Hm til issuu

Page 12

and the glacier. Mellom Sunnhordland sin skjærgard og Hardanger sine frukthagar, har vi mykje av alt! Alt det andre ynskjer å oppleva. Eg har spurt eit knippe aktørar som alle dagleg jobbar med turisme i lokalområdet. Dei bedriftene som er presentert i artikkelen er alle kundar i SpareBank 1 SR-Bank og har på kvar sin måte fått erfare utviklinga i bransjen. Hotella er gode eksempel på verksemder som i lang tid har evna å tilpasse seg ein krevjande marknad. - Er vi klare til å ta imot dei? Eg spør Laila og Sjur Langesæter i det nye selskapet Rosendal Event. - Vi er klare, seier dei to i kor. I alle høve har vi investert masse av eigne midler, og brukt mykje tid på å finna ut av utruleg mange utfordringar. Her er mykje upløygd mark, for å seie det slik. Vi manglar det meste innan marknadsføring på dei fleste område. Det hjelper ikkje med verdens beste opplevingar, utan at dei vi ynskjer å oppleva dette saman med, veit om oss. Kvar vi er, og korleis dei kjem seg hit! Vi kan tilby fantastisk natur, rike kulturopplevingar. Utfordringane er å fortelja dei som ynskjer å oppleva alt dette, kvar vi er, kven vi er og kva vi kan tilby. Den andre store utfordringa vi har er eit samarbeid mellom alle aktørane, slik at vi samla kan dra i same retningen, utfylla kvarandre og gjera oss meir attraktiv for fleire. Ove Hillesland på Rosendal Turisthotell, ser mange positive trekk i dette biletet no. Samarbeidstanken mellom dei ulike reiselivsaktørane i Rosendal har modnast, og Ove trur på eit framtidig godt samarbeid, eit samarbeid som hotellverten meiner alle no vil ha. - Skal vi få ting til, er samarbeid ein viktig byggestein. Vi må marknadsføra kva vi har å tilby, til dei som ynskjer slike opplevingar.

Vi må marknadsføra infrastrukturen, fortelja kvar vi er og korleis du kjem deg hit. Baroniet Rosendal - Når dei er her, så er det viktig å vera klar over mekanismer for at dei skal bli lengst mogleg og leggja att mest mogleg penger. Ein turist ser det han blir vist. Ein reisande ser det han vil sjå. - Eg trur på ei tredobling av besøk innan 2020. Då må vi ha lengre sesong, vi må gi dei som kjem eit godt opphald, la dei få ta del i dei gode lokale opplevingane. Arne Havnerås er sjølvaste hotellkongen i Rosendal. Heilt sikkert verten som har gjeve flest besøkande til bygda husly og mat. Han og ser nye trendar, og at vi er midt i smørauga når det gjeld aktivt friluftsliv som mange no søkjer etter. Havnerås på Rosendal Fjordhotel er meir enn klar for eit godt samarbeid innan reiselivet i Rosendal. - Dette er eg positiv til, og er sikker på at vi har eit stort potensial. Aller viktigast er kanskje dette med å utvida sesongen. Aktiv ferie i Rosendal må ikkje vera om sommaren. Fjorden, fjella og ikkje minst alle dei flotte turområda kan nyttast heile året. Alt opphald på fjorden og i naturen elles må heile tida tilpassast været. Men i trygge former er alt slags vær ei god oppleving. Vi marknadsfører oss ikkje med sol og varme, det kan andre levera betre. Kvalitetane vi tilbyr, fjoren, fjella, fossen, fonna, naturen, roen, er det ikkje mange andre som har maken til. Skal vi lukkast med å utvikle næringa, treng vi positive politikarar som legg gode rammevilkår, og ikkje minst gode samarbeidspartnerar innan økonomi, som kjenner aktørane og forstår kva næringa treng av rådgiving og finansiering.

12

Kyrkje frå 1200-talet Folgefonnsenteret Kunstgalleri Nasjonalparken Verna vassdrag Kort veg til Trolltunga Kortaste vegen frå Flesland og Bergen er via Rosendal Møsevatn, med padling til brekanten Fjellklatring i Ulvanoso Kajakkpadling - rullestol - fisking Mange T-merka stiar Utruleg med alternative turar i alle vanskar På ski - toppturar Jakt - Fisking - Fjordturar Oppleving av stillhet og ro - for mange er det eksklusivt.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.