Page 1

Veteranen på Volda Eigentleg skulle Arvid Mundal bli veterinær, men etter 31 år ved Volda vidaregåande skule har han ikkje angra eit sekund på at det var lærar han blei. Eg sit på lærarkontoret og ventar. Rundt meg sit lærarar. Dei ler. Snakkar om lærarting. Eg har venta i 5 minutt no. Avtala eit par dagar i førevegen at eg skulle intervjue han. Han virka ikkje heilt overbevist. Hadde ikkje høyrt om skuleavisa før. Likevel sa han ja. Så kjem han. Opnar opp døra til eit møterom, og nikkar meg inn. Ikkje noko smil, ikkje noko ord. Berre nikkar meg inn. Eg går inn. Han lukkar døra. Vi set oss ned. Eg tek fram opptakaren min, og vi er i gang. Kjernefysikar ’Kvifor valde du yrket lærar?’ spør eg han. ’Det var eigentleg ganske tilfeldig’. Sogn-dialekta som kjenneteiknar Arvid Mundal er framleis i god behald. ’Eg hadde først tenkt å bli veterinær, men så kom eg ikkje inn på veterinærskulen.’ Han ser i bordet, men held fram; ’eg tenkte for meg sjølv at eg måtte jo ta meg til med noko. Så eg byrja på universitetet i Oslo. Eg tenkte at det berre skulle bli eit år eller noko slikt. Men så heldt eg fram med studiane, og dreiv på med det i sju år.’ Han tar ei pause. ’Og då var eg utdanna kjernefysikar.’ Han ser så tjomslig ut, Arvid. Minner meg mest om ein bestefar. Men eg har sjølv hatt han som lærar, og veit godt at det lune ytre kan lure dei fleste. ‘Det var snakk om at dei skulle bygge kjernekraftverk i Noreg på 70-talet, men det blei det ingenting av. Difor var det lite å hente når det gjaldt arbeid. Då søkte eg

8

.

meg inn i skuleverket i 1975, og har vore der sidan.’ Han smiler. 34 år i skuleverket er ikkje dårleg. Og angrar, det gjer han vertfall ikkje: ’Eg tykkjer det har vore interessant å jobbe med ungdommen. Det har vore interessant å vere lærar, sjølv om eg tenkte at eg aldri skulle bli det. Så.. Sånn har det gått.’ 31 år Som veteran ved Volda vidareg-

åande skule, er det mange som veit kven Arvid Mundal er. Han er den læraren som har vore (eventuelt heldt ut) lengst på skulen. Han underviser i matematikk, geografi og fysikk. ’Eg har ikkje kvidd meg til ein einaste skuledag. Eg har i grunnen likt meg veldig godt på denne arbeidsplassen her. Og det viser igjen, eg har jo vore her så lenge. Heilt sidan 1978, og no er det 2009.’ Matematikklæraren må grave fram litt av


vidaregåande skule kunnskapen sin. ’Det blir 31 år, det.’ Arvid Mundal er ein bestemt mann, men har alltid eit smil på lur. Han tek gjerne fram ein spøk mellom alle matematikkformlane, men kva tykkjer han eigentleg om elevane sine? ’Elevane har stort sett vore kjekke. Eg har vore heldig med elevane, på ein måte. Dei som vel matematikk og fysikk, er ofte dei sterkaste elevane, og dei som er mest motiverte til å lære. Eg har stort sett berre hatt kjekke elevar opp gjennom åra.’ Jostedalsbreen på langs Eigentleg kjem Arvid frå Fjærland i Sogn, ein stad som i følgje han sjølv er liten. Då han var 15 år måtte han flytte på hybel, og han har jobba i verdas nordlegaste by, Hammerfest. Det var då dei lyste ut ei ledig stilling som lærar, at Arvid Mundal snudde snuten mot Volda.

’Når flytta du til Volda?’ spør eg han. ’I 1978.’ Han er en resar på årstall, denne Arvid. ’Dei lyste ut ei ledig stilling som lærar. Så søkte eg på den, og fekk den. Så flytta vi. Så enkelt var det.’

Eg likar å gå i skog og mark. Og så likar eg å gå på ski om vinteren.’ Han legg til at han har gått Jostedalsbreen på langs opptil fleire gonger. ’Det var beinhardt, men utruleg fint.’

Det dei fleste elevar forbind med Arvid Mundal er matematikk, fysikk og geografi. Formlar kjem på rams når han står fremst i klasserommet. Så er det sjølvsagt dialekta, då. Elevar elskar å imitere han. ”Så tek me fram mattebokji.” Det er noko sjarmerande over det heile. Men kva er hobbyane til denne o’ så sjarmerande læraren?

’Jakt då?’ spør eg, for eg veit at Arvid er ein mann med hjarte for jakt. ’Og så har vi jakta!’ han lyser opp. ’Eg er veldig interessert i å drive jakt. Eg er oppfostra med jakt og skyting, kan vi seie, og driv med hjortejakt heile hausten. Kvar helg. Så.. det blir mindre tid til skule.’ seier han og smiler.

’Hobbyane mine er..’ Han må tenke seg om, ’før då eg var yngre, kan du vel seie at eg var ein idrettsmann. Eg dreiv med sprint, 100 meter til dømes. Og dreiv friidrett i studiedagane. Har alltid vore interessert i idrett, det er eg framleis. Men no er det ikkje så mykje sprint, naturlegvis.’ seier han med eit lurt smil.

Truga med å gå av Eg ser på det lyse håret og dei blå augene. Skal eg spørje? Eg spør. ’Kor gamal er du no?’ Igjen, resar-Arvid serverer årstal: ’Eg er fødd i 1948, så då er eg 61 år. Byrjar å nærme meg pensjonsalderen.’ Han smiler, og held fram ’eg har truga med å gå av til neste år, men trur ikkje det blir noko av.’ Når eg spør han kva han skal gjere når pensjonstida kjem, er det ikkje lite: ’Eg har hus og hytte som treng vedlikehald. Så, når du har hus, hytte og to hagar har du i grunnen litt å sysle med. Så får ein meir tid til å drive med hobbyar og fritidsaktivitetar. Eg trur ikkje eg blir gåande rundt å ikkje vite kva eg skal gjere, det trur eg ikkje.’ Arvid har fire ungar, to av dei har gått i fotspora til far sin og vore innom læraryrket. I tillegg har han seks barnebarn, som han òg får meir tid til når han tek fatt på pensjonisttilveret. Arvid har allereie sagt at han tykkjer ungdomen på Volda vidaregåande er av den kjekke sorten. Men korleis er ungdomen no

Privat bilete: Arvid og dagens fangst. Men han innrøm at han berre tok livet av eine hjorten.

9


Portrettintervju med Arvid Mundal  

Portrettintervju med Arvid Mundal på Volda vgs, frå skuleavisa 'PAUSE' (av Hannah Miriam Kolås og Ingrid Telset Heltne).

Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you