Folkvord og Wergeland: Sekstimarsdagen

Page 1

www.gyldendal.no/akademisk

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø? Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien. Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det. Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.

SEKSTIMARSDAGEN

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Folkvord • Wergeland

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Sagt om sekstimarsdagen: – Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstidsforkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO – Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstidsreformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

SEKSTIMARSDAGEN – den neste store velferdsreforma?


www.gyldendal.no/akademisk

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø? Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien. Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det. Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.

SEKSTIMARSDAGEN

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Folkvord • Wergeland

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Sagt om sekstimarsdagen: – Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstidsforkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO – Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstidsreformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

SEKSTIMARSDAGEN – den neste store velferdsreforma?


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 1 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 2 Monday, August 25, 2008 12:19 PM


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 3 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

magnhild folkvord og ebba wergeland

sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma?


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 4 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

© Gyldendal Norsk Forlag AS 2008 1. utgåva, 1. opplaget 2008 ISBN 978-82-05-38523-8 Omslagsfotografi: Greg Rødland Buick På omslagsfotografiet: Skiferarbeidar Sverre Josten, Minera Norge AS, Otta Sats: Laboremus Prepress AS Brødtekst: Minion 10,5/14,5 pkt Papir: 90 g G-print Trykk: HS-Repro A/S 2008 Alle spørsmål om det forlaget gir ut, kan du rette til: Gyldendal Akademisk Postboks 6730 St. Olavs plass 0130 Oslo www.gyldendal.no/akademisk akademisk@gyldendal.no Forfattarane har mottatt støtte frå Fagforbundet (Folkvord) og Det faglitterære fond (Wergeland). Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 5 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

forord

Heller velferd enn velstand

Noreg har utvikla seg til å bli eitt av dei rikaste landa i verda, og vi som bur her, bør vera audmjuke over det. Vi er heldige, det er ikkje mange menneske på jorda som har det materielt betre enn gjennomsnittsnordmannen og -kvinna. Likevel er ikkje måtehald eit kjenneteikn ved veremåten vår. Kjøpefesten ser ut til å vera utan ende. For ikkje lenge sia hadde ei avis oppslag om at norske barn ikkje lenger har noko å ønskja seg. Dei får alt dei treng, og vel så det. For ei tid tilbake tok eg til orde for at vi snart må få i gang ordskiftet om korleis vi vil forma samfunnet vårt i framtida. Vi må drøfta eit nytt solidaritetsalternativ tilpassa vår tid. Det er ingen tvil om at verda ikkje toler det veldige forbruket vi har lagt oss til. Naturen er i ubalanse, og forskjellane mellom ulike grupper aukar. Dei rike blir rikare, og dei fattige får ikkje vera med på kjøpefesten. Fleire blir støytte utanfor, fordi dei ikkje greier å henga med i ein stadig råare arbeidsmarknad. Folk synest det er for stor skilnad mellom høgt- og lågtlønte i samfunnet vårt, medan skilnadene aukar. Altfor mange blir pressa ut av arbeidsmarknaden, og det er dei med låg lønn og forholdsvis kort utdanning som i størst grad blir uføre. Vi ser også at kvinner blir uføre i høgare grad enn menn. Samstundes veit vi at det er kvinner som tar dei tyngste taka heime. Derfor er sekstimarsdagen også eit viktig likestillingstiltak. Sekstimarsdagen er viktig i debatten om korleis vi skal forma samfunnet vårt i framtida. Denne boka viser at sekstimarsdagen er ei reform som i størst grad tener dei som treng det mest. Dei med hardt fysisk arbeid, gjerne i pleie og


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 6 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

6 heller velferd enn velstand

omsorg, kan kanskje greia å stå i full jobb når arbeidsdagen er litt kortare. Til dømes er erfaringa frå Tine Heimdal at sekstimarsdagen gav høgare produktivitet samstundes som den gjorde slutt på nattarbeidet. Og forsøk med sekstimarsdag innanfor pleie- og omsorgsarbeid fortel, slik ein kanskje kunne venta, om mindre muskelplagar, ein mindre slitsam arbeidsdag og betre søvn. Fagrørsla har endra samfunnet før. Eg meiner altså at det er tid for å ta dei nye utfordringane på alvor og spørja oss sjølve: Korleis vil vi at samfunnet vårt skal endra seg? Kva er det vi treng mest, auka velstand eller meir velferd? Eg meiner vi må veksla inn noko av velstanden i velferdsreformer som sekstimarsdagen. Ein klar føresetnad må vera at alle deltar i denne nasjonale dugnaden. Vi kan ikkje redusera velstandsauken for somme, medan andre fortset å bli rikare og rikare. Mange har sagt at vi ikkje har råd til ei reform som sekstimarsdagen. Til det seier eg: Klart vi har råd. Vi har råd til å skapa eit arbeidsliv som gir rom for fleire og ikkje øydelegg helsa til fullt så mange. Det er vel heller ingen tvil om at vi ikkje berre har råd, men også plikt, til å samlast om framlegg som kan bidra til å redusera belastninga på miljø og natur. Klart vi har råd til å redusera arbeidstida, så lenge vi set dette tiltaket inn i ein større samanheng. Sekstimarsdagen er eit tiltak vi kan samlast om for å få meir velferd, utan å auka forbruket enda meir. Oslo, juli 2008 Jan Davidsen, forbundsleiar i Fagforbundet


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 7 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

Takk!

Medan vi har arbeidd med boka har vi, i tillegg til dei vi har sitert, hatt nytte av samtalar med stortingsrepresentant Marianne Marthinsen og arbeidslivsforskar Bjørg Aase Sørensen. Roar Eilertsen, De Facto, og Inger Holm, Statistisk sentralbyrå, las og kommenterte økonomikapitlet. Historikaren Harald Berntsen gjorde det same med kapitlet om historia. Johan Petter Andresen har gitt nyttige innspel. Tilsette og arbeidsgivarar i dei bedriftene vi har besøkt, har velvillig sleppt oss inn og tatt seg tid til å fortelja om sine erfaringar med sekstimarsskift og sekstimarsdag, både som forsøk og meir eller mindre permanente ordningar. Takk vera dei kan vi gi den første samla framstillinga av dei ulike sekstimarsdagane i Noreg i 2008. Boka ville ikkje blitt til utan stipenda frå Fagforbundet (Magnhild Folkvord) og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (Ebba Wergeland) slik at vi kunne ta permisjon frå jobbane våre i Klassekampen og Arbeidstilsynet. Takk også til Lilian Kongshavn og Arne Bernhardsen i forlaget for utfordringar og motstand som vi trur har gjort boka betre. Ansvaret for eventuelle feil tar vi sjølve. Oslo, august 2008 Magnhild Folkvord og Ebba Wergeland


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 8 Monday, August 25, 2008 12:19 PM


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 9 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

Innhald

innleiing visjonen om det gode arbeidet . . . . . . . . . . . . . . . . . .

13

kapittel 1 det er ikkje pengane, men viljen det står på . . . Er økonomar betre spåmenn enn folk flest? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Reknestykka frå NHO . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Produktivitetsutviklinga . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ikkje alt kan automatiserast . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kortare dag – ein litt større del av kaka så lenge det varer . . . . . . . . . . . . . . . .

17 19 25 26 28 28

Sagt om sekstimarsdagen: Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets . . . . . .

29

kapittel 2 kortare, men hardare arbeidsdag? . . . . . . . . . . . . . Kva slag samfunn? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Utmatting . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kvalitet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Pausar er god investering . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Gode løysingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

32 34 35 36 37 38

Sagt om sekstimarsdagen: Sigrun Vågeng, arbeidslivsdirektør i NHO . . . . . . . . . . .

39

kapittel 3 mindre vekst, betre fordeling . . . . . . . . . . . . . . . . . . Økonomisk vekst og berekraft . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Det private forbruket aukar mest . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

42 44 45

Sagt om sekstimarsdagen: Solveig Fiske, biskop i Hamar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

48


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 10 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

10 innhald

kapittel 4 problem eller løysing for eldreomsorga? . . . . . Effektivisering utan sekstimarsdag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Vil eldrebølgja krevja 130 000 nye årsverk? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Deltidsreserven . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Konkurransedyktige omsorgsyrke . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Meir tid til å ta seg av dei næraste . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . «Mangel på arbeidskraft» – det motsette av arbeidsløyse . . . . . . . . . . . . . . . .

50 51 52 54 54 55 56

Sagt om sekstimarsdagen: Rita Ottervik, ordførar i Trondheim . . . . . . . . . . . . . . . .

57

kapittel 5 lettare å vera deltidsbonde . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Levande bygder . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . – For strevsamt med full jobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Mange vil ha småbruk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Er små bruk eit svar på matvarekrisene? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

59 60 61 63 64

kapittel 6 godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Mindre påkjenning og betre tid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Gir rom for eldre og gjer færre «funksjonshemma» . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kva seier forskinga? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Sekstimarsdag i omsorgsyrke – Noreg og Sverige 1995–98 . . . . . . . . . . . . Sekstimarsdag i offentleg sektor – Sverige 2005–2006 . . . . . . . . . . . . . . . . Kva med sjukefråværet? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kva hender med fråværet i eit sekstimarsdagsforsøk? . . . . . . . . . . . . . . . . .

65 65 68 68 69 69 70 71

kapittel 7 kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? . . . . . . . Stiller opp for jobben . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Frå forsørgjar til omsørgjar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kva kjem etter fedrekvoten? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Er mannfolk berre einskildindivid? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

74 75 76 77 78

Sagt om sekstimarsdagen: Gudrun Schyman, talsperson for Feministiskt initiativ i Sverige . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

80

kapittel 8 eit krafttak for likestilling . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

82

Sagt om sekstimarsdagen: Sigbjørn Johnsen, fylkesmann, om sekstimarsdagen i 1982 og 2008 . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

86


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 11 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

innhald 11

kapittel 9 normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Normalarbeidsdag og unntak . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Arbeidstid, opningstid og driftstid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Sekstimarsdagen – eit vestleg luksuskrav? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

88 89 92 94

kapittel 10 kortare arbeidsdag – ei lang historie . . . . . . . . Disiplinering til industriarbeidar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lovfesta grenser . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Dei første . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kvinnekrav . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Motstand – og framgang . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

96 96 99 102 105 107

Sagt om sekstimarsdagen: Gerd-Liv Valla, tidlegare LO-leiar . . . . . . . . . . . . . . . . .

109

kapittel 11 sekstimarsdagen på kellogg’s (1930–1985) . . . . Ein kapitalisme utan arbeidsløyse? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Mi tid, ikkje bedrifta si tid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Meininga med livet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

113 114 114 116

kapittel 12 fleire slags sekstimarsdag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Tine Heimdal: Har fått natta tilbake . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Meir intensivt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . På lag med fagrørsla . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Bergen: Gjer ein betre jobb på seks timar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ønske frå dei tilsette . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kamp om innteninga . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Bømlo: Permanent prøveordning i trappefabrikken . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Full produksjon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Full jobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Reinhaldarar i Miljøservice, Trondheim eiendom: Orkar meir . . . . . . . . . . . . . Trondheim parkering KF: Meir tid til ungane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Minera, Otta: Tid til fotball og flugefiske . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . SinkaBerg-Hansen AS, Rørvik: Sekstimarsskift, men ikkje for alle . . . . . . . . . . Krølle Frisør i Fauske: Lettare å vera blid med sekstimarsdag . . . . . . . . . . . . . . Nardo Bil AS, Trondheim: Svarte ikkje til forventingane . . . . . . . . . . . . . . . . . Vikaunet fabrikker, Stjørdal: Sekstimarsdag om vinteren . . . . . . . . . . . . . . . . . Brandasund Fiskeforedling AS, Bømlo: Kostbar overtid . . . . . . . . . . . . . . . . . . Sigurd Folland AS, Averøy: Sekstimarsskift i sesongen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Oslo-forsøket . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

118 119 120 121 122 124 124 125 126 128 129 131 135 138 141 142 143 143 144 145


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 12 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

12 innhald

kapittel 13 sekstimarsdagen i sverige . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kiruna: Fleire fekk heiltidsjobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Toyota Center: Sekstimarsdag berre for menn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Sekstimarsdag med bonus . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Av og pĂĽ . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Attraktiv lagerarbeidsplass . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . For mykje fritid? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Offentleg sektor . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

150 150 152 154 155 156 157 158

Sagt om sekstimarsdagen: GĂśran Persson, tidlegare statsminister i Sverige . . . . . . . .

158

kapittel 14 sekstimarsdag pĂĽ din arbeidsplass? . . . . . . . . . . . . Kvifor sekstimarsdag? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Skiftarbeid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kva med overtida? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

160 161 162 163

kapittel 15 brutto nasjonal lykke (bnl) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 167 litteratur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 173


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 13 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

innleiing

Visjonen om det gode arbeidet

Kvifor er ikkje sekstimarsdagen innført for lenge sia? Alt i 1987 presenterte eit offentleg oppnemnt arbeidstidsutval framtidsbilete der sekstimarsdagen var eitt av fleire alternativ. Økonomar hadde rekna ut at sekstimarsdagen kunne gjennomførast utan samanbrot i den norske økonomien. Det same har andre regjeringsoppnemnde økonomar rekna ut i 2008. LO-kongressen i 2005 vedtok å arbeida for forsøk med sekstimarsdag. Daverande LO-leiar Gerd-Liv Valla sa til kongressdeltakarane at poenget med slike forsøk var å sjå om sekstimarsdagen kan vera ein veg å gå «til vår visjon om det gode arbeid». Kor lenge skal vi venta på at denne visjonen blir verkeleg? Kvifor har vi ein avtalefesta arbeidsdag på 7,5 timar – nesten 90 år etter at åttetimarsdagen vart lovfesta? Kvifor er grensa for normal arbeidstid i arbeidsmiljøloven framleis på heile ni timar? Og kvifor vil mange til og med auka normalarbeidsdagen, altså den tida som ikkje gir rett til tillegg for overtid, ubekvem tid eller nattarbeid? I diskusjonane om framlegget til ny arbeidsmiljølov var det dei som ville setja grensa ved 13 timar. I dei siste åra har nær tusen arbeidstakarar på ulike stader i landet, i både privat og offentleg verksemd, fått høve til å prøva kva sekstimarsdagen er, med eller utan assistanse frå fagrørsla. For ein del av dei har sekstimarsdagen vorte ei varig ordning. Arbeidsgivarar har sett at sekstimarsdagen fungerer godt, og at den kan gi like gode resultat som ein lengre arbeidsdag – eller til og med betre. Men for det store fleirtalet går kampen om tida vidare som før. Fedrar og mødrer spring om kapp med klokka til og frå jobb, barnehage, skolefritidsord-


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 14 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

14 innledning

ning, og alt som både ungar og vaksne gjerne vil gjera saman i fritida. Den fritida foreldra gjerne ville ha for seg sjølve, blir kanskje salderingsposten. Sjølv om normalarbeidsdagen har vorte litt redusert, har den gjennomsnittlege samla arbeidstida for to foreldre auka. Berre frå 1990 til 2005 auka gjennomsnittleg avtalt arbeidstid for mødrer og fedrar til saman med vel to timar i veka. Og framleis arbeider ein stor del av kvinnene deltid og mottar dellønn – i eit land som skal vera bortimot verdsmeister i likestilling. Moderne fedrar bruker fedrekvoten for å knyta tettare band til ungane sine. Når skal dei krevja sekstimarsdag, slik at far kan vera til stades ikkje berre i barnets første leveår, men gjennom heile oppveksten? Det er slett ikkje berre dei som har ungar, som opplever at tida ikkje strekk til. Tidsklemma klemmer til for både den eine og den andre. Kva med alt folk kunne ha lyst til å gjera, til glede for seg sjølve og andre – om dei berre ikkje hadde det så travelt? Produktivitetsveksten har gitt grunnlag for heving av lønnsnivået, sjølv om det framleis er mange som er lågtlønte. Det urettferdige skiljet mellom kvinnelønn og mannslønn har vore nokså konstant dei siste tjue åra. Kan tida likevel vera inne for å krevja meir tid i staden for meir pengar? Kan eit slikt krav verka tilbake på lønnsskilnadene og gjera dei mindre? Vi veit mykje om at forbruket i vår del av verda er eit direkte trugsmål mot miljø og klima. Det er ikkje berre dei aller rikaste som står for dette forbruket. Det går ei grense for kor høgt forbruket kan vera. Mange vil meina at det også går ei grense for kor ulikt forbruket kan vera, både innanfor landegrensene og når vi samanliknar med andre og fattigare land. Kan sekstimarsdagen vera ein del av løysinga – både når det gjeld tidsmangel, miljøkrise og manglande likestilling mellom kvinner og menn? Og kva vil den føra med seg av nye utfordringar? Skjer det til dømes noko med maktfordelinga i eit parforhold dersom ho og han får meir lik arbeidstid og meir lik lønn? Korleis skal framtidige tariffoppgjer sjå ut, om vi både skal retta opp dei urimelege skilnadene mellom kvinnelønn og mannslønn, setja ei grense for kor mykje kjøpekraft vi vil ha, og ta ut auken i produktiviteten i form av meir fri tid? Kan ei heilt ny form for solidaritetsalternativ vera vegen å gå for å få gjennomført seks timars normalarbeidsdag som den neste store velferdsreforma?


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 15 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

visjonen om det gode arbeidet 15

Kan innføringa av seks timars normalarbeidsdag ta til i offentleg sektor? Kva følgjer vil det i så fall få for privat sektor? Reaksjonane frå NHO og Høgre kan tyda på at økonomien vil bryta saman når normalarbeidsdagen blir redusert til seks timar – sjølv om utrekningar frå regjeringsoppnemnde økonomar viser noko anna. Men angstreaksjonar på arbeidsgivarsida er ikkje noko nytt når det er snakk om prisen på arbeidskrafta. Til LO-kongressen i 2001 sa Gerd-Liv Valla mellom anna: De sa at 8-timersdagen ville ødelegge økonomien – de tok feil! De sa at lørdagsfri ville ødelegge økonomien – de tok feil! De sa sågar en gang i tiden at forbud mot barnearbeid ville ødelegge økonomien – de tok grundig feil! Derfor kan vi trygt lukke ørene når arbeidgiverne sier nei. Vi har nemlig hørt det så ofte før og hver gang har de tatt feil.

Skeptikarar argumenterer med at det blir for lite arbeidskraft om vi innfører sekstimarsdag for alle. Er det ustyrlege naturkrefter som avgjer kva som trengst av arbeidskraft? Kan ikkje så viktige spørsmål påverkast av politisk styring? Åttetimarsdagen kom litt etter litt, først i einskildverksemder, langt om lenge i tariffavtalar bransjevis, og heilt til sist som lov. Men da var den i praksis alt sett ut i livet dei fleste stader gjennom tariffavtalar. Kanskje er det viktigaste spørsmålet korleis sekstimarsdagen kjem? Dei erfaringane som er gjorde så langt, tyder på at det kan vera stor skilnad mellom ein sekstimarsdag som kjem meir eller mindre som eit pålegg frå arbeidsgivaren, og ein sekstimarsdag som arbeidstakarane sjølve har vore med på å planleggja. Denne boka gir deg ikkje svaret på kvar grensa går for forsvarleg kjøpekraft, eller korleis du skal kvitta deg med tidspresset i kvardagen din. Men den viser fram nokre av dei erfaringane som er gjorde med sekstimarsdag, både forsøk som har vore så vellykka at dei har vorte varige, og forsøk som var mindre vellykka. Vi gir også ein del råd som vi håpar kan vera til nytte om du har lyst til å få prøvd ut sekstimarsdag på din eigen arbeidsplass.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 16 Monday, August 25, 2008 12:19 PM


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 17 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 1

Det er ikkje pengane, men viljen det står på

Vi kunne ha hatt sekstimarsdagen for lenge sia. Ved midten av 1980-åra bad regjeringa om ei utgreiing frå dei mest kjende økonomane her i landet, om kva ulike arbeidstidsreformer ville kosta. Utgreiinga låg klar i mars 1987. Økonomane hadde mellom anna rekna på kva innføringa av sekstimarsdagen ville kosta. Dei meinte at reforma kunne gjennomførast i løpet av 15 års tid, utan nedgang i reallønna. Dersom det hadde vore politisk vilje i regjering og storting i 1987, kunne vi altså ha hatt sekstimarsdagen på plass i 2005. Prislappen for sekstimarsdagen sette økonomane til 5–15 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP). Eit spørsmål om å velja – «Arbeidstidsforkortelser er fundamentalt sett et spørsmål om å velge mellom på den ene siden varer og tjenester, og på den andre siden fritid. Av de arbeidstider utvalget har analysert, er 6-timersdagen den klart dyreste, målt etter hvor stor andel av veksten i produksjon og inntekt en må gi avkall på. Under optimistiske antakelser om ledsagende produksjonsforbedringer og endringer i driftstiden, vil 6-timersdagen trolig innebære et tap av inntekt og produksjon på 8–10 prosent, regnet i forhold til hva en kunne oppnå uten arbeidstidsreformer av noe slag. Under mer pessimistiske antakelser kan inntektstapet bli 12–15 prosent, forutsatt at en unngår arbeidsledighet. Under de forutsetninger som er nevnt foran, og med en normal økonomisk vekst i løpet av nærmeste 14-årsperiode, vil innføring av 6-timers normalarbeidsdag likevel ikke behøve å bety redusert gjennomsnittlig reallønn pr årsverk ut fra dagens nivå.» (NOU 1987: 9 A, s. 14–16)


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 18 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

18 kapittel 1

I 2008 kom ei ny utgreiing om ulike arbeidstidsreformer (Bjørnstad, Hammersland og Holm 2008), laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Departementet var interessert i andre former for årleg arbeidstidsforkorting enn kortare normalarbeidsdag. Sekstimarsdagen er faktisk ikkje nemnd med eit ord i bestillinga, men to av alternativa som SSB rekna på, passar med sekstimarsdagen, slik dei også skriv i rapporten. Det første gjeld 10 prosent kortare arbeidsveke frå 2010 og 20 prosent kortare frå 2020, altså tilsvarande ei totrinns innføring av sekstimarsdag. Det andre gjeld innføring av fire dagars arbeidsveke frå 2010, ei 20 prosent forkorting som tilsvarer innføring av sekstimarsdag i eitt einaste, kjapt steg. Med fire dagars veke er sjansane for betre fordeling av lønnsarbeidet mellom menn og kvinner mindre enn med sekstimarsdag. Kvinner treng oftare enn menn kortare dag, fordi dei har meir ansvar utanfor arbeidsplassen. Det er truleg også mindre helsegevinst og mindre sjanse for inkludering av eldre og funksjonshemma om det berre er veka og ikkje arbeidsdagen som blir kortare. Men dei økonomiske verknadene av fire dagars veke og sekstimarsdag (i fem dagars veke) skulle elles vera omtrent dei same. Utgreiinga frå SSB i 2008 nytta ein litt annan modell og la inn litt andre føresetnader enn økonomane gjorde i 1987, men konklusjonen var den same: Sekstimarsdagen er ikkje urealistisk. Det får ikkje katastrofale følgjer for landet å innføra 30 timars arbeidsveke for alle frå 2010, eller i alle fall innan 2020. Med ei slik arbeidstidsforkorting meinte SSB at bruttonasjonalproduktet (BNP) frå Fastlands-Noreg, utan oljesektoren, ville vera 5–10 prosent lågare i 2050 enn utan arbeidstidsforkorting (tabell 1.1). Og Noreg vil ha råd. Utan arbeidstidsforkorting rekna dei med at BNP i 2050 ville vera 3106 milliardar 2004-kroner, eller meir enn det dobbelte av forventa BNP i 2010, som var 1418 milliardar 2004-kroner. Det er med andre ord ikkje allverdas skilnad med og utan arbeidstidsforkorting, og prislappen i form av lågare BNP liknar ganske mykje på det økonomane kom fram til i 1987. Utgreiinga frå SSB peikte også på at vi allereie i 2006 arbeidde om lag 30 timar i veka i gjennomsnitt, tilsvarande seks timar dagleg fem dagar i veka. Dei fleste arbeider rett nok meir. Særleg blant menn er det mange som arbeider langt over 40 timar i veka. På den andre sida er det ein god del kvinner som ikkje


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 19 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 19

Vi har ikkje råd til sekstimarsdag, seier motstandarane. Denne løpesetelen frå Kvinnefronten hausten 1983 har svaret klart.

får anna enn kort deltidsarbeid. Dei arbeider langt mindre enn 30 timar i veka og tener tilsvarande lite. Kortare normalarbeidsdag kunne gi ei jamnare fordeling av dei same lønnsarbeidstimane.

Er økonomar betre spåmenn enn folk flest? Utgreiingane frå 1987 og 2008 byggjer på mange føresetnader om verknadene av dei ulike arbeidstidsforkortingane. Tal for slikt som påverkar produktivitet og sysselsetjing, er dels rekna ut frå modellar for korleis ting heng saman, dels ut frå kva utgreiarane trudde ville henda. Her er nokre av føresetnadene for reknestykka som blei sette opp i 1987: • • • •

Auka driftstid, ved at om lag 18 prosent av dei som arbeidde dagtid i produksjon retta mot heimemarknaden, gjekk over på toskiftsordning. Auka produktivitet med snautt 0,2 prosent for kvar prosent timeverkinnsatsen gjekk ned. Lågare lønnskrav ville hindra arbeidsløyse. Sjølvstendig næringsdrivande og familiearbeidskraft vart ikkje med på reforma.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 20 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

20 kapittel 1

• •

Alle på lang deltid (16–29 timar) fekk fulltid. Vel 3 prosent fleire kvinner vart yrkesaktive.

Sjølvsagt kunne ein eller fleire av desse føresetnadene slå feil, men det var nødvendig å setja dei opp for å kunna laga reknestykke som viste tenkjelege verknader av reforma. I utgreiinga frå 2008 er det på same vis. Modellen som er nytta, byggjer på røynsler om korleis samanhengane har vore mellom forholda på arbeidsmarknaden, i produksjonen og den økonomiske politikken i Noreg i dei siste 20–30 åra. Modellen seier noko om sannsynlege verknader av ulike former for arbeidstidsforkorting og under ulike føresetnader, om produktivitet og arbeidstilbod (timeverk til sals), arbeidsløyse og faktisk arbeidstid (tabell 1.1). I dei fleste reknestykka går ein ut frå at sjukefråværet er uendra, og at arbeidstidsforkortinga ikkje fører til auka arbeidsinnvandring. Ein går også ut frå ei arbeidsløyse på om lag 4 prosent ved innføringa av reforma, og peiker på at konsekvensane blir påverka av korleis økonomien er når reforma blir innført. Når det skal reknast på innføring av fire dagars (30 timars) veke allereie frå 2010, må det leggjast inn ein omfattande overtidsbruk dei første åra, elles blir det «negativ ledighet» (stor og udekt etterspurnad etter arbeidskraft), og det høver ikkje med modellen som er brukt. Tenkjer vi på sekstimarsdagen som velferdsreform, gjeld det sjølvsagt å halda overtidsbruken låg, elles er det liten vits i reforma. Økonomane er vane med å nytta modellar for samfunnsutvikling når dei lagar spådommar eller prognosar. Dei økonomiske modellane er nyttige, for dei kan hjelpa oss til å sjå ulike vegval og planleggja samfunnsreformene betre. Men sekstimarsdagen kan endra på mykje i dagleglivet vårt som ikkje er med i føresetnadene for dagens modellar. Den som les gamle økonomiske utgreiingar, vil sjå at utviklinga stort sett gjer spådommane til skamme når ein går nokre år fram i tid. Røynda er mykje meir samansett enn nokon økonomisk modell. Derfor er det også lov for alle å leika med tanken om kva sekstimarsdagen kan bety for framtida vår.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 21 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 21

Slik fann dei prislappen for sekstimarsdagen i 1987 Her er eitt av reknestykka som i 1987 fekk Victor Norman og dei andre økonomane til å seia at sekstimarsdagen var ei realistisk arbeidstidsreform. Reknestykket dreier seg om ei 10 prosent nedkorting av arbeidsdagen, medan sekstimarsdagen krev 20 prosent nedkorting (frå 7,5 til 6 timar). Vi går ut frå at verknaden på økonomien er omtrent den same for dei neste 10 prosentane som for dei første 10. Da får vi prisen for sekstimarsdagen ved å dobla svaret i reknestykket. I dette reknestykket har økonomane tenkt at dersom arbeidstida vart korta ned med 10 prosent, ville 2 prosent fleire komma i arbeid, slik at tilbodet av arbeidskraft (mengda av timeverk som er til sals) berre går ned med 8 prosent. Samstundes har dei her tenkt at produktiviteten per person auka med 2,5 prosent, og at driftstida berre gjekk ned med 5 prosent. Somme vil til dømes, slik vi har sett i forsøka dei siste åra, gå over frå vanleg dagarbeid til skiftarbeid i to skift. Det årlege utbytet på kapitalen som eigarane har satsa, kapitalavkastninga, er sett til 12 prosent og det er rekna med ein timelønnskostnad på 66 kroner, slik den var i 1983. Da får dei dette reknestykket: Verdien av tapte arbeidstimeverk kr 66 x 8 % av 2987 mill timeverk

15,8 mrd kr

+

Verdien av tapte kapitaltimeverk 12 % av 5 % av 1228 mrd kr i realkapital *

7,4 mrd kr

Produktivitetsgevinst 2,5 % av (kr 66 x 92 % av 2987 mill timeverk)

4,5 mrd kr

=

Nettokostnad for 10 % nedkorta arbeidstid

*

Realkapital er verdien av maskinar, utstyr osv.

18,7 mrd kr (Kjelde: NOU 1987 9 B, s. 207.)

Nettokostnaden på 18,7 mrd kr var om lag 4,5 % av BNP (verdien av produserte varer og tenester) i 1983 (443 mrd kr). Prisen for 20 % nedkorta arbeidstid (sekstimarsdagen) vart derfor 9 %.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 22 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

22 kapittel 1 Tabell 1.1 Frå utgreiinga om arbeidstidsforkorting frå SSB i 2008. Dei forventa avvika i prosent for produksjon av varer og tenester (BNP), produktivitet, timeverk, sysselsetjing og yrkesdeltaking i år 2050, samanlikna med forventa mengder utan arbeidstidsforkorting, for ulike sekstimarsdagsreformer (20 prosent kortare arbeidsveker). ProdukTimeSysseltivitet (BNP per verk per setjings- Yrkestimeverk) sysselsett rate** deltaking

Ulike tider for innføring av 20 % kortare arbeidsveke, som tilsvarer sekstimarsdag

BNP

Innan 2020

–8,6

–4,2

–10,1

+2,7

+3,3

Innan 2020, med finanspolitisk innstramming*

–5,4

+2,0

–9,3

+1,4

+0,9

Innan 2010

–8,5

–4,1

–10,2

+2,7

+3,5

Innan 2010, med finanspolitisk innstramming*

–5,7

+1,8

–9,3

+1,4

+0,7

*

Talet på sysselsette i offentleg sektor er uendra frå forventa tal utan arbeidstidsforkorting, og satsane for inntektsskatt er auka med 3–4 prosentpoeng. ** Sysselsetjingsrate = 1 – ledigheitsrate. Forventa arbeidsløyse (ledigheitsrate) er sett til 4,2 %. Positive tal for sysselsetjingsrate betyr lågare arbeidsløyse enn utan arbeidstidsforkorting.

Økonomane bak utgreiingane hadde sikkert ulike meiningar om sekstimarsdagen som samfunnsreform, men dei framstilte den ikkje som økonomisk urealistisk eller umogeleg. Alt tyder på at dersom vi vil ha kortare dag, og dersom vi tar sjansen på – eller beint fram ønskjer – litt lågare vekst med betre fordeling, så har vi råd til sekstimarsdagen. Reforma kan også gi fleire gevinstar enn desse utgreiingane rekna med: •

Vil det bli innsparing på trygd og stønad dersom fleire slepp å bli uføretrygda? I utgreiinga frå SSB er det som eit alternativ rekna med at kortare arbeidsveke gir mindre langtidsfråvær, men som vi skal sjå på i kapittel 6, er det truleg større sjanse for innsparing på uføretrygd og førtidspensjon. Vil det bli bruk for færre offentlege tenester og mindre institusjonsomsorg dersom folk får meir tid utanom jobb – til ungar og til andre som treng omsorg?


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 23 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 23

Vil det bli innsparing ved ein overgang frå forureinande produksjon til offentleg tenesteyting som gir lite forureining? Utgreiinga frå SSB er inne på korleis ulik politisk handtering av arbeidstidsforkortinga verkar inn på fordelinga av produksjon og forbruk mellom offentleg og privat sektor, og mellom ulike delar av desse.

Politisk handtering verkar inn på utfallet av reforma «Inntekten, eller verdiskapningen, i Norge er nært knyttet til hvor mye vi jobber. En må regne med at en reduksjon i arbeidstiden på sikt fører til at inntektene i Norge synker om lag tilsvarende når man ser bort fra oljeinntektene. En kan håpe på noen gevinster i form av høyere produktivitet i de gjenværende timene, lavere sykefravær og økt yrkestilknytning, men resultatene i denne rapporten bekrefter at de samlede inntektene i Norge også reduseres. Reduserte inntekter gir redusert forbruk av varer og tjenester. Beregningene viser altså at arbeidstidsforkortelser nettopp innebærer at det prioriteres økt fritid framfor et høyere forbruk. Et sentralt spørsmål blir imidlertid hvilket forbruk reduseres? Og, hvilke varer og tjenester produseres det mindre av? Den finanspolitiske responsen som ledsager en arbeidstidsforkortelse kan påvirke utfallet på disse områdene.» (Bjørnstad, Hammersland og Holm 2008, s. 7).

Mykje er usikkert, som ved tidlegare arbeidstidsreformer. Men verda gjekk ikkje under med dei heller. Sia 1959 er arbeidsveka korta ned frå 45 timar til tariffesta 37,5 timars veke i 1986. (Arbeidsmiljøloven er rett nok ikkje endra sia 1976, og den seier 40 timars veke og 9 timars dag.) Bruttonasjonalproduktet (BNP), som er summen av produserte varer og tenester, har auka trass i arbeidstidsforkortinga. Veksten vart mindre etter kvart, men det same skjedde også internasjonalt i denne perioden, utan omsyn til om landa gjennomførte arbeidstidsforkorting eller ikkje.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 24 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

24 kapittel 1 Tabell 1.2 Utviklinga av BNP i Noreg. Periode

Gjennomsnittleg årleg vekst

1946–60

4,7 %

1960–73

4,3 %

1973–87

3,9 %

1987–99

2,8 % (Kjelde: Lysestøl og Eilertsen 2001)

Ein viktig ukjend faktor i reknestykket er korleis vi kjem til å bruka fritida. Blir vareforbruket større eller mindre? Kva slags forbruk blir det – kan vi styra det mot mindre forureining? Dei få forsøka vi har til no, seier ikkje mykje om dette, men at det blir meir tid til fotball og barnepass, høyrest nokså klimanøytralt ut. Kva slags skattlegging må til om ein vil at veksten som kjem, kjem i mindre forureinande produksjon, eller vil flytta arbeidskrafta frå ein sektor til ein annan der samfunnet har meir bruk for innsatsen? Framtida har mange utfordringar, både med og utan sekstimarsdag. Men kan henda er sekstimarsdagen nettopp noko av det som skal til for å finna løysingar på desse utfordringane. Ingen kan seia sikkert kva alle verknadene av ei slik reform blir, eller kor omfattande dei blir. Truleg vil reforma komma stegvis, slik tolv-, ti- og åttetimarsdagen kom, slik at samfunnet tilpassar seg. Men det er i alle fall sikkert at det blir meir tid dagleg til anna enn lønnsarbeid, det blir betre timelønn, og det blir full eller nesten full lønn for det meste av det som i dag er deltidsarbeid. Gevinsten for samfunnet kan ein ikkje lesa seg til berre av bruttonasjonalproduktet, som mest fortel om marknadsproduksjonen. Ubetalt dugnadsarbeid og frivillig arbeid for korps, idrettslag eller kyrkjelyd, set få spor etter seg i BNPrekneskapen, men kan vera viktig for lokalmiljøet. Litt meir tid til gjensidig hjelp og omsorg i familien og mellom naboar gjer at etterspurnaden etter barnepass og omsorgstenester i marknaden blir mindre. Det gir lågare BNP, men kan henda ei betre arbeidsdeling mellom familie, nærmiljø og storsamfunn (NOU 1987: 9 A; Bjerke, Eilertsen og Dahle 2001).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 25 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 25

Reknestykka frå NHO NHO har laga sine eigne reknestykke og meiner at sekstimarsdagen «ikke er god samfunnsøkonomi» (NHO 2006). Kostnadene finn dei ved å gå ut frå at sekstimarsdag med full lønnskompensasjon tilsvarer ein lønnsauke på 25 prosent. Alle kan vera einige om at slik blir timelønnsauken dersom totallønna skal vera den same for seks timar som for 7,5 timar. Dei multipliserer deretter lønnskostnadene (2004) med 25 prosent og får 765 mrd kr x 0,25 = 191 mrd kr i auka lønnskostnader «dersom det ikke samtidig skjedde andre tilpasninger». Vi trur økonomane frå 1987 og 2008 er nærare sanninga, når dei legg inn føresetnader om at arbeidstidsforkortinga vil ha verknader på produktiviteten per timeverk og på mengda av timeverk som er til sals til arbeidsgivarar og investorar («arbeidskrafttilbodet»). NHO viser også til at Statistisk sentralbyrå og Helsedirektoratet (tidlegare Sosial- og helsedirektoratet) meiner at det vil mangla 36 000 omsorgsarbeidarar i 2025. Men dei gløymer at å trenga ikkje er det same som å mangla. Det rette talet kan vera høgare eller lågare, men treng vi omsorgarbeidarar, må samfunnet disponera arbeidskrafta annleis, og heller bremsa veksten i anna og mindre samfunnsnødvendig arbeid. NHO tviler på at fleire vil halda ut lenger i arbeid, og viser til at uføretala steig etter arbeidstidsforkortinga frå 40 til 37,5 timers veke i 1987. Dei gløymer at B (uføretal) ikkje alltid er ei følgje av A (kortare arbeidsveke), sjølv om B kjem etter A. B kan vera resultatet av ein tredje faktor C. Dei gløymer også at sekstimarsdagen dreier seg om kortare arbeidsdag. Kortare dag er viktigare for å kunna orka arbeidsdagane i fysisk tungt arbeid enn ei tilsvarande kort arbeidsveke med færre, men lengre dagar. NHO meiner, ikkje uventa, at lønnstilskot frå staten er eit betre middel enn sekstimarsdagen når det gjeld å inkludera fleire i arbeidslivet. Alle reknestykke om sekstimarsdagen, anten dei kjem frå høgre eller venstre, byggjer på føresetnader om kva som kjem til å henda. Det er nyttig å undersøkja kvar skilnadene ligg, og kva tenking som ligg til grunn for resultata. Kvar og ein kan gjera seg opp ei meining om kva reknestykke som verkar mest realistisk. Vi kan utan vidare gi NHO rett i at «mikro gjelder ikke i makro». Røynslene frå eitt forsøk fortel ikkje alt om sekstimarsdagen som velferdsreform. Men dess fleire


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 26 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

26 kapittel 1

Overgangen frå 7,5 timars dag til to skift på seks timar i delar av bedrifta har auka produktiviteten hos SinkaBerg-Hansen i Rørvik. Bjørg Tørriseng sorterer laksefiletbitar. Foto: Greg Rødland Buick.

røynsler, dess meir lærer vi. Også dei andre store arbeidstidsreformene, titimarsdagen og åttetimarsdagen, begynte i det små.

Produktivitetsutviklinga Frå åttetimarsdagen vart lovfesta i 1919 og fram til 2000 er bruttonasjonalproduktet (BNP), eller summen av varer og tenester, femtendobla, og det private forbruket per person er femdobla i den same perioden. Og om vi berre ser på utviklinga sia sist sekstimarsdagen var oppe til debatt, ser vi at produktiviteten for kvar sysselsett auka med 57 prosent sia 1980, eller 67 prosent om vi også reknar med oljeverksemda (sjå tabell 1.3). Det må vera rom for å ta ut noko av denne arbeidseffektiviteten ved å korta ned på den tida som vi dagleg bruker til lønnsarbeid. Det nødvendige arbeidet krev utruleg mykje mindre tid i dag. Mange har fantasert om at lønnsarbeidet vil ta slutt (Keynes 1930 og Rifkin 1999). Men


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 27 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 27

ettersom kapitalismen byggjer på at investoren skal tena på lønnsarbeidet til dei han tilset, blir nok ikkje lønnsarbeidet borte før også kapitalismen og investorane får avløysing. Kampen om arbeidstida er ikkje vunnen ein gong for alle. Da arbeidsmiljøloven vart revidert i 2005, var det eit fleirtal i Stortinget som ville gå baklengs i historia igjen, mot lengre arbeidsdagar og meir overtid. Sommaren 2004 var «investor» Jens Ulltveit-Moe ute med framlegg om at arbeidstida i eksportindustrien burde aukast til 40 timars veke. Førebiletet var Siemens i Tyskland, som pressa arbeidarane til å gå attende til 40 timars veke (frå 35 timar) utan lønnskompensasjon, ved å truga med utflagging (Dagens Næringsliv 17.08.2004). For somme verksemder kan timelønnsauken gå så hardt utover lønnsemda at resultatet blir nedlegging eller utflagging, nett som i dag når den eine verksemda taper i konkurranse med den andre. Det er ikkje mogeleg i lengda å halda liv i verksemder som ikkje klarer seg utan å underbetala dei tilsette i høve til konkurrenten. Trugsmålet om nedlegging og utflagging kan vera skremmande nok, særleg i dårlege tider. Men det gjeld ikkje berre innføringa av sekstimarsdagen,

BNP i kr pr. sysselsett. Faste 2000-prisar

Mill. timeverk

BNP i kr pr.timeverk. Faste 2000-prisar

578 715

1 900,3

304 539

2 988,3

194

2000

935 420

2 248,4

416 038

3 245,0

288

2007

1 170 121

2 442,8

479 008

3 409,9

343

1980

694 648

1 948,9

356 431

3 078,7

226

2000

1 302 768

2 319,5

561 659

3 375,4

386

2007

1 510 086

2 531,0

596 636

3 571,2

423

3

Sysselsette 2 (i tusen)

1980

1

BNP (i mill. kr). Faste 2000-prisar

Tabell 1.3 Utvikling i produksjon og produktivitet 1980–2007.

Fastlands-Noreg

Noreg

1. Statistikkbanken Emne 09 Tabell 05112 (ssb.no) SSB. 2. Årleg nasjonalrekneskap 1970–2007 tabell 17 (ssb.no) SSB. 3. Årleg nasjonalrekneskap 1970–2007 tabell 16 (ssb.no) SSB.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 28 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

28 kapittel 1

det gjeld alle krav om betre arbeidsvilkår enn dei som gjeld hos konkurrentane her eller i andre land. Og ikkje alle verksemder tener på flytting. For mange vil den beste kunnskapen, den billegaste energiforsyninga og den viktigaste marknaden framleis vera å finna her i landet.

Ikkje alt kan automatiserast Effektiviseringa i aluminiumsindustrien kan ikkje tena som førebilete for effektivisering av sjukehusa. Ikkje alle yrke og bransjar i samfunnet kan eller bør utnytta teknologi til produktivitetsauke i same grad. Det blir til dømes ofte sagt at produktivitetsauke grunna teknologiutvikling ikkje er noko argument for sekstimarsdag i sjukehus, utdanning og eldreomsorg. Der har ikkje teknologien så mykje å seia for produktiviteten for kvar av dei tilsette. Men vi snakkar om ei samfunnsreform der gevinsten av produktivitetsauken i dei sektorane som kan dra mest nytte av teknologiutviklinga, blir fordelt på heile samfunnet. Og det er nett i dei sektorane som har lite teknologi og mykje menneskeleg arbeidskraft, at ein lettast vil merka fordelane ved betre forvaltning av menneskeleg arbeidskraft og arbeidsevne. Det er dessutan statskassa som får det meste av gevinsten dersom det blir innsparing på trygde- og stønadsbudsjettet. Og dette er ein av dei verknadene som kan ventast både i offentleg og privat sektor. I Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking i 2003 (Ugreinov 2005) meinte halvparten av arbeidstakarane mellom 50 og 66 år at kortare arbeidstid ville vera av «stor eller meget stor betydning» for om dei kunne fortsetja i yrket fram til pensjonsalder (sjå også kapittel 6). Dersom avgangen frå arbeidslivet med uførepensjon eller AFP vart utsett med berre eit par år, ville det gi store gevinstar for stat og kommune, i tillegg til den menneskelege gevinsten for kvar einskild.

Kortare dag – ein litt større del av kaka så lenge det varer Ei arbeidstidsforkorting frå 7,5 til 6 timar «med full lønnskompensasjon», altså utan nedgang i lønn, betyr 25 prosent timelønnsauke. Det endrar på fordelinga av verdiane av det vi produserer av varer og yter av tenester. Ein større del vil gå til arbeidslønn, og dermed vil ein mindre del gå til eigarinntekt. Auka arbeidsintensitet i kjølvatnet av auka konkurranse har lenge påverka fordelinga til for-


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 29 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 29

del for eigarane. Kortare arbeidstid skyv likevekta den andre vegen, men berre så lenge arbeidstidsforkortinga ikkje blir tatt att av auka produktivitet, med automatisering, tempoauke eller overtidsavtalar som er innretta etter eigarane sine ønske om «fleksibilitet». Dei som ikkje vil ha sekstimarsdag, argumenterer gjerne med at produktiviteten vil slutta å auka, og at det ikkje er råd å styra arbeidskrafta dit samfunnet treng den. Det er ikkje berre svartsynt, men uhistorisk og urealistisk. Vi har komme oss godt og heilskinna gjennom kvar einaste arbeidstidsnedkorting til no, så det skal nok gå denne gongen også. Men dei som har mest tiltru til marknadsstyring, vil ikkje styra arbeidskrafta dit den trengst mest, og vekk frå den produksjonen som vi har for mykje av, men som «marknaden» vil ha. Ja eller nei til sekstimarsdagen er nok meir eit spørsmål om politisk usemje enn om kven som har den rette økonomiske modellen.

Sagt om sekstimarsdagen: Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

– Sekstimarsdagen kjem, men ikkje enno

«Det er trolig bedre å ta ut mer fritid i form av kortere arbeidsdag enn i lavere pensjonsalder, men det vil koste.» Det skreiv Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets, i Dagens Næringsliv 3. oktober 2005. Og det meiner han framleis. Dørum peiker på den produktivitetsveksten som har vore i dei siste hundre åra, og meiner den først og fremst kjem av at vi arbeider smartare, ikkje at vi arbeider meir, og at det vil vi halda fram med. Verdiskapinga per hovud vil framleis auka i tida som kjem. – Til no har vi valt å ta ut denne veksten i både lønn og fritid, og det vil vera underleg om ikkje ein del av veksten skal føra til at vi får meir fritid etter kvart. Vi har nådd eit forbruksnivå som er langt forbi det ein kan rekna som nødvendig forbruk. Mindre forbruk ville dessutan bety mindre press på ressursane, seier Dørum.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 30 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

30 kapittel 1

Han meiner også at det vil vera smartare å ta ut den auka fritida i kortare arbeidsdag enn i lågare pensjonsalder. – Det er fleire grunnar til det. Det eine er at kortare dagleg arbeidstid vil betra produktiviteten i somme verksemder, og kanskje også redusera sjukefråværet. Slike verknader får ein ikkje av å setja ned pensjonsalderen. Og med eit mål om å hindra utstøyting frå arbeidslivet vil kortare dagleg arbeidstid vera eit gode. Ein reduksjon av arbeidsveka er dessutan noko som kan endrast, om det skulle bli bruk for det, men å få folk tilbake i arbeid dersom dei først har fått pensjon, vil ikkje vera like lett. Dessutan er det mykje som tyder på at dei fleste har det betre med å halda fast på tilknytinga til arbeidslivet, enn med å bråstoppa ved ein tidleg pensjonsalder. Kanskje vil det også vera lettare med kortare dag? Men Dørum er fullt klar over at det kostar å korta arbeidsdagen ned til seks timar. Redusert arbeidstid utan tilsvarande kutt i lønn vil redusera konkurranseevna, og han ser det som eit argument for å ta ei slik arbeidstidsforkorting stegvis. Han ser for seg at vi kan ha fått 35 timars veke og seks vekers ferie før 2020, og 30 timars veke og åtte vekers ferie om lag 2050. Om vi beheld fem vekers ferie, vil tretti timars veke kunna vera ein realitet etter 2040. Men det er sjølvsagt avhengig av kva som blir den faktiske pensjoneringsalderen framover. Dørum meiner ikkje det er sjølvsagt at det skal vera full lønnskompensasjon ved ei arbeidstidsforkorting. – Arbeidsgivarsida har tatt brorparten av kostnadene der og da når forkortingar har vore gjennomførte. Men arbeidstakarane kan ikkje venta å få både i pose og sekk over tid. Det er ein konstant konflikt mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar om korleis ein skal fordela avkastninga av produksjonen, og kva som er rett her, vil eg ikkje meina noko om. Men i oppgangstider, slik som no, er arbeidstakarane sin forhandlingsstyrke betra. – Ditt råd til fagrørsla er å vera raskt ute med å stilla krav om kortare arbeidstid når det er stor etterspurnad etter arbeidskraft?


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 31 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 31

– Draumeløysinga kan vera at visse arbeidsgivarar kan bruka kortare arbeidsdag for å få og halda på dei arbeidstakarane dei treng i tider med stor etterspurnad etter arbeidskraft, og at det såleis kan vera ein vinnvinn-situasjon. Men sekstimarsdagen som rekrutteringstiltak fungerer berre så lenge det ikkje er ei allmenn forkorting av arbeidsdagen, seier sjeføkonomen, og minner om at den siste arbeidstidsforkortinga, i 1987, kom på tampen av ein høgkonjunktur. – Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstidsreformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar, seier han. Men når det gjeld samanhengen mellom klimakrise og vestleg overforbruk, er Dørum varsam med å trekkja inn arbeidstidsreduksjon og redusert kjøpekraft som eit viktig argument. – Det viktigaste i vår del av verda er at veksten må bli reinare. Vi i dei rike landa har eit moralsk ansvar. Dessutan har dei fattige landa klart gitt uttrykk for at dei ikkje vil akseptera at vi har eit høgare utsleppsnivå per innbyggjar enn dei. Lågare økonomisk vekst i dei rike landa vil hjelpa noko, men vil ikkje i seg sjølv vera nok til å løysa klimakrisa, seier Dørum.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 32 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 2

Kortare, men hardare arbeidsdag?

Mange er redde for at sekstimarsdagen skal gi mykje hardare arbeidsdagar. Men krav om auka tempo og stadig høgare innsats har prega norsk arbeidsliv i fleire tiår, og har ikkje noko med sekstimarsdagen å gjera. Slike krav blir gjerne forklarte med «globalisering» – som om det var naturkrefter som menneska ikkje kan setja seg opp mot. Men vi veit jo at det er skilnad frå land til land i kor hardt sitronen blir pressa, akkurat som når det gjeld andre arbeidsvilkår. Lovar og avtalar som regulerer arbeidslivet og sikrar arbeidsvilkåra, er berre mogeleg å få igjennom der arbeidarklassen har eit minstemål av demokratiske rettar, ikkje minst full rett til å fagorganisera seg. Dess svakare organisering, dess dårlegare arbeidsvilkår. Om pausane blir kortare når sekstimarsdagen kjem, kan det gå bra i ei bedrift der arbeidstempoet er rimeleg og handlefridommen i jobben er stor. Men dersom pausane forsvinn når sekstimarsdagen kjem, og tempoet på førehand er så høgt at folk slit med å henga med, da kan sekstimarsdagen bli helsefarleg. I ei slik bedrift kan pausane like gjerne forsvinna i neste effektiviseringsrunde, utan draghjelp frå sekstimarsdagen, dersom ingen klarer å organisera motstand. Det avgjerande er ikkje kor lang arbeidsdagen er, men om dei tilsette maktar å bremsa det mest uvettige jaget. Utvida driftstid, slik vi har sett i nokre av forsøka, er kanskje ikkje ei verre belastning for dei tilsette i somme bedrifter enn at sekstimarsdagen er verd den prisen. Det er verre dersom prisen for arbeidstidsforkortinga blir at dei samfunnsmessige, lov- eller avtalefesta grensene for normalarbeidsdagen forsvinn.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 33 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 33

35-timarsveka i Frankrike (sjå ramma) vart kopla saman med ei omfattande fleksibilisering av arbeidstida etter marknad og etterspurnad. Den prisen for reforma kan komma til å kosta dei tilsette dyrt. Ei tilsvarande fleksibilisering vart også forsøkt tatt inn i den norske arbeidsmiljøloven i 2005, utan tilsvarande nedkorting av arbeidstida. Men takk vera innbitne protestar frå fagrørsla reverserte den raudgrøne regjeringa dei verste endringane i arbeidsmiljøloven da dei vann valet i 2005.

35-timarsveka i Frankrike I Frankrike vart det frå 2000 gradvis innført 35 timars veke, men slik at fritida kan vera fridagar og ferie like så vel som kortare arbeidsdag, og arbeidstida kan reknast som årleg gjennomsnitt. Loven om 35-timars veke opna også for individuelle avtalar om arbeidstid. Det er vide rammer for overtidsbruk, og president Nicolas Sarkozy går vidare på same veg: «la liberté de gagner plus, en travaillant plus» – fridom til å tena meir ved å arbeida meir. Mens den historiske kampen har stått om fridom frå lønnsarbeid, meir tid for arbeidarens eigen del og færre timar til sals til eigarane, vil Sarkozy heller at franskmennene skal drøyma om fridom til å tena meir – fridom til meir overtid. Sjølv om det ein har fått i Frankrike, ikkje er ei sekstimarsdagsreform, er erfaringane interessante. Regjeringa brukte arbeidstidsnedkortinga som lokkemat når det skulle gjerast lettare for arbeidsgivarar å variera lengda på arbeidsdagane etter sitt eige behov. Det same kan skje andre stader. Erfaringane er også interessante når det gjeld verknadene for arbeidsmiljøet. I ei rundspørjing som fagforbundet CFDT (Confédération française démocratique du travail) gjorde blant medlemmene, svarte 53 prosent at dei gjorde like mykje som før på kortare tid, og 40 prosent meinte det ikkje hadde vorte lyst ut nye jobbar på arbeidsplassen deira. Om lag like mange (43 prosent) meinte at arbeidstidsforkortinga hadde ført til problem som hadde med organiseringa av arbeidet å gjera.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 34 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

34 kapittel 2

I ei grundigare undersøking der forskarar og tillitsvalde drøfta arbeidsvilkåra i direkte samtalar på arbeidsplassane, var det få som sa seg misnøgde med sjølve arbeidstidsforkortinga. Det var få som meinte at den kortare arbeidstida var årsaka til det dei opplevde av høgt arbeidstempo og tidspress. Arbeidstidsforkortinga forsterka berre ein tendens som allereie var der, til stadig hardare krav om innsats. Det er også interessant at sjølv om loven om 35-timars veke overlèt spørsmålet om lønn til forhandlingar mellom partane, opprettheldt heile 90 prosent av avtalane lønnsnivået utan omsyn til nedkortinga av tida (gjennomsnittleg 3–4 timar i veka), men i 77 prosent av avtalane vart lønna fryst for 2–2,5 år frametter. (Kjelder: Rambøll Management 2006; Thery 2006, s. 5–16)

Kva slag samfunn? Det finst økonomar som meiner at framtida ligg i robotisering av eldreomsorga. Dei har visst forska seg fram til at berre fem prosent av tida blir brukt til «å halda i handa og snakka med folk». Da må resten kunna automatiserast. Kameraovervaking på sjukehusposten og elektronisk fotlenkje i sjukeheimen skal kunna spara inn utrulege summar. Og da veit vi – om vi ikkje visste det før – at mykje av effektiviseringsdebatten beint fram dreier seg om kva slag samfunn vi vil ha; den gjeld ikkje berre omsorg og tenesteyting. Straks dyre maskinar kjem på plass i bedrifta, kjem spørsmålet: Har vi råd til å la dyre maskinar stå stille? Motspørsmålet blir om vi har råd til å gjera natt til dag for fleire menneske. Skulle ikkje maskinane gjera livet lettare? Skal dei tena oss, eller skal vi tena dei? Ein maskin som står stille, gir mindre inntekt til eigaren enn ein maskin som går. Kan henda maskinen bør stå om natta likevel, så arbeidaren får sova. Mekanisering, automatisering og elektronikk kan framleis ta over mykje meir av arbeidet for oss. I vår del av verda har den teknologiske utviklinga gitt velstand for mange fleire enn før. Vi har fått laurdagsfri og ferie med lønn, men vi har også fått strukturarbeidsløyse og ufrivillig trygd og førtidspensjonering, altså nedkorting av arbeidstida til fordel for eigarane, utan lønnskompensasjon.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 35 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 35

I andre delar av verda tar eigarane (som ofte sit i vår del av verda) mykje meir av produktivitetsgevinsten. Der sit arbeidarane att med valet mellom å gå arbeidslause eller å underby maskinane ved å selja arbeidskrafta si billegare og godta dårlegare arbeidsvilkår.

Utmatting Kravet om at arbeidstakaren skal vera fleksibel som ein gummistrikk er ikkje nytt. Ikkje høg arbeidstakt og høge produktivitetskrav heller. Dei kjem når folk manglar arbeid og sosial tryggleik, og når dei ikkje kan seia nei. Ein av pionerane i nordamerikansk arbeidsmedisin, legen Alice Hamilton, skriv i sjølvbiografien sin frå 1943: «Om du er lenge nok i ein fabrikk til verkeleg å få eit inntrykk av det som går føre seg, begynner du å tenkja at det kan henda hadde vore betre om alle pengane vart brukte til å setja ned arbeidstempoet … Påkjenninga ved å halda eit fast tempo i timevis, utan variasjon, utan pause, utan kontroll, skaper ei utmatting som er større enn det som tilsvarer muskelbruken, fordi dette også dreier seg om kjensler.» (Hamilton 1943, s. 418–419, vår oms.)

Det som rører ved kjenslene, er vanskelegare å snakka om enn andre miljøproblem som støv og støy. Arbeidsmiljøloven forbyr «uheldig psykisk belastning», men kva er no det? Ein kan snakka om stress og tidspress, men vi reagerer ulikt på knappe fristar. Somme arbeider best med litt tidspress, hos andre set det seg rett i nakkemusklane og øydelegg både fritid og nattesøvn. Og mange slit mest med at dei ikkje rekk å gjera arbeidet så godt som dei gjerne ville. I levekårsundersøkinga til SSB i 2003 kom det fram at om lag 30 prosent av alle sysselsette ikkje syntest dei hadde tid til å gjera arbeidet sitt skikkeleg. Mest vanleg var det blant sjukepleiarar og lærarar, der 40 prosent ikkje rakk å gjera arbeidet som dei helst ville (SSB, Statistikkbanken, emne 06, tabell 04824). Mange slit med ei kjensle av at det er dei sjølve som ikkje strekk til, når dei er misnøgde med kvaliteten på arbeidet sitt. Skamma lèt seg ikkje så lett dela med arbeidskameratar. Det kan gå utover både helse og humør. Og det blir ikkje betre av at HMS-rådgivarar går på kurs og lærer at dei må få dei tilsette til å «ta ansvar for eiga helse». Så kjem dei og fortel deg at du må trena meir, «trening hjelper både på søvn og triste tankar». Kjensla av ikkje å strekka til i jobben, og


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 36 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

36 kapittel 2

av å mangla tid og ressursar til å gjera arbeidet skikkeleg, er ikkje noko ein kan jogga seg frå.

Kvalitet Kvaliteten på arbeidet er avhengig av at vi legg inn røynsler, menneskekunnskap, godvilje og problemløysingsevne hele tida. Når alt som kan gå gale, faktisk går gale, er det du og arbeidskollegaene dine som får det heile til å henga saman, trass i pengemangel, hastverk, underbemanning og omorganisering. Denne innsatsen er heilt avgjerande for kvalitet og resultat, men vanskeleg å telja og måla. Måling krev standardisering og noko som er lett å telja: avissider per journalist, avslutta attføringssaker eller produserte pølser per dag. Personleg kompetanse blir korkje sett eller verdsett av dei som berre les produktivitetsmål, budsjett og tal for avkastning på investeringa.

Pausen er ikkje ein liten bit fritid som har forvilla seg inn på arbeidsplassen. Den høyrer med, sjølv om arbeidsdagen blir korta ned til seks timar. Her er Jon Olav Loe (til venstre) og Mikal Sæteren i pauserommet på Minera si avdeling på Oppdal på den aller første sekstimarsdagen i bedrifta, 30. januar 2006. Foto: Kristin Rødland Buick.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 37 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 37

Alle må yta av seg sjølve i jobben, om den kan sjå aldri så enkel ut utanfrå. Du finn løysingar, stansar ein haltande prosess før den går av sporet, hjelper ein forvirra kunde/brukar/pasient berre med eit vennleg ord. Men blir det verdsett? Dersom det einaste som tel for leiinga, er å nå måltala for produksjon eller overskot, må jo dei tilsette tru at kvaliteten på arbeidet deira er mindre viktig.

Pausar er god investering Arbeidsmiljøloven seier at tilsette skal ha pause om dei arbeider meir enn fem og ein halv time, men den seier ikkje kor lang pausen skal vera for arbeid under åtte timar. I dag er det opp til avtalane. Og arbeidspresset er allereie så høgt mange stader at det hender folk tar pausen til hjelp for å bli ferdige i tide. Somme et på kontoret, andre i bilen undervegs mellom jobbane, eller pausetida blir kutta ned. Det er truleg klokt å halda på ein lang pause og fleire små, sjølv om dagen blir kortare. I fysisk tungt arbeid er det meir effektivt å kunna ta småpausar innimellom i staden for berre ein eller to lange pausar. Men den lange pausen er verdfull for meir enn mat og kvile. Ikkje minst er den viktig for samværet med dei andre. Pauserommet er ein stad der ein kan lufta ut tankar og reaksjonar for andre som veit kva det handlar om. Det er ein stad å få råd og støtte om det trengst. Vi treng alle å kjenna at vi høyrer til i ein fellesskap som er støttande, og der arbeidet vårt er del av noko større. Sjølv med sekstimarsdag må ein derfor vera varsam med å ofra pausane. Det gjeld å sikra at det blir rom for å ta vare på fellesskapen. Kan henda er dette aller viktigast på stader der det ikkje er så lett å møtast utanom arbeidstida. SINTEF-rapporten om sekstimarsforsøket i Trondheim parkering KF (Buvik, Tvedt og Torvatn 2008) viser at dei tilsette i første del av forsøket var redde for å mista den sosiale kontakten med kollegaene når fellespausane vart borte. Men etter ei tid såg det ut til at dei hadde vorte vane med ei anna pauseorganisering, og at dei fekk meir ut av samværet med kollegaene når dei var færre samla i pausane (sjå også s. 133). Pausen er ikkje ein liten bit fritid som har forvilla seg inn på arbeidsplassen – den høyrer med. Den gjer arbeidstida meir effektiv. Ein lang og nokre små. Dei små pusteromma er ikkje daudtid, dei er livsviktige. Dei gjer det mogeleg å


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 38 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

38 kapittel 2

henga med, også for folk med mindre krefter enn gjennomsnittet. Den som kan styra tempoet etter dagsforma, unngår slitasje. Pausar er god investering, også med sekstimarsdag.

Gode løysingar Ein vellykka sekstimarsdag krev ein gjennomgang av arbeidet på førehand, slik at omorganiseringa av arbeidet tar vare på gode arbeidsvilkår og helst gjer dei betre. Det vart til dømes gjort under Oslo-forsøket (sjå s. 145), men det vanlege er at omsynet til arbeidsvilkåra blir forsømt når bedrifter skal omorganisera. I ei undersøking som Arbeidstilsynet gjorde i 2003, hadde to tredelar av kommunane omorganisert heimetenesta dei siste åra, men berre eit mindretal hadde på førehand tenkt igjennom kva omorganiseringa ville gjera med arbeidsvilkåra (Andersen og Eidset 2003). Konsulentane som gir råd om omorganisering, er dessverre ofte heilt blanke når det gjeld kunnskap om sjølve arbeidet i bedrifta, eller om kva som verkar på arbeidsmiljøet. Dei kan registrera produktivitetsmål og driva «benchmarking», det vil seia samanlikning av om alle elektrikarane i firmaet bruker same tid på ein reparasjon, eller om heimetenesta i alle kommunar bruker like langt tid på besøka, eller kor mange attføringssaker kvart NAV-kontor behandlar i veka. Så finn dei gjennomsnittet, eller den som er raskast, og seier at der skal alle liggja. Og alle heimetenester får til dømes vita at dei skal bruka 60 prosent av tida heime hos brukarane for å vera konkurransedyktige. Men når fleirtalet har pressa seg dit, må den som vil vinna konkurransen, liggja på 65 eller 70 prosent for å vera konkurransedyktig. Og så halsar vi vidare i rotteracet – til nokon set ned foten og seier stopp. Effektiviserings- og omstillingskonsulentane har lett for å sjå på alt som ikkje går til «produksjon» – til ein bestemt reparasjon, til behandling av saker eller til besøk hos brukarar – som daudtid, bortkasta tid. Alt frå personalmøte, matpausar og kurs til uventa avbrot skal inn på minst mogeleg tid eller helst heilt vekk. Som dei sa i heimetenesta i ein kommune: – Uventa hendingar? Nei, det har vi ikkje tid til. Det er ikkje lett å forsvara kvalitet i eit slikt klima, og å gjera krav på fagleg og personleg utvikling i jobben, slik arbeidsmiljøloven seier det skal vera. Det er


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 39 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 39

heller ikkje lett å få forståing for at vettug bruk av pausar er ein føresetnad for godt og effektivt arbeid. Sekstimarsdagen krev ei omorganisering som ein skulle tru var ei endring til det betre. Men dersom dei tilsette ikkje blir tatt med på råd, kan ein få fleire problem enn det som er nødvendig, og da blir lett heile sekstimarsdagen ein fiasko.

Sagt om sekstimarsdagen: Sigrun Vågeng, arbeidslivsdirektør i NHO

– Heller meir fleksibilitet enn sekstimarsdag

I dei diskusjonane som kom etter LO-kongressen og Soria Moria-erklæringa i 2005, som begge gjekk inn for forsøk med sekstimarsdagen, har det frå Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) vore gjort klart at ei allmenn forkorting av arbeidsdagen til seks timar vart sett som eit trugsmål mot både velferd og konkurranseevne. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng i NHO stadfestar at desse standpunkta står ved lag, også i 2008. Kortare arbeidsdag vil ikkje vera gratis, sekstimarsdag med full lønnskompensasjon vil seia at arbeidstida blir redusert med 20 prosent, på same tid som timelønna stig med 25 prosent. Dette er NHO sitt utgangspunkt for å vurdera ei slik reform. – Dersom lønnskostnadene blir for høge, konkurrerer vi oss ut, seier Vågeng, og minner om at nesten halvparten av det som blir produsert i landet, blir eksportert. Mykje av grunngivinga for kravet om sekstimarsdagen er at tida blir for knapp for den som både skal vera heiltids yrkesaktiv og ta ansvar for heim og ungar, og at det særleg rammar kvinner. – Er det ikkje eit ansvar for NHO å leggja til rette for at fleire kvinner kan vera yrkesaktive på heiltid? – Vi engasjerer oss for å få fleire kvinner i leiing og styre, og vi vil gjerne ha fleire yrkesaktive kvinner i privat sektor. I dag er berre 25 prosent av arbeidstakarane i privat sektor kvinner, men eg tviler på at det har noko med arbeidstida å gjera. Kanskje har vi ikkje greidd å fortelja


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 40 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

40 kapittel 2

godt nok om den fleksibiliteten som det er mogeleg å ha når det gjeld arbeidstid, seier Vågeng. Ho understrekar at det er rom for å gjera personlege val som gir meir tid til familien i dei periodane det trengst mest. Dette er ingen grunn til å endra lovar og avtalar om kor lang normalarbeidsdagen skal vera. – Ingen kan velja alt til same tid, primært må vi leggja til rette for full jobb for begge to. Vi må alle ta ansvar for vårt eige liv, det gjeld også dei som arbeider så mykje at grensa mellom arbeid og fritid blir viska ut. – Kunne sekstimarsdagen med full lønn for alle – på ein arbeidsplass eller i ein bransje – vera ein konkurransefaktor for å trekkja fleire kvinner til delar av privat sektor? – Eg har meir tru på større fleksibilitet og at den einskilde medarbeidar og arbeidsgivar kjem fram til gode løysingar for både den einskilde og for arbeidsplassen. – Mange argumenterer for at sekstimarsdagen er viktig for eit godt liv utanfor jobben. Er ikkje det også ei sak for NHO? – Her må vi primært satsa på at arbeidstakarane gjer gode val på individuelt vis. Arbeidsgivarane har først og fremst ansvaret for å tilby gode og sunne arbeidsplassar. Det har også mykje å seia korleis viktige samfunnstenester er organiserte, mellom anna at det er tenlege opningstider i barnehagar, offentlege tenester og handels- og servicefunksjonar. – No kjem frå fleire hald ideen om å krevja tid i staden for pengar i lønnsoppgjera som eit tiltak for å bremsa den økonomiske veksten og det private overforbruket. NHO har vel også eit miljøansvar? – Vi har også eit ansvar for å forvalta arbeidskrafta på ein best mogeleg måte. Det må vera ein balanse mellom dei som er i jobb, og dei som står utanfor. Færre i arbeid betyr at grunnlaget for velferda vår blir svakare. Så må vi også bruka ressursane våre slik at vi tar vare på miljøet. – Kva tenkjer du om arbeidsdagen for framtida? Skal den ikkje bli kortare? – Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er ved ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 41 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 41

iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstidsforkorting. Vi har mangel på arbeidskraft, vi kan ikkje på same tid både forkorta arbeidstida og seia at vi treng arbeidskraft. Velferda må betalast. Det største fødselskullet nokon gong, 1946-årgangen, blir pensjonistar i 2013. Vi har no om lag 600 000 alderspensjonistar, og talet vil auka med 200 000 fram til 2020 og enda 200 000 fram til 2030. I det perspektivet er det vanskeleg å sjå at ei omfattande arbeidstidsreform kan gjennomførast utan at det får alvorlege konsekvensar for konkurranseevna. Men vi vil nok sjå einskildeksempel på sekstimarsdag i bedrifter der ordninga kan tilpassast, særleg i bedrifter som ikkje konkurrerer så mykje med utlandet, seier Vågeng.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 42 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 3

Mindre vekst, betre fordeling

Kven kan bry seg med sekstimarsdag når vi står framfor trugsmål om dramatiske klimaendringar over heile kloden, tenkjer du kan henda. Men sekstimarsdagen forsvarer så visst plassen sin i den store diskusjonen vi alle må føra om framtida for oss og for dei som kjem etter oss. Øystein Dahle, styreleiar i Worldwatch Institute og tidlegare Esso-direktør, har tatt til orde for å redusera arbeidstida av omsyn til klimaet og kloden. I eit intervju i Dag og Tid 25. april 2008 seier han at arbeidsveka bør innehalda berre éin dag med betalt arbeid, elles må folk kunna arbeida utan lønn. Vi har spurt han om tankane bak så drastiske framlegg. – Det kan diskuterast om det trengst tre eller fire jordklodar dersom resten av verda skulle ha same forbruksnivå som vi har i vår del av verda. Men den diskusjonen er bortkasta. Det som ikkje kan diskuterast, er at vi har berre éin klode. Og vi, som ein del av den minoriteten som er Europa, Japan og USA, om lag 14 prosent av menneska på jorda, har brukt opp heile den økologiske kapasiteten. No må vi ned i forbruk for å prøva å oppnå ei økologisk likevekt. Og vi må vidare ned for at dei som ikkje har noko, skal få noko. Det aller viktigaste er at vi ikkje aukar forbruket enda meir, og så må vi prøva å redusera forbruket, seier Dahle. – Nyttar det å argumentera for å stansa den økonomiske veksten i eit land som vårt? Kven kan gå til val på eit sånt program? – Ingen går til val på «redusert forbruk». Dette er ein diskusjon som blir vanskeleg. Men vi får større vanskar om vi ikkje gjer noko. Det første er at folk må


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 43 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 43

skjønna problemet, og eigentleg trur eg mange er i ferd med å skjønna kva det dreier seg om. – Vi har vorte tingrike og tidfattige, gåver begynner å gjera vondt. Julehandelen, som når nye rekordar for kvart år, har vorte eit sjukdomssymptom, seier Dahle. Det hjelper ikkje om einskildindivid endrar handlevanar eller forbruksvanar. Det kan vera vel og bra at folk sparer energi ved å skru av unødvendig elektrisitet eller kuttar ut innkjøp av varer dei ikkje treng. Men da sparer dei også pengar, og kva blir dei pengane brukte til? Dersom dei går til ei ekstra feriereise med fly, er ein like langt i det store perspektivet. På hundre år har flytrafikken vakse frå ingenting til om lag 1,7 milliardar flyreiser i verda kvart år. Flyselskapa og reiselivet ser fram til ein vekst i flytrafikken på 7–8 prosent kvart år. – Det vil føra til at talet på flyreiser blir dobla i løpet av dei neste ti åra. Det er noko kloden ikkje vil tola. Skal det bli endringar som monnar, må den kollektive rasjonaliteten, den felles sunne fornufta, vera ein føresetnad. Dette ser Dahle som arbeidarrørsla sitt ansvar. Den har tidlegare makta å flytta ei stor politisk rørsle frå å vera marginal til å bli sentral. – Og hadde Kyrkja våga, kunne den ha spelt ei rolle. Grunntanken i dette resonnementet samsvarer med ei ansvarleg forvalting av skaparverket. Skal dei ressursane som finst på kloden, delast mellom alle, må vi finna oss i å ha mindre enn det vi i dag synest er rimeleg. Fordi folk vil ta vare på kloden, trur eg også det finst vilje til å gjennomføra slike endringar utan dei store konfliktane. Dahle meiner det avgjerande er at det må bli mindre pengar i omløp, kjøpekrafta må reduserast. Det kan her til lands gjerast ved at alle går ned 20 prosent i lønn, mot ein tilsvarande reduksjon i arbeidstid. Han understrekar at det er viktig å rekna i prosent og ikkje i kroner, for dermed blir reduksjonen størst for dei som tener mest. – Dermed burde det også vera mogeleg å få det til. Det er dei som tener minst, som det er flest av, og det er dei som vil få den minste reduksjonen. – Men ikkje alle vil meina at dei har råd til eit slikt lønnsnedslag. Vi har framleis mange lågtlønte, og vi har urimelege skilnader mellom kvinnelønn og mannslønn? – Det kan vurderast om reduksjonen skal gjennomførast som direkte lønnsnedslag, eller om det viktigaste er å bremsa den framtidige lønnsveksten. Og det kan tenkjast grenser for kven som skal ha full lønnskompensasjon idet ei slik


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 44 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

44 kapittel 3

endring blir gjennomført. Måten det skal gjerast på, burde ei klok fagrørsle vera i stand til å handtera. – Dermed har du sagt at sekstimarsdagen er eit vesentleg tiltak for å redda kloden? – Om arbeidstidsforkortinga skal takast ut som ei dagleg forkorting eller som ein heil fridag i veka, vil det vera fleire meiningar om. Det viktigaste er at noko blir gjort raskt. Her nyttar det ikkje å laga ein plan fram mot 2050, det vil vera for seint. Dahle har tru på at eit samfunn der folk har meir fritid, på sikt vil vera sunnare på fleire vis. – Kanskje kan det også gjera at det på lang sikt blir færre sjuke som treng behandling og pleie? I mi framtidige verd vil det ikkje vera fleire jobbar i ein familie. Da kan mykje bli enklare, vi kan også ta hand om ungane på andre måtar enn vi gjer i dag. – Eg blir skulda for å skru klokka tilbake, og det stemmer. Vi har skrudd den altfor langt fram, seier han.

Økonomisk vekst og berekraft Rapporten frå Brundtland-kommisjonen i 1987 innførte det omgrepet som på norsk har vorte heitande «berekraftig utvikling» (sustainable development), og la vekt på at ei berekraftig utvikling «skal ivareta den nåværende generasjons behov uten å ødelegge mulighetene for kommende generasjoner til å tilfredsstille sine behov» (Verdenskommisjonen 1987). Det er ikkje utan vidare enkelt å slå fast kva som er «den nåværende generasjons behov», eller kva dei som kjem etter oss, vil oppleva som sine behov. Er det snakk om det folk treng for å leva, det vil seia eit minimum av mat, hus og klede ut frå kva som trengst under ulike klimatiske forhold? Eller treng vi effektiv reklame som kan få oss til å tru at vi «må ha» mykje meir, slik at det blir marknad for stadig nye varer og dermed nye jobbar og ny vekst i BNP? I dag rår den rikaste femdelen av menneska over meir enn fire femdelar av ressursane på jorda, medan den fattigaste femdelen rår over mindre enn to prosent av ressursane. FN rapporterte i sitt utviklingsprogram i 2006 at dei samla inntektene til dei 500 rikaste personane i verda tilsvarer omtrent dei samla inntektene til dei fattigaste 416 millionane. Korleis skal ein da definera


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 45 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 45

«mulighetene for kommende generasjoner til å tilfredsstille sine behov»? Kven skal setja standarden?

Kva er berekraftig utvikling? Innanfor OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, ein internasjonal organisasjon av industriland) er det gjort eit omfattande arbeid for å klargjera omgrepet «berekraftig utvikling», og det blir skilt mellom tre former: Økonomisk berekraft: vilkår for ein sterk og varig økonomisk vekst, slik som ein stabilt låg inflasjon. Miljømessig berekraft: vern av dei biologiske og fysiske systema, og sikring av tilgangen til eit helsefremjande miljø. Sosial berekraft: høg sysselsetjing, sosiale tryggingsnett, likskap og deltaking i demokratiske avgjerdsprosessar. (OECD 2001, her referert etter Barstad og Hellevik 2004)

Er det rett, som OECD gjer, å snakka om vilkår for varig økonomisk vekst som «økonomisk berekraft» i eit samfunn som vårt, med eit stadig aukande overforbruk? I 2008-utgåva av State of the World, rapporten frå Worldwatch Institute, peiker fleire av forfattarane på at det er grenser for kor mykje økonomien kan veksa. Den globale økonomien er avhengig av naturen for å få råmateriale, energi, rein luft, reint vatn og fruktbar jord, og for å bli kvitt avfall. «Når økonomien når ein viss storleik, vil vidare vekst gjera at begge systema kjem dårlegare ut, ikkje betre. […] Det må vera ei grense for kor stor økonomien kan bli, den fysiske veksten kan ikkje halda fram for alltid,» seier Gary Gardner og Thomas Prugh i sin artikkel i rapporten (Gardner og Prugh 2008, vår oms.).

Det private forbruket aukar mest Med auka produktivitet og auka velstand for det store fleirtalet aukar det private forbruket. Her til lands går ein stadig mindre del av ei vanleg inntekt til det heilt nødvendige forbruket.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 46 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

46 kapittel 3

I 1958 gjekk i snitt 40 prosent av ei norsk hushaldsinntekt til mat, 13 prosent til klede og sko, og 13,6 prosent til bustad, lys og brensel. I 2004–2006 gjekk vel 11 prosent til mat, vel 5 prosent til klede og sko, og vel 28 prosent til bustad, lys og brensel (www.ssb.no, Temaside – Forbruk, Husholdningenes forbruk). Endringane kjem av reallønnsauke, reduserte prisar på mange varer, auka bustadprisar og auka bustadstandard. Det samla forbruket i Noreg var i 2006 to tredelar høgare enn i 1990. Frå 1990 til 2000 auka det private og det offentlege forbruket omtrent like mykje. Frå 2001 til i dag har det private forbruket auka meir enn det offentlege. Det offentlege forbruket omfattar i stor grad tenester som krev mykje arbeidskraft og lite naturressursar. Det fører såleis til vesentleg mindre økologiske belastningar enn det private forbruket. Dei delane av det private forbruket som kostar mest i ressursar og miljøpåkjenningar per krone, er matvarer, energi og transport (Hille 2007, s. 12–18). Det er dermed ikkje noko som tyder på at utviklinga har gått i retning av eit meir økologisk berekraftig forbruksmønster på det overordna nivået. Kva skal vi så gjera her til lands? Skal vi gå tilbake til «steinalderen», eller til den første etterkrigstida, med rasjonering av både mat og andre forbruksvarer, og med eit byråkrati som skal behandla søknader om å få lov til å kjøpa bil? Vi trur ikkje det er måten å gå fram på. Men det er vanskeleg å sjå korleis ein langsiktig strategi for berekraftig utvikling kan komma utanom tiltak som gjer noko for å avgrensa det private forbruket. Skal til dømes alle lønnsoppgjer i tida som kjem, berre dreia seg om meir pengar, eller er tida snart inne for å krevja at iallfall noko av den auka produktiviteten blir tatt ut i meir fritid, slik mellom andre tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla har tatt til orde for (Morgenbladet 04.–10.01.2008). Jan Davidsen, leiar i Fagforbundet, var inne på noko av det same da han varsla at lågare lønnsvekst kan vera aktuelt i bytte mot mellom anna fleire velferdsreformer (Dagens Næringsliv 28.05.2008). Fagforbundet har med sitt samarbeid med Norges Naturvernforbund om spørsmål som kollektivtransport markert at miljøspørsmål er noko fagrørsla tar på alvor. Partisekretær i Arbeidarpartiet, Martin Kolberg, tok hausten 2007 til orde for at den økonomiske veksten må stansast. I eit intervju i VG (17.09.2007) sa Kolberg mellom anna dette: Vår generasjon og den neste må bryte med denne tradisjonelle økonomiske tenkningen. Verden vil møte veggen, vi kan ikke lenger fortsette et system som


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 47 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 47 fører til at alle skal forbruke stadig mer. Det vil ikke gå. […] Vi må i større grad styre ressursene dit de trengs mest, slik at kaken fordeles bedre i stedet for at den bare skal vokse. Dersom den skal fortsette å vokse, må det skje på en helt annen og grønnere måte enn i dag.

Debatten om kva slike tankar skal få å seia for framtidige lønnsoppgjer, er knapt i gang enno. Korleis vil arbeidarrørsla, fagrørsla og Kyrkja svara på den utfordringa Øystein Dahle formulerer? Kan sekstimarsdagen vera eit steg på vegen?

«… som en fornuftig, sparsommelig eiendomsforvalter» I ein strategi for «berekraftig utvikling» burde det også inngå ein strategi for ei «berekraftig» forvalting av arbeidskrafta. Karl Marx har skrive noko om dette, som han har henta frå bygningsarbeidarar i London 1860–61. Dei streika for eit krav om at arbeidsdagen skulle kortast ned til ni timar, og stilte kravet til ein kapitalist som hadde ord på seg for å vera svært from. Kan henda minte han litt om alle dei som fortel folk at dei må ta ansvar for eiga helse og leva sunt, men som ikkje bryr seg om kva slags arbeidsvilkår dei har. Slik skriv arbeidarane til han: «Du forkynner stadig «sparsomhetens» og «avholdenhetens» evangelium for meg. Vel og bra! Jeg skal som en fornuftig, sparsommelig eiendomsforvalter økonomisere med min eneste formue, arbeidskraften, […] Jeg vil hver dag bare sette så mye av den i bevegelse, eller i arbeid, som er forenelig med dens normale vedlikehold og sunne utvikling» (Marx 1983). Her blir ei økologisk, berekraftig og menneskevennleg tenking stilt opp mot kapitalen si einsidige prioritering av maksimalt utbytte og derfor lengst mogeleg arbeidsdag. Med dei krava som blir stilt til effektivitet og arbeidsinnsats no til dags, skulle det ikkje vera vanskeleg å bruka dei same argumenta for at seks timar per dag er betre for «normalt vedlikehald og sunn utvikling» av arbeidskrafta.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 48 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

48 kapittel 3

Sagt om sekstimarsdagen: Solveig Fiske, biskop i Hamar

– «Berekraftig økonomisk vekst» er eit svært problematisk omgrep

Den norske kyrkja er opptatt av spørsmål som har å gjera med klimakrise, berekraft og rettferdig fordeling. Kyrkjemøtet i 2007 vedtok ein plan for ei tiårig «berekraftreform», med ei overordna målsetjing om at kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar i Noreg og samarbeidsland skal bli «sentrale pådrivere for en bærekraftig samfunnsutvikling lokalt, nasjonalt og globalt». I eit dokument frå bispemøtet hausten 2007 heiter det mellom anna: «I den rike del av verden må det finnes viktigere former for vekst enn økonomisk vekst: vekst i livskvalitet og vekst i samliv med alt som lever.» Kyrkja tar også mål av seg til å vera med og setja miljøsaka på dagsordenen under stortingsvalet og val til sokneråd i 2009. Vi har utfordra Solveig Fiske, biskop i Hamar, til å seia noko om kor langt Kyrkja kan gå i å støtta konkrete krav om arbeidstidsforkorting som eit tiltak for å bremsa det vestlege overforbruket. Biskopen slår fast at «berekraftig økonomisk vekst» er eit svært problematisk omgrep. Og kor skeivt rikdommen er fordelt i verda, ser ein mellom anna av at i dei fattige landa arbeider folk framleis tolv timar om dagen, og har enda ikkje nok att å leva av. – Eg har stor forståing for det resonnementet som Øystein Dahle og fleire framfører om å redusera lønnsarbeidet, for på den måten å redusera det private forbruket. Men frå det til å snakka tydeleg om at sekstimarsdagen er løysinga, krev at ein har kompetanse på korleis ei slik arbeidstidsforkorting vil verka, seier Fiske. – Det å kunna prioritera tid framfor pengar krev også at ein har ein solid økonomi i utgangspunktet, og det er det ikkje alle som har i vårt land, sjølv om det store fleirtalet kan sjå ut til å ha romslege økonomiske kår. I ei konkret utforming av krav om kortare arbeidstid opp mot


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 49 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 49

høgare lønn er det viktig å ta omsyn til dei som framleis tener lite. Vi har ei samfunnsutvikling som aukar klasseskilja mellom folk, seier biskopen. Ho ser samtidig store fordelar med ei forkorting av arbeidsdagen. – Mange har altfor travle kvardagar, og betre tid vil vera godt for både samvær og omsorg. Eg vil ikkje romantisera eller idyllisera, men den som har det for travelt, kan til dømes bli snytt for dei beste stundene med barna sine. Meir fri tid kan også opna for å gjera ting som ikkje forsterkar det ressursøydande forbruket, seier ho. – I planen for den kyrkjelege berekraftreforma er det mellom anna nemnt «samarbeid med LO, NHO og arbeiderbevegelsen rundt spørsmål om økonomisk vekst versus bærekraftig utvikling». Kva vil vera Kyrkja si rolle dersom NHO og LO skil lag i desse spørsmåla? – Dersom ein kan bidra til gode løysingar her, må Kyrkja tenkja uavhengig av maktkonstellasjonar i desse spørsmåla, seier Fiske.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 50 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 4

Problem eller løysing for eldreomsorga?

Får vi ein kritisk mangel på arbeidskraft dersom det normale skal vera å arbeida «berre» seks timar om dagen? Høgre-leiar Erna Solberg uttalte i eit avisintervju i 2005 at innføring av sekstimarsdag ville krevja 400 000 nye årsverk, og at mangel på arbeidskraft vil gjera Noreg mindre konkurransedyktig: Dette [innføring av sekstimersdag] vil bidra til å avindustrialisere Norge meget raskt. For det andre er det allerede i dag reell mangel på arbeidskraft, spesielt i pleie- og omsorgssektoren. En innføring av 6-timersdagen vil radikalt forverre denne situasjonen. (Aftenposten 22.05.2005)

Talet 400 000 kjem ein fram til om ein reknar med at redusert arbeidstid til seks timar per dag for alle arbeidstakarar gjer at all produksjon blir redusert med 20 prosent, og at det er eit mål å oppretthalda all produksjon på same nivå som før. Ut frå den same logikken kom NHO fram til at ein overgang til sekstimarsdag ville auka dei samla lønnskostnadene i landet med 191 milliardar kroner, basert på tal frå 2004 (NHO 2006). I motsetnad til det offentlege arbeidstidsutvalet som la fram innstillinga si i 1987, og i motsetnad til utgreiinga frå Statistisk sentralbyrå i 2008 om kortare arbeidstid, har korkje NHO eller Høgre her tatt omsyn til dei endringane både i produktivitet og i organiseringa av arbeidet som gjerne kjem i samband med ei arbeidstidsforkorting (sjå kapittel 1).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 51 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 51

Det som blir spørsmålet dersom ein går ut frå slike forenkla måtar å rekna på, er kva som avgjer kor mykje arbeidskraft som eigentleg trengst. Er «behovet for arbeidskraft» noko som utviklar seg heilt upåverka av menneskeleg tanke og vilje, eller er det noko som kan styrast? Kvifor ikkje like gjerne spørja: Kva ønskjer samfunnet å bruka arbeidskrafta til? Er det eit mål å la den marknadsretta produksjonen veksa til himmels så lenge ein får avsetnad for det som blir produsert? Er det bruk for å byggja stadig nye kjøpesenter og luksushytter i tida som kjem? Korleis skal den arbeidskrafta som finst, fordelast mellom dei ulike oppgåvene som må løysast? Kor mykje politisk styring må til for å sikra at ein får nok arbeidskraft til dei oppgåvene vi i vårt land er nokså einige om å løysa i offentleg regi? Kan det i det heile bli «for lite arbeidskraft» i samfunn som styrer arbeidskrafta dit den trengst mest? Kanskje må ein del jobbar i helse-, pleie- og omsorgsyrke gjerast meir attraktive, og kanskje må arbeidsgivarane bli flinkare til å halda fast på dei som alt er der, og sjå til at dei ikkje slit seg ut? «Det vil derfor [fordi talet på eldre vil auka i tida framover] bli stadig viktigere å holde arbeidsstyrken frisk og inkludere flest mulig,» heiter det i NHO-heftet Arbeidstid (NHO 2006), utan at det blir sagt noko meir om kva som skal til for å greia det. Med dette utgangspunktet kan sekstimarsdagen visa seg å vera ein del av løysinga, og ikkje eit problem.

Effektivisering utan sekstimarsdag Stort sett er det i industrien eller i industriliknande verksemder ein lettast kan gjennomføra effektivisering i samband med ei arbeidstidsforkorting. Men også i somme former for tenesteyting, slik som post og bankvesen, har ny teknologi ført til store endringar, som gjer at det krevst langt færre tilsette no enn for berre 10–15 år sia. Her har effektiviseringa vorte gjennomført med oppseiingar i stor skala, så langt vi veit utan at det har vore på tale å redusera arbeidstida for dei tilsette i staden. Frå 1998 til 2004 vart om lag 10 000 stillingar i Posten borte. Ifølgje ei NTBmelding i november 2004 hadde 3850 personar gått frå jobb i Posten til uføretrygd sia 1997. Av dei som slutta i Posten frå 2001 til 2004, vart 23 prosent oppsagde med rett til ventelønn, opplyste samferdsleministeren i eit svar til ein stor-


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 52 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

52 kapittel 4

tingsrepresentant i juni 2004. Den statlege ventelønna gir rett til å få inntil 66 prosent av tidlegare lønn i vente på ny jobb, og kan for dei som blir oppsagde etter fylte 55 år, vara i maksimalt 12 år. Vi kan berre tenkja oss korleis Posten og bankvesenet kunne ha realisert mange draumar om ein betre arbeidsdag og eit meir inkluderande arbeidsliv dersom ein i staden hadde valt å ta ut noko av effektiviseringsgevinsten i form av til dømes sekstimarsdag for dei tilsette.

Vil eldrebølgja krevja 130 000 nye årsverk? Jamvel om teknologien kan føra til at det trengst færre folk i arbeid, vil det i pleie- og omsorgssektoren, som i resten av helsevesenet, framleis vera bruk for levande menneske til å gjera jobben. Ei forventa eldrebølgje har gitt grunnlag for stor uro for mangel på arbeidskraft når denne «bølgja» når toppen. I ein artikkel frå Statistisk sentralbyrå blir det hevda at det i 2050 kanskje blir bruk for 130 000 fleire årsverk i eldreomsorga enn i 2003 (Langset 2006). Det som går fram av artikkelen, men som var mindre klart i medieoppslaga som følgde, er at slike framskrivingar byggjer på ei rekkje føresetnader som må vera usikre. Det einaste som er relativt sikkert, er at det frå om lag 2025 vil bli fleire eldre over 80 år enn før, fordi det var særleg store fødselskull frå 1945 og nokre år framover. Men kor gamle folk kjem til å bli om førti år, er framleis uvisst. Ingen forskar kan seia sikkert kor mykje levealderen kjem til å auka, og kor raskt auken kan komma til å skje. Statistisk sentralbyrå har til dømes registrert at auken i levealder såg ut til å stoppa opp i 2007, men om det var ein tilfeldig eller varig stopp, er det for tidleg å seia noko om. Finst det ei genetisk grense for kor mykje levealderen kan auka? I framskrivinga av folketalet for perioden 2005–2060 (Brunborg og Texmon 2005) går det også fram at mykje er usikkert. Det vil vera fleire personar over 80 år i 2050 enn dei om lag 210 000 i 2005. Men om det blir 422 000 eller 604 000 eller noko anna, det kan ikkje forskarane vera sikre på. Det neste spørsmålet er om fleire leveår vil gi fleire friske år eller fleire år prega av sjukdom. Ein stor del av dei eldre som i dag treng pleie- og


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 53 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 53

Midt i 1980-åra ønskte dei tilsette ved Lindeberg alders- og sykehjem i Oslo å prøva sekstimarsdagen. 60 prosent av dei deltidstilsette var villige til å gå opp til full stilling dersom det vart sekstimarsdag. Turnusplanane var klare. Men bystyret i Oslo sa nei, og oversjukepleiar Anne Langaard Jensen (til venstre) og hjelpepleiar Kari Olsen fekk ikkje sett planane ut i livet. Faksimile frå Sykepleien nr. 9/87.

omsorgstenester, er demente. Det er store forventningar til medisinsk forsking som skal førebyggja eller redusera denne lidinga. Men kva ein kan oppnå, og kor raskt resultata av forskinga vil få følgjer for eldre i Noreg, veit vi enno ikkje. Statistisk sentralbyrå meiner at den samla verknaden av større alderskull og høgare levealder som er medrekna i framskrivinga, gjer at talet på nye årsverk som trengst i eldreomsorga i 2050, kan variera mellom 66 000 og 171 000. Føresetnaden for desse tala er at standarden på tenestene skal vera om lag som i dag. Men sekstimarsdagen hindrar oss heller ikkje i å betra standarden.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 54 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

54 kapittel 4

Deltidsreserven Det vil altså krevjast fleire tilsette i eldreomsorga i tida som kjem, sjølv om det er uvisst kor mange fleire. Vi meiner at det her like gjerne ligg eit argument for å innføra sekstimarsdag som det motsette. •

Det er velkjent at det i helse-, pleie- og omsorgstenestene er ein vesentleg reserve av kvinner som arbeider deltid, men som gjerne vil ha full stilling. Ifølgje utgreiinga frå deltidsutvalet (NOU 2004: 29) var det i 2002 om lag 23 000 deltidstilsette i pleie- og omsorgstenester som ønskte meir jobb. Andre undersøkingar (SSB 2003) viser at dei som arbeider deltid og ønskjer meir jobb, i snitt ønskjer seg ei arbeidstid på 30 til 33 timar i veka. Ein del av dei som arbeider mindre enn full tid, gjer det fordi arbeidet er for slitsamt. Å gjera sekstimarsdag til heil stilling vil heva både status og inntekt for desse kvinnene, noko som er ein verdi i seg sjølv. Med sekstimarsdag er det grunn til å rekna med at fleire i denne sektoren vil orka å stå lenger i jobb. I dag er risikoen for å bli uføretrygda før ein når pensjonsalder særleg stor for hjelpepleiarar og andre i pleie- og omsorgsyrke.

I 2007 arbeidde om lag kvar fjerde av dei i alt 2,4 millionar sysselsette deltid. Kor mange av desse som ville ha arbeidd full tid dersom dei fekk tilbod om det, veit vi ikkje. Men det er rimeleg å tru at fleire deltidsarbeidande ville ha sagt ja til full stilling dersom det var seks timar per dag enn om det var 7,5 timar. I forsøk med sekstimarsdag har det dessutan vist seg at somme av dei som hadde deltid på mindre enn 30 timar i veka, valde full stilling når arbeidstida vart seks timar per dag.

Konkurransedyktige omsorgsyrke Når vi veit at det vil krevjast fleire folk til pleie- og omsorgsyrka i tida som kjem, er det også eit samfunnsansvar å leggja til rette for det. Tillitsvalde har i lang tid gitt klar melding om at det er eit spørsmål om lønn og arbeidsvilkår. Offentleg sektor, ikkje minst pleie- og omsorgssektoren, må bli konkurransedyktig i kampen om arbeidskrafta. Høgare lønn og betre arbeidsvilkår er velprøvd når ein skal tilsetja ingeniørar eller dataekspertise, men i svært liten


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 55 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 55

monn når det gjeld å rå med «mangelen på arbeidskraft» i omsorgssektoren. Dersom ein har problem med rekruttering, kan ikkje tilbod om 13 prosent stilling vera vegen å gå. Skulle det ta tid før sekstimarsdagen blir innført for alle, vil det vera fullt mogeleg å gi offentleg sektor ein fordel i konkurransen om arbeidskrafta ved å innføra seks timars normalarbeidsdag med full lønn i denne sektoren. Blir det gjort, vil det både gi ei vesentleg heving av kvinnelønna, full jobb til mange kvinner som no arbeider deltid, og truleg mindre avgang til tidlegpensjon og uføretrygd. SSB-forskar Kari Skrede peikte alt i 1987 på at sekstimarsdag med full lønnskompensasjon i kvinnedominerte yrke kunne vera eit svært effektivt likelønnstiltak (NOU 1987: 9 B). Det er også grunn til å merka seg at dei som greidde ut følgjene av eventuelle arbeidstidsforkortingar i 1987, ikkje frykta mangel på arbeidskraft innanfor pleie- og omsorg: Beregninger foretatt for Arbeidstidsutvalget viser at en overgang til f.eks. 6 timers arbeidsdag i pleietjenesten, teoretisk sett kan ordnes ved å utjevne den gjennomsnittlige arbeidstiden blant de som allerede er sysselsatt. (NOU 1987: 9 B)

Meir tid til å ta seg av dei næraste At kortare arbeidsdag vil gi meir tid til ubetalt omsorg for ungar, eldre og andre som treng hjelp, er ikkje eit argument for å trappa ned det offentlege pleie- og omsorgstilbodet. Ei arbeidstidsnedkorting skal sjølvsagt ikkje erstatta profesjonell pleie for dei som treng det. Men dersom alle hadde kortare arbeidsdag, ville fleire av dei som har lyst, kunna bruka meir tid til samvær og utveksling av praktisk hjelp både i familie og i nabolag. Det kunne føra til at mange fekk det trivelegare, og ein del eldre kunne greia seg litt lenger i eigen bustad. Det ville bety kroner spart på kommunebudsjettet. Men den livskvaliteten som ikkje kan målast i kroner, er kanskje eit vel så godt og viktig argument? Det blir drive mykje frivillig omsorg for eldre, om lag 80 000 årsverk i 2003 (Langset 2006). Ikkje alt er like frivillig, men det finst også dei som ville ha gjort meir, om dei hadde tid til det.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 56 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

56 kapittel 4

«Mangel på arbeidskraft» – det motsette av arbeidsløyse I 1987 drøfta økonomane sekstimarsdagen som ei reform blant fleire (sjå kapittel 1), og det vart sagt at den let seg gjennomføra over nokre år. No til dags snakkar dei fleste norske rikspolitikarane om sekstimarsdagen som eit heilt urealistisk prosjekt. I 1980-åra var 3 % arbeidsløyse eit problem, derfor var regjeringa og folk flest opptekne av at eldre måtte gå av med pensjon tidlegare, så det vart plass for dei unge. Mange meinte at sekstimarsdagen også kunne gi arbeid til fleire. Men samstundes var andre bekymra for at dersom prisen på arbeidskrafta auka, ville vi «prisa oss ut av arbeidsmarknaden» – det ville altså bli meir arbeidsløyse. Økonomane frå 1987 meinte rett nok at det ville gå bra om ein berre bremsa litt på lønnskrava, men mange var usikre. Dei siste åra har vi fått høyra at det er «mangel på arbeidskraft» som hindrar sekstimarsdagen. Men mangel på arbeidskraft er det motsette av arbeidsløyse, altså full sysselsetjing, så kvifor kalla det eit problem? Vanlegvis er det ein fordel for arbeidarane, for da er det stor etterspurnad etter folk, og arbeidsløysa er eit stykke unna. Det er meir rett å seia at det er mangel på arbeidskraft i somme sektorar (som helse og omsorg), men samstundes for stor bruk av arbeidskraft i andre sektorar og høg arbeidsløyse for til dømes unge arbeidstakarar og arbeidstakarar med utanlandsk bakgrunn. «Arbeidsmarknaden» vil ikkje ha dei. Det er på mange vis ei sjølvmotseiing å gå imot seks timars dag med full lønnskompensasjon «fordi vi ikkje har råd (til så dyr arbeidskraft)», og på same tid «fordi vi manglar arbeidskraft». Slik marknadsøkonomien verkar, vil høgare pris på arbeidskrafta redusera etterspurnaden etter den i dei mest konkurranseutsette sektorane. I norsk samanheng vil det seia i industrien og i nokon monn i privat tenesteyting. Dermed blir det ikkje så stor «mangel» på arbeidskraft lenger. Delar av industrien har dessutan gode føresetnader for å møta auka pris på arbeidskrafta med rasjonalisering og automatisering. Dersom det er politisk vilje til det, kan staten bruka sine økonomiske musklar til å halda oppe tenesteproduksjonen i offentleg sektor, sjølv om lønnskostnadene aukar. I den monn sekstimarsdagen med full lønnskompensasjon fører til mindre etterspurnad etter arbeidskraft i privat sektor, vil det letta tilgangen på arbeidskraft til offentleg sektor.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 57 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 57

Når timeprisen aukar med sekstimarsdag, vil det bli mindre lønnsamt å investera i kjøpesenter, hotell og restaurantar, medan fleire vil orka dei tunge, men trivelege jobbane i omsorgssektoren. Dyrare arbeidskraft vil gjera at «mangelen på arbeidskraft» blir mindre, fordi avkastninga i somme sektorar blir for låg til å lokka investorane. Men det er ikkje slik NHO vil møta «mangelen på arbeidskraft». NHO vil ikkje ha høgare pris på arbeidskrafta, men snakkar heile tida om at det trengst «høgare arbeidskrafttilbod», utan å villa gi tryggleik for arbeid. Da blir resultatet fleire arbeidslause, fleire i mellombels arbeid eller mellombels trygd, fleire på leiting etter arbeid. Å setja ned arbeidstida til seks timars normalarbeidsdag gir ikkje høgare, men lågare «tilbod av arbeidskraft». Derfor er det ikkje så rart at sekstimarsdagen møter politisk motstand i tider der investorane har mykje pengar å tena på «høgt arbeidskrafttilbod». Er det oppgangstider og stor etterspurnad etter arbeidskraft, gjeld det for NHO å auka «arbeidskrafttilbodet». Det er gunstig for dei som kjøper arbeidskraft, men ikkje for dei som sjølve er denne «arbeidskrafta» det blir snakka om. At mange vil ha arbeid, held lønningane nede; det verkar «lønnsdempande». Men både arbeidsløysetala og det politiske vêrlaget vekslar. Kortare arbeidstid kan fort komma på dagsordenen igjen for regjeringa, dersom arbeidsløysa blir politisk plagsam igjen, slik som i 1980-åra.

Sagt om sekstimarsdagen: Rita Ottervik, ordførar i Trondheim

– Kan vera eit rekrutteringstiltak

Trondheim har så langt rekorden blant norske kommunar, om vi reknar kor mange sekstimarsforsøk som er sette i gang i kommunal regi. Men konkurransen er ikkje spesielt hard. Trondheim har to forsøk, eitt i den kommunale etaten Trondheim eiendom, der reinhaldarar i tre område prøver sekstimarsdagen, og eitt i det kommunale føretaket Trondheim parkering. (Men reknar vi kor mange personar som deltar i forsøk, er det Bergen som har rekorden, med alle heimehjelparane i Bergen Hjemmetjenester KF.)


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 58 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

58 kapittel 4

Ordførar Rita Ottervik (A) i Trondheim kan fortelja at håpet om at sekstimarsdagen skal hjelpa til å redusera sjukefråværet, var noko av det som skapte politisk oppslutning om å setja i gang forsøka. Det vil også vera viktig å sjå resultata av dei forsøka som er i gang, før ein kan avgjera kva som skal gjerast vidare, om ordningane skal vidareførast og/eller om nye forsøk setjast i gang, seier ho. – Trur du sekstimarsdagen kan vera eit nyttig tiltak for å få folk til oppgåver i offentleg sektor som det elles er vanskeleg å rekruttera til? – Det er ikkje lett å få og behalda dei folka vi treng, og vi må sjå på alle verkemiddel vi kan bruka. Vi prøver fleire tiltak. Sekstimarsdagen kan vera eit verkemiddel, men ikkje overalt, det har vi ikkje råd til. Ulike tiltak kan vera nyttige overfor ulike yrkes- og aldersgrupper. Kanskje er det særleg i yrke med relativt låg utdanning og låg lønn at sekstimarsdagen er mest effektiv som rekrutteringstiltak, seier ordføraren. – Det ser ut til at dei som er med i forsøka, er godt nøgde med den nye arbeidstida. Det vil ikkje vera lett å fortelja at dei skal tilbake til gammal arbeidstid når forsøksperioden er over? – Vi ser at både motivasjon og produksjon har auka i løpet av forsøka. Vi kan ikkje setja oss i ein situasjon der vi øydelegg motivasjonen hos dei tilsette. Vi lyttar til dei erfaringane dei har gjort, svarer politikaren. – Kva tenkjer du om innføring av seks timars normalarbeidsdag for alle? – Det heng saman med ein nasjonal debatt om kva ein ønskjer, og kva ein treng folk til. Eg slit med å sjå at sekstimarsdagen skal gjelda alle. I tida som kjem, er det mykje som dreier seg om å auka menneskeleg aktivitet – vi treng folk i både skole, eldreomsorg og forsking. For meg ser det ikkje ut til at vi vil ha nok folk til at vi kan gjennomføra ei allmenn forkorting av arbeidsdagen til seks timar med det første, seier Ottervik.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 59 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 5

Lettare å vera deltidsbonde

Talet på gardsbruk her i landet går ned, på same tid som både gjennomsnittsalderen på bøndene og talet på golfbanar går opp. Det er inga god utvikling i ei verd som manglar både mat og landbruksjord. Vi treng snarare både fleire gardsbruk og fleire deltidsbønder i åra som kjem. Kan sekstimarsdagen vera eit steg på vegen? Ikkje slik at arbeidstida til bøndene kan lovregulerast, eller at sauebøndene kan krevja overtidsbetalt for lamming utanfor normalarbeidsdagen. Men når ein veit at seks–sju av ti gardbrukarar er «deltidsbønder» i den meininga at dei har inntekt frå anna arbeid, og at fleirtalet av dei har det andre arbeidet som hovudyrke, har det noko å seia kor mange timar i døgnet som er att når hovudyrket er unnagjort. Dessutan er gardsbruket ofte avhengig av arbeidsinnsats frå fleire enn den som er registrert som gardbrukaren (www.ssb.no, Bøndenes inntekt og formue 2006, 12.03.2008). Kombinasjonsbøndene er ei samansett gruppe – alt frå dei relativt få som eig ein storgard på Austlandet og har ein godt betalt jobb i hovudstaden, til dei som driv eit sauebruk på Vestlandet eller i Nord-Noreg og er avhengige av ein heileller deltidsjobb i lønna arbeid for at det skal bli ei inntekt å leva av. Eller det kan vera par som deler på både lønnsarbeid og gardsarbeid. Det er særleg dei yngre gardbrukarane, og dei som har høgare utdanning, som har lønnsarbeid attåt gardsbruket. Ei undersøking frå midten av 1990-åra viste at om lag ein tredel av dei spurde kombinasjonsbøndene gjerne ville ha gardsbruket som heiltidsarbeid, men fleirtalet tykte at kombinasjonsbruket var ei god løysing (Skrede og Løwe 2000).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 60 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

60 kapittel 5

Får vi fleire kombinasjonsbønder? «Selv om gårdbrukeren har relativt lav avkastning av gårdsdriften, og selv om det er grunn til å regne med at kombinasjonsgårdbrukerne har relativt lengre arbeidsdager enn yrkesaktive som bare har lønnsinntekt, er det også grunn til å anta at mulighetene til slike yrkeskombinasjoner kan framtre som attraktive og gode levekårsløsninger for en yngre generasjon av gårdbrukere, som står med en fot i lønnsarbeidsmarkedet og en fot i jordbruket. Den høye etterspørselen etter gårdsbruk som legges ut for salg i relativt sentrale områder bekrefter at slike kombinasjonsmuligheter vurderes som interessante også av personer som ikke har primærtilknytning til gårdsbruk gjennom familie og odelsrett. […] Økende innslag av kombinasjonsbrukere er trolig også en nødvendig betingelse for å opprettholde hovedtrekkene av bruksstrukturen i norsk landbruk, med mange relativt små bruk.» (Skrede og Løwe 2000, s. 26)

Levande bygder Sjølv om det er mange som vil vera kombinasjonsbønder, går nedlegginga av gardsbruk raskt. Kan andre tiltak enn dei reint landbrukspolitiske, til dømes sekstimars normalarbeidsdag, gjera noko for at fleire skal få lyst til å bli eller halda fram som deltidsbønder? Reidar Almås, professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved NTNU, og tidlegare leiar for Norsk senter for bygdeforskning, meiner at sekstimarsdagen som ei forbetring for deltidsbøndene er ein interessant tanke. – Ein kortare arbeidsdag i lønnsarbeid vil sjølvsagt kunna gjera det meir realistisk å driva jordbruk for dei som treng ei inntekt attåt, ikkje minst for dei som har kyr og må passa fjøstidene. Men å leggja til rette for det er eigentleg ei samfunnsinteresse, det dreier seg om å sikra busetjinga på bygdene og halda kulturlandskapet i hevd, noko som går langt utover interessa til kvar einskild bonde, seier Almås. To tredelar av dei norske gardsbruka er på mindre enn 200 dekar. For dei som har slike bruk, er den gjennomsnittlege næringsinntekta frå gardsbruket mindre


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 61 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

lettare å vera deltidsbonde 61

enn inntekta frå lønnsarbeidet. Talet på bruk over 300 dekar har auka noko dei seinare åra, men dei utgjer likevel berre om lag 14 prosent av alle gardsbruka i landet. Inntektene av jordbruket varierer også svært mykje mellom landsdelane. I Rogaland og Nord-Trøndelag, som hadde den høgaste næringsinntekta for jordbrukarane i 2006, var gjennomsnittet 157 600 kroner. I Telemark, som låg lengst nede på statistikken, var snittet 62 500 kroner (www.ssb.no, Bøndenes inntekt og formue 2006, 12.03.2008).

«Det multifunksjonelle landbruket» Landbruket er tillagt store samfunnsoppgåver, det skal både «produsere fellesgoder som livskraftige bygder, et bredt spekter av miljø- og kulturgoder, og en langsiktig matforsyning» og «andre varer og tjenester med utgangspunkt i næringens samlede ressurser», om vi skal tru stortingsmeldinga Om norsk landbruk og matproduksjon (St.meld. nr. 19 (1999–2000)). Ikkje utan grunn bruker ein uttrykket «det multifunksjonelle landbruket».

– For strevsamt med full jobb Merete Furuberg driv familiegarden Furuberget, som ligg på Finnskogen i Hedmark, med sauer, geiter, kaninar, høner, frukt, skog, juletreproduksjon og hytteutleige. Ho er samstundes skogforskar og leiar mellom anna for Hedmark Bonde- og Småbrukarlag. Vi har spurt kva ho trur sekstimarsdagen kan få å seia for deltidsbøndene. – Eg har høyrt fleire av dei som kombinerer gardsbruk med anna arbeid, seia at dei må gå ned til halv stilling, det blir for strevsamt med full jobb attåt gardsdrifta, og eg har sett medsøstrer bli utbrende, seier Furuberg. Ho meiner sekstimarsdag kunne gjort det greiare for ein del av dei. – Sekstimarsdagen ville til dømes gjera ein stor skilnad for dei som er to som samarbeider om gardsdrifta, og der begge har jobb utanfor garden. Men det er også eit spørsmål om kva slags arbeid det er snakk om. Somme har arbeid der


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 62 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

62 kapittel 5

– Sekstimars normalarbeidsdag vil gjera kvardagen mykje enklare for mange av dei som ønskjer å kombinera gardsdrift og lønnsarbeid, seier Merete Furuberg, leiar i Hedmark småbrukarlag. Foto: Magnhild Folkvord.

ein ikkje reknar timane, men er meir avhengig av fleksibilitet og eventuelt av eit heimekontor, slik at ein kan bruka tid på gardsbruket i travle periodar, seier ho. For dei som har mjølkekyr, ville det vera vesentleg lettare å vera i full jobb dersom arbeidsdagen berre var seks timar. Mjølkebønder er avhengige av å gjera jobben i fjøset til faste tider om morgonen og ettermiddagen/kvelden, anten dei har få eller mange kyr. Men det spelar også inn kor lang arbeidsreise som må til. Furuberg vil gjerne sjå drift av jord og skog i eit større perspektiv, og ho er uroleg for kva som held på å skje med klima og naturressursar på jorda. – Greier vi ikkje å få verda til å forstå at vi treng vekst på alle andre område enn økonomisk vekst, nyttar det ikkje. Det trengst ein kombinasjon med ein annan måte å leva på. Kanskje kan sekstimarsdagen vera ei løysing? Korleis skal vi motivera til vekst i ro og lykke? Ho har fått høyra at det er utopi å driva sauebruket når ho kunne ha tent så utruleg mykje meir med å arbeida som forskar.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 63 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

lettare å vera deltidsbonde 63

– Men eg vil skapa noko, og da tel ein ikkje timar, seier sauebonden, og ho fortel at overskotet frå skogsdrifta veg opp for underskotet i sauebruket. Å vera gardbrukar eller ikkje er for somme eit spørsmål om yrkesval eller om ein hobby. For andre er det noko mykje meir.

Gardsbruk, alder og golfbanar •

Det er 190 000 landbrukseigedommar her i landet, 160 000 med bustadhus. 34 000 av desse er utan fast busetjing (Landbruksregisteret 2006, Landbruks- og matdepartementet). Gjennomsnittsalderen på den norske bonden var i 2007 49 år, i 1999 48 år. I 1999 var 26 prosent av gardbrukarane under 40 år, i 2007 berre 21 prosent (www.ssb.no, Personlege brukarar etter alder, 29.01.2008). Talet på norske gardsbruk har gått ned frå om lag 90 000 i 1992 til om lag 49 800 i 2007. I 2007 vart 1400 gardsbruk nedlagde (www.ssb.no, Jordbruksstatistikk). Talet på golfbanar auka frå 40 i 1995 til 164 i 2007. Ein fullverdig bane krev frå 600 til 1000 mål (dekar) innmark (Norges Golfforbund: Anleggspolitisk dokument). Det tilsvarer mellom fem og ti gjennomsnittsgardsbruk.

Mange vil ha småbruk Meiningsmålinga Norsk Monitor viste våren 2008 at nesten 400 000 vaksne nordmenn kan tenkja seg å kjøpa eit småbruk. Av desse ville 70 prosent vera interesserte i å busetja seg på småbruket. Kor mange som har eit ønske om å dyrka jorda, går ikkje fram av målinga. Å «tenkja seg» er heller ikkje det same som konkrete planar. Men tala seier likevel noko om ei positiv haldning til det å bu på landsbygda. Ved årsskiftet 2007–2008 var det om lag 33 700 bruk med husdyr, mot vel 55 000 i 1992. Det var vel 15 000 bruk med vinterfora sau og nær 19 000 med storfe, av desse vel 13 000 med mjølkekyr (www.ssb.no, Statistikkbanken).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 64 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

64 kapittel 5

Aukande matprisar i verda fortel at det er viktig å sikra at dyrkbar jord og utmarksbeite framleis kan brukast til matproduksjon. Det er ulike meiningar om korvidt det er areal nok til å produsera den maten som trengst til menneska i verda. Men marknadskreftene aleine er lite skikka til å sikra at det blir produsert mat nok der den trengst mest. Marknadskreftene kan heller ikkje garantera at arbeidsplassane i jordbruket blir «konkurransedyktige» i eit moderne Noreg. Daverande landbruksminister Terje Riis-Johansen (Sp) sa det slik under ein konferanse i Tromsø 13.02.2007: Jeg er politiker for å styre utviklingen i en retning som markedet ikke klarer alene. Ikke minst gjelder det landbrukspolitikken. Enkelte andre politikere ønsker å AVVIKLE politikken på landbruksområdet, og la markedsløsningen styre alene. Det kan kanskje gi billig mat – men de klarer ikke å levere kulturlandskap og levende bygder.

Er små bruk eit svar på matvarekrisene? Nobel-økonomen Amartya Sen oppdaga i 1962 at det er eit omvendt forhold mellom storleiken på gardsbruk og kor store avlingar dei gir. «Dess mindre bruka er, dess større er avlingane,» skriv den britiske journalisten George Monbiot i ein omtale av Sen sine funn (Guardian 10.06.2008 og Klassekampen 26.06.2008). Monbiot viser til at undersøkingar frå mellom anna India, Pakistan, Nepal, Malaysia, Thailand, Java, Filippinane, Brazil, Colombia og Paraguay stadfestar Sen sin teori. Ei forklaring kan vera at dei små bruker meir arbeidskraft og at arbeidet har betre kvalitet. Arbeidskrafta er ofte «gratis» familiearbeidskraft. Monbiot nemner samtidig at internasjonale organisasjonar som OECD og FAO (FN sin landbruksorganisasjon) og dei rike landa i praksis ikkje støttar småbrukarane, sjølv om denne kunnskapen skulle vera godt kjent. «Storkapitalen dreper småskalajordbruket,» skriv Monbiot. Det er mange skilnader mellom deltidsbønder på norske småbruk og småbrukarar i Malaysia og Paraguay, men felles er at areala ikkje er store, innsatsen er snarare arbeid enn kapital, og familien gir ei hand med. Ein modell som har framtida for seg, skal vi tru Monbiot.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 65 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 6

Godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet?

Vil sekstimarsdagen vera bra for helsa? Det kjem litt an på korleis kvardagen ser ut, og kva slags arbeid du har. Har du ein fulltidsjobb som tar for mykje av kreftene, er sjansane store for at kortare dag gir helsegevinst. Men da må ikkje arbeidstempoet eller overtidsbruken samstundes auka så mykje at vinninga går opp i spinninga. Har du ein deltidsjobb, er det kanskje viktigare for helsa di at økonomien blir betre med sekstimarsdag. Du får full lønn for det som i dag er 80 prosent stilling. Og har du ein liten deltidsjobb, men ønskjer meir, kan det bli råd med det òg. Arbeidsgivaren kan få bruk for deg i full stilling når andre går ned i arbeidstid frå 7,5 til 6 timar. Er det konfliktar mellom ansvaret ditt heime og det jobben krev? Slit du med fulle timeplanar der du aldri får plass til alt, kan det fort gå på helsa laus. Sekstimarsdagen kan gjera det lettare å finna utvegar med helsa i behald.

Mindre påkjenning og betre tid Om lag ein av fire jobbar i «det moderne arbeidslivet» krev god fysisk kondisjon. Vi kan ikkje alltid velja jobb etter kva vi har krefter til. Derfor arbeider mange på grensa av det dei maktar. Mange av oss er sikkert i dårlegare fysisk form enn foreldra og besteforeldra våre var. Vi rører oss mindre enn dei gjorde, og vi køyrer


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 66 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

66 kapittel 6

der dei gjekk. Vi veit at det er bra å trimma og trena, men kven orkar det dersom dei har ein arbeidsdag som tar heile overskotet? Kortare arbeidsdag gir meir tid til kvile og til fysisk trening. Frå sekstimarsdagsforsøka i til dømes Kiruna og Helsingborg veit vi at det er ein av måtane dei ekstra timane blir nytta på. I Oslo-forsøket var det ikkje joggeskoa, men ungane som fekk det meste av ekstratida. Slikt kjem sjølvsagt an på korleis livet ser ut for kvar einskild av oss. Har du arbeidsvilkår som utset kroppen for uheldige påkjenningar, tener du på kortare dag ved at påkjenninga blir kortare. Det kan til dømes gjelda arbeid med stor skaderisiko, einsformig montasjearbeid, datainnmatingsarbeid, langvarig maskin- og bilkøyring eller arbeid i sterk støy. Men du vinn ikkje stort der-

– Dersom det ikkje blir sekstimarsdag for alle, må det iallfall innførast frå 55 år og oppover. Å venta til folk har fylt 62 er for lenge, seier Gunhild Haugen, reinhaldar i Miljøservice, Trondheim eiendom. Foto: Greg Rødland Buick.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 67 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 67

som prisen for arbeidstidsforkortinga er at pausane blir heilt borte, eller at påkjenninga blir større den tida den varer. Støyen kan til dømes auka dersom tempoet aukar, og da er du om lag like langt. Også dei som mest merkar påkjenninga på det mentale planet, kan vinna helsemessig på kortare dag. Ei undersøking blant lærarar viste at dei ofte vart friskare igjen når dei hadde gått av med uførepensjon. Helseplager dei hadde hatt dei siste åra i arbeid, forsvann (Lærerforbundet 1995). Slik er det sikkert i fleire liknande yrke. Mange ville kan henda få same gevinst av sekstimarsdag som av å gå heilt ut av arbeidslivet. Men da måtte ikkje sekstimarsdagen berre brukast som seniortiltak dei aller siste åra, men som normalarbeidsdag, slik at det vart mogeleg å hushalda med kreftene gjennom heile yrkeslivet. For dei som har omsorgsoppgåver og arbeid ventande heime, kjem krava i arbeidet lett i konflikt med anna ansvar. Vanlegvis vil kortare arbeidsdag gi mindre tidspress i husarbeidet og mindre konflikt mellom omsorgsoppgåver og jobb. Helsa tener på at påkjenninga blir mindre, både fysisk og mentalt.

For ein av fire er arbeidsdagen for hard I Sverige målte forskarar kondisjonen hos eit utval av menn og kvinner som spegla yrkesfordelinga i «det moderne arbeidslivet» (Karlqvist, Leijon og Härenstam 2003). Resultata vart samanlikna med energikrava i jobben dei hadde. Om lag kvar fjerde mann og kvar femte kvinne hadde ein arbeidsdag som kravde meir enn dei eigentleg hadde krefter til. Med åtte timars dag var dei fysisk utmatta etter jobb. I dei tyngste yrka gjaldt det for fleirtalet av dei tilsette. Da snakkar vi om kvinneyrke som hjelpepleiar, kjøkkenarbeidar, servitør og reinhaldar, og mannsyrke som bygningsarbeidar, målar, lastebilsjåfør og igjen reinhaldar. I Noreg veit vi at det er i desse og liknande yrke at avgangen til uføretrygding i dag er tidlegast og størst. Sekstimarsdagen opnar for at fleire slepp å bli arbeidsuføre berre fordi dei på normalt vis får mindre ork til tungt arbeid med åra.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 68 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

68 kapittel 6

Gir rom for eldre og gjer færre «funksjonshemma» Statistisk sentralbyrå har spurt sysselsette over 55 år om kva tiltak som var viktigast for at dei skulle halda fram til pensjonsalderen (Ugreninov 2005). Dei fleste (50 prosent) ønskte seg kortare arbeidstid, medan 40 prosent ønskte mindre arbeidsmengd. I svara vart det ikkje skild mellom menn og kvinner, og ønsket om kortare arbeidstid gjeld sikkert for alle. Men tal frå SSB seier også at eldre kvinner oftare enn eldre menn kjenner seg fysisk utmatta etter arbeidet (SSB, Statistikkbanken, emne 06, tabell 04843). Hos menn er det om lag like mange blant dei eldre og dei unge som kjenner seg utmatta, men hos kvinner aukar andelen tydeleg med alderen. Det kan mellom anna henga saman med at blant menn blir fysisk tungt arbeid mindre vanleg med aukande alder, medan dei eldste kvinnene ikkje blir sparte på same viset. Dei har om lag like ofte tungarbeid som dei yngre og yngste kvinnene. Når vi veit at kreftene blir mindre med åra, er det lett å forstå at dei eldre kvinnene er dei som oftast kjenner seg utmatta etter arbeid. Med lågare lønn og kortare oppteningstid enn mennene er det heller ikkje lett å gå av med tidlegpensjon sjølv om jobben er for tung. Såkalla «frivillig» deltid gir dårlegare økonomi. Det er ikkje noko ein vel om ein ikkje må. Truleg arbeider mange eldre kvinner og ein del menn meir enn dei har godt av. Dei treng sekstimarsdag med full lønn meir enn dei fleste. Statistisk sentralbyrå har også spurt dei som er i arbeid, men som reknar seg som funksjonshemma, kva slag grenser funksjonshemminga set (Olsen og Mem Thi Van 2007). Halvparten svarte at funksjonshemminga set grenser for kor mykje dei kan arbeida, det vil seia for arbeidstida per dag eller veke. Arbeidstida kan i seg sjølv gjera at til dømes ein hjartesjuk eller lungesjuk person opplever seg som funksjonshemma i arbeidslivet. Halvparten av dei funksjonshemma som er sysselsette, arbeider i dag deltid, mot ein firedel av alle sysselsette. Når dei ikkje kan få full lønn, blir mange avhengige av offentleg stønad. Sekstimarsdagen opnar for større deltaking i arbeidslivet og motverkar utestenging og isolasjon, som elles leiter på helsa.

Kva seier forskinga? Forskingskunnskapen er enno ikkje stor, for ingen av sekstimarsdagsforsøka har vart meir enn eitt eller to år. Det blir ikkje store endringar i helsa på så kort tid,


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 69 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 69

og konsekvensane for folkehelsa er ikkje lette å lesa ut frå små og kortvarige forsøk. Kvar og ein kan omtrent tenkja seg kva sekstimarsdagen vil bety for eiga helse. Det forskarane finn i forsøka der konsekvensane for helsa er undersøkt, er om lag det vi kunne venta, men det er likevel viktig nok.

Sekstimarsdag i omsorgsyrke – Noreg og Sverige 1995–98 I siste halvdel av 1990-åra vart det sett i verk tre temmeleg like sekstimarsdagsforsøk i Stockholm, Helsingborg og Oslo. Forsøka omfatta stort sett kvinner i heimetenesta, i sjukeheimar og i barnehagar. Arbeidstida vart korta ned, men lønna var uendra. Timane som gjekk tapt, vart heilt eller delvis erstatta med nytilsetjingar. Færre var plaga av smerter i nakke- og skulderområdet etter at arbeidstida vart sett ned (Wergeland mfl. 2003). I Oslo og Helsingborg var det også spørsmål om fysisk utmatting etter arbeid, mens ein i Stockholm spurde om søvn og mental utmatting. Færre var plaga med fysisk og mental utmatting etter at arbeidstida vart sett ned, og dei meinte dei sov betre (Åkerstedt mfl. 2001). Det kan henga saman med at stresspåkjenninga i dagleglivet vart mindre når arbeidsdagen vart kortare.

Sekstimarsdag i offentleg sektor – Sverige 2005–2006 I 2005–2006 finansierte den svenske regjeringa eit nytt, stort sekstimarsdagsforsøk i offentleg sektor. Denne gongen omfatta forsøket kvinner og menn i sosialt arbeid, omsorgsarbeid og teknisk arbeid (Bildt 2007). Forsøket varte i om lag eitt og eit halvt år. Dei som fekk kortare arbeidstid, opplevde meir trivsel, betre helse, betre høve til å planleggja fritida og meir omgang med familie, venner og kjende. Ved avslutninga av forsøket fekk både dei som hadde hatt sekstimarsdag, og kontrollgruppa med normal arbeidstid, spørsmål om kva dei helst ville velja. Ville dei ha sekstimarsdag fem dagar i veka, eller ville dei ha fire dagar med 7,5 timars arbeidsdag? Dei som hadde prøvd sekstimarsdag, var mest positive til dagleg forkorting. Forklaringa kan vera at fordelane med ein sekstimarsdag blir tydelegare for dei som har fått prøva å arbeida på den måten.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 70 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

70 kapittel 6

Det vart ikkje registrert vesentlege endringar i sjukefråvær, eller i blodtrykk, kondisjon, kroppsmål eller sukker- og feittinnhald i blodet. Men deltakarane var mindre plaga av muskelsmerter, dei var mindre trøytte etter arbeidsdagen, dei sov betre og dei sov lenger. Det er interessant at desse resultata stadfestar funna frå forsøka i omsorgsyrka i 1990-åra, mellom dei Oslo-forsøket. Det tyder på at resultata ikkje er tilfeldige, og gir større grunn til å forventa slike resultat av liknande forsøk i framtida. Korttidsverknadene av sekstimarsdagen på muskelsmerter, utmatting og søvn betyr truleg i lengda også færre slitasjeskadar. Men skulle ein få vita det sikkert, måtte arbeidstidsforkortinga halda fram over lengre tid enn i desse forsøka.

Kva med sjukefråværet? Mange trur at sekstimarsdagen skal gi lågare sjukefråvær. Oslo-forsøket er til og med vorte omtala som mislykka, ettersom sjukefråværet ikkje gjekk ned. I røynda er sjansane små for at sekstimarsdagen skal gi lågare sjukefråvær, sjølv om den gir betre helse. Det høyrest rart ut, men her er litt av forklaringa: Kortare dag kan nok føra til at færre enn før treng sjukmelding for akutte skadar og muskelsmerter, men det er sjeldan nok til å senka totalfråværet på ein arbeidsplass. Totalfråværet blir nemleg rekna ut som fråværsdagar i prosent av avtalte arbeidsdagar for dei tilsette samla, og dei lange fråværa betyr mest. Det normale er at nokre få av dei tilsette (om lag 5–10 prosent) står for det aller meste av fråværsdagane i eit år, og dermed for det meste av fråværsprosenten, som alle er så opptatt av. Dersom bedrifta har nokre få titals tilsette, vil eitt eller to alvorlege uhell eller sjukdomstilfelle ekstra gi ein dramatisk auke i fråværet frå eitt år til det neste. Det same vil eitt eller to lykkelege omstende (svangerskap) gjera, dersom jobben er dårleg tilrettelagd for dei gravide, så dei blir sjukmelde tidleg i svangerskapet. I større verksemder heng store variasjonar i fråværet frå år til år ofte saman med at ei større gruppe eldre eller langtidssjukmelde blir sagde opp eller pensjonerte om lag samstundes, eller med at det har vore stor nyrekruttering (nytilsette er friskare enn gjennomsnittet).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 71 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 71

Fråværsprosenten måler berre kor mykje svinn bedrifta har av sjukedagar på det årlege innkjøpet av arbeidsdagar, eller som det også heiter: «andel fraværsdager av avtalte arbeidsdager». Det er eit meir enn hundre år gammalt bedriftsøkonomisk mål for produksjonstap, som aldri var tenkt som mål for folkehelse og arbeidsmiljø.

Kva påverkar fråværsprosenten? I totalfråværet tel dei lange fråværa mest (dei som tar flest dagar). Her kjem dei gamle slitasjeskadane, saman med beinbrot, graviditetar, kreft, hjarteinfarkt og langvarige psykiske lidingar. For totalfråværet er det særs viktig kor høg gjennomsnittsalderen er blant dei tilsette. Eldre folk går rundt med fleire diagnosar og får oftare alvorlege sjukdommar enn dei unge. Og kroppen bruker med åra lengre tid på å reparera seg etter brot, seneskadar eller operasjonar. Eldre er sjeldan, men lenge borte. Det viser seg også på totalfråværet om bedrifta er inkluderande eller tvert om rask til å kvitta seg med dei som er eldre eller sjuke. Bedrifter som kvittar seg med sjuke folk, får låg fråværsprosent. Dessutan blir totalfråværet prega av kva slag arbeid bedrifta driv med. Det finst jobbar som kan gjerast på eit stille, varmt kontor, utan forstyrring frå kundar, klientar eller dårleg vêr. I andre jobbar bør ein vera i svært god form til tunge tak, og kanskje bør ein heller ikkje hosta på dei ein snakkar med eller skal hjelpa, dersom arbeidet har mykje med folk å gjera. Arbeidsmiljøet kan vera betre og trivselen høgare på den sistnemnde plassen, men fråværsprosenten er likevel høgare. Den raskaste måten å få ned fråværsprosenten på er å seia opp alle som har helseproblem, og alle som er over 55 år og snart kan få slike problem, og å unngå slike folk ved nyrekruttering. Da blir fråværsprosenten slik mange trur den skal vera – den blir altfor låg.

Kva hender med fråværet i eit sekstimarsdagsforsøk? Korttidsfråvær og eigenmeldingar kan det bli mindre av i forsøkstida, men dei gjer ikkje store utslag på totalfråværet. Ein del lange fråværstilfelle kan bli korta


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 72 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

72 kapittel 6

ned og vil dra totalfråværet nedover. Men lange fråvær kjem på grunn av alvorleg sjukdom eller kroniske smerter og helsesvikt, som ikkje blir borte etter eit år eller to med sekstimarsdag. Somme smertetilstandar kan bli mindre invalidiserande dersom sekstimarsdagen blir ei (lang)varig ordning. Det vil gi ein del færre lange fråvær. Men dessverre for alle som berre bryr seg om fråværsprosenten, er det slik at dersom sekstimarsdagen utset avgangen frå arbeidslivet, vil det meir sannsynleg bli fleire lange fråværstilfelle og høgare totalfråvær, fordi fleire eldre eller sjuke da held fram i arbeid. Inkludering fører gjerne til høgt fråvær, medan utstøyting fører til lågt fråvær. Fråvær må da vera betre enn utstøyting? Sjølve organiseringa av forsøket kan også få totalfråværet til å auka, dersom forsøket krev nyrekruttering. Nytilsette er oftast friskare enn gjennomsnittet, men behovet for fråvær vil auka og nærma seg gjennomsnittet i løpet av forsøkstida, slik at dei drar totalfråværet opp mot slutten. Alt i alt skal ein vera varsam med å spå kva fråværet blir i eit sekstimarsdagsforsøk, men det er meir truleg at det går opp enn at det går ned. Gjer så det noko? Er det ikkje viktigare om folk blir i betre form eller orkar jobben betre, slik at dei kanskje vil ta nokre år til? Sjukefråværsprosenten er eit ubrukeleg mål på helse, arbeidsmiljø og inkludering. Den er eit forståeleg suksessmål for sekstimarsdagen dersom arbeidsgivaren aleine skal avgjera, men det er lita von om å nå målet på kort sikt. Det er større sjanse for å lykkast om ein vel andre suksessmål, til dømes lågare turnover, betre rekruttering, mindre utstøyting og betre sjølvopplevd helse, til føremonn for både arbeidsgivar og tilsette. Dei to leiarane i skiferbedrifta Minera Norge AS (sjå s. 137) har forstått at dei ikkje kunne venta lågare sjukefråvær, og dei hadde derfor andre suksessmål for forsøket sitt: – Eg trur ikkje det blir mindre influensa om vi arbeider seks timar om dagen, og dei som har arbeidd her lenge, har ei fortid med både 7,5 og 8 timars arbeidsdag, seier produksjonsleiar Knut Fossum i Oppdal. Og dagleg leiar Magne Båtstad på Otta er inne på det same: – Eg ventar ingen endringar i sjukefråværet på kort sikt, vi blir ikkje kvitt dei belastningsskadane folk alt har fått, fordi om vi kortar ned arbeidstida.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 73 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 73

Enklare enn mange trur Det er sjeldan bruk for innvikla statistikk for å skjønna endringar i fråværet frå eit år til det neste. Som eit døme kan vi sjå på sjukefråværet hos 20 trafikkbetjentar frå forsøket i Trondheim parkering KF i perioden 2006–2008 (Buvik, Tvedt og Torvatn 2008). Figur 11 i rapporten viser fråværet i 2005, 2006 og 2007. Det gjekk frå 13,9 prosent før forsøket opp til 19,2 prosent og ned til 13,2 prosent igjen i 2007. Det normale er at berre nokre få står for nesten alle fråværsdagane. Dersom éin, og berre éin, av tjue betjentar var borte eit heilt år, ville det samla fråværet for dei 20 vera 5 prosent det året. La oss tenkja oss at to betjentar stod for dei lange fråværa og dei fleste fråværsdagane i 2005, og kanskje to andre i 2007, mens heile fire var uheldige og hadde lange fråvær i 2006. Det ville vera nok til å forklara variasjonane frå år til år. Når dei tilfeldige variasjonane er så store, måtte verknadene av særskilde tiltak, som til dømes sekstimarsdag, vera dramatiske for å bli synlege. 20

PROSENT

15

19,2

2005 2006 2007 13,9

13,1

13,2

10 8,8

5 3,4

0

6,1

5,3 4,1

2,1 1,8 1,7

Kort

Mellomlangt

Langt

Total

T YPE FRAVÆR

Utvikling av sjukefråværsprosent 2005–2007 fordelt på korttids, mellomlangt og langtids fråvær. Årsgjennomsnitt. Etter Buvik, Tvedt og Torvatn 2008. Evaluering av 6-timersforsøk ved Trondheim parkering KF, SINTEF.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 74 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 7

Kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag?

Moderne ungar vil ha ein far som er til stades, ikkje berre når han bruker fedrekvoten og eventuelt tar meir av fødselspermisjonen i dei første leveåra deira, men gjennom heile oppveksten. Moderne fedrar blir dratt mellom den tradisjonelle mannsrolla som hovudforsørgjar i eit arbeidsliv som stiller grenselause krav, og ei ny farsrolle som stiller andre krav og går dårleg i hop med dei lange arbeidsdagane.

Far må vera til stades – Når pappa er reist, så spør jeg mamma hele tiden: Hvor er pappa? Jeg synes det er dumt når han er mye borte. Jeg vil at vi skal være sammen. Han bruker veldig mange timer på jobben, altså. Slik uttalar ein niåring seg. Utsegna er henta frå eit intervju i sosiologen Brita Bungums doktorgradsarbeid (Bungum 2008). I Bungums arbeid går det fram at sjølv om mor framleis er den primære omsorgsgivaren, set ungane stor pris på fars omsorgsinnsats, enda den er mykje meir avgrensa i tid. Det er med andre ord ikkje nok at far gjer sitt for å forsørgja familien, han må også vera til stades sjølv. «Farsidealet har forandret seg, og det har også ungenes forventninger. Jeg vokste opp i en bygd der mange av fedrene var ute på sjøen store deler av tida, og vi koblet aldri det å være en god far til det å være


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 75 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 75

til stede. Barn som vokser opp i dag, derimot, forventer en mye større grad av deltakelse, også i hverdagslivet. En god far er en som dukker opp på fotballkamper og kommer hjem til middag,» seier Bungum, som har intervjua mødrer og fedrar i elleve familiar. http://kilden.forskningsradet.no/c17251/artikkel/ vis.html?tid=52390, 01.08.2008

Likestilling og livskvalitet 2007 (Holter, Svare og Egeland 2008) er ei undersøking gjord på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet om «menns oppfatninger og forståelse av kjønnslikestilling i relasjoner, familie, arbeidsliv og samfunn». Data er henta inn ved svar på 123 spørsmål på eit spørjeskjema utarbeidd av Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking (NIKK) og Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) i samarbeid. 2805 personar (kvinner og menn) svarte på spørsmåla i første halvår 2007. Det vart mellom anna spurt om kor mykje folk arbeidde, og både kvar fjerde mann og kvar fjerde kvinne svarte at dei gjerne skulle arbeida mindre enn dei gjer. At kvinner ønskjer kortare arbeidstid, er ikkje nytt. Kanskje er det meir overraskande at heile 30 prosent av dei mennene som seier at dei arbeider meir enn dei ønskjer, finst innanfor industri, handverk og anlegg, det vil seia yrke der ein gjerne ventar at den tradisjonelle mannsrolla står sterkt. Undersøkinga viser ikkje kor mange av desse mennene som heller ville ha brukt tida i lag med ungane enn på jobben, men at det er ein viss samanheng her, er ikkje urimeleg.

Stiller opp for jobben Men kvifor arbeider dei så mykje, om dei ikkje vil? Vel 40 prosent av dei mennene som arbeider meir enn dei ønskjer, oppgir at dei gjer det fordi arbeidsplassen krev det. Har arbeidsplassane basert seg på ei viss mengd overtid, slik at dei eigentleg konstant er underbemanna? Dukkar det stadig opp akutte kriser som krev at ein må «stå på» for å berga arbeidsplassen? Er desse mennene offer for det generelt grådige og grenselause arbeidslivet, der ein helst skal vera klar til å stå på døgnet rundt? Eller finst det andre forklarin-


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 76 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

76 kapittel 7

gar? Det går ikkje fram av rapporten. Kor mange har gjort ei grundig vurdering av kva som skal vega tyngst, arbeidsplassen eller omsynet til familien? Det fortel undersøkinga heller ikkje noko om. Anten arbeidskleda er hjelm og overall eller dress med eller utan slips, er det noko «mandig» ved å arbeida lange dagar. Kanskje er krava frå arbeidslivet no til dags aller verst i dei grenselause jobbane innanfor finans-, advokat- og meklaryrke? I ein avisreportasje om arbeidsplassar der 14–16 timars arbeidsdagar ikkje er uvanleg, uttalte ein yngre meklar seg slik: Det handler om en machokultur. Du er svak hvis du trenger hvile, hvis du trenger hjelp. Man higer etter å være blant de beste. Samtidig er det antagelig sånn at de aller beste får til en balansegang. (Dagens Næringsliv 19.05.2007)

Tor Birkeland, partner i advokatfirmaet Simonsen, stiller seg ifølgje den same artikkelen tvilande til «om det er mulig å tilpasse finansnæringen til et tempo der man tar hensyn til folks søvnbehov».

Frå forsørgjar til omsørgjar Menn har ikkje hatt lett for å stilla krav på eigne vegner for å redusera arbeidstida si. Nybakte fedrar har heilt sia 1977 hatt høve til å dela fødselspermisjonen med mor, men svært få gjorde det dei første 15–16 åra. Først etter at fire veker av fødselspermisjonen vart reservert for far, frå og med 1. april 1993, vart det vanleg for fedrar å ta noko av fødselspermisjonen, den såkalla fedrekvoten. Seinare er fedrekvoten utvida til seks veker. Det er også ein aukande tendens til at fedrane tar meir enn dei obligatoriske seks vekene. Av dei fedrane som tok ut foreldrepengar i 2007, var det på landsbasis i overkant av 14 prosent som tok permisjon i åtte veker eller meir. Fedrekvoten vart ein rett for alle. Den er ikkje lenger noko ein må forhandla med sin eigen arbeidsgivar om. Forskarar som har evaluert ordninga, meiner dette har vore avgjerande for at fedrane skal ta permisjon. Frå at det var «noko spesielt» med fedrar som tok sin del av fødselspermisjonen, er det no tvert imot dei fedrane som ikkje bruker retten sin, som må forklara seg og tola å komma i eit litt kritisk lys. Frå å vera forsørgjar er mannen i ferd med


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 77 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 77

– Ein blir meir kjend med ungane når ein kjem tidlegare heim. Med sekstimarsdag blir det meir tid til både husarbeid og trening, seier Sigurd Lars Haldorsen, tillitsvald ved trappefabrikken B. Innvær. Her i lag med sonen Markus. Foto: Greg Rødland Buick.

også å bli omsørgjar, skriv to av forskarane som har arbeidd med dette (Brandth og Kvande 2003). Den nye omsørgjarrolla betyr ikkje at mannen har slutta å vera forsørgjar. Men det er lenge sia dei fleste menn var den einaste forsørgjaren i familien. I dei fleste familiar med to vaksne er det to inntekter, sjølv om det framleis er vanleg at mannen tener meir enn ein kvinneleg partner. Men om inntekta er ulikt fordelt mellom kvinner og menn, er dei fleste familiane avhengige av begge inntektene for at hushaldsbudsjettet skal balansera.

Kva kjem etter fedrekvoten? Både mødrer og fedrar står i skvis mellom familie og arbeidsliv om dei skal få til ei rimeleg deling av ansvar og arbeidsoppgåver i heimen. Til no er det mødrene som har merka denne skvisen mest, og det er dei som i størst grad


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 78 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

78 kapittel 7

har tilpassa yrkesarbeidet sitt for å få det daglege tidspuslespelet til å gå i hop. I mange tilfelle må løysinga bli høgst individuelle tilpassingar. I nyare tid er det kvinnene som både gjennom kvinnerørsla og gjennom kvinnerike fagforeiningar og -forbund har tatt opp att kravet om kortare dagleg arbeidstid. Til dels har dei fått liten eller svært lågmælt støtte frå dei mannsdominerte delane av fagrørsla. Det var heller ikkje dei mannsdominerte fagforeiningane som kjempa fram fedrekvoten, men menn ser altså ut til å synast at det er ei bra ordning når den først er der. Kva skal til for at mannskollektivet skal makta å ta initiativ til å reisa krav som bryt med dei krava arbeidslivet tradisjonelt har stilt? Er biletet av mannen som hovudforsørgjar framleis ei hindring? Mennene i den nemnde undersøkinga som arbeider meir enn dei vil, seier ikkje at det er sekstimarsdag dei ønskjer. I snitt svarer dei at 38 timar i veka ville vera «passe». At dei ikkje formulerer eit krav om sekstimarsdag, er ikkje overraskande. Korkje deltid eller redusert arbeidstid av omsorgsgrunnar har vore mykje brukt av mannfolk. Om det er praktiske vanskar på eigen arbeidsplass som hindrar dei i å stilla krav om endringar, eller om det er den tradisjonelle oppfatninga av kva ein «skikkeleg arbeidskar» er, veit vi ikkje. Dess meir interessant er det å sjå at fleire av dei ordningane med sekstimarsdag som har komme i gang i dei siste åra, er på mannsarbeidsplassar og innanfor yrka i industri og handverk. Dei aller fleste mannfolka som har fått prøva det, set stor pris på ei arbeidstidsordning som gir meir fritid, og nettopp det å få meir tid til heim og ungar, er argumentet for at dei gjerne vil halda fram med ordninga. Det kan fleipast om at «det blir mykje middagslaging av denne sekstimarsdagen,» slik arbeidarane på trappefabrikken på Bømlo sa (sjå s. 125) Men det ser ut til at dei fleste finn det heilt rimeleg at dei skal ta ein større del av arbeid og ansvar i heimen når arbeidsdagen blir kortare. Det er fint å kunna henta ungar i barnehagen tidlegare enn før, eller å vera på plass heime når dei kjem frå skole og skolefritidsordning.

Er mannfolk berre einskildindivid? Kvifor er ikkje dei mennene som synest arbeidsdagen er for lang, meir synlege? Kvifor har ikkje det at arbeidsdagen er for lang, komme fram gjennom dei fag-


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 79 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 79

forbunda som organiserer menn innanfor industri, handverk og anlegg? Er det slik at mannfolk flest ser på den lange arbeidsdagen som eit «privat» problem, som dei må løysa kvar på sin kant? Kan samanhengen vera at det enno ikkje har vorte ei kollektiv oppfatning at ein god far ikkje har tid til å arbeida overtid? At han eigentleg ikkje har tid til å vera på jobb meir enn seks timar dersom han skal ta sin rimelege del av ansvar og oppgåver i heimen? Dersom det stemmer at fars bruk av foreldrepermisjonen i ungane sitt første leveår styrkjer banda til ungane, så må det vel også kjennast rett for far å vera meir saman med dei når det første året er over? Krev ikkje femåringen, niåringen og trettenåringen like mykje ein far som har tid og kan vera til stades, sjølv om innhaldet i nærværet endrar seg med åra? Biletet av mannen som hovudforsørgjar står i motsetnad til krav om meir samvær med ungar. Den svenske forskaren Marie Norberg meiner at menn ikkje ser at deira problem heng saman med at heile arbeidslivet framleis er organisert slik at det høver for menn utan familieansvar. Derfor prøver dei berre å finna individuelle løysingar, i samarbeid med nokre få andre menn på arbeidsplassen, utan at det fører til ei kollektiv rørsle for å få til endring (Marie Norberg i Holter, Svare og Egeland 2007).

Mannserfaringar «Mennenes nye erfaringer går dypt på et personlig nivå, men ikke uten videre bredt på et samfunnsnivå. De representerer noe nytt og lovende, men de utgjør ennå ikke et alternativ til den tradisjonelle organisatoriske effektiviteten eller det ‘teknisk-økonomiske systemet’.» (Øystein Gullvåg Holter i Holter, Svare og Egeland 2007)

Alliansen mellom deltidsarbeidande kvinner og overtidsarbeidande menn eksisterer i mangt eit parforhold. Kva skal til for at denne alliansen i eit større perspektiv kan brukast til å kjempa fram ein kortare normalarbeidsdag, som kan gjera både kvinner og menn heiltidsarbeidande, og som kan redusera deltid og overtid til unntaksordningar?


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 80 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

80 kapittel 7

Det er kvinner som har formulert kravet om «ein arbeidsdag å leva med, og ei lønn å leva av». Mennene har til no hatt eit forsprang når det gjeld lønna. Med pengar følgjer det alltid makt. Kva har den makta som følgjer med å vera den som tener mest, å seia for mannfolk si prioritering av arbeid og arbeidstid? Kan redsla for å mista makt på heimebane stå i vegen for eit kollektivt mannskrav om kortare arbeidsdag? Kvinnene har i stort monn tilpassa arbeidstida si med deltid og alle former for fleksibilitet for å få ein dag å leva med. Kva må til for at «ein arbeidsdag å leva med» skal bli eit fellesprosjekt, på same tid som kvinner skal få ei lønn å leva av? Da fedrekvoten vart innført i 1993, var Noreg det første landet i verda som innførte ein omsorgspermisjon som var reservert for fedrar. Kva blir steg to? Kva for eit land blir det første i verda som innfører ein seks timars normalarbeidsdag som kan gjera det mogeleg for fedrar å vera både omsørgjarar og forsørgjarar?

Sagt om sekstimarsdagen: Gudrun Schyman, talsperson for Feministiskt initiativ i Sverige

– Ta tida tilbake!

Slik avslutta Gudrun Schyman eit innlegg om sekstimarsdagen i avisa Sydsvenskan 29. juli 2007: – Om vi skal resonnera ut frå eit heilskapleg perspektiv og kva som er «berekraftig» på lang sikt, står vi utan tvil framfor store omstillingar. Skal vi minska utsleppa av koldioksid (og det skal vi jo), må vi vurdera vår materielle standard med eit meir miljø- og tidsmedvite blikk. Det trengst meir tid for å reisa kollektivt, meir tid for å eta mindre halvfabrikata og så vidare. Dette er ikkje ein «tilbakegang». Det er eit framsteg, mogeleg ut frå auka teknisk utvikling og auka kunnskap om tilstanden i verda. Etter å ha følgt sekstimarsdagen politisk i snart tjue år ser eg at motstanden korkje er faktabasert eller resultat av ei heilskapleg vurdering.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 81 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 81

Skal ein dømma etter alle motargumenta, er arbeidstidsforkortinga tydeleg eit trugsmål. Spørsmålet blir da – eit trugsmål mot kva? Mot den globale masseforbruksbaserte økonomien? Mot oppdelinga i ein mannleg og ein kvinneleg sfære, med kvinnene sjølvsagt forankra i ansvaret for familien, medan mannen jagar etter karriere? Eller er det kanskje kombinasjonen? Er det eigentleg slik at krav ut frå eit heilskapleg perspektiv trugar maktsystem som byggjer på dominans og konkurranse, det grunnleggjande mønsteret som får si næring i dei djupe patriarkalske førestellingane som framleis forpestar verda? Kravet om seks timars arbeidsdag er eit visjonært krav. Kanskje treng det ei ny innpakking? Kva med: «Ta tida tilbake!» (vår oms.) Heile innlegget kan lesast på: http://www.sydsvenskan.se/opinion/ aktuellafragor/article254948.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 82 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 8

Eit krafttak for likestilling

Noreg har eit rykte som føregangsland når det gjeld likestilling. Når vi får gjester, undrar somme seg mest over at vi har kvinnelege biskopar og kvinnelege offiserar i Forsvaret og omtrent halvparten kvinner i regjeringa, medan andre synest det er minst like rart at kvinner i det likestilte Noreg berre har 85 prosent av menns lønn. Langt frå alle kvinner i Noreg drøymer om å bli general eller biskop, men dei aller fleste ønskjer å ha lønnsarbeid og å tena nok til å forsørgja både seg sjølv og eventuelle ungar. Men det er ikkje alltid så lett å få til. Somme av gjestene våre undrar seg nok over at kvinner og menn har så ulik arbeidstid i dette likestillingsparadiset, slik at nesten halvparten av dei yrkesaktive kvinnene ikkje har full jobb og dermed er langt unna å kunna forsørgja seg sjølve. Somme har ein familieøkonomi som gjer at deltid kan opplevast som ei god ordning, medan andre arbeider høgst ufrivillig deltid. Kva som er «naturleg» og kva som er «underleg», er avhengig av auga som ser. Men vi er enno eit godt stykke unna likestilling i den meininga at både kvinner og menn har same høve til å vera økonomisk sjølvstendige. At likestilling er viktig, vil likevel dei fleste vera samde i, sjølv om dei kanskje legg noko ulikt innhald i omgrepet.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 83 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

eit krafttak for likestilling 83

Kva er likestilling? For meg betyr likestilling at: Alle kvinner har en lønn å leve av. Kvinner har like mye makt som menn på alle arenaer. Vi har fått lik ansvars- og arbeidsfordeling i hjemmet. Ingen kvinner føler utrygghet på grunn av at de er kvinner. (LO-leiar Roar Flåthen i 1. mai-talen i Årdal i 2007) Det [likestilling] er et krav om frihet fra diskriminering, desavuering og krenkelser, og samtidig et demokratikrav: om lik rett til lik deltakelse. (Hege Skjeie og Mari Teigen: Menn imellom, ein del av Maktutredningen frå 2003) Likestilling fremstår i dag som en diffus verdi som «alle» er for og som det er politisk ukorrekt å være i mot. (NOU 2003: 19, side 37) Kvinner og menn skal gis like muligheter til utdanning, arbeid og kulturell og faglig utvikling. (Likestillingsloven, § 1)

Statistikken fortel oss at likestillinga enno er eit stykke unna: •

• •

Ser vi all inntekt under eitt (lønn, trygd, pensjon og kapitalinntekt), har kvinner om lag 65 prosent av menns inntekt. Det kjem av at kvinner både eig mindre og har lågare lønn og meir deltid enn menn. Kvinner med barn under sju år bruker fire gonger så mykje tid på husarbeid og dobbelt så mykje tid på omsorgsarbeid som menn med barn i same alder. Heilt sia 1980 har den gjennomsnittlege tida i lønnsarbeid vore om lag 30 timar i veka for kvinner, medan den gjennomsnittlege arbeidstida for menn har gått litt ned, frå vel 41 timar til vel 37 timar i 2007. (Statistisk sentralbyrå)


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 84 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

84 kapittel 8

Både skilnaden mellom kvinne- og mannslønn og skilnaden i kvinners og menns gjennomsnittlege arbeidstid har vore nokså konstant i fleire tiår. Det er altså ikkje nokon grunn til å tru at desse grunnleggjande forholda vil endra seg «av seg sjølv». Det kan tvert om sjå ut til at forholdet mellom kvinners og menns lønn og arbeidstid har «stabilisert seg» på eit nivå som høver godt både for dei arbeidsgivarane som har nytte av kvinner som fleksibel deltidsarbeidskraft og dei mannfolka som synest likestillinga har komme langt nok. Dersom all velviljen for likestilling skal føra til endringar, må det gjerast konkrete politiske vedtak. Å forkorta normalarbeidsdagen til seks timar kan vera eit slikt vedtak. Ein av grunnane til den store inntektsskilnaden mellom kvinner og menn, er at vel 40 prosent av dei yrkesaktive kvinnene arbeider deltid. Med innføring av sekstimarsdag vil mange av dei som no arbeider deltid, bli heiltidsarbeidande og dermed få full lønn. I forsøka som er gjorde til no, ser vi også at ein del av dei med kortare deltid enn 30 timar i veka aukar arbeidstida si til full tid når det er seks timar per dag. Arbeidsgivaren treng gjerne fleire på fulltid når arbeidsdagen blir kortare. Dersom lik fordeling av arbeid (lønna og ulønna arbeid til saman) og fritid er eit brukbart mål på likestilling, står det ikkje så dårleg til for norske småbarnsforeldre. Begge foreldra arbeider mykje – fedrane mest ute, mødrene mest heime. Men dersom likestilling også skal bety lik fordeling av arbeidsoppgåvene heime og ute, er det framleis langt fram til likestilling mellom småbarnsmødrer og småbarnsfedrar. Så lenge det er vesentlege skilnader mellom kvinne- og mannslønn, og så lenge det i dei fleste parforhold er han som tener mest, er det ikkje så rart om det er ho som reduserer arbeidstida når tida ikkje strekk til. Det forsterkar den frå før skeive fordelinga av både dei ulønna arbeidsoppgåvene og arbeidsinntekta. Det er ikkje lett å få til lik fordeling av dei ulønna arbeidsoppgåvene utan lik fordeling av lønnsarbeidet. Men to moment er viktige her: • •

Meir lik arbeidstid i lønna arbeid vil i seg sjølv leggja grunnlag for ei meir lik deling av dei ulønna arbeidsoppgåvene i heimen. Med seks timars normalarbeidsdag for alle vil langt fleire kvinner kunna vera i full jobb. Det vil fjerna ein del av skilnaden mellom kvinners og menns inntekt.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 85 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

eit krafttak for likestilling 85

Til no har det ikkje vore gjort forsøk med sekstimarsdag som har omfatta heile lokalsamfunn i Noreg, berre i einskilde verksemder. Vi har derfor ingen røynsler med kva som kan skje med arbeidsdelinga i familiar der to vaksne begge har sekstimarsdag. Vi ventar enno på den første kommunen som innfører sekstimarsdag for å auka tilflyttinga. Men det finst undersøkingar om korleis arbeidstida generelt verkar inn på arbeidsdelinga i familien. Silje Vatne Pettersen i Statistisk sentralbyrå har undersøkt samanhengen mellom arbeidstid i lønnsarbeid og fordeling av hus- og omsorgsarbeid. Jo mer mor arbeider, jo mindre far arbeider og jo høyere andel av husholdningsinntekten mor står for, desto likere deles både husarbeidet og omsorgsarbeidet. […] Analysen bekrefter at arbeidet hjemme fortsatt er kjønnsdelt, og at delingen av hus- og omsorgsarbeid er mer avhengig av tiden foreldrene har tilgjengelig utenom yrkesarbeidet enn når på døgnet de arbeider. (Pettersen 2004)

I denne undersøkinga går det altså fram at timetalet mor har i lønnsarbeid, er viktig for kor mykje far tar av barneomsorga og husstellet, mens det er mindre viktig kva tid på døgnet ho arbeider. Tilskotet hans til innsatsen heime aukar også dess meir tid han har att av døgnet etter lønnsarbeidet, uansett om han arbeider vanleg dagtid eller har ei anna arbeidstidsordning. Forskarar som har følgt forsøka med sekstimarsdag i Sverige 2005–2006, venta i utgangspunktet at arbeidstidsforkortinga kunne forsterka den tradisjonelle fordelinga av det ubetalte arbeidet mellom kvinner og menn, men slik gjekk det ikkje. Dei fann mellom anna at særleg menn under 35 år brukte meir tid til husarbeid og omsorg for barn enn kvinner og menn i andre aldersgrupper. «Det finns skäl att anta att en daglig förkortad arbetstid i alla fall inte skulle bidra til en ökad ojämställdhet» (Bildt 2007). Fabrikken til Kellogg’s i Battle Creek i Michigan, USA, innførte sekstimarsdag i 1930. Der kunne «Kellogg’s-par» (par der både kone og mann arbeidde seks timar hos Kellogg’s) oftare enn andre fortelja at dei delte på husarbeidet. «Sekstimersdagen skapte ofte mer flytende forhold hjemme, åpnet for spørsmål om arbeidsdeling mellom kjønnene og førte til energiske reforhandlinger om husarbeid og hjemmeprosjekter,» skriv Benjamin Kline Hunnicutt (Hunnicutt 2005). Sjå også kapittel 11.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 86 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

86 kapittel 8

Sekstimarsdagen treng ikkje føra til likare deling av oppgåvene i hus- og omsorgsarbeid. Kortare arbeidsdag kan også gi rom for meir spesialisering – mor kan baka fleire bollar, og far kan mekka meir bil. Fordelinga av arbeidsoppgåvene i heimen er ei forhandlingssak; det kan diskuterast både kor mange bollar som skal bakast, og kven som skal baka dei. Ein langt meir grunnleggjande føresetnad for likestilling er fordelinga av makt og pengar, og at både kvinner og menn kan vera økonomisk sjølvstendige. Med sekstimarsdag vil dei som ønskjer ei meir lik deling av heimearbeidet, få eit arbeidsliv som legg betre til rette for det.

Sagt om sekstimarsdagen: Sigbjørn Johnsen, fylkesmann, om sekstimarsdagen i 1982 og 2008

– Likestilling og livskvalitet

I 1982 uttalte daverande stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Sigbjørn Johnsen, som også var nestleiar i Likestillingsrådet, seg slik: – Spørsmålet om sekstimersdagen må ikke reduseres til en forkortelse av arbeidstiden i tradisjonell forstand. Drivkraften er kravet om et endret samfunn – med et endret sett å leve på. I dette samfunnet er det naturlig at kvinne og mann tar samme ansvar for barn og hjem – og at begge har samme mulighet til å ta aktivt del i arbeids- og samfunnsliv. I kravet om seks timers arbeidsdag ligger ønsket om et framtidssamfunn med større åpenhet – bedre kvalitet og menneskelig omtanke. Det kreves mot og politisk vilje til å skape et slikt samfunn. Vi er en rik nasjon – med store menneskelige, økonomiske og naturgitte ressurser. Bruk av disse ressursene til å omforme samfunnet vil være ledetråden i arbeiderbevegelsens framtidige politisk arbeid» (Johnsen 1982). Når vi i 2008 spør Johnsen, no fylkesmann i Hedmark, om korleis han ser på spørsmålet om sekstimarsdagen, stadfestar han at han står ved det han sa i 1982, og han stiller eit spørsmål som ikkje var med i debatten den gongen:


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 87 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

eit krafttak for likestilling 87

Har ikkje dei fleste av oss no nådd ein materiell velstand som gjer at vi kan stansa opp og ta ut livskvalitetsverdiar i staden for auka lønn? Og blir vi ikkje faktisk også nøydde til det i ein global og klimamessig samanheng? Johnsen minner også om endringane som har skjedd, den store auken i kvinners yrkesdeltaking, og dei utvida ordningane innretta mot småbarnsfamiliane – fødselspermisjon, tidskonto og utbygging av barnehagar. Men på arbeidsmarknaden er situasjonen nesten motsett av det den var i 1982. Den gongen var deling av arbeid eit tema som tiltak for å hindra høg og stigande arbeidsløyse. No er det i delar av økonomien mangel på arbeidskraft, og spørsmålet om vi «har råd til sekstimarsdagen» kan vera aktuelt. Vidare luftar han tanken om ein «livsvarig tidskonto» – kunne det vera ei løysing å arbeida meir og lenger som senior, mot å få kortare arbeidstid i fasen da barna er små? I ein generasjonskontraktsamanheng og med pensjonsmessige utfordringar trur han vi må belaga oss på å stå lenger i arbeid.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 88 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 9

Normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået

Slik vart det sagt i ei utgreiing om sekstimarsdag i Oslo kommune i 1980-åra: 6-timers dag vil medføre en overgang fra 3-skift til 4-skiftsordninger. En 4-skiftsordning vil føre til at start- og sluttidspunkt for kvelds- og nattskiftet vil bli svært ubekvem. (Oslo kommune, byrådet. Byrådssak nr. 1079/86)

I desember 1984 hadde bystyret i Oslo gjort eit samrøystes vedtak om at gjennomføring av sekstimarsdag i ulike kommunale etatar skulle greiast ut. Men dei tilsette i barnehagane eller sjukeheimane eller i vegvesenet hadde ikkje vorte spurde til råds om korleis dei kunne sjå for seg sekstimarsdagen i praksis. Særleg kan det vera grunn til å undrast over at administrasjonen ikkje hadde spurt seg for hos prosjektgruppa ved Lindeberg alders- og sykehjem, som hadde gjort eit grundig førearbeid for ei utprøving av sekstimarsdagen. Dei hadde diskutert korleis turnusen skulle sjå ut, og hadde komme fram til ei fireskiftordning med tre overlappande skift på seks timar og eit nattskift på ni timar. Og dei hadde kartlagt at minst 60 prosent av dei 77 deltidstilsette ville seia ja til full jobb dersom det vart sekstimarsdag. Dei meinte sekstimarsdag ville auka rekrutteringa, redusera sjukefråværet, førebyggja slitasje og arbeidsskadar, redusera behovet for vikarar og føra til betre trivsel og overskot til beste for pasientane. Men dei vart stoppa av bystyrefleirtalet 4. mars 1987 (Sykepleien nr. 9, 1987). Og alt i 1985 hadde sjukepleiarar i Trondheim foreslått ei turnusordning med tre overlappande skift på seks timar og eit nattskift på åtte timar (Sykepleien nr. 4, 1985).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 89 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 89

Motargumentet om eit seks timars nattskift var henta rett ut av lufta, og tyder på at dei kommunale byråkratane i Oslo visste lite om organisering av arbeid. Men misforståinga om at sekstimarsdagen automatisk skal føra til ei firedeling av døgnet, er framleis ikkje utrydda. I eit notat til Fornyings- og administrasjonsdepartementet i samband med departementet si kartlegging av forsking om arbeidstid (seks timars dag / tretti timars veke), skriv forskar Nina Amble ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) mellom anna: Sekstimersdagen indikerer en firedeling av døgnet. En sekstimers arbeidsvakt i turnus, noe mange oppfatter som «en katastrofe», eller umulighet i forhold til kontinuitet, betyr en ytterligere oppstykking av arbeid og samarbeid […]. En gjennomsnittlig arbeidsuke ned til 30 timer derimot, vil kunne gi flere nye spennende muligheter. (Amble 2006)

Det overraskande med dette notatet er at det ikkje tar omsyn til erfaringar som er gjorde med sekstimarsdag i pleie- og omsorgsyrke (sjå til dømes om Osloforsøket i dette kapitlet, og s. 145–147). Og kanskje er det like overraskande at det blir stilt opp ein kunstig motsetnad mellom sekstimarsdag og 30 timars veke, når det er snakk om arbeid som uansett må gå føre seg utanfor ramma for normalarbeidsdagen.

Normalarbeidsdag og unntak Seks timars normalarbeidsdag vil ikkje seia at absolutt alle alltid skal arbeida berre seks timar per døgn, like lite som absolutt alle arbeider 7,5 timar per døgn med dagens ordning. Normalarbeidsdagen seier kor mange timar per dag ein skal arbeida for å få full lønn, og når på døgnet det skal vera normalt å gjera jobben. Når det er fastsett, må det lagast unntaksordningar der det trengst. Lengda på normalarbeidsdagen har alltid vore eit kjernespørsmål for fagrørsla. Kampen for åttetimarsdagen er den saka som meir enn noko anna har samla arbeidsfolk under felles faner i vår del av verda. Og framlegget til den første «Fabriktilsynsloven» frå dei første fagforbunda i Noreg i 1886 vart kalla «Udkast til Lov om Normalarbeidsdag med videre» (gjengitt i Wergeland 2006). Normalarbeidsdagen var det viktigaste kravet. Arbeidstida er dels fastsett i tariffavtalar, dels i arbeidsmiljøloven. I dag seier dei fleste tariffavtalane i Noreg at arbeidstida er 7,5 timar per dag, med ei ramme


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 90 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

90 kapittel 9

for når på dagen arbeidet normalt skal utførast. Somme avtalar seier kl. 06.00–kl. 17.00, somme kl. 07.00–kl. 18.00, andre kl. 07.00–kl. 17.00. Mange tariffavtalar seier også at det skal forhandlast med dei tillitsvalde om plassering av arbeidstida. Avtalane seier dessutan at arbeid utover 7,5 timar per dag skal betalast som overtid. For det arbeidet som blir utført utanfor ramma for normalarbeidsdagen, skal det betalast skifttillegg og/eller tillegg for ubekvem arbeidstid. Fordi mykje viktig og heilt nødvendig arbeid må utførast utanfor ramma for normalarbeidsdagen, er det vidare laga både avtalar og lovreglar for skift- og turnusarbeid, og slik må det sjølvsagt også vera når sekstimarsdagen skal gjennomførast. For dei som ikkje har tariffavtalar, gjeld reglane i arbeidsmiljøloven, som set ein slags minstestandard for arbeidsvilkår. Den gir eit dårlegare vern om normalarbeidsdagen enn dei vanlege tariffavtalane. Etter loven er arbeidsveka framleis på 40 timar, og det skal normalt ikkje arbeidast meir enn ni timar per dag. Ein paragraf i arbeidsmiljøloven (§ 10-12 (4)) opnar sia 1968 for at store forbund kan laga avtalar som gir dårlegare vern enn loven. Det kan til dømes vera avtalar om lange skift eller om mykje nattarbeid mot høge tillegg eller mykje fritid. Seks timars normalarbeidsdag vil seia at der det no står at den alminnelege arbeidstida er «7,5 timer» i avtalane og «9 timer» i loven, skal det stå «6 timer». Når sekstimarsdagen er innført, blir det opp til arbeidsgivarar, tillitsvalde og tilsette å finna ut korleis dette best kan organiserast på kvar arbeidsplass, eventuelt kor mykje som trengst av unntaksordningar for å få ei arbeidstid som alle partar kan vera nøgde med.

Frå to- til tredelt turnus I Osloforsøket, som vart gjennomført ved ein sjukeheim og i heimetenesta i ein bydel i Oslo frå juni 1995 til mars 1997, valde dei å gå over frå todelt til tredelt turnus. Det vil seia at det vart ei morgonvakt, ei mellomvakt og ei kveldsvakt i løpet av arbeidsdagen (nattevaktene var ikkje med i forsøket). Valet vart gjort etter ei grundig kartlegging av arbeidsoppgåver til ulike tider på dagen, i samråd med dei tilsette. (Meir om Osloforsøket på s. 145–147.)


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 91 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 91

I arbeid som går i fleire skift gjennom døgnet (skift- og turnusordningar), må ein sjå på korleis det høver best å organisera arbeidstida, også når normalarbeidsdagen blir seks timar. Det er slett ikkje gitt at arbeidstida skal ordnast nøyaktig på same vis for brannmannskap som for sjukepleiarar, eller at sjukehus og sjukeheimar skal ha heilt like turnusordningar. Felles for dei som arbeider etter skiftplanar med kvelds-, natt- og helgearbeid, er at dei har færre arbeidstimar i veka enn dei som berre har dagarbeid. Arbeidstida for skift- og turnusarbeidarar må forkortast tilsvarande når sekstimarsdagen blir innført. I dag har skiftarbeidarar i helse- og omsorgsyrke lengre arbeidstid enn skiftarbeidande industriarbeidarar, sjølv om arbeidet er like belastande. Kravet om at skiftarbeidarar i helsesektoren skal ha same arbeidstid som skiftarbeidarar i industrien gjeld sjølvsagt også når vi får sekstimarsdag. Men vi får tru at lovendringa som stiller alt skiftarbeid likt, utan omsyn til kjønn eller næring, kjem på plass før sekstimarsdagen.

Eksempel på tariffavtalar om arbeidstid Fellesforbundet (Verkstedoverenskomsten 2008–2010): • Den daglige arbeidstiden legges i tiden mellom 06 og kl. 17.00 de første 5 virkedager i uken. Hvor saklige grunner gjør det nødvendig, kan ordinær arbeidstid legges til lørdager mellom kl 06.00 og kl 12.00. […] • Arbeidstiden på 2-skift skal ikke overstige gjennomsnittlig 36,5 timer pr. uke. • Arbeidstiden på 3-skift skal ikke overstige gjennomsnittlig 35,5 timer pr. uke (33,6 timer pr. uke for helkontinuerlig 3-skift). Norsk sykepleierforbund (2006–2008): • Den ordinære arbeidstid skal ikke overstige gjennomsnittlig 37,5 timer pr. uke. […] • Ukentlig arbeidstid skal ikke overstige gjennomsnittlig 35,5 timer i følgende tilfelle: – I turnusordninger hvor ordinært arbeid må utføres mellom kl 20.00 og kl 06.00 og/eller minst hver 3. søndag.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 92 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

92 kapittel 9

– Ved døgnkontinuerlig skiftarbeid. – Ukentlig arbeidstid skal ikke overstige gjennomsnittlig 33,6 timer ved helkontinuerlig skiftarbeid eller i sammenlignbare turnusordninger. Arbeidsmiljøloven: • Den alminnelige arbeidstid må ikke overstige ni timer i løpet av 24 timer og 40 timer i løpet av sju dager (§ 10–4). • Arbeid mellom kl. 2100 og kl. 0600 er nattarbeid. […] Som nattarbeid regnes ikke arbeid på to skift som legges mellom kl 0600 og kl 0000 (§ 10–11).

Arbeidstid, opningstid og driftstid Skal til dømes bankar og offentlege kontor berre vera opne frå kl. 09.00 til kl. 15.00 når sekstimarsdagen blir innført? Sjølvsagt ikkje, dersom folk har bruk for at dei er opne lenger. Det kan ikkje vera vanskelegare å finna gode arbeidstidsordningar for slike arbeidsplassar enn til dømes for barnehagane, som i dag har varierande arbeidstider for å dekkja ei opningstid som er lengre enn normalarbeidsdagen. For somme offentlege kontor der opningstida i dag fell saman med arbeidstida, kan det kanskje vera tenleg å halda på opningstida, sjølv om arbeidstida blir forkorta. Om det skal vera faste skift, der til dømes ei gruppe jobbar frå kl. 08.00 til kl. 14.00 og ei anna frå kl. 09.30 til kl. 15.30, må vurderast og avgjerast ut frå dei lokale forholda. Det kan vera fleire meiningar om kor lenge butikkar og ulike samfunnstenester skal vera opne. Dei som arbeider i butikkane, er ikkje tente med å få nattarbeid for at samfunnet skal vera «ope». Kortare normalarbeidsdag vil gjera det mogeleg for fleire å nå butikkane utan at dei treng å vera kvelds- eller nattopne. Og når fleire får meir fritid, kan det kanskje bli større etterspurnad etter både symjehallar, bibliotek og kunstutstillingar, slik at dei kan utvida opningstidene sine noko? Men det er ein annan diskusjon. Sekstimarsdagen stengjer korkje for kortare eller lengre opningstider.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 93 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 93

Dei fleste produksjonsverksemdene som i dag praktiserer sekstimarsdag, har valt å organisera arbeidet i to skift, slik at dei får ei samla driftstid på tolv timar. Korleis det skal gjerast i andre verksemder, må diskuterast konkret med dei tilsette og vurderast ut frå kva slag arbeidsoppgåver ein har med å gjera. Det blir ofte sagt at dyre maskinar må nyttast mest mogeleg, altså flest mogeleg timar i døgnet. Men det er nett derfor vi har fått ramma for kva tid det er normalt å arbeida – normalarbeidsdagen. Den bremsar maskineigaren som helst ser ei driftstid på 24 timar i døgnet. Loven og tariffavtalane viser at samfunnsfleirtalet ikkje vil ha det slik; det er dagtid som skal vera normal arbeidstid.

Skolen og sekstimarsdagen Korleis vil sekstimarsdagen påverka skolen? Lærarane si arbeidstid blir rekna ut på ein annan måte enn for dei fleste andre, først og fremst fordi arbeidsåret er tilpassa undervisningsåret. Årsverket, som i 2008 var 1687,5 timar, er fordelt på færre arbeidsdagar enn for andre arbeidstakarar. Det er 190 undervisningsdagar og fem planleggingsdagar i året. Ei gjennomsnittleg lærarveke er om lag 43,3 timar. Lærarane har berre fire ferieveker, resten er avspasering. I dag har dette reknestykket 7,5 timars normalarbeidsdag som basis. På same vis må lærararbeidstida reknast ut frå seks timars normalarbeidsdag når den tid kjem. Korleis det best kan organiserast på kvar einskild skole, må det vera opp til arbeidsgivarar, tillitsvalde, tilsette og foreldre å finna fram til.

Men kva med dei som har lang reiseveg, som kanskje bur på brakke i arbeidsveka, eller av andre grunnar ønskjer å ta ut ei forkorting til 30 timars veke med ein ekstra fridag i veka i staden for dagleg forkorting av arbeidstida? Alt i dag har arbeidsplassar der fleirtalet er pendlarar, avtalar om lengre arbeidsdagar frå måndag til torsdag og heilt eller delvis fri fredag. Andre har avtalar om fleksitid og avspasering som gjer det mogeleg å innarbeida heile fridagar. Nordsjøarbeidarane har sine særeigne arbeidstidsordningar, og det kjem dei sikkert til å halda fram med. Også dei vil få meir fritid med seks timars normalarbeidsdag.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 94 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

94 kapittel 9

Kva så med dei som er så opptatt av og engasjerte i jobben sin at dei ikkje trur dei vil få gjort nok dersom dei berre skulle arbeida seks timar om dagen, og som slett ikkje opplever at 7,5 timars dagen er for lang? Somme yrke er i dag ikkje omfatta av tariffavtalar og er både formelt og i praksis «grenselause». Andre ligg i eit grenseland der den formelle arbeidstida er regulert med tariffavtalar, men der dei tilsette i praksis arbeider langt utover desse grensene. Kor mykje av dette overarbeidet som blir gjort ut frå eigne ønske og personleg interesse for faget eller arbeidet, og kor mykje som følgjer av eit meir eller mindre direkte press til å «stå på», vil variera. Ei forkorting av normalarbeidsdagen vil ikkje fjerna det som måtte vera problematisk med slike flytande grenser for arbeidsdagen, men vil setja ein standard som også kan påverka dei yrka og arbeidsplassane som ikkje lèt seg styra av tariffavtalar.

Sekstimarsdagen – eit vestleg luksuskrav? Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO gjorde vedtak om åtte timars dag og 48 timars veke i 1919 (konvensjon nr. 1). 40 timars veke vart vedtatt alt i 1935 (konvensjon nr. 47). Men i mange land har arbeidarane enno ikkje fått realisert åttetimarsdagen. ILO-rapporten Working Time Around the World (ILO 2007) viser at kvar femte arbeidstakar i verda arbeider meir enn 48 timar i veka. I somme land har halvparten av dei tilsette lengre arbeidsveker, og det er nær samanheng mellom låg lønn og lang arbeidstid. Land som tillet grenselause arbeidsdagar, gir arbeidsgivarane ein føremonn i den internasjonale konkurransen, som arbeidarane i landet får betala for. Å ha ei fastsett grense for normalarbeidsdagen er avgjerande for å vinna fram i kampen for betre lønns- og arbeidsvilkår, uansett kor i verda arbeidet går føre seg. I Noreg fryktar Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) at kortare normalarbeidsdag skal føra til «redusert konkurranseevne». For arbeidarar i fattige land kan ei forkorting av normalarbeidsdagen og ei svekking av konkurranseevna i dei rike landa vera eit solidarisk bidrag til eit betre utgangspunkt for kampen deira for ein arbeidsdag å leva med.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 95 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 95

Lange arbeidsdagar i Storbritannia EU sitt arbeidstidsdirektiv set 48 timar i veka, medrekna overtid, som ei øvre grense for arbeidstida. (Gjennomsnittleg vekearbeidstid kan reknast over ein lengre periode.) Men direktivet har ein klausul som gir dei einskilde statane høve til å tillata lengre arbeidsveker. Ifølgje TUC (britisk LO) har talet på britiske arbeidarar som dei siste åra har arbeidd meir enn 48 timar i veka, passert 3,3 millionar. Det er 12,9 prosent av alle arbeidstakarar og 180 000 meir enn i 2007. Regjeringa meiner det må vera valfritt for den einskilde, medan TUC seier at tilsette blir pressa til å arbeida lange dagar. Dei har, så langt utan hell, bede den britiske regjeringa om å støtta dei britiske arbeidarane og gjera slutt på dei ekstreme arbeidstidene i staden for å støtta business-lobbyen som vil halda på retten til å tøya arbeidstida. Nestleiaren i den britiske arbeidsgivarforeininga vil ikkje at nokon skal bli pressa, men meiner at «folk skal ha rett til å gå den ekstra mila når det trengst» (The Guardian 6. juni 2008).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 96 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10

Kortare arbeidsdag – ei lang historie

I det gamle jordbrukssamfunnet vart ikkje arbeidsinnsatsen målt i timar. Ein målte dagsverk, og ein visste kva som var venta av flinke folk – anten det gjaldt kor mange kornband dei skar på ein dag, kor mykje ull dei karda og spann, eller kor mange brødleivar dei baka. Den som var rask, fekk tid til overs. Men det var ikkje alle som kunne gjera seg ferdig med dagsverket og ta fri. For tenestefolket var ikkje dagen over før husbondsfolket meinte at alle nødvendige arbeidsoppgåver var gjorde. Og minst fri hadde tenestejentene. Etter middagen hadde til dømes mannfolka rett på middagskvil, mens kvinnfolka måtte rydda vekk og ta oppvasken (Sogner og Telste 2005).

Disiplinering til industriarbeidar Overgangen til industrisamfunnet endra mykje. Fabrikkeigaren kjøpte og betalte for å få råderett over arbeidaren så lenge arbeidsdagen varte. Som industriarbeidar vart det kan henda lettare å trekkja skiljet mellom eigaren si tid og eiga tid. Men arbeidsvilkåra og arbeidsintensiteten var gjerne hardare mens arbeidet stod på. For «arbeidsherrane», som dei vart kalla, gjaldt det å få kjøpt flest mogeleg timar. Folk som kom frå landbruket, der arbeidstider og innsats var styrt av årstider og vêrforhold, lét seg ikkje utan vidare styra av klokka og maskinen. Dei kom når dei trong pengar og gjekk heim når dei hadde tent nok. Men arbeidsherren svarte med disiplinering og kontroll. Forseintkomming og fråvær vart strengt straffa.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 97 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 97

Kyrkja bygde opp under disiplineringa med idealisering av hardt arbeid som ein veg til frelse og som eit prov på høg moral, medan «lediggang er rota til alt vondt». Gløymt var fuglane under himmelen, som korkje sådde eller hausta, og arbeidarane i vingarden, dei som fekk same betaling utan omsyn til kor mange timer dei hadde arbeidd.

Kven skal eiga timane? Eit arbeidsreglement frå Vallø Papirfabrik i 1874, fortel mykje om kampen om timane i åra før arbeidarane vann normalarbeidsdagen: «Arbeidstimerne ere sædvanlig fra kl. 6 Morgen til 7 Aften, med ½ Times Frokost 8 ½ –9, 1 Times Middag 12–1, ½ Times Vesperkost 4–4 ½, dog er enhver forpligtet til at arbeide ud over denne Tid, om paatrængende Arbeider skulle behøves, og kan Fritimer da forandres efter Arbeidets Nødvendighed.» Arbeidarane fekk kvar sitt «Bliktegn» med nummer, som dei skulle hengja på plass i eit skap når dei kom og ta med når dei gjekk for dagen. Skapet vart stengt klokka fem over seks om morgonen. Den som da ikkje hadde hengt nummeret sitt på plass, hadde «at betale en Mulkt første gang 4 Skilling, i Gjentagelsestilfælde fordobbles denne Sum og kan have Afskjedigelse til følge» (Reglement for arbeiderne paa Vallø Papirfabrik af 1ste September. Det forrige Lehmannske Bogtrykkeri, Christiania 1874). Somme stader vart slike kontrollsystem møtte med sterk motstand. Gruvearbeidarane i Sulitjelma fekk beskjed om å bera nummerplater av bly, og kalla dei «slavemerke». Formannen skulle dela ut platene når folk kom på arbeid og ta dei tilbake når dagen var slutt. Da om lag 120 mann nekta å ta imot «slavemerka», vart dei oppsagde på dagen. På eit protestmøte 13. januar 1907 på Langvannsisen, som samla 1500 mann, vedtok dei samrøystes at dei ville stifta fagforeining. «Det viste seg at dagen straks havde sin betydning, idet opsigelserne til de 120 mand i Charlotte tokes tilbake.» (Aarsberetning om fagbevægelsen i Sulitjelma for aaret 1907, gjengitt i Samorganisasjonen, Sulitjelma 1981).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 98 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

98 kapittel 10

Det var ikkje så lett å disiplinera folk slik det høvde med den nye produksjonsmåten. Den kjende engelske historikaren Edward Palmer Thompson skriv at det var aller vanskelegast å displinera kvinnene til å retta seg etter klokkestyringa som den kapitalistiske produksjonen førde med seg (Thompson 1967). Grunnen var at kvinnene i så stor monn var styrde av andre tidssetjarar, først og fremst av behova til barn og andre familiemedlemmer. Kan henda er det noko av den same disiplineringsmotstanden ein ser på mange industristader her til lands, mellom dei som enno litt nedsetjande blir kalla «bøndene» blant arbeidarane. Dei driv enno litt jordbruk eller sauehald attåt, dei er ikkje så ivrige på overtid og ekstraarbeid. Somme har også vore skeptiske til fagorganisering. Dei blir kan henda borte ein dag eller to om det er tid for lamming, eller når det er godt vêr for høyberging. Dei er styrde av tidssetjarane i jordbrukssamfunnet, som ikkje utan vidare let seg konkurrera ut av stemplingsur og datomatar. Kva med mennene som no i aukande grad tar del i omsorgsarbeid og barnestell heime? Kan henda blir behova til barn og andre familiemedlemmer også viktigare tidssetjarar for dei, så dei blir pådrivarar for sekstimarsdagen? Thompson meiner at det gradvis skjedde noko med tenkjemåten til det industrialiserte mennesket: «Den første generasjonen av fabrikkarbeidarar fekk læra av herrane sine kor viktig tida var. Den andre generasjonen laga komiteane sine for kortare tid i titimarsrørsla. Den tredje generasjonen kjempa for overtid og overtidstillegg. Dei hadde godtatt kategoriane til arbeidsgivarane og lært å kjempa innanfor desse kategoriane. Dei hadde lært leksa si om at tid er pengar, berre så altfor godt» (Thompson 1967, vår oms.) I staden for kampen mot klokkestyring vart det ein kamp med arbeidsherren om timane: Kortast mogeleg dag, minst mogeleg arbeid utover normalarbeidsdagen. Minst mogeleg overtid. Når det ikkje gjekk å stå imot industridisiplinen, gjaldt det i det minste å få best mogeleg pris for færrast mogeleg timar. Men sist på 1900-talet stoppa kampen for kortare dagar opp, og det vart meir kamp om timeprisen. Sjølv kampen mot overtid kunne bli ein kamp om betre pris på overtida. Somme gonger vart det til og med kamp for få meir overtid, slik vi kan lesa i historia om Kellogg’s-arbeidarane (Hunnicutt 2005). Før fagorganiseringa hadde arbeidsherren bukta og begge endane. For den eigedomslause arbeidaren var det ikkje lett å forhandla om pris når det var langt


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 99 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 99

mellom jobbane, «thi for dem begrændses Friheden af deres Maver», som sosialistagitatoren Chr. H. Knudsen sa når partiet Høire meinte at arbeidaren «fritt» måtte få avtala med arbeidsherren kva arbeidstida skulle vera (Socialdemokraten 1886 nr. 5, gjengitt i Wergeland 2006). Med fagorganiseringa fanst det motmakt å setja mot arbeidsherren. Det var lettare å seia nei til underbetalt arbeid og dårlege arbeidsvilkår når det var mange som saman kunne krevja at arbeidsavtalane vart følgde, og fagforeininga gav stønad til dei arbeidslause. Det viktigaste var å setja grenser for arbeidsdagen. I lønnsspørsmål kunne ulike grupper ha særinteresser. Men kravet om lovfesta «normalarbeidsdag» og først tolv timars dag, så ti og deretter åtte timars dag, samla den unge arbeidarrørsla, både i Noreg og internasjonalt. Åttetimarsdagen var hovudkravet, og ofte det einaste kravet i 1. mai-feiringane internasjonalt i perioden 1889–1919.

Lovfesta grenser Lovfesta grenser for arbeidsdagen var viktige for å halda prisen på arbeidskrafta oppe, men ikkje minst for å vinna fleire timar til eige bruk. Også arbeidsgivarar såg nytta i å hushalda betre med arbeidskrafta så det ikkje gjekk på helsa laus. Arbeidarkommisjonen av 1885 vart sett ned for å laga det første framlegget til arbeidarvernlov her i landet. Arbeidarrepresentantane i kommisjonen minte om at 11–12 timars arbeidsdag gjorde at det «vanskelig innspares noe fra den nødvendige nattesøvn for en sådan arbeider til å ha godt av samværet med kone og barn, til å lese litt eller til å sysle med ett eller annet avvekslende yndlingsarbeid legemlig eller åndelig». Dei ville lovfesta ti timars normalarbeidsdag for «å erobre en eller muligens flere timer til fordel for familielivet og alt annet der kan tjene til å heve arbeideren intellektuelt og moralsk» (gjengitt i NOU 2004: 5, s. 234–235). Arbeidsvilkår, arbeidstid og lønn var «privatrettsleg område», og ikkje noko som staten skulle blanda seg i. Det var noko som måtte greiast ut mellom arbeidsherren og «den frie arbeidaren», som det heitte. Derfor gjekk ikkje kravet om normalarbeidsdag gjennom i den første arbeidarvernloven i 1892. Etter kvart høyrde ein mindre om at lovfesting av arbeidstid var krenking av «den voksne arbeiders» fridom som individ, slik Høire-representantane hadde


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 100 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

100 kapittel 10

hevda. I staden vart det no sagt at fagrørsla var sterk nok til å løysa dette sjølv i forhandlingar. I diskusjonar i 1909 heitte det at det var opp til partane, og framleis måtte ikkje staten gripa inn: «Arbeidernes fagorganisationer er nu saa mægtige og maalbevisste, at de fuldt tilstrækkelig kan vareta arbeidernes interesser» (sitert i Byrkjeland 2006, s. 19, etter Innstilling fra Arbeidstidskomiteen av 1954, s. 23). For dei fagorganiserte var det viktig å få lovfesta det som var avtalefesta, fordi arbeidsherren da ville vera hindra i å undergrava avtalen ved å tilsetja uorganiserte. Først i 1916 tok regjeringa samfunnsansvar og lovfesta normalarbeidsdagen til ti timar. Da var den i praksis allereie på plass gjennom avtalar for fleirtalet av dei arbeidarane som var omfatta av arbeidarvernloven. I 1919 kom loven om åttetimarsdagen. Men også den var på plass for dei fleste før loven tok til å gjelda.

«Vi tok den rett og slett» Innføring av åttetimarsdag med full lønnskompensasjon var eit hovudkrav frå landskonferansen til arbeidarråda 24. mars 1918 i Oslo. Alt i januar hadde losse- og lastearbeidarane i Trondheim tatt åtte timars arbeidsdag ved direkte aksjon utan vidare. Det var den same framgangsmåten landskonferansen gjekk inn for. Dersom åttetimarsdagen ikkje var eit faktum før 1. mai, ville dei sjølve «ta den». Aksjonen vart overlaten til dei lokale arbeidarråda, og nokre stader gjekk det etter planen. – Vi tok den rett og slett, kunne Sigvart Simensen fra Mjøndalen Cellulose fortelle. – Gamle bestyrer Hanssen sa faktisk ikke noe om det, i hvert fall ikke så vi hørte det. Jeg husker vi traff ham en dag vi hadde vært ved Hagatjern og fisket. – Fikk dere noe fisk? spurte han. – Ja, svarte vi, vi har fått litt til middag. Og nå har vi tid til å fiske – nå som vi har åtte timers dag. Men da dro han fra oss. Han ville ikke ha noe snakk med oss når vi kom inn på det temaet.(Dahl 1956, s. 25–26).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 101 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 101

Grunngjevinga da regjeringa og Stortinget endeleg gav etter for kravet om lovfesta åttetimarsdag fortel både om frykt for konflikt og håp om at arbeidarklassen ville slå seg til ro utan større samfunnsendringar. «Det gjelder kanskje mere enn nogensinde, at landet ikke bare har en økonomisk og trygget industri, men også tilfredse og arbeidsvillige arbeidere. Og kan 8-timers dagen virke til å skape arbeidsro, vil dette for industrien og for det hele samfunn vanskelig kunne vurderes for høyt» (Ot.prp. nr. 21 (1919), s. 9, sitert i Byrkjeland 2006, s. 21). «Ottetimers dagen er for arbeiderne blitt symbolet på deres rett til å leve på like fot med de øvrige samfunnsklasser. Flertallet har i gjennomførelsen av 8-timers dagen sett det avgjørende og endelige brudd med et system som satte arbeide som deres eneste siktemål … med 8-timers dagen gjennomført ved lov vil vort lands arbeidere vinde ny tro på at vi gjennem en utvikling av samfundet som det nu er, kan nå frem til en samfundsordning hvor også de kan finne seg til rette.» (Innstilling ang. Normalarbeidsdagen 1919, s. 10–11, sitert i Byrkjeland 2006, s. 21)

Men slett ikkje alle var omfatta av den lovfesta åttetimarsdagen. Eitt av unntaka var hushjelpene. På den tida arbeidde kvar femte yrkesaktive kvinne som hushjelp. Det skulle enno gå meir enn eit halvt hundreår før åttetimarsdagen vart realitet for denne gruppa. Ei undersøking i Oslo i 1960 viste at om lag halvparten av hushjelpene hadde ei arbeidstid på ti timar eller mindre, medan 11 prosent arbeidde tolv timar eller meir (Søbye 2000). Eit anna unntak var sjukepleiarane. Da Norsk sykepleierskeforbund (NSF) vart stifta i 1912, var arbeidstida ei merkesak. Vanleg arbeidsdag for sjukepleiarar var 14 timar – frå klokka seks om morgonen til klokka åtte om kvelden. Men dei måtte venta lenge på åttetimarsdagen. Arbeidarvernloven vart revidert i 1936, framleis utan at sjukepleiarane var omfatta av loven. Venstre-regjeringa skauv sjukepleiarane ut fordi det ville kosta for mykje, skriv Kari Melby (Melby 1990). NSF arrangerte protestmøte, og eit protestskriv til Stortinget, underskrive av 1626 sjukepleiarar og 172 legar, gjorde sitt til at ein einstemmig sosialkomité gjekk inn for lovvern for sjukepleiarane. Endeleg fekk dei åtte timars arbeidsdag og 48 timars veke som andre.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 102 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

102 kapittel 10

Enda eit unntak var hotell- og restaurantarbeidarane, som hadde opp til 130 timars avtalt arbeidsveke heilt til den andre verdskrigen. Dei stod i praksis til rådvelde for arbeidsgivarane heile døgnet.

Dei første Utover i 1920-åra endra forholda seg her som i andre kapitalistiske land, med nedgangstider og ei massearbeidsløyse som varte gjennom heile mellomkrigstida. Arbeidsvilkåra vart tilsvarande verre, og mange måtte sjå langt etter åttetimarsdagen. Stikk i strid med fornufta, men i samsvar med det som er vanleg i dårlege tider, gjekk overtidsbruken opp saman med arbeidsløysa. Teknologiske framsteg vart brukte til hardhendt rasjonalisering og nedbemanning i mange delar av industrien. Både her og i andre land svarte arbeidarrørsla på massearbeidsløysa og

Gruvearbeidarane i Sulitjelma var tidleg ute med å stilla krav om seks timars arbeidsdag. Dette biletet frå 1957 viser fagforeningsveteranar på trappa til Folkets Hus i Sulitjelma. Bak står Giken gruvearbeiderforenings fane med krav om «6 timers arbeidsdag». Frå venstre: Ingvald Seljeås, Kristen Holstad, Karl Bottenvann, Ole Steinbakk, Ivar Aleksandersen, Kristian Moldjord, Randolf Mattson, Kåre Nygren. Foto: Sulitjelma historielag.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 103 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 103

rasjonaliseringa, som erstatta folk med maskinar, med å krevja kortare arbeidstid, «rasjonering» eller «deling» av arbeidet og kamp mot bruken av overtidsarbeid. Praksis var ulik frå bedrift til bedrift og frå foreining til foreining. Somme kravde deling av arbeidet framfor oppseiingar, medan andre gjekk med på oppseiingar, i første omgang av utanbygdsbuande og innflyttarar frå andre bygder og land. Etter krav frå Eydehavn arbeiderforening innførte Arendal smelteverk seks timars skift i 1920, visstnok berre i omnshuset. Men da den økonomiske krisa og arbeidsløysa slo inn for alvor i 1921–22, vart det mogeleg for bedrifta å gå tilbake til åtte timars skift (Berntsen 1981, s. 331). I 1922 kravde arbeidarane ved Fredrikstad Mekaniske Verksted seks timars arbeidsdag, som eit tiltak for å dela på arbeidet i ei tid med stor arbeidsløyse. Dei var meir prinsippfaste enn mange på den tida og stilte som vilkår at sekstimarsdagen skulle gjennomførast utan redusert daglønn. Vilkåret fekk også støtte frå Nøds- og arbeidsløses forening (Kaldal 1983). Sjønstå Arbeiderforening, den som vart stifta på Langvannsisen i Sulitjelma i 1907 (sjå s. 97), var også blant dei første som reiste kravet om sekstimarsdag. Monica Schanche fortel at den første fana deira var pryda med «6 timers dag», men bak 6-talet kunne ein skimta eit 8-tal (Schanche 1982).

Sulitjelma Det finst fleire faner med påskrifta «6 timers arbeidsdag» i Sulitjelma. Det tidlegaste daterte biletet er frå 1. mai 1926, der ein kan sjå ei fane med påskrifta «6 timers arbeidsdag» i demonstrasjonstoget. Møteprotokollane til Sjønstå Arbeiderforening har ingen opplysningar om fana, men i protokollane til Sulitjelma Samorganisasjon frå 1924 står det at gruvearbeidarane på denne tida hadde vore gjennom streikar og lockoutar nesten årleg. Streiken i 1923 vart avløyst av lockout i februar 1924, og det var nok mykje naud og elende som utfordra solidariteten. I 1924 vart det stor ståhei blant anna fordi det kom til samanstøyt mellom uorganiserte blokadebrytarar og organiserte arbeidarar. 26 organiserte arbeidarar som aksjonerte for å hindra uorganiserte å arbeida, vart dømde i meddomsretten i Bodø til bøter og sakskostnader


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 104 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

104 kapittel 10

på til saman 3070 kr. Det var like før 1. mai i 1924, og i referatet frå representantskapsmøtet i Samorganisasjonen 18. april står det: «Det ble besluttet at samorg. skal få i stand en situasjonsfane til 1. mai demonstrationerne, samt skal samtlige avdelinger forsøge å få noget nyt på den ene side av sine gamle faner der bedre en disse kan tale den nuværende situations sprog.» Det kan ha vore i samband med dette, altså i 1924, at både Sjønstå Arbeiderforening og Giken grubearbeiderforening endra teksten på fanene og skreiv 6 timar i staden for 8 timar som dei alt hadde vunne i perioden 1907–1913. «Situasjonsfana» som Samorg fikk laga til 1. mai dette året, har dei sia nytta årleg. Fana er pryda med ein skinnmager arbeidar som ber på ein velfødd herre, og har denne påskrifta: «Det vilde være trist om tiderne ble så tunge at han ikke klarer at bære mig.» (Wenche Spjelkavik i Sulitjelma historielag, personleg melding)

LO-kongressen i 1931 vedtok å gå inn for seks timars skift og høgst sju timars arbeidsdag med full lønnskompensasjon. Mange foreiningar hadde sendt inn framlegg om sekstimarsdag, men kravet frå kongressen vart sekstimarsdag for kontinuerleg skiftarbeid, og i første omgang sjutimarsdag og 42 timars veke for andre. Til kongressen kom også ein delegasjon av arbeidslause som bad om at ein ikkje måtte krevja full lønnskompensasjon fordi det ville hindra «deling av arbeidet». Mange stader vart det inngått lokale avtalar om kortare arbeidstid samstundes med at arbeidarane gjekk med på lønnsnedslag for å gi arbeid til fleire. Som organisasjon kunne ikkje LO gå med på lønnsnedslag som lét arbeidarane ta heile rekninga for å bøta på arbeidsløysa. Sjølv om lønnsnedslaget var meint å vera mellombels, kunne det lett bli varig, og det utan at fleire fekk arbeid. I ein brosjyre frå 1933 er LO inne på at debatten på kongressen i 1931 kunne gi folk det inntrykket at arbeidstidsspørsmålet var eit krisespørsmål. «Vi er derfor nødt til å slå fast at spørsmålet om arbeidstidens forkortelse aldri av fagorganisasjonen har vært oppfattet som et krisekrav, men som en av


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 105 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 105

fagorganisasjonens hovedoppgaver» (Arbeidernes faglige landsorganisasjon 1933, s. 96) I samband med revideringa av arbeidarvernloven i 1936 vart verkeområdet for loven kraftig utvida. Arbeidstidsgrensene og retten til ni dagar betalt ferie skulle ikkje lenger berre vera for utvalde grupper i industrien, men for fleirtalet av arbeidstakarane.

Kvinnekrav Da kravet om sekstimarsdag for alvor vart reist på nytt i 1970- og 1980-åra, vart det reist som eit kvinnekrav. Den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, Betzy Kjelsberg, skal ha snakka om sekstimarsdag som ei høveleg lengd på

Kvinner i Norsk Tjenestemannslag tok initiativ til ein «ta sekstimarsdagen»-aksjon med markering framfor Stortinget 8. mars 1983. Margrethe Aaby talar i mikrofonen, Gerd Inger Polden held megafonen. Foto: Lars Hjorthol/Klassekampen.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 106 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

106 kapittel 10

arbeidsdagen allereie tidleg på 1900-talet. Ho hadde sjølv røynsle som butikkarbeidar, som måtte stå det meste av arbeidsdagen (Bjørg Aase Sørensen, personleg melding). I Sverige hadde Alva Myrdal tatt til orde for sekstimarsdagen alt i 1950-åra, men først i 1970-åra vart det ein større debatt. Dei sosialdemokratiske kvinnene i Sverige vedtok krav om sekstimarsdag i 1972. Ei offentleg utgreiing om sekstimarsdag for småbarnsforeldre kom i 1975, men vart avvist av både SAF (den svenske arbeidsgivarforeininga), som meinte det vart for dyrt, og av svensk LO som meinte at arbeidstidsforkortinga måtte gjelda for alle (Hirdmann 2007). Kvinnene var i ferd med å gå ut i lønnsarbeid, og arbeidstidsordningane dei møtte, passa dårleg så lenge samfunnet forventa at dei samstundes skulle ha hovudansvaret for barn og heim som før. Men beredskap mot nedgangstider og arbeidsløyse var også med blant grunnane når store delar av kvinnerørsla gjekk samla ut med kravet om sekstimarsdag. Sekstimarsdag skulle gi plass til fleire i arbeidslivet (Lønnå 1996). Det var brei politisk semje. Også Høyrekvinnene fatta vedtak om sekstimarsdag, men ikkje med lønnskompensasjon. «Samordningsgruppa for sekstimersdagen», med representantar for fagforeiningar, kvinneorganisasjonar og politiske parti med sekstimarsdagen på programmet, dreiv aktivt opplysningsarbeid. På LO-kongressen både i 1977 og 1981 kom det fleire framlegg om sekstimarsdag, men framlegga under slagordet «Vi vil leve hver dag» vart sette opp mot lågare pensjonsalder, lengre ferie og lengre svangerskapspermisjon. Mellom partia var det også usemje om lønnskompensasjon, mens dette ikkje var noko stridsspørsmål i LO. I 1983 markerte nokre kvinner i Oslo, organiserte i Norsk Tjenestemannslag, for første gong kravet om kortare arbeidsdag med å «ta sekstimarsdagen» på den internasjonale kvinnedagen 8. mars. Med nylaga fane gjekk dei frå jobben etter seks timar, og samla seg utanfor Stortinget. Tilsvarande markeringar vart haldne 8. mars fleire stader dei følgjande åra. I 1986 slutta Heismontørenes fagforening seg til aksjonen ved å gjennomføra ein to timars politisk streik 7. mars (8. mars var ein laurdag det året). Seks timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon vart endeleg vedtatt på LO-kongressen i 1985 som eit punkt på handlingsprogrammet. Da hadde forbund som samlar minst 40 prosent av medlemmene og om lag


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 107 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 107

70 prosent av kvinnene i LO stilt seg bak kravet. Rørsla for sekstimarsdagen var på topp i 1986, og gjorde mykje til at tariffoppgjeret gav lik arbeidstid for arbeidarar og funksjonærar og 37,5 timars veke. Den gjorde også sitt til at arbeidstidsforkortinga så mange stader vart tatt ut i dagleg arbeidstid og ikkje berre vart ein kortare fredag (Røde Fane nr. 3, 2005). Det var slett ikkje berre LO-forbunda som diskuterte sekstimarsdagen på denne tida. I Norsk sykepleierforbund (NSF) var sekstimarsdagen eit spørsmål som vart grundig diskutert på landsmøtet i 1985, og eit stort fleirtal vedtok at NSF skulle gå inn for seks timars normalarbeidsdag med full lønns- og stillingskompensasjon. Delegatane argumenterte med ein betre kvardag for sjukepleiarane og betre pleie for pasientane, og dei hadde konkrete framlegg til korleis vakt- og turnusordningar kunne organiserast med kortare arbeidsdag. På ulike vis vart kravet om sekstimarsdag markert utover i 1980-åra. Kvinnefronten produserte T-skjorter med tekstar som «Vi vil ha sex, vi vil ha 6-, vi vil ha 6-timers arbeidsdag!» og «Sekstimersdag = mer løpetid for kvinner». Den siste var særleg tenkt til bruk i ymse mosjonsløp som var populære på den tida. Kvinnefronten tok også initiativ til ein underskriftskampanje for sekstimarsdagen. Kravet var «6 timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon innan 1992!». Kampanjen hadde støtte frå blant anna Norsk Kvinnesaksforening og ei rekkje fagleg tillitsvalde og andre, mellom dei Inger Furmyr, no nestleiar og tariffansvarleg i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), Per Østvold, den gongen leiar for Oslo Transportarbeiderforening, no leiar for Norsk transportarbeiderforbund, Gerd Reinsvollsveen, da leiar for Norsk sosionomforbund, musikar Hege Rimestad, Fakhra Salimi, først leiar for Foreign Women’s Group, seinare dagleg leiar for MiRA-senteret (ressurssenter for innvandrar- og flyktningkvinner), og advokat Harald Stabell.

Motstand – og framgang Men sekstimarsdagen møtte ny motstand. Høgreregjeringa til Kåre Willoch var dei første som gjekk inn for eit «opnare samfunn», der butikkane skulle vera opne til seint på kveld. LO-forbundet Handel og Kontor vart mykje aleine i kampen for å forsvara normalarbeidsdagen etterkvart som denne tenkinga breidde seg. LO-leiinga vart meir opptatt av ulike former for fleksibel arbeidstid


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 108 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

108 kapittel 10

enn av kortare arbeidsdag. «Samordningsgruppa for sekstimersdagen» vart oppløyst i 1989, men gjenoppretta i 1995. Etter kvart skifta den namn til «For sekstimersdagen». På LO-kongressen i 1993 var det mange som ville fjerna punktet om sekstimarsdag frå handlingsprogrammet. Det vart berga ved felles innsats frå leiarane i Fagforbundet, Handel og Kontor og Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Alle desse forbunda har mange kvinnelege medlemmer. Revisjonen av arbeidsmiljøloven i 2005 har ikkje ein gong lovfesta det som er vanleg arbeidstid etter tariffavtalen i 1986, nemleg 7,5 timars dag. I loven er det framleis nitimarsdagen frå 1958 som gjeld. Samstundes kom det i 2005 fleire signal om at sekstimarsdagen slett ikkje var ei tapt sak. LO-kongressen våren 2005 gjorde vedtak om å gå inn for forsøk med sekstimarsdag. Den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa lovde i Soria Moria-erklæringa si same hausten å «bidra til forsøk med 6-timersdag/arbeidstidsreformer i samarbeid med partene i arbeidslivet». Initiativet frå regjeringa viste seg seinare å bli avgrensa til eit seniortiltak for om lag 300 statleg tilsette, som fekk tilbod om 30 timars veke med full lønn. LO har ikkje sett i gang forsøk, men LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) tok initiativ til forsøket ved Tine på Heimdal, som til no er det mest omfattende norske sekstimarsdagsforsøket (sjå s. 119–122).

– Arbeidarklassen treng kortare arbeidstid Fagforbundet i Sør-Trøndelag fekk i 2005 gjort ei meiningsmåling om kva folk meinte om å byta dagens arbeidstid med ei toskiftordning mellom kl. 06.00 og kl. 18.00. Av tusen spurde svarte nesten halvparten ja til ei slik endring, 49,5 prosent av kvinnene og 45,4 prosent av mennene. Dei med grunnskole eller vidaregåande skole som høgste utdanning var noko meir positive enn dei med høgare utdanning, og aller størst var interessa blant dei som hadde skiftarbeid.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 109 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 109

«Dette er i overkant av det vi venta oss, særleg positivt er det at kvinner i så stor grad seier ja til ei slik ordning. Kvinnerørsla har tidlegare vore skeptisk til å kombinera sekstimarsdagen med meir skiftarbeid. […] [Meiningsmålinga] viser at det er arbeidarklassen som først og fremst ønskjer og treng kortare arbeidstid,» sa Ole Roger Berg, medlem i utvalet for sekstimarsdagen i Fagforbundet i Sør-Trøndelag, i ein kommentar til Klassekampen (Klassekampen, 05.11.2005).

Sagt om sekstimarsdagen: Gerd-Liv Valla, tidlegare LO-leiar

Visjonen om eit betre liv

– Reduksjon av den daglege arbeidstida til seks timars dag/30 timars veke må bli den neste store reforma i arbeidslivet. Det seier Gerd-Liv Valla, LO-leiar frå 2001 til 2007, og den som stod hardt på for at LOkongressen i 2005 skulle gå vidare frå arbeidstidsforkorting som eit «langsiktig mål» til å gå inn for forsøk med arbeidstidsforkorting på ulike arbeidsplassar. – For meg var det å gå inn for konkrete forsøk einaste måten å komma ut av daudvatnet på. Eg har vore mest opptatt av at folk skulle stilla seg bak dette kravet fordi dei har godt av det sjølve, seier Valla tre år etter det samrøystes kongressvedtaket om sekstimarsforsøk. Ho plasserer den daglege arbeidstidsforkortinga i ein større samanheng. Tidlegpensjon for dei som ikkje orka å stå til pensjonsalder og utviding av foreldrepermisjonen var viktige krav, no er tida inne for å samla seg om det neste store grepet – sekstimarsdagen. Ho held fast på ein skråstrek for 30-timarsveka, for å sikra den fleksibiliteten som trengst for at alle skal kunna få den arbeidstida dei sjølve meiner dei er best tente med.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 110 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

110 kapittel 10

– Men er det ikkje viktig å slå fast at det er ein seks timars normalarbeidsdag vi snakkar om? – For meg er det sjølvsagt at arbeidstidsforkortinga skal sikrast gjennom kollektive avtalar som også gir eit visst rom for fleksible måtar å ta ut forkortinga på. Førebels er eg litt usikker på korleis spørsmålet om ubekvemstillegg skal handterast i forhold til rammene for normalarbeidsdagen. Men at arbeidet skal organiserast ut frå seks timar per dag som hovudregel, er eg ikkje i tvil om. Valla trur det må vera dei kvinnerike fagforbunda, som Fagforbundet, som framleis må gå i spissen om ein skal komma vidare. Dei som har opplevd å kombinera arbeid og omsorgsansvar, er dei sterkaste i fronten for sekstimarsdagen. – Den motstanden mot sekstimarsdagen som har vore i delar av fagrørsla, har hatt mykje med kjønn å gjera. Det kan vel ikkje bortforklarast at ein del menn har syntest det har vore greiare å vera så lenge på jobben at middagen er klar når dei kjem heim, enn å ta ansvar for matlaginga, seier Valla. Men ho ser positive tendensar til endringar. – Ein må ta tak i dei tendensane ein ser til at menn er meir i lag med ungane sine, og byggja vidare på visjonen om eit betre liv. Fedrekvoten av foreldrepermisjonen ser ut til å ha gjort mykje for å skapa endringar, og det gir grunn til optimisme, seier ho. Men ho passar på å understreka at nokon sekstimarsdag berre for småbarnsforeldre, det vil ho ikkje ha noko av. Det vil vera uråd å administrera, og vil vera eit opplegg for misstemning på arbeidsplassane. Det som trengst av særordningar for småbarnsforeldre, må knytast til foreldrepermisjon, slik ein må knyta seniortiltaka til pensjonsordninga. – Har du nokon kommentar til at den raudgrøne regjeringa har avgrensa det sekstimarsforsøket dei lovde i Soria Moria-erklæringa, til å bli eit seniortiltak med ei generell arbeidstidsforkorting?


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 111 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 111

– Det er eit uttrykk for at dei ikkje er for sekstimarsdagen. Arbeidarpartiet, som er det største regjeringspartiet, har også sagt nei til innføring av sekstimarsdagen, mellom anna da LO stilte spørsmål om dette før valet i 2005, seier Valla. For den tidlegare LO-leiaren er det også viktig å få med miljødimensjonen i debatten om arbeidstidsforkortinga. Den har komme sterkare fram no enn tidlegare. Å stilla krav om tid i staden for pengar i framtidige lønnsoppgjer kan vera ein måte å bremsa det stigande overforbruket på. Det vil ikkje i seg sjølv løysa klimakrisa, men vil vera eit steg i rett lei. – Du nemnde Fagforbundet som ein spiss i kampen for sekstimarsdagen, men er ikkje det også eit forbund som har mange lågtlønte blant sine medlemmer? Korleis går dette i hop, dersom sekstimarsdagen skal gi tid i staden for pengar? – Det er somme som ikkje har pengar å avsjå. Dei må få meir, og det må ein ta omsyn til når krava blir formulerte. Men det er også eit stort deltidsproblem, ikkje minst blant medlemmene i Fagforbundet. I den grad sekstimarsdagen gir full jobb til dei som har arbeidd deltid, vil resultatet bli lønnsauke meir enn kortare arbeidstid. Full lønnskompensasjon idet arbeidstida blir forkorta, vil vera eit sjølvsagt krav, dette dreier seg om å redusera dei auka kronekrava på sikt. – Frå arbeidsgivarhald blir det åtvara mot redusert velferd og redusert konkurranseevne dersom arbeidstida skal forkortast? – Det har dei alltid sagt, det uroar meg ikkje. Vi har hatt ei enorm teknologisk utvikling og aukande produktivitet i årevis. Eg trur dessutan at om ein ser heilskapleg på det, kan ein kortare arbeidsdag gjera at folk blir mindre utslitne, og at ein del vil evna å stå lenger i arbeid før dei går av med pensjon. Det kan gi auka produktivitet i eit større perspektiv. Det er eit mål å ha folk i arbeid, men ikkje at alle skal arbeida ti timar om dagen.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 112 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

112 kapittel 10

– Men først og fremst heng sekstimarsdagen saman med visjonen om eit betre liv, ein visjon som kvinnerørsla, fagrørsla og miljørørsla kan stå saman om. Kvifor skulle ikkje sekstimarsdagen komma, slik åttetimarsdagen kom? Dei som går i spissen, må tola å bli ledd av. Slik var det med kvinnestemmeretten også, her er det berre å stå på, seier Valla. Kor raskt den nye arbeidstidsforkortinga vil vera på plass, er ho varsam med å seia noko sikkert om. Sekstimarsdagen kan komma stegvis ved å bli innført først i somme bedrifter eller tariffavtalar. Ho er heller ikkje framand for at det kan komma ei mindre forkorting før ein kjem fram til å lovfesta sekstimarsdagen.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 113 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 11

Sekstimarsdagen på Kellogg’s (1930–1985)

Kellogg’s er meir enn frukostblanding. Det var arbeidarane på Kellogg’sfabrikken i byen Battle Creek i Michigan, USA, som stod for den første varige sekstimarsdagsordninga vi kjenner i dag. Den varte i meir enn femti år, frå 1930 til 1985. Mange bedrifter hadde sekstimarsskift i 1920- og 1930-åra. Det var ei vanleg meining den gongen, ikkje berre i USA, men også her heime, at arbeidet måtte delast om ein skulle rå med arbeidsløysa. «Så lenge det er éin som er arbeidslaus, er arbeidsdagen for lang,» vart det sagt. I dag er det berre røynslene frå Kellogg’s-fabrikken vi har god kunnskap om. Dette forsøket var så vellykka at det vart lagt merke til heilt inn i regjeringskorridorane. Kontoret for kvinnesaker i Arbeidsdepartementet i USA sende sommaren 1932 folk til Battle Creek og intervjua fleire hundre kvinnelege tilsette om kva dei meinte om den nye arbeidstidsordninga. Nesten seksti år seinare reiste historikaren Benjamin Hunnicutt til Battle Creek. Han møtte dei som var att av sekstimarspionerane frå 1930-åra, og snakka med leiarar og tilsette, menn og kvinner, om røynslene frå starten og fram til 1985, da leiinga pressa dei siste til å gi opp sekstimarsdagen. Og han fann arkiva i Arbeidsdepartementet. Han skreiv bok om Kellogg’s-arbeidarane (Hunnicutt 1996). Boka vart seinare omsett til norsk (Hunnicutt 2005).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 114 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

114 kapittel 11

Ein kapitalisme utan arbeidsløyse? Framlegget om sekstimarsskift kom frå leiinga på fabrikken. Fabrikkeigar William Keith Kellogg var av dei som meinte at arbeidarane aldri ville finna seg i kapitalismen om dei ikkje fekk anna igjen enn arbeidsløyse når teknologien tok meir og meir over for menneskeleg arbeidskraft. Kellogg’s-fabrikken var med 1500 tilsette den største fabrikken for frukostblanding i verda, og ein av dei største arbeidsplassane i Battle Creek. Med sekstimarsskift der dei før gjekk åttetimarsskift, måtte bedrifta tilsetja eit heilt nytt skift av arbeidarar. Dei tilsette såg først på det som eit triks for å auka produktiviteten, men var villige til å korta ned på dagen dersom det kunne gi arbeid til arbeidslause. Med sekstimarsdagen på Kellogg’s gjekk vekelønna ned. Men få år seinare var den høgare enn den hadde vore med åttetimarsskift. Leiinga tok bort nattillegget, og overtidstillegget vart erstatta av ein produksjonsbonus, slik at det vart lønnsamt å arbeida snøgt, men ikkje å ta lengre dagar. W.K. Kellogg var ein leiar av den gamle skolen. Han ville at dei tilsette skulle ha meir fritid, men også at dei skulle bruka fritida til noko verdefullt. Han la mykje pengar i kulturtiltak, idrettsanlegg og andre lokale aktivitetar for dei tilsette. Ein annan samtidig kapitalist, bilprodusenten Henry Ford, såg det heilt annleis. Han var samd med Kellogg og dei fleste i samtida om at utviklinga gjekk mot stadig meir fritid. Men han ville at folk skulle nytta den ekstra fritida til å kjøpa og bruka fleire industriprodukt, slik at avsetninga auka. Og han åtvara mot å leggja for mykje vekt på dei menneskelege sidene, «for da kan fritida bli prioritert foran arbeidet i stedet for etter arbeidet, der den hører hjemme,» som han sa i eit intervju i World’s Work i 1926 (gjengitt i Hunnicutt 2005, s. 33–34).

Mi tid, ikkje bedrifta si tid For Kellogg’s-arbeidarane dreidde ikkje sekstimarsdagen seg om økonomisk teori, men om kvardagen deira. Journalisten som møtte opp til det aller første morgonskiftet på den aller første sekstimarsdagen, 1. desember 1930, møtte arbeidarar som var opptatt av kva dei skulle bruka dei to ekstra timane til. I 1932 viste undersøkinga til det amerikanske arbeidsdepartementet at 85 prosent av dei kvinnelege tilsette likte sekstimarsskiftet betre enn det gamle


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 115 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen på kellogg’s (1930–1985) 115

William Keith Kellogg tente gode pengar på frukostblandinga som har blitt langt meir verdsberømt enn sekstimarsdagen som vart innført i fabrikken i Battle Creek i 1931. Kellogg ville både gi arbeid til fleire og gi arbeidarane meir og betre fritid. «Det er lettare å tena pengar enn å vita korleis ein skal bruka dei klokt,» skal han ha sagt. Foto frå boka The First Half-Century 1930–1980 (W.K. Kellogg Foundation 1980).

åttetimarskiftet. Det var viktig for å gi nye folk arbeid, men samstundes fekk dei meir tid til oppgåvene heime, dei fekk meir fritid og vart mindre slitne. For dei som ville attende til åttetimarsdagen, var betalinga den viktigaste årsaka. Undersøkinga stadfesta at vekelønna hadde vorte lågare for dei fleste kvinnene, opptil 10–20 prosent lågare for somme av dei. Ein tredel hadde menn som var arbeidslause eller berre i deltidsjobb, og 10 prosent var skilde. Likevel snakka dei lite om pengar når dei samanlikna sekstimarsdagen med åttetimarsdagen. Dei snakka meir om det å ha «fri», «fri tid», «fridom». Dei brukte det meste av ekstratida til arbeid heime, men det var likevel «mi tid», ikkje bedrifta si tid. Og


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 116 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

116 kapittel 11

dei fekk tid til idrett og hobbyar, til reiser og fellesaktivitetar i lokalsamfunnet. Fleire la stor vekt på at dei hadde vore «i stand til å ta seg av» ektefellar eller barn med alvorleg sjukdom. Det var korkje arbeid eller fritid, men som ei av dei sa til intervjuaren: «Korleis kan ein setja prislapp på slikt?» Det store fleirtalet av tilsette som vart intervjua av Hunnicutt mot slutten av 1980-åra, både menn og kvinner, mintest at dei hadde vore ihuga tilhengarar av sekstimarsskiftet. Det dei likte minst, var at sekstimarsdagen gav mindre pengar. Også mennene snakka mykje om fridom og fri tid. Fleire kunne fortelja at det vart endringar i oppgåvefordelinga heime. Kvinner med arbeidslause menn, og par der begge hadde sekstimarsdag på Kellogg’s, fortalde oftare enn andre at dei delte på arbeidet heime, både inne og ute. Sekstimarsdagen opna for reforhandlingar om husarbeid og heimeprosjekt. I 1937 trekte W.K. Kellogg seg frå den daglege leiinga. Dei som tok over, hadde inga tru på sekstimarsprosjektet, og den nye bedriftsleiinga arbeidde systematisk for å komma attende til åttetimarsskift. Men det skulle ta femti år før dei kom dit. Det skjedde likevel ting som opna for usemje mellom dei tilsette, og leiinga gjorde seg nytte av det. Fagforeininga fekk innført nattillegg, pausar og overtidsbetaling, fordelar som dei hadde mista med sekstimarsdagen. Kan henda var det særleg overtidsbetalinga som fekk fritida til å bli «for dyr» for mange. Det var også skjedd noko med fagrørsla etter krigen. Dei nye leiarane var meir opptatt av lønn enn av fritid, og snakka ikkje om lokal jobbdeling mot arbeidsløysa, men om at regjeringa hadde ansvar for program som kunne skapa meir arbeid. Fleirtalet i den lokale foreininga tok etter.

Meininga med livet Sjølv om fleirtalet av Kellogg’s-arbeidarane enno hadde sekstimarsdag i 1947, hadde nesten halvdelen av mennene åttetimarsdag. Frå no av prøvde leiinga å gjera sekstimarsdagen til noko som passa best for kvinnfolk. Leiinga kunne spela på lag med dei eldste mennene med lang ansiennitet. For dei var meir arbeid det same som meir pengar, og meir handfast enn dei to timane, som dei ikkje riktig visste kva dei skulle gjera med. Seniorarbeidarar som gav opp sekstimarsdagen, fekk høgare lønn og «garanti mot framtidig nedkorting av


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 117 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen på kellogg’s (1930–1985) 117

arbeidstida». Som motyting godtok fagforeininga at arbeidsstokken måtte skjerast ned. Leiinga sette gamle opp mot unge, kvinner mot menn, tilsette mot arbeidslause, og vann fram. Men framleis stod dei overfor ei samansveisa gruppe av sekstimarsarbeidarar som ikkje lét seg overtala. I 1950-åra vart den såkalla Human Relation-skolen populær som bedriftsleiarfilosofi, den ville gjera arbeidet til meininga med livet. Arbeidet måtte ha forrang framfor fritida, slik Henry Ford hadde snakka om. Også Kellogg’s-leiinga lærte seg desse nye tankane. Men dei som ikkje gav opp sekstimarsdagen for pengar, gjekk heller ikkje med på at det å arbeida for Kellogg’s var meininga med livet. I 1985 måtte dei siste og mest ihuga sekstimarsarbeidarane gi etter for presset frå leiinga og fleirtalet i fagforeininga. Det var enno 530 av dei, og tre firedelar var kvinner. Ingen overtidstillegg eller leiarfilosofi kunne få dei til å gi slepp på den gamle draumen i arbeidarrørsla om at når det som var nødvendig, var sikra, skulle arbeidet opna vegen til noko betre, noko anna enn jobb og forbruk og marknad. «Arbeida for å leva, ikkje leva for å arbeida.»


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 118 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12

Fleire slags sekstimarsdag

For dei fleste som ser sekstimarsdagen som oppskrifta på ein betre kvardag, er den enno berre ein draum. Men i dei siste åra har rundt rekna tusen norske arbeidstakarar fått høve til å prøva sekstimarsdagen på sin arbeidsplass. For somme har det vore eit kortvarig forsøk, for andre eit forsøk som enno ikkje er avslutta, og for somme kan det sjå ut til å bli ei varig ordning, eller ei «permanent prøveordning», som ein av bedriftsleiarane uttrykkjer det. I hovudsak kan det sjå ut til å vera nokså ulike sekstimarsdagar. Dei fleste av produksjonsverksemdene som har innført den såkalla Toyota-modellen, etter mønster av bilverkstaden til Toyota i Göteborg, har gått over frå 7,5 timars arbeidsdag på dagtid til ei ordning med to skift på seks timar. Unntak er sentrallageret til Tine på Heimdal, som har gått frå toskift med 7,5 timars dag til toskift med sekstimarsdag, og trappefabrikken på Bømlo som har gått frå 7,5 timar til seks timar per dag, førebels utan skiftordning. Felles for alle desse bedriftene er at dei har som mål å halda oppe same produksjon utan fleire tilsette. Annleis er sekstimarsdagen for heimehjelparane i Bergen Hjemmetjenester KF og for reinhaldarane i Trondheim eiendom. Begge desse stadene var det klart at det måtte fleire tilsette til om ein skulle kunna forkorta arbeidsdagen. Slik var det også ved forsøket i eldreomsorga i ein bydel i Oslo i 1995–97. Ein tredje variant er forsøket med sekstimarsdag for trafikkbetjentane i Trondheim parkering. Så langt vi kjenner til, er dette det einaste forsøket med tenesteyting i offentleg sektor der sekstimarsdagen blir prøvd utan fleire tilsette, og altså utan ekstra kostnad for arbeidsgivaren.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 119 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 119

– Eg kan ikkje sjå ein einaste grunn til å gå tilbake til den gamle arbeidstida. Tine kan ikkje stansa noko som er så vellykka, seier verneombod Inger Guttelvik ved Tine Heimdal, der forsøket med sekstimarsdag starta 10. april 2007. Foto: Magnhild Folkvord.

Vi har besøkt dei fleste av desse arbeidsplassane, og både tilsette og arbeidsgivarar har fortalt kva dei meiner om sine sekstimarsdagserfaringar.

Tine Heimdal: Har fått natta tilbake På Heimdal i utkanten av Trondheim er det mest omfattande sekstimarsforsøket her til lands i gang. Det starta etter påske i 2007 og omfattar alle tilsette ved sentrallageret til Tine, der det blir pakka ost for både innanlands og utanlands marknad. I første omgang skulle forsøket vara eitt år, men den første halvårsrapporten viste såpass interessante resultat at det vart bestemt å forlengja forsøksperioden ut 2009. Det heile begynte med ein protokoll mellom Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og Tine i tariffoppgjeret i 2006, om at det skulle gjennomførast eit forsøk med sekstimarsdag i ei av verksemdene i konsernet.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 120 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

120 kapittel 12

– Da denne avtalen vart kjend, var vi raske til å melda frå om at vi var interesserte, seier Kåre Pedersen, hovudtillitsvald for dei NNN-organiserte ved Tine Heimdal. Og etter grundige førebuingar kom forsøket i gang i april 2007. Da hadde dei tilsette vore med i arbeidsgrupper som hadde diskutert korleis arbeidstidsforkortinga skulle gjennomførast i ulike delar av verksemda. Det hadde også vore ein kort prøveperiode, slik at ein kunne testa ut om den nye organiseringa fungerte som den skulle. Målsetjinga med forsøket var at dei tilsette skulle få betre livskvalitet både på jobben og heime, at lønnsemda ikkje skulle gå ned, og at sjukefråværet ikkje skulle gå opp. Lønna skulle vera som før, og talet på tilsette skulle ikkje aukast. Spesielt for dette forsøket er også at det omfattar alle dei om lag 170 tilsette, omtrent like mange kvinner og menn, sjølv om det for administrasjonen er definert som 30 timars veke. For dei fleste, dei som arbeider i pakkeri, lager og verkstad, er den største vinninga med sekstimarsdagen at dei er ferdige på jobb seinast kl. 20.30 i kveldsskiftveka. Med den gamle arbeidstida varte kveldsskiftet til ein halv time over midnatt. – Med sekstimarsdagen har dei tilsette fått natta tilbake. Før var det mange som hadde trøbbel med nattesøvnen i kveldsskiftveka, når dei ikkje var heime før etter midnatt, seier Pedersen.

Meir intensivt Den nye arbeidstida har gjort arbeidsdagen meir intensiv, alle fellespausar er borte. Maskinane i pakkeriet, som før vart stansa tre gonger i løpet av kvart skift, går no samanhengande gjennom begge skifta, medan dei tilsette har rullerande pausar. Dei avtalar sjølve kven som skal ha pause i lag, og om dei skal ta éin halvtimespause eller dela opp i to pausar. For pakkeriarbeidarane er ein halvtimes ubetalt pause borte. Morgonskiftet er på jobb frå kl. 07.00 til kl. 13.00, og dei rullerer pausane i løpet av dagen. Ettermiddagsskiftet begynner kl. 13.00 og arbeider til kl. 20.30 måndag til onsdag og til kl. 20.00 torsdag. Med det har dei innarbeidd fredagen, slik at det ikkje blir arbeidd kveldsskift da. Dei tilsette på lageret har valt å behalda den ubetalte matpausen for å kunna ha fellespause; dei set pris på det sosiale ved å kunna ha pause i lag. Her arbeider


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 121 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 121

dei fleste frå kl. 07.00 om morgonen, med ei viss fordeling slik at somme begynner litt seinare og arbeider tilsvarande lenger. Det er alltid nokon på jobb fram til kl. 20.30. Tapet av fellespausane er også det einaste som blir nemnt som negativt for dei som arbeider på pakkelinene. Men den nye fritida er så mykje verd at dei synest den veg opp for det som er borte. Det som går tapt med dei reduserte pausane, prøver iallfall ein del av dei tilsette å ta att i fritida, til dømes med å treffast på kafé på fredagane. – Eg kan ikkje sjå éin negativ ting med den nye arbeidstida. At vi tilsette har vore med og planlagt, har vore avgjerande for ei vellykka gjennomføring av sekstimarsdagen, seier Inger Guttelvik, verneombod i pakkeriet. – Kva bruker du all den nye fritida til? – Eg kosar meg og slappar av, eg har vorte ein livsnytar, seier ho. Ho har tre vaksne barn og to barnebarn. – No er det ingen som ropar «mamma!» lenger, eg er ferdig med jaget, no kan eg ha tid til meg sjølv, og eg kan ha barnebarna på besøk utan å vera sliten, seier Guttelvik. Ho veit det er kollegaer som set på vekkjarklokka for å trena før dei skal på arbeid, men det gjer ikkje ho. Ho dansar i helga i staden. Guttelvik har stor tru på at sekstimarsdagen kan bli ei varig ordning for dei Tine-tilsette på Heimdal. – Eg kan ikkje sjå ein grunn til å gå tilbake til den gamle arbeidstida. Tine kan ikkje stansa noko som er så vellykka, seier ho. Men ho trur det kan ta tid før sekstimarsdagen blir det vanlege for alle arbeidstakarar. – Kanskje sonen min, som er 36 år, får oppleva sekstimarsdagen som ei vanleg ordning?

På lag med fagrørsla Meierisjef Jan Eiler Wessel, som har leiaransvar ved Tine Heimdal, er godt nøgd med sekstimarsdagen, og ser gode grunnar til å halda fram med ordninga. – Vi har fått utruleg gode resultat, forsøket har svart til forventingane og vel så det, seier han.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 122 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

122 kapittel 12

Forskingsstiftinga Fafo har ansvar for den systematiske oppsummeringa og vurderinga av dette forsøket. Fafo sin rapport etter det første forsøksåret fortel at dei tilsette har det betre, dei kjenner seg friskare, er mindre slitne og har mindre av vanlege skiftarbeidarplager, som vanskar med å sova. På same tid har produktiviteten gått opp. – Vi har auka produktiviteten meir enn venta, seier meierisjefen, og understrekar at samarbeidet mellom leiinga og dei tilsette og deira tillitsvalde har vore heilt avgjerande for dette forsøket. – Vi har tatt utgangspunkt i menneska, og har vore nøye med at dette skal gjerast på hovudavtalen sine premiss, seier Wessel. Da sekstimarsforsøket begynte, fekk tilsette som jobba 80 prosent, tilbod om å gå opp til full stilling, og dei som av velferdsgrunnar ikkje kan begynne arbeidsdagen klokka sju om morgonen, kan etter søknad få arbeida frå kl. 08.00 til kl. 14.00. I avtalen om sekstimarsforsøket er det slått fast at overtid ikkje skal utbetalast før etter 7,5 timar.

Bergen: Gjer ein betre jobb på seks timar – Seks timars arbeidsdag er nok for ein heimehjelpar. Forsøket med sekstimarsdag er det mest positive kommunen har gjort for oss. Eg merkar 110 prosent at eg har fått ein betre arbeidssituasjon. Det seier Eli Andersen (64). Ho har tjue års fartstid som heimehjelpar i Bergen og er både glad i og stolt av jobben sin. Etter 1. mai 2007 har ho og kollegaene hatt sekstimarsdag. Dei er med på eit forsøk som skal gå fram til 30. april 2009. – Vi gjer ein betre jobb når arbeidsdagen berre er seks timar. Arbeidet er tungt, med mykje vasking og støvsuging. Det er ein fordel for brukarane at vi er opplagde når vi kjem. Du kan ikkje komma til dei og klaga på at du har vondt i ryggen! Du skal gjera ein god jobb, ingen skal betala for ei vare dei ikkje har fått. Andersen er overraska over kor stor skilnad det gjer at arbeidsdagen har vorte halvannan time kortare. Det er nesten som om det berre er tre arbeidsdagar i veka.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 123 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 123

– No kjem eg heim medan det er lyst, også om vinteren. Venninnene mine misunner meg. Ikkje for alt i verda vil eg tilbake til den gamle arbeidstida. Må vi det, tar dei gleda frå oss, seier ho. – Med den gamle arbeidstida orka eg nesten ingenting etter jobb, eg var somme gonger så sliten at eg var nesten på gråten. No har eg overskot til å gå ut att, til å gå tur, til å gå på besøk til folk, seier ho. Ho trur arbeidsgivaren vil få merka at sjukefråværet aukar dersom det blir slutt på sekstimarsdagen for heimehjelparane. Sjølv vil Andersen gjerne vera i arbeid til ho blir 67 år, men blir sekstimarsdagen borte, vil ho vurdera om ho skal finna ei ordning med delpensjon. – Får vi halda fram med sekstimarsdagen, er vi ikkje så slitne når vi blir 67. Ho har også ein draum om korleis ho vil ha det etter at ho har gått av med pensjon, dersom helsa held: Da vil ho vera vikar. – Da kan eg halda kontakten med jobben og brukarane, på same tid som eg vil stå fritt til å kunna seia at «nei, akkurat i dag passar det ikkje».

– Med sekstimarsdag kjem eg heim medan det er lyst, og har overskott til å gå ut att, til å gå tur, og til å gå på besøk til folk, seier Eli Andersen, heimehjelpar i Bergen Hjemmetjenester KF, som har prøvd sekstimarsdagen sia 1.mai 2007. Foto: Greg Rødland Buick.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 124 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

124 kapittel 12

Ønske frå dei tilsette Sia 2005 har heimetenestene i Bergen vore organiserte som eit eige kommunalt føretak, Bergen Hjemmetjenester KF, skild frå heimesjukepleien, som framleis er kommunalt organisert i bydelane. Bystyret i Bergen vedtok at det skulle gjennomførast eit toårig forsøk med sekstimarsdag for heimehjelparane frå og med 1. mai 2007. Ei spørjeundersøking blant heimehjelparane hadde vist at det var eit sterkt ønske om å få prøva sekstimarsdag. Målsetjing for forsøket: reduksjon i sjukefråvær, eit godt senior- og likestillingstiltak, eit positivt miljøtiltak, betre tenestetilbod til brukarane. Da forsøket begynte, fekk dei som arbeidde deltid, velja kor lang arbeidstid dei ville ha, og i alt 22 av dei som før arbeidde deltid, gjekk opp til heil stilling. Vel 200 tilsette fyller dei vel 150 årsverka i heimetenesta. Berre heimehjelparane har sekstimarsdag, administrasjonen har framleis 7,5 timars dag.

Kamp om innteninga Sølvi Sørebø tok til som direktør for Bergen Hjemmetjenester KF i mars 2007. Rett etterpå vart det bestemt at sekstimarsdagen skulle prøvast, og forsøket kom i gang allereie i mai. Ho har registrert at det å kunna tilby sekstimarsdag er noko som hjelper i kampen om arbeidskrafta. – Eg ser at å kunna tilby sekstimarsdag er positivt både når det gjeld å rekruttera og å behalda den arbeidskrafta vi treng, seier Sørebø. Ønsket om at sekstimarsdagen skal kunna halda fram, har støtte både hos tillitsvalde og hos styret i føretaket, men målingar som skal gjerast, vil avgjera om dette let seg gjera. Fleire av dei tilsette seier at dei trur mange vil slutta dersom dei må tilbake til 7,5 timars arbeidsdag. Det dei ikkje er samde om, er kva tid personalmøta skal haldast. Direktøren såg gjerne at dei tilsette godtok å ha personalmøte om lag kvar sjette veke i eit tidsrom frå kl. 14.00 til 15.00, sia dei blir betalte for 7,5 timar dagleg, men arbeider seks timar. Men det har dei sagt nei til. Personalmøta er ein del av jobben og høyrer dermed heime i arbeidstida, er dei tilsette si haldning. Det kommunale føretaket Bergen Hjemmetjenester KF konkurrerer med andre firma, og effektivitetskrava er klare: 65 prosent av arbeidstida skal brukast


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 125 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 125

inne hos brukarane. Om det er lett eller vanskeleg å få til, kan ha å gjera med kor lange avstandar det er mellom brukarane, om brukarane er heime, og om det går greitt å finna parkeringsplass. Vanlegvis arbeider heimehjelparane to og to i lag og køyrer bil mellom brukarane. Da forsøket begynte, fekk alle på deltid tilbod om full tid, og alle individuelle ønske om heiltid vart oppfylte. Bystyret som vedtok forsøksordninga, slutta seg også til at «det engasjeres et eksternt forskermiljø til å evaluere forsøket. Endelig evalueringsrapport vil foreligge innen 31.01.2009». Bergen Hjemmetjenester KF vart i januar 2008 flytta over frå Byrådsavdeling for helse og omsorg til Byrådsavdeling for finans, konkurranse og omstilling, og denne byrådsavdelinga har no tatt på seg ansvar for måling og finansiering av målinga. Ved utgangen av juni 2008 var det framleis ikkje bestemt kven som skulle stå for evalueringa.

Bømlo: Permanent prøveordning i trappefabrikken – Det har vorte kolossalt mykje middagslaging sia vi begynte med sekstimarsdag, seier karane i pauserommet på trappefabrikken B. Innvær AS på Bømlo og humrar litt. Men det er ingen som klagar, korkje på middagslaginga eller sekstimarsdagen. – Ein blir betre kjend med ungane når ein kjem tidlegare heim, seier ein. Sigurd Lars Haldorsen, som er tillitsvald, er ein av dei som både lagar middag og bruker noko av den nye fritida til å trena. Før var det mest i helgane han tok seg av middagslaginga. No er det han som tar kvardagane, og kona får laga middag i helga. Han set stor pris på at jobben no er ferdig medan det enno er dagslys, også heile vinteren. Somme gonger blir det ein joggetur, andre gonger tar han vegen heim frå fabrikken til huset på Rubbestadneset til fots, ein tur som kan ta om lag ein time og tre kvarter når han går gjennom markene. Det var utenkjeleg med den gamle arbeidstida. Somme av dei tilsette kombinerer fabrikkarbeidet med jordbruk i større eller mindre skala. På denne kanten av landet er det mange bruk som ikkje er store nok til at det blir levebrød av å vera heiltidsbonde. Han som har 76 sauer, blir «hobbybonde», og når sauehald og fabrikkarbeid skal kombinerast, hjelper det godt at arbeidstida er redusert til seks timar.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 126 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

126 kapittel 12

– Og så må du få med at dette har vore ein fin måte å slutta å røykja på, seier ein. Med den nye arbeidstida må dei bruka litt av matpausen om dei skal ha sjansen til å røykja i løpet av arbeidsdagen. Dei gamle «femminutta» utover dagen er borte. Frå 1. november 2006 vart arbeidstida endra frå kl. 07.00–15.00 til kl. 07.00–13.30. Frå same dato vart det slutt på ein av to fellespausar. No er det to effektive arbeidsøkter på tre timar, med ein halvtimes matpause imellom.

Full produksjon Arbeidstidsforkortinga kom etter initiativ frå dagleg leiar, Kristian Innvær, som er tredje generasjon i sjefsstolen i denne bedrifta. Inspirasjonen kom frå Toyotaverkstaden i Sverige, som fekk mykje medieomtale etter at sekstimarsdagen vart innført der i 2002. Innvær gjer det klart at sekstimarsdagen i denne verksemda ikkje er noko han har innført for å vera snill, men som eit målretta effektiviseringstiltak. Og går det som han håpar, er dette det første steget på vegen til toskift om ikkje altfor lenge. – Så lenge vi kan produsera like mykje på seks timar som vi før gjorde på sju og ein halv, er det ei god ordning. Kan vi ikkje det, er det slutt, seier bedriftsleiaren. – Alle mine folk er tilsette frå kl. 07.00 til kl. 15.00, men dei får gå heim kl. 13.30 dersom jobben er gjort. Vi har klart å kvitta oss med ein og ein halv time svinn i løpet av ein 7,5 timars dag. Dei fleste trudde det ikkje var mogeleg, seier Innvær, og understrekar at det ikkje har dreidd seg om å stramma opp «ein gjeng med slaur». Ordninga har vore mogeleg fordi dei tilsette er dyktige folk. Han trur også at denne ordninga nærmar seg det maksimale av den effektiviteten han kan venta. – Arbeidsøkter over tre timar utan pause er ikkje menneskekroppen bygd for, seier han. Når vi spør om ikkje arbeidet blir urimeleg slitsamt, svarer dei tilsette at det går fint i forhold til kva dei får att. – Eg vågar ikkje å tenkja på at det kan bli slutt på sekstimarsdagen, da hadde eg nok begynt å røykja att, seier ein av eksrøykjarane.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 127 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 127

Øyvind Turøy fresar trapperekkverk. Det er ein føresetnad at produktiviteten skal vera minst like god med sekstimarsdag som før med 7,5 timar. – Greier vi ikkje det, er det slutt, seier Kristian Innvær, dagleg leiar. Foto: Greg Rødland Buick


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 128 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

128 kapittel 12

Med kortare arbeidsdag er det eit strengare regime i produksjonslokala enn før. Ingen røykjepausar, ingen private telefonsamtalar i arbeidstida. Og lege- og tannlegebesøk skal plasserast utanfor arbeidstida, så langt det lèt seg gjera. – Den einaste ulempa er at ein kvir seg litt meir for å ta fri når ungane treng følgje til lege eller tannlege, og det treng ikkje vera greiare for kona å ta fri til slikt, seier Haldorsen. Kristian Innvær er godt nøgd med resultata i eiga verksemd, men vil ikkje rå nokon til å gå til val på lovnader som sekstimarsdag som ei ordning for alle. Den dagen nokon seier at det å arbeida berre seks timar om dagen er ein rett, blir grunnlaget borte, meiner han. Sekstimarsdagen i trappefabrikken på Bømlo gjeld berre for produksjonsarbeidarane, ni menn og fire kvinner. Dei to i administrasjonen har like lange arbeidsdagar som før, og dei to som vart tilsette frå og med 1. april 2008 for å reisa rundt og montera trapper, har også avtale om 7,5 timars dag. – I montørane sin arbeidsdag vil det vera så mykje svinn at sekstimarsdag ikkje er aktuelt, forklarer bedriftsleiaren.

Full jobb For dei fleste tilsette i trappefabrikken er det viktigaste at arbeidsdagen har vorte kortare. Men for to av dei fire kvinnene i fabrikken var endringa at dei gjekk frå deltidsjobb til full stilling. Åse Innvær (40) har arbeidd nærare ti år i fabrikken. Fram til sekstimarsdagen vart innført, hadde ho redusert arbeidstid, frå kl. 8.30 til kl. 15.00 og fri ein dag i veka, den dagen ungane hadde fri frå skolen. Tidlegare arbeidde ho i barnehage, da også i redusert stilling. – Det er fint å kunna ha full jobb, men det ville eg ikkje ha fått om det ikkje var sekstimarsdag, seier ho. Vibeke Alvsvåg (26) er faglært frisør og hadde 80 prosent stilling som frisør, og arbeidstid fram til kl. 16.30 før ho begynte med lakkering i trappefabrikken hausten 2007. Sambuaren er skiftarbeidar. Å begynna på jobb kl. 07.00 går fint så lenge begge ungane skal i barnehagen, som opnar kl. 06.15. Ho er meir spent på korleis alt skal gå i hop når eldstemann begynner på skolen, for det finst inga skolefritidsordning.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 129 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 129

– Utan sekstimarsdagen kunne eg ikkje hatt full jobb, seier Åse Innvær (til venstre). – Skal tru om vi ikkje også orkar å stå lenger i jobb med denne arbeidstida, seier Vibeke Alvsvåg. Begge er tilsette ved trappefabrikken B. Innvær. Foto: Greg Rødland Buick.

– Å kunna jobba fullt og enda vera ferdig kl 13.30, er ein stor fordel. Ein får meir ut av dagen med å jobba konsentrert. Og når eg kjem heim så tidleg, er det tid til både å slappa av litt og vaska hus før ungane skal hentast, seier ho. Dei to kvinnene, den eine med tre ungar i tenåra og den andre med to i førskolealder, er samde om at det er godt ikkje å vera utsliten av jobben, og å ha god tid når ein kjem heim. Og dei spør seg om ein ikkje også kan halda ut lenger i arbeidslivet med ei slik arbeidstid.

Reinhaldarar i Miljøservice, Trondheim eiendom: Orkar meir Gunhild Haugen (62) er ein av om lag 85 reinhaldarar i Trondheim kommune som får prøva sekstimarsdag med full lønn i to år, og ho er ikkje i tvil om at det er ei ordning ho gjerne skulle halda fram med, også etter at forsøksperioden går ut 31.12.2008.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 130 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

130 kapittel 12

– Det viktigaste er at eg er mindre sliten, eg orkar meir av andre ting eg har lyst til å gjera. Før var eg heilt utslått når arbeidsdagen var over, seier Haugen. Ho har arbeidd som reinhaldar i 32 år. Stine Frysjøenden (22) har arbeidd som vikar i Miljøservice i vel eit halvt år. Ho er også glad for sekstimarsdagen, sjølv om ho som innleigd vikar ikkje får betalt for meir enn dei timane ho arbeider. Ho har vent seg til å begynne klokka seks om morgonen, og synest det er herleg å vera ferdig på jobb kl. 12.30. Ho set særleg pris på at sekstimarsdagen gjer at ho rekk å komma ut medan det er dagslys, også på den mørkaste tida av året. Bystyret i Trondheim har bestemt at sekstimarsdagen skal prøvast, og har løyvt pengar til å tilsetja dei reinhaldarane som trengst for å kompensera for den reduserte arbeidstida. I Miljøservice, den avdelinga i Trondheim eiendom som har ansvar for reinhald i kommunale eigedommar, arbeider i alt om lag 360 reinhaldarar. Tre av 11 område, med om lag 85 reinhaldarar, er med i det toårige forsøket som vart sett i gang 1. januar 2007. Dei to områda som har det høgaste og det lågaste sjukefråværet, og det området som har den høgaste gjennomsnittsalderen vart valde ut til å vera med i forsøket. I tillegg er to område som held fram med vanleg arbeidstid, valde ut som kontrollgruppe. Målsetjinga for forsøket er formulert slik: Gjennom et forsøk med 6-timersdag skal brukernes/innbyggernes opplevelse av Trondheim kommune som en god og fleksibel tjenesteleverandør opprettholdes/økes. Trondheim kommune skal gjennom forsøk med 6-timersdag senke sykefraværet og belastningen for de i fysisk belastende jobber samt bli en mer attraktiv arbeidsplass for nåværende og framtidige medarbeidere (saksframlegg frå rådmannen i Trondheim, 05.04.2006).

Sekstimarsforsøket i Miljøservice førte til at 55 tilsette gjekk ned i timetal, 25 fekk større stillingsprosent, og talet på heiltidstilsette gjekk opp frå 55 til 66. Arbeidstida for Miljøservice er innanfor ramma av kl. 06.00–18.00 fem dagar i veka, og leiar Lisbet Øvre opplyser at så langt råd er, blir det lagt til rette slik at dei tilsette får ei arbeidstid som går i hop med privatlivet. Dei som har ansvar for ungar som skal til barnehage og/eller skolefritidsordning, treng ikkje vera på jobb kl. 06.00, og dei arbeider tilsvarande lenger.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 131 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 131

Kva som vil skje med arbeidstida etter forsøksperioden, er førebels uvisst. Øvre fortel at det ikkje har vore vesentlege utslag på sjukefråværet, men ho er også klar over at det kan ta lengre tid før eventuelle slike verknader kan målast. – Dette arbeidet er mykje lettare med det ustyret ein har i dag, enn det var før, men det er klart at dei som har arbeidd som reinhaldarar gjennom eit langt liv, kan ha slitasjeplagar som ikkje blir borte. Vi ser likevel at dei eldste er svært stabil arbeidskraft, seier Øvre. Gunhild Haugen skulle gjerne ha sett sekstimarsdagen innført som ei varig ordning. – Eg ser svart på å gå tilbake til 7,5 timar. Blir det slutt på sekstimarsdagen, vurderer eg å gå over i halv jobb, kombinert med avtalefesta pensjon, seier ho, og legg til at om det ikkje blir sekstimarsdag for alle, må det iallfall bli det for seniorane, aldersgruppa frå 55 år og opp. Å begynna med slike tiltak når folk har fylt 62, er for seint, meiner ho. I Miljøservice har det ikkje vore høve til å registrera om sekstimarsdagen gjer det lettare å rekruttera nye tilsette. Ledige stillingar som blir lyste ut, er ikkje knytte til bestemte område, nytilsette må vera disponible både for forsøksområda og for dei områda som har ordinær arbeidstid.

Trondheim parkering KF: Meir tid til ungane – Meir tid til ungane, er Robert Haugens svar på kva som er best med sekstimarsdagen. Han er ein av dei 20 trafikkbetjentane i Trondheim parkering KF som har fått prøva sekstimarsdagen i eit toårig forsøk, frå 1. juli 2006 til 30. juni 2008. Før forsøket vart sett i gang, veksla dei mellom dagvakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00, ettermiddagsvakt frå kl. 12.00 til kl. 20.00 og kveldsvakt frå kl. 16.00 til kl. 23.45. No har dei to føremiddagsvakter, ei frå kl. 08.00 til kl. 14.30 og ei frå kl. 09.30 til kl. 16.00. Ein del går til fots i gatene i sentrum, andre bruker bil eller sykkel for å nå område som ligg mindre sentralt. – Begynner eg klokka åtte, rekk eg å vera heime til ungane kjem frå skolen, og det set dei pris på. Mykje av dei aktivitetane dei er med på, både fotball, handball og korps, begynner i fire-femtida om ettermiddagen. Og begynner eg seinare,


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 132 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

132 kapittel 12

– Vi har blitt meir effektive. Vi har ikkje skrive ut færre bøter med sekstimarsdag enn vi gjorde før, seier Robert Haugen. Han er ein av 20 trafikkbetjentar i Trondheim parkering som har prøvd sekstimarsdagen i to år. Foto: Greg Rødland Buick.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 133 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 133

rekk eg både å rydda vekk etter frukosten og å følgja ungane til skolen, seier Haugen. – Det hjelper å ha god tid i lag med ungane, legg han til. Ungane er ei lita dotter som var fem veker på den tida vi besøkte familien, Haugens to eldste døtrer og sambuarens to søner. Både han og sambuaren har delt omsorg, og dei fire største ungane bur ei veke hos mor og ei veke hos far. Og når også sambuaren har ein jobb med vekslande dag- og kveldsvakter, er det lett å skjønna at det blir enklare å få puslespelet til å gå opp med sekstimarsdag enn med 7,5 timars arbeid kvar dag. Ikkje all fritid går til ungane, Haugen er også ein aktiv medarbeidar i tv-stasjonen til burettslaget. Risvollan borettslag, det største i sitt slag i Noreg, har sitt eige tv-studio, og den lokale tv-stasjonen sender både meldingar om lokalt nytt i burettslaget, reportasjar og tv-bingo. I Trondheim parkering KF kom initiativet til sekstimarsforsøket frå styret i det kommunale føretaket. – Vi vart spurde, men eg kan ikkje hugsa at det var negative reaksjonar på framlegget, seier Haugen. Det var eit vilkår at forsøket skulle gjennomførast utan at det vart tilsett fleire folk. Pausane vart stramma inn. Før hadde dei felles matpausar, no har dei pausar til ulike tider. – Det vi kan ha tapt noko på, er det sosiale. Pausen er viktig, for da kan vi snakka om både det vi opplever ute på gata, og om faglege ting. Men om ikkje alle har pause på same tid, er det alltid fleire som har pause i lag, og vi snakkar med dei som er inne, seier Haugen. Ein vesentleg del av arbeidet til trafikkbetjentane er å sjå etter at parkeringsreglane blir følgde. Dei skriv ut bøter for feilparkering og til dei som ikkje har betalt som dei skal for parkeringa. Det hender frustrerte bilistar lèt all frustrasjonen gå utover den parkeringsbetjenten dei slumpar til å treffa. – Vi er parkeringa sitt andlet i gata. Dei som parkerer, får ikkje tak i bystyret som har laga reglane. Og er det nokon som har hatt ein dårleg dag, er det vi som får merka det, seier Haugen. I tillegg gir dei råd og hjelp både til turistar og andre som strever med å finna fram, dei tar oppdrag for burettslag og andre som treng hjelp til å få vekk feilparkerte bilar, dei har eit ansvar for å sjå etter forsøpling i gatene, og dei kan


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 134 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

134 kapittel 12

skriva ut miljøgebyr til grunneigarar som ikkje sørgjer for å halda det reint på eigedommane sine. Og røyner det på, gir dei også «ekstraservice» til folk som treng det. Haugen kan fortelja at han har vore med på å køyra folk som har vore ute for alvorlege uhell, til legevakta. – Vi har vorte meir effektive, det blir ikkje skrive ut færre bøter no enn med den gamle arbeidstida, og det er lettare å komma seg gjennom ei vakt på seks timar enn slik vi hadde det før, seier Haugen, som håpar at forsøket skal gå over til å bli ei varig ordning. I tillegg til dei ordinære vaktene med patruljering i gatene har dei også kvar niande veke ei tidlegvakt frå kl. 07.00 om morgonen med bilkøyring for å tømma automatar. Helgevakt med arbeid fredag frå kl. 16.00 til kl. 23.45, laurdag frå kl. 15.00 til kl. 23.45 og søndag frå kl. 12.00 til kl. 20.45 har dei også kvar niande veke, og kvar tredje laurdag er det jobb på føremiddagen. Dei lange kveldsvaktene er altså ikkje sekstimarsvakter. Slik vart det gjort for at ein skulle unngå å få fleire kveldsvakter enn før, noko dei tilsette ser på som ei god ordning. Føremålet med forsøket var å effektivisera kvardagen for trafikkbetjentane, halda oppe tenesteproduksjonen, skapa betre motivasjon og trivsel gjennom betre turnus og arbeidsforhold, og på sikt oppnå lågare sjukefråvær. SINTEF Teknologi og samfunn har stått for evalueringa av sekstimarsdagen i Trondheim parkering, og rapporten stadfestar det Haugen fortel om sekstimarsdagen som ei positiv erfaring (Buvik, Tvedt og Torvatn 2008). Rapporten viser at produksjonen slett ikkje har gått ned, og at sekstimarsdagen har gjort arbeidsplassen meir attraktiv, medan det ikkje er registrert nokon nedgang i sjukefråværet (sjå også s. 73). Dei tilsette har også vorte spurde om korleis dei har opplevd den sosiale kontakten med kollegaene etter at fellespausane vart borte. Svara har endra seg i løpet av forsøksperioden. Om lag eit halvt år etter at sekstimarsdagen vart innført svarte dei fleste at det hadde vorte mindre tid til sosial kontakt, og at dei sakna «det gamle samholdet med kollegaene». Eitt år seinare var dei langt meir positive til den nye ordninga. Forskarane tolkar det som at dei tilsette har brukt litt tid på å tilpassa seg endringa, og i intervju har det vorte sagt at det er betre no, i og med at dei er færre samla, og at dei får betre høve til kontakt med dei som er der. Det gode samhaldet har komme tilbake og har vorte forsterka.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 135 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 135

Men 19. juni 2008 vedtok styret i Trondheim parkering KF, mot røystene til dei to representantane for dei tilsette, å avvikla forsøket med sekstimarsdag. Vedtaket var i samsvar med innstillinga frå administrasjonen. – Skulle vi halda fram med sekstimarsdagen for trafikkbetjentane, måtte vi innføra sekstimarsdag for heile verksemda. Det har også komme ønske frå merkantilt tilsette som kunne tenkja seg sekstimarsdag, seier Turid Innstrand, direktør i Trondheim parkering KF. – Men ei så omfattande endring er eit ansvar vi ikkje var klar til å ta. Det måtte mellom anna ha ført med seg ei form for skiftordning for dei som no arbeider berre dagtid, seier direktøren. Forsøksperioden gjekk ut 30. juni, men turnusen med sekstimarsdag vart av praktiske grunnar vidareført til 1. september.

Minera, Otta: Tid til fotball og flugefiske For skiferarbeidarane hos Minera Norge AS på Oppdal begynte sekstimarsdagen før det vart lyst ein tidleg vintermorgon – 30. januar 2006. Den tok til som eit prøveprosjekt og har vorte ei permanent ordning. Den store endringa var overgangen frå å arbeida fem dagar i veka frå kl. 07.00 til kl. 15.30, til å arbeida toskift – frå kl. 06.00 til kl. 12.30 den eine veka, og frå kl. 12.30 til kl. 19.00 den andre. Eitt og eit halvt år seinare vart sekstimarsdagen innført på same vis ved Minera Norge si avdeling på Otta, inkludert slipeanlegget på Dovre. Her har dei nær femti tilsette som arbeider med bearbeiding av skiferen, sekstimarsdag og toskift. Frå før var det nokre få som gjekk toskift. Den nye ordninga vart innført ved at dei tilsette vart fordelte på to skift, utan nytilsetjingar. Administrasjonen og dei som arbeider i steinbrotet, har framleis 7,5 timars arbeidsdag. For steinbrotet vart det ikkje rekna som lønnsamt å investera i det som måtte til av maskinar om ein skulle ha toskift. Dei som arbeider i steinbrotet, får ein viss kompensasjon ved at dei sluttar kl. 12.30 kvar fredag. Dei aller fleste er samde om at sekstimarsdagen er fine greier. Det blir både meir tid i lag med ungane og meir tid til støvsuging, seier ein av arbeidarane. To av skiferarbeidarane spelar fotball på A-laget til Otta IL. Da laget rykte opp frå 4. til 3. divisjon, gjorde det sitt til at Øystein Solstad (24) tok ein pause


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 136 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

136 kapittel 12

– Sekstimarsdagen er perfekt for meg, seier Øystein Solstad, skiferarbeidar ved Minera si avdeling på Otta, og aktiv på fotballaget til Otta IL. Her står han i mål under oppvarming til kamp mot Moelven IL. Foto: Greg Rødland Buick.

frå studium i Trondheim for å kunna spela fotball heime på Otta. Frå september 2007 har han vore skiferarbeidar. – Sekstimarsdagen er perfekt for meg, seier Solstad. Med både fotballtreningar, kampar og andre friluftsinteresser kjem sekstimarsdagen godt med, og han ser fordelar med å arbeida skift. Når det er sesong for flugefiske, er det fint å kunna vera ute seint på kveld og natt og ikkje skulla tidleg på jobb neste morgon. Med A-laget trenar han tre kveldar i veka. Treningane tek til klokka åtte, så det rekk han også etter kveldsskiftet. I dagskiftvekene trenar han dessutan eit smågutelag tre gonger i veka. Og dersom fotballkampane kolliderer med kveldsskiftet, er det høve til å byta skift. – Fotball er kultur, og kulturliv er viktig om folk skal bli buande på ein stad som Otta, seier Magne Båtstad, dagleg leiar for Minera-avdelinga på Otta. Han meiner det er viktig å vera fleksibel når dei tilsette har bruk for å byta skift.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 137 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 137

Båtstad er godt nøgd etter vel eit halvt år med sekstimarsdag. Sjølv om den formelle evalueringa enno ikkje er gjort, reknar han med at ordninga er kommen for å bli. – Dei tilsette er nøgde, og vi produserer ikkje mindre enn vi gjorde før. Det ville bli eit forferdeleg nederlag om vi skulle gå tilbake til den gamle arbeidstida, seier han. Rolf Maurstad, tillitsvald for skiferarbeidarane på Otta, fortel at det var ein god del skepsis før sekstimarsdagen vart innført. Men no trur han det ville bli vanskeleg om den ikkje skulle halda fram. – Det einaste motargumentet eg høyrer av og til, er at det er stussleg å arbeida kveldsskift på fredagane, seier Maurstad. Det har vore ymta frampå om at ein kunne arbeida inn fredagskveldsskiftet med litt lengre arbeidsdag dei andre dagane. Men det er Båtstad svært kritisk til. – Det blir ikkje snakk om innarbeiding med å forlengja skifta. Det ville bli ei utholing av den nye arbeidstidsordninga, og vi ville mista verknaden av den effektiviseringa vi har oppnådd ved å forkorta arbeidsdagen, seier Båtstad. Her, som ved dei andre verksemdene som har innført sekstimarsdag i kombinasjon med toskift, er det korta ned på småpausar, og det er ein føresetnad at dei to arbeidsøktene på tre timar skal vera effektiv arbeidstid. I begge Minera-avdelingane, både på Oppdal og på Otta, er det ei målsetjing å halda oppe same produksjon som før og å redusera sjukefråværet. Produksjonen har det gått bra med, men det er ikkje registrert store endringar i sjukefråværet. Det siste blir tatt med stor ro hos dei ansvarlege leiarane, dei er klar over at skiferarbeidet er fysisk tungt, med stor risiko for slitasjeskadar, dessutan er det høgt støynivå i produksjonslokala. – Eg trur ikkje det blir mindre influensa om vi arbeider seks timar om dagen, og dei som har arbeidd her lenge, har eit fortid med både 7,5 og åtte timars arbeidsdag, seier produksjonsleiar Knut Fossum på Oppdal. – Eg ventar ingen endringar i sjukefråværet på kort sikt, vi blir ikkje kvitt dei belastningsskadane folk alt har fått, fordi om vi kortar ned arbeidstida, seier Magne Båtstad på Otta. I løpet av to år med sekstimarsdag har Minera på Oppdal rekruttert 11 nye produksjonsarbeidarar, og det har vist seg at det er ein fordel i ein stram arbeidsmarknad å kunna tilby sekstimarsdag.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 138 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

138 kapittel 12

– Her ringjer det stadig folk og spør etter arbeid, og enda fleire etter at vi begynte med sekstimarsdagen, seier Båtstad. I begge Minera-avdelingane er skifttillegget innarbeidd i den delen av lønna som er fastlønn, slik at den er lik for alle timar. I tillegg kjem akkorden, som har auka i og med at produksjonen har gått opp. Båtstad synest det er litt rart at ikkje andre arbeidsgivarar er meir interesserte i å prøva sekstimarsdag i sine verksemder. – Eg trur dei er litt redde for å prøva noko nytt. Eg var også veldig skeptisk, men vi hadde fordel av å sjå korleis det fungerte på Oppdal. Vi tok den tida vi trong for å få til ei lokal tilpassing. Dette er tufta på at vi er einige om korleis det skal gjerast, seier han. Minera Norge har også ei avdeling i Alta, med 35 tilsette i produksjonen. Om sekstimarsdagen kjem dit, vil først bli avgjort etter ei evaluering av erfaringane frå Otta.

SinkaBerg-Hansen AS, Rørvik: Sekstimarsskift, men ikkje for alle Lakseforedlingsbedrifta SinkaBerg-Hansen AS i Nærøy i Nord-Trøndelag var ei av dei første som innførte sekstimarsdag som ei fast ordning i delar av fabrikken, frå hausten 2005. Ordninga omfattar vidareforedlingsavdelinga, med om lag 60–65 tilsette, medan dei 22 tilsette i slakteriet framleis har 7,5 timars dag utan skiftarbeid. Så langt har det ikkje vore behov for å utvida driftstida i denne delen av verksemda. Tidlegare var arbeidstida i foredlingsavdelinga frå kl. 07.00 til kl. 15.00, no er dagskiftet i gang kl. 06.00 om morgonen, og kveldsskiftet skal vera ferdige kl. 18.55. Her vart sekstimarsdagen innført etter initiativ frå leiinga. Dei tilsette vart informerte, men vart ikkje inviterte til å vera med på å avgjera korleis sekstimarsdagen skulle organiserast. At arbeidsdagen blir kortare, er i seg sjølv eit gode. – Du kjenner det på kroppen at du blir mindre sliten. Ein merkar skilnaden i ferieperioden, da har vi gammal arbeidstid med 7,5 timar per dag og blir meir slitne, seier verneombod Hanne Skjærvær.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 139 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 139

Men den skepsisen som var der da ordninga vart innført, er ikkje borte. Blant dei tilsette er det framleis somme som gjerne ville ha tilbake den gamle arbeidstida. Da hadde dei to halvtimespausar (ein betalt og ein ubetalt), som gjorde at arbeidsøktene vart kortare. Dei merkar at tempoet har vorte høgare etter at arbeidstida er korta ned. Arbeidstidsforkortinga har ført med seg ei effektivisering, og produksjonen har gått opp. Frå bedriftsleiinga si side er det klart at sekstimarsdagen er kommen for å bli, men ikkje for alle. Her, som andre stader er arbeidsstart klokka seks for tidleg for dei som har ungar som skal til barnehage eller skolefritidsordning. Dei som ikkje kan begynna så tidleg, får i staden jobba midtskift, og midtskiftet har framleis 7,5 timar. Det vil seia at dei er på jobb frå kl. 08.00 til kl. 16.00. – Eg skulle ønskja at vi alle kunne ha sekstimarsdag. Slik det er no, arbeider vi som har småungar nesten ein heil arbeidsdag meir i veka for same lønn som dei andre, seier ei av dei som må arbeida midtskift. Ho må i staden arbeida til kl. 16.00, kjem heim vel ein halvtime seinare, og når middag og barne-tv er unnagjort, er også det meste av dagen over for femåringen. – To timar ville ha gjort stor skilnad. Ein sekstimarsdag som starta klokka åtte, ville vera greitt, seier ho. Ein annan småbarnsforelder, skiftleiar Bjørnar Torsvik, synest ordninga fungerer kjempegreitt, og særleg liker han tidlegskiftet godt. Men husarbeidet får han gjort mest av den veka han skal på seinskift. Torsvik og kona arbeider begge i same avdeling, men motsette skift. Dei to ungane på tre og seks år er i barnehage tre dagar i veka. Dei to andre dagane er dei i lag med foreldra, og dei følgjer da med den som skal på seinskift, i bilen til jobben, og med den andre heim, 40 kilometer kvar veg. – Vi får meir tid i lag med ungane på den måten, og kan vera meir ute med dei, seier Torsvik. Dei tillitsvalde, Gunn Rita Johansen og Anne Grete Myrvold, ser fordelane med kortare arbeidsdag. Det blir meir fritid, meir tid til både trim og avslapping, og helgene blir romslegare den veka ein er ferdig kl. 12.30 på fredag og begynner kl. 12.30 måndag. Sekstimarsdag er bra, men skiftarbeidet har sine ulemper. – Vi har mista noko av det sosiale. Vi som jobba i lag, vart fordelte på dei ulike skifta, utan omsyn til kva som fanst av sosiale band mellom folk. No rekk vi


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 140 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

140 kapittel 12

– Meir tid i lag med ungane er ein av fordelane med sekstimarsskiftet, seier Anne Grete Myrvold, her i lag med sonen Bjørn-Ola. Ho ville gjerne halda fram med å veksla mellom «midtskift» og seksstimarsskift slik at det høver med mannen sitt arbeid som fiskar. Men det vart det slutt på frå mai 2008, og dermed vart det slutt på sekstimarsskiftet for henne. Foto: Greg Rødland Buick.

berre å seia hei, det er ikkje rom for å slå av ein prat i skiftovergangen, seier Johansen. Det er også somme som slit med nattesøvnen når dei skal arbeida skift, og dei som har lang reiseveg, må tidleg opp for å vera på jobb klokka seks. Men tilbodet om å få arbeida midtskift med 7,5 timar, freistar ikkje. Myrvold er av dei som berre delvis har fått glede av sekstimarsdagen. Ho kunne fram til mai 2008 veksla mellom skiftarbeid den eine månaden og midtskift den andre. Sambuaren arbeider som fiskar, og er ute på jobb ein månad om gongen, og ungane på seks og ti år treng at nokon er til stades om morgonen. Men så kom meldinga frå leiinga om at det blir slutt på å veksla mellom dei ulike skiftordningane. Nye folk skal tilsetjast både på sekstimarsskift og på mellomskift, men kombinasjonsordningar blir det ikkje rom for.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 141 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 141

– Vi kjem ikkje unna at det blir urettferdig at vi skal arbeida så mykje lengre dagar, seier Myrvold. Men frå leiinga si side er det ein klar føresetnad at den som skal arbeida berre seks timar om dagen, også må gå skift. – Vi har ikkje sekstimarsdag, vi har sekstimarsskift. Det ville vera like urettferdig om ein del skulle få sekstimarsdag og unngå kveldsskiftet, seier personalsjef Frode Lauritzen. Frå bedriftsleiinga si side er dette ikkje tema for diskusjon. SINTEF-rapporten som var ferdig vel eitt og eit halvt år etter at sekstimarsdagen vart innført hos SinkaBerg-Hansen AS, oppsummerer ordninga som vellykka for bedrifta. «Enkelt sagt har bedriften nådd de økonomiske mål den satte seg,» heiter det i rapporten (Torvatn m. fl. 2007). Men det blir også lagt vekt på at dei gode resultata kom etter ein minst seks månader lang innkøyringsperiode. I denne perioden var ikkje produktiviteten spesielt god. Det går elles fram at dei tilsette har hatt både positive og negative erfaringar med kombinasjonen av sekstimarsdag og skiftarbeid i denne bedrifta.

Krølle Frisør i Fauske: Lettare å vera blid med sekstimarsdag Så langt vi kjenner til, er det berre éin frisørsalong i landet som har innført ein variant av sekstimarsdagen. Brit Steinbakk, eigar av Krølle Frisør i Fauske, har drive salongen i over 30 år. Ho fortel at ho alltid har lagt til rette for at dei som hadde små barn, fekk tilpassa arbeidstida si, og at dei i praksis hadde sekstimarsdag, medan dei andre arbeidde 7,5 timar. Frå 1. september 2006 vart sekstimarsdagen sett i system for alle dei ti–tolv frisørane i salongen. Da vart det organisert ei toskiftordning, og salongen fekk opningstid frå kl. 09.00 til kl. 19.00 måndag til torsdag, kl. 09.00–kl. 16.00 fredag og kl. 09.00–kl. 15.00 laurdag. Tidlegare var det langdag til kl. 20.00 to dagar i veka. Kjernetida vart fastsett som frå kl. 09.00 til kl. 15.00 eller frå kl. 13.00 til kl. 19.00. Frisørane set sjølve opp timeavtalane sine innanfor den arbeidstida dei har valt, og tidlegskiftet kan arbeida lenger og seinskiftet begynna tidlegare, dersom dei sjølve ønskjer det.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 142 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

142 kapittel 12

Dei har prosentlønn ut frå kor mykje dei tar inn, med ei garantilønn i botnen. Det blir ikkje gitt nokon automatisk lønnskompensasjon for arbeidstidsforkortinga. Men Steinbakk ser at effektiviteten aukar med kortare tid. – Ingen har gått ned i lønn med den nye ordninga, dei er heller meir effektive den tida dei er på jobb, og bruker småpausane til å eta istadenfor å ta ein lang matpause. 7,5 timarsdagen er for lang for dei som har ungar. Med kortare dag er det lettare å vera blid både på jobben og heime, seier Steinbakk.

Nardo Bil AS, Trondheim: Svarte ikkje til forventingane Bilverkstaden Nardo Bil AS i Trondheim sette i gang sekstimarsforsøket sitt etter inspirasjon frå Toyota-verkstaden i Göteborg i slutten av januar 2005, og fekk mykje medieomtale som den første norske bedrifta som prøvde denne ordninga. Med toskift og sekstimarsdag skulle dei få ei betre utnytting av lokale og utstyr i verkstaden, og spara store kostnader til nye lokale. Både dagleg leiar Rune Wang-Henrichsen og dei tilsette var i utgangspunktet positive, og etter det første året med sekstimarsdag såg det ut til at ordninga fungerte godt. Dei tilsette sette pris på meir tid til både ungar og trening. Dagleg leiar var ikkje heilt nøgd med effektiviteten, men hadde tru på at den kunne forbetrast (Klassekampen 28.01.2006). Men i august 2006 vart forsøket likevel avvikla. Bilmekanikarane heldt fram med toskift medan bygging av nye lokale gjekk føre seg, men no var det 7,5 timars skift. – Vi avvikla sekstimarsdagen fordi vi ikkje greidde å få forretning i det. Eg hadde trudd vi skulle få opp effektiviteten, men det var feil. Eg trur hovudårsaka er at det er utradisjonelt i vår bransje å arbeida skift. Dei tilsette fekk ikkje det ut av forsøket som dei hadde venta, er Wang-Henrichsen si forklaring. For dei tilsette, som har ein kombinasjon av fastlønn og personleg bonus, vart fortenesta noko dårlegare enn dei hadde venta, og dei var einige om å avvikla sekstimarsdagsordninga. Den utvidinga av verkstaden som ein prøvde å unngå med å innføra sekstimarsdag og toskift, vart gjennomført, og nye lokale stod klare vinteren 2008. I dei nye lokala arbeider bilmekanikarane dagtid slik dei gjorde før sekstimarsforsøket.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 143 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 143

Vikaunet fabrikker, Stjørdal: Sekstimarsdag om vinteren Bedrifta Vikaunet fabrikker i Stjørdal har frå 2005 hatt sekstimarsdag og toskift for dei fire–fem produksjonsarbeidarane frå november til påske, medan dei resten av året (med unntak av sommarferieavviklinga) har toskift med 7,5 timars dag. Dagleg leiar Terje Gaarden fortel at denne ordninga er vald fordi det trengst mindre produksjon i vinterhalvåret. Bedrifta produserer betongheller, og høgsesongen er vår og sommar. – Vi får mykje goodwill for å ha kort dag om vinteren. Arbeidarane blir mindre slitne, og tolv effektive timar er ein gevinst for bedrifta, seier Gaarden. – Kan det vera aktuelt å innføra sekstimarsdag heile året? – Vi er mogne for å snakka om kva vi skal gjera vidare, men totaløkonomien må vera på plass først. Sekstimarsdag heile året krev fleire tilsette, seier Gaarden, og han fortel at det no blir investert 30 millionar kroner i ei ny produksjonsline, som kan drivast av berre éin tilsett. I denne bedrifta er det berre menn som arbeider i produksjonen. Ei kvinne arbeider på deltid med ordremottak, og ei kvinne har 25 prosent stilling med reinhald.

Brandasund Fiskeforedling AS, Bømlo: Kostbar overtid Ved Brandasund Fiskeforedling AS på Bømlo vart sekstimarsdagen prøvd for om lag halvparten av dei tilsette i 2007, etter initiativ frå leiinga. Arbeidet i slakteavdelinga vart organisert med toskift på seks timar i staden for berre dagarbeid. Det er oppdrettslaks og oppdrettsaure som skal slaktast, og for å få effektiv utnytting av arbeidstida begynner dei ulike arbeidslaga til ulike tider. Dei første er på plass kl. 04.30 om morgonen, anten arbeidsdagen er seks timar eller lengre. Det nye da sekstimarsdagen vart prøvd, var at dei var ferdige kl. 11.00. Bløggarane startar kl. 05.30, og resten av slakteavdelinga kl. 06.30. Med toskift og sekstimarsdag var dei ulike ettermiddagsskifta ferdige kl. 17.00, 18.00 og 19.00. Dagleg leiar John Gustav Lothe fortel at sekstimarsdagen ikkje førte til nedgang i sjukefråværet. Og den vart kostbar. Dei hadde inngått ein avtale med dei tilsette om 50 prosent overtidstillegg for alt arbeid utover seks timar.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 144 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

144 kapittel 12

– Her er det ikkje aktuelt å innføra sekstimarsdagen som ei fast ordning, men det kan vera aktuelt i periodar med mykje arbeid. Vanlegvis har vi mest å gjera frå august til januar, fortel Lothe. Ferdinand Turøy, klubbleiar og tillitsvald for dei NNN-organiserte, meiner sekstimarsdagen er kjempegreier, og såg gjerne at den vart ei fast ordning. Han registrerte ingen som var misnøgde med ordninga så lenge den varte, sjølv om det vart kravd at lege- og tannlegetimar måtte leggjast utanfor arbeidstida. – Sekstimarsdagen er viktig for å få eit brukeleg familieliv. Alternativet her er at det blir mykje overtid, somme gonger heilt til kl. 20.30. Helsa blir ikkje betre av overtidsarbeid, sjølv om dei som har eit kortsiktig perspektiv, kan vera villige til å stå på for å tena ekstra pengar, seier han. Turøy meiner bedrifta kunne hatt ei jamnare drift med toskift og sekstimarsdag gjennom heile året, med ein planlagd tilgang på råstoff. Han er villig til å forhandla om overtida for å få sekstimarsdagen som ei fast ordning. – Ventar vi til etter 7,5 timar med overtidsbetalinga, trur eg vi får sekstimarsdagen tilbake. Det er eit forhandlingsspørsmål kvar grensa skal gå, seier han, og han veit at blant dei tilsette er det ulike tankar om akkurat det.

Sigurd Folland AS, Averøy: Sekstimarsskift i sesongen Fiskeforedlingsbedrifta Sigurd Folland AS på Averøy utanfor Kristiansund har prøvd toskiftarbeid med sekstimarsdag som eit tiltak for å auka produksjonen og utnytta produksjonsutstyret mest mogeleg i den travlaste sesongen, frå 1. september til jul, i 2007. Ordninga var frivillig for dei 20–25 tilsette. Dei fekk tilbod om sekstimarsdag mot å arbeida to skift, og om lag 70 prosent takka ja. Blant dei som takka nei, var omsyn til ungar ein grunn. Andre var avhengige av arbeidsbussen, som ikkje gjekk om kvelden. Den vanlege arbeidstida var kl. 07.30–kl. 15.30. Skiftarbeidarane arbeidde frå kl. 07.30 til kl. 14.30 den eine veka og frå kl. 14.30 til kl. 20.30 den andre veka. Skiftordninga gjekk måndag til torsdag; fredag vart det berre arbeidd dagtid, kl. 07.30–kl. 15.30. Ekstrafolk vart leigde inn for tre månader for at ein skulle få full bemanning av skifta. NNN-tillitsvald Bodil Mellemset meiner at ordninga fungerte godt, og at arbeidarane var godt nøgde.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 145 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 145

– Vi stilte opp for arbeidsgivaren, og vi fekk noko att for det. Ein kunne sova litt lenger i kveldsveka. Det vart litt meir tid til å slappa av og treffa venninner, og til å gjera litt ekstra heime på dagtid i tida før jul, seier ho. Men ho ville ikkje ha hatt ordninga fast; ho meiner kveldsskiftet øydelegg for mykje av det sosiale livet. – Sekstimarsdag ville vera ein bra ting, men ikkje fast skiftarbeid, seier ho. Skiftordninga vart gjennomført utan nokon diskusjon om skifttillegg. – Resultatet vart det same når vi fekk full lønn for seks timars skift, som om vi hadde hatt den vanlege timelønna pluss skifttillegg, forklarer Mellemset.

Oslo-forsøket Til no har det i Noreg vore gjennomført berre eitt forsøk med sekstimarsdag i pleie- og omsorgsyrke, det mykje omtalte Oslo-forsøket, som gjekk frå juni 1995 og ut mars 1997 i ein sjukeheim og i heimetenesta i ein bydel i Oslo. Om lag ti år tidlegare hadde dei tilsette ved Lindeberg alders- og sykehjem gjort grundige førebuingar til eit forsøk med sekstimarsdag. Ved forsøket som vart sett i gang i 1995, fekk 103 tilsette redusert arbeidstida si frå 7,5 til seks timar per dag, og 17 nye vart tilsette for prosjektperioden. Mykje av medieomtalen har vore prega av ei oppfatning av at forsøket var mislykka fordi det ikkje vart registrert nedgang i sjukefråværet i løpet av forsøksperioden. Men utviklinga av sjukefråværet var ikkje det einaste som skulle målast. Prosjektleiar Gry Opsahl legg i sin evalueringsrapport (Opsahl 1997) stor vekt på kva sekstimarsdagen fekk å seia både for tenestekvaliteten, for arbeidsmiljøet og for livskvaliteten til dei tilsette, og ho synest framleis dei positive erfaringane har fått altfor liten plass i omtalen av forsøket. Før sjølve forsøket vart sett i gang, var dei tilsette med på å gjera ei grundig kartlegging av kva som trongst av personale på ulike tider av dagen, både i sjukeheimen og i heimetenesta. Som eit resultat vart det bestemt at ein skulle gå over frå todelt til tredelt turnus. (Dette forsøket omfatta ikkje nattevaktene.) – Det at dei tilsette var med på denne kartlegginga, medverka også til å motivera for endring. Dei såg sjølve at det kunne vera mogeleg å gjera ting på ein måte som var betre for alle partar, understrekar Opsahl.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 146 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

146 kapittel 12

Figuren viser korleis forsøkspersonane i Oslo-forsøket nytta den nye fritida frå desember 1995 og utetter. Det meste gjekk til barnestell og lesing eller leik med ungane, medan leksehjelpa ikke auka, den var truleg det som vart prioritert når tida var knappare (juni 1995). Figuren er henta frå Fafo-rapporten om Oslo-forsøket (Bjørnskau 1997).

Dei som før hadde veksla mellom dagvakt og kveldsvakt gjekk over til å veksla mellom dagvakt, midtvakt og kveldsvakt. I sjukeheimen gjekk dagvakta frå kl. 07.30 til kl. 14.00, midtvakta frå kl. 10.00 til kl. 16.30 (eventuelt kl. 09.30–16.00 eller kl. 12.00–18.00, det varierte noko mellom avdelingane), og kveldsvakta gjekk frå kl. 16.00 til kl. 22.00. I heimetenesta arbeidde dagvakta frå kl. 08.30 til kl. 14.30, midtvakta frå kl. 13.30 til kl. 19.30 og kveldsvakta frå kl 17.00 til kl. 23.00. Med overlappinga mellom vaktene var det gode høve til å gi informasjon frå vakt til vakt, og det vart mogeleg å skapa variasjon i arbeidsoppgåvene. Fordelinga av arbeidsoppgåven e gjorde at midtvakta fekk eit litt anna


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 147 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 147

innhald enn dei andre vaktene, og gav på den måten ein variasjon i arbeidet som ein ikkje hadde med den tidlegare vaktordninga. For dei som arbeidde i heimetenesta, var det på midtvakta berre to besøk hos brukarar, resten av tida vart brukt til andre oppgåver. – Denne organiseringa gav ein fleksibilitet som kom brukarane til gode, og førte til ein betre kvalitet på tenestene, seier Opsahl. Det vart brukt like mange arbeidstimar under forsøket som før, men fordi timane var fordelte på litt fleire folk, gav ordninga ein større fleksibilitet i korleis arbeidskrafta skulle brukast. Det vart lettare å følgja brukarane sine ønske – det var til dømes ingen som måtte leggja seg før dei sjølve ønskte fordi kveldsvakta skulle gå heim. Dei tilsette var i all hovudsak godt nøgde både med den nye turnusen og med den reduserte arbeidstida. – Aldri hadde jeg trodd at en time fra eller til skulle bety så mye for humør og arbeidsglede, sa ei av hjelpepleiarane under ei oppsummering av erfaringane, og la til: – Etter at vi fikk innført 6 timers dagen har jeg fått mer overskudd til beboerne, familien og meg selv, jeg har begynt å trene aerobics. Andre fortalde at dei hadde funne tid til både kurs og etterutdanning i prosjektperioden. – Dette med å avslutte dagen så tidlig som som 14.30 og allikevel gå hjem med en følelse av å ha gjort en god jobb, ved at jeg har bedre tid hos klientene, gjør at jobben min er et godt sted å være, og som det er mening i, sa ei. (Opsahl 1997.) Forskingsstiftinga Fafo gjorde evalueringa av Oslo-forsøket på oppdrag for Oslo kommune. I tillegg til ei rekkje spørsmål om trivsel, helse, arbeidsmiljø osv. fekk deltakarane i forsøket også opne spørsmål om kva dei tykte var det mest positive og det mest negative med sekstimarsdagen. Spørsmåla vart stilte tre gonger i løpet av forsøksperioden. Det som dei aller fleste nemnde som positivt, var at dei fekk meir overskot og vart mindre slitne i fritida. Vidare var det mange som la vekt på at dei hadde meir overskot på jobb, dei fekk meir tid til familien, og det vart betre pleie for pasientane. Av negative ting vart det nemnt «meir stress», men det vart færre som la vekt på dette i siste del av forsøket enn etter det første halvåret. Interessant kan det også vera å merka seg at etter eit halvår svarte ein av fire «Ingenting!» på spørsmålet om negative verknader, og eit år seinare var det nesten 40 prosent som ikkje hadde noko negativt å melda (Bjørnskau 1997).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 148 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

148 kapittel 12 Tabell 12.1 Sekstimarsdagsforsøk i Noreg 1995–2008.

Bedrift

Kjønnsfordeling Startdato for Deltakarar K/M (%) forsøket

Sluttdato

Arbeidstid før forsøket

Oslo-forsøket

103

100/0

01.06.1995

31.03.1997

Todelt turnus

Nardo Bil AS

Ca. 15

0/100

31.01.2005

August 2006

07.00–15.00

SinkaBerg-Hansen

Ca. 65

65/ 35

01.10.2005

Varig

07.00–15.00

Trondheim parkering KF

20

50/50

01.07.2006

30.06.2008

Miljøservice, Trondheim eiendom

Ca. 85

90/10

01.01.2007

31.12.2008

06.00–14.00

Bergen Hjemmetjenester KF

Ca. 200

98/2

01.05.2007

30.04.2009

08.00–15.30

B. Innvær, Bømlo

13

22/78

01.11.2006

Varig

07.00–15.00

Minera Oppdal

Ca. 60

0/100

30.01.2006

Varig

07.00–15.30

Minera Otta

Ca. 50

0/100

01.08.2007

Varig

07.00–15.30

Tine Heimdal

170

40/60

10.04.2007

31.12.2009

07.00–15.00 og 3) 15.00–00.30

2)

Sjå s. 131


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 149 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 149

Arbeidstid med sekstimarsdag

Individuelt tilpassa oppmøtetid

Nytilsettingar

Betalt matpause

Tredelt turnus

Ja

Ja

Ja

06.00–12.30 og 12.15–18.30

Nei

Ja

Nei

07.00–13.30 og 12.30–18.55

Ja

1)

Ja

Nei

7,5 timar

Nei

Sjå s. 131

Ja

Nei

Nei

7,5 timar

Som før

06.00–12.30

Ja

Ja

Nei

7,5 timar

08.00–14.00

Ja

Ja

Nei

7,5 timar

07.00–13.30

Nei

Nei

Nei

7,5 timar

06.00–12.30 og 12.30–19.00

Nei

Nei

Nei

35 timar i veka

Innbakt i timelønna

06.00–12.30 og 12.30–19.00

Nei

Nei

Nei

35 timar i veka

Innbakt i timelønna

07.00–13.00 og 4) 13.00–20.30

Ja

Nei

Ja

7,5 timar

Som før

5)

Overtidstillegg etter

Skifttillegg

35,5 timar (turnus) 37,5 timar (ikkje turnus)

Som før Nei

1 Dei som ikkje kan starta kl 6, kan jobba midtskift, men får ikkje sekstimarsdag. 2 Sluttdato for det toårige forsøket, av praktiske grunnar vart turnusen med sekstimarsdag forlengja til 1. september 2008. 3 Måndag til onsdag, til kl 00.00 torsdag, fri fredag. 4 Pakkeriarbeidarane arbeider til 20.30 måndag til onsdag, og til kl 20.00 torsdagar, kveldsskiftet innarbeider fredag. 5 Med unntak for lageret som har valt å halda på fellespausen, dei andre har rullerande pausar.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 150 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 13

Sekstimarsdagen i Sverige

Svenske meiningsmålingar (valmålingar og SOM-målingar, som er landsomfattande meiningsmålingar om «Samhälle, Opinion och Massmedia») viste i perioden frå 1976 til 2001 at meir enn halvparten av svenskane var positive til innføring av seks timars arbeidsdag for alle. Forskaren Helena Rohdén har analysert desse målingsresultata ut frå klasse, kjønn og partisympatiar, og har funne at sekstimarsdagen har aller sterkast støtte blant veljarane til Vänsterpartiet, men at den også har sterk støtte hos sosialdemokratane. Berre Moderaterna og Folkpartiet har i somme periodar hatt eit fleirtal som har sagt nei til sekstimarsdag. Særleg er det arbeidarar og lågare funksjonærar som ønskjer sekstimarsdag. Vidare er det langt sterkare ønske om sekstimarsdag blant kvinner enn blant menn. Gjennom heile perioden er det meir enn halvparten av kvinnene som vil ha sekstimarsdag, medan det blant menn i dei fleste målingane har vore mellom 40 og 50 prosent som har vore positive. Ein vidare analyse viser at det i alle riksdagspartia er fleire kvinner enn menn som ønskjer sekstimarsdag. Slik er det også blant arbeidarar, funksjonærar og akademikarar (Rohdén 2003).

Kiruna: Fleire fekk heiltidsjobb Medan diskusjonen gjekk i Noreg i 1980-åra, om korleis ein skulle få i gang forsøk med sekstimarsdag, klarte Kommunalarbetarförbundet i Kiruna i 1989 noko vi enno ikkje har fått til her i landet. Dei fekk, som resultat av lønnsforhandlingane, ein avtale om sekstimarsdag med full lønnskompensasjon for dei kommunale heimehjelparane. Denne avtalen stod ved lag fram til 2005.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 151 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 151

Avtalen omfatta 224 heimehjelparar. Vekesarbeidstida for full jobb gjekk frå 38,25 timar til 28,68 timar. Målsetjinga var å redusera deltidsarbeidsløysa, få meir stabilt personale, betra arbeidsmiljøet og redusera sjukefråværet. Heile 144 av heimehjelparane hadde 75 prosent stilling før sekstimarsdagen vart innført, og fekk ikkje endra arbeidstida si. 56 som hadde kortare deltid, auka arbeidstida og fekk full stilling. Vel tjue fekk kortare arbeidsdag. Den viktigaste verknaden av sekstimarsdagen vart derfor full lønn for det som før var deltid. Reforma vart gjennomført utan nytilsetjingar. Fordi det ikkje vart gjort noka systematisk kartlegging da sekstimarsdagen vart innført i Kiruna, har det vore vanskeleg å få fullstendig kunnskap om verknadene av arbeidstidsforkortinga. Men ei undersøking som vart gjord få år etter at sekstimarsdagen vart innført, viser at det var ein vesentleg nedgang i sjukefråværet, iallfall dei første åra. Var det sekstimarsdagen som var årsaka? Økonomen Birgitta Olsson argumenterer i artikkelen «Kortare arbetstid – lönsamt utifrån personalekonomiska perspektiv?» (Olsson 1992) for at det bør brukast ein personaløkonomisk kalkyle når ein skal vurdera vinning og tap med sekstimarsdagen. Ho ser ikkje berre på dei auka lønnskostnadene, men tar med i reknestykka sine at dersom sekstimarsdagen ikkje hadde vorte innført, måtte ein ha sett inn andre tiltak for å betra personalsituasjonen i heimetenesta. Eit slikt tiltak kunne ha vore auka lønn. Det var diskutert som eit alternativ å auka lønna med tre lønnstrinn kombinert med to timar «friskvård» (mosjon og kostrådgiving) i veka innafor betalt arbeidstid. Olsson ser også på at langt færre hadde bruk for omplassering til lettare arbeid etter at sekstimarsdagen vart innført. Slik omplassering hadde tidlegare vore ein vesentleg kostnad for kommunen. Når ho reknar med kva kommunen sparte på å ha meir stabil arbeidskraft, redusert sjukefråvær, færre omplasseringar og mindre kostnader til arbeidsskadar, kjem ho fram til at sekstimarsdagen gav ei innsparing på vel 2,5 millionar kroner for året 1990. I ein reportasje frå Kiruna i avisa Klassekampen i september 2004 fortalde Rolf Hagebjörk, seksjonsleiar for Kommunalarbetarförbundet i Kiruna, at det slett ikkje hadde vore meininga at berre heimehjelparane skulle ha sekstimarsdag. Målet var sekstimarsdag for alle. Men det var naturleg å starta med ei kvinnedominert yrkesgruppe. Vänsterpartiet i kommunen leverte i 2004 framlegg om forhandlingar for å utvida ordninga med sekstimarsdag


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 152 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

152 kapittel 13

til å omfatta fleire yrkesgrupper innanfor omsorgssektoren (Klassekampen 18.09.2004). Desse forhandlingane vart det likevel aldri noko av. Det politiske fleirtalet såg meir på kostnadene enn på dei positive verknadene av sekstimarsdagen. Det vart også sagt at det var misunning blant dei som arbeidde i institusjonane i eldreomsorga (dei hadde ikkje fått sekstimarsdag), og på dette grunnlaget vart avtalen om sekstimarsdagen sagd opp 1. januar 2005. Etter forhandlingar vart det i oktober 2005 bestemt at arbeidstidsforkortinga skulle avsluttast frå og med 1. januar 2006. Frå den datoen var heiltid 37 timar i veka, og dei tilsette fekk 300 kroner i månaden som kompensasjon for den auka arbeidstida. Unntak vart gjort for dei eldste arbeidstakarane. Fast tilsette kunne ved fylte 58 år velja mellom å gå ned til sekstimarsdag utan redusert lønn, eller å halda fram med 37 timar i veka og ta imot ein eingongssum på 3000 kroner for kvart tilsetjingsår, maksimalt 30 000 kroner. Kommunal (tidlegare Kommunalarbetarförbundet) har fått utarbeidd ein rapport i ettertid. Der går det mellom anna fram at sekstimarsdagen var effektiv mot deltidsarbeidsløysa, og at det var mindre utskifting av personale i Kiruna enn i to kommunar det vart samanlikna med. Dei tilsette opplevde ein tydeleg betre balanse mellom arbeid og fritid. Dei orka meir når dei kom heim, og tykte dei rakk over det dei ville gjera heime, i langt større grad enn dei som arbeidde åtte timar i andre delar av omsorgstenesta i kommunen. Ulemper som blir nemnde, er at det kunne bli knapp tid til rapportering og til å samtala med kollegaer i løpet av dagen. Fleire av måla vart altså nådd, men ifølgje rapporten er det ikkje råd å slå fast om arbeidstidsforkortinga på sikt har hatt noko å seia for sjukefråværet. Konklusjonen i rapporten er at arbeidstidsforkorting er eigna til å løysa somme problem i arbeidsmiljøet, men ikkje alle (Eggvall 2005). Eit år etter at sekstimarsdagen vart avvikla i Kiruna, skreiv Kommunalarbetaren at det var venta innsparingar på om lag ti millionar når ein gjekk tilbake til vanleg arbeidstid, men at resultatet vart null, og det vart registrert ein tendens til auke i sjukefråværet (Kommunalarbetaren 08.12.2006).

Toyota Center: Sekstimarsdag berre for menn Toyota Center i Göteborg har den mest berømte avtalen om sekstimarsdagen i Sverige etter at heimehjelparane i Kiruna mista sin avtale.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 153 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 153

Hos Toyota begynte sekstimarsdagen i bilverkstaden 1. desember 2002, og framleis kjem det folk minst ein gong i veka for å sjå korleis sekstimarsdagen verkar. Og stadig melder det seg folk som har lyst til å arbeida her – sekstimarsdag er eit godt rekrutteringstiltak. Utgangspunktet i 2002 var lange ventetider og misnøgde kundar. Anten måtte verkstaden byggjast ut for mange millionar, eller noko måtte gjerast for å utnytta verkstaden og utstyret større delar av døgnet. Det siste vart løysinga. Ikkje tradisjonelt skiftarbeid, men to skift på seks timar. I staden for å starta kl. 06.45, slik dei alle gjorde før, er morgonskiftet no i gang med jobben kl. 06.00, og dei kan gå heim kl. 12.30. Da har kveldsskiftet komme kl. 12.10 og fått dei informasjonane som trengst for å vidareføra dei jobbane som er i gang, og dei er ferdige med sin jobb kl. 18.15. Kvart av skifta har ein halvtimes matpause, og dei har fått innskjerpa at dei seks timane skal vera effektiv arbeidstid; arbeidskleda skal vera på før dei stemplar inn og til dei har stempla ut. I tillegg arbeider dei kl. 11.00–15.00 laurdag og søndag kvar åttande helg. Det første året var ei prøveordning, men no er sekstimarsdagen ved Toyota Center vel etablert som fast ordning. Og når ein ny Toyota-verkstad i 2009 skal opnast på Hisinge, på motsett side av Göteborg, blir det sekstimarsdag der også. Men berre for bilmekanikarane. Administrerande direktør Tommy Witedal og klubbleiar Gert Öst er samde om at avtalen har vore ein suksess frå første dag. – I realiteten sparer vi ikkje berre to timar, men nærare tre, seier klubbleiaren. Dei fleste bilmekanikarane køyrer bil til jobben, og med at dei no slepp unna køkøyring, som er eit stort problem i rushtida i Göteborg, sparer dei tid både til og frå jobben, både på føremiddags- og kveldsskiftet. Vekslinga mellom dag- og kveldsskift gjer at annakvar helg blir ekstra lang, med fri frå kl. 12.30 på fredag til kl. 12.10 på måndag. – Jättefint, seier Öst. Han synest sekstimarsdagen gir ei høveleg fordeling av tida i løpet av døgnet: Åtte timar til arbeid og reisetid, åtte timar til å sova og åtte timar til å vera vaken og ha fri. Dei aller fleste set stor pris på denne arbeidstidsordninga. Men éin har slutta, kan klubbleiaren fortelja. Det var ein yngre mann, utan eigen familie, og han tykte det vart for mykje fritid.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 154 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

154 kapittel 13

– Det viktigaste for han var nok å ha fri på den tida kameratane har fri, og dei hadde ikkje sekstimarsdag, forklarer Öst. Sjølv set klubbleiaren pris på å setja over kaffien og ta fram avisa før han går i gang med middagen den veka han har tidlegskift. Før var det mest i helgene han laga mat, no har middagslaging vorte ei kvardagsleg sak. Kravet om sekstimars normalarbeidsdag har komme med størst styrke frå kvinnerørsla og frå kvinnerike fagforeiningar. Men hos Toyota er det berre menn som har sekstimarsdag, men heller ikkje alle menn. – Vi skulle gjerne hatt kvinner i verkstaden, men det ser ikkje ut til å vera mange kvinner som utdannar seg til bilmekanikarar, seier direktøren. Han er likevel nøgd med at heile 40 prosent av dei tilsette er kvinner. Men dei må framleis arbeida åtte timar kvar dag. – Kvifor har ikkje alle sekstimarsdag? – Nei, det går ikkje, det ville ikkje vera lønnsamt. Det ville gi urimelege lønnskostnader, meiner direktøren. Han forklarer at det er bilverkstaden som drar inn pengar, det er der ein ser lønnsemda i toskiftordninga. Ikkje berre har det gått i balanse, både omsetninga og overskotet har auka sia sekstimarsdagen vart innført. Den som ser bilverkstaden frå utsida, kan lett tenkja at både sentralbordteneste, kundemottakarar, rekneskapsførarar og andre på kontorsida kan vera like viktige som bilmekanikarane for at køen skal gå unna, kundane skal vera nøgde og omsetninga skal auka. Men slik ser det altså ikkje ut frå innsida. Den bedriftsøkonomiske sekstimarsdagen med toskift treng ikkje vera identisk med den sekstimarsdagen kvinner har sett fram til i fleire tiår.

Sekstimarsdag med bonus Toyota-modellen har vekt stor interesse, og ein del verksemder har prøvd å ta etter. Typisk for alle som har valt ein slik modell, er at det dreier seg om produksjonsyrke der ein kan spara på å kutta pausar og gjera arbeidstimane meir effektive. Hässleholms Ytbehandling AB i Skåne var i gang med sin sekstimarsdag alt nokre år før Toyota Center. Der vart sekstimarsdagen innført i 1998 for dei om lag 15 tilsette i verksemda som arbeidde med sandblåsing og sprøytelakkering


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 155 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 155

av busskarosseri. Dei arbeidde i to skift, kvart på seks timar pluss 24 minutts matpause. Ved innføringa av sekstimarsskifta vart pausane organiserte slik at ikkje alle hadde pause på same tid, produksjonen vart halden i gang heile tida, og «en massa energi sparas», fortel direktør Anders Eriksson. På same tid vart det også innført eit bonussystem basert på kvantitet og kvalitet. Det førte til at både produksjonen og inntekta for dei tilsette auka. Men i 2003 flytta denne produksjonen til Polen, og da vart sekstimarsdagen borte. Kva som skjedde med bonusen, veit vi ikkje.

Av og på Nilson Group AB, eit større firma i skobransjen i Sverige, innførte sekstimarsdag etter Toyota-modellen på skolageret i Varberg, åtte mil frå Göteborg, i 2004. Da var det eit tiltak for å effektivisera arbeidet. Men i februar 2008 kom meldinga om at det skal innførast enda meir effektiv teknologi. Den er venta å vera så effektiv at det ikkje blir bruk for den utvida driftstida dei har hatt med toskift og sekstimarsdag, og bedriftsleiinga varsla at dei om lag 30 tilsette måtte gå tilbake til åtte timars arbeidsdag. Dette vekte så mykje motstand blant dei tilsette at avgjerda inntil vidare vart utsett til oktober 2008. – Vi tilsette er samde om at vi ønskjer å halda fram med sekstimarsdagen, men fram til oktober er det uvisst korleis det går, seier Hans Webeck, tillitsvald for lagerarbeidarane i Nilson Group AB. Dermed blir skilnaden mellom «Toyota-modellen» og seks timars normalarbeidsdag heilt tydeleg for den som måtte vera i tvil. Der sekstimarsdagen einsidig er innført av arbeidsgivaren for å auka effektiviteten, kan den også forsvinna når arbeidsgivaren meiner det er det mest lønnsame. Det fekk også dei tolv arbeidarane i bilverkstaden til Borås lokaltrafik AB erfara. Dei rakk å praktisera sekstimarsdag med toskift i fire år før ordninga vart avvikla frå og med 1. mars 2008. – Ideen med sekstimarsdag er kjempebra, seier Patrik Gustavsson. Han var nestleiar i klubben da ordninga vart innført, og har seinare vorte arbeidsleiar. Arbeidarane ønskte å halda fram med sekstimarsdagen. Men leiinga syntest ikkje dei fekk den effektiviteten dei ønskte, og dei såg heller ingen nedgang i sjukefråværet.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 156 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

156 kapittel 13

Sekstimarsdagen vart innført med same lønn som for åtte timar. Frå 1. mars 2008 var åttetimarsdagen tilbake, utan endring i lønna. To av dei tilsette slutta med ein gong. Resten valde å håpa på at lovnader om å «satsa på verkstaden» skulle gi resultat i dei neste lønnsforhandlingane.

Attraktiv lagerarbeidsplass Duells AB, som har delelageret sitt på Hisinge i Göteborg, har definert sekstimarsdagen for dei om lag 40 lagerarbeidarane som ein del av merkevarebygginga. – Duells skal bli den mest attraktive arbeidsplassen for lagerarbeidarar, og vi skal rekruttera dei beste lagerarbeidarane i Göteborg, seier administrerande direktør Thomas Wahlberg. I denne verksemda vart sekstimarsdag og toskiftarbeid innført frå og med 1. april 2007, som eitt av fleire tiltak for å betra effektiviteten. Det viktigaste er leveransepresisjon: Ordrar som kjem inn før klokka tolv, skal ekspederast ut same dag. Eit neste mål er å redusera sjukefråværet, men om det ikkje går ned, vil det i seg sjølv ikkje vera eit argument for å gå vekk frå sekstimarsdagen. Arbeidstida er nokså lik den som gjeld ved Toyota-verkstaden: kl. 06.00 til 12.15 for morgonskiftet og kl. 12.00 til kl 18.45 for ettermiddagsskiftet. Her er det ingen reduksjon i arbeidstid før helgedagar, slik norske skiftarbeidarar er vane med. Kveldsskiftet dagen før julaftan er like langt som andre dagar. Per Smedberg og Carl Johan Spetz, leiar og nestleiar i lagerarbeidarklubben, er godt nøgde med sekstimarsdagen. – Alle får noko fri medan det er dagslys, også midt på vinteren, og folk blir gladare, seier Spetz. For morgonskiftet er det lagt inn femten minutt matpause, og tjue minutt om ettermiddagen. Den som vil, kan ta lengre pause, men må arbeida tilsvarande lenger. Dei aller fleste er godt nøgde med ordninga, og dei synest den ekstra fritida er verd det som måtte vera av ulemper med skiftarbeidet. – Eg var skeptisk, men dette har vorte «jättebra», det kan ikkje bli betre enn dette, seier ei som har tolv års erfaring på arbeidsplassen. Ho set pris på betre tid til trening, til å gå tur og til å arbeida i hagen. – Ein blir eit heilt anna menneske, mindre sliten, seier ho.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 157 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 157

For mykje fritid? Men ikkje alle ser det slik. Ein av arbeidskameratane, som har arbeidd på lageret i 25 år, seier han saknar den gamle lunsjpausen på 45 minutt. Da brukte han å gå i lag med nokre av arbeidskameratane til ein kafeteria i nærleiken og få seg ein skikkeleg lunsj, og det var tid til å prata. – Skiftarbeid høver ikkje for meg, det endrar matvanane på ein dårleg måte. Det er fint å vera tidleg ferdig når eg arbeider morgonskift, men fritida på føremiddagen den veka eg arbeider seint, har eg inga glede av, seier han. Smedberg og Spetz er samde i at dei taper noko på det sosiale; ein treffer ikkje alle arbeidskameratane slik som før. Og det er nok somme av mennene som synest dei får for mykje fritid. – Men fordelen er at ein kan gjera unna alt det ein før måtte stå i kø for, utan køståing, slik som vaskeri og bankærend, og vi slepp bilkøane. Og dermed er det meir tid til å treffast etter at ein har gjort det ein skal, seier Spetz. Leiinga i Duells AB kan gle seg over at både lønnskostnadene og overtidsbruken har gått ned, på same tid som lønnsnivået har gått opp, etter at dei innførte sekstimarsdagen for lagerarbeidarane. – Kan det vera aktuelt å gå eit steg vidare og innføra treskift? – Treng vi å utvida kapasiteten, trur eg vi skal vurdera andre utvegar. Eg trur ikkje treskift er bra for mennesket, seier Wahlberg. Men som ved Toyota-verkstaden er det også hos Duells berre éi yrkesgruppe som får nyta godt av arbeidstidsforkortinga. Sekstimarsdag for administrasjonen har ikkje vore diskutert, og direktøren kan vanskeleg sjå for seg at slikt arbeid kan effektiviserast så mykje at det gir gevinst å korta ned arbeidstida. – Kanskje kan vi snu opp ned på karrieretenkinga? Dei som gjerne vil ha sekstimarsdag, kan søkja seg over til lageret, seier direktøren, men ser ikkje ut til å vera overtydd om at det vil bli den mest sannsynlege utviklinga. Sekstimarsdagen for lagerfolka trur han likevel kan bli ei ordning som vil vara, og på lang sikt ser han ikkje bort frå at det kan komma ei arbeidstidsforkorting som gjeld alle. – Ein gong må ein vurdera fritid høgare enn pengar. I eit langt perspektiv går det mot kortare arbeidstid, seier Wahlberg.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 158 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

158 kapittel 13

Offentleg sektor I 2005 begynte eit storstila forsøk med sekstimarsdag i offentleg sektor i Sverige. Forsøket varte i vel eitt og eit halvt år. Heile 33 arbeidsplassar innanfor sosialkontor, tekniske etatar, eldreomsorg, barnehagar, sjukehus og callsenter var med i forsøket. 17 av arbeidsplassane fekk arbeidstida forkorta til seks timar dagleg, og dei 16 andre arbeidsplassane var kontrollgruppa som det vart samanlikna med. Om lag 400 arbeidstakarar fekk prøva sekstimarsdag, og om lag like mange på same type arbeidsplassar heldt fram med åttetimarsdag, som framleis er det vanlege i Sverige. Målsetjinga var å få ei systematisk kartlegging av korleis sekstimarsdagen verka på helse, sjukefråvær, alkohol- og tobakksvanar, likestilling på jobben og utanfor, arbeidsvilkår, stress og trøyttleik. Den vitskaplege oppfølginga og evalueringa skulle gjerast av Arbetslivsinstitutet i Stockholm, eit av verdas fremste senter for arbeidslivsforskning. Men fordi det kom eit regjeringsskifte, og Arbetslivsinstitutet vart lagt ned, har forskarane ikkje fått den tida dei etter planen skulle ha for å gjera analysearbeidet. Det som skulle ta fem månader, måtte gjerast på to månader. Det har gjort at ikkje alt materialet er analysert ferdig enno, men truleg kjem ein del meir etter kvart. (Dette forsøket er omtalt i kapittel 6 og 8.)

Sagt om sekstimarsdagen: Göran Persson, tidlegare statsminister i Sverige

– Stort mistak å sleppa kravet om sekstimarsdagen

I Sverige lanserte Alva Myrdal alt i 1956 ideen om sekstimarsdagen. Særleg i 1970-åra var dei sosialdemokratiske kvinnene ivrige pådrivarar for saka, men i dei siste åra har dei sett sekstimarsdagen lenger ned på lista, fordi dei meiner den ikkje er realistisk. I eit intervju i mai 2006 sa daverande statsminister Göran Persson at det var eit stort mistak av dei sosialdemokratiske kvinnene å sleppa dette kravet. – Nei, det var vel ikkje realistisk med åttetimarsdagen heller ein gong i tida, og det er uhyggeleg mange politiske krav som ikkje har vore


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 159 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 159

realistiske når dei har vorte lanserte. Da er dei vel også attraktive og kan kallast visjonære av karakter, seier Persson i boka som tv-journalisten Erik Fichtelius har laga om han, basert på intervju i løpet av tida Persson var statsminister (Fichtelius 2007). – Det finst ei sak som er knytt til det sosialdemokratiske kvinneforbundet, og det er sekstimarsdagen, og den held dei no på å sleppa. Slepper dei den, trur eg partiet bør ta den opp i staden, for på sikt kjem vi til å få ei slik produktivitetsutvikling i både teneste- og vareproduksjon at det kjem til å vera rom for kortare arbeidstid, det er eg nokså sikker på, seier den tidlegare statsministeren i den same boka. Persson blir også spurt av forfattaren om han er feminist, og da svarer han slik: – Eg er ein feminist som ser verda og Sverige ut frå eit perspektiv som seier meg at våre samfunn er organiserte med ei systematisk undertrykking av kvinner. Og for å løysa det krevst politikk, det er ikkje vanskelegare enn som så. […] Min identitet er meir knytt til klasseperspektivet, slik er det, men det er lett å sjå koplinga mellom kjønn og klasse, det er det ikkje tvil om. (Fichtelius 2007; alle sitat i vår oms.)


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 160 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 14

Sekstimarsdag på din arbeidsplass?

Sekstimarsdagen kan innførast på ulike vis, anten det er arbeidstakarane eller arbeidsgivarane som tar initiativet. I dei produksjonsverksemdene som har prøvd sekstimarsdag, har initiativet så langt vi kjenner til, komme frå arbeidsgivarsida, med eitt unntak: Tine Heimdal. Her kom initiativet til forsøket frå tillitsvalde i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) på konsernnivå i tariffoppgjeret i 2006. I dei offentlege verksemdene som har hatt eller har forsøk, har det gjerne vore ein kombinasjon av ønske frå tilsette og frå politisk hald i kommunen. Om du er ein av dei som har lyst til at sekstimarsdagen skal bli prøvd på din arbeidsplass, kva skal du gjera? Eit rimeleg første steg vil vera å drøfta saka med arbeidskameratane, i klubben eller fagforeininga. I ei privat verksemd kan vegen vera kort til forhandlingar med arbeidsgivaren. I dei fleste offentlege verksemder der det kan vera aktuelt å prøva sekstimarsdagen, vil det krevjast ekstra løyvingar til auka lønnskostnader. Støtte frå politisk hald vil derfor vera avgjerande for å kunna komma i gang, og det kan krevja eit visst førearbeid. I tillegg er det sjølvsagt lettare å komma vidare dess breiare støtte det er for ideen om forsøk, både blant dei tilsette og blant dei som leier verksemda. Dei forsøka som til no har vore i gang i offentleg sektor, har vore finansierte ved kommunale løyvingar, utan statlege tilskot.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 161 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdag på din arbeidsplass? 161

Kvifor sekstimarsdag? Dersom partane i ei bedrift blir samde om å prøva sekstimarsdagen, kan det vera lurt å begynna med å finna ut kva målsetjinga skal vera. Somme stader har sekstimarsdagen vore kombinert med skiftarbeid og utvida driftstid for å auka kapasiteten. Duells AB i Göteborg har sett rask og presis levering som eit viktig mål. Tine Heimdal har definert som ei viktig målsetjing at sekstimarsdagen skal gi betre livskvalitet for dei tilsette både heime og på jobb. Mange har erfart at sekstimarsdag gjer det lettare å få nye tilsette. Vi har ingen standardsvar på kva som skal vera målsetjinga med eit forsøk, men vil understreka at det er viktig at dei som skal gjennomføra forsøket, er samde om kvifor dei gjer det. Dei tilsette og leiinga er ofte opptatt av ulike sider ved ei slik reform – dei tilsette vil ha meir fri tid, medan leiinga er mest opptatt av produksjonen. Ei klar målsetjing er nødvendig, ikkje berre for å gjennomføra forsøket, men også når ein skal vurdera om det har gitt dei resultata ein venta. Skal ein måla resultata av forsøket, bør det også vera avklart korleis dei skal målast, og det bør gjerast klart kva for ein startsituasjon dei skal målast mot. Trivsel? Produktivitet? Kvalitet på tenester? Lettare å rekruttera nye tilsette? Av mange grunnar kan ein ikkje venta at sjukefråværsprosenten går ned, slik mange trur, derfor er sjukefråværet eit dårleg suksessmål (sjå s. 70–73). Skal det gjerast målingar eller etterprøving, er det sjølvsagt ein stor fordel at det er klart heilt frå starten kven som skal følgja forsøket og gjera målingane. Det kan vera ein forskingsinstitusjon, men det kan også til dømes vera arbeidsmiljøutvalet i bedrifta, eller tillitsvalde og leiar. Etter arbeidsmiljøloven § 6–2 (4) skal verneombodet takast med på råd under planlegging og gjennomføring av alle tiltak som har noko å seia for arbeidsmiljøet innanfor ombodets verneområde. Det må sjølvsagt også gjelda planlegging og gjennomføring av eit forsøk med sekstimarsdag, og korleis forsøket skal evaluerast. Også dei tillitsvalde har ei viktig oppgåve i slike samanhengar.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 162 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

162 kapittel 14

– Gode førebuingar og godt samarbeid mellom leiing, tillitsvalde og tilsette er avgjerande for å få ein sekstimarsdag som fungerer, seier hovudtillitsvald Kåre Pedersen, Tine Heimdal. Foto: Magnhild Folkvord.

Skiftarbeid Det vil for dei fleste vera sjølvsagt at det skal lagast skriftlege avtalar om den nye arbeidstidsordninga. Det enklaste er når heile arbeidstida ligg innanfor det som tariffavtalane reknar som normal arbeidstid. Der sekstimarsdag fører til at det blir meir skiftarbeid enn før, kan det vera spesielt viktig å avklara korleis ein organiserer arbeidstida for dei som eventuelt ikkje kan begynna arbeidsdagen klokka seks om morgonen, eller som ikkje kan arbeida lenger enn barnehagen er open. Lang arbeidsreise eller søvnproblem kan vera grunnar til at det blir vanskeleg å vera på jobb klokka seks. Den normale døgnrytmen er innstilt slik at innsatsevna vår er på sitt lågaste klokka fire–fem om morgonen, det mange kallar «hundevakta». Dersom ein må opp av senga da for å rekkja første skift, er belastninga stor for dei fleste. Det er derfor vanleg å tilrå at dagskift ikkje begynner før klokka sju eller åtte.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 163 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdag på din arbeidsplass? 163

På den andre sida er det mange skiftarbeidarar som meiner ettermiddagsskiftet er verre enn både nattskift og tidleg dagskift, fordi dei mister så mykje av det som går føre seg med ungane og elles i nærmiljøet. Så her må ein balansera ulike omsyn mot kvarandre. Tine Heimdal har løyst problemet slik at dei som ikkje kan følgja skiftarbeidstida, etter søknad kan få sin sekstimarsdag frå kl. 08.00 om morgonen. SinkaBerg-Hansen AS har innført eit midtskift som gjer at dei som ikkje kan arbeida skift, heller ikkje får sekstimarsdag. Dette har skapt grunnlag for misnøye. Og kva med skifttillegget for dei nye skiftarbeidarane? Fleire stader har vi fått vita at det ikkje har vorte noko skifttillegg, eller at skifttillegget er innarbeidd i timelønna, slik at det blir lik timelønn for alle timar. Somme tillitsvalde seier dei synest dei fekk såpass mykje att ved at timelønna auka når arbeidstida gjekk ned, at dei ikkje såg grunn til å krevja noko tillegg. På den einskilde arbeidsplassen kan dette sjå ut til å vera ei akseptabel løysing. Men det rører også ved prinsippspørsmål om arbeid utanfor normalarbeidsdagen (sjå også kapittel 9). Fellesforbundet har kritisert den ordninga som vart prøvd ved Nardo Bil AS i Trondheim, fordi det var i strid med tariffavtalen å arbeida skift utan skifttillegg (Klassekampen 19.9.2006). I framtida blir det viktig at forbunda tenkjer gjennom kva ordningar dei vil tilrå, og at dei skolerer dei tillitsvalde slik at dei er godt budde på å handtera slike forhandlingar. Somme arbeidsplassar er avhengige av innleigde vikarar. Både ved Duells AB i Göteborg og i Bergen Hjemmetjenester KF har dei innleigde vikarane lengre arbeidsdag enn dei fast tilsette. Drøftar ein slike spørsmål på førehand, og blir einige om korleis dei skal løysast, kan ein spara mykje trøbbel i ettertid.

Kva med overtida? Anten ein skal gjera forsøk med forkorting av den daglege arbeidstida, eller ein skal laga reglar for varige ordningar, vil spørsmålet om overtid dukka opp. Skal det i det heile vera rom for overtid når ein har fått avtalt ei forkorting av arbeidsdagen? Risikerer ein ikkje da at den auka fritida ein har vunne, vil forsvinna att? I den praktiske kvardagen vil romsleg godtgjering for overtida gjera det kostbart for arbeidsgivaren å bruka overtid, på same tid som det sannsynleg-


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 164 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

164 kapittel 14

vis vil bli meir freistande å arbeida overtid. Motsett vil dårlegare godtgjering gjera overtida rimeleg for arbeidsgivaren, men mindre freistande for arbeidstakarane. Fleire av dei som har prøveordningar med sekstimarsdag, mellom dei Tine Heimdal, har ei ordning der det ikkje blir betalt overtidstillegg før etter 7,5 timars dag. Dermed held dei seg innanfor tariffavtalane, samstundes som overtidsarbeid ikkje blir spesielt freistande. Andre har valt å avtala overtidstillegg for alt utover seks timars arbeidsdag. Brandasund Fiskeforedling AS på Bømlo hadde ein slik avtale da dei prøvde sekstimarsdag det meste av 2007. Frå arbeidsgivarsida blir det sagt at ordninga vart så kostbar at det var ein vesentleg grunn til ikkje å halda fram med den. Kan det vera mogeleg å oppnå ei felles forståing på begge sider av forhandlingsbordet av at det viktigaste er å få til ei bemanning og ei organisering av arbeidet som gjer at ein så langt mogeleg kan unngå heile overtida?

Arbeidsmiljøloven om overtid (§ 10–6): (1)

Arbeid utover avtalt arbeidstid må ikke gjennomføres uten at det foreligger et særlig og tidsavgrenset behov for det. (4) Overtidsarbeidet må ikke overstige ti timer i løpet av sju dager, 25 timer i fire sammenhengende uker og 200 timer innenfor en periode på 52 uker. (11) For overtidsarbeid skal det betales et tillegg […]. Tillegget skal være minst 40 prosent. (12) Arbeidsgiver og arbeidstaker kan skriftlig avtale at overtidstimer helt eller delvis skal tas ut i form av arbeidsfri på et avtalt tidspunkt.

Gjennom historia har det skjedd endringar i tenkinga vår om arbeidstid og betaling. Tida er meir og meir redusert til ein vare på arbeidsmarknaden: Tid er pengar. Da Bondevik-regjeringa utvida rammene for overtid i 2003, kalla dei det å gi «økt innflytelse for arbeidstakerne over egen arbeidstid». Og etter kvart trur mange faktisk at overtid er ein rett som fagforeininga bør kjempa


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 165 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdag på din arbeidsplass? 165

for. Dei tillitsvalde blir iblant sette under hardt press av sine eigne dersom dei seier nei til meir overtid. Overtidsdisiplin arbeidarane imellom høver dårleg med den kapitalistiske produksjonsmåten. Den driv heller fram «fleksibilisering» av normalarbeidsdagen (gjennomsnittsrekning over veker, månader og år, og individuelle avtalar, sjå s. 33 om 35-timarsveka i Frankrike). Da blir det enda viktigare å verna om nettopp overtidsdisiplinen og normalarbeidsdagen. Under den tidlege industrikapitalismen i Noreg var det annleis. Det var sterkare medvit om kor viktige grensene for arbeidstida var, og det var hard kamp mot det som vart kalla «overarbeid», altså alt arbeid som gjekk utover normalarbeidsdagen. I 1885 vedtok Socialdemokratisk Forening og Fagforeningenes Centralkomite eit framlegg til den aller første arbeidarvernloven som var under arbeid. Der heitte det mellom anna at overarbeid, alt utover ti timars normalarbeidsdag, berre skulle tillatast når det var nødvendig av omsyn til arbeidarane, det vil seia ved redningsarbeid og ved maskinhavari som kunne gjera folk arbeidslause om ikkje skaden vart utbetra straks. Også dersom produktet elles kunne bli øydelagd, skulle overarbeid kunna tillatast.

Eit råd frå arbeidarrepresentanten Oluf Chr. Johansen Arbeidarrepresentantane i Arbeiderkommisjonen av 1885, som førebudde den første arbeidarvernloven, vart skulda av sine eigne for å vera for smålåtne. Likevel har dei eitt og anna å læra den som freistar å bremsa bruken av overtid i dag. Fabrikkarbeidar Oluf Chr. Johansen såg til dømes at det var lett å lokka arbeidarane til overtid dersom lønnstillegga vart store. Derfor ville han setja grensa for lønnstillegget ved alt «overarbeid» til 25 prosent, også for nattarbeid og søndagsarbeid der andre gjorde framlegg om 50 prosent tillegg. I staden skulle arbeidsgivar betala avgift til arbeidarane si sjukekasse, og høgare timeavgift dess lenger arbeidet varte. «Overarbeid» måtte bli så kostbart at fabrikkeigarane tenkte seg om to gonger. Pengar til sjukekassa kunne dessutan «mildne skadelige følger av overdrevent arbeid» (Wergeland 2006).


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 166 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

166 kapittel 14

Da sekstimarsdagen vart innført på Kellogg’s i 1930, vart det på same tid bestemt at det ikkje skulle arbeidast overtid. Da den nye leiinga ved fabrikken ville innføra åttetimarsskift etter den andre verdskrigen, vart det lokka med at dei som vil vera med på det, også skulle få høve til å arbeida overtid. At overtid kunne fungera som eit tilbod, hang sjølvsagt saman med at ein del av arbeidarane heller ville ha ekstra betalt enn å behalda fritida. Det var flest menn som vart med på åttetimarsskift og overtid, medan kvinnene var dei ivrigaste til å forsvara sekstimarsdagen. Kvinnene sette meir pris på dei ekstra timane til alt det andre som skulle gjerast. Ein del menn gjorde også det – dei som dreiv mykje med jakt, fiske og friluftsliv, hadde som kvinnene ingen problem med å velja fritid framfor meir pengar.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 167 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 15

Brutto nasjonal lykke (BNL)

Forskarar i mange land har interessert seg for kva lykke er, kva som gjer folk lykkelege, og korleis graden av lykke kan målast. Dei har mellom anna sett på samanhengen mellom pengar og lykke. Resultata er overraskande samstemte for ulike land i den rike verda. Når den økonomiske levestandarden kjem over

– Før jobba eg 80 prosent, med sekstimarsdag har eg full jobb og full lønn, seier Hege Sundnes i pakkeriet på Tine Heimdal. Foto: Magnhild Folkvord.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 168 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

168 kapittel 15

eit visst minstenivå, er det ingenting som tyder på at folk blir lykkelegare av å få meir pengar. For folk flest i Vesten har lykka ikkje auka sia 1950, seier den britiske økonomen Richard Layard, grunnleggjar av og leiar for Centre for Economic Performance ved London School of Economics. Han viser til undersøkingar frå USA. Sjølv om realinntekta per innbyggjar er meir enn dobla, er det ingen auke i talet på dei som seier dei er «svært lykkelege». Det er heller ikkje færre som svarer «ikkje særleg lykkelege». Han har funne tilsvarande resultat for Japan og Storbritannia. For resten av Europa skal det finnast samanliknbare data berre for tida etter 1975, men resultatet er i all hovudsak det same. Det er små endringar i lykkestandarden jamført med den enorme auken i inntekter (Layard 2006). Layard synest desse funna er overraskande, i og med at dei rikaste i alle samfunn er vesentleg lykkelegare enn dei fattigaste. Men sjølv om både dei rikaste og dei fattigaste har vorte rikare, har dei ikkje vorte lykkelegare. Ulikskapen i lykke har også vore nokså stabil i dei fleste land. Når folk blir rikare, jamført med andre, blir dei lykkelegare. Men når heile samfunn har vorte rikare, har dei ikkje vorte lykkelegare, iallfall ikkje i Vesten, slår Layard fast. Han understrekar at dette gjeld i land der folk er sikra ein viss levestandard, og at det er ein heilt annan situasjon i fattige land. Resultata frå USA, Japan og europeiske land stemmer også med undersøkingar som er gjorde om lykke i Noreg. Dei er baserte på data frå intervjuundersøkinga Norsk Monitor, som har vore gjennomført annakvart år sia 1985 av meiningsmålingsinstituttet Synovate (tidlegare MMI). Både inntekt og materiell velstand har stige vesentleg sia 1985. Eit døme er at den delen av befolkninga som eig fem av seks materielle gode (videospelar, oppvaskmaskin, mikrobølgjeomn, kjøkkenmaskin, cd-spelar og tørketrommel/-skap), steig frå 0 prosent i 1985 til 61 prosent i 2001 (www.ssb.no, Tabell 2.6 Utvikling for materiell standard, tilfredshet og lykke, basert på data frå Norsk Monitor, 2004). I den same perioden gjekk den delen som rekna seg sjølve som «meget lykkelig» faktisk ned, frå 23 til 21 prosent. Ottar Hellevik, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, drøftar i boka Jakten på den norske lykken (Hellevik 2008) kva som kan vera årsak til at lykkenivået ikkje steig i denne perioden, slik ein skulle venta, i og med at personar med høg inntekt er lykkelegare enn dei som har låg inntekt. Han meiner noko av forklaringa ligg i at folk var prega av aukande materialisme. Krav og forventningar til inntekter og eigedelar steig enda raskare enn den faktiske veksten, noko som


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 169 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

brutto nasjonal lykke (bnl) 169

skapte frustrasjon og reduserte lykkekjensla. I tida etter 2003 viser tilsvarande målingar ei viss heving av lykkenivået. Hellevik meiner det heng saman med at det har skjedd ei verdiutvikling bort frå materialistiske verdiar og over mot idealistiske verdiar. På spørsmål om kva som skal til for å nå eit høgare nivå av lykke i Noreg, peiker Hellevik på ei vidare verdiutvikling bort frå det materielle. Han minner om at mange, ikkje minst småbarnsforeldre, slit for å få tida til strekkja til, med konflikt mellom foreldrerolla og krava på arbeidsplassen som resultat. – Å satsa på andre mål for tilværet enn dei materielle, å prioritera fritid framfor lønn, til dømes seks timars arbeidsdag, er noko som vil kunna bidra til auka lykkekjensle blant folk, seier professoren. Rådet frå Hellevik er såleis på line med framlegget frå Layard om korleis den kollektive lykka kan aukast: Folk må bruka mindre tid på lønnsarbeid. Kanskje litt overraskande for dei som kjenner Layard som ein av drivkreftene bak «arbeidslina» i Storbritannia? Det er ifølgje Layard viktig å ha eit arbeid, både for å ha inntekt og for å tilhøyra den fellesskapen arbeidet gir. Arbeidsløyse er ein tydeleg årsak til mangel på lykke. Men å arbeida for mykje for å skaffa seg meir pengar, er ikkje vegen til meir lykke. Layard har fått spørsmål om han vil setja ei grense for kor lang arbeidsdagen burde vera, men det avviser han. Han viser til at folk er ulike, på same tid som han åtvarar mot det rotteracet som driv mange til å arbeida for mykje for å tena meir. Men han har lansert ein annan reiskap for å setja grenser for arbeidsinnsatsen: målretta skattlegging. På same måte som han vil ha skatt på forureining for å hindra giftige utslepp, vil han også ha skatt på inntekt for å hindra folk i å arbeida for mykje. Han meiner at skattlegging, iallfall opp til eit visst nivå, har ein nyttig funksjon som folk ikkje har vore merksame på. Den kan hjelpa til å halde oppe det Layard kallar «work life balance», altså balansen mellom jobben og (resten av) livet. Skatt er dessutan viktig for ei omfordeling frå dei som har mykje, til dei som har mindre. Enda så samstemte resultata frå lykkeforskinga er når det gjeld samanhengen mellom lykke og rikdom, har dei i liten grad fått politiske konsekvensar. Det er visst ikkje grenser for kva marknadsføringsindustrien får oss til å tru at vi treng for å få eit betre liv. Den «frigjeringskapitalismen» som låg til grunn for innføringa av sekstimarsdagen hos Kellogg’s i USA for snart åtti år sia, finst det knapt spor att av. Den gongen skulle arbeidarane frigjerast ved stadig høgare timeløn-


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 170 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

170 kapittel 15

ningar og kortare arbeidsdagar, fram til den endelege fridommen som sjølvstendeerklæringa lovde dei, fridommen til å søkja lykka. Henry Ford, til liks med Kellogg ein leiande kapitalist på den tida, hadde også sans for kortare arbeidsdagar. Men for han var det viktig at den nye fritida måtte gi arbeidarane rom for å kjøpa og bruka fleire industriprodukt, medan Kellogg’s-leiinga hadde ei tru på at fritida i seg sjølv var ein verdi. «Glede har en større ‘mental verdi’ enn det jobben gir av fortjeneste som inntekt i penger. Den mentale verdien er å være fornøyd, oppleve gleden over de nære ting, som hjemmet, arbeidsplassen, naboene og de andre gledene du har som ikke lar seg oversette til dollar og cent,» skreiv Kellogg’s-direktør Lewis J. Brown i eit personleg brev til dei tilsette frå eitt av dei første åra med sekstimarsdag (gjengitt i Hunnicutt 2005, s. 34). Så langt vi kjenner til, er det berre det vesle landet Bhutan i Himalaya som har erstatta brutto nasjonalprodukt (BNP) med brutto nasjonal lykke (BNL), slik kongen av Bhutan kunngjorde i 1998 (Layard 2006, s. 77–78 og http:// www.grossinternationalhappiness.org). Vi reknar med at det kan gå nokre stortingsperiodar før eit norsk parti går til val med ei tilsvarande endring på programmet. Men kven veit? BI-forskarane Guri Hjeltnes og Per E. Stoknes skriv i rapporten Norge i verden: Fremtidsbilder 2030, laga på oppdrag for NHO, at BNP vil vera gått ut på dato før 2030: Vel ankommet i 2030 har det skjedd en vesentlig dreining i politikkens innhold. De typiske1900-tallstemaene som trygghet, inntektsutjevning og fordeling er forlatt til fordel for temaet menneskelig utvikling og objektiv lykke – som nå er blant de markante fanesakene. En av innsiktene som bidro til overgang fra BNP (Brutto nasjonalprodukt) til BNL (Brutto Nasjonal Lykke) som viktigste samfunnsindikator var tallenes tale fra 25-årsperioden 1985–2010. Lykke-nivåene var uforandret på tross av mer enn dobling av BNP i samme periode. Å forlenge BNP-veksten som overordnet mål i ytterligere 20 år kunne ikke forsvares på menneskelig grunnlag. I konkurransen mellom partiene ble det åpenbart at løfter om lavere skatt eller inntektslikhet var lite egnet til å møte dette nye temaet i politikken. Lykke-nivåer har i hele perioden 1985–2030 vært jevnere fordelt enn inntekt. (Hjeltnes og Stoknes 2007)

Seks timars normalarbeidsdag, kombinert med skattlegging av arbeid etter Layard si oppskrift, passar godt inn i dette framtidsbiletet av Noreg i 2030, med meir vekt på veksten i brutto nasjonal lykke enn på bruttonasjonalproduktet.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 171 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

brutto nasjonal lykke (bnl) 171

– Meir tid til ungane er noko av det beste med sekstimarsdagen, seier Robert Haugen, Trondheim parkering. Foto: Greg Rødland Buick.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 172 Monday, August 25, 2008 12:19 PM


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 173 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

Litteratur

AKPs kvinneutvalg 2005. 6-timersdagen – på høy tid. Røde Fane nr. 3. Amble, N. 2006. Forsøk med arbeidstidsordninger og arbeidstidsendringer i turnusarbeid. Innspill. Oslo: Arbeidsforskningsinstituttet http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/ Tema/Arbeidstid/Innspill-Forsok-med-arbeidstidsordninger.html?id=417703. Andersen, R.K. og I. Eidset 2003. Arbeidsmiljø i hjemmetjenesten. Oslo: Arbeidstilsynet/ Opinion. Arbeidernes faglige landsorganisasjon 1933. Arbeidsløshet og arbeidstidsspørsmålet. Oslo. Barstad, A. og O. Hellevik 2004. På vei mot det gode samfunn? Om forholdet mellom ønsket og faktisk samfunnsutvikling. Oslo: Statistisk sentralbyrå. Berntsen, H. 1981. Trekk av Stokkens historie, ca. 1600–1962. Eydehavn: Moland kommune. Bildt, C. 2007. Arbetstidsförkortning och hälsa. Försök med sex timmars arbetsdag inom offentlig sektor. Stockholm: Arbetslivsinstitutet. Bjerke P., R. Eilertsen og T. Dahle 2001. Tida er inne – nye muligheter for 6-timersdagen. Oslo: De Facto. Bjørnskau, T. 1997. Seks timers dag i omsorgsyrker. En evaluering av forsøket i Oslo kommune. Oslo: Fafo. Bjørnstad, R., R. Hammersland og I. Holm 2008. Arbeid og fritid – prioriteringer i det 21. århundret. Oslo: Statistisk sentralbyrå, Rapporter 18. Brandth, B. og E. Kvande 2003. Fleksible fedre. Oslo: Universitetsforlaget. Brunborg, H. og I. Texmon 2005. Hovedresultater fra befolkningsframskrivingen 2005-2060. Økonomiske analyser 6/2005. Statistisk sentralbyrå. Bungum, B. 2008. Barndommens tid og foreldres arbeidsliv. En sosiologisk studie av barns og yrkesaktive mødres og fedres perspektiver på arbeids- og familieliv. Doktoravhandling. Trondheim: Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, NTNU.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 174 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

174 litteratur Buvik, M.P., S.D. Tvedt og H. Torvatn 2008. Evaluering av 6-timersforsøk ved Trondheim parkering KF. Trondheim: SINTEF. Byrkjeland, M. 2006. Kortare arbeidstid – eit oversyn over diskusjonen om arbeidstidsforkortingar i Noreg 1880–2006. Bergen: Stein Rokkan senter for flerfaglige samfunnsstudier, UiB. Dahl, O. 1956. Mjøndalen Cellulosearbeiderforening, en kort oversikt over foreningens arbeid gjennom femti år. Drammen. Eggvall, J. 2005 Sextimmarsdagen i Kiruna – en utvärdering av arbetstidsförkortningen inom hemtjänsten. Stockholm: Kommunal. Fichtelius, E. 2007. Aldrig ensam – alltid ensam. Stockholm: Nordstedts. Gardner, G. og T. Prugh 2008. Seeding the sustainable economy. I State of the world 2008. Innovations for a sustainable economy. Washington: Worldwatch Institute,. Hamilton, A. 1943. Exploring the dangerous trades. The autobiography of Alice Hamilton. Boston: Little, Brown and Company. Hellevik, O. 2008. Jakten på den norske lykken. Norsk Monitor 1985–2003. Oslo: Universitetsforlaget. Hille, J. 2007. Økologisk utsyn 2007. Økologiske konsekvenser av den norske økonomiske utviklingen det siste året. Oslo: Framtiden i våre hender. Hirdman, Y. 2007. Gösta och genusordningen. Feministiska betraktelser. Stockholm: Ordfront. Hjeltnes, G. og P.E. Stoknes 2007. Norge i Verden: nye muligheter? I J. Randers mfl. Norge i verden. Fremtidsbilder 2030. Oslo: Handelshøyskolen BI. Holter, Ø.G., H. Svare og C. Egeland 2008. Likestilling og livskvalitet 2007. Oslo: Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforskning / Arbeidsforskningsinstituttet. Hunnicutt, B.K. 1996. Kellogg’s six hours day. Philadelphia: Temple University Press. Hunnicutt, B.K. 2005. 6-timersdagen på Kellogg’s. Oslo: For sekstimersdagen. ILO (International Labour Office Conditions of Work and Employment) 2007. Working time around the world. Main findings and policy implications. http:// www.ilo.org/wcmsp5/groups/public/---dgreports/---dcomm/documents/ publication/wcms_082838.pdf, 01.08.2008 Johnsen, S. 1982. Strategi for samfunnsendring. I T.B. Jamholt, K. Moksnes og B. Schultz (red.) På dagsorden: 6-timersdagen. En debattbok om arbeidstidsforkortelser. Oslo: Tiden. Kaldal, I. 1983. Foreiningar av arbeidslause i mellomkrigstida. I Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie 1983; 1: 43–65. Karlqvist, L., O. Leijon og A. Härenstam 2003. Physical demands in working life and individual physical capacity. European Journal of Applied Physiology 2003; 89 (6): 536–547.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 175 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

litteratur 175 Langset, B. 2006. Arbeidskraftbehov i pleie- og omsorgssektoren mot år 2050. Økonomiske analyser 2006; 4: 56–61. Layard, R.H. 2006. Lessons from a new science. London: Penguin Books. Lysestøl, P.M. og R. Eilertsen 2001. Den nyliberale revolusjonen. Oslo: De Facto. Lærerforbundet 1998. Arbeidsmiljøundersøkelsen 1995. Oslo. Lønnå, E. 1996. Stolthet og kvinnekamp. Norsk Kvinnesaksforenings historie fra 1913. Oslo: Gyldendal. Melby, K. 1990. Kall og kamp. Norsk sykepleierforbunds historie. Oslo: Norsk Sykepleierforbund. Marx, K. 1983. Kapitalen. Første bok, del 2, 8. kapittel. Oslo: Oktober. Norges offentlige utredninger. Arbeidstidsreformer. NOU 1987: 9 A og 9 B. Norges offentlige utredninger. Arbeidslivslovutvalget. Et arbeidsliv for trygghet, inkludering og vekst. NOU 2004: 5. Norges offentlige utredninger. Makt og demokrati. Sluttrapport fra Makt- og demokratiutredningen. NOU 2003: 19. Norges offentlige utredninger. Kan flere jobbe mer? NOU 2004: 29. Norges Golfforbund. Anleggspolitisk dokument. http://www.golfforbundet.no/wip4/ detail.epl?cat=10344 Olsen, B. og Mem Thi Van 2007. Funksjonshemmede på arbeidsmarkedet. Rapporter 2007/3. Oslo-Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå Olsson, B. 1997. Kortare arbetstid – lönsamt utifrån personalekonomiska perspektiv? I Tidskriften Kommunal Ekonomi 1992; 2: 22–27. Opsahl, G. 1997. Et forsøk med reduksjon av arbeidstid. 6 timers dag for kvinner i omsorgsyrker. Oslo kommune. Oslo kommune 1986. Byrådssak nr. 1079/86. Pettersen, S.V. 2004. Arbeidsdelingen hjemme blant foreldrepar. Mer likedelt med ulik arbeidstidsordning? Samfunnsspeilet 2004; 6: 31–38. Prosjekt Fremtidens arbeidsliv. Arbeidstid 2008. NHO, www.nho.no/files/Arbeidstid, 20.07.2008 Rambøll Management 2006. Den franske 35-timers arbeidstidsreformen. En kort presentasjon. Oslo: Rambøll Management. Rohdén, H. 2003. Arbetstidsförkortning – en fråga om klass och kön? I H. Oscarsson (red.) Demokratitrender, SOM-rapport nr. 32. Göteborg: SOM-Institutet. Samorganisasjonen, Sulitjelma 1981. Fagbevegelsen i Sulitjelma 75 år 1907–1981. Sulitjelma. Schanche, M. 1982. 6 timers arbeidsdag. Gjør din pligt. Kræv din ret. Hold sammen. I T.B. Jamholt, K. Moksnes og B. Schultz (red.) På dagsorden: 6-timersdagen. En debattbok om arbeidstidsforkortelser. Oslo: Tiden.


0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 176 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

176 litteratur Skjeie, H. og M. Teigen 2003. Menn imellom. Mannsdominans og likestillingspolitikk. Oslo: Gyldendal. Skrede, K. og T. Løwe 2000. Er det størrelsen det kommer an på? En analyse av gårdbrukeres inntektsstruktur. Økonomiske analyser 2000; 3: 16–29. Sogner, S. og K. Telste 2005. Ut og søkje teneste. Historia om tenestejentene. Oslo: Samlaget. Statistisk sentralbyrå 2003. Arbeidskraftsundersøkelsen 4. kvartal 2003. Oslo: Statistisk sentralbyrå Statistisk sentralbyrå 2008. Bøndenes inntekt og formue 2006, www.ssb.no, 12.03.2008. Stortingsmelding nr. 19 (1999–2000). Om norsk landbruk og matproduksjon. Søbye, E. 2000. Et halvt århundres ferd mot lov. Lønninger for hushjelp 1914-1948. I Fra forrige årtusen nr. 4. Oslo: Statistisk sentralbyrå. Thery, L. (red.) 2006. Le travail intenable. Paris: La Découverte. Thompson, E.P. 1967. Time, work-discipline, and industrial capitalism. Past and present 1967; 38: 56–97. Torvatn, H., S.D. Tvedt, T.K. Andersen, G.A. Knutstad og H.O. Finnestrand 2007. Evaluering av innføring av 6-timers arbeidsdag hos SinkaBerg-Hansen AS. Trondheim: SINTEF. Ugreninov, E. 2005. Seniorer i Norge. Statistiske analyser 72. Oslo: Statistisk sentralbyrå. Verdenskommisjonen for miljø og utvikling / G.H. Brundtland 1987. Vår felles framtid. Oslo: Tiden. Wergeland, E.L., B. Veiersted, M. Ingre, B. Olsson, T. Åkerstedt, T. Bjørnskau og N. Varg 2003. A shorter workday as a means of reducing the occurrence of musculoskeletal disorders. Scandinavian Journal of Work, Environment and Health 2003; 29 (1): 27–34. Wergeland, E.L. 2006 Arbeidsmiljøloven, sykefraværet og sekstimersdagen. Oslo: Transit. Åkerstedt T., B. Olsson, M. Ingre, M. Holmgren og G. Kecklund 2001. A 6 hour working day? Effects on health and wellbeing. Journal of Human Ergology 2001; 30: 197–202.


www.gyldendal.no/akademisk

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø? Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien. Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det. Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.

SEKSTIMARSDAGEN

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Folkvord • Wergeland

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Sagt om sekstimarsdagen: – Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstidsforkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO – Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstidsreformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

SEKSTIMARSDAGEN – den neste store velferdsreforma?


www.gyldendal.no/akademisk

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø? Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien. Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det. Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.

SEKSTIMARSDAGEN

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Folkvord • Wergeland

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Sagt om sekstimarsdagen: – Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstidsforkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO – Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstidsreformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

SEKSTIMARSDAGEN – den neste store velferdsreforma?


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.