Issuu on Google+

Førdehuset haustprogram 2012

foto: Oskar Andersen

KULTUR


I 1976 deltok eg som 12-åring på eit idrettsarrangement i Førde. Eg kan ikkje lenger hugse om det var eit fotball- eller symjearrangement det gjaldt. Derimot er det noko anna som har brente seg fast i hukommelsen min. Besøket til Førde fall nemleg saman med ei stortilt opning av eit nytt kultur- og idrettsbygg i Førde, og eg kan faktisk framleis sjå føre meg Jahn Teigen, som var ein av artistane som var med på opninga. Opninga av Førdehuset var ikkje berre ei viktig hending i Førde og fylket vårt. Alt frå starten påkalla Førdehuset nasjonal interesse for sine særeigne kvalitetar, og ikkje minst si unike kopling av idrett- og kulturaktivitetar. 37 år seinare er Førdehuset framleis eit unikt og spesielt bygg, også i nasjonal målestokk. Gjennom alle desse åra har storstova i Førde hatt ei sentral rolle både i Førde og Sogn og Fjordane, og det er forutan den daglege bruken knytt til idrett og kultur, blitt halde tallause arrangement, turneringar, konkurransar, konsertar og messer. Forutan alle desse hendingane og arrangementa, er Førdehuset også ein viktig sosial møteplass, kor folk frå heile fylket treffast.

Velkommen til Førdehuset! 2

Heldigvis har ein i Førde også hatt fokus på å utvikle og modernisere Førdehuset, og det unike kultur- og idrettshuset har sidan opninga vore gjennom store utvidingar og moderniseringar. Siste del av dette var ei omfattande utviding og oppussing av storsalen, slik at denne i dag, imponerande nok, er ein av dei største og beste konsertsalane på Vestlandet. Programmet for hausten 2012 er no klart, og er som vanleg fylt med ulike spennande idrettsog kulturarrangement av høg kvalitet. Eg eg sikker på at De vil finne mange av idretts- og kulturtilboda interessante, og De er med dette invitert til å kome på arrangementa som blir halde i Førdehuset. Med venleg helsing Olve Grotle, ordførar i Førde


kjære publikum Eg kan stolt presentere eit rikt og variert tilbod for hausten 2012. Førdehuset er for alle. Stor eller liten, Førdianar eller verdsborgar, uansett interesse, eller føresetnader - vi tør påstå at vi har eit godt tilbod til deg. Ta godt vare på Haustprogram 2012 som du kan lese for å halda deg orientert om kva som skjer i Førdehuset. Du kan og bruke det for å setje saman di eiga abonnementspakke – «Førdepakka». Om du kjøper billett til 2 eller fleire arrangement merka «Førdepakka» på same tid, kan vi tilby rabatt på alle arrangementa! Sjå etter markeringa som gjeld heile 14 ulike arrangement i programmet. Meir info side 17. Kjøp gjerne billettar på førehand, du får god plass og slepp å stå i kø like før framsyninga. Du kan sitte heime og kjøpe billettar på E-billett, du kan skrive ut billettane sjølv, og har du smarttelefon kan du kjøpe billettar papirlaust! Møt likevel opp i god tid, spesielt om du treng parkering. Vi i Kultureininga vil helse alle velkomne til våre arrangement! Johan Bengtsson, leiar

PRAKTISK INFORMASJON Billettar: Førdehuset/Servicetorget tlf. 57 72 19 00 E-Billett: www.fordehuset.no Førdehuset, resepsjonen Opningstider: måndag 12.30 - 16.00 tysdag-fredag 12.30 - 21.00 laurdag 12.00 - 17.30 søndag 14.00 - 20.00 Opningstider Servicetorget, Rådhuset: Måndag - fredag 07.45 – 15.30 (tom. 14.10) 07.45 – 16.00 (fom. 15.10) FØRDE BIBLIOTEK måndag - torsdag 10.00 - 19.00 fredag 10.00 - 17.00 laurdag 10.00 - 15.00 Arrangement: Tysdag 4. september kl 18.00: Premiefest, med iskrem for Sommarles.

Torsdag 27. september kl 10.00: Seniorsurf Oktober i Nynorskens skog: Ulike arrangement kvar veke i oktober. Foredrag, forfattarbesøk, mm. Eigen annonsering seinare. SYMJEHALLEN Symjehallen er stengt for vedlikehald frå 6. august. Planlagt opning 29. september (med atterhald om utsetting) Tider for offentleg bading: tysdag – fredag familie 18.00 - 20.00 vaksne 20.00 - 21.00 laurdag vaksne 10.00 - 11.30 familie 12.00 - 16.00 søndag familie 14.00 - 18.00 Born under 10 år skal ha følge med vaksen.

3


Teater: barn og familie Teddy og Marian

Emil i Lønneberget

Fritjof Fomlesen

Førdehuset, Storsalen Laurdag 8. september kl 18.00 Riksteatret

Førdehuset, Storsalen Laurdag 22. september kl 14.00 Victoria productions

Førdehuset, Teatersalen Laurdag 20. oktober kl 15.00 Sogn og Fjordane Teater

Teddy Bamsebjørn bur på tivoli og er hovedvinst i Lailas Lykkehjulvogn. Saman med dei andre kosedyra drøymer han om å bli vunnen av eit barn som kan ta han med ut i verden. Men mest av alt drøymer han om å få køyre karusell. Og ein dag kjem Marian.

Emil er eigentleg ein snill gut som ynskjer å vere til glede og nytte. Som når han heiser veslesøster Ida opp i flaggstanga slik at ho skal få utsikt over Katthult, eller når han stikk hovudet i suppebollen. Faren til Emil er ein hissigpropp som får Emil til å rømme til snekkerbua, som rommar ei stor samling av tre figurar. I framsyninga møter du Astrid Lindgren sine historier frå Katthult.

"...en frydefull symfoni av klovnerier, slapstick, gjøgleri og akrobatikk. Jeg vet ikke om jeg har opplevd unger i teatret gi seg mer over til uhemmet latter..." Fædrelandsv.

Førdepakka

Pulverheksa og julenissen Riksteatret Storsalen, måndag 17. desember kl 18.00 I Pulverskogen er alle i full gong med juleførebuingane. Pulverheksa bakar og Hokus og Pokus pyntar til jul. Julenissen kjem også, men han har eit problem. Han anar ikkje kva venene i Pulverskogen ønskjer seg til jul! Reinsdyret hans dreg på møte i Transportarbeidarforbundet, og sekken hans forsvinn på mystisk vis. Klarer han likevel å finne ut Før dekva alle ønskjer seg før julafta kjem? p

akka

4

Fritjof Fomlesen er kjend frå NRK barne-tv og er ei lystig og lettbeint framsyning, framført i tett dialog med det unge publikummet.


Jack og Bønnestengelen Teater Manu Førdehuset, Teatersalen Fredag 9. november kl 18.00 Jack blir sendt til marknaden, men kjem heim med tryllebønner i staden for mat. Bønnene spirer og blir til ein gigantisk bønnestengel. Jack klatrar opp, og kjem til ei fantastisk draumeverd med dyr som kan snakke og skumle kjempar. Ingen har klart å komme heim etter å ha klatra opp bønnestengelen før, korleis endar det for Jack?

"Pippi feirar jul" Victoria productions Førdehuset, Storsalen Måndag 3. desember kl 18.00 Pippi er i full gang med juleførebuingane. Men skal ho feire jula åleine? Ho føler seg slett ikkje einsam. Ho har jo både Herr Nilsson, og Lille Gubben. Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Tommy og Annika må jo feire jula heime, men dei vil gjerne vere saman med Pippi også. Kanskje dei har ein plan? Men ein ting er sikkert: Det skjer både morosame, spanande og litt rare ting når Pippi feirar jul!

Sirkus Saragossa Sogn og Fjordane Teater Førdehuset, Teatersalen Torsdag 27. september kl 18.00 Fredag 28. september kl 18.00 Laurdag 29. september kl 16.00 Sirkus Saragossa er årets store familieframsyning. Her kjem ting fykande i lause lufta, forsvinn og dukkar opp att på dei merkelegaste plassar i god gamaldags sirkusstil. Dette er ei spektakulær og magisk oppleving med trylling og sjølvaste Helge Jordal som klovn. 5


Teater: vaksne Mitt liv som mann

Sogn og Fjordane Teater Førdehuset, Teatersalen Fredag 19. oktober kl 19.00 Mitt liv som mann er Geddy Anikdsals sjølvbiografiske reise tilbake til Årdal, til besta på Hermannsverk og til 1. mai-feriringa i Folkets Hus på Tangen. Via ungdomstid på Kløverhuset i Bergen og reiser under fjerne himmelstrøk til kvinnerørsla og anarkistisk gateteater i Oslo. Stykket er ei uhøgtideleg og morosam forteljing.

Susanna frå Sunnfjord - ein kammeropera om då Mozart vitja Sunnfjord Førdehuset, Teatersalen Torsdag 29. november kl 19.00 Sogn og Fjordane Teater Året er 1786 og Mozart har vore på Vestlandet om sommaren. Han er forelska i gardsjenta Susanna frå Sunnfjord og bestemmer seg for å skrive ein opera til henne som skal framførast om nokre veker i Wien. 6


Blackbird

Riksteatret Førdehuset, Storsalen Måndag 15. oktober kl 19.00

Førdepakka

Har sanninga fleire sider? Tolv år gamle Una hadde eit forhold til førti år gamle Ray. Femten år etter søkjer ho han opp på arbeidsplassen. Ho har levd under ei skugge av fordøming frå omgjevnadene, og han har sona straffa si og starta eit nytt liv. Kva skjer når ho får sjansen til å fortelje historia frå sin ståstad? I Riksteatret si norgesaktuelle oppsetjing gjør Vidar Sandem comeback på scena etter mange år som teatersjef på Det Norske Teatret, og det nye talentet Marie Blokhus speler Una.

Man Beast

Riksteatret, danseframsyning Førdehuset, Storsalen Laurdag 20. oktober kl 20.00

Førdepakka

”Duda Paiva lager utsøkt teaterkunst. Dette må opplevast.” Bentein Baardson Kva skjer når skulpturane i museet vaknar? I Man Beast blir statuer levende, og eldgamle myter begynner å påverke vår verden. Når dansarane gir liv til skulpturane, byrjar dei å fortelle sine historier. Man Beast utfordrar vår oppfatning av skjønheit og det stygge, røyndom og fantasi. Velkommen til ei mytisk natt på museet!

Førdepakka Fruen fra havet av Henrik Ibsen Riksteatret Førdehuset, Storsalen Torsdag 22. november kl 19.00 Er det muleg å velje det livet ein ynskjer seg? Det er sol og sommar og vi møter Ellida Wangel i ei lita småby innerst i fjorden. Ellida, som har vakse opp ute ved havgapet, har starta eit nytt liv saman med doktor Wangel og hans to vaksne døtre. Men ho lengtar etter noko anna og plagast av ei uro. Ho har mista eit barn og føler seg ikkje innlemma i si nye familie. Så en dag vert ho oppsøkt av mannen som ein gong var hennar store kjærleik, som ho aldri har gløymt. Riksteatret setter denne hausten opp eit av Henrik Ibsens kanskje mest aktuelle dramaer, om kunsten å ta de rette valga og leve det livet man ynskjer seg. For kven har ikkje tenkt på korleis livet ville ha vorte dersom ein valde annleis?

7


konsertar Kammerkonsert med Dora David og Joakim Anselmby Førdehuset, Festsalen Torsdag 4. oktober kl 19.30 Klassisk konsert med spanande duo. Fløytisten Dora David frå Budapest i Ungarn, no busett i Sogndal/Bergen og pianisten Joakim Anselmby frå Sverige, no busett i Sogndal. Dei byr på 3 sonater av Bach, Poulenc og Prokofiev.

Førdepakka

Vi prøver ein ny vri med 4 konsertar i Festsalen. Vi byggjer om Festsalen til kafé med småbord og det vert servering med rettar (øl/vin). Dørene opnar kl 19.15 og konsertane startar om lag kl 20.00. Det vert ein pause i konserten. Dette gjeld for alle 4 konsertane.

Jølster 2012 Førdehuset, Festsalen Torsdag 25. oktober kl 20.00

Førdepakka

8

Toppspelemennene Sigmund Eikås, Synnøve Bjørset, Gro Marie Svidal og Erlend Apneseth går for første gong saman i eit musikalsk prosjekt der du får høyre deira personlege tolkingar av slåttar frå Jølster anno 2012. Repertoaret femnar om springar halling, rull og brureslåttar frå vår vakre nabokommun ved Jølstravatnet. Med ulike ideal nærmar dei seg musikken på kvar sin måte der dei sterke personlegdomane er med på å farge slåttane dei byr på. Kjenner vi dei rett får vi morosame kommentarar og historier i introduksjonane. Vi gler oss!


Thea Hjelmeland Duo Førdehuset, Festsalen Tysdag 6. november kl 20.00 Thea gav ut sitt debutalbum i vår. På lanseringa hadde ho med seg Peter Baden på tromme og percussion. Albumet har fått gode kritikkar og Jarle Bernhoft er sentral som produsent og musikar på mange av låtane. Etterpå har Thea fått stor merksemd i Norge og internasjonalt. Kom og opplev Thea Hjelmeland i Festsalen.

Tradish – Irsk musikk utan grenser

Førdepakka

Førdehuset, Festsalen Onsdag 7. november kl 20.00 Tradish er ein heilt ny musikalsk konstellasjon, men alle medlemmane har tidlegare spelt saman i andre band og er svært erfarne musikarar. Dei framfør Irsk folkemusikk og hyller den, men vil og vise utviklinga Irsk musikk har hatt, ikkje minst internasjonalt. Dette er musikk som dei aller fleste vil like.

HOT CLUB DE NORVEGE

Førdepakka

30 års jubileumsturne Førdehuset, Festsalen Torsdag 8. november kl 20.00 Hot Club de Norvege er eit av landets hotteste liveband, og reknast internasjonalt blant dei fremste i sin stilart. Dei har vært kontinuerlig på vegen siden 70-tallet. Med utgongspunkt i musikken til den legendariske sigøynergitaristen Django Reinhardt har dei i dag kommet frem til sitt eige uttrykk, og eit unikt sound. HOT CLUB DE NORVEGE består av Jon Larsen (gitar), Finn Hauge (munnspill, fiolin og sag), Per Frydenlund (gitar), og Svein Aarbostad (bass).

Førdepakka 9


konsertar

PRØYSEN møter TAUBE VIGGO SANDVIK møter GØRAN FRISTORP Førdehuset, Storsalen Torsdag 27. september kl 20.00 Det er med stor glede vi kan presentere Viggo Sandvik og Gøran Fristorp saman på scena. – «Vi gleder oss veldig til dette samarbeidet», seier dei to artistane og ønskjer publikum velkommen til noko som bør bli ein ugløymeleg kveld. Begge er kjende for sine tolkingar av to av Nordens største og høgst elska visekunstnarar - Alf Prøysen og Evert Taube. Saman skal Gøran Fristorp og Viggo Sandvik ta oss med på ei musikalsk vandring inn i Prøysen og Taube sitt univers, ispett eige materiale - kjent og ukjent stoff.

10

Førdepakka


Tilbake til songane – ein hyllest til Erik Bye! Førdehuset, Storsalen Fredag 12. oktober kl 19.30 I haust har vi gleda av å kunne presentere denne spesielle og vakre framsyninga med nokon av landets fremste artistar. Her kjem Erik Bye sine songar som perler på ei snor og vi får eit innblikk i hans liv og dikting. – Det vert slett ikkje sentimentalt og tungsindig. Her er mykje humor, litt gjøgleri og mykje glede, seier Lars Klevstrand som har sydd saman minneframsyninga. – Musikalsk vert det eit spenn frå Anna Lovinda og Hildringstimen til dei siste visene til Erik Bye. Vi vil servere eit fint og allsidig program som viser eit tversnitt gjennom heile Erik Bye sin store produksjon. Medverkande artistar: Ragnhild Lütken Bye, Annbjørg Lien, Hans Fredrik Jacobsen, Henning Sommero, Lars Klevstrand, Sigmund Groven, Johannes Joner og Carl Morten Iversen.

Førdepakka Hotellpakke Rica Sunnfjord Hotel & Spa, tlf. 57 83 40 00 11


Terje Sporsem - Krig Hausten sin humorhending i Førde! Førdehuset, Storsalen Fredag 26. oktober kl 19.00 Terje Sporsem er endelig tilbake med ein ny standupframsyning og denne gongen har han lada kanonen… Bokstavelig talt! Kan ein le av krig, spør nokon sikkert? I aller høgste grad! Med tema som spenn frå vikingar og krigsflykjøp til 2. verdskrig, hans opplevingar i Afghanistan og diktatorars familiesituasjon tar Sporsem oss med på en gøyal og overraskande reise som vil få deg til å både tenkje og le.

Førdepakka

Vamp -Ein kvar Vampplate er ei reise! Førdehuset, Storsalen Fredag 30. november kl 18.30 Historia til Vamp handlar mykje om møtet med dikta til Kolbein Falkeid, men no lagar dei eigne tekstar i tillegg til Falkeid sine. Med seg har dei no ei ny plate som er innspelt på Færøyane og Etne og vert lansert 20. oktober. –-Vi markerer at vi er 20 år med å gje ut ei ny plate, seier Øyvind Staveland. – Det var aldri snakk om å syngje anna enn på dialekt, seier Staveland. –Syng på norsk, då har du eit særpreg, er hans råd til unge musikarar. Vamp kjem innom Førde under ein hektisk turne. Du har sjansen å vere med dei på ein del av reisa! 12

Hotellpakke Rica Sunnfjord Hotel & Spa, tlf. 57 83 40 00

Julebordspakke Rica Sunnfjord Hotel & Spa, tlf. 57 83 40 00

Førdepakka


Hãndels «Messias» Førde kammerkor og Sogndal Songlag Førdehuset, Storsalen Laurdag 24. november kl 19.00 Georg Friedrich Händel (1685 - 1759) vert rekna som ein av dei mest produktive og innflytelsesrike musikarar gjennom tidene. Blant dei mange kjente verka av Händel, er «Messias» heilt klart det mest spelte. Komposisjonen gjorde Messias ferdig på 24 dager i 1741. Det finst ingen «autentisk» versjon av verket, men i våre dager brukar ein vanlegvis orkester, kor og fire solistar. Denne framføringa vil få ein litt ny vri med litt andre satsar enn det som er vanleg. Den delen dei fleste hugsar frå oratoriet er heilt sikkert Halleluja-koret på slutten av andre delen. Nytt høvet til å oppleve «Messias» med stort kor, orkester og solistar!

Christmas with Nordic Tenors & the Neumann Strings Førdehuset, Storsalen Laurdag 1. desember kl 18.00

Julebordspakke Rica Sunnfjord Hotel & Spa, tlf. 57 83 40 00

Førdepakka

Det vert ikkje ordentlig jul før Nordic Tenors strør musikalsk stjernestøv over frosne vinterhjarte. Med sine klokkeklare stemmer, serverer dei eit juleshow spekka med julestemning og varm humor. Dei har tatt med seg gitaristen Tobias Neumann frå Sverige og hans eminente strykeensemble The Neumann Strings. Laurdag 1. desember kl 18.00 kjem dei til Storsalen i Førdehuset - vi er heldige som har fått dei til å ta turen innom i år igjen!

13


kino Vi ynskjer velkomne til ein svært spanande haust på Kino Førde, her er ein del av filmane som vil stå på programmet: Kon-Tiki, Noregspremiere, 24. august Modig,

i 2D og 3D, Noregspremiere, 31. aug. Eit sjarmerande fyrverkeri av ei forteljing frå animasjonsgiganten Disney Pixar.

Til ungdommen, Noregspremiere, 31. aug. Dei ville forandre verda. Så kom sommaren som forandra dei. Tina & Bettina – The Movie, Noregspremiere, 7. sept. Med eit ungdomsliv fylt av blogging, gutar og festar går alt på skinner for dei to jentene, heilt til dei står ovanfor eit voldsomt problem. Innvandring….

The Bourne Legacy, Noregspremiere, 7. sept. Bourne-serien er attende, denne gongen med Jeremy Renner i hovudrolla. Ein ny hovudkarakter er på; CIA agent Aaron Cross. Men arven etter Jason Bourne skal vise seg å bli eit spørsmål om liv og død for Cross… En kongelig affære, Noregspremiere, 14. sept. En kongelig affære er ein film om eit av dei mest fascinerandre drama i Danmark si historie.

Mer eller mindre mann, Noregspremiere, 14. sept. Mer eller mindre mann vann hovudprisen for beste film ved Karlovy Vary. Filmen er eit komisk drama som tek for seg det å bevege seg vidare i livet, og korleis ein kan miste seg sjølv i forsøket på å gjere alle rundt fornøgde. PARANORMAN, 14. sept. ein ny fantastisk animasjonsfilm/grøssar for store born. 90 minutter, Noregspremiere, 21. sept. Eit nervepirrande drama om tre menn på bristepunktet, ei skildring av ganske vanlege menn som misser fotfeste. Med Aksel Hennie, Bjørn Floberg, Pia Tjelta, Mads Ousdal, Kaja Varjord. Tigre & tatoveringer, Noregspremiere, 21. sept Ein sjarmerande animasjonsfilm for dei aller minste. Maja er 5 år og bur saman med onkel Sonny som har ei tatoverings-sjappe. Men kanskje dei skulle prøve å finne ein skikkeleg familie til Maja.. 14


Hotel Transylvania, Noregspremiere, 28. sept Velkommen til Hotel Transylvania, Dracula sitt overdådige fem-stakers hotell der monster og familiane deira verkeleg kan leve livet, fri til å vere dei monstera dei er utan menneske som bryr seg…

Flukt, Noregspremiere, 28. sept. Ti år etter at Svartedauden herja landet legg ein fattig familie ut på reise for å finne betre levekår. På ei naude fjellovergang dukkar det opp ein bande nådelause rovmordarar.. Regi; Roar Uthaug Hypnotisøren, Noregspremiere, 5. oktober Ein av dei største boksuksessane etter Millennium-trilogien. Dette er den første svenske spelefilmen Lasse Hallström regisserer i heimlandet på 24 år.

Taken 2, Noregspremiere, 5. oktober Den pensjonerte CIA-agenten Bryan Mills (Liam Neeson) og kona vert teken som gislar i Istanbul…. Savages, Noregspremiere, 10. oktober Med Oliver Stone bak roret, er det all grunn til å glede seg

Tingeling – Vingenes Hemmelighet, Noregspremiere, 19. oktober Am. animasjon i både 2D og 3D (norsk tale)

James Bond: Skyfall, Noregspremiere, 26. oktober Skyfall er den 23. James Bond-filmen og den tredje med Daniel Craig i hovudrolla som den britiske agenten. Regi; Sam Mendes.

Sammy 2, Noregspremiere, 2. november Den vesle skilpadda frå Sammys eventyr er tilbake, både i 2D og 3D Reisen til julestjernen, Noregspremiere, 9. november The Twilight Saga – Breaking Dawn, del 2, Noregspremiere, 16. november De fem legendene, Noregspremiere, 30. november Fleire mytiske skapningar sler seg saman for å verne jorda frå ein skremmande trussel i denne fantastiske animasjonsfilmen frå Dream Works Animation. The Watch, Noregspremiere, 30. november Ein hysterisk morosam film der fire vanlege menn opprettar ei gruppe for å passe på nabolaget, men eigentleg berre for å sleppe unna den grå kvardagen ein dag i veka… Hobbiten: En uventet reise (2D og 3D), Noregspremiere, 12. desember Les Miserables, Noregspremiere, 21. desember Stjernespekka filmatisering av Victor Hugo sin store klassikar, med m.a. Anne Hathaway, Hugh Jackman, Helena Bonham Carter og Russell Crowe i rollene.

Med atterhald om endringar! 15


superveka I September er det klart for SuperVeka, ein ny festival som går av stabelen helga 13. og 16. september i Førde. Målet er å skapa ein attraktiv festival for både studentar og innbyggjarar i byen Førde. Det er studentsamfunnet i Førde som er arrangør. Vi har eit veldig flott studentmiljø her i Førde, det har vi også lyst til å vise lokalbefolkninga også. Vi skal også ha konsertar uten alkoholservering tidlegare på dagen. Medan resten av konsertane har 18 års aldersgrense og er ikkje berre for studentar. Alt arbeidet er på frivillig basis og vi treng også frivillige vaktar og barpersonell.

foto: Tom Oxley

DATAROCK kjem til studentveka 15. september på Høgskulen på Vie

Fredag 14. september: DONKEYBOY – Alkoholfri Lørdag 15. september: A-LEE – Alkoholfri Søndag 16. september: Thea Hjelmeland Sjekk ut meir på: superveka.com

Showkoret SURROUND og SPITFIRE presenterar rockeshowet for alle alder:

WE WILL ROCK YOU! Førdehuset, Storsalen Torsdag 18. oktober kl. 20.00

Produsert av Førdehuset/Surround Regi og musikalsk leiing: Andreea Terescenco Hovudsponsor: David Zadig fotograf

16

Eit ordentleg metalband og eit showkor har bestemt seg for å dele scena. Eit energisk show som presenterar den nye «koristtrenden», og metalmusikken som ”musikk for alle”. Repertoaret er ein reise som har utgangspunkt i Knut Nystedt og Karl Orff sine fantastiske arrangementer for så å flytte seg til Ozzy Osbourne og Janet Jackson sine rockdimensjoner. Slade, The Status Quo, Queen er andre stopp under reisa. Spanande? Ja, absolutt! og RÅTT! KULT! GALE!


abonnement No kan du sette saman di eiga abonnents-pakke «Førdepakka»! Vel blant festframsyninga «Hyllest til Erik Bye», Prøysen møter Taube, Riksteatret sine 5 framsyningar, standup med Terje Sporsem og mange fleire. Om du vel 2 eller fleire arrangement og kjøper billettar til heile «Førdepakka» samtidig på Førdehuset eller Servicetorget får du ein bra rabatt. Du kan lage din «Førdepakke» med

Grått = Abonnementspris

Førdepakka

billettar til 2 framsyningar, men hugs at du får fleire kroner rabatt for kvart arrangement du "puttar i pakken". Billettar til Kulturarrangement er flotte julegåver, vi har gåvekort på beløp, kinobillettar eller til symjehallen. Velkommen innom Førdehuset, eller Servicetorget til ein triveleg handel! Johan Bengtsson Kulturleiar

Førdepakka

September Fre - Søn 31-2.

Førde cup, arr: Førde IL Handball

Turnering Bakkeløp

Laurdag

1.

FørdeOpp, bakkeløp og Fest

Fredag

7.

Noregspremierer: Tina & Bettina – The Movie og The Bourne Legacy

Idrettshallen Bystien Kino Førde

Laurdag

8.

Førde cup, arr: Førde IL Fotball

Turnering

Førde stadion

Laurdag

8.

Opning av Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Opning

Kunstmuseet

Laurdag

8.

Fredag

14.

18.00

Tors- søn 13 -16.

Teddy og Marian, Riksteatret

Teater, barn og familie Storsalen

Mer eller mindre mann, Norgespremie?

Kino Førde

Førdehuset

Superveka, studentveka i Førde

Studentveke

Høgskulen

17


Fredag

21.

20.00

Fredagsdansen

Dans

Festsalen

Laurdag

22.

14.00

Emil, Victoria Productions

Teater, barn og familie Storsalen

Torsdag

27.

18.00

Sirkus Saragossa - Urpremiere

Teater, barn og familie Teatersalen

Torsdag

27.

20.00

Prøysen møter Taube

Konsert

Fredag

28.

18.00

Sirkus Saragossa

Teater, barn og familie Teatersalen

Fredag

28.

Noregspremierer: Flukt og Hotel Transylvania

Kino Førde

Laurdag

29.

Sirkus Saragossa

Teater, barn og familie Teatersalen

Laurdag

29.

Norsk rockefest

Fest

RSH & Spa

Dora David og Joakim Anselmby

Konsert, klassisk

Festsalen

16.00

Storsalen

Førdehuset

Oktober Torsdag

4.

Fredag

5.

19.30

Laur-Søn 6.-14. Fredag

12.

Laurdag

13.

19.30

Norgespremierer: Hypnositøren og Taken 2

Kino Førde

Førdehuset

Haustutstilling, Sunnfjord Kunstlag

Kunstutstilling

Utstillingss.

Hyllest til Erik Bye

Konsert

Storsalen

Latinolaurdag: Mambo Companeros

Dans

RSH & Spa

Måndag

15.

19.00

Blackbird, Riksteatret

Teater

Storsalen

Torsdag

18.

20.00

We Will Rock You, Suroundkoret/Spitfire

Konsert

Storsalen

Fredag

19.

Noregspr.: Tingeling - Vingenes Hemmelighet

Kino Førde

Førdehuset

Fredag

19.

19.00

Mitt liv som mann

Teater

Teatersalen

Laurdag

20.

15.00

Fritiof Fomlesen, SoFTeater

Teater, barn og familie Teatersalen

Laurdag

20.

20.00

Man Beast, Riksteatret

Dans-framsyning

Storsalen

Fre- Søn

19-21.

Bilmesse

Messe

Idrettshallen

Torsdag

25.

20.00

Jølster 2012

Konsert

Festsalen

Fredag

26.

19.00

Fredag

26.

Fre-Laur 26-27.

Terje Sporsem – Krig

Stand Up

Storsalen

Nattcup 2012, arr: KFUM/KFUK

Cup

Idrettshallen

Sunnfjord Countryrock.

Fest

RSH & Spa

November

18

Fredag

2.

20.00

Fredagsdansen

Dans

Festsalen

Fredag

2.

20.00

Dum Dum Boys

Konsert

Idrettshallen


Laurdag

3.

Tysdag

6.

Onsdag

7.

Den Store Kinodagen

Film

Førdehuset

20.00

Thea Hjelmeland duo

Konsert

Festsalen

20.00

Tradish, Irsk musikk

Konsert

Festsalen Festsalen

Torsdag

8.

20.00

Hot Club de Norvege, 30 år

Konsert

Fredag

9.

18.00

Jakk og bønnestengelen, Teater Manu

Teater, barn og familie Teatersalen

Fredag

9.

Reisen til Julestjernen - Noregspremiere

Kino Førde

Storsalen

Fre-Søn

9-11.

Medlemsutstilling, Førde Fotoklubb

Fotoutstilling

Utstillingss.

Fre-Søn

9-11.

Førde cup 2012, arr: Førde IL Fotball

Turnering

Idrettshallen

Fredag

16.

Twilight - Noregspremiere

Kino Førde

Storsalen

Laurdag

17.

11.30- 16.00 Bornas Verdsdag med Fargerike Førde

Open dag

Førdehuset

Torsdag

22.

19.00

Fruen fra havet av Henrik Ibsen, Riksteatret

Teater

Storsalen

Laurdag

24.

19.00

Messias av G. F. Handel

Konsert

Storsalen

Medlemsutstilling, Sunnfjord Kunstlag

Utstilling

Utstillingss.

Laur-Søn 24.-2. Torsdag

29.

19.00

Susanna frå Sunnfjord

Kammeropera

Teatersalen

Fredag

30.

18.30

VAMP

Konsert

Storsalen

Desember Laurdag

1.

18.00

Christmas with Nordic Tenors & the Neuman Strings Konsert

Storsalen

Laurdag

2.

16.00

Julegranstenning og Julemesse

Idrettshallen

Messe

Måndag

3.

18.00

Pippi feirer jul

Teater, barn og familie Storsalen

Laurdag

8.

18.00

En viktig konsert!

Konsert

Storsalen

Fredag

14.

19.00

Åsmund Nordstoga

Konsert

Storsalen

Laurdag

15.

Jul i Førdehuset med Førde kulturskule

Konsert

Storsalen

Måndag

17.

Pulverheksa og Julenissen

Teater, barn og familie Storsalen

18.00

19


Hausten 2012 UTLA Karl Seglem, Håkon Høgemo og Terje Isungset torsdag 20. sept 20:00, Haavebua, Florø fredag 21. sept 20:00, Haarklousalen, Førde

UTLA

Mambo Companeros laurdag 13. okt - dørene opnar kl. 21:00, Rica Sunnfjord Hotel & Spa, Førde Bornas Verdsdagar – Gratis familiefestival! Laurdag 17. nov kl. 11.30-16.00, Førdehuset

/fordefestival

Aasmund Nordstoga og band fredag 14. des kl. 19:00, Storsalen, Førdehuset.

Aasmund Nordstoga

Billettar: tlf. 57 72 19 00 | fordehuset.no • For meir informasjon: fordefestival.no

Vi støttar kulturlivet i Førde

KULTUR

FinDriv as, Førde


Haustprogram Førdehuset 2012