5 minute read

Kurt Olav venter på noe godt

kurT oLav HELLE

KURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.

Advertisement

MYkjE i vENTE

LaTo baNEMESTEr, jaNSoN EffEkTEN, og LENiN LoHNiN SiN SLakT ovEr LEEdS. MYkjE i vENTE for SESoNgEN 2011/2012.

Det vert ein ny sesong 2011/ 2012 i Championship. Nye spotske utspel fra Lenin Lohnin som kjem kloggande mot ein, og leksar av seg kor dårlege Leeds er. S.Vest sine nasafnys som liknar den tyren frå Donald Duck der tåkeskya står ut frå nasabora, og ikkje nok med det ein har fått ein ADHD nabo frå Aust Europa som rasar rundt på ein ATV Sykkel døgnet rundt. Kva gjer ein då?

Ein ringjar til høgrepolitikar og varaordførar i kommunen (Osterøy) Ingemar Tepstad og ber om å få sjå Leeds kampar på storskjerm. Sjølv om varaordføraren er Man U fan, har han sagt fleire gonger: Leeds er faktisk ein av dei laga som ”kan spela det spelet me kallar fotball”. Medan ordføraren vår her ute AP Kari( Aakre) for det meste er opptatt av Fotlandsvåg IL og Gent spelar Erlend Hanstveit(ex Brann), er fotballperspektivet hennar utan-for Fotlandsvåg, ganske so snevert. Høgre Ingemaren har eit større perspektiv, og skulle han bli ordførar til hausten har ein ei von om Leeds kampar i Osterøyhallen på storskjerm. Sjølv om Lohnin fetter Svein til Kalle er sjef i hallen bør det lata seg gjera.

Kro Royen syner kun Premiere League og Landskampar. Nei me har ikkje noko enkelt liv her ute i Nesjavegen, men heldigvis kan det lysna for lokalfotballen her ute denne sesongen. Mykje takka banemester og Non Stop fotballspelar Olav Sturle Lahto Lohne, som veit korleis ein skal slå graset, etter mykje nærstudier av golfbaner rundt om i distriktet. Der fann han ut med mykje nærforskning korleis ballen skal driva gjennom graset, og berre la graset kitla på ballen, så den får den rette farten. Når S.Vest var banemester på Osterøystadion, blei graset slått etter Man U malen, og ein har i den seinare tid sett korleis det har gått resultatmessig for Osterøy, som har vorte ein middelshavfarer i 5. divisjon, sjølv om kunstgraset hjelper på.

Den store snakkisen på bygda er derimot Lehnin Lohnin sin song, som ikkje var den første song

ein kanskje burde høyrd ved vogga, under 50 og 60 års dagen til Jajen og JMK i Osterøyhallen. Få av augo var tørre då han sang ei Liverpool hymne på fleire vers, for å syna sitt raude fotball hjerte..Dette var nok til å frelsa nye Liverpoolsjeler i bygget, og ette kva frætte sei på bygda, blir reisefylgje til Anfield Road kraftig utvida til neste sesong, utanom Bullabakkjen(T Elvik), Stepp, og Lohnin, men ei røyst dura over det meste i hallen. 50 års jubilant Jajen, som ein gong for alle satte skapet på plass: Eg e Leeds fan...., for å feia all tvil avgårde kvar han sto. Joppa frelsa stod endå i han. S.Vest har ikkje all fotball makt i Nesjavegen, sjølv om han markerer revir støtt og stadig i så måte. Joppa frelsa fekk siste ord.

Ein har i den seinare tid freista å kjøpa aksjer i Leeds United, fordi han har trui i orden til neste sesongen.2011/2012 vert opprykkssesongen. Janson effekten kommer til å få utslag. Janson effekten er oppkalla etter Luscos medlem Eivind Solberg,d.y (Janson) son til Jan i Åsen, altså son til jan, som vert janson. som var son til Eivind Solberg, d.e(ein stoppar der), nemlig nullstillings teorien. Dei må nullstilla seg, få orden i forsvar, og dermed kjem det til å gå mot opprykk neste sesong, banna bein. Leeds United er i Premiere League.

Når det gjeld aksjane i Leeds United kunne dette vorte ei dyr affære, sidan alle nettmeglarane ein har vore i kontakt med ikkje fant ut av noko. I ettertid ser ein jo i media at dette eigarskapet ikkje er heilt enkelt å forstå, so når det vert klarare kan ein jo gå på kronerulling i Nesjavegen for å skrapa i saman noko eigenlutar for å investera på børsen i Leeds United. Likevel har ein stor tru på neste sesong. Det er Janson effekten som kjem til gjera utslag. Til og med Liverpool stepp er optimist. Liverpool Lohnin og S.Vest kjem til å leita fram feil i så måte, over kva som er galt med Leeds. Det kjem til å komma mykje merkelege kommentarer frå Rema Chelsea Trond om Leeds United, men ein kjem og til å møta dei gode krefter i bygda, der ein snart igjen kan reisa den kvite fana i Nesjavegen og hylla Leeds for opprykket.

Ein for heller overleva S.Vest plenklypping og nasafnys. Det er berre å ta seg ein tur til truleg den neste ordføraren i Osterøy Kommune han Ingemar for å sjå Leeds kampar på Viasat på storskjerm i kjellar stova. Og høyra kommentarer frå ein MAN U fan som har forstått det meste: Leeds er faktisk eit lag som kan spela fotball.., som han har sagt fleire gonger. Sånnt høyrer ein knapt frå Lenin Lohnin og Man U S.Vest. No er det heldigvis betre plassar å søkja ei frihavn, enten det er i Bruaneset eller Fjellskålneset, for å finna folk som har greie på fotball... Muleg det var alle kveitebrødskjevene Tante Anny kjørte i Lohnin når han var liten, som gjorde han til Liverpool fan. Morgan Kane komplett og Allan Kjempe var helter for Lenin Lohnin og Stepp i oppveksten. Me andre i Nesjavegen hadde Tex Willer og Jonah Hex. Når ein i ettertid ser kven som endå vert utgitt, er det Willer og Hex som rular. Dei kjem alltid tilbake som Leeds. Heltene vert aldri trette... Det er grovbrødsfotball versus kveitebrødoppvekst fotball, og når det kjem til stykket kjem nok Leeds til å overleva.

Kloggefotballen til Liverpool er som eit sveitsisk gjøkur. Absolutt kokko. Man U S vest får og andre ting å tenkja på snart. Super Leeds er tilbake for sesongen 2012/2013. No går me for direkte opprykk. Leeds er best til kvardag og fest.

Kurt Olav Helle

This article is from: