Page 1

Elvisfestivalen

Müløy 2017 Fjordenes Tidende del 2 tysdag 8. august 2017

foto: jo carlson


2 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Artistane vil kome tilbake til Måløy Komiteen forsøker å finne nye artistar kvart år, men det er ikkje så lett når alle ønskjer å kome tilbake. – Vi prøver heile tida å hente nye artistar, men samstundes har vi nokre som gjerne vil kome tilbake år etter år, for-

klarar Helge Hjelle. Ein av desse artistane er Zelimir. Rockaren frå det tidlegare Jugoslavia har vore til stades på Elvisfestivalen dei tre siste åra, og nok ein gong står han på programmet. Det blir Zelimir si oppgåve å avslutte begge festivalkveldane i teltet.

– Han likar seg veldig godt i Måløy, og i fjor spurte han allereie under festivalen om å få kome tilbake neste år, fortel arrangørane. Frå fjorårets Elvisfestival kjem også tributeartisten Gordon Hendricks. – Alle som såg han i fjor vart mektig imponert, seier Hjelle.

Gjenganger: Artisten Zelimir kjem til Måløy for tredje året på rad. Ifølge festivalen er dette fordi artisten tirvst svært godt her. arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Kastar lys over Elvis si karriere Med 160 songar på to kveldar i festivalteltet «Graceland» skal arrangørane markere at det er 40 år sidan Elvis Presley døydde. – I år er det 40 år sidan «The King left the planet», og i samband med det lagar vi ein paraply over heile Elvis si karriere, som vi speglar av i showa. Vi startar på Heartbreak Hotel og avsluttar med American Trilogy, fortel Geir Tharaldsen. Han har vore med å sette saman programmet, og håpar og trur at publikum vil få valuta for pengane. – Dette blir vår tribute til Elvis, samtidig som folk skal få ei flott oppleving, seier elviskjennaren.

Nytt i teltet

Tidlegare på Elvisfestivalen har ein artist framført show som Elvis sjølv gjorde, slik som Aloha from Hawaii og Such a Night. Men i staden for at ein person gjer hovudshowa, blir det i år fordelt på fem artistar. – No skal vi gje eit heilt bilde av Elvis sin musikk, og fleire av dei artistane vi har fått med oss i år er spesialistar på sine sjangrar, så då må vi utnytte det, fortel Helge Hjelle. Fredag blir det Elvis Galla, der artistane sjølv har plukka ut sine songar, og så har festivalen sett dette

saman til ei show. Laurdag blir det 40th Anniversary Elvis Tribute. Dette blir reisa gjennom Elvis sin musikk, frå byrjing til slutt. Artistane som skal gjere begge desse showa er Gordon Hendricks, Tim Welch, Isak Søraa, Eddy Popescu og Hans Christian Helgesen. – Vi har aldri hatt så mange dyktige artistar på plass. Og vi har heller aldri hatt så mange lokale artistar med, seier ein fornøgd Hjelle. Det blir anslått at det verda over er om lag 40.000 Elvis-tributeartistar, og i desse dagar er The Royal Philharmonic Orchestra ute på turné med Elvis, som syng på storskjerm, medan dei spelar. – Dette er eit døme på at Elvis og musikken hans framleis lever i beste velgåande, smiler Tharaldsen.

Festen held fram

Fredag og laurdag blir det også seks highlights-show i etterkant av hovudshowa. Her ser ein alle som er med på hovudshowa, samt Paul Kaye, som er Roy Orbison tributeartist, Bjørn Lid, Jakob Hals, Håkon Kongshaug og Zelimir. – Nokre er kjende namn for publikum, og dei som har sett dei tidlegare veit at dei leverer. Både Gordon Hendricks og Tim Welch hadde moglegheita til å vere med på 40-årsmarkeringa i Memphis, som går føre seg samtidig, men valde heller å kome til Måløy. Det set vi veldig stor pris på, understrekar Hjelle. Marianne Solheim Rotihaug marianne@fjt.no

Måløy framfor Memphis: – Både Gordon Hendricks og Tim Welch hadde moglegheita til å vere med på 40-årsmarkeringa i Memphis, som går føre seg samtidig, men valde heller å kome til Måløy. Det set vi veldig stor pris på, seier festivalsjef Helge Hjelle. Bildet er frå ein av Gordon Hendricks sine mange show under Elvisfestivalen i fjor. Foto: Marianne S. Rotihaug


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 3

Inviterer til elvisfest i tre heile dagar Elvisfestivalen i Måløy er den einaste tredagars elvisfesten i Norge.

– Aldri før har ein i Norge klart å engasjere ein heil by til ein elvisfestival. Her blir det utstillingar, parader og musikk i gatene, som blir pynta med

norske og amerikanske flagg, seier arrangørane. Dette er fjerde året festivalen blir arrangert, og komiteen har stor tru på årets utgåve av Elvisfestialen. Festivalsjef Helge Hjelle lovar store musikkopplevingar og ei fantastisk elvisstemning heile helga. Meir enn 200 elvissongar vil

bli spelt i kyrkja, teltet og sentrum. Det er om lag ein fjerdedel av songane han spelte inn. – Dette kan bli den verkeleg store og genuine musikkopplevinga i Måløy dette året. Det blir ei markering av Elvis Presley si musikalske karriere, og ein dokumentasjon på at musikken hans framleis lever.

Stemning: Helge Hjelle (f.v.), Jakob Myrestrand og Lars Kjølen i festivalen lovar ei heil helg full av stemning og gode opplevingar. Foto:

Marianne S. Rotihaug


4 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

FARGERIKE RADIOER SOM GJØR OSS GLADE OG I GODT HUMØR!

499,699,499,-

F e s t i va lt i l b u d på

Alle våre Avdelinger!

Alle stekepAnner og kAsseroller

-25% Utgående pArfymer

Alle bAdeleker

-50% -50% m ot e h j ø r n e t

1150,-

Velkommen til

Stikk innom da vel! Gate 1, nr. 29, 6700 Måløy, telefon 57 85 26 00, radiofor@online.no

tlf. 57 84 92 22 - mglass.no

finalesalg!

onsdag - lørdag

÷50-70% rabatt jeansdager 25% rabatt på alle jeans til herre • FRITT VALG!

VIC LEFDAL

GATE 1 NR. 34 – MÅLØY TLF: 57 85 17 92


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 5

Vi i Fjordenes Tidende skriv om der du bur. Eller plassen du flytta frå, men som alltid vil vere «heime».

Måløy Baronn solid oljemaling m maling Pr. spann

598,-

Baronn ultra Hybridmaling dmaling

Pr. spann

Kom inn og sjå vårt utvalg i fliser til uterom og innemiljø fliser til f veggfliser til bad 20x40 hvit matt. teerrassen

Pr. m2 P

Utvalgte

÷50%

terrassefilt med knott

2 m bredde. Fl. farger. Pr. m2

98,-

Bestill avisa på abonnement@fjt.no, 57 84 90 00 eller på fjt.no

Pr. m2

fra

1.490,- 199,-

salongtepper

To gonger i veka kjem du tett på med lokalavisa i postkassa eller i innboksen.

149,-

tepper til terrassen

Festivaltilbud Kom innom og sjå våre gode tilbud i butiKKen!

160x239. Pr. stk.

Kun Kr

499,-

Trillekoffert Liten

kr. 299,-

Resten av

hagemøblene

Alle sommerblomster

selger vi for

½ pris Fargerike Måløy – Gate 1 nr 70 – Tlf. 57 85 53 00 – maloy@fargerike.no

elviSFeStival-

Velkommen til et røverkjøp!

-25%

Alle PC-vesker i skinn

-25%

Før 1299,-

SalgSbutikkåepenn

Halv pris halv pris!

av

post@arnesblomsterverden.no ww www ww w.eurofl .eurofl florist.no lorist.no

ARNES S BLOMSTER

VERDEN

A/S

ta med/eller spis her

Før 1199,-

999,-

-50%

busker og tre:

lunsj álacarte sushi

Bjørn Borg og Beckman

Chicago 70 cm

Alle sommerblomster

Gate 1 nr 52. Tlf: 913 48 440 Følg oss på facebook!

Alle skolesekker

899,-

-50% Gjelder kun på hagesenteret denne helga!

tilbud Chicago 60 cm

Alle potter og figurAr:

Chicago 50 cm

599,Før 899,-

på kaia er len hele festiva

Parfym meri, veske er, gaver og intteriiør Måløyy - telefon 959 20 496

Gate 1, nr. 22, 6700 Måløy Bordbestilling og take away: 450 56 5277

www. lavoile.no


6 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Tettare samarbeid med næringslivet Festivalen lover at det skal bli ein enda større handelsfest når dei no går i tettare samarbeid med lokale butikkar.

– Vi har inngått avtale med åtte butikkar som stiller med gode rabattar på varer for folk

som kan dokumentere at dei har festivalpass, seier Helge Hjelle og Lars Kjølen. Dei presiserer at det kan kome fleire butikkar til før festivalen startar. – Vi har jobba for å finne nye måtar å knytte lokalt næringsliv enda tettare inn i festivalen på, i tillegg til det vi allereie

har som fotokonkurranse og premiering av beste utstilling og Elvis-atmosfære under festivalveka, seier Kjølen, som poengterer at målet deira er å halde festivalen lokal. – Det er veldig bevisst. Heilt sidan første året har vi vore selektive på kva aktørar vi hentar inn utanfrå.

Utdeling: Butikken med den beste utstillinga blir heidra med ein statuett. Her frå fjorårets utdeling. Foto: Marianne S. Rotihaug

Lokale artistar gir sin hyllest til kongen Hans Christian Helgesen, Randi Melheim, Jakob Hals og Isak Søraa er nokre av dei lokale artistane som skal vere med på å hylle Elvis 40 år etter at han gjekk bort.

– Eg har vakse opp med The King både på radio og elles i heimen då eg var yngre. Det har vore ein del av musikklivet mitt, fortel Jakob Hals, om kvifor han vel å vere med på markeringa som blir under Elvisfestivalen.

Suksessoppskrift

Saman med fire andre lokale solistar og åtte lokale koristar sørgar han for at dette blir den utgåva av festivalen med flest lokale aktørar nokon gong. – Det er veldig greitt med ei blanding av lokale og internasjonale artis-

tar på festivalen, seier Hals. – Eg trur dette har sitt å seie for suksessen. Det er kjekt for publikum, som kanskje er litt spente på kva dei lokale kreftene kan få til, å kome på konsertane, legg Randi Melheim til. Ho har delteke på festivalen tidlegare og innrømmer at ho ikkje hadde så stor interesse for kongen av rock and roll før ho var med og song. – Eg hadde eigentleg ikkje noko forhold til Elvis, men så vart eg spurt om å vere med, og det synst eg var spennande. Så eg har fått litt meir sansen


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 7

Ber inn til festmiddag i «Graceland» I samarbeid med Kraftstasjonen arrangerer Elvisfestivalen ein festmiddag for 300 personar.

– Ideen var at vi skulle gjere litt ekstra, og det vi har bestemt oss for er å arrangere ein festmiddag, «Elvis Barbe-

cue Dinner», før hovudkonserten laurdag, forklarar Lars Kjølen i festivalen, og legg til: – Vi dekker opp til 300 personar med skikkelege fat og bestikk. Det blir også bakgrunnsmusikk, sjølvsagt av Elvis. Vi trur dette blir ei flott oppkøyring. Det er Kraftstasjonen som

skal stå for serveringa. – Det blir barbecue the American way. Vi har planar om å få tak i brisket som vi skal grille, og så blir det amerikansk tilbehøyr. Alt blir heimelaga og i Kraftstasjonen si ånd. Vi må køyre stil, smiler Bente Vonheim ved Kraftstasjonen.

Inviterer: Lars Kjølen (f.v.), Kim Hjelle og Bente Vonheim gler seg til å arrangere ein festmiddag i festivalteltet laurdag. Foto: Marianne S. Rotihaug

Heilt konge: Hans Christian Helgesen (f.v.), Randi Melheim, Jakob Hals og Isak Søraa skal alle bidra med underhaldning under årets festival. – Det er veldig greitt med ei blanding av lokale og internasjonale artistar på festivalen, seier Hals. Håkon Kongshaug, som er den femte lokale solisten, var ikkje til stades på bildet. Foto: Marianne S. Rotihaug

Lar dei unge styre sitt eige show Elvisfestivalen vil vidareføre suksessen The Young Ones. I år lar dei ungdomane sjølve planlegge og leie showet. Håkon Kongshaug (18) har fått oppgåva med å finne ungdomar, samt leie showet som skal gå føre seg laurdagen under festivalen. The Young Ones handlar om at lokale ungdomar skal få moglegheita til å vise seg fram på scena. – Det er ikkje så mange arrangement for unge, så eit slikt show er viktig, seier Kongshaug. Han leia også fjorårets utgåve av The Young Ones. – Eg hadde ikkje så store forventingar i fjor, fordi eg ikkje visste kor mange som kom til å dukke opp i publikum, men det var jo nesten fullt i teltet, så det vart ein suksess. Og eg er veldig glad for at arrangørane har valt å vidareføre konseptet, slår Kongshaug fast.

for han no. Han var ikkje mi målgruppe då eg vaks opp, men det har blitt betre, smiler ho. Hans Christian Helgesen var med på Elvisfestivalen for første gang i fjor. Også for Helgesen var dette ei moglegheit til å bli betre kjent med materialet til musikklegenda. – Eg har på ein måte vakse opp med han eg òg. Han har vore aktuell heile tida, så eg har fått han med meg, men eg har ikkje brukt så mykje tid på han. Men eg gjorde det litt etter at eg var med i fjor. Eg har alltid visst at Elvis er

noko spesielt, men det er litt artig å kome litt meir under huda på låtane, og dei er jo utruleg bra, understrekar Helgesen.

Kan kvile på laurbæra

Isak Søraa, Måløy sin eigen Elvis, er i år tilbake på programmet. – Eg må vere med når det er 40-årsjubileum. Gordon Hendricks og Jakob skal vere med og det kjem nokre kompisar, og så passar det med jobb, så då var det enkelt å seie ja, slår Søraa fast. Han er glad for at festivalen har fått

plass til så mange lokale artistar i år. – Det viser det som eg har sagt i mange år. Talenta er her, vi må berre få dei fram, seier Søraa, og legg til: – Eg har vore konge på haugen når det kjem til Elvis så lenge at om her er nokon som vil ta over den trona, så er det flott. Då kan eg kvile. Eg unner nokon andre å oppleve all den moroa dei kan få. Ser ein etter ein ny konge, så skal eg hjelpe til. Marianne Solheim Rotihaug marianne@fjt.no


8 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Treng alltid fleire som kan vere frivillige Den store utfordringa for festivalen er den same kvart år - å skaffe nok folk som kan bidra.

– Vi har ein fast gjeng på om lag 30 personar som går igjen kvart einaste år. Vi er veldig takknemlege for dei som stil-

ler opp år etter år, men vi har alltid for få, forklarar Lars Kjølen i komiteen. Han fortel vidare at utan dei frivillige hadde det ikkje vore mogleg å arrangere festivalen. – Skulle vi leigd inn alle dei tenestene som dei frivillige bidrar med, så hadde det ikkje gått å arrangere noko i denne

Bidrar: Komiteen fortel at dei har ein fast gjeng som stiller opp år etter år. Likevel skulle dei gjerne fått med seg fleire på frivilliglaget. Foto:

storleiken, seier Kjølen. For å få fleire til å stille opp forsøker dei å inkludere dei frivillige som allereie stiller opp, så god som mogleg. – Vi prøver å innlemme dei frivillige i festivalen, slik at dei skal føle eit eigarskap til den, forklarar arrangørane.

Marianne S. Rotihaug

Held på tradisjonen: Sjølv om Elvisfestivalen no utvidar kyrkjekonserten til å innehalde 25 songar framført av ti solistar, blir det kyrkjekonsert etter tradisjonell oppskrift. – Vi gler oss veldig til kyrkjekonserten. Det blir alltid ei veldig spesiell og flott atmosfære i kyrkja, seier Helge Hjelle. I kyrkja får publikum blant anna høyre Why me Lord, How great thou art og You gave me a mountain. – Dei resterande 22 songane vil vi ikkje seie noko om, smiler arrangørane. Arkivfoto

Set opp den største konserten Med den lengste og mest innhaldsrike konserten dei har laga nokon gong, håpar Elvisfestivalen å dra publikum til SørVågsøy kirke. – Kyrkjekonserten har i alle år vore ein «høydare» og den har vore veldig populær. Og det trur eg vi kan garantere i år

også. Vi har laga eit fantastisk program med eit heilt nytt konsept og nye låtar som mange ikkje har høyrt før, forklarar Helge Hjelle i festivalen.

Ti solistar

Kyrkjekonserten, som har fått namnet Elvis In Church: You Gave Me A Mountain, skal gå føre seg torsdag. Til konserten har festivalen fått med seg ti solistar. Dei internasjonale artistane er Tim Welch, Gordon Hendricks, Eddie Popescu, Paul Kaye, og Zelimir. I tillegg har festivalen fått med seg fleire lokale artistar som Isak Søraa, Hans Christian Helgesen, Randi

Melheim, Terje Våge og Håkon Kongshaug. – Vi har aldri hatt med oss så mange songarar og solistar på kyrkjekonserten. Det blir eit veldig breitt og variert spekter av artistar. For dei som hugsar godt, så var både Gordon Hendricks og Zelimir her i fjor, og dei ville gjerne kome tilbake til kyrkjekonserten, fortel Hjelle.

Trongt på podiet

I tillegg til solistane, har festivalen fått med seg orkesteret Sideshow Bob og deira korgruppe, som har vore på festivalen fleire gonger tidlegare, samt Elviskoret, som består av

lokale songarar. Sideshow Bob og Mel’s skal stå for musikken også i festivalteltet. – Det blir nok trongt framme på podiet, og med heile 25 låtar blir dette ein mektig og fantastisk flott konsert, slår arrangørane fast. På programmet står blant anna songane Why me Lord, How great thou art og You gave me a mountain. Sistnemnde avsluttar kyrkjekonserten. – Dei resterande 22 songane vil vi ikkje seie noko om. Publikum må få nokre overraskingar når dei kjem, smiler Lars Kjølen i festivalen. Dei to siste åra har festiva-

len sett opp to konsertar. Trass i dette kan dei ikkje love at dei vil gjere det same i år. – Vi har sett opp ein konsert, og før vi eventuelt vel å sette opp ein til må denne vere utseld. I utgangspunktet har vi plass til 500 personar på årets kyrkjekonsert, forklarar Hjelle. – Vi gler oss veldig til kyrkjekonserten. Det blir alltid ei veldig spesiell og flott atmosfære i kyrkja, legg han til. Marianne Solheim Rotihaug marianne@fjt.no


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 9

0 2 0 1 l k 8 0 . Torsdag 10

30%

10-12. AuGuSt Alle hagemøbler

25-50% rabatt!

Soft Smart garderobeskap

40%

o k s g o r æ l k e l På al r ikke tilbudsvarer

rabatt!

gjelde

r e v i T a T s s Tilbud

Alle interiørvarer

25%

, 0 0 3 , 0 0 100,- 2

rabatt! (Gjelder ikke på tilbudsvarer)

MX-Sport Måløy 750 kvm

Måløy StorMarked, deknepollen, telefon 57 85 33 33 - GratiS parkerinG

N Y H E T !

MÅLØY STORMARKED, DEKNEPOLLEN - GRATIS PARKERING

T O Y O T A

Privatleie C-HR Active Hybrid 2 587,-/md.* 2,95% fastrente i 3 år* TOYOTA C-HR HYBRID 318 900,- TOYOTA C-HR bensin 373 400,-. Inkl. frakt, lev. og reg.omk. 1 250,- Årsavgift kommer i tillegg. PrivatLeie-eks. Startleie/etableringsgebyr 54 790,- Månedsleie 2 587,- Totalt 178 966,Bindingstid 4 år / 60 000 km. Renten er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal salgsrente. Forbruk blandet kjøring, utslipp CO2 og NOx: TOYOTA C-HR HYBRID fra 0,38 l/mil, 86 g/km, 9,6 mg/km TOYOTA C-HR bensin fra 0,59 l/mil, 135 g/km, 22,5 mg/km. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil.

Toyota Nordfjord og Førde AS toyota-nf.no

Førde

Måløy

Stryn

Hafstadvegen 78 Tlf.: 57 72 10 00

Deknepollen Tlf.: 57 85 26 50

Hegrevegen 16 Tlf.: 57 87 60 00


10 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

PROGRAM TORSDAG 10. AUGUST KL. 21.00 - SØR-VÅGSØY KIRKE «YOU GAVE ME A MOUNTAIN» Et helt nytt konsert repertoar med 10 fantastiske internasjonale og lokale solister, Gordon Hendricks, Tim Welch, Isak Søraa, Paul Kaye, Randi Melheim, Hans Christian Helgesen, Terje Våge, Eddy Popescu, Håkon Kongshaug, Jakob Hals, akkompagnert av «SideShow Bob» med korgruppe og «Elvis koret». Dette blir igjen en magisk konsert i Måløy Kirke som du bare MÅ oppleve !

FREDAG 11. AUGUST KL. 20.00 - FESTIVALTELTET «GRACELAND» «ELVIS GALLA» + 5 MINISHOW

Et forrykende stjernespekket Elvis Galla Show blir kveldens hovedshow, med de internasjonale tribute artistene Gordon Hendricks(England), Tim Welch (Las Vegas USA) Eddi Popescu (England), vår lokal Elvis, Isak Søraa og Hans Christian Helgesen sammen med «Side Show Bob» og «SideShow Bob’s korgruppe». Her vil en gjenskape Elvis’ magien som gjorde at folk kom fra hele verden i 69 - 77 for å oppleve Elvis live i USA. From Las Vegas to Måløy - Direkte fra Las Vegas, USA, kommer Tim Welch til Måløy for Elvisfestivalen. Gordon Hendricks in Måløy - Fantastiske Gordon Hendricks er tilbake i Måløy igjen. Hvem husker ikke hans opptreden ved festivalen i 2016. Eddy Popescu In Forever Elvis - Eddy Popescu kommer fra England til Elvisfestivalen for første gang. Street Boys - Bjørn Lid, nasjonal tribute artist fra nabofylket, og våre to lokale glimrende artister Jakob Hals og Håkon Kongshaug med sine Elvis favoritt låter. The One and Only - Direkte fra England kommer Paul Kaye, som regnes som en av de aller beste Roy Orbinson Tribute artister i England. Can’t Stop The Rock - Fyrverkeriet Zelimir avslutter kvelden med et forrykende show med låter fra forskjellige artister.

LØRDAG 12. AUGUST KL. 20.00 - FESTIVALTELTET «GRACELAND» «40TH ANNIVERSARY ELVIS TRIBUTE» + 5 MINISHOW

Artistene Gordon Hendricks (England), Tim Welch (Las Vegas USA) Eddi Popescu (England), vår lokal Elvis Isak Søraa og Hans Christian Helgesen sammen med « SideShow Bob» og «SideShow Bob’s korgruppe» vil ta dere med i en musikalsk reise gjennom hele Elvis sin karriere. Vi kan love en stor musikals opplevelse når vi slipper våre internasjonale og våre to lokale artister gjennom Elvis sin musikalske verden. Dette showet er en markering av at det er 40 år siden Elvis gikk bort ! Las Vegas Highlights - Tim Welch som også kommer fra Las Vegas vil i dette showet ta oss med gjennom en del av de mest suksessfulle låtene som Elvis brukte på sine show i Elvis-byen Las Vegas. Aloha Highlights - Et av de mest berømte show som Elvis holdt var «Aloha from Hawaii». Noen av disse låtene vil Gordon Hendricks gjøre i sitt show «Aloha Highlights. Isak Måløy’s Elvis - Måløy’s egen Elvis, Isak Søraa, kommer her i sitt show med helt, for han og publikum, nye og ikke så kjente sanger fra Elvis sitt rikholdige reportoar. Comeback Spesial Higlights - Etter stor suksess i Danish Elvis Festival kommer Eddy Popescu for å gjøre «Higlights» fra Elvis berømte TV show, 68 Comeback Special. Oh, Pretty Woman - Hvem husker vel ikke «Pretty Woman» med Roy Orbinson, og nettopp «Pretty Woman» avslutter den engelske Roy Orbison Tribute artisten Paul Kaye sitt show. Zelimir Rockin’ Elvis - Det blir virkelig en knall avslutning på årets Elvisfestival når vi får fyrverkeriet Zelimir på scenen med Zelimir Rockin’ Elvis.

HOVEDSPONSORER:

MELLOMSPONSORER:

VÅGSØY KOMMUNE


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 11 Hele Måløy sentrum blir utsmykket med norske og amerikanske flagg. Butikkene har spesielle festival-utstillinger og ”Rock’n Roll” festivaltilbud . Åpningstider: Torsdag kl. 10:00 – 18:00, fredag kl. 10:00 – 17:00, lørdag kl.10:00 - 16:00 Gågate i Måløy Sentrum med stands.

Onsdag 9. og torsdag 10. august - Måløy Kino / Elvis in Movies: (Filmene er gratis !) Måløy Kino viser klassiske filmer med Elvis Presley. Torsdag 10. august - kl. 20:00 - Elvis Pub - Festivalteltet ”Graceland” Fredag 12. august Fredag og lørdag fra kl 11:00 - ”Restaurant Graceland” ved festivalteltet åpner med servering grillspyd, våruller, grillet indrefilet, hamburgere, m.m. Restaurant Graceland har skjenkeløyve ! Fredag og lørdag fra kl 11:00 - ”Kaffe Boulevard” vårt serveringssted ved underholdningsscenen scene sør (Vinmonopolet) har servering av rømmegrøt med tilbehør og kaffe. Fredag og lørdag fra kl 11:00 - Hoppeslott for barn åpner. Hoppeslottene er plassert på Torget. Her blir det masse gøy for alle barn. Fredag og lørdag fra kl 11:00 til 16:30 - «Scene Sør» ligger vis á vis Vinmonopolet i Gate 1 / Elvis Presley Boulevard. Show / underholdning av Elvis tribute artister. Hver time starter et nytt show fra scenen. Her ligger også «Kafe Bolevard» hvor en har servering av rømmegrøt med tilbehør og kaffe. Fredag og lørdag fra kl 11:00 til 16:30 - «Scene Nord» ligger i Sjøgata ved Måløy Brygge og festivalteltet «Graceland». Show / underholdning av Elvis tribute artister. Hver time starter et nytt show fra scenen. Her ligger også «Restauranrt Graceland» med servering av grillspyd, våruller, grillet indrefilet, hamburgere, mm. Restaurant Graceland har skjenkeløyve ! Kl. 11:00 - Elvis på Kulatoppen - Konsert med Zelimir for beboerne og pårørende til beboerne på Kulatoppen omsorgsenter. Kl. 12:30 - This is Rock’n Roll - Egen gratis Rock’n Roll konsert for personer med utviklingshemming. Medvirkende: Isak Søraa /Bjørn Lid/ Kai Martinsen Kl. 13:00 - Barnas Elvis parade - Barnehagenes Elvis Parade igjennom ”Elvis Presley Boulevard” Kl. 14:00 - Barnas Elvis Konsert - Barnehagene opptrer på scenen ved festivalteltet med sang. Kl. 16:00 - Elvis på Skaratun - Konsert med Rolf Nustad for beboerne på Skaratun Omsorgssenter.

Lørdag 12. august Kl. 10:00 - AmCar /Veteranbil /Gatebil utstilling Vår store AmCar og Veteranbil utstilling åpner. Bilene står utstilt i Sjøgata ved Torget. Kl. 11:30 - MC utstilling Motorsyklene står utstilt i Sjøgata fra kl. 11:30 – 13:30. Harley-Davidson og mange andre typer motorsykler står utstilt. Her blir det mye blank «krom» ! Kl. 13:00 - AmCar / Veteranbil / Gatebil parade Alle AmCar og Veteranbilene kjører i parade gjennom Elvis Presley Boulevard og Sjøgata. Kl. 13:30 - MC parade MC parade gjennom Elvis Presley Boulevard og Sjøgata. Dette er avslutningen på MC utstillingen. Kl. 14:30 - Elvis parade Alle våre Elvis-sangere / AmCar / Veteranbiler / MC i Elvis parade gjennom Elvis Presley Boulevard /Gate 1. Internasjonale og nasjonale tributeartister presenteres i denne paraden. Kl. 16:00 - Premie utdeling AmCar / Veteranbil / Gatebil Beste bil før 1950, 50-tallet, 60-tallet, 70-tallet, 80 –tallet og oppover. Publikumsprisen (publikum stemmer over fineste bil) (Scene Nord) KL.16:15 - Elvis Show - Vorspiel til Elvis Barbecue Dinner med Bjørn Lid: Vår glimrende tribute artist Bjørn Lid vil i tiden før Elvis Barbecue Dinner, underholde på utescenen ved festivalteltet Graceland. Her skal dere komme i riktig stemning for resten av kvelden ! Kl. 17:00 - Elvis Barbecue Dinner Restaurant Kraftstasjonen og Elvisfestivalen inviterer til festmiddag med «American Barbecue». Vi dekker opp til maks 300 personer, med skikkelig fat og bestikk, og med god mat og drikke. Restaurant Kraftstasjonen sine kokker står for produksjon og servering av mat. Fra scenen blir det lett musikals underholdning som vil bidra til den rette stemning i teltet. Unn deg en helaften i festivalteltet ! Et helt nytt innslag under Elvisfestivalen.

SPONSORER:

Design og Layout: Lars Kjølen

SideShow Bob / Mel’s Alle showene i Festivalteltet Graceland blir fremført med levende musikk av de profesjonelle gruppene “SideShow Bob “ , «Mel’s» og «Sideshow Bob’s korgruppe».


12 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Lovar rock and roll for bebuarane Etter at konseptet vart ein stor suksess i fjor, inviterer festivalen også i år til konsert på Kulatoppen og Skaretun.

– Vi fekk veldig gode tilbakemeldingar både frå bebuarar, pårørande og tilsette på Kula-

toppen og Skaretun i fjor, så dette gler vi oss veldig til å få til også i år, smiler Lars Kjølen. Han er initiativtakar til arrangementet som kom i stand etter at han var rundt på institusjonane og viste fram film frå kyrkjekonserten. – For min eigen del er dette utruleg moro, og ein av høgde-

punkta denne dagen. Konsertane blir arrangert fredagen, og på Kulatoppen er det Zelimir som skal underhalde bebuarane, medan det på Skaretun er Rolf Nustad som står for konserten på Skaretun. – Vi lovar rock and roll begge stader, slår Kjølen fast.

Ønskereprise: Fredag blir det konsertar for bebuarane på Kulatoppen og Skaretun. Dette vart arrangert første gong i fjor. Foto: Marianne S. Rotihaug

Gler seg til eigen konsert I år set festivalen opp ein eigen konsert for personar med utviklingshemming. Einar Kråkenes og Sivert Lillebø gler seg til å få rocke til elvismusikk. – Eg gler meg. Eg likar å høyre på musikk og eg likar Kongen, smiler Lillebø, som er ein musikkentusiast. Elvisfestivalen og miljøtenesta i Vågsøy har gått saman og invitert personar med utviklingshemming i heile fylket og på Sunnmøre til ein rock and roll-konsert fredag. Dei har også oppmoda deltakarar som likar å synge om å gi beskjed, slik at dei kan få vere ein del av konserten. – Eg har veldig lyst til å synge med han Isak, seier Lillebø.

Vil inkludere fleire

Arrangørane sitt mål med konserten er at festivalen skal famne alle. – Vi har eit eige opplegg for barnehagane, vi har The Young Ones, og vi har eit opplegg for dei som bur på omsorgssenter. No håpar vi å inkludere enno ei gruppe i festivalen vår, seier Helge Hjelle og Lars Kjølen. Inspirasjonen til konserten kom frå ein familie frå Skien. – I desse tre åra vi har arrangert festivalen har vi opplevd ei mor som

kjem frå Skien med to barn med utviklingshemming. Dei har vore med på festivalen, og vi har sett gleda dei har med å vere der. Så då dukka ideen om ein eigen rockekonsert for personar med utviklingshemming opp, forklarar Hjelle.

Arrangerer uansett

Det var komiteen som tok kontakt med miljøtenesta for å høyre om moglegheita for å få til dette. – Vi er utruleg glade for å ha blitt spurt, og blir sjølvsagt med, fortel Katrine Holvik Skinlo, som er gruppeleiar for miljøtenesta. Festivalen er veldig glad for at dei har fått med seg miljøtenesta. – Om dette skal bli ein suksess er vi avhengige av at tenestene i andre kommunar er like positive som dei er her, men konsert blir det uansett. Om det kjem 10 eller 200, så gjennomfører vi, understrekar Hjelle. Konserten blir anten utandørs eller i teltet. Miljøtenesta skal bidra med å legge best mogleg til rette. – Vi skal vere med på å planlegge og legge til rette for korleis det er gjennomførbart, slik at alle kan få vere med. Vi skal prøve å førespegle kva det kan vere behov for rundt arrangementet, for at flest mogeleg tilreisande skal få ei god oppleving. Det er ikkje så mykje ekstra som må til, men vi må ha tenkt gjennom kva det kan vere behov for av fasilitetar, seier Holvik Skinlo. Marianne Solheim Rotihaug marianne@fjt.no

Skal rocke: Therese Hals Nygaard (miljøtenesta), Sivert Lillebø, Anette Berg (miljøtenesta) og Einar Kråkenes gler seg over at dei får ein eigen konsert. – Eg er veldig glad i å høyre på musikk og har mange cd-ar, fortel Lillebø. Til konserten er personar med utviklingshemming frå heile fylket og Sunnmøre invitert. Foto: Marianne S. Rotihaug


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 13

Held fram det gode samarbeidet I fire år har festivalen hatt eit samarbeid med Kreftforeningen. Dette held fram i år også.

– Vi er veldig positive til det samarbeidet. Vi skulle berre ønske vi kunne bidra endå meir, seier Helge Hjelle.

Samarbeidet kom til det første året Elvisfestivalen var arrangert. – Då gjorde vi showet Aloha from Hawaii. Den gong Elvis sjølv gjorde dette showet, samla han inn pengar til kreftaksjonen. Til saman samla han inn 75.000 dollar. Så då vi skulle gjere dette showet, var

det naturleg for oss å samle inn pengar til Kreftforeningen i Elvis si ånd, forklarar festivalsjefen. Også i år vil festivalen samle inn pengar, og i samband med dette har dei sett opp ei eiga Vipps-ordning som festivalpublikummet kan nytte til å støtte Kreftforeningen.

I elvis si ånd: Elvisfestivalen vil i år, som dei føregåande åra, samle inn pengar til Kreftforeningen under festivalen. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug


14 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Set opp to scener

Gate 1 får Elvis-namn

I år som i fjor blir det to scener i sentrum. Scene sør blir ved Brunsvik, rett overfor Vinmonopolet, og scene nord blir ved sidan av Måløy Brygge. – På desse scenene kan folk blant anna få sjå Bjørn Lid, ein møring som er veldig flink å synge, Rolf Nustad, som akkompagnerer seg sjølv på gitar, og Kai Martinsen, som er veldig populær på Austlandet, fortel festivalsjef Helge Hjelle.

Arrangørane av Elvisfestivalen overlét ikkje noko til tilfella. I tillegg til konsertar, restaurantar og butikkpryd skal også gatenamn stå i stil med festivalen. Dermed døypast heile Gate 1 om til «Elvis Presley Boulevard». Gata blir pynta med norske og amerikanske flagg. I tillegg kan ein oppsøke «Restaurant Graceland» eller «Kafé Boulevard» for ein matbit.

Ønskjer å bruke heile sentrum Heile fire paradar skal gå gjennom Måløy sentrum i elvishelga. – Vi gjer dette for å skape liv i heile gata, og inkludere heile sentrum i elvisfesten. I tillegg er det ei fin moglegheit til å vise fram artistane våre og marknadsføre dei. Det kan også vere litt kjekt for publikum å få sjå artistane på nært hald, fortel festivalsjef Helge Hjelle.

Vil ha med dei yngste

Parade-eldoradoet blir sparka i gang fredag føremiddag. Då blir det offisiell opning av årets Elvisfestival, før den første paraden skal gå gjennom Gate 1. Dei første som skal få gå i tog er dei yngste. – Vi har invitert alle barnehagane, så vi håper at dei møter opp til barnehagane si elvisparade, seier Hjelle. I samband med festivalen blir Gate 1 døypt om til «Elvis Presley Boulevard», og sentrum vil bli pynta med norske og amerikanske flagg, så alt ligg til rette for god stemning når dei yngste opnar ballet. Barnehagane er også inviterte til Barnas elviskonsert, der barnehagane kan få underhalde på scena ved festivalteltet med song. I tillegg blir det fleire paradar på fredagen. På programmet står også ein MC-parade. – Det kjem 30–40 personar med motorsyklar, mest Harley Davidson, frå Gran på Hadeland. Difor ville vil lage ein eigen parade for dei. Samstundes oppmodar vi folk i området som har motorsyklar om å vere med og vise fram syklane sine. Det blir mykje brum og krom!

Køyrer i opne bilar

På festivalen sin siste dag, laurdag, blir det også to paradar. På føremiddagen er det motor som står i fokus. Då er det klart for AM-car-, veteranbil- og gatebilparade.

Startar ballet: Gjennom Gate 1 skal det gå fire paradar under Elvisfestivalen. Først ut er barnehagane si elvisparade. Her er alle barnehagane inviterte til å bli med. Dei får også moglegheita til å synge på scena ved festivalteltet. I tillegg til barnehageparade blir det motorsykkelparade, AM-car-, veteranbil- og gatebilparade og elvisparade. Her frå barna si elvisparade i 2015. Alle foto: Siv K. Berg

Brum og krom: Det blir ein eigen parade for Am-car, veteranbilar og gatebilar laurdag.

Opne bilar: Laurdag ettermiddag blir det elvisparade i sentrum. Her skal eit fleirtal av artistane som er med på festivalen blir køyrt gjennom «Elvis Presley Boulevard» i opne bilar.

– Alle som har slike bilar i garasjen er hjarteleg velkomne til å vere med og køyre i

paraden og skape stemning i gata, seier Hjelle. I tillegg til parade blir det

også ei eiga utstilling for desse biltypane. Denne opnar laurdag, og det blir premieutde-

ling laurdag ettermiddag. – Det blir kåra beste bil før 1950, 50-talet, 60-talet, 70-talet, 80-talet og oppover. I tillegg blir det publikumsprisen, opplyser arrangørane. Den siste paraden blir sjølvaste Elvisparaden. – Eit fleirtal av artistane som er med på festivalen, skal også vere med på paraden. Planen er at dei skal bli køyrt gjennom gata i opne bilar. Då får publikum sjå artistane på litt nærare hald, forklarar festivalsjefen, og legg til: – I utgangspunktet er det er artistane som skal vere med på paraden, men er det nokon som liknar veldig på Elvis, og som absolutt vil vere med, så skal dei få lov til det. Marianne Solheim Rotihaug marianne@fjt.no


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 15 klogg uten vern Sulman.

Før 499 9,-

350 0,-

Opplev Måløy

K jempekjøp! Før 799,-

Finse anorakk fra Twenttfour sport. 10000 mm vannsøyle. Populære vann- og vindtette anorakker med fuskepels.

F 1299,Før e elvistilbud

799,-

neoprenstøvler voksen Str 37-47

neoprenstøvler til barn Str 22-35. Komfortemperatur ned til -10 med tynn ynn sokk sokk.

Før 790 0,-

Før 549,-

Opplev Måløy i bobil • Ny og meget fin bobilparkering midt i Måløy sentrum. • Sanitæranlegg med vaskemaskiner og tørketromler. • Lekeapparat for barna med disser, sklie, sandkasse og seiledam. skebutikk, med godt utvalg, innenfor to minutters gange. FestivalSe vår nettside: www.måløyparkering.no

byen Måløy:

nå å ÷50% 5

nå å

35 50 0,-

450 0,-

shelter jakker barn Vanntette jakker i utvalgte farger. 17000 mm vannsøyle

ass tivalp s e F d r ve e vare r æ n i å ord -20% p d u b l sti alpas Festiv

KONKURRANSE:

23.-25. juni

www.måløydagene.no

10.-12. august

www.elvisfestival.no

• Måløy havfiskefestival 30. juli-6. august

www.havfiskefestival.no

Alle våre kunder kan bli med i trekningen av produkter fra Skogstad til en verdi av 5000 kroner! Meld deg på neste gang du er innom og handler hos oss i Måløy. Hver handel du gjør, gir deg en ekstra sjanse.

Endå meir å gle seg til

Ønsker du en Fenstrastuen Comfort 80 før jul?

Se informasjon på www.kvamme.no

Bygg draumehytta på Harpefossen Aktivitet heile året!

• Familievennlig • Midt mellom hav og bre • Ski inn / ski ut • Downhill sykling og riding • Kort avstand til handelssenteret Nordfjordeid • Jakt og fiske • Flott turterreng sommar og vinter • Gode utleigemoglegheiter med online booking

Attraktive solrike hyttetomter som held høg standard, tilrettelagt for alle moderne fasilitetar. Tomtene ligg i umiddelbar nærleik av både skitrekk, lysløyper og turstiar opp på høgfjellet. Skisenteret inneheld alle fasilitetar, har varierte nedfartar, store områder for frikøyring, terrengpark, big-air bag, stort skileikområde, 6 heisar, 13 nedfartar og snøsikkert.

Kom og sjå våre nye attraktive tomteområder! Rimelege prisar.

6770 Nordfjordeid Kontakt: Reidar Vonheim / Tlf. 901 53 660 / hyttegrend@harpefossen.no

www.harpefossen.no


16 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Kan få møte artistane

Skapar blest om festival

Festivalen arrangerer også i år ein «meet and greet» med artistane. Dette blir under «Elvis Barbecue Dinner». Her blir det høve for publikum å helse på artistane, samt å sikre seg ein autograf eller eit bilde. For å kunne delta på dette arrangementet må ein ha eit såkalla platinapass. Denne billettypen gir også tilgang til alle arrangementa og reserverte plassar under kyrkjekonserten og i festivalteltet.

Elvisfestivalen i Måløy jobbar tett med Elvis-radioen med Steinar Lyshaug (bildet), Turid Melvær (bildet) og Vegard Melvær. Radioen har to timar sending kvar veke. – Her har vi fått Måløy og festivalen på kartet med fleire konkurransar der lyttarane har vunne billettar til konsertane, fortel Geir Tharaldsen. Radioen har også vore på festivalen og gjort opptak til sendingane sine.

Held denne som Elvis sin beste På Måløy kino får du moglegheit til å sjå det Geir Tharaldsen seier er Elvis sin beste filmprestasjon. – King Creole blir av dei fleste elviskjennarar rekna som Elvis sin beste film. Her fekk han mykje å spele på. Filmen er basert på ein roman og mange av opptaka til filmen er gjort på location i New Orleans, fortel Geir Tharaldsen.

Forandra landskapet

King Creole er ein av to filmar som blir vist på Måløy kino. Den andre er Kid Galahad. Dette skal gå føre seg onsdag og torsdag i festivalveka. – Det er jo eigentleg veldig spesielt at ein tar verdas mest populære songar og prøvar å sjå kor god skodespelar han er. Elvis er ein utmerka skodespelar, men det er i songprestasjonane han viser sitt, ler elviskjennaren, og fortset: – King Creole er den siste av dei fire filmane Elvis gjorde før han reiste i militæret i 1958. Desse filmane var med å forandre det kulturelle landskapet i heile den vestlege verda. Med musikken sin, TVshow og desse fire filmane fekk han på plass 50 millionar fans før han var tilbake i 1960. Dei fleste artistar hadde vore «døde» etter to års fråvær. Men ikkje Elvis. I filmen spelar han den opprørske ungguten Danny Fisher, som ofte rotar seg opp i bråk på grunn av temperamentet sitt. Ein dag blir han «mobba» opp på scena i ein nattklubb, der han jobbar som ryddegut, av ein konkurrerande bareigar. – Skodespelarprestasjonen til Elvis når han til mobbaren framfører If you’re looking for trouble, you came to the right place, er magisk og ein Oscar verdig, seier Tharaldsen. – Skal du sjå ein elvisfilm, så sjå denne, seier arrangørane.

Den beste: I år blir filmane King Creole og Kid Galahad vist på Måløy kino under festivalen. Ifølge Geir Tharaldsen er King Creole den beste filmen Elvis nokon gong gjorde som skodespelar. – Dette er den siste av dei fire filmane Elvis gjorde før han reiste i militæret i 1958. Desse filmane var med å forandre det kulturelle landskapet i heile den vestlege verda, fortel han. Foto: Marianne S. Rotihaug

Boksar: Geir Tharaldsen fortel at Kid Galahad er fartsfylt, men også inneheld romantikk og seks elvislåtar. Skjermdump

Verdig ein Oscar: – Skodespelarprestasjonen til Elvis når han til mobbaren framfører if you’re looking for trouble, you came to the right place, er magisk og ein Oscar verdig, seier Geir Tharaldsen.

I storform

had. Dette er nummer 10 i rekka av Elvis sine 31 filmar. Tharaldsen meiner den abso-

Den andre filmen som blir vist under festivalen er Kid Gala-

Skjermdump frå King Creole

lutt fortener ein plass på topp ti-lista hans. – Elvis spelar den avtrop-

pande militærguten Walter Gulick som bokstaveleg talt slår seg opp seg opp som boksaren Kid Galahad. Dette er ein fartsfylt spennande feel good-film, der Elvis ved fleire anledningar viser sitt talent som skodespelar. Sjølv om filmen er fartsfylt lovar Tharaldsen ein god porsjon romantikk, pluss seks flotte elvislåtar. – Vi oppmodar alle om å bli med oss når vi skrur tida tilbake og viser Elvis sin beste film og Elvis i storform som boksar. Vi gir publikum ein moglegheit til å ane 50-talsmagien og dei får eit glimt av kvifor Elvis vart så stor som han vart, og er, den dag i dag. Marianne Solheim Rotihaug marianne@fjt.no


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 17

Vi lager fersk mat hver morgen. Kaker, kalde lunsjretter, fersk bakst, salater og egen kaffemeny.

Gode sommertilbud

Vi tilbyr også glutenfri mat.

alle utepotter og hagefigurer -25%

Åpent Mandag-Fredag 10-16 Lørdag 10-15 -Velkommen til LiljenTlf: 91718107

Gate 1 nr. 41. Tlf. 57 85 16 59

kjøp avisa her Måløy Rema 1000, Måløy Mix, Kiwi Holvik Bunnpris Oldeide Mat Raudeberg Spar Deknepollen Kiwi, Europris, Rema 1000, Måløy Servicesenter Selje Coop Prix Flatraket Wik Daglegvarer Stadlandet Bunnpris Stad Bryggja Bunnpris Bryggja

Stårheim Stårheim bensinstasjon Nordfjordeid Bunnpris, Esso, Narvesen, Statoil Coop Extra, Rema 1000, Sjukehuskiosken Sandane Autosenteret Åheim Spar Åheim Volda Narvesen Stryn Narvesen Førde Sjukehuskiosken, Narvesen på rutebilstasjonen Florø Narvesen

Bremanger O. Håvardstun Kalvåg Kaia Mat og Servise Svelgen Coop Marked, Svelgen Motorsenter

... eller last ned appen og kjøp avisa der du er, når du vil.

Andre Ekspressbåten Selje/Bergen/Selje

Nyhet! Festival tilbud

1/2 1/2 pris av

Lanseringstilbud seringstilbu på ny hygieneserie for hele kroppen. Fra 29,90 Vitusapotek Måken - Måløy

Måløy Brygge, 6701 Måløy Tlf: 57 84 98 80 Fax: 57 84 98 80 epost: maaken@vitusapotek.no Åpningstider: man-fre 9-16, lør 10-14

pris på mange sesongvarer

w w w. byo u n g .co m måløy brygge - tlf. 57 85 08 05

Kampanjeperioden gjelder 31. juli til 13. august 2017 SETT M/ MATBOKS & DRIKKEFALSKE

25

00 PR. PK

GRANDIOSA Frys, Stabburet, 575 g, 43,48 pr. kg

119 00

PR. 4PK

20,MATBOKS + DRIKKEFLASKE

ord. pris 39,90 /sett

VI ER BEST PÅ LYS · INTERIØR · FEIRING

KAFFE FRIELE 4 PK 4x250 g, 119,00 pr. kg

!

velkommen inn


18 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

fjordenes tidende før i tida

gam­le foto

Kavringen var det gamle kallenamnet på avisa. Det fikk den fordi mange meinte den var så tørr at den måtte lesast med kaffi til. På 1960-talet hadde avisa ei kommentarspalte kalla Kavringen til kaffen.

► Vågs­øy: De tre som først la fram ide­en om en egen elvisfestival i Mål­øy, var Isak Sø­raa (f.v.), Hel­ge Hjel­le og Geir An­dre­as Tha­rald­sen. Den før­s­te fes­ti­va­len blei ar­ran­gert i au­gust 2014, og den var så vel­lyk­ka at elvisentusiastene be­stem­te seg for å sat­se vi­de­re på en år­lig fes­ti­val til ære for El­vis Pres­ley. Årets fes­ti­val blir den fjer­de i rek­ka.


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 19

det­te men­te leserne

Stadtunnelen må byg­gast På trå­den til Fjordenes Tidende 25.8.1997: – Det­te går ik­kje len­ger, sei­er ein mann på trå­den som mei­ner

at det er ei skan­ da­ le at ik­ kje Stadtunnelen no kjem fram i val­kam­pen og at eit så vik­tig til­ tak ik­kje vert re­a­li­sert. – Stadtunnelen vil gje­re at sjø­ veg num­mer ein her i lan­det, kys­ten, kan ver­te ein sik­ker veg for dei som har sitt ar­beid på sj­ øen, sei­er vår inn­rin­gar. Han mei­ner at det var tid­le­ga­ re fis­ke­ri­mi­nis­ter Jan Henry T. Olsen som sa­bo­ter­te det­te pro­

sjek­tet. – Dei bor­gar­le­ge par­t­ia sa dei vil­le byggje tun­ne­len, men in­ gen ting har skjedd. – Jan Petersen frå Høg­re la ei klam hand over det­te då han mein­te at 40 pro­sent av kost­na­ da­ne skul­le be­ta­last av fyl­kes­ kom­mu­na­ne. Det har dei ik­kje råd til, sei­er han. – Der­som det ik­kje skjer noko no, så står ik­kje po­li­ti­ka­ra­ne

våre til tru­an­de, sei­er man­nen, som også har ei mel­ding til stats­ mi­nis­ter Thor­bjørn Jag­land: – Vel­sig­ne deg. Ver med å få bygd Stadtunnelen, så får du ære gjen­nom res­ten av li­vet ditt, sei­er man­nen, som mei­ner at no er det al­vor og at noko snart må skje.

► Vågs­øy: Til den før­s­te El­vis­fes­ti­va­ len i Mål­øy, i au­gust 2014, kom det ei stor grup­pe mo­tor­ syk­lis­ter fra Ha­de­ land. De var rundt 45 per­so­ner, som kom kjø­ren­de til Mål­øy på over 20 sto­re mo­tor­syk­ler pluss noen bi­ler. I spis­sen for grup­pa stod Tommy Haug (f.v.), Hege Ege­berg og Tore Ege­berg. Tore er opp­rin­ne­lig fra Hals­ør, og han og Hege bod­de dess­ uten i Vågs­øy fra 2001 til 2009. De sto­re mo­tor­syk­le­ne var på ut­stil­ling i sent­rum, og de var også med på pa­ra­den gjen­nom ga­te­ne. I år kommer motor­ sykkelgjengen tilbake til Elvisfesti­ valen i Måløy, etter planen med ei enda større gruppe enn sist.

Har du gam­le foto? Send oss gjerne gamle bilde, med info om personar, tid og stad. Kvar månad premierer vi eitt av dei. Bilda kan bli brukte i andre samanhengar, og vi sel også kopier. Send til kavringen@fjt.no el­ler til Fjor­de­nes Ti­den­de, Post­boks 55, 6701 Mål­øy Pensjonert journalist Kari Midtgård Råsberg er ansvarleg for Kavringen.


20 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2017 FJORDENES TIDENDE

Elvisgeografi

Rett eller feil?

1. I kva by gifta Elvis og Priscilla seg?

1. Gate 1 heiter Elvis Avenue under Elvisfestivalen.

2. Kva by flytta familien Presley til då han var 13 år? 3. I kva europeisk land var Elvis utstasjonert som soldat? 4. Kva by er nemnd i opningslinja til songen «In the Ghetto»? 5. Kva album med filmmusikk som kom ut i 1961 har ein farge og ein amerikansk delstat i tittelen?

Sunge om Elvis 1. Kva artist, som er betre kjend som halvparten av ein duo, har gitt ut albumet Graceland? 2. Kva artist nemner Elvis i songen «Free Falling»?

2. Lisa Marie var Elvis sitt einaste born.

det spørst Per-Magne Løken er fast leverandør av Det spørst-spalta i Fjordenes Tidende. Han er lærar, quiz-entusiast og kvalifiserte seg mellom anna til Sogn og Fjordane sitt lag i QuizDan på NRK1 i 2013. Han kjem frå Haugen i Eid, men bur i Måløy.

3. Kva band har songen «Calling Elvis»?

3. Elvis deltok i Vietnamkrigen. 4. Elvis hadde ein tvillingbror som døydde under fødselen. 5. Elvis har halde konsert i Norge.

Elvisimitatorar 1. Kva heiter imitatoren frå Farsund på Sørlandet som er Skandinavias einaste fulltids elvisimitator? 2. Kva svensk-norsk elvisimitator har hatt førestillinga «Hvor var du da Elvis døde»? 3. Kva land kjem elvisimitatoren Jonny Fortuno frå?

4. Elvis blir nemnd i songen «Black Velvet». Kven syng denne songen?

4. I kva amerikansk by vart imitatorkonkurransen Elvis Festival arrangert i juli i år?

5. Kva canadisk artist syng om Elvis i songen «He was the King»?

5. Kva land kjem elvisimitatoren Zelimir frå?

Elvis i Måløy

1X2

1. Kven er grunnleggar av Elvisfestivalen i Måløy?

1. I kva delstat døydde Elvis? 1. Louisiana X. Florida 2. Tennessee

2. Kva er etternamnet til brørne Isak og Sverre som deltok i kyrkjekonserten i 2015?

2. Eitt av Elvis sine framkomstmiddel vart seld i 2017 for 3,6 millionar kroner. Var det 1. Bil X. Fly 2. Yacht

3. Kva heiter artisten frå Kjølsdalen som song Elvis på nynorsk under festivalen i 2016?

3. Kor gammal hadde Elvis vore om han hadde levd i dag? 1. 79 år X. 82 år 2. 85 år.

4. Kva artist var i tillegg til Elvis gjennomgangstema under festivalen i 2015?

4. Kven var amerikansk president då Elvis døydde? 1. Gerald Ford X. Richard Nixon 2. Jimmy Carter

5. Kva heiter kyrkjekonserten under årets festival?

5. Kva er tittelen på Priscilla Presley sin sjølvbiografi frå 1986? 1. Elvis and Me X. My Life with the King 2. In the Shadow

Kva song startar slik? 1. Well, it’s one for the money. Two for the show. 2. The warden threw a party in a county jail. 3. Well, it’s hard to be a gambler. Bettin’ on the number. That changes every time. 4. We’re caught in a trap. I can’t walk out. Because I love you too much, baby.

5. I gave a letter to the postman. He put it in his sack. And by the early next morning. He brought my letter back.

Elvis i Måløy: 1. Helge Hjelle 2. Søraa 3. Odd Erik Lothe 4. Tom Jones 5. You Gave Me a Mountain Kva song startar slik? 1. Blue Suede Shoes 2. Jailhouse Rock 3. Moody Blues 4. Suspicious Minds 5. Return to Sender Rett eller feil?: 1. Feil 2. Rett 3. Feil 4. Rett 5. Feil Elvisgeografi: 1. Las Vegas 2. Memphis 3. Vest-Tyskland 4. Chicago 5. Blue Hawaii

Elvisimitatorar: 1. Kjell Elvis 2. Benny Borg 3. USA 4. Las Vegas 5. Serbia

Sunge om Elvis: 1. Paul Simon 2. Tom Petty 3. Dire Straits 4. Alannah Myles 5. Neil Young

1X2: 1. Tennessee 2. Fly 3. 82 år 4. Jimmy Carter 5. Elvis and Me

Elvisfestivalen 2017  

Temabilag utgjeven av Fjordenes Tidende 8.august 2017