6 minute read

Kurt Olavs lokahistoriske hjørne

LoKALhIsToRIsK hjøRNE SHOOT OG GOAL. DET ER DET SOM SKAL TIL NÅR DET KJEM TIL STYKKET. DET ER DET ENKLE SOM ER DET BESTE. LA 70 TALS ÅNDA SVEIPA OVER OSS NOK EIN GONG.

Kronikk Kurt Olav Helle

Advertisement

Her tidleg i summar dukka gamle naboane Solsvikane opp i Lonevåg.( sjå tidl nummer). Dei var svorne Leeds fans eingong på 70 talla, og haldt sjølvsagt endå med Leeds. Dei hadde ikkje vandra i skuggens dal, som enkelte andre gjer og leflar med Man U og det som verre er. Ikkje vart dei utsett for den raude fare, enten den kom frå det kommunistiske Lenin Leitet, med Stepp og Lohnin, eller Man U beitet(alltid nyslått) med S.Vest i spissen. Det positive med S.Vest, er at han er ein grepa slåttekar blant naboane. Det er få av dei, der me helt på å gro inne. Grønt er ikkje akkurat skjønt rundt ein) I Nesjavegen er eg den einaste Leeds fansen, så det var godt å få noko andsfrender tilbake, berre for ei stund. Det vart ein del Leeds prat, og oppdateringar. Det var då det demra framfor meg i et nærast religiøst syn. Det er Leeds United som er det heilagaste og reinaste, og det fotballaget som skin i æve. Og i eit klar syn her om natta forma det seg eit syn framføre meg, og eg såg Leeds laget på topp av League One og direkte opprykk. Trui er sterk for tida, uannsett. Mentalt sett orkar ein ikkje meir kvalikk. For væra måte på motgong...

Buster heite teikneseriebladet som rula på 70 talet. Der kunne ein fylgja seriefigurar som Benny Gulfot og Kenguru Kid mellom anna. Desse blada måtte ein “sø te bydn” for å få. Siverten på kaien kunne skaffa mykje, men dette bladet tok han aldri inn. Ikkje dei engelske blada Shoot og Goal tok han inn heller. I fylgje sikre kjelder kosta Shoot kr 2.40 og Goal Kr 3.40 hjå dei ulike Narvesen kioskane på den tida I etter tid ser ein at kanskje ein kunne fått fleire Leeds fans som kunne brakt “arven” vidare, med å fortelja dei om bladet over dei fleste blad Akk ja. I skrivande stund har bladet Shoot lagt ned etter 39 års drift. Det er me tårar i augo ein registrerar at bladet Joppen gav oss innsikt i må leggja inn drifta. Grunnen til at ein er såpass stø i Engelsk skal Shoot ha sin del av æra for. På leitet blant Liverpoolfansen gjekk det mest i Morgan Kane og Vill Vest, og mindre i fotballlektyre. I øvste hylla hjå Siverten på kaien, var det lite fotballblad og bøker frå Engelsk fotball, men meir “sexy western blad og bøker” som Clay Allison. Me visste der og då at det var ei verd utanfor Lonevåg, der dei verkeleg kunne spela fotball. Elland Road var fotballens mekka, der til og med Brubakkane måtte melda pass( gamlebana til Osterøy fotball og friidrott, der det skjer ganske lite der skulle ein tru) Men, men. Viss ikkje no Leeds rykkjer direkte opp i Championship sesongen 2008/ 2009 vert det trått å halda oppe trui, som dei sa på dei gode gamle Olga-basarane i Bedhuset på 70 talet. Der kunne ein vinna småe snopeskålar med munngodt, og varme og gode leistar ein kunne pakka inn beina i framføre Luma Tv apparatet som ein hadde kjøpt hjå Helsiken og Løland på Forbrukslaget. Eg hugsa endå den gongen Løland kom å skulle setja opp fjernsynet,på slutten av 60 talet og stilla antenna inn mot Nonås, der ein fekk refleks frå Gulen i sogn. Dette var før dei digitale boksane som i skrivande stund tok over dei analoge signala. Det digitale bakkenettet er visst kva ein kallar det for, sei dei som har greie på det. Men det var blant analoge svart kvitt signal Leeds kom til oss under tippekampen, stundom i ruskavær,snø, og fjokk, med “pling lyden”. Det var lett å sjå dei kvite draktene. Det var lett å finna det rette laget å halda med. Det måtte berre verta Leeds United. Løland hadde fått den rette instillinga på kontrasten. Det er mogeleg at det var dette som fekk S.Vest, Stepp, og Lohnin til å halda

med dei “raude laga“. Kontrasten var ikkje rett innstilt etter “Løland metoden“, så ein såg ikkje kven som “spelde“, og havna på Liverpool eller Man U, og trudde det eigentleg var Leeds. Det var ikkje alltid den gamle Nonås sendaren var i rett lage, og det var brudd på sendaren. Tippekampen var ikkje like opplyftande for alle, og det var ikkje like lett å senda opp folk på Nonås for å fiksa deti snjo og fokk... No veit ein sjølvsagt ikkje korleis antenna var innstilt hjå Stepp og Lohnin når dei fann sitt favorittlag. Truleg var svart/kvitt tven deira i ulage, og ikkje hadde fått fininstilling hjå Løland, eller kjøpt “sø i bydn” så dei måtte berra finna eit lag å halda med. At Lonevåg sentrum næraste omegn skal ha so mange Man U,og Liverpool fans er komplett uforståeleg, men ein har slutta å undra seg over det. Ein får ta det som det kjem. Ein ser at no er det ungar som stundom spelar fotball mot garasjeveggen til S.Vest. Dei er lite organisert, og dei kan verta eit lett bytte for Man U frelse. Her treng me trusmotstandarar så det held...

Det rett og slett ingen som organiserar fotballen inn på rett spor. Dei gjer nett so dei vil. Det er ingen som Øystein Meister Veset som skal sova middag.Vegen opp til garasjen er i ferd med å rasa ut på grunn av regnet.Heile Nesjavegen kryr av polakkar og andre framandkulturelle. Eit nabolag med ikkje den heilt store fotballinteressa. Ingen som samlar på fotballkort. Gudane veit kva dei samlar på. Kanskje det kan væra fotballmessig ugras. Det er ikkje hage igjen hos “Dagny huset”. Berre urskog.Det er ikkje berre fotballen som slit på grønska... Når ein ser ned på bøen til Ivar`en i Neset har det ikkje vore slått på lengje. På 70 talla var det alltid slått der, så ein kunne trilla ball over bøen, med Joppen Revie Vik som taktikar og oppmann. Dette var før han gjekk over til å organisera Arbeidsveske gjengen, som husa ikkje so mange fotballinteresserte, men med Latho( Eks Lucos medl )var det uansett eit snev av det fotballmessige tatt vare på, sjølv om det helst var prega av “mytjigodt i koppen” lengje før DDE sang om det.

Problemet no er det lite eller ingen ting som er organisert her i Nesjavegen. Det er derfor mange er i ferd med å gli over til Man U og Liverpool. No når vårt fotballmessige “menighets” blad Shoot har lagt inn åra, og Busterbladet kun kan kjøpast på QXL sin nettauksjon spør ein seg. Kvar vart alle heltane av? Kvar kan me finna dei igjen?. Jan Eggum syng om i sangen: Kor er alle heltane henn, om Zorro han vil ha tilbake, og Onkel Lauritz på video. Akkurat det drit eg i. Me vil ha Leeds heltane tilbake. Me vil ha dei tilbake der dei høyrer heime. Først Championship, so Premiere League. Me må ta sjumilssteg. Når dette kjem på trykk, bør Leeds væra oppe blant dei tre beste. Det kan værta ein grusomt spennande haust for Leeds United. Nye neglebitande stunder via breiband...

Akk ja. No byrjar snart Hidn treningane igjen. Lonevågen har eit sørgmodig drag over seg. Det er ingen som kastar seg nedafor ein haug, og hoppa fram når Mongstaden kjem forbi, og syng Hei, heivede Monkees, inspirert av Monkees serien som gjekk på Tv på den tida då Leeds var store.Det er faktisk lite liv no på slutten av fellesferien. Eg vil inn i ei tidsmaskin der Super Leeds er tilbake blant dei beste. Men tidsmaskina skal bruka “ånda frå Super Leeds” epoken å gje laget den nye og rette giv. Med Hull og Stoke i Premiere League, må ein lura på kva Leeds gjer i League One. Snakk om å væra feilplassert i fotballens verd. Med von om ei betre fotballframtid, og ein “fotballmessig” rekyl for Leeds som får dei til å krypa oppover tabellen. No må det skje noko i positiv lei. Det fortener laget. Det fortener fansen.

Kurt Olav Helle....

This article is from: