Bakketunet 2024

Page 1


På strikkekontoret mitt heng det eit måleri av ei bondekone som gløttar inn i framtida. Arbeidsdagen hennar er kanskje midtvegs, ein arbeidsdag som er lang og ber preg av mykje fysisk arbeid. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å skaffe nok fòr til sauene og gråkollene, som skal stå i fjøset gjennom ein lang vinter. Kvinna i måleriet får meg til å tenkje på livet og kvardagen til forfedrene mine her på garden, og eg freistar å samanlikne deira liv med mitt.

At kyrne på garden blei sendt til slakting same dag som eg blei fødd, ein haustdag i 1976, er rart å tenke på. Eg forstår godt at det ikkje var mogleg å halde fram utan ei fornying av driftsbygningane, og at dei økonomiske sidene ved å drive garden vidare ikkje let seg forsvare. Heldigvis blei ikkje bygningane rivne, slik som fort kunne ha skjedd.

Med eit autentisk gardstun der eldste tømmer er frå 1549, ligg rammene godt til rette for å drive kunst- og kulturformidling. Eit arbeid som vi byrja med i 2010 då vi for fyrste gang opna dørene til Bakketunet.

Med Hjørundfjordstrikk si etablering i 2020 fekk vi eit nytt bein å stå på. Bakgrunnen for satsinga var at eg ville gi Hjørundfjorden eit eige geografisk strikkedesign. Det handla ikkje berre om å setje fjorden på kartet, men òg om å drive kulturformidling gjennom moderne strikkedesign.

Med KUNST, STRIKK & BYGGESKIKK som overskrift, ønskjer vi vitjande velkomne til nok ein sommar i vårt gamle tun!

Marita Bett Aakre, april 2025

Velkomen til Bakketunet sumaren 2025

Vi er stolte over å kunne presentere Roar Kjærnstad som årets hovudutstillar i Bakketunet. Utstillinga har fått tittelen Møter.

Roar Kjærnstad har si kunstfaglege utdanning frå Det Kongelige Akademiet i Antwerpen med fordjupning i måleri. Han skaper verk som er ei blanding av figurative og abstrakte element, dette gjelder særlig måleria hans.

I Bakketunet i sumar kan besøkande sjå fram til små og store format med grafikk og maleri, med tunet som kulisser.

Tunet opnar søndag 29. juni og har ope kvar søndag kl. 12 -17 fram til 31. august for individuelt besøkande. Under Indiefjord har vi òg ope laurdag 13. juli.

Små og store grupper er velkomne til å gjere avtale om besøk. Vi skreddarsyr gruppebesøk med både meny og innhald. Inngang kr. 100,Fri entre for barn under 16 år.

For inngang utan om opningstida må det gjerast avtale.

Søndagar serverer vi kaffi og kaker frå kafeen, og på enkelte opne dagar har vi middagsservering og pizza frå vedfyrt bakaromn.

Måleri av Roar Kjærnstad

KUNST

Anne Mari Akslen (f.1941) er fødd og oppvaksen i Bakkegarden. Ho budde i den raudmåla stova fram til 1968. Då flytta familien til huset som i 1955 vart bygd som ingeniørbustad for Tussa Kraft. Anne Mari byrja tidleg både å måle og strikke, men la vekk planane sine om å søkje på Kunstindustriskolen i Oslo då broren Berner døyr berre 19 år gamal.

Anne Mari Akslen (g. Jensen) på 60 -talet. Draumen var å bli kunstmålar.

Det er temmeleg rart å tenkje på kor mykje levd liv som ligg bak dei gamle gardane. Gjennom fleire generasjonar har valg blitt gjort, og ført fram til det vi kjenner i dag. For kort tid sidan hadde dei fleste av oss tilknytning til garden.

I Bakkegarden har fleire triste lagnader gjennom generasjonane ført oss dit vi er i dag. Med denne kunnskapen, som står i så sterk kontrast til det å vandre gjennom tunet ein vakker sumardag, blir eg spesielt takksam for arven etter mine forfedre.

Med interessa for kunst som ein del av morsarven, vart det ein berebjelke for det som starta og som ligg i botnen for drifta av Bakketunet. I eit møte med bygningsantikvar Christ Allan Sylthe på slutten av 90-talet, seier eg spontant at eg kan starte kunstgalleri i kufjøset, slik at fleire skal få høve til å oppleve kulturminnet som er lagt ned så mange ressursar i.

Og slik vart det! Sidan opninga i 2010 har vi hatt nye utstillingar med kjende kunstnarar kvart år. Når eg har hatt tid og rom til å måle, har eg av og til stilt ut eigne verk. Det same har mora mi, Anne Mari, som har ei stor samling måleri!

Det at vi som private eigarar får moglegheit til å vise fram både vår eigen og andre sin kunst i tunet, opnar for nye refleksjonar, liker eg å tru.

Å fange opp og vise impulsar frå samtida er eit berande element. Det gamle gardstunet skal ha eit levande og samtidsakutelt innhald! Vi er ikkje eit museum, men ein levande gard med drift tilpassa vår tid.

STRIKK

Gjennom Hjørundfjordstrikk ønskjer vi å formidle natur, historier og kulturarv frå fjorden, og med det skape ei merkevare som er med på å løfte Hjørundfjorden som reisemål.

I vår tid har vi så uendeleg mange moglegheiter at vi nesten kan gå oss vill. Difor er det ekstra godt å ha desse røtene i ein gard i ein fjord. Med det kjem det ein immateriell arv der slektshistoria framleis er nær. I mitt tilfelle har eg òg ein materiell arv som kjem til syne i form av eit gamalt gardstun. For meg har den gamle garden blitt ei kjelde til læring og inspirasjon til å skape noko nytt.

Gjennom arbeidet med Bakketunet har eg skjøna kor viktig sauen har vore, og framleis er. Sauen som ull- og kjøtprodusent har redda eit heilt kystfolk frå både å fryse og svelte ihel! Ull er gull, og ein livreddar på fleire nivå. Sett i eit miljøperspektiv, er ull eit berekraftig tekstil med eineståande kvalitetar og som gir milde klimaavtrykk.

Hjørundfjordstrikk sine produkt er sjølvsagt strikka i 100% norsk ull. Gjennom strikkedesign som Kufjordkofta, Hjørundfjordgenseren, BÆÆÆrekraftkofta, Ny Sunnmørskofte, Alpegenseren, Mariegenseren, Romantikkstrikkjakke, Sæbøgenseren, Ulldorre, Romantikkstrikktopp, Indiefjordjakka, Sæbøkofta, Hornindalkofta, Bjørkekofta, Volvogenser, Fjordslottkjole, Øyejakka, Steinkaldtvottar, Hornindalgenseren, Bjørkegenseren, Gråkolleskjerf og Bakketunkofta, er vi med på å formidle ein liten del av historia til fjorden. Ideen om eit kunstgalleri i kufjøset blei til noko mykje større, og kvinna i måleriet og eg har noko til felles; Vi ønskjer begge å kunne bu på garden og skape oss eit levebrød av kortreiste ressursar. Sunnmørsbonden har alltid vore god på å drive med sirkulær økonomi!

BYGGESKIKK

Bakketunet med sine freda bygningar er eit kulturminne som har status nasjonal verdi. Tunet er i privat eige, og får ikkje offentleg støtte til drifta. Ditt besøk i tunet gjer difor til at vi som private eigarar kan ta vare på kulturminnet gjennom vern gjennom bruk.

Den eldre Marie og Sivert Akslen, dei siste gardbrukarane i Bakkegarden.

Det stod ikkje så bra til med dei seks bygningane i Bakkegarden då gardsdrifta blei lagt ned i 1976. Då Marie kjøpte garden av den yngre broren Simon B. Aakre i 1941, var det allereie ein gamal gard med lite funksjonelle driftsbygningar. Tida hadde stått stille. Foreldra til Marie og Simon døydde unge, og difor blei garden pakta vekk til Simon var gamal nok til å ta over. Simon dreiv garden i kort tid før han drog på sjøen att. Han hadde vore på fiske frå han var 13 år gamal, og segla ute under krigen.

Men kva skulle dei gjere med dei gamle forfalne bygningane etter at gardsdrifta blei lagt ned i 1976? Løysinga kom med historikar Ragnar Standal, som var med på arbeidet med ei kultursoge for Hjørundfjorden. Gjennom dette arbeidet kom han i kontakt med Marie.

Ragnar Standal ante konturane av eit tun med bygningar som kunne vere svært gamle. Fylkeskommunen blei kobla inn. Hjørundfjord kulturvernlag tok eit overordna ansvar for søknadsskriving og organisering av restaureringsarbeid. I 1978 fekk Marie og Sivert midlar for å setje i stand stallen. Dendrokronologiske prøver blei tatt av grindløde, røykstove og stabbur. Alle prøvene kunne slå fast at tømmeret var felt i 1549. Det var ikkje tvil, det autentiske gardstunet måtte takast vare på!

Først i 2017 er heile tunet ferdig restaurert! For det kan vi takke Fylkesantikvaren, Norsk kulturminnefond, Ørsta kommune og Hjørundfjord kulturvernlag! Ressursane som er lagt ned i gardstunet er store!

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.