Elvisfestivalen 2017

Page 8

8 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Treng alltid fleire som kan vere frivillige Den store utfordringa for festivalen er den same kvart år - å skaffe nok folk som kan bidra.

– Vi har ein fast gjeng på om lag 30 personar som går igjen kvart einaste år. Vi er veldig takknemlege for dei som stil-

ler opp år etter år, men vi har alltid for få, forklarar Lars Kjølen i komiteen. Han fortel vidare at utan dei frivillige hadde det ikkje vore mogleg å arrangere festivalen. – Skulle vi leigd inn alle dei tenestene som dei frivillige bidrar med, så hadde det ikkje gått å arrangere noko i denne

Bidrar: Komiteen fortel at dei har ein fast gjeng som stiller opp år etter år. Likevel skulle dei gjerne fått med seg fleire på frivilliglaget. Foto:

storleiken, seier Kjølen. For å få fleire til å stille opp forsøker dei å inkludere dei frivillige som allereie stiller opp, så god som mogleg. – Vi prøver å innlemme dei frivillige i festivalen, slik at dei skal føle eit eigarskap til den, forklarar arrangørane.

Marianne S. Rotihaug

Held på tradisjonen: Sjølv om Elvisfestivalen no utvidar kyrkjekonserten til å innehalde 25 songar framført av ti solistar, blir det kyrkjekonsert etter tradisjonell oppskrift. – Vi gler oss veldig til kyrkjekonserten. Det blir alltid ei veldig spesiell og flott atmosfære i kyrkja, seier Helge Hjelle. I kyrkja får publikum blant anna høyre Why me Lord, How great thou art og You gave me a mountain. – Dei resterande 22 songane vil vi ikkje seie noko om, smiler arrangørane. Arkivfoto

Set opp den største konserten Med den lengste og mest innhaldsrike konserten dei har laga nokon gong, håpar Elvisfestivalen å dra publikum til SørVågsøy kirke. – Kyrkjekonserten har i alle år vore ein «høydare» og den har vore veldig populær. Og det trur eg vi kan garantere i år

også. Vi har laga eit fantastisk program med eit heilt nytt konsept og nye låtar som mange ikkje har høyrt før, forklarar Helge Hjelle i festivalen.

Ti solistar

Kyrkjekonserten, som har fått namnet Elvis In Church: You Gave Me A Mountain, skal gå føre seg torsdag. Til konserten har festivalen fått med seg ti solistar. Dei internasjonale artistane er Tim Welch, Gordon Hendricks, Eddie Popescu, Paul Kaye, og Zelimir. I tillegg har festivalen fått med seg fleire lokale artistar som Isak Søraa, Hans Christian Helgesen, Randi

Melheim, Terje Våge og Håkon Kongshaug. – Vi har aldri hatt med oss så mange songarar og solistar på kyrkjekonserten. Det blir eit veldig breitt og variert spekter av artistar. For dei som hugsar godt, så var både Gordon Hendricks og Zelimir her i fjor, og dei ville gjerne kome tilbake til kyrkjekonserten, fortel Hjelle.

Trongt på podiet

I tillegg til solistane, har festivalen fått med seg orkesteret Sideshow Bob og deira korgruppe, som har vore på festivalen fleire gonger tidlegare, samt Elviskoret, som består av

lokale songarar. Sideshow Bob og Mel’s skal stå for musikken også i festivalteltet. – Det blir nok trongt framme på podiet, og med heile 25 låtar blir dette ein mektig og fantastisk flott konsert, slår arrangørane fast. På programmet står blant anna songane Why me Lord, How great thou art og You gave me a mountain. Sistnemnde avsluttar kyrkjekonserten. – Dei resterande 22 songane vil vi ikkje seie noko om. Publikum må få nokre overraskingar når dei kjem, smiler Lars Kjølen i festivalen. Dei to siste åra har festiva-

len sett opp to konsertar. Trass i dette kan dei ikkje love at dei vil gjere det same i år. – Vi har sett opp ein konsert, og før vi eventuelt vel å sette opp ein til må denne vere utseld. I utgangspunktet har vi plass til 500 personar på årets kyrkjekonsert, forklarar Hjelle. – Vi gler oss veldig til kyrkjekonserten. Det blir alltid ei veldig spesiell og flott atmosfære i kyrkja, legg han til. Marianne Solheim Rotihaug marianne@fjt.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.