Styrets hjørne
Godt år! Det er det me ynskjer kvarandre, vener, kjente og til og med ukjente kan me sei godt år til. Det er ein god og høfleg skikk, ved inngangen til eit nytt år, å sei «godt år» til kvarandre. No er dette litt seint. Men dette er blad nr. 1 og då er dette min første anledning til å sei godt år til Dykk. Med ynskje om eit godt år, meiner ein at vedkomande skal få eit år med god helse og gode opplevingar. Det er noko liknande som er drivkraft og motivasjon til oss småfehaldarar. Det med trua på, ved inngangen til eit nytt år eller ny sesong, at produksjonen vert enklare og meir lønsam. Og det med trua på at vinterens fôrbehaldning er drygare og av betre kvalitet, at kjeinga og lamminga går lettare i år, at sumaren ikkje vert for blaut eller for turr, at fleire dyr kjem heim att frå sumarbeite og at årsresultatet vert litt betre. Dette er utfordringar som dei fleste av oss har opplevd. Men med trua på at neste sesong går betre, so gyv me på att. Nokre utfordringar lyt me ha for å heva oss, men at dei ikkje er større en at ein klarar å meistre dei. Det er veldig leit å høyra om alle rovdyrdrepne sau og lam. Og det er veldig
8
leit å høyra om dei som må kaste hundrevis av mjølkeliterar på grunn av dårleg kvalitet. Dette er store saker for den enkelte bonde. Her er NSG ein stor pådrivar med å finne ut av og å gjera noko med problema. I skrivande stund, midten av januar, frys vatnet, fylltømaren stoppar og rundballelastaren startar ikkje. Då er det kjekt med eit godt apparat rundt seg. Ungane vart med på å fikse vatnet, elektrikaren fiksa fylltømaren og rundballelastaren trengte litt varme. Alt dette vart ordna med ein plan om at det skal gå betre neste år. Me har so mange ting og tang som kan gå i knas. Liv og helse har me berre ein av og været får me ikkje gjort noko med. Men om ein lærer av feila frå i fjor, kan neste år gå betre. Norsk Sau og Geit er småfebondens organisasjon. NSG jobbar for å betre kvardagen for småfebonden og dyra hans. NSG jobbar for å styrke økonomien i småfehaldet. NSG jobbar for betre og sikrare avlsarbeid. NSG jobbar òg med mykje, mykje meir. Det er berre å følge med i bladet eller på heimesida.
Sigurd Vikesland
Med ynskje om eit Godt År til Dykk alle. Sigurd Vikesland
1/2021 SAU OG GEIT