Hardangerfjordmagasinet nr 3 2021

Page 29

ULLENSVANG Ekte

Ordførar Roald Aga Haug er øvste sjef i kommunen som no skal leggja til rettes for å vidareføra kvalitetane i Friluftshovudstaden Ullensvang.

Synleg Berekraftig Inkluderande Attraktiv

Den største industri-investeringa i fastlands Noreg er sjølvsagt heilt fantastisk, men set likevel krav til dei som skal leggja til rettes for at investeringa på 7 milliardar skal bli vellukka. Ullensvang og Roald skal og ta mot kanskje meir enn 1000 gjestearbeiderar på det meste. Dei skal ha mat og ein stad å bu. Seinare skal alle dei ny-tilsette på Boliden og i andre bedrifter ha ein permanent stad å bu. Industrien i Ullensvang er på veg inn i blømande tider. I tillegg blømer frukt og siderbransjen i sterk aukande grad. Noko som og fører med seg at turistnæringa vil auka mykje. Skal dette bli ei god oppleving for alle må mykje infrastruktur betrast og mange ting må leggjast til rette slik at å vera i Ullensvang og Hardanger blir ei god oppleving. Vi kjenner på ansvaret, seier Aga Haug, men eigentleg er det berre luksusproblem. Fyrst og fremst er dette ein enorm sjanse for oss og framtida. Vi må berre gripa den med begge hender.

FOTO: GUNN ELTON

Her kan du lesa kva ordføraren sjølv, Roald Aga Haug tenkjer om framtida, utfordringane og ikkje minst moglegheitene.

NÆRINGSLIVET I ULLENSVANG Det er stor skaparlyst og gjennomføringskraft i det private næringslivet i regionen. Me ser dette særleg godt innanfor landbruk/sider, industrien og reiselivet. I slike tider er det viktig at kommunen kan jobbe godt med tilrettelegging. Dette gjeld sjølvsagt innanfor dei kommunale tenestene, men òg i høve planlegging og tilrettelegging av areal og infrastruktur. I desse dagar ser me eit stort trykk på bustadmarknaden. Difor jobbar me aktivt med å få klarert areal for vidare bustadbygging. Den positive utviklinga gjer det ekstra motiverande å jobbe i kommunen. Me har medvind når me no saman utviklar og bygger nye Ullensvang kommune. Kristian Bondhus-Jensen Kommunalsjef for kultur, næring og samfunn HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 3 2021

I

29


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.