NO 22 FOTO: SOLVEIG GRÆSLI
FJELLVEGEN LESJAVERK
TUREN: Lett tilkomst til fjells! Fjellvegen er eit fint utgangspunkt for mange fantastiske turar i området både om sommaren og utpå vår-vinteren. Du finn mange lette turmål eigna for både små og store i vid omkrins her i og med at du startar like over tregrensa. Turmål som kan anbefalast er Kvannslåe, Merrabotn, Gråhøe, Merratind, Odolshøe, Vangshøe og vidare til Gåsbue på Dalsida. Fjellvegen er og mykje brukt som utgangspunkt for turmål som Damtjønn og Svanningbotn. Vinterkvista løype til Dalsida, elles lite av merka og skilta råk i området, så ta med kart og kompass.
Uansett turmål bevegar du deg raskt inn i Dalsida landskapsvernområde, som er eit viktig leveområde for Europa si siste opphavelege villreinstamme. Nyt synet, men vis omsyn. TILKOMST: Skilta avkøyring frå E 136, 3 km vest for Lesjaverk stasjon. Fjellvegen tek deg opp over tregrensa. To store parkeringsplassar i enden av vegen. Bomveg. Kontantar. Blir brøyta opp til påske.
960 moh Lett
vår/sommar/haust/vinter 32 V 474461 6898306
PÅ TUR I LESJA
39