INNGONGSPARTIET LEVNER INGEN TVIL, HER GÅR ME FLEIRE TIÅR ATTENDE I TID. TELEVERKETS LEGENDARISKE TELEFONKIOSK, MED SUMMETONE!
Ynskjer du å invitera gode vener til ein hyggjeleg samankomst? Mimra om «gamle dagar», medan ei vinyl-plate snurrar i bakgrunnen? Hardanger Retro har plass til 30 gjester, ta gjerne med deg det du ynskjer av mat og drikke. Vil du koma til «duk og dekka bord», leverer Barmen maten. Alt frå fingermat og buffet til eksklusiv tre-rettars, basert på lokale råvarer. Ta kontakt med Hardanger Retro for meir informasjon og tilbod. Frå Hardanger Retro kan du velja gåturar i alle variantar. Ein tur innover flate Strandadalen høver for alle. Prøv gjerne fiskelukka i elva, ein sprøsteikt småaure, på eit lite bål ved elvebreidda, er utsøkt idyll. NB! Husk brannvets-reglar.
ÅPNINGSTIDER Man- Fre 16.00 - 20.00 Lør-Søn 12.00- 20.00 Besøk utanom åpningstider ta kontakt for avtale Asbjørn Skogasel as@linetech.no mobil 99 207 208 BESØKSADRESSE Strandadalsvegen 131 5630 Strandebarm RØDE KORS KRONEAUTOMAT
LEGENDARISKE VEKEBLAD, I ALLE KATEGORIAR
Ein annan lett variant er å fylgja skilt til jettegrytene. Etter ti-femten minuttars roleg gange står du på utsiktspunktet med flott utsikt til bygda og fjorden. Fleire stølar omkransar Strandadalen. Kytingen, Aksete, Skår, Dalsete, Grønli og Holseter er fine mål for dagsturar. Kontakt gjerne Hardanger Retro for meir informasjon. For topptur-entusiasten er Kråkenos (814 moh) eit populært mål. Her er det vidt utsyn i alle retningar, mot Strandebarm, Hålandsdalen og den majestetiske Tveitakvitingen. 6
I
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2022
WURLITZER JUKEBOKS
@hardangerretro
TEMPO STANDARD MOTORSYKKEL, 1953-MODELL