«Hjorten lar Aud komme.
Hjorten kan ikkje gå.
Tørsten er for sterk.
Aud klatra nyss eit fjell.
Å klatre opp på hjorteryggen
det er nesten berre leik.
Berre nesten.»
Aud er ei ung jente som kjem til ei overgrodd, urørt og mystisk øy. Her treff ho ein hjort, eit stort og mektig dyr. Dei blir vener, og ho rir på ryggen til hjorten gjennom dei nattsvarte skogane. Hjorten mistar kontroll, og når ulykka er ute så ofrar den seg sjølv for å redde det dyrebare barnet. Aud, som er i overgangen mellom å vera barn og vaksen, lærer om livets sirkel og naturen. Boka er retta mot eldre barn og ungdom.
Katrin Berge mottok Diplom i Visuelt 2015 for illustrasjonene i boka.