«Dyrebar» av Mette Karlsvik og Katrin Berge

Page 1



D Y R E BAR Mette Karlsvik

&

Katrin Berge

Magikon forlag 2014


Havet er grått som granitt, ein bergart. Av same art er steinen på øya Tann. Stein på stein har laga den høge øya, som ein ser heilt frå fast land. På ei strand, ved grunt vatn, ser ein hjort forbi vatn, og mot Tann. Cervus elaphus, hjorten, vassar ut i hav blått som asur, fargen som kjem frå ein stein som låner tonen sin frå himmelen og smittar over på havet. Hjorten ser mot solnedgangsgull. Sola skin på ein kvit fjelltopp – fjernt ifrå.



Solnedgangen er eit skjær i sjøen. Kvelden kjem brått. Eit vakse rop gjennom lauvskogen: Kom heim! Aud lar mora gaule. Jenta tar om ein stein, ein ekte asurblå edelstein, og held fast på han mens ho går inn i skogen. Skogen opnar seg. Natteblomar faldar kronblada ut. Ho lagar ein båt av kronblad. Ho ber han høgt over seg, som eit tett gevir. Havet er ope. Berre solskjæret seier til Aud kor vest er. Eit vakse raut gjennom lauvet. Rå kraft møter kjærleik i rautet frå ei kyststrand. Konkylieøyra til Aud skjønner språket. Rautet kallar på koller, dei unge og eldre.



Store dyr døyr. Dei blir liggande. Store haugar av dyr lagar landskapet på Tann. Tida går. Haugar veks. Dei blir fossil. Fossil blir fjell. Fjella blir større. Mikrobar blir større. Store mikrobar bryt ned større kroppar. Dei lagar mat for nytt liv. Nytt liv myldrar på ei øy i salt. Algar, amøbar, øgler, salamandrar, ein elg, fire gule auge, kanskje to revar: Alle finn dei næring av eit slag eller anna på øya. Varme og væte, vind og kulde, eller kombinasjonen av dei: Det er gode forhold for dei varmblodige og kaldblodige. Dei med harde skal har det godt, men også dei mjuke trivst på denne øya. Sjølv kresne kryp finn punkt der dei trivst. Der er varmt vatn. Lunger blir fylte av kald, salt sjøluft. Langs Tanns rand er bratte berg. Berre, glatte fjellsider prellar blikk av. Ørn og albatross, pelikan og tårnseglar ser forbi steinen. Hjartet av berget ligg midt på øya, mellom berg og berg. Berre meter med konglomerat skil atmosfære frå magma. Mellom klodeblod og klodelunge ligg eit tynt lag granitt, nitrat, silikat, krystall, opal. Lufta er våt og varm, fruktbar og næringsrik. Orkidear og ormeblad, bregnar og tromsøpalmar veks her. Hardføre hjortar spring utanfor fjellgryta. Den sterkaste av dei hogg klovene i berget, klatrar over, og veit vel at det er mat å finne der inne.



Kronblad driv til Tann. Drivved kjem til Tann. Kald, våt luft kjem til land. Lufta treff fjellsidene innanfor, stig, og slepp nedbøren sin på fjellet. Litt landar på ut­sida av det, noko landar innanfor. Innanfrå dampar vatnet opp att. Som ein vulkan i eit land utan vulkanar. Varme laga av blod og musklar. Aud klatrar frå stranda, til berget, ein vegg. Veggen stoppar Aud. Ho granskar han med blikket. Ekkoet kastar stiringa hennar attende. Sprekkar i berget er auge i veggen. Aud stikk ein fot i dei, og klatrar. Ho kjem høgt over stranda, heva over reglane der nede. Fjella er ei ståande grotte. Grove klover og høgtflygande fuglar viser vegen inn i grotta. Gode barneauge ser eit mønster i rørslene frå fuglane. Løynde vegar inn til ulendt terreng, opp stein for stein, til høgder som blir stupbratte for dei som skal ned att. Så høgt oppe er det vinden som bestemmer. Aud legg seg mot veggen, har bringa mot havet, ryggen mot berget. Berre fuglar kjem tett på. Stirar inngåande på Aud. Strenge auge. Kvasse nebb. Blodraude nebb. Blodet bankar i Aud, og ber henne opp. Aud tar att solnedgangen, stoppar tida, forlenger dagen. Djupet under henne har kveld. Aud står på kanten av ei gryte. Granittgryta luktar haust. Frå det mørke djupet kjem eit hjorteraut.





Sørvestleg vind dyttar i massane av væte. Vinden skvett på fjellsida. Lufta er tørr ved toppen. Aud lar lufta komme til. Den tar jenteluft med seg over kanten, og ned att, ned i gryta. Jentelukt når Cervus elaphus. Hjorten pustar djupt inn. Blæs auga opp. Det skin i to store perler. Glimta rekk heilt opp til Aud. Ho klemmer smykkesteinen i handa. Han kjennest brått så liten, og så blå, mot det kvite skinet frå dalbotnen. Sørvestleg vind får ikkje tak i nordaust. Der står framleis små seljer, seige stammar, som Aud held fast på. Ho firer seg ned mot botnen, får tak på tjukkare seljer, og så; hjortepoplar! Perlene skin i skogbrynet. Med vinden i ryggen held Aud fram. Med jentelukta i nasen står hjorten stilt. Han ser beint fram. Stirar, utan å sjå. Han trur det held andre frå å sjå han.



Aud riv greiner frå seljer, bind seljeband mellom hjortepoplar. Ho bind grein til grein til gjerde til ei eiga hjorteverd. Hjortelandet har fem sirklar. Ytst er havet. Inst er eit anna hav, eit ferskt eitt. Innanfor salthavet er stranda. Innanfor stranda er granittgryta. Innanfor granittgryta er Auds gjerde. Midt i gjerdet er hjortens vatnhol. Hjorten er konge i eit land med fem årringar. Kongen har all makt, må berre slå i stammene med hjortehornet! Hjorten står framleis stivt, pustar og dampar. Jenta blir trekt mot varmen. Hjorten blir trekt mot vatnet. Han er tørst. Men mest av alt er han stolt. Han går ikkje i vegen for Aud. Berre éin tagg har ho på hovudet, ein mjuk ein, ein tagg av hår. Seksten taggar har hjorten, seksten gongar mjukare er han mot henne.



Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.