TEMA Innovasjon
Innovative på jabnå Tekst/foto// berit bryne
NYSKAPANDE KVARDAG. Rune Øyen (t.v.) og Kåre Stokkeland i Depro hjelper kundar med å skapa nye og betre produkt.
Innovasjon er ein integrert del av drifta hos Depro AS på Bryne. Teknologiutviklingsselskapet har brukt nedgangstidene til å bygga musklar og er klart for ein ny runde med tøffe tider før det lysnar igjen neste år.
–
M
e har alltid halde på med innovasjon og har alltid innovasjonsprosjekt på gang. Nyskaping er ein del av kulturen vår. Businessen vår er skrudd ihop for å gjera ting betre, seier dagleg leiar hos Depro Kåre Stokkeland.
Petter Smart-løysningar Rune Øyen, avdelingsleiar for teknisk og utvikling, fortel at dei lagar innovative løysningar på eigne produkt, samt hjelper kundar å utvikla smarte løysningar. Samarbeidspartnarar er blant anna serviceselskap som driv med oljerelatert aktivitet, som Aker, GE, West Group og RDS. For tida held Depro på med ein større leveranse til eit produksjonsskip, der Technip er oppdragsgje-
24
‹‹
N æ r i n g på j æ r e n
var og Shell er sluttkunde. Leveransen består blant anna av injeksjonssystem til risere. – På engineeringsida samarbeider me blant anna med forskningsinstituttet IRIS om å skapa eit miljø for langtidslagring av teknisk utstyr på havbotnen. Målet er at oljeselskapa skal kunna ha ståande utstyr endå lenger, og spara pengar på det, fortel Øyen. Depro skal vera nyskapande og alternative på produksjonssida og inn mot fagområda, og sjå moglegheiter for nye løysningar basert på etablerte oppgåver og problemstillingar. – Kvar gong me bidrar til å utvikla nye og spennande ting for kundar og andre samarbeidspartnarar, bygger med ut kunnskapsbasen vår og blir sterkare som bedrift. Det er gull verdt å ha ein så oppegåande engineeringsstab
som det me har, seier han.
Rusta for ruskevêr Det har vore tøffe tak for Depro så vel som for mange andre selskap i regionen dei siste åra. Selskapet har måtta permittera deler av staben i periodar. – Me har hatt alle tilbake, men har fleire permitterte igjen i haust. Nå har me gjort dei justeringane som trengs og vil stå løpet ut med heile staben. Me er rusta for tøffe tider, men har tru på at det snur - spørsmålet er bare kva tid, seier Kåre Stokkeland. Rune Øyen legg til at dei ser lyst på framtida: – Me er realistar og førebudde på ein hard vinter. Men me ser at ting rører seg, og har tru