå Skavøypoll barnehage. – Torsdag 7. desember kjem barna i barnehagen på besøk. Dei skal synge flotte julesongar for oss her på senteret, seier Terese Gjerde.

Ho fortel at dette er eit høgdepunkt i førjulstida. – Det er veldig kjekt at dei vil kome og synge for oss. Eg trur også at dei synst det er veldig kjekt å få kome hit. Måløy Stormarked har vore i kontakt med fleire kor og korps, men førjulstida er travel for fleire enn dei tilsette på butikkane. – Vi ser at alle har det travelt og fullt opp, men det kan jo vere at det dukkar opp fleire innslag på programmet i løpet av desember, smiler Gjerde. I tillegg til song frå barnehagebarna blir det spelt julemusikk på heile senteret gjennom heile desember.

Trur på ein god julehandel

På senteret held butikkane Europris, MX Sport, Elkjøp, Bakeriet Kaffebar, Fagmøbler og Cubus til. Senterleiaren meiner ein skal klare å finne det ein treng av julegåver der. – Senteret er ferdig pynta til jul. Vi håpar alle som kjem inn får ein god julehandel. Vi stiller i alle fall med julestemning, julemusikk og butikkane er fulle av mange fine julegåver, slår Gjerde fast. Den nye handelsdagen Black Friday er nettopp unnagjort, og Gjerde fortel om gode dagar for butikkane. – Black Friday blir større og større for kvart år. Mange av

butikkane her på senteret hadde Black Week, altså tilbod heile veka. Men likevel forventar vi eit bra trykk fram mot jul. Spesielt den siste veka plar vere veldig bra, seier Gjerde. Ho forklarar at dei på senteret merkar lite til konkurransen frå nett og andre byar. – Vi har nok eit stabilt kundegrunnlag. Vi har ikkje merka noko nedgang på senteret. Vi må prøve å ha eit godt og riktig utval og vere serviceinnstilte. Rett og slett prøve å tilpasse oss kundane sin ønske, samanfattar senterleiaren. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.