7 minute read

57 Lokalhistorisk hjørne

LOK LOK LOK LOK LOKALHI ALHI ALHI ALHI ALHIS S S S ST T T T TORI ORI ORI ORI ORISK SK SK SK SK HJ HJ HJ HJ HJØRNE ØRNE ØRNE ØRNE ØRNE

Av: Kurt Olav Helle

Advertisement

DE DE DE DE DET L T L T L T L T LJ J J J JOSER I S OSER I S OSER I S OSER I S OSER I ST T T T TIL IL IL IL ILL L L L LE E E E E GRENDER (MEN L GRENDER (MEN L GRENDER (MEN L GRENDER (MEN L GRENDER (MEN LEEDS-L EEDS-L EEDS-L EEDS-L EEDS-LJ J J J JOSE OSE OSE OSE OSET T T T T ER IK ER IK ER IK ER IK ER IKKJ KJ KJ KJ KJE S E S E S E S E SOM FØR, DIVERRE OM FØR, DIVERRE OM FØR, DIVERRE OM FØR, DIVERRE OM FØR, DIVERRE.....) .....) .....) .....) .....) EI HI EI HI EI HI EI HI EI HIS S S S ST T T T TORIE FRÅ LOK ORIE FRÅ LOK ORIE FRÅ LOK ORIE FRÅ LOK ORIE FRÅ LOKALMIL ALMIL ALMIL ALMIL ALMILJ J J J JØE ØE ØE ØE ØET T T T T.... .

Akk og ve. Her om dagen byrja me igjen med Old Boys treningane i Osterøyhallen. Utruleg nok var det stort oppmøte. Til tider minna det om eit slektsstemne, avdi 85% av dei frammøtte var meir eller mindre i slekt me kvarandre. Ikkje nok med det dei fleste av dei var Arsenal-fans, og det let dei ikkje gå i frå seg. Formann i fotballgruppa Ivers meinte eg måtte kvitta meg med Leeds drakta, klyppa meg, å ta til vit. Eg ensa han ikkje og slo deretter ein pasning til LUSCOS-medlem Janson (Eivind Solberg d.y.) som putta ballen i mål. Dette låg for høgt for Arsenal fansen inne på Lono. Der og då kjente eg eit andeleg grep rundt sjela og hjarterøtene. Eg visste at det var den Bremnerske ånda som var i ferd med å festa seg. Ikkje heilt men stykkevis og delt. I pausen gjekk eg og satte meg for seg sjølv og mediterte meg tilbake til gamle dager. O du herlige 70 tall fyll mitt sinn, med tankar beståande av vinn vinn. Det var mange i Nesjavegen som ikkje forstod mi oppslukande interesse for Leeds United. I skulelivet på den små grendaskulen var det Småskulestyrar Herbjørg Hebbe og Mortensen som i fyrste rekkje ikkje forstod eit “spøtt”. Herbjørg var mest opptatt av at ein ikkje skulle banna, avdi ein då fekk makka på tunga. Ei tid banna eg ein del mot Arsenal-fansen Presten (Svein Arne Prestun) og Stumpy Stompen (Inge Jostein Solberg) avdi dei berre preika om Allan Ball og Charlie George som fotballens store spelarar. Dei vart uansett tagale når eg tok ein “Huntersk takling” på Stumpy Stompen so han fauk i gjerdet. Det gamle Luma svart/kvitt skjermen åt far min i besta stova viste tippekampen med gong gong på 70 talet, og magien og det åndelege kom til meg gjennom Norman Hunter`s forsvarsspel. Her var det andre kjelder ein fekk opplæring frå, enn Skisten på smågutetreningane sine innspel. Ein høyrde sjeldent på Skisten sine råd, med det til fylgje at ein sjeldant vart tatt ut i truppen. Då var det noko anna med Joppa (Leeds-frelsar og LUSCOS medlem Jo Are Vik) treningane på bøen til Ivar`n i Neset, eller den gamle grasbana oppafor Tekla huset. Det var mangt å takla av framand element som freista med anna fotball filosofi enn Joppa frelsa. Eg håtta so vel at eg hadde ein lærball kjøpt hjå Lille Snille(Fjelstaden) på Kaien, for 19.50. Han smilte og ynskte meg lukka te. Det trengte eg fordi brått kom det framandelement på Tekla Stadion. Ein av dei var han dei kalla for IQ`en. Han var ikkje fotballinteressert, men treiv ballen i frå meg, og kasta han på eit bål får å sjå kva den tålte. Den raude blæra på ballen sprakk, og ballen eksploderte. Dette var før PPT kontoret, før mobbedebatten, før Bondevikske depresive reaksjoner. Det var ei hard tid å veksa opp i, og det vart ikkje betre av at ein måtte på Forbrukslaget å kjøpa ny ball. Ein skinnball kjøpt hjå mora te Basten og Lato (LUCOS og Ex-LUSCOS medlem) for 55. kr. Det var mykje pengar på den tida, og eg hugsa at Baste mora spurde om eg fekk lov til dette?. Det fekk eg. Det T T T T Th h h h he P e P e P e P e Pea ea ea ea eacock Ne cock Ne cock Ne cock Ne cock News nr. 137, Des ws nr. 137, Des ws nr. 137, Des ws nr. 137, Des ws nr. 137, Desember 2006 ember 2006 ember 2006 ember 2006 ember 2006

LOK LOK LOK LOK LOKALHI ALHI ALHI ALHI ALHIS S S S ST T T T TORI ORI ORI ORI ORISK HJ SK HJ SK HJ SK HJ SK HJØRNE ØRNE ØRNE ØRNE ØRNE

var ei lukkeleg tid i alle høve for eit bel der eg rusla mot Hatland for å testa den ut på Handballbana i kamp mot Vevlane(Man U fans) og Dengen(Stein Evensen) med plasterlapp over eine augo. Det var fleire som gjekk med plasterlapp over augo på den tid, eg hugsa i allehøve noverande formann i økonominemda i fotballaget Mons Kjetil “Colli” Vevle gjorde det.Det var noko med at augo stundom gjekk sine eigne veger, og det var snakk om briller, eller få kontroll over skjegling. Dette var før laseroperasjoner og kontaktlinser. I alle høve tok eg meg fyrst ein tur opp på den store “grusbana” og såg når bedriftslaga spelde kveldskampar eller når Osterøy trende. Ein av dei sprekaste på den tida var Bakers på Barkavikjæ(Ø.Solberg) som og var i slekt med IQ` en. Han var stor,sterk, og veltrend, og ein lokal Conan, som eg kom i krangel med om ballen var fotballlaget sin, eller min eige. Eg tenkte at om ikkje ballen var velsigna av Herbjørgje, så var i alle høve den “Bremnerske ånda” med meg kor eg i verda ville fara. Eg var med eit tilbake i no tida. Tankane vart snart avbrutt med at Solbergane ville starta opp igjen den neste treningsøkta. Arsene Wenger sine disiplar i lokalmiljøet er dei store pådrivarane på Old Boys treningane i Osterøyhallen. Det er uansett Leeds fansen som står seg i haldbar kvalitet, enten det er Lato, Janson, eller underteikna. Det er i alle høve ikkje berre Leeds som slit med spelarmateriell, det gjer eg og i min freistnad med å få melda på laget Nordmann Hunter`s til årets Ribbecup som snart er i tjømda. Leeds interessa er glissen i Nesjavegen. Blant åleinemødre(i alle høve stundom åleine),lite trimmvillge av ulik etnisk opphav,nasafnysande Manch. U. fan av S. Vest skulen, polakkar,mm, er det vanskelig å sjå det fotballmessige ljoset. Men det er der, men den skoddemessige svarteimen av Manch. U., Liverpool, og Arsenal fans stengjer for den gode sikta i så måte. I skrivande ligg Leeds imidlertid på nest siste plass. Etter å ha sett kampen mot Southend i serien er det ein god del å jobba med for klubben, sjølv om det der og då vart siger for klubben. Ein trur uansett Dennis Wise er den rette trenaren for Leeds, sjølv om ein har slått i frå seg opprykk denne sesongen. I den søte joletid er det vel mogelig å tru på eit under eller to? No lurar ein på om LUSCOS medlem Kalle (Frode Kallekleiv) stiller som keeper i årets ribbecup. I fjor måtte han melda forfall, men han burde no væra trent og interessert nok til å stå i T T T T Th h h h he P e P e P e P e Pea ea ea ea eacock Ne cock Ne cock Ne cock Ne cock News nr. 137, Des ws nr. 137, Des ws nr. 137, Des ws nr. 137, Des ws nr. 137, Desember 2006 ember 2006 ember 2006 ember 2006 ember 2006

mot fotballhærføraren Jajen(Lucos medlem)og laget hans inne på Lobas. Det er vel von i hangane snøre. Eg har uansett sett som krav at dei stillar i Leeds drakt, eller i alle høve stiller i kvit overdel, so får me sjå kva ein klarar å trokla i saman. Det er i skrivande stund(i byrjinga av November) ikkje særs hyggelig å væra Leeds fan. Det åndelege er i ferd med å glippa, men det er eit ljos der framme om at ein gong er LEEDS UNITED tilbake i Premiere League. For å sitera Martin Luther King: “I have a dream....” Det er mange kampar i Julestria, mangt kan skje. Ribbecup og Championsship Leeds. Det er nok å tenkja på. For tida ljoser det i stille grender. La det ljosa litt på Leeds og, i alle høve pittelitt. Med ynskje om eit god Leeds sesong, Jul, og Nyttår. So long!

Kurt Olav Helle 5282 Lonevåg

Det åndelege kom til meg gjennom Norman Hunter’s forsvarsspel....

57 57 57 57 57

This article is from: