Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstue 0301 Oslo Bergen, 14.7.2013
Høyringsuttale om Børsdalselva kraftverk i Kvinnherad kommune, Hordaland
Om tiltaket SKL Produksjon AS søker om løyve til å byggja Børsdalselva kraftverk Installert effekt på 4,6 MW, med ein estimert årsproduksjon på 17,1 GWh •
Kraftverket vil nytta eit fall på 380 m i Børsdalselva, med inntak på kote 530 moh i Fagerdalsvatnet, og vil føra til redusert vassføring på ein 2,5 km lang elvestrekning i Børsdalselva, ned til kraftstasjonen på kote 150 m (alt. 1)
Børsdalselva er ei sideelv til Uskedalselva som munner ut i Storsundet i Kvinnheradsfjorden Innebærer regulering på 5 m i Fagerdalsvatnet, 4 m heving og 1 m senking Vatnet i Kvanngrødtjørn blir overført gjennom ein kanal til Fagerdalsvatnet. Røyrgata blir nedgravd i ei 2600 m lang grøft, mellom inntaket og kraftstasjonen, som stort sett vil gå i fjell eller storsteina ur. Bygginga av røyrgata vil bli realisert med taubanedrift. Inntaket skal vera “veglaust”, i følgje utbyggjar, men eksisterande veg til sandtaket er tenkt permanent utbetra og forlenga med 1100 m fram til kraftstasjonen. Fylkesrådmannen har innstilt på at det ikkje blir gitt konsesjon, ut frå omsynet til sumverknadene og til at det er eit stort inngrep i eit tidligere urørt og mykje bruk tur- og fjellområde. Tiltaket er ikkje tidlegare vurdert etter Vatnressurslova. Hydrologi I søknaden blir det opplyst at Børsdalselva har ei maksimal slukeevne på 1400 l/s, og det blir søkt om slepp av ei minstevassføring på 100 l/s i sommarsesongen og 30 l/s resten av året. Sommarsesongen blir ikkje nærare definert, men sjølv med 100 l/s blir dette ei svært brutal reduksjon i vassføringa, med tanke på den kritiske perioden om hausten og eventuelle tørrår. Vatnet frå eit felt med avrenning til Kvanngrøtjørn skal overførast til Fagerdalsvatnet. Det blir opplyst at det er ein viss erosjonsfare knytt til reguleringssona. Den nedgravde røyrgata vil etterlata sår i naturen. Utløpet frå Kvanngrøtjørn blir sperra med ein terskel, noko som kan bety total tørrlegging av Kvanngrøtjødn. Konsekvensane for plante- og dyrelivet er ukjente. Oppdemminga på 5 meter i Fagerdalsvatnet kan føra til skader på flora og fauna i våtmarksområdet rundt vatnet
____________________________________________________________________________________________________ Adresse: Postboks 1201 Sentrum, 5811 Bergen – Telefon: +47 55 30 06 60– Faks: +47 55 30 06 50 E-post: hordaland@naturvernforbundet.no – Internett: www.naturvernforbundet.no/hordaland