__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

NYSKAPANDE OG BEREKRAFTIG


KVIFOR VELJA OSTERØY VGS?

SPENNANDE og VARIERTE studieretningar.

Ein TRIVELEG skule i eit FLOTT skulebygg med MODERNE utstyr.

Eit AKTIVT og INKLUDERANDE læringsmiljø i tett SAMARBEID med næringslivet og offentlege institusjonar.

DYKTIGE og ENGASJERTE lærarar som tek deg på alvor og gir god oppfølging.

EKSKURSJONAR og KLASSETURAR er med å skapa godt SAMHALD.

TILPASSING til den enkelte elev sine FØRESETNADER.


Engasjement og trivsel i eit inkluderande lÌringsmiljø.


STUDIESPESIALISERING


Dette utdanningsprogrammet gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Studiespesialisering fører fram til studiekompetanse, og opnar for ei rekkje yrkesval. Sjü: https://utdanning.no/tema/utdanning/ universitet_og_hogskole

VG1 STUDIESPESIALISERING Norsk - Engelsk - Matematikk - Naturfag - Geografi - Samfunnskunnskap - Spansk/tysk Valfritt programfag: Breiddeidrett 1: 5 timar ekstra undervising i veka med eit rikt utval av aktivitetar, og med fordjuping i eit valfritt ballspel og ein individuell idrett. Toppidrett fotball 1: 5 timar ekstra undervising med fordjuping fotball.


VG2 OG VG3 STUDIESPESIALISERING Du vel fag frå eitt av programområda: 1. Realfag: Matematikk, fysikk, kjemi, biologi eller 2. Språk, samfunnsfag og økonomi: Engelsk, sosiologi og sosialantropologi, sosialkunnskap, økonomistyring, økonomi og leiing.


VG3 VALFRITT PROGRAMFAG: Breiddeidrett 2: 5 timar ekstra undervising i veka med eit rikt utval av aktivitetar, og med fordjuping i eit valfritt ballspel og ein individuell idrett. Toppidrett fotball 2: 5 timar ekstra undervising med fordjuping fotball.


BREIDDEIDRETT OG TOPPIDRETT BREIDDEIDRETT

TOPPIDRETT FOTBALL

Breiddeidrett er eit 5-timars valfritt programfag henta frå idrettsfag, som vi tilbyr elevar som går på Studiespesialisering (Vg1 og Vg3). Elevane er innom ulike typar idrettar i løpet av skuleåret, som klatring, turn, ski, dans, basistrening og ulike ballspel.

Toppidrett fotball er eit 5-timars valfritt programfag henta frå idrettsfag, som vi tilbyr elevar som går på Studiespesialisering (Vg1 og Vg3) og yrkesfag (Vg1).

Elevane skal og velje fordjuping i ein individuell idrett og ein lag-idrett. Breiddeidrett kan vere med å gje elevane eit fint avbrekk frå lange skuledagar med mykje teori.Kvart år arrangerer skulen ein Triathlon konkurranse, noko som har vore veldig populært blant elevane.

På yrkesfag kjem 3 av timane i tillegg til ordinær timeplan og 2 av timane går inn i faget yrkesfagleg fordjuping. For elevar som vel å ta påbygg, vert faget godkjent som eit valfritt programfag slik at ein kan ha eit fag mindre dersom ein tek Vg3 påbygg. Vi har tett samarbeid med klubbane i nærområdet og vil vere med på å utvikle og følge opp kvar enkelt spelar, slik at dei kan utvikle god og taktisk kompetanse innan idretten fotball.

Vi legg til rette for at du skal kunne kombinere utdanning, breiddeidrett og fotball. Våre trenarar har lang idretts- og fotballfagleg erfaring og både trenarane ved tilbodet, skulen sine tilsette og leiing ser på deg som idrettsutøvar og fotballspelar, som ein verdifull tilvekst til skulen vår.


KOMPETENT – OPEN – MODIG


HELSE- OG OPPVEKSTFAG


VG1 HELSE- OG OPPVEKSTFAG

VG2 HELSEARBEIDARFAG

Dette utdanningsprogrammet gjev ein generell teoretisk- og praktisk plattform som kan byggast vidare på ved å ta fagbrev innanfor dei ulike retningane, som til dømes helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.

På Osterøy vgs tilbyr vi helsearbeidarfag.Etter dette året kan du få læreplass og ta fagbrev som helsefagarbeidar, eller du kan ta påbygg til generell studiekompetanse.

Sjå: https://www.vilbli.no/nb/nb/no/helseog-oppvekstfag/program/v.hs På Vg1 er elevane utplassert i praksis ved ulike institusjonar om lag ein dag i veka.

På Vg2 helsearbeidarfag er det mogleg å bli utplassert i heimetenesta, sjukeheim, bu- og avlastning eller rus- og psykiatri. Skulen har eit tett samarbeid med Osterøy kommune, og det er også mogleg å bli utplassert i Bergen kommune. Vi har eit nytt, moderne og godt utstyrt praksisrom, og bruk av velferds- og omsorgsteknologi vert vektlagt i opplæringa.


TILRETTELAGT OPPLÆRING

Vi tilbyr opplæring i lita gruppe for elevar som har behov for spesialundervisning. Vi har to ulike tilbod innafor opplæring i lita gruppe, der opplæringa har mål om å gi kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Og meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift. Gruppene er knytt til utdanningsprogramma • Teknologi- og industrifag • Helse og oppvekstfag Våre kompetente tilsette tar utgangspunkt i det faget eller deler av faga som eleven meistrar, slik at eleven kan kome lengst mogleg innafor sitt potensiale og forutsetningar.


LIVSKVALITET OG MEISTRING Ta kontakt med skulen for omvising og meir informasjon!


ELEKTRO OG DATATEKNOLOGI


VG1 ELEKTRO OG DATATEKNOLOGI

VG2 ELENERGI

Dette er ei allsidig og praktisk retta utdanning. Vi har nytt og moderne utstyr, utdanninga er framtidsretta, og gjev ein etterspurt kompetanse. Elektro og datateknologi Vg1 er også kryssløp til andre utdanningsval.

På Vg2 har du veker i praksis i ei eller fleire bedrifter. Vi har eit nært samarbeid med bedrifter som tek inn lærlingar både i Osterøy og Arna, Åsane, Bergen og offshore.

Sjå: https://www.vilbli.no/nb/nb/no/elektro-ogdatateknologi/program/v.el

Etter Vg2 Elenergi kan du få læreplass og du kan ta fagbrev i yrke som til dømes elektrikar, energimontør eller heismontør. Du kan også gå vidare på påbygg for generell studiekompetanse, eller Teknisk fagskule.


TEKNOLOGI- OG INDUSTRIFAG


VG1 TEKNOLOGI- OG INDUSTRIFAG

VG2 INDUSTRITEKNOLOGI

Dette utdanningsprogrammet gir kompetanse for vidare opplæring i alle yrke innanfor mekaniske fag og kjemi- og prosessfag.

Osterøy vgs har eit nært samarbeid med lokalt næringsliv på Osterøy. Skulen har godt utstyrte verkstadshallar, moderne datastyrte CNC-maskiner og robotar.

Du kan gå vidare på Vg2 i til dømes industriteknologi, brønnteknikk, køyretøy, arbeidsmaskiner eller maritime fag. Sjå: https://www.vilbli.no/nb/nb/no/teknologiog-industrifag/program/v.tp

Etter Vg2 industriteknologi kan du søke læreplass og ta fagbrev som til dømes industrimekanikar, sveisar, verktøymakar og kranførar. Du kan også ta påbygg som gjev studiekompetanse.


VIL DU SJÅ MEIR FRÅ OSTERØY VGS? Sjekk ut våre YouTube videoar. Musikkvideo https://youtu.be/mS96QKqJjSg Intervju med elevar https://youtu.be/MUtLSre1xKo


KOMPETENT – OPEN – MODIG

Lonevåg ligg ca 45 minuttars køyring frå Bergen og er tilknytta Bergen med bru mot Arna og ferje mot Åsane. Skulen held til i eit nytt skulebygg med plass til i overkant av 200 elevar, og har moderne utstyr og undervisningslokale. Dei flotte idrettsanlegga like ved gjer at forholda ligg perfekt til rette for å kombinera utdanning og idrett på Osterøy. Solbjørgsdalen 12 - 5282 Lonevåg Tlf. 56 19 40 00 post.ost@vlfk.no www.hordaland.no/osteroyvgs

Profile for Molvik

Utdanningsprogram  

Utdanningsprogram