Førde brosjyre

Page 1

www.forde.kommune.no


Stor felles arbeidsmarknad og variert arbeidsliv

Førde by er fylkessenter i Sogn og Fjordane, og kommunen har ca 12.000 innbyggjarar. Men kommunane i Sunnfjord gror meir og meir saman, og Førde ligg såleis sentralt i ein felles arbeidsmarknad i ein region som omfattar nærare 30.000 menneske. Arbeidslivet i Førde kommune tel vel 6500 årsverk. Førde har ei rekkje finans- og andre servicebedrifter, og arbeidsmarknaden er stor lokalt når det gjeld sektorar som it, bygg og anlegg, media, hotell og restaurant.

Førde Sentralsjukehus er den største arbeidsplassen i kommunen med sine vel 1400 arbeidsplassar.



Oppvekst og fritidstilbod

Førde kommune har bevisst prioritert utbygging av barnehagar og skular for å møte utfordringane med omsyn til den unge befolkninga i Førde. Fritidstilboda er også i særklasse. I tillegg til det etablerte idrettsmiljøet, kan vi by på musikk- og kulturskule, danseverkstad og allaktivitetshuset Skrivarløa. Førde er byen mellom dei fem fjell, og byr på mykje for deg som er glad i naturen. Ei vandring på tilrettelagde og merka stiar i Sunnfjord, gjev deg eit flott utsyn og varierte opplevingar frå fjella i Fosseheimen, breen, fjorden og havet. For fiskeinteresserte er distriktet eit eldorado. 15 minutt frå byen ligg dessutan ei ny golfbane, og like utanfor byen finst alpinanlegg og eit større skianlegg med lysløyper i eit variert terreng.




Utdanning og kompetanse

Førde har eige høgskuletilbod, sjukepleiarhøgskule og ingeniørhøgskule. I tillegg har vi teknisk fagskule, jordbruksskule og det finst vidaregåande skular for allmennfag og for yrkesfag. Førde og Sunnfjord har vist seg å vere stor nok til etablering og utvikling av kunnskapsbedrifter. Eitt døme er Lotteri- og stiftelsestilsynet som etablerte seg i Førde frå januar 2001, og som i dag har vel 60 tilsette. Tilsynet, som også har direktoratfunksjon, rekrutterte alle sine nøkkelpersonar lokalt, og har på kort tid bygt opp ny juridisk og teknisk kompetanse på fleire område.


Godt helsetilbod

Administrasjonen for helseføretaket Helse Førde er plassert i Førde. Her ligg også Førde sentralsjukehus, og gir regionen eit godt helsetilbod. Førde har også nyleg fullført ei større utbygging av sjukeheimstilbodet.


Tyngdepunkt i kulturlivet

Førde er «kulturhovudstaden» i Sogn og Fjordane med Førdehuset, eit stort og moderne kulturhus, som naturleg samlingspunkt. Her er den største kinoen i fylket, profesjonelt teater, konsertar, utstillingar og bibliotek. Førdehuset har også stor idrettshall, symjehall og stadionanlegg, og er den naturlege samlingsstaden for

mange av aktivitetane til dei om lag 200 frivillige lag og organisasjonane i kommunen. Førdefestivalen er den største festivalen for folk/trad/world musikk i Skandinavia med nærare 30 000 besøkande kvar sommar. Midt i Førde sentrum er under oppføring nytt bygg som skal huse Sogn og Fjordane kunstmuseum.


Sentralt i fylket og senter for handel

Førde har direkte flysamband med Oslo og Bergen. Byen ligg elles kommunikasjonsmessig sentralt til ved E39 som bind Vestlandet saman, og har daglege ekspressbussruter til Oslo, Bergen og Trondheim. Førde er det største handelssenteret mellom Ålesund og Bergen, og er ein naturleg møtestad for 45.000 personar som bur innanfor ein radius av ein times reise. Difor ligg Førde heilt i landstoppen når det gjeld omsetnad per innbyggjar, noko som avspeglar seg i eit variert forretnings- og servicetilbod som gir sysselsetjing til vel 1000 personar.



Produksjon: Inform Media as. Trykk: Scanner Grafisk. Foto: Oskar Andersen

Olve Grotle ordførar Tlf. 57 72 20 01 olve.grotle@forde.kommune.no

Førde kommune Postboks 338 • Hafstadvegen 21 • 6802 Førde Tlf. 57 72 20 00 • Fax: 57 72 20 10 epost: postmottak@forde.kommune.no

Ole John Østenstad rådmann Tlf. 57 72 20 02 ojo@forde.kommune.no

www.forde.kommune.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.