Historia til bokbåten Dei første åra
Bokbåten har vore ein kjær gjest Bokbåten har vore ein kjær gjest når den har kome på besøk til ulike stoppestadar kringom i våre kyst og fjordbygder. Med bøker og anna kultur om bord har den skapt ei annleis kulturoppleving, og glede for mange. Eg ynskjer til lukke med jubileet og ei fin kulturreise i 2013.
Hausten 1959 vart det sett i gang ei ny bibliotekteneste i Hordaland. Ein båt skulle låne ut bøker til folk på småstader. Ideen til dette flytande biblioteket oppstod i Hordaland biblioteklag ein gong i 50-åra. Første tur var i september med ein 60 fot båt som hadde namnet Abdulla. Tenesta vart populær og auka slik i omfang at ein etter 5 turar måtte finne ein meir eigna og større båt. I 1962 vart Fjord Guide leigd inn. Han var større og hadde betre fasilitetar, spesielt for dei bibliotektilsette, men også betre plass til bøker og utlån.
Nils Gjerland leiar i hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane
Samarbeid i 50 år Bokbåttenesta i Hordaland starta med den 62 fot lange kuttaren «Abdulla» i september 1959.
6
Ønskje var at båten skulle by på meir enn bøker. Ein ville vise film, halde barnetimar, og ha med eit program til eit vaksen publikum om kvelden. «Abdulla» var for liten, og våren 1962 tok den 66 fot lange «Fjordguide» over. Våren 1963 blei nybygde «MS Epos» på 85 fot sett inn i drifta. Den var planlagt i samarbeid med Sentralbiblioteket i Hordaland og var sikra faste turistruter for HSD i sommarhalvåret. Første året var tilbodet berre i Hordaland, medan Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane kom med frå vinteren 1964. Kvart fylke har ansvar for drift i sitt fylke, men det er eit godt og tett samarbeid mellom fylka, som sikrar drifta og at tilbodet blir kontinuerleg fornya og modernisert. Bokbåttenesta er eit unikt tiltak, som er høgt skatta i distrikta. Forventingane er store når båten kjem med sine tilbod, som
Ei helsing til bokbåten i Hordaland ved 50-års feiringa i 2009.
inspirerer til lesing og eggar fantasien til barn og vaksne. Både nasjonalt og internasjonalt har bokbåten blitt eit velkjent symbol på kystkulturen på Vestlandet. Markeringa av at «Epos» er 50 år, er også ei markering av eit solid samarbeid mellom dei tre Vestlandsfylka.
Til og med turen om hausten 1961 var det berre ordinært utlån av bøker om bord. Frå våren 1962 vart det sett i gang eit forsøk med foredrag, film, musikk og anna opplysingsteneste parallelt med utlånsarbeidet. For barna vart det arrangert eventyrtimar og vist film. Om kvelden var det foredrag for vaksne. Skodespelar Erik Svensen, forfattar Eva Scheer, opplysningssekretær Torkjell Larsen og Victor Krüger frå Samnenda for studiearbeid heldt foredrag og formidla litteratur om kveldane. Dette forsøket med levande kultur og bøker slo så godt an at det vart eit av varemerka til bokbåten. Sjølv om det om bord i Fjord Guide var enklare å drive ei effektiv teneste, var populariteten med kultur- og foredrag så stor at også denne båten vart for liten. Det var behov for fleire lugarplassar, betre sanitærforhold og betre høve for matlaging.
Til lukke med jubileet! Anne Beth Njærheim leiar for Kultur-og ressursutvalet Hordaland fylkeskommune
Epos vart sjøsatt tidleg 1963, og i mars vart det gjort avtale om leige. Etter sjøsettinga vart båten slept til Bakka for å verte gjort ferdig til turistfart for HSD på Hardangerfjorden og bokbåtdrift hausten same år. Men alt i mai gjorde båten ein tur i Hordaland med utlån og kulturprogram. Mellom anna hadde dei 4 stopp på 17. mai, og bokbåten sitt kulturprogram var 17. maiprogram på Lygrenes den dagen.
Båten Epos Sentralbiblioteket i Hordaland, som hadde det administrative og praktiske arbeidet med bokbåttenesta, sette no i gang med å finne ein ny båt. Dette var eit langvarig og omfattande arbeid, men i 1962 fekk Sentralbiblioteket kontakt med eigaren av ein båt som var under bygging ved Fjellstrand båtbyggeri i Oma i Hardanger. Denne båten var Epos og eigaren var Knut Svåsand frå Bakka i Hardanger. Båten var eit pionerbygg –den største aluminiumsbåt i verda på den tida. Han var 85 fot lang og utstyrt med ein mindre salong framme og ein større akter. Det var 4 doble lugarar under dekk framme og to enkle akter. Ikkje minst hadde båten ei velutstyrt bysse, herre- og dametoalett og dusj. Båten var utstyrt med to Caterpillar-motorar, som gjorde han lett å manøvrere og som kunne gi båten ei fart på nesten 15 knop. Det viktigaste for Sentralbiblioteket var den store salongen akter som hadde god plass til bøker og sitteplassar til 130 menneske.
7
Postkort med bilde av «gamle» Epos (foto: Normann).
Med Epos byrja ei ny æra i bokbåten si historie, ikkje minst med omsyn til talet på bøker ein kunne ha med og arbeids- og oppholdsforholda til dei som arbeidde om bord. I 1985 vart båten delvis ombygd. Det vesle styrehuset vart erstatta med eit større og romslegare, og her vart det i tillegg plass til to lugarar. Biblioteksalongen vart utvida, fordi dei to lugarane bak vart plasserte under dekk. Dei opprinnelege bibliotekhyllene romma ca 2000 bøker, desse vart skifta ut med nye som gjorde at samlinga kunne utvidast til ca 5000 bøker. Etter at ny eigar overtok i 2003, har båten fått dobbelt så sterke motorar og lugarane under dekk er pussa opp.