SK I R STO I H AL RNE K O L HJØ
Av: Kurt Olav Helle
DE T LLJ JOSER I S TIL LE DET ST ILL GRENDER (MEN LLEEDS-L EEDS-L JOSE T EEDS-LJ OSET ER IK KJ ES OM FØR, DIVERRE .....) IKKJ KJE SOM DIVERRE.....) EI HI STORIE FRÅ LOK ALMIL JØE T. HIS LOKALMIL ALMILJ ØET
Akk og ve. Her om dagen byrja me igjen med Old Boys treningane i Osterøyhallen. Utruleg nok var det stort oppmøte. Til tider minna det om eit slektsstemne, avdi 85% av dei frammøtte var meir eller mindre i slekt me kvarandre. Ikkje nok med det dei fleste av dei var Arsenal-fans, og det let dei ikkje gå i frå seg. Formann i fotballgruppa Ivers meinte eg måtte kvitta meg med Leeds drakta, klyppa meg, å ta til vit. Eg ensa han ikkje og slo deretter ein pasning til LUSCOS-medlem Janson (Eivind Solberg d.y.) som putta ballen i mål. Dette låg for høgt for Arsenal fansen inne på Lono. Der og då kjente eg eit andeleg grep rundt sjela og hjarterøtene. Eg visste at det var den Bremnerske ånda som var i ferd med å festa seg. Ikkje heilt men stykkevis og delt. I pausen gjekk eg og satte meg for seg sjølv og mediterte meg tilbake til gamle dager. O du herlige 70 tall fyll mitt sinn, med tankar beståande av vinn vinn. Det var mange i Nesjavegen som ikkje forstod mi oppslukande interesse for Leeds United. I skulelivet på den små grendaskulen var det Småskulestyrar Herbjørg Hebbe og Mortensen som i fyrste rekkje ikkje forstod eit “spøtt”. Herbjørg var mest opptatt av at ein ikkje skulle banna, avdi ein då fekk makka på tunga. Ei tid banna eg ein del mot Arsenal-fansen Presten (Svein Arne Prestun) og Stumpy Stompen (Inge Jostein Solberg) avdi dei berre preika om Allan Ball og Charlie George som fotballens store spelarar. Dei vart uansett tagale når eg tok ein
56
“Huntersk takling” på Stumpy Stompen so han fauk i gjerdet. Det gamle Luma svart/kvitt skjermen åt far min i besta stova viste tippekampen med gong gong på 70 talet, og magien og det åndelege kom til meg gjennom Norman Hunter`s forsvarsspel. Her var det andre kjelder ein fekk opplæring frå, enn Skisten på smågutetreningane sine innspel. Ein høyrde sjeldent på Skisten sine råd, med det til fylgje at ein sjeldant vart tatt ut i truppen. Då var det noko anna med Joppa (Leeds-frelsar og LUSCOS medlem Jo Are Vik) treningane på bøen til Ivar`n i Neset, eller den gamle grasbana oppafor Tekla huset. Det var mangt å takla av framand element som freista med anna fotball filosofi enn Joppa frelsa. Eg håtta so vel at eg hadde ein lærball kjøpt hjå Lille Snille(Fjelstaden) på Kaien, for 19.50. Han smilte og ynskte meg lukka te. Det trengte eg fordi brått kom det framandelement på Tekla Stadion. Ein av dei var han dei kalla for IQ`en. Han var ikkje fotballinteressert, men treiv ballen i frå meg, og kasta han på eit bål får å sjå kva den tålte. Den raude blæra på ballen sprakk, og ballen eksploderte. Dette var før PPT kontoret, før mobbedebatten, før Bondevikske depresive reaksjoner. Det var ei hard tid å veksa opp i, og det vart ikkje betre av at ein måtte på Forbrukslaget å kjøpa ny ball. Ein skinnball kjøpt hjå mora te Basten og Lato (LUCOS og Ex-LUSCOS medlem) for 55. kr. Det var mykje pengar på den tida, og eg hugsa at Baste mora spurde om eg fekk lov til dette?. Det fekk eg. Det
The P ea cock Ne ws nr. 137, Des ember 2006 Pea eacock News Desember