Vindkraftbrosjyre

Page 1


Vindkraftutbygging i Modalen?

Ved kommunevalet i 2023 programfesta Samlingslista og

Solrenningslista at spørsmålet om vindkraftutbygging skulle takast opp som tema i ei rådgjevande folkerøysting.

Folkevalde frå begge listene har samarbeidd om å utarbeida dette dokumentet. Vårt mål er å presentera faktabasert informasjon om dei tema vi tek opp. Vi har lista opp kjeldene til slutt for dei som ynskjer å lese meir.

Dette informasjonsskrivet og Norsk Vind sitt komplette planinitiativ finn du også på Modalen kommune si heimeside, https://www.modalen.kommune.no/artikkel/vindkraft.

Der er det oppretta ei temaside for å sørge for at all informasjon om prosjektet skal være tilgjengeleg for innbyggjarane.

Kort om planprosess

Med verknad frå 01.07.23 vart handsaming av søknader om vindkraft på land endra. Endringa gjeld både plan- og bygningslova og energilova. Det er innført krav om områderegulering og vindkraftkonsesjon.

Områderegulering skal handsame det overordna arealspørsmålet om lokalisering av vindkraft, medan det i tillegg er krav om vindkraftkonsesjon for å kunne etablere og drive vindkraftverk.

Modalen kommune må fyrst ta stilling til om me ynskjer å gå vidare med planinitiativet til Norsk Vind.

Dersom kommunen seier ja til å starte opp planarbeidet parallelt med at NVE startar konsesjonsbehandling, følgjer ein prosess der planarbeid og tingingar om utbyggingsavtale skjer parallelt.

Kva er ein utbyggingsavtale?

«Ein utbyggingsavtale er ein avtale mellom kommunen og grunneigar eller utbyggar om utbygging av eit område som har sitt grunnlag i kommunens planmyndigheit etter plan- og bygningslova, og som gjeld gjennomføring av kommunal arealplan.»

I planinitiativet står det:

«Selve utbyggingsavtalen foreslås utarbeidet parallelt mens prosjektet utredes. Endelig utbyggingsavtale signert av Tiltakshaver vil foreligge kommunestyret før kommunen fatter et endelig planvedtak.»

Kommunen kan ikkje inngå bindande utbyggingsavtale før arealpan for det aktuelle området er vedteken.

Jf. pbl § 17-4 5. ledd.

Oppsummering av Norsk Vind sine planar i Modalsfjella

Norsk Vind ynskjer å byggja eit vindkraftanlegg med ca. 100 vindturbinar i vårt høgfjellsområde frå grensa mot Alver i sør og nordover mot Vardadalshytta fram til 420 kV-linja frå Steinsland til Haugsvær, langs grensa til Masfjorden.

Planområdet ligg mellom 700-1200 meter over havet.

I planområdet er Skjerjavatnet regulert til vasskraftproduksjon.

Planområdet er 55 km² stort. Det vil seie litt i overkant av 1/7 del av landarealet i Modalen kommune.

Nøkkeltallforprosjektet

Planområde:

55km2

Turbinhøgde:

220meter

Høgdeoverhavet:

700-1200meter

Rotordiameter:

170meter

Infrastruktur og tilkomst

Eksisterande veg opp Hellandsdalen skal oppgraderast og nyttast som tilkomstveg. Ny anleggstunnel 1 km nord for Bleidalsstølen skal erstatta hårnålssvingane aust for Bleidalen.

Langs tilkomstvegen til Hellandsdalen er det planlagt å byggja driftssenter for vindkraftverket.

Turbinkomponentane er planlagt å takast på land på Seljaneset i Mostraumen.

Transport og vegalternativer

Anlegg og infrastruktur

Anleggsperiode: ca.4år

98kmanleggsveg medgjennomsnittleg påverkaareali terrengetpå20meter Vegarinkludert oppstillingsplassar: 2000mål

Forventa

årsproduksjon: 2,36TWh

Viveitikkjeidag kvensomkjemtilå eigaogdriva vindkraftanlegget.

For transport inn til Mo er det skissert ulike løysingar: oppgradering av FV569 eller ny tunnel.

Planiniativet pkt. 4.2.3: «Dagens FV 569 oppfattes å være en smal og uoversiktlig veg, samtidig som den er noe rasutsatt. Denne transportruten vil derfor innebære ulike utbedringstiltak på det offentlige veinettet som vil ivaretas i dialog med vegeier og lokale myndigheter.»

Planiniativet pkt. 4.2.3: «Prosessen knyttet til etablering av ny tunnel vil måtte ivaretas gjennom et reguleringsarbeid og er derfor inkludert i dette planinitiativet.»

Norsk Vind har i ettertid påpeika at dei ynskjer å prioritere tunell løysinga.

Planområdet har i dag status som LNF-område (landbruk, natur og friluftsliv). Skal det etablerast vindkraftanlegg her, må fjellområdet omregulerast til vindkraft.

Modalen kommune kan i denne fasen av prosessen gjere to val: gå vidare med planinitiativet eller avvise det.

Dersom Modalen kommunestyre vel å avvise planinitiativet, stoppar prosessen, og saka er avslutta.

Dersom Modalen kommunestyre vel å gå vidare med planinitiativet, skal det opprettast eit felles plan- og utredningsprogram for den vidare prosessen.

Tiltaket skal så konsekvensutgreiast og handsamast etter energilova og plan- og bygningslova. Det er utbyggjar som betalar for og utfører konsekvensutgreiinga. Ifølgje Regjeringa sin rettleiar for vindkraft på land kan kommunen stoppa prosessen ved endeleg planvedtak etter plan- og bygningslova. Det er tilrådd at NVE behandlar ein eventuell konsesjonssøknad parallelt med at kommunen behandlar områdereguleringa.

Tema ved ei vindkraftutbygging

I planinitiativet tek Norsk Vind opp ei rekke tema, til dømes økonomiske og avbøtande tiltak, som dei ynskjer å forhandle om i ein eventuell utbyggingsavtale med Modalen kommune, for å få tilgang til vindressursane i våre fjellområde.

Byggeløyve til dette prosjektet føreset at både Modalen kommune og NVE seier ja til prosjektet. Vert det ja frå både Modalen og NVE, får Norsk Vind tildelt konsesjon. For vindkraftverk varar konsesjon normalt i 30 år.

Me ynskjer å synleggjere eit par sentrale tema Norsk Vind tilbyr å ta med til forhandlingsbordet dersom Modalen kommune skulle ynskje å gå vidare med planen.

Me kan ikkje trekkje fram alle moglege konsekvensar av ei eventuell utbygging, då det er mykje verken Modalen kommune eller Norsk Vind veit før eit vindkraftverk eventuelt er bygd og har vore i drift i fleire år.

Tilgang til vindressursane i dette fjellområdet let seg ikkje gjera utan store naturinngrep. Når me kommenterer desse inngrepa, tek me opp tema som er nemnde i planinitiativet, og informasjon frå offentlege kjelder som me vurderer som pålitelege.

Økonomi

Eit vindkraftverk vil gje inntekter i form av eigedomskatt og produksjonsavgift. Norsk Vind AS kalkulerer at inntekta for Modalen kommune vil verte ca 56 MNOK per år i produksjonsavgift.

Denne summen er avhengig av den faktiske årsproduksjonen. Norsk Vind legg til grunn at ein skal nå ein årsproduksjon på 2,36 TWh kvart år i sine økonomiske prognosar.

Økonomiskenøkkeltal

Produksjonsavgiftperår

Eigedomskattetter10år

Eigedomskattførste10år

Garantertinntekt

Norsk Vind kalkulerer at eigedomskatten frå kraftverket vil verte ca 76 MNOK dei første 10 åra. Etter 10 år vil eigedomskatten falle til 46 MNOK per år. Kva den faktiske inntekta til Modalen kommune vert i form av eigedomskatt, er avhengig av kva eit eventuelt vindkraftverk vert taksert til.

Dersom sentrale myndigheiter gjer endringar i inntektssystemet, vil Norsk Vind garantere for Modalen kommune sine inntekter frå eigedomskatt og produksjonsavgift i 10 år.

Kommunestyret har vedtatt økonomiplan for perioden 2025-2028. Der ser me at økonomien strammar seg til ut over det me har vore vande med her inne dei siste åra.

Økonomiskutvikling

2025

1,7millionar

Budsjettertoverskot

2026-2027

Balanse

Balansemellomutgiftoginntekt

2028-2029

Auke

Ventainntektsaukefrå eigedomsskattpåny transformatorstasjoniKrossdalen

For 2025 er det budsjettert med eit overskot på 1,7 millionar.

Økonomiplanen legg opp til balanse mellom utgift og inntekt i 2026 og 2027 før me ventar ein inntektsauke frå eigedomsskatt på ny transformatorstasjon i Krossdalen.

Full effekt av eigedomsskatten på dette anlegget kjem venteleg i eigedomsskatteåret 2029.

Ny infrastruktur i Modalen

Norsk Vind har behov for å gjere endringar på eksisterande tilkomst til Modalen for å kunne transportere turbinkomponentar til fjells. På noverande tidspunkt ynskjer Norsk Vind å prioritera tunnelløysinga.

Økonomi-tunnelløysing

Kostnadtunnel

1,292milliarderkr

Modalenkommunesandel

646millionerkr(50%)

Finansiering

Inntekterfra vindkraftverk

For at ein ny tunnel skal verte realisert, har Norsk vind foreslått at Modalen kommune dekker inntil 50 % av kostnadane. Norsk Vind har via konsulentselskapet Sweco fått kostnadsestimert tunnelen til om lag 1,292 milliardar kroner.

Det gir ein foreløpig sjølvkost for Modalen på 646 millionar kroner, og tiltakshavar syner til at Modalen kan bruke inntekter frå vindkraftverket for å dekke kommunen sitt bidrag.

Bygging av tunnel vil fjerne det smale og noko rasutsette partiet på strekninga. Tiltakshavar har lagt inn eit forslag om å nytte overskotsmassar frå tunnelbygginga til etablering av bustadfelt i det nedlagte sandtaket i Trohaugen.

Dette forslaget må avklarast i forhold til plan, grunnforhold, ras- og flaumfare.

For å kunne danne seg eit bilete av kor mykje dette faktisk vil koste Modalen kommune, med renter og nedbetalingstid, bad Formannskapet administrasjonen å sjå på ulike måtar å betale kommunen sin del av tunnelkostnaden.

Den politiske bestillinga og svar frå økonomisjefen finn du på temasida https://www.modalen.kommune.no/artikkel/vindkraft.

Der kan du også sjå kva dei ulike alternativa kan få å sei for Modalen, og du finn tilleggsinformasjon om tunnelen, ettersendt av Norsk Vind.

Friluftsliv og natur

Det planlagde området som vert skildra i planiniativet, er 55 km2. Det er lokalisert i eit fjellområde som er eit turmål for modalingar, men også for besøkande frå andre stadar i landet. Hyttenettet til Bergen og Hordaland Turlag frå Kalvedalshytta – Dyrkolbotn – Skavlabu – Vardadalsbu går gjennom planområdet.

Illustrasjonen er laga med navhøgde på 144 m og rotorhøgde på 145 m, noko som gir ein turbinhøgde på 217 m, med grunnlag i koordinatane som Norsk Vind AS oppgir i sine planar Kjelde: Bergen og Hordaland Turlag

Det er ingen tvil om at det er store naturinngrep som er planlagd, og at det vil endre både kvaliteten på og bruken av det aktuelle området. Utbygginga vil i tillegg prege friluftslivet langt utover det planlagde vindkraftverket.

I fjellområde på 700–1200 moh., med turbinar på 220 meter, vil dette vere synleg frå dei fleste andre tur- og fjellområde i Modalen, samt kommunane rundt oss.

Natur er under strekt press i heile verda. Norge, som eit av 196 land, har underteikna FN sin naturavtale. OECD peiker på at Norge har eit ansvar for forvaltning av mange landskapstypar og artar.

Vindkraftverk har avgrensa potensial for alvorleg forureining, men det kan førekomma visse typar forureining, mellom anna mikroplast, olje og glykol (frostvæske) under bygging, drift og avvikling (nve.no). Norsk Vind AS peikar på moglegheita for å etablere ei samrådsgruppe i Modalen for å drøfte avbøtane tiltak.

Per i dag er vegen i Hellandsdalen stengt med bom. Norsk Vind har førespegla at det framleis vil vere avgrensingar i form av bom etter at vindkraftanlegget er satt i drift. Dette er av sikkerheitsmessige grunnar.

Miljødirektoratet har definert den austlege delen av planområdet til å være eit «Svært viktig friluftsområde» og den vestlege delen til å være et «Viktig friluftsområde». Området blei utreda av Biofokus i 2022, der 6 raudlista arter vart påvist fordelt på tre soner i fjellområdet. Heile denne rapporten finn du på https://modalen.kommune.no/artikkel/vindkraft

Lokalt driftsenter og bruk av lokale tenester

Driftssenteret for vindkraftverket skal etablerast i Modalen kommune, Hellandsdalen er peika på som mogleg lokasjon.

Basert på Norsk Vind sin erfaring frå andre prosjekt vil vindkraftverket krevje om lag 15 stillingar, fordelt på administrasjon og driftsteknisk personell.

Tiltakshavar forpliktar seg til å leggja til rette for at lokale tenester kan nyttast i anleggs- og driftsperioden for vindkraftverket. Lokalt næringsliv og lokale servicetenester i Modalen skal varslast tidleg i prosessen for å førebu seg på å tilby tenester til prosjektet.

Synlegheit og støy

Det visuelle og auditive er viktig for oss menneske. Synlegheit og støy vert difor eit tema når ein skal ta stilling til om ein ynskjer vindkraftverk i Modalen.

Når ein snakkar om synlegheit, omfattar det både synet av sjølve turbinane, blinkande lys og eventuelle skuggekast ein kan oppleve når sola går ned bak turbinane. Ifølgje planinitiativet som Norsk Vind har levert, vil ingen turbinar vere synleg frå Mo sentrum eller Modalstunet.

1–5 turbinar vil vere synleg frå Øvre Helland, det same vil gjelde frå Nedre Helland. Det er ikkje sagt noko om synlegheit frå t.d. hyttefelta på Nygard eller mykje nytta turmål i kommunen. Det er likevel naturleg å tenke at etter kvart som ein beveger seg opp i terrenget, vil fleire turbinar verte synlege.

Norsk Vind har også omtalt støytemaet i planinitiativet som er levert. Her står det mellom anna at:

«Det er 1,5 km fra vindkraftverket til nærmeste hus som ligger på Straume. Fra Øvre Helland er det om lag 2,4 km til nærmeste turbin. Ingen bolighus i Modalen vil derfor utsettes for støy som er i nærheten av grenseverdien Lden 45 dB.»

Det er likevel ein del usikre variablar når det kjem til støy.

Vindkraftverket i Modalen er planlagd med større turbinar enn det som er installert i norske vindkraftverk på land. Kva konsekvensar desse vil gje er usikkert. Samtidig er dette eit anna landskapstype enn det som har vore vanleg å byggje vindkraftverk elles i Noreg.

Eit usikkerheitsmoment er at Modalen er eit dalføre med høge og bratte fjellsider. Dette er ikkje omtalt i kartlegginga som er gjort, og ein har difor endå ikkje eit klart bilete av kor mykje støy innbyggjarane i Modalen vil oppleve.

Folkerøysting og folkemøte

Modalen kommune ynskjer å arrangere folkemøte 19. februar i Bryggjeslottet. Der vil tiltakshavar presentere planane sine. Dersom du har førebudd innlegg til dette møtet, kan du melde deg til saksordførar Sigrunn Almelid Birkeland på e-post sigrunn.almelid.birkeland@modalen.kommune.no

Kommunelova § 12-2 seier at kommunestyret kan bestemme at det skal haldast rådgjevande folkerøysting om forslag som gjeld verksemda til kommunen. I ei så stor sak som dette så ynskjer me å høyre kva bygda tenker før kommunestyret skal ta den endelege avgjerda om vegen vidare.

Kommunestyret kan ikkje gjennomføre bindande folkerøysting. Me ynskjer å oppmoda så mange som mogleg til å nytta røysteretten sin, og å til å stilla på folkemøtet 19. februar.

Kjelder:

Norsk Vind sitt planinitiativ

www.modalen.kommune.no/artikkel/vindkraft https://www.nve.no/konsesjon/vindkraft-paa-land/ https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/planlegging-ogkonsesjonsbehandling-av-vindkraftanlegg-pa-land/id3051373/? ch=2

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71

https://fn.no/avtaler/miljoe-og-klima/fns-naturavtale

https://www.nve.no/energi/energisystem/vindkraft-paaland/kunnskapsgrunnlag-om-virkninger-av-vindkraft-paaland/stoey/

https://publikasjoner.nve.no/rapport/2017/rapport2017_13.pdf

https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/krd/vedlegg/boby /utbyggingsavtaler/281000-veileder utbyggingsavtaler bm2.pdf

Vindkraftplaner: Slik kan det se ut rundt Skavlabu - DNT

https://fn.no/avtaler/miljoe-og-klima/fns-naturavtale

Nøkkelinformasjon

Røystedag: Måndag 10.03.25

Aldersgrense: Personar fødd i 2009 eller tidlegare

Førehandsrøysting på kundetorget, Flodmaal

24 02-07 03: Kvardagar kl 9 00-15 00

Torsdag 06 03: kl 9 00-19 00 (utvida opningstid)

Laurdag 08.03: kl. 11.00-15.00

Røystelokale på røystedagen (10.03.25)

Samfunnshuset Øvre Helland: kl. 13.00-17.00

Flodmaal: kl. 13.00-17.00

Særskilde røysteordningar

Modalstunet (institusjon): Onsdag 05 03 25 kl 10 00-11 00

Heimerøysting: Frist for å melde behov er fredag 07 03 25 kl 15 00

Røystespørsmål

Ynskjer du utbygging av Norsk Vind sitt vindkraftanlegg

i Modalsfjella? (Jamfør planinitiativ 29 11 24)

• Ja

• Nei

Dersom du ikkje set kryss, vert det rekna som at du røyster blankt

Viktig å hugse

Ta med gyldig legitimasjon når du skal røyste (t d norsk førarkort)

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.