Hardangerfjordmagasinet nr 1 - 2022

Page 48

Utne hotel OG JEPPE PÅ BIERGET

Visste du at Utne hotel og Jeppe på Bierget er 300 år i år? Og at begge har bakgrunn i den store nordiske krigen? Lat meg fortelja. Krigen som slutta i 1720 var ein økonomisk katastrofe for kong Fredrik 4. Statskassen var botnskrapa for skilling og det militære befalet fekk difor aller nådigst vertshusløyve som løn og takk for innsatsen. TEKST: GUTTORM A. ROGDABERG - ALLE FOTO: IDA MARIE SKEIE

I komedien til Ludvig Holberg høyrer me at Jeppe og vertshushaldaren Jakob skomakar, var krigskameratar. I den same krigen som sersjant Peder Larsen Børsem. Han som fekk det fyrste vertshusløyve på Utne i Hardanger den 29. oktober 1722. Løyvet var på livstid, men like til i dag har Utne Hotel ubrote gjeve mat, drikke og huslyd til reisande. Utne var i lange tider einerådande med slikt tilbod i fjorden. Gjestebøkene kan gjennom 300 år fortelja at her kom både kjende og ukjende, og mange prisar hotellet som eitt av dei aller beste losji i heile landet. Kanskje eit resultat av at her sto det dyktige kvinner bak? Blandt anna Mor Utne (Torbjørg Johannesdatter Utne), som styrde hotellet med stø hand i 70 år! Eilif Petersen måla henne og orginalmåleriet heng i dag i Nasjonalgalleriet. Ein engelsk konsul skriv: "dette er det beste quarter i landet". Målaren Adolp Tidemand var: "meget tilfreds", og Ole Bull skriv at: "her er et hav

av gode Sager". Den som løftar arven etter Mor Utne er Gurid Larsdatter Aga, som var gift med overrettssakførar Lars Aga. I deira tid vart hotellet utvida blandt anna med nytt kjøken og den sers vakre matesalen, teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker. Den som kom til å føra hotellarven vidare etter dei var dottera Birgit Hildegun Aga Blokhus. Med solid hotellutdanning og sterk sans for tradisjonar og kvalitet kom hotellet i dei beste hender. Ho evna oppgåva å samordna den gamle hardingkulturen og moderne hotelldrift. Alltid til stades for gjestene, og i bunad og skaut vart ho den beste representant både for hotellet og Hardanger. Standaren var sers høg. Nystrokne kvite dukar og kaffi frå sølvkanner. Ikkje rart at kongelege både frå inn og utland fann vegen. Hotellet fekk blandt anna bad på alle rom, ei stor utfordring i ein gammal ærverdig historisk bygning og hotellet vart med i kjeda "Historiske hotel".

Vi gratulerer Hardangerrådet iks 48

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2022

Kring århundreskiftet såg det mørkt ut for mange av desse kulturhistoriske hotella. Fleire av dei brann opp, andre vart strippa for verdiar. For å berga Utne hotel vart det oppretta ei stifting då Birgit Hildegun Aga Blokhus gav seg som hotelleigar. Seinare vart hotellet selt til Sjur Kjell Haustveit. Hotellet gjennomgjekk då ei omfattande restaurering og står i dag fram som ei unik freda historisk perle. Med den nye eigaren Margaret Hystad kom Utne hotel atter i kvinneleg varetekt og er klar for nye hundreår som formidlingsstad på høgste nivå for norsk og hardangersk kulturarv. "Singot" seier Jakob skomakar når han ynskjer Jeppe alt godt på ferda. I dag seier me: Lukke til vidare. Singot: Plattysk forkorting av "Signe gud deg på ferda".

Ullensvang Kommune


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.