KORLEIS HJELPE UNGDOM Å FINNE REISA SI I LIVET

SKAPAR GODE
DAGAR FOR DEI ELDRE PÅ KULATOPPEN OMSORGSSENTER SPENNANDE UTFORDRINGAR

Grafisk produksjon: Marita Sundet Solheim og Trygve Johan Solheim, Frequency.no


KORLEIS HJELPE UNGDOM Å FINNE REISA SI I LIVET
SKAPAR GODE
DAGAR FOR DEI ELDRE PÅ KULATOPPEN OMSORGSSENTER SPENNANDE UTFORDRINGAR
Grafisk produksjon: Marita Sundet Solheim og Trygve Johan Solheim, Frequency.no
Velkomen til den andre utgåva av foreldremagasinet vårt, der vi igjen dykkar inn i ”Jakta på Superkreftene”. I Nordfjordkompaniet har vi eit samfunnsoppdrag som er like edelt som det er essensielt: å hjelpe ungdomane våre til å oppdage og utvikle sine unike evner. Målet? At dei skal blomstre som lukkelege og flinke arbeidstakarar. Men denne reisa er ikkje berre vår; ho er i aller høgste grad dykkar også. Foreldre spelar ei nøkkelrolle i å støtte ungdommane på denne vegen, og det er saman med dykk vi kan gjere Nordfjord suprare for ungdomane våre.
Vi veit alle at eit barn sitt oppvekstmiljø og dei støttande relasjonane dei utviklar heime, er fundamentale for deira velvære og suksess. Utan dykk som foreldre blir alt mykje vanskelegare. Ein god relasjon til foreldra er ikkje berre viktig for at kvar einskild ungdom skal bli den beste versjonen av seg sjølv; det er også avgjerande for heile regionen sin framgang. Det er her, i kvar enkelt familie og heim, at grunnlaget for Nordfjord si positive utvikling blir lagt.
Det kviler eit stort ansvar på dykk som foreldre, men fortvil ikkje. Vi i Nordfjordkompaniet byggjer opp omfattande spesialkompetanse og eit enormt nettverk av ressursar som skal hjelpe dykk til å ta ein aktiv og viktig del i dette store samfunnsoppdraget. Vi har til og med fått fleire millionar frå Sparebankstiftinga og Vestland fylkeskommune for å verkeleg kunne satse! Saman skal vi finne dei hindringane som står i vegen for utvikling og samle flinke folk som kan hjelpe til med å tette dei. Dette arbeidet er langsiktig og stegvis, og ved å stå saman skal vi lukkast med å styrkje Nordfjord som den beste staden å bu, leve og arbeide i.
Som forelder veit du at det er dei små, riktige handlingane du gjer kvar dag som hjelper ungdomen din til å vekse og trivast. På same måte må vi alle jobbe saman som eit samfunn for å nå våre felles mål. Konferansar og store treff er flotte greier, men til sjuande og sist er det dei mange små møteplassane i kvardagen som over tid byggjer dei store mirakla.
I denne utgåva av magasinet håper vi du finn både inspirasjon og praktisk kunnskap om moglegheitene til ungdomen din, samt tips til korleis du kan bidra som forelder i denne fellesskapen. Vi gler oss til å jobbe tett med deg for å støtte ungdommane våre på den best moglege måten – nemleg på den supre måten!
Lat oss saman møte framtida med optimisme, håp og glede. Saman står vi sterkare, og saman kan vi verkeleg gjere ein forskjell. Takk for at du er ein del av dette viktige arbeidet.
Saman gjer vi Nordfjord suprare!
Nordfjordkompaniet jobbar for at vi nordfjordingane i fellesskap skal byggje ei lys framtid for ungdommane våre. Vår nye organisasjon representerer ein unik modell for samarbeid, der vi, saman med dykk, skaper løysingar som verkeleg gjer ein skilnad.
I Nordfjordkompaniet legg vi stor vekt på spisskompetanse, og vi fungerer som ein orkestrator som samlar alle gode krefter for å utvikle gode løysingar for ungdommane våre. Ved å arbeide tett med foreldre, utdanningsinstitusjonar, næringslivet og kommunane sikrar vi at vi saman skaper dei beste vilkåra for positiv utvikling og problemløysing.
Dykkar rolle som foreldre i dette samarbeidet er uvurderleg. Saman med Nordfjordkompaniet kan de hjelpe borna dykkar til å finne dei unike evnene sine og utvikle seg til å bli dei beste versjonane av seg sjølve. Vi trur på å investere i kvar enkelt ungdom og støtte dei gjennom heile deira utviklingsreise, frå barndomen til vaksenlivet, og vidare inn i eit blomstrande yrkesliv. Med dykkar innsikt og støtte kan vi effektivt tilpasse gode tiltak og samarbeidsprosjekt slik at vi møter ungdomane sine spesifikke behov og ambisjonar på ein super måte!
Dette har vi gjort med Superlærling-konseptet, og no tek vi metodikken vidare til andre samfunnsflokar som til dømes ein effektiv rekrutteringsstrategi.
Nordfjordkompaniet legg til rette for eit miljø der grenser blir fjerna og alle har moglegheit til å bidra.
Vi inviterer dykk til å engasjere dykk aktivt i vårt arbeid, anten det er gjennom foreldremøte, arbeidsgrupper, eller andre forum der dykkar meiningar og erfaringar kan forme framtida. Gjennom opne dialogar og felles innsats kan vi saman skape ein region som er attraktiv og utviklande for ungdomane våre, der vi skaper eit yrkesliv som skal stå med opne armar for å ta imot dei unge håpefulle med spissa jobbtilbod. Dette er ”next level stuff”!
Vi står ved eit spennande vegskilje for Nordfjord der vi har moglegheita til å forme ei framtid der barna våre ikkje berre finn draumejobben sin, men at dei også trivst og veks i eit samfunn som dei har hjelpt til å byggje. Vi vil gje våre eigne ungdomar eigarskap og tilhøyre til Nordfjord, og så vil vi heilhjarta invitere inn nye ungdomar som kan kome inn og finne draumestaden og draumejobben sin her. Nordfjordkompaniet er her for å støtte både ungdomane og dei som er rundt ungdomane på kvart steg på vegen, og det er spesielt samarbeidet med dykk, foreldra, som verkeleg vil utgjere den store skilnaden.
Vi gler oss til å arbeide saman med dykk for å gjere Nordfjord til ein endå betre stad for våre kjære ungdomar. Saman kan vi oppnå utrulege ting. Lat oss saman sikre at kvar ungdom i Nordfjord får sjansen til å skinne og utvikle seg til sitt fulle potensial. Dette er vårt felles løfte – å gjere Nordfjord suprare for alle!
TEKST: Marie Kristine Kroken FOTO: Silje Reed
Alle har superkrefter, men dei kan vere vanskelege å finne. Då er det fint å ha nokon som kan hjelpe til i jakta. Møt dei fire instruktørane som denne sommaren har hjelpt 300 born i Nordfjord med å finne sine superkrefter.
For tredje sommaren på rad har Nordfjordkompaniet arrangert ferieklubb for born i Nordfjord. I fem dagar får borna boltre seg med aktivitetar, oppdrag og leik. Målet er at borna skal finne talenta sine og utforske kva dei likar å
drive med, med utgangspunkt i lokale moglegheiter og yrker. I tillegg til å gi eit tilbod for born i Nordfjord, gjev ferieklubben også fine og utfordrande sommarjobbar til ungdom som ynskjer å jobbe med born.
Eit solid lag
- Det var kjekt å reise rundt saman på dei ulike stadane vi hadde ferieklubb. Vi klaffa veldig fint i lag og hadde det sosialt.
Det trekker Kristina frå Nordfjordeid (28) fram som noko av det beste med sommarjobben. Ho er utdanna ergoterapeut og jobbar som miljøterapeut i Bergen. Tips om ferieklubben fekk ho på ein topptur Nordfjordkompaniet arrangerte.
- Det var godt å kome heim att, seier ho og er overtydd om at eit slikt tilbod om sommarjobb kan få folk til å flytte heim att.
- Gjennom Nordfjordkompaniet får du ein fot innanfor distriktet her.
Kristina skryt også av Nordfjordkompaniet som arbeidsgjevar.
- Sjølv om vi hadde det daglege ansvaret for klubben, var vi mykje i kontakt med Tonje og Anders i Nordfjordkompaniet. Dei var fine å ha og oppmoda oss til å kome med eigne tankar og idear. Det ga leiarerfaring, eg har utvikla meg enormt!
I tillegg til vennskapet mellom dei fire instruktørane er hennar finaste minne å sjå utviklinga hos borna.
- På den korte veka var det kjekt å sjå kor ulike dei var med ulike interesser. Dei stilte spørsmål og var engasjerte, særleg om dei hadde nokon i familien som jobba med yrket.
Tillit og samarbeid i fokus
Josefia frå Sjøholt utanfor Ålesund (24) var med som instruktør i fjor også, og ville bli med eit år til. Ho studerer sosiologi i Trondheim og har erfaring frå barnehage og eit bufellesskap.
- Det er ein aktiv og artig sommarjobb. Vi fekk stor tillit frå Nordfjordkompaniet. Etter ei kort opplæring, var det vi som sto i det. Det var godt å kjenne på ei slik tillit. Vi delte ansvar utan at nokon var leiar og var eit lag der alle ville få det til.
Ho skryt også over den daglege kontakta med Nordfjordkompaniet.
- Dei var ei god støtte, sjølv om vi hadde ansvaret. Eg var heldig som hadde Sindre med frå i fjor, då var det heller ikkje så hardt for dei to nye å kome inn.
Ho beskriv eit godt samarbeid med dei andre instruktørane.
- Dagane starta med at vi fann fram det vi trengte, så når borna kom, var alt klart. Så snakka vi om dagen og fann roa i teamet. Det er lærdom å jobbe i ei slik gruppe, til dømes korleis gi tilbakemelding og det å ha tillit til at det som skulle gjerast, vart gjort.
Josefia synes også det var spennande å sjå meistringa hos borna.
- Dei fekk mange gode erfaringar utan at det treng å leie til eit yrke. Nokre hadde til dømes aldri laga mat før. Det er jo ei kjempeerfaring! Det handlar om å gi borna sjølvtillit.
Ho er usikker på om det vert ein sommar til som instruktør, men ynskjer å vere med innanfor Nordfjordkompaniet og følgje med på kva dei tilbyr.
- Ein vert så ønska og ivareteken. Så det kan hende det blir Nordfjord, det er ein fin stad.
Samhald og utvikling for borna
Sindre (20) frå Stryn hadde også vore med eit år før. Han utdannar seg innan musikk, men har erfaring frå å jobbe i barnehage og synes det er kjekt å jobbe med born.
- Kvar måndag var det ei ny gruppe born på ein ny plass. Mykje var likt, men ein vart ikkje lei sidan det er nye born kvar veke.
Han er ikkje framand for at han tek ein sommar til på ferieklubben.
- Draumen er å få jobbe som musikar, men det kan vere vanskeleg å få til i Stryn. Då er det fint å kome heim til Nordfjord om somrane.
Sindre synes, som dei andre, at det var spennande å sjå utviklinga hos borna.
- Alle kom spente på måndag, men på fyrste dagen hadde dei varma opp. Fredagen var det god stemning, med is, brus og slim! Det å vere i ei slik gruppe born gir dei stor utvikling på det sosiale.
Sidan Sindre var med i fjor, såg han også endringane frå fjorårets ferieklubb.
- Nytt i år var at vi hadde ein eigen klimadag, der vi lærte om klimagassar og issmelting. Borna kunne til dømes få erfare om isbitar smeltar raskare under ein klekkelampe eller i skuggen.
Han er samd i at dei fire instruktørane hadde eit godt samhald.
- Det er det finaste minnet frå sommaren. Samhaldet mellom oss og det vi såg hos borna. Det at ein kan verte så raskt knytte på så kort tid.
Erfaringa frå barnehage kom også godt med.
- Korleis vere vaksen og instruktør, både ha med omsorg og strengedelen. Då var det nyttig å ha vore i ein barnehage.
Nyttig erfaring og samhald med Nordfjordkompaniet
Sondre frå Stryn (21) søkte sommarjobb etter å ha sett ei annonse.
- Eg tenkte dette var noko eg kunne trivast med. Eg har spelt fotball og vore trenar for born i same alder.
Sjølv om han studerer i Trondheim, ser han etter jobbmoglegheiter i Stryn.
- Eg vil jobbe som sivilingeniør innan bygg, og det er jo litt av det her, så når eg er ferdig om to år, tenker eg meg heim att. Då er Nordfjordkompaniet veldig fint og nyttig for meg. Eg veit jo at eg vil tilbake, og då har eg nokon eg kan kontakte. Eg er veldig takksam for tilboda deira.
Han er også nøgd med Nordfjordkompaniet som arbeidsgjevar.
- Eg kjende ikkje dei andre frå før, men det var ein kjekk gjeng å vere med. Vi var jo ganske sjølvgåande, det gjorde at vi fekk ein del erfaring med å ta ansvar. Det dukka opp uvante situasjonar, då kom trenarerfaringa godt med, det å kunne gi instruksar til andre.
Sondre er også godt nøgd med dei han jobba i lag med.
- Dei fleste dagane etter jobb var vi mykje på turar, trena og hadde fellesmiddagar. Det var eit veldig fint opplegg.
Det gleda han også å sjå utviklinga hos borna.
- Det var kjekt å sjå, dei kom blyge på måndag, men på fredag hang dei rundt deg og ville ikkje gå derifrå. Det å sjå kor glade dei var om vi viste dei nokre forsøk.
Sjølv om Sondre hadde ein fin sommar, ynskjer han å finne noko nærare utdanninga si til neste år.
- Men eg ynskjer å bruke Nordfjordkompaniet vidare til å finne det også.
Restaurantsjefen på Gloppen hotell, Mathias Hopland Eikås, er utdanna kokk, og var lærling på det same hotellet.
TEKST: Marit Kjersti Bendz
FOTO: Christer Olsen
Den nyutdanna kokken Mathias Hopland Eikås (24) ville prøve bylivet på Austlandet. Han heldt ut i seks månader. Då hadde han i alle fall prøvd noko anna enn Nordfjord.
Mathias Hopland Eikås er den unge restaurantsjefen på Gloppen Hotell. Men han voks opp i Kjølsdalen med travle studentforeldre. Difor var besteforeldra viktige i barndommen. Det same var 4H, der han hadde årsprosjekt om matlaging både som tolvåring og sekstenåring. Progresjonen var formidabel på desse fire åra. Under presentasjonen på årsfestane avanserte han frå vaflar til hjorteburger med mykje godt tilbehøyr.
- Mamma sette nok stor pris på at eg var så mykje på kjøkenet i lag med ho. Far var jeger, og eg var tidleg med på nedskjering av hjort. Mat sit i gena mine, heile familien er oppteken av god mat. Far min var oppvaksen på gard, der eg var med onkel mykje i fjøset, med kyr, sauer og sjølvsagt potetåker.
Kjeft med humor
Etter grunnskulen lurte han litt på idrettslina på Sandane. Guten var rimeleg god i fotball og særleg handball. Men ein rådgivar meinte det var lurare å søkje på noko han visste han kom inn på. Unge Mathias var ikkje overmåte glad i teori, karakterane låg sånn midt på treet. Så då var kokkelina ved Måløy vgs eit opplagt val. Læretida på Gloppen hotell var ikkje så knalltøff som mange andre kokkelærlingar har fortald om. Mathias opplevde ikkje den sida.
- Men klart, det var nokre situasjonar...
Han fortel at det vart alltid kjefta med glimt i auget. Det har han teke med seg vidare når han sjølv jobbar med lærlingar.
- Du skal vise dei kva som er rett, men med litt humor. Det er viktig at dei hugsar dei feila dei gjer og ikkje gjer dei om att, meiner 25-åringen.
Pandemi og pallekarm
Som ferdig utdanna kokk vart han oppmoda om å reise ut, jobbe andre stader. For den heimekjære kokken vart det Restaurant Munch på Refsnes Gods i Moss. Men han likte verken bylivet eller Austlandet. Etter nokre månader fekk han nok. Vel heime att venta jobb på Vestkapp, men så kom 12. mars 2020, og det vart veldig stille i restaurantbransjen. Den permitterte kokken budde heime med hunden. Dagane vart lange sjølv om han kunne servere festmat til foreldra når dei kom heim frå jobb. Dermed fekk han ein idé om å dyrke litt i eit par pallekarmar, men det tykte byggmeisterfaren var altfor puslete og gjekk i gang med omkalfatring av hagen, med murar og planering – her skulle det bli terrassejordbruk året etter.
Dei kom aldri i gang, anna enn med litt grønkål i eit par pallekarmar ein annan stad i hagen.
Trass i pandemien, heldt han etter kvart fram som kokk på Vestkapp sommaren 2020. Så tok han og Kristina Myrset over Kraftstasjonen i Måløy eit års tid. Men Mathias ville lære meir og prøve noko nytt. Så for han til Geilo på fagskulen i hotell- og restaurantdrift, men etter halvanna år fekk han stillinga som restaurantsjef på Gloppen Hotell, og då fekk eksamen vere eksamen. Mathias vert lett engasjert når han har tru på ting, og vert sett på som jovial og positiv, i det heile ein grei sjef.
- I høgsesongen har eg fire-fem under meg på kjøkenet. Ein restaurantsjef skal vere tydeleg, men også motiverande for at folk skal trivast og gjere sitt beste, meiner han.
Gode råvarer
Nokon jeger vart han aldri, men det er kjekt når slaktet kjem på benken. Han vil heller plukke bær i hagen og ved hytta på fjellet, sjølv om det ikkje vert så ofte. Gloppen Hotell bruker mange lokale produsentar. Mathias liker godt når produsentane kjem personleg på døra med varene. Å sjå personane bak råvarene gjev noko ekstra.
- Vi har tatt inn jamt med plommer her, og er flinke med å setje opp meny etter sesong. Sjølv har eg urter heime på kjøkenbenken.
Mathias speler framleis handball, og trenaren på Eid herrelag plar seie: ”Kom dokke heim, få dokke eit liv!” Så no skal restaurantsjefen snart springe halvmaraton.
Han innrømmer ein gryande liten kokkepondus, og prøver å halde seg aktiv. Då er det skikkeleg fint å bu på Sandane, med flott natur og Trivselsskogen rett utanfor døra.
- Eg kan ikkje heilt setje fingeren på kva det er med Nordfjord, berre ei kjensle av å vere heime uansett kva bygd det er, seier han.
Habil songar
Han verkar veldig skikkeleg, har han aldri gjort nokre sprell?
- Vi var ein venegjeng som drog til Davik på konsert ein gong. Båten var lessa med øl, og det tok lengre tid over fjorden enn vi hadde sett føre oss.
Gjengen fekk rikeleg med kjeft då dei endeleg kom fram, men dei kjente trubaduren Odd Erik Lothe godt, og song med på alle songane, og jammen enda dei opp som koristar på den neste plata, som Lothe spela inn i lag med Olav Stedje og Finn Tokvam.
- Eg syng greitt, så eg får bli med i eit kor når eg ikkje har kondis til å spele handball lenger, humrar han. Kanskje det bur ein liten vokalist i den gryande kokkemagen?
TEKST:
Marit Kjersti Bendz FOTO: Knutholmen
Hotellsjefen Martine Fosse Sveian (30) på Knutholmen hadde ikkje tenkt seg heim før ho vart 50. Først skulle ho gjere karriere på dei beste restaurantkjøkena.
Men i ein alder av 30 er Martine Fosse Sveian godt etablert heime i Kalvåg, med hus, mann, tre born og sjefsjobb på Knutholmen.
- Slik kan det gå, ler ho, men innrømmer at ho saknar byen med alle sine tilbod, aktivitetar og vener, særleg i dei mørkaste vintermånadane. I Kalvåg må ein skape aktivitetane sjølv. Men i motsetnad til faren Svein Inge Fosse, tek ho seg ein bytur i ny og ne.
Ambisiøs
Dei siste åra har Martine og broren Jan Fredrik Fosse teke over meir og meir av drift og ansvar for legendariske Knutholmen.
- Vi har nok vald litt annleis, ved å oppgradere rom og interiør og fortelje historia til plassen. Men ingen avgjerder vert tekne utan at mamma og pappa er involvert. Dei har 40 år med erfaring, men vil likevel at vi skal drive på vår måte. Ein skilnad er at vi held stengt i heile januar og reiser vekk. Det var aldri snakk om familieferie i oppveksten vår.
Lille Martine trakka i hælane på foreldra frå ho kunne gå. Ho vart tidleg involvert i drifta, starta i skrubben før tenåra og avanserte til ryddehjelp og servitør. Først på vidaregåande sleppte ho til på kjøkenet. Allereie som åtteåring visste ho kva ho ville bli: kokk.
- Far min seier litt skamfullt at eg hadde eit årsverk for vanleg servitør allereie i 9. klasse. Men eg elska det, dette var noko eg fekk til, i motsetnad til ein del skulefag. Når venene drog på fest i helgene, ville eg heller jobbe. Målet var å kjøpe leilegheit, klare det på eiga hand, utan hjelp frå mamma og pappa.
Tvil og panikk
Så kom ”søkeveka” på tampen av ungdomsskulen, og brått byrja ho å tvile.
- Det verka skummelt å flytte til Førde på hybel, eg kjende ingen andre som valde den yrkesvegen. Eg feiga ut og sette helse- og sosial i Florø på førsteplass, då kunne eg bu heime. Dessutan var eg ikkje så
skuleflink, så eg rekna faktisk med at eg kom inn på andrevalet mitt: kokk og servitør.
Då svaret kom den sommaren, fekk Martine panikk. Ho hadde kome inn i Florø på ei yrkesretning ho hadde null interesse for. I rein desperasjon ringde ho inntakskontoret, der var det fellesferie. Men ho fekk tak i rektoren på Øyrane vidaregåande skule i Førde, sa at ho angra, og rektor svarte: berre vent, så skal vi sjå kva vi får til.
Rektoren fekk det til, hybellivet gjekk seg til, og det vart to fantastiske år med mange nye vener, flinke lærarar og eit inspirerande miljø. Jenta som kvidde seg på å flytte heilt til Førde, fekk seg lærekontrakt på Feinschmecker i Oslo.
- Eg hadde ikkje verdas beste løn på Knutholmen, men då eg flytta til Oslo som 17-åring, kjøpte eg mi eiga leilegheit. Det var ein milepåle. Pappa måtte vere med i banken som kausjonist, eg trur han var meir flau enn stolt då han skjønte kor mykje eg hadde jobba og spart desse åra.
Lærdomen heimanfrå
Martine voks opp med service, det ligg i blodet at gjestene skal ha det bra, uansett.
- Om ein gjest etterspurde cd-spelar, måtte ein av oss ungane låne bort vår. På eit arrangement med Sputnik, Eli Rygg og Max Mekker gløymde pappa å tinge overnatting for dei, så artistane vart fordelt på romma heime. Eg hugsar at Sputnik sov på rommet til Jan Fredrik.
Det var ein stor overgang å jobbe på eit stort kjøken i Oslo. Men no såg ho fordelen med å ha vokse opp og jobba på Knutholmen.
- Eg forstod tidleg kor viktig nøyaktigheit er, å møte presis på jobb, ikkje stå henge, ta eige initiativ og sjå kva som må gjerast.
Det vart lagt merke til på Feinschmecker, såpass at ho allereie etter eit halvår som lærling vart invitert med i kokkelandslaget for juniorar, som ein av dei aller yngste. Igjen var det skummelt, men ho fann
roen, lærte mykje om teamarbeid og drog heim frå VM i Luxemburg med to gull, ein bronse og vener for livet etter eit år med iherdig trening på ”kokkelering”.
Martine heldt fram på Feinschmecker nokre månader etter fullført fagbrev, heilt til broren Jan Fredrik ringde og sa dei trong ein sjef eitt år på det nye og oppgraderte kjøkenet.
Ikkje heim før 50 - Eg hadde ei sterk tru på at eg måtte jobbe på den beste restauranten, og vidare til ein enda finare før eg kunne reise heim og vise at eg hadde vorte til noko. Eg måtte tilføre noko nytt, ikkje kome heim som ein halvdårleg kokk. Men å jobbe heime eit år, slappe av litt og tenkje på
vegen vidare, verka ganske smart, tykte ho då.
Etter dette året tok ho eitt til. Det var jo ikkje så verst, her kom ho tett på gjestane, ho hadde stort spelerom, tilknyting til plassen og familien trong ho.
Året med kokkelandslaget resulterte også i møtet med kollegaen Martin Sveian, som absolutt ikkje ville til Oslo. Han byrja å jobbe som kokk på Knutholmen. No er dei gift, har tre ungar og har bygd seg hus. Leilegheita i Oslo er seld. Martin er no kjøkensjef, og som den stødige trønderen han er, gjekk det greitt å vere underordna kona, iallfall på jobb.
Nesten som odel Å ta over ei familieverksemd som Knutholmen etter Svein Inge Fosse – det er store sko å fylle, både for Martine og Martin.
- Det er ikkje berre-berre å kome til ein ny plass og kapre prinsessa og halve kongeriket, ler ho.
- Pappa har vore tilgjengeleg 24 timar i døgnet, heile året. Det er han på sett og vis enno, snart 70 år gamal. Pensjonisten er her kvar dag, og det kjem han til å vere til han stuper. Det er på godt og vondt, men aller mest gjevande og kjekt. Eg er lik pappa på mange vis, men litt meir beskjeden, meiner ho sjølv. Vart ho ikkje ganske herda med fire brør?
- Neiii… Ho dreg på det.
- Men eg har lært meg å bite saman tennene og halde ut, så vert det alltid betre.
Alt for gjestane
Martine kom heim 30 år før planen. Ho filosoferer av og til over korleis livet vart. Ho skulle gjerne hatt meir utdanning.
- Men eg klarer meg, sjølv med ansvar for område eg ikkje hadde tankar om før:
økonomi, marknadsføring og planlegging. Rolla mi er å gjere folk trygge og gjestene nøgde. Eg kunne ikkje hatt ein betre jobb. Då vi fekk barn, vart eg kjent med andre unge foreldre, så særleg i denne fasen er eg glad eg bur her. Eg har ein spennande jobb, og det er trygt og godt for ungane. Martin elskar friluft, jakt og fiske, så for han er Nordfjord også midt i blinken.
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Allmennfag, det som no kallast Studiespesialiserande.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde denne retninga fordi eg var usikker på kva eg ville utdanne meg som. Eg syns det var eit kjempevanskeleg val på det tidspunktet. Det påverka meg nok at eg hadde nære vener i same situasjon, og då blei det liksom eit ”trygt” val.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Eg hadde eitt år i arbeid etter at eg var ferdig på vidaregåande skule før eg flytta til Bergen for å rette på nokre karakterar eg ikkje var heilt fornøgd med. Deretter hadde eg fleire år med jobb fordi eg framleis var usikker på kva eg ville studere vidare. Som 25-åring bestemte eg meg, og tok ein bachelor i Retail Design/Interiørdesign i Oslo. Då følte eg meg endeleg både klar og på rett plass :) I dag jobbar eg i Feel Free Production her i Nordfjord, lokalisert i Holmøyane. Eg er interiørdesignar og jobbar både med interiør- og møbeldesign.
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk restaurant- og matfag i Måløy.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde denne retninga fordi eg alltid har vore glad i mat, og ville jobbe med noko praktisk.
Kjekke lærarar på hospitering påverka valet mitt.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Eg begynte som kokkelærling på
Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll. Etter to år der flytta eg til Stavanger og jobba for Jan-Erik Hauge i to år, i tillegg til tre månader i Slovenia for Ana Ros.
Etter det flytta eg til Oslo og begynte på restaurant HotShop, der har eg vore i eitt og eit halvt år. Samtidig som eg har jobba, har eg også fått vere ”commis” på
junior kokkelandslaget og i Årets kokk.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det kjekkaste med jobben min er å få skape unike designløysingar og møblar til kundane. Eg likar veldig godt å jobbe med overordna designkonsept, der ein får skape ei totalløysing frå start til slutt, enten det er eit oppussingsprosjekt eller nybygg. Samtidig likar eg å få teikne møblar, og det kjekkaste då er at møblane blir produserte i Holmøyane på fabrikken vår. På den måten har ein moglegheit til å vere ”hands on” heilt til ferdig produkt.
Det beste med Nordfjord må vere naturen og menneska som bur her. Eg er sjølv tilflyttar, men føler meg eigentleg som heime. Det meiner eg er mest av alt på grunn av folka eg har møtt på min veg, både privat og i jobbsamanheng.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Eg trur eg ville sagt til meg sjølv at alt ordnar seg uansett. Ein har god tid! Ikkje stress for mykje med valet om riktig eller feil utdanning. Viss ein er open og villig til å lære undervegs, er det utruleg kva som kan skje. :)
Denne hausten har eg begynt å studere Lokal matkultur på Hjeltnes i Hardanger som deltidsstudie.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det kjekkaste med jobben min er alle dei kjekke menneska ein møter, og det at ein kan gjere så mykje forskjellig. Det er alltid mykje spennande å lære seg, og som kokk kan ein jobbe kor som helst. Det beste med Nordfjord er den flotte naturen, menneska og moglegheitene.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Eg ville sagt: Stol på deg sjølv og ikkje vær redd for å prøve og feile. Det er så mange moglegheiter og kjekke ting å oppleve!
Kvar vart det av dei gode råda om utdanning og yrkesval?
Her er Jørund Walseth sitt forsøk på å svare på det.
@karrierekaren
Jørund Leiv Walseth (49), rådgjevar ved Firda vgs. Mastergrad i karriererettleiing. Nestleiar i Rådgjevarforum Norge.
Dagens ungdom møter ei verd der moglegheitene kan opplevast som uendelege. På same tid varslar ”clickbait”-overskrifter at robotar vil ta over arbeidsplassane våre. Onkel Jarle kan vere klar på at det er yrkesfag som er vegen å ta. ”Det er der jobbane er!” Naboen Jonas har jobba med hendene i heile sitt yrkesliv – han seier at eg MÅ skaffe meg ei høgare utdanning slik at eg ikkje treng å streve sånn heile livet. Kontaktlæraren seier at eg må følgje interessene mine, medan far og mor seier dei vil støtte meg uansett kva eg vel. Å navigere i dette mylderet av gode råd er ikkje lett. Eg skal likevel prøve å sette ord på nokre perspektiv ein kan ta med seg når ein skal gjere vegval på denne reisa i livet.
Det blir ikkje vanskeleg å få seg jobb i nær framtid! Det er behov for arbeidskraft i stort sett alle bransjar. Det har lenge blitt formidla at samfunnet treng at ungdom vel yrkesfag, og dette er heilt rett. Men framskrivingar viser omtrent like store behov for arbeidskraft innan læraryrket, sjukepleiarar og mange andre akademiske retningar. Eg besøkte NTNU i Trondheim for ei stund sidan. Forskarar der formidla at det er rekordlåg søking innan teknologiske retningar som krev realfag. Dette skjer samtidig som mange forskarar legg vekt på at teknologi er løysinga på mange av utfordringane vi står ovanfor i samfunnet vårt.
Så ungdom treng ikkje uroe seg for moglegheiter knytt til arbeid. Arbeidslivet treng deg! Ver optimistisk og håpefull for framtidige jobbmoglegheiter.
Ta helsa di på alvor
Det aller viktigaste for ungdom i dag er å ta helsa si på alvor slik at ein blir arbeidsfør. Det er verdas kjedelegaste råd; men å skaffe seg nok søvn, ete fornuftig, mosjonere og vere i lag med andre fysisk er kjempeviktig. Det å føle seg som ein del av eit fellesskap er rekna som omtrent like viktig som mat og søvn. Så mitt andre tips er å vere bevisst på å oppsøke fysiske fellesskap. Då jobbar ein med kommunikasjon, samhandling og det å forstå andre sine synspunkt, samt forstå seg sjølv i ei sosial setting. Desse kompetansane blir verdsett i arbeidslivet og blir ofte kalla ” soft skills ”.
Arbeidslivet treng deg! Vær optimistisk og håpefull for framtidig jobbmoglegheiter.
Hugs å være på veg
All kompetanse ein skaffar seg har verdi og kan føre deg til neste stasjon på reisa.
2
Det finns ikkje blindgater
Dagens utdanningssystem gir deg høve til å velje på nytt dersom du kjenner at du vil gå ei anna retning. No har du rett til å ta både studieførebuande/ studiespesialiserande og fagbrev!
3
Våg å følgje eigne draumar 60 prosent av dei som tek vidare utdanning på universitet og høgskule har føresette som har teke høgare utdanning. Så prøv å vere merksam på kva slags mekanismar rundt deg som påverkar vala dine. Du kan klare det du bestemmer deg for, sjølv om andre i familien din har valt annleis.
Prøv å tenkje litt motsett. Du kjem til å få mange moglegheiter i livet. Øv deg på å gripe moglegheitene i staden for å vente på neste stasjon! 5 tips fra Jørund
4
Førestill deg framtida di
Ta fram eit ark. Teikn deg sjølv der du er 30 år. Kva vil du ha på plass i livet ditt når du er 30 år? Teikn alt du kjem på. Kva ting skal vere på plass når du er i den alderen? Kvar skal du bygge draumereiret ditt? Etterpå kan du tenke over kva yrker og utdanningar som kan passe inn i det framtidige draumescenariet.
5
Grip moglegheitene
Hugs at livet er fullt av krumspring. Bilbo Baggins seier: ”It’s a dangerous business, Frodo, going out your door. You step onto the road, and if you don’t keep your feet, there’s no knowing where you might be swept off to.”
”Øv deg på å gripe moglegheitene!”
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk først Naturbruk og akvakultur på Måløy VGS, og etter det tok eg tre år på musikklinja på Firda.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde å gå Naturbruk og akvakultur ganske tidleg. Eg visste at det var jobben for meg, med passeleg fysisk arbeid og ei god lønn. Eg har nok blitt påverka av onklane mine som har vore innom oppdrett.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter Måløy tok eg, som sagt, tre år på musikklinja for å leve litt og ha det gøy før eg begynte på resten av livet mitt.
Eg visste alltid at eg kom til å bli lærling innanfor oppdrett, så eg hadde ikkje dårleg tid med å starte på lærlingtida mi.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det aller kjekkaste med jobben min er folka. Eg er veldig heldig som jobbar med folk som er veldig snille, morosame og motiverande. Og det beste med Nordfjord er naturen. Det er utruleg kor fin den same plassen kan vere frå dag til dag.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Ikkje stress, du vil alltid ende opp der du skal vere til slutt. Stol på magefølelsen og gjer det du må gjere, slik at du kan gjere det du vil etterpå.
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk på vidaregåande skule i Stryn, der eg valde service og samferdsel.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde denne retninga fordi eg visste at det gav mange moglegheiter innan service og samferdsel.
Det var ingen spesielle som påverka valet mitt, men eg følte at det var rett for meg.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter to år på vidaregåande i service og samferdsel fekk eg læreplass på Rema 1000 i Nordfjordeid.
No er eg utdanna innan sal og service, og eg angrar ikkje på valet eg tok.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det kjekkaste med jobben min er at eg stadig møter nye folk. Nordfjord er flott på grunn av naturen og det gode samhaldet her.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Vel det du har mest lyst til!
Sander Kvalheim (23) gjorde som dei andre gutane, byrja på elektrolina etter ungdomsskulen. Men han ville heller jobbe med menneske.
Rådet til andre unge gutar er å velje ut ifrå eigne interesser framfor kva kompisane vel.
- Å jobbe med eldre er så mykje, mykje meir enn ”å tørke ræv”, som enkelte trur, fortel helsefagarbeidar Sander. Han er muntrasjonsrådet på avdelinga, han tøyser og skapar latter, og det er mykje humor hos dei som bur på Kulatoppen Omsorgssenter i Måløy.
- Om du ikkje er heilt sikker på kva retning du vil velje, får du heller teste ut litt ulike. Sjølv hadde eg toppkarakterar, men var så dritlei skule at allmennfag var uaktuelt. Som helsefagarbeidar er jobbmarknaden veldig variert, fortel han.
Sander var innom både miljøtenesta og heimetenesta som lærling.
Eit liv blant kvinner
Sander vaks opp på Flatraket med to systrer og ein bråte med jentesyskenbarn. Kanskje det er årsaka til at han trivst så godt på ein typisk kvinnearbeidsplass. Han forstår det motsette kjøn litt betre enn mange andre menn.
- Men damer er uansett ikkje lett å forstå seg på, ler han.
Etter nesten eitt år på helsefag, der han var mykje plaga med migrene, hoppa han over til elektro samstundes som han byrja å jobbe på Kulatoppen Omsorgssenter.
Då forstod han at det var menneske han ville jobbe med, ikkje leidningar. Han slutta på skulen, heldt fram med jobben samstundes som han tok eksamen i helsefag som privatist. To år seinare hadde han fagbrev, og han har aldri angra på valet.
- Ingen dagar er like, og dagane til bebuarane er avhengige av meg for å bli gode. Det er godt å kunne gjere ein skilnad i livet til folk, understrekar Sander, som alltid har interessert seg for menneske, både kropp og sjel.
- Det er eit godt arbeidsmiljø på Kulatoppen, og eg trivst med å vere hanen i høneflokken. Eg vert nok behandla litt annleis her enn på ein mannsdominert arbeidsplass. Eg seier ting som det er. Damer er oftare litt sånn... Han leiter etter dei rette orda, men finn dei ikkje. Litt typisk mann, kanskje? Dei eldre mennene på Kulatoppen er heller ikkje så pratsame alltid, men det hjelper ofte å snakke med ein ung mann.
Viktig jobb, kloke eldre
Det beste med jobben er å vite at han gjer ein skilnad. Han er ofte den som spøker og skapar stemning, gjerne litt på kanten.
- Det heng igjen frå gamalt av at nokre kvinner er litt skeptiske til å bli stelt av menn, men det plar gå seg til. Og eldre menn liker oss karane godt. Han meiner det er bra for ein del menn også å bli stelt av andre menn. Og ha ein manneprat.
Underbemanning er eit problem i helsevesenet i heile landet, men Sander tykkjer han får tid til å prate med bebuarane.
- Ein får ikkje gjort meir ved å stresse. Det er betre å senke skuldrane og ha det kjekt.
- Det er spennande å høyre korleis dei voks opp og meiningane deira. Dei nyttar det ikkje å endre på, så eg berre smiler og nikkar når dei seier ting eg er usamd i, ler han. Samstundes tykkjer han at dei ofte har ei smartare innstilling til mykje av det vi driv på med no.
”Det er eit godt arbeidsmiljø på Kulatoppen, og eg trivst med å vere hanen i høneflokken.”
Fridom nær naturen
Barndomen var fotball og båtliv.
- Fotball og turnus er ein dårleg kombinasjon, så det har vorte mindre av det.
- Eg har fiska mykje med bestefar, og elskar framleis å dra ut på sjøen med han, sjølv om det ikkje blir så ofte lenger.
Sander er ikkje tiltrekt av bylivet. Skal han vere ærleg, liker han best små plassar. Det er ein fridom å berre gå ut døra og opp på fjellet. Huskyen Akira er nok også samd i det. Det er ei tolmodsprøve å oppdra ein husky, men han har gjort ein god jobb der.
- Eg har berre høyrd han ule nokre få gonger, og det er når han drøymer, ler han.
Sander bur framleis på Flatraket i eiga leilegheit, og kjærleiken er litt av og på. Tinder er absolutt ikkje aktuelt. Han snuser litt på tanken om vidareutdanning, anten i sjukepleie eller paramedisin, det vil seie den første livreddande behandlinga til akutt sjuke eller såra menneske. Då vert det eventuelt studiar på deltid for å kunne jobbe mest mogleg.
- Så lenge eg allereie har fagbrev, gjer det ikkje noko om det tek eit år lenger å bli ferdig med ein bachelor.
Sander vart aldri elektrikar. Det vart derimot storesystera, medan litlesystera har valt same fag som Sander.
- Mamma og pappa har alltid støtta vala våre, så lenge ”vi gjorde eitkvart”.
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk vg1 Service og Samferdsel og vg2 Transport og logistikk.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg har alltid hatt ei sterk interesse for store køyretøy. Det starta med at eg var med pappa, som var bussjåfør, då eg var liten, og etter det fekk eg berre meir og meir interesse for transportbransjen og sjåføryrket. Både mamma og pappa støtta meg veldig i det karrierevalet eg tok.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter vidaregåande gjekk eg på eit 19 vekers kurs i Kaupanger. Her fekk eg førarkort for lastebil med hengar og opplæring i yrkessjåførkompetanse. Eg starta då som lærling hos Olsen Transport på Raudeberg. Her fekk eg prøve meg på langtransport, lokal transport, distribusjon og krokbilkøyring. Eg var også ei lita periode med Flåten Maskin i Stryn, der eg fekk køyre krokbil. Etter to år som lærling fekk eg fagbrev som yrkessjåfør. Når læretida var over, starta eg rett på ei ny læretid. Eg byrja då hos Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid, som lærling i logistikkfaget. Her fekk eg jobbe
med transportplanlegging av dører og vindauge frå fabrikken og ut til kundane. Eg fekk prøve meg på kontorarbeid og fysisk arbeid på lageret. Etter eitt år fekk eg fagbrev i logistikkfaget.
Eg fekk då to fagbrev på tre år, fordi eg fekk godskrive eitt år av læretida i logistikkfaget når eg hadde fagbrev i yrkessjåførfaget. No har eg akkurat starta i ny jobb hos Alvin Drage AS, som er maskinentreprenør. Her får eg prøve hjullastar og gravemaskin i tillegg til lastebilkøyring.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det kjekkaste med jobben min er at ingen dag er lik, og at eg har mykje fridom i arbeidskvardagen min.
Det beste med Nordfjord er naturen, alle dei kjekke folka og det solide næringslivet vi har.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Eg ville sagt til meg sjølv at eg ikkje må vere så redd for å snakke med folk og ikkje tenkje så mykje på kva andre meiner om meg. Ein må gå sin eigen veg og tørre å vere seg sjølv. Det er også utruleg mykje ein kan lære om ein tør å stille spørsmål, snakke med folk og vise interesse for eitt eller fleire yrke.
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk studiespesialiserande retning på vidaregåande.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
For min del var studiespesialiserande retning eit naturleg val då eg på det tidspunktet ikkje visste kva eg ville gjere vidare, og ville ha mange moglegheiter når eg skulle begynne å studere.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Eg utdanna meg til lege, og i dag har eg ein variert arbeidskvardag innan både klinisk arbeid og forsking.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det kjekkaste både med utdanninga og jobben min er at ein har uendeleg med moglegheiter; alt frå forsking og administrative jobbar til ulike kliniske spesialiseringar.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Ta val basert på dine eigne interesser og kvalitetar, ikkje følg ”flokken”. Vel ein veg med fleire moglegheiter, yrkeslivet er langt, og det er kjekt med fleire bein å stå på.
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
1. året helse og oppvekst, 2. året barn og ungdom, og 3. året påbygg.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde å gå barn og ungdom fordi eg er veldig glad i å vere med barn og unge, og har alltid hatt eit stort ønske om å få jobbe med nettopp barn og unge.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter vidaregåande tok eg fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og har deretter jobba i barnehage og på ungdomsklubben i Måløy.
Akkurat no er eg heime i mammapermisjon, men gler meg til eg skal tilbake i jobb i barnehagen når babyen min er blitt litt større.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det kjekkaste med jobben min er at ingen dagar er like, og at ein alltid blir godt tatt imot av mange søte små kvar dag.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Eg skjønnar at ungdomsskule-tida kan følast kjip, men det blir betre etter kvart.
Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk helse og oppvekst 1. året, og helsearbeidarfag 2. året.
Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde denne retninga fordi eg alltid har hatt lyst til å jobbe med menneske. Det stod mellom sjukeheim og barnehage, heilt til mamma tok helsefagarbeidarutdanning som vaksen. Då vart eg nysgjerrig og spurte mykje. Så valde eg å vere på sjukeheim i PRYO, og eg likte meg veldig godt.
Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Eg starta rett på læretida etter at eg var ferdig med 2. året. No er eg helsefagarbeidar i 100 % stilling på Kulatoppen Omsorgssenter, på demensavdelingane.
Kva er det kjekkaste med jobben din og det beste med Nordfjord?
Det kjekkaste med jobben er at ein aldri blir heilt utlært, eg lærer nye ting omtrent kvar dag. Vi har også eit veldig godt arbeidsmiljø, noko som gjer at eg gler meg til å gå på jobb. For min del er det beste med Nordfjord at eg har heile familien min her. Det var også litt det som spelte inn då eg valde utdanning, fordi eg ikkje ønskte å flytte vekk.
Om du kunne sagt ein ting til deg sjølv som 10.klassing, kva ville du sagt?
Eg ville sagt: ikkje legg for mykje press på deg sjølv. Ha tru på deg sjølv, fokuser på skulen, men hugs også å ha det gøy. Eg var veldig demotivert av skulen i 10. klasse, men prøvde å hugse at vidaregåande skulle bli betre, med fag som var meir relevante for meg.
TEKST: Marita Sundet Solheim
FOTO: Privat
Kaisa
Wemby (23), oppvaksen i Stryn med Vollsnes Feriehus, har utvikla ei djup lidenskap for reiseliv og kultur. Med erfaring frå både studiar og reiser, ønskjer ho no å fremje berekraftig turisme i Nordfjord, med fokus på ekte opplevingar og lokal kultur.
Kaisa har alltid vore fascinert av nye kulturar, menneske og stader, kvar med sine unike historier. Ho vaks opp på Hjelle i Stryn, der familien eig og driv Vollsnes Feriehus. Dette miljøet har gitt ho ei tidleg forståing av reiselivet si betydning, ikkje berre for økonomien, men også for samfunn og kultur.
Oppvekst og studiar
Frå ung alder har Kaisa vore involvert i familiebedrifta. Ho har også jobba på Hjelle Hotel sidan ho var 13. Denne erfaringa har vore viktig og har lært henne om serviceyrket og kva som skapar gode reiseopplevingar. Når ho skulle velje studieretning etter vidaregåande, var det difor naturleg for henne å satse på reiseliv.
- Det å vokse opp i eit miljø der vi tok imot reisande frå heile verda har hatt stor innverknad på meg, seier Kaisa. Under studiane fekk ho innsikt i korleis reiselivet kan vere ein kraft for positiv utvikling, både økonomisk og sosialt, for lokalsamfunna. Ho blei spesielt oppteken av berekraft og betydninga av å bevare både natur og kulturarv. Kaisa har lært at genuine opplevingar og respekt for kulturelle forskjellar er essensielle for å skape meiningsfulle reiser. God kommunikasjon med lokalsamfunnet er avgjerande for ein destinasjon sin suksess.
Minneverdige reiser
To av dei viktigaste stadene Kaisa har besøkt, er Sri Lanka og Cuba. Sri Lanka imponerte med sitt varierte landskap, frå frodige teplantasjar til majestetiske fjell og vakre strender. Ho blei djupt rørt av den gjestfridomen ho møtte blant lokalbefolkninga. Cuba, med sin rike kultur og nostalgiske atmosfære, ga henne eit anna perspektiv. Den fargerike kulturen og musikken i Havanna, kombinert med korleis cubanarane har bevart identiteten sin trass i politiske og økonomiske utfordringar, etterlet eit varig inntrykk.
- Desse erfaringane har ikkje berre utvikla meg som reisande, men også forma mitt syn på korleis eg ønskjer å utvikle reiselivet i Nordfjord.
Nordfjord som destinasjon
Kaisa har ei spesiell tilknyting til Nordfjord. Ho nemner spesielt den spektakulære naturen og den nære fellesskapskjensla. Ho har alltid vore stolt av heimbygda si og har eit sterkt ønske om å bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivet der.
”Med fokus på berekraft og lokalt samarbeid kan Nordfjord utvikle seg til å bli eit endå meir attraktivt reisemål.”
- Oppveksten har også vore prega av sport, spesielt fotball. Gjennom åra har eg spelt for aldersbestemte lag og seinare for Stryn sitt damelag. Dette har gjeve meg sterke vennskapsband og ei kjensle av tilhøyrsle til bygda.
Kaisa drøymer om å utvikle Nordfjord til ei berekraftig destinasjon for både nasjonale og internasjonale turistar. Ho ser for seg at heilårsaktivitetar, frå skikøyring om vinteren til fjellturar og vassport om sommaren, kan tiltrekke eit breitt spekter av besøkande.
- Den lokale kulturen, kombinert med unike naturopplevingar, gir ei særeigen oppleving som skil Nordfjord frå mange andre reisemål.
Nordfjord ein draum for ein som elskar friluftsliv og skikøyring, slik som Kaisa gjer.
tilbake til Nordfjord. Ei av dei viktigaste lærdomane er verdien av å sette pris på og ta vare på det unike ved kvar destinasjon.
- Eg har fått ei djupare forståing for kor viktig det er å bevare lokal identitet og kultur, og denne lærdommen vil eg alltid ha i tankane når eg jobbar med nye idear i reiselivet.
”Det at ein kan tiltrekke både skientusiastar og sommarturistar, gir ein ekstraordinær moglegheit.”
Ho meiner det er essensielt å utvikle tilboda på ein måte som tek vare på dei fantastiske ressursane i Nordfjord, slik at kommande generasjonar kan oppleve den urørte naturen. Kaisa ønskjer også å fokusere på å tilby genuine opplevingar der reisande får innblikk i lokal kultur, noko som skaper minneverdige erfaringar. For å tiltrekke internasjonale turistar meiner Kaisa at det er viktig å få fram kva som gjer Nordfjord unikt. - Eg ønskjer å vise fram den rike kulturen, dei imponerande naturopplevingane og dei livlege bygdene.
”Vi må framheve det merkverdige ved kulturen vår og dei fantastiske naturopplevingane.”
Kaisa trur at internasjonale besøkande søker ekte og særegne opplevingar, ikkje berre vakre landskap. Samtidig er det viktig å legge til rette for enkel tilgang og utvikle gode opplevingspakkar som legg til rette for ansvarleg reiseliv.
Med Kaisa i spissen ser Nordfjord fram til ei berekraftig og spennande reiselivsutvikling som både respekterer lokal kultur og natur, og inviterer besøkande til å oppleve det unike ved denne fantastiske regionen.
Visste du at som superlærling kan du velje mellom 40 lærefag her i Nordfjord?
Visste du at du kan finne tekstilar frå Innvik AS i Stryn i Operahuset i Sydney og på Broadway i New York?
Visste du at Bakehuset Tunold på Nordfjordeid leverer bakevarer frå Sunnmøre i nord til Sogn i sør?
Visste du at Øen Kuldeteknikk AS i Hornindal har levert kjøleanlegget til Oslo Lufthamn?
Visste du at Vendanor AS i Stryn utvikla automatar for propan og spylarveske for vindauge som i dag vert levert til heile ni ulike land?
Visste du at Brødrene Aa i Hyen er heilt i verdstoppen når det gjeld produksjon av elektriske hurtigbåtar?
Visste du at verdas grønaste datasenter, Lefdal Mine Datacenters, finn du i Nordfjord?
Visste du at Convene AS på Sandane fann opp betalingsautomatane som du finn på legekontora?
Magnus Rygg Storsletten møter mange spennande utfordringar i ein dynamisk bransje.
TEKST: Marita Sundet Solheim
FOTO: Øystein Torheim
BILDEREDIGERING: Trygve Solheim
Frå vidaregåande skule til ein ny kvardag i offshore-industrien, har Magnus Rygg Storsletten (24) teke strategiske val som har forma karrieren hans. Med solid erfaring frå lokale prosjekt og klare mål for framtida, møter han no spennande utfordringar i ein dynamisk bransje.
Naturleg val og to fagbrev
Overgangen frå vidaregåande skule til arbeid hos Brødrene AA skjedde raskt for Magnus.
- Eg byrja som lærling veka etter at eg var ferdig på vidaregåande, noko eg syntest var ein fordel, sidan eg kunne bruke dei første vekene før fellesferien til å komme i gang med rutinar. Då var det få spørsmål når eg kom attende etter ferien.
Valet om å ta fagbrev hos Brødrene AA var heilt naturleg for Magnus.
- Eg budde berre 300 meter frå verftet og har jobba der i feriane sidan eg var 15 år gammal, då saman med far min i plastringsarbeid.
Magnus har ikkje berre teke eitt fagbrev, men to.
- Eg tok fagbrev som industrimekanikar og sveiser, noko eg syntest var praktisk å ta rett etter kvarandre. Eg hadde eigentleg tenkt å byrje på fagskulen i 2020, men på grunn av covid-19 valde eg å vente eit års tid for å unngå nettundervisning når eg først skulle byrje å studere på heiltid.
Gjennomtenkt motivasjon for framtida Magnus hadde ein gjennomtenkt motivasjon for å vidareutdanne seg på teknisk fagskule i Bergen.
- Eg valde å ta fagskulen fordi det gir meg fleire moglegheiter i framtida. Mange vel fagskule når dei har blitt litt eldre, men eg tenkte det var lurt å ta det rett etter lærlingtida, slik at eg kunne bli ferdig med all utdanning medan eg framleis var ung. Frå teknisk fagskule har Magnus fått med seg mange nyttige erfaringar.
- Eg gjekk linja maskinteknikk. Der får du mykje betre innsikt i korleis industrien fungerer og kva som må takast omsyn til, alt frå HMS til marknadsføring, økonomi, prosjektleiing, engineering, produktutvikling og materialkunnskap. Lista er lang, men dette vil du raskt forstå om du vel maskinteknikk på fagskulen.
Arbeid i offshore-firma i Bergen
Magnus er no tilsett i eit offshore-firma i Bergen og har mange spennande arbeidsoppgåver.
- Eg jobbar for tida i Beerenberg, eit servicefirma innan olje- og naturgass. Eg har vore der i snart
eitt og eit halvt år som mekanikar på verkstaden i Bergen. Arbeidsoppgåvene mine har vore vedlikehald og klargjering av utstyr for Beerenberg før det blir sendt ut til prosjekta. Dette omfattar til dømes hydrauliske diamantwiresager, mobile maskiner og ultrahøgtrykksspylarar, forklarar Magnus.
Snart skal han starte i den mekaniske avdelinga i Beerenberg, der han vil arbeide i rotasjon mellom onshore- og offshore-installasjonar. Ifølgje Magnus ligg dei største utfordringane i offshore-bransjen i dei uføreseielege situasjonane som kan oppstå.
- Utfordringane vi møter, er ofte liknande dei du finn i andre bransjar; det skjer ting du ikkje har kontroll over, og ting kan gå gale på grunn av eksterne faktorar. Då er det viktig å halde hovudet kaldt, jobbe seg gjennom problemet og lære av hendinga.
Skule-KM i sveising og meisterskapsmedalje i sleggje Magnus har vunne fylkesmeisterskap i skulesveising. Førebuinga til konkurransen bestod av øving på ulike utfordringar ein kunne møte på.
- Etter at læraren valde meg ut til å delta i KM, måtte eg øve på dei forskjellige prøvestykka som truleg kom til å likne på dei ein fekk under sjølve konkurransen. Eg gjekk VG1 TIP (Teknologi- og industrifag) då eg deltok, og vann, smiler Magnus.
Erfaringane frå konkurransen har ikkje påverka yrkeslivet til Magnus i særleg grad.
- I arbeidslivet handlar det ikkje om å vere betre eller raskare enn kollegaene dine, men om å gjere ein god og trygg jobb saman.
I tillegg til skule-KM i sveising, har Magnus også oppnådd ein meisterskapsmedalje i sleggje. Sjølv om han har vore aktiv innan idrett, spelar det ikkje like stor rolle i livet hans no.
- No for tida driv eg ikkje så mykje med idrett. Eg slutta med sleggekast etter at eg byrja på vidaregåande. Då byrja eg med amerikansk fotball i staden, og heldt på med det ei stund medan eg gjekk på fagskulen. No for tida held eg meg i form med vekttrening og fjellturar.
TEKST: Marit Kjersti Bendz FOTO: henta fra marco.no
Mange unge mistar trua på seg sjølv, fordi systemet heile tida måler dei på andre ting enn kven dei er. Dei må kjenne seg viktige.
Marco Elsafadi er glad i engasjerte menneske, sånne som speler andre gode, som har hjartet utanpå skjorta, slik han sjølv har. Basketballspelaren, ungdomsarbeidaren, eldsjela, forfattaren, inspiratoren – lista er lang, også over alle prisane han har fått.
Så gode frø tidleg
- Mange unge har så lita tru på seg sjølv når dei byrjar som lærlingar, dei er redde for å vere i vegen. Nokon må fortelje dei at dei er viktige. Det er så små ting som skal til for at det mentale kjem på plass, seier han. Mange går seg bort i sine eigne tankar og hypotesar. Då må nokon seie dei at det ikkje er sikkert at alt dei tenkjer er like sant.
- Eg skulle ønske nokon fortalde meg det då eg var ung, seier palestinaren Marco, som sjølv vart fødd i ein flyktningeleir i Libanon. Faren jobba for Arafat i PLO. Via Tyskland kom han og familien til Norge for snart 40 år sidan.
Ver ei masekråke!
- Nokon ønskjer deg ein plass! Nokon masar: ”Kom igjen, bli med da!” Det er så viktig å mase, å vise at ein bryr seg, meiner han. Difor pendla basketballspelaren frå Bergen til Harstad i to år – fordi han stod øvst på ønskelista til supporterlaget Mjødberget. Han var ønska.
- Dei sjarmerte meg til Harstad, ler han. Slik han også er sjarmert av Nordfjord og imponert over folka i Nordfjordkompaniet, gutane og jentene på opplæringskontoret, initiativet til superlærling, som fortel ungdomane at dei er unike.
- Nordfjord er ein fantastisk plass, der alle er viktige for lokalsamfunnet. Eg har inga forankring nokon plass, hadde eg hatt band til Nordfjord, hadde eg garantert flytta attende, seier han entusiastisk. Der finn han folk med same ”draiven” som han sjølv har.
Foreldrekraft
I boka Foreldrekraft. Metoden som styrker relasjonen til barnet ditt gjev Marco gode verktøy for å skape eit nært og godt forhold til unge, anten det er ditt eige eller barn du er knytt til på andre måtar.
- Ver hjarteleg til stades i latter, leik, trøyst og samtalar. Slik gjev du barnet auka sjølvkjensle, tryggleik og tilknyting. Det er dette som er foreldrekraft, seier forfattaren.
Det handlar om å møte kjenslene til barnet på ein god måte og byggje tillit gjennom trygg dialog. Då vil barnet kjenne seg elska og verdifullt, og kome til deg når det verkeleg gjeld.
- Kvart einaste minutt, der du syner interesse og nærleik, styrkar relasjonen. Set av tid medan du kan, det er ei viktig og god investering for framtida, meiner Marco.
Unify og Nordfjord
For nokre år sidan vart Marco hyra inn til å halde eit foredrag på Bjøråsen ungdomsskule i Groruddalen. Det vart arrangert open skule for dei som ikkje reiste bort i haustferien. Her møtte han eldsjelene og initiativtakarane Jonas Halmrast og Soufiane CarlsenHamoud. Saman med dei starta han Unify Norge i 2020. Den ideelle stiftinga har i dag hovudkontor i Lørenskog. Dei 20 tilsette jobbar førebyggjande og framtidsretta med ungdomsgrupper gjennom faste aktivitetar og miljøterapeutisk oppfølging. Målet er å skape trygge og meiningsfulle møteplassar der ungdom kan utfalde seg sosialt i samspel med jamaldringar, og byggje gode nettverk i regi av trygge vaksne.
I tillegg tilbyr Unify individuell oppfølging av ungdom med samansette utfordingar, i samarbeid med foreldre, skule, barnevern og andre aktørar.
- I Unify finn du dei same karaktertypane som gjengen i Nordfjord. Dei er ærlege. Ungdom veit kven som lyg og kven som snakkar sant.
Kva skjer no?
- Mange ungdomar er urolege no. Naboland er i krig, Nato må ruste opp fordi Russland utgjer eit trugsmål. Det er viktig å snakke med dei om denne urolege verda, elles lagar dei si eiga forklaring, seier han alvorleg. Ungdomane lurer på kva som skjer, og kvifor verdssamfunnet ikkje kan stoppe desse krigane. Dei følgjer med på andre medium og plattformer enn vaksne, og er flinke til å oppdatere seg.
- Du veit, krigen i Midtausten har faktisk vart i 75 år, den har berre blussa opp att. Norge har teke eit tydelegare standpunkt no, men vi er jo allierte med USA, den største bølla i verda, som lett kunne stoppa den gale Netanyahu. Så det er krevjande for Støre og Barth Eide for tida, seier han ettertenksam.
Ein rotlaus bergensar
Marco opplever ikkje at den aldersgruppa han jobbar med vert meir radikaliserte. Det kjem først seinare, blant frustrerte, unge vaksne som ikkje har fått til liva sine. Dei treng noko eller nokon å leggje skulda på.
Han påpeikar at høgreekstremisme har vore ein del av ungdom i mange tiår, det blussar opp av og til, slik krigen gjer i Midtausten. Den rotlause palestinaren tykkjer ungdom i Nordfjord er heldige som veks opp med vaksne som tek vare på dei.
- Eg kjem gjerne dit igjen. All ære til Nordfjordkompaniet, der fleire gode krefter har slått seg saman for å ta best vare på ungdomane sine. Slikt gjer at mange av dei vil kome attende, kome heimatt.
Til ungdomen vil Marco seie: ta vare på folk rundt deg og spel dei gode.
- Bli eit bra menneske som andre trivst i lag med. Men hugs å ta godt vare på deg sjølv oppi alt. Då kjem livet til å ordne seg.
Utdanningstilbodet er stadig i endring, og det dukkar opp nye retningar, nye tilbod og nye namn. At ungdommen er forvirra, usikker og overvelda, redd for å velje feil? Heilt naturleg. At de foreldre er forvirra? Også heilt naturleg. For kva er eigentleg det viktigaste å tenkje på når det gjeld utdanningsval?
Vi har teke ein prat med to av superrådgivarane i Nordfjordkompaniet, Kjetil Svarstad og Leiv Johnny Endal. Ein samtale alle tiandeklassingar og foreldra deira truleg kan dra nytte av!
Den første livskrisa?
Det er ikkje til å komme forbi at moglegheitene kan kjennast uendelege. Kva vil du? Kvar vil du? Kva skal vennene dine? Skal du ”følgje på” eller velje din eigen veg? Det er mange tankar som melder seg hos ungdommen. Ein kropp i endring, meiningar som endrar seg ”kvart minutt”, drama i vennegjengen, den første kjærleikssorga, hormona.
Alt dette i tillegg til det som kan kjennast ut som eit av dei første store vala i livet. Totalpakken kan vere altoppslukande, og følelsen av at dette er den første livskrisa, er ikkje uvanleg.
- Det er viktig at foreldra lèt ungdommen kjenne på dette og godtek at for dei er dette eit reelt problem som ikkje berre kan feiast under teppet. Foreldra må ta det på alvor, ikkje snakke det vekk som om det var ingenting, seier superrådgivarane.
Stol på magekjensla
- Kva skal ein eigentleg følgje når det gjeld studieval –magekjensla, hjartet, hovudet? Magekjensla, hjartet, eller begge to, seier Leiv Johnny og Kjetil. Magekjensla er ein indikasjon på at det er rett for deg, så våg å kjenne på den.
Våg å stole på magekjensla, saman med hjartet, nok til å ta dei vala som gagnar deg best. Om det skulle vere å satse på musikklinja på Sandane eller gå saman med kompisane på maritim i Måløy, så gjer det.
”Du kan bli akkurat det du vil”, er det mange som får høyre, og vi veit det ofte kan gjere valet vanskelegare. Moglegheitene kjennest tallause, og presset til å velje rett desto større. Fokuser på kva som er rett for deg, kva akkurat du har lyst til. Berre hugs at kombinasjonen av skuletilbod og næringsliv i Nordfjord er så å seie ein uslåeleg duo, poengterer superrådgivarane.
- Ungdommane som veks opp i Nordfjord, er rett og slett utruleg heldige, seier Kjetil.
Rom for prøving og feiling
Som forelder er det verdifullt å sjå tilbake på eigne val og erfaringar. Kvar står du i dag, og kva rolle spelte valet om vidaregåande utdanning for å kome dit?
Gjekk du den såkalla rette linja? Blei du elektrikar, sjømann, kokk eller musikar?
Poenget er at valet tiandeklassingane står framfor no, ofte kjennest stort og avgjerande for dei, sjølv om det ikkje nødvendigvis er slik i lengda. Om dei vel dans, studiespesialiserande, helse eller service, har det i det store biletet ikkje så mykje å seie for moglegheitene deira vidare. Skulle dei oppdage at dei har valt feil og må starte på nytt, så støtt dei i det valet og møt dei med forståing.
Gje dei rom til å prøve og feile, kjenne på meistring og vekse som menneske. Gjennom slike erfaringar blir dei betre kjende med eigne styrker og kan byrje å utvikle dei. Uansett kva veg dei vel, vil dei på denne måten kome eit steg nærare det som til slutt vil vere rett for dei.
Av val kjem alltid lærdom
Bodskapen frå Leiv Johnny og Kjetil er klar og tydeleg. Det er umogleg å velje feil. Av val kjem alltid lærdom, sjølv om det til tider kan kjennast skummelt, stressande og uoverkommeleg.
Om du føler at du har valt feil og vil starte på nytt året etter, kva har det å bety i den store samanhengen? Eit ekstra år på skulebenken? Eit ekstra år med lærdom? Kva er feil i det? Uansett kva du vel, og korleis valet utspeler seg, vil du alltid bli ei erfaring rikare, påpeiker superrådgivarane.
Vegen blir til mens du går Åra på ungdomsskulen kan vere tunge, og motivasjonen for å gjere noko vidare kan vere laber. Sjølv visste ikkje Leiv Johnny kva linje han skulle velje før kvelden før fristen.
Den dåverande rektoren tipsa han om at elektro var framtida. Leiv Johnny lytta til tipset og søkte seg inn på elektrolinja. Lite visste han då at han sjølv skulle jobbe som lærar på same linja og seinare ha Kjetil som elev.
Trass i to svært ulike vegar tok dei på eit tidspunkt same avkøyringa og utdanna seg til lærarar. Kven hadde trudd at det å gå elektrolinja skulle føre til utdanning innan læraryrket, og at dei seinare skulle ende opp med jobb som superrådgivarar i Nordfjordkompaniet? Ikkje Leiv Johnny og Kjetil, i alle fall. Det seiest at vegen blir til medan du går, og det er Leiv Johnny og Kjetil særs gode døme på.
1. Lytt
Lytt til ungdommen på deira premissar. Snakk med dei når dei er der mentalt, ikkje berre når du er der.
2. Hjelp
Hjelp ungdommen å finne si superkraft, og hjelp dei med å bli klar over sine sterke sider, talent og interesser og å avdekkje kva dei er gode på.
3. Støtt
Ver støttande i vala dei tek, uansett kva det er. Ver heller med i ein god prat om valet der du sikrar at valet er gjennomtenkt.
Topp tre for frustrerte foreldre
Som forelder ønskjer ein alltid det beste for ungdommane sine, og det kan vere fortvilande å sjå dei uengasjerte eller umotiverte. Det er ikkje alltid lett å vite kvar ein skal begynne eller kva som er den rette måten å motivere dei på.
Leiv Johnny og Kjetil understrekar at foreldre ikkje må nøle med å søkje råd på vegner av ungdommen sin.
- Det kan vere freistande å seie: ”Viss eg var deg, ville eg ...” og gje råd basert på eigne erfaringar og intensjonar, seier dei. Men dette kan ofte føre til det motsette av det ein ønskjer, ved å skape avstand og skyve ungdommen lenger vekk.
Difor er det viktig å bruke påverknadskrafta di klokt. Sjå ungdommen for den dei er, og ta omsyn til kva dei sjølve ønskjer og drøymer om.
Superrådgivarane har delt tre gode tips til frustrerte foreldre – råd som kan gjere det litt enklare å starte den viktige samtalen om studieval og framtida.
Til tiandeklassingen
Valet du står overfor no, kan kjennast stort og usikkert, det veit vi. Vit at du aldri står åleine, sjølv om det kan kjennast sånn nokre gonger. Det er lov å spørje om hjelp, spørje om råd og rettleiing.
”Lytt til erfarne fjellfolk”, våg å gjere det som kjennest rett for deg, og ha det kjekt på vegen.
Ver heller ikkje redd for å ta nokre u-svingar på vegen, du kjem deg alltids fram til slutt. Dessutan er Nordfjordkompaniet berre ein samtale unna, og superrådgivarane slår gjerne av ein prat eller to dersom du ønskjer det.
Ha det kjekt, skryt av kvarandre og tør å tenke stort.
Det kan umogleg slå feil!
Visste du at Nordfjordkompaniet kan hjelpe deg med å finne jobb i Nordfjord - heilt gratis?
Visste du at alle smarttelefonar i verda har 2 gram silisium frå Bremanger i seg?
Visste du at i Nordfjord kan du stå på ski og surfe på ein og same dag?
Visste du at Malakoff i Nordfjord er ein av landets mest populære musikkfestivalar?
Visste du at Norges lengste akebakke finst i Loen og er heile åtte km lang?
Visste du at Ervik Havfiske er verdas største autoline-reiarlag?
Visste du at Barcode i Oslo er bygd med vindauge frå Nordvestvinduet i Almenningen?
Visste du at Europas høgaste sjøklippe, Hornelen, finn du i Bremanger?
Helsesjukepleiar Hilde Nordnes møter ungdomens utfordringar med open dør og trygge råd.
Hilde Nordnes (35) er helsesjukepleiar ved Stryn helsestasjon og skulehelseteneste, og møter dagleg barn og unge som ønsker støtte i kvardagen. Gjennom trygge samtalerom jobbar ho med å støtte ungdom i normale utfordringar i ungdomstida. Målet hennar er å vere ein trygg vaksen dei kan snakke med.
Hilde jobbar som helsesjukepleiar ved Stryn helsestasjon og skulehelseteneste. I det daglege jobbar ho blant anna med oppfølging av nyfødte barn og småbarnskontrollar. Ein stor og viktig del av jobben hennar er også oppfølging i skulehelsetenesta, der målet er å vere ei støtte for elevar, lærarar og foreldre.
- Eg er også ein del av teamet på HFU (helsestasjon for ungdom), som er eit gratis drop-in tilbod for ungdom i alderen 13–20 år. Her kan ungdom stille spørsmål om det meste, og få rettleiing innan seksuell helse, prevensjon og psykisk helse.
Omsorg for born og ungdom
Hilde har alltid trivst godt i yrket som sjukepleiar, der ein får moglegheit til å gjere ein forskjell for menneske i ulike sårbare situasjonar. Etter ho vidareutdanna seg som helsesjukepleiar, har ho sett kor stor verdi det har for mange å kunne ha ein ”lufteventil” der ein kan dele tankar og kjensler ein har inni seg.
- Ungdom er reflekterte og kreative, og det gjev meg glede og motivasjon i arbeidet der eg kan bidra med å vere ein tryggleik og støtte i ei ungdomstid som til tider kan opplevast overveldande.
Gjentakande tema og utfordringar blant ungdom
Nokre av dei største utfordringane Hilde ser at ungdom står overfor i dag, er press frå sosiale media og auka prestasjonskrav, både sosialt og på skulen.
- Ungdom kan føle seg vurdert og samanlikna, noko som kan føre til tankekøyr og låg sjølvkjensle, seier Hilde. Ho påpeikar at ungdom i dag møter press frå mange arenaer, noko som gjer det vanskeleg å ta sjølvstendige val. Nokre kjenner på utanforskap og vel å ”følgje straumen” i staden for å lytte til sine eigne ønskjer. Skilnaden mellom det ein ser på sosiale media og i verkelegheita kan skape usikkerheit og ei kjensle av mangel på tilhøyrsle. Fleire ber på desse tankane åleine og tykkjer det er vanskeleg å snakke om, både med venner og foreldre.
- Nokre ungdomar kjenner på usikkerheit rundt identitet og si rolle i vennegjengen, og dei leitar etter ro. Dette er normalt i ungdomstida, og det brukar eg tid på å formidle til dei, seier Hilde.
Ho fortel også at fleire ungdomar føler stress over å rekke alt, som skule, lekser, aktivitetar og sosiale plikter, noko som påverkar deira psykiske helse.
På spørsmål om mønster i korleis ungdom handterer utfordringar som mental helse og press, seier Hilde:
- Ein tendens er at ungdom enten trekk seg unna og isolerer seg, eller søker støtte på sosiale media og i sosiale grupper. Nokre tek kontakt med helsesjukepleiar eller andre vaksne, medan andre handterer stress gjennom sjølvforbetring, eller utviklar negativ åtferd.
”Eg ønsker å formidle eit friskt fokus til ungdomen og normalisere utfordringane dei går gjennom.”
Forskning og innsikt
Forsking viser at sosiale media kan auke psykiske plager blant barn og unge. Det digitale livet kan skape ei kjensle av einsemd, men på den andre sida kan det også gje ei kjensle av tilhøyrsle.
- Eg prøver å vere bevisst på korleis sosiale media kan påverke ungdomen sitt sjølvbilete negativt, og hjelpe dei til å utvikle sunne vanar og eit meir realistisk sjølvbilete.
- Ungdata-undersøkinga er eit relevant hjelpemiddel då vi får innsikt i korleis ungdomane i kommunen har det, og eg brukar dette vidare i arbeidet. Forskingsbasert kunnskap om fysisk, psykisk og seksuell helse er også relevant i samtalar med ungdom, og eg nyttar det i rådgjevinga eg gjev.
Støtte og tiltak for ungdom
På spørsmål om korleis samfunnet kan støtte ungdom på best mogleg måte, har Hilde nokre forslag:
- Det er viktig å skape trygge arenaer der ungdom kan vere seg sjølv utan frykt for å bli dømt, både digitalt og i det verkelege liv. Dette kan vere på fritidsaktivitetar og sosiale møteplassar, kor det er tilgjengelege, trygge vaksne. Målet med desse arenaene er at ungdom kan få utvikle vennskap og bygge gode relasjonar. Vi må jobbe for at ungdomen skal kjenne tilhøyrsle og føle seg inkludert.
- Det å ha gode relasjonar til vennar og familie kan gjere det lettare å tole motgang og omveltingar seinare i livet, seier Hilde.
- Ei anna støtte kan vere å involvere ungdom i forum (t.d. ungdomsråd) der dei kan ytre sine meiningar og synspunkt, og oppleve forståing og bli høyrt, legg ho til.
Bidrag og problemstillingar i jobben
- Eg opplever at mitt viktigaste bidrag er å sette av tid, lytte, vere ein støttande og solid vaksen som ungdom kan vende seg til. Dersom ungdomane kjenner seg forstått og vi har skapt ein trygg relasjon, har vi eit godt utgangspunkt for å jobbe vidare med det som er
utfordrande. Saman kan vi finne gode løysingar. Eit godt samarbeid med foreldre og skule kan ofte skape betre resultat, enn det ein kan få til enkeltvis.
Den største problemstillinga, i følgje Hilde, kan vere å nå fram til ungdom som ikkje kjenner seg klare til å snakke om det dei opplever som utfordrande.
- Då brukar eg tid på å bli kjent og forsøker å skape eit trygt rom der dei kan føle seg komfortable med å dele. Ei anna utfordring vi kan oppleve er at ressurstilgangen er avgrensa, og det kan vere lang ventetid for å få hjelp.
Gode råd
Hilde har gode råd til andre som ønskjer å jobbe med ungdom og løyse problemstillingane som ofte oppstår blant dei:
- Vi må vere tilgjengelege der ungdomen er og sette av tid når dei ønsker å prate. Ein dagleg samtale rundt middagsbordet om korleis dagen har vore, og anerkjenne kjenslene dei har. Det er også viktig å forstå at ungdom møter eit heilt anna sett med utfordringar i dag enn tidlegare generasjonar. Vi må vere fleksible og kunne tilpasse oss til kvar enkelt sin situasjon, samt jobbe for å skape ei trygg og støttande atmosfære der ungdom kan føle seg høyrde og respekterte.
Gode vennar og relasjonar er viktig for å takle kvardagens stress og press.
VGS
EID VGS
MÅLØY VGS
EID VGS