
1 minute read
Hausttreff 2022
barn/ung-dommar. Dette utgjorde 56 einingar som var fordelt ut i 29 bubilar, 11 campingvogner, 3 hytter og 13 med fast plass. Kjempebra oppmøte. Vi starta kvelden med eit informasjonsmøte i teltet. Det vart lagt fram ei helsing frå sjølvaste presidenten Berit Seljeseth Osa.
Laurdag gjekk med til mykje sosialt. Medlemmane gjekk natursti der det blant anna var eit spørsmål om kor mange brød Bakar Jon sel i gjennomsnitt i løpet av ei veke. Det resulterte i at Bakar Jon vart nedringt om dette spørsmålet. Vart utlevert rebus-ark om ord og utrykk, og byar som dei kunne bryne seg på i ledige stundar. Elles var det konkurranse i hestesko, pilkast, stigegolf, kaste på brusflaske, kaste på boksar, tippe vekta på skinke og antal godteri i ei krukke.
Advertisement
Det vart selt vaflar og pølser til ein
Konkurranseinstinktet var på topp. Vi rakk og ein bingo tidleg på laurdagskvelden med gode pengepremiar. Folk kosa seg i teltet utover kvelden med musikk frå anlegget.
Laurdag kl. 21.00 skulle vinlotteriet trekkast. Men her kom det ein kjempeoverraskelse/sermoni. To stk. som fekk utdelt ein heiderspris. Anne Sofie Johme Hestad og Geir Olav Hestad er slått til «ridder av Det Edle Drag» i bronse for fremragende og uegennyttig innsats for Norsk Bobil og Caravan Club. Etterpå hadde vi eit minutt stillheit for medlem Kåre Eimind som har gått bort.
Søndag vart avslutta med trekking av loddsal der vi hadde mykje flotte gevinstar, verdi for ca. kr. 11.000. Utdeling av premiar til både vaksne og barn. Vi hadde handla inn slik at alle barna/ungdommane fekk kvar sin premie.
Takk for eit kjekt treff og at så mykje folk kom.
Byrkjelo camping var veldig fornøgd med oss og vi er hjarteleg velkomne igjen!

Helsing treffkomiteen:
Anne Sofie Johme Hestad og Geir Olav Hestad
Monica Fenstad og Odd Arve Grytten
Jorunn Mundal Solheim og Harald Solheim
Anne-Marie Auro og Kåre Berge