Page 1

PÃ… TUR I LESJA OUTDOOR EXCURSIONS IN LESJA


FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

Utarbeid av: Solveig Græsli, Lesja kommune, 2017 Forsidefoto: Maria Kampesæter Kleiven Design: Løwehjerte Trykk: Grøset™


PÅ TUR I LESJA

Hytte ved Søreinbu

OUTDOOR EXCURSIONS IN LESJA

Eige eller leige

BJORLI

elvevandring // freesbeegolf // fotballgolf Turer mot Grøndalen, Svarthø, Hammarfossen, Grønfossen. Utsikt til Rondane. Skiløyper til Bjorli.

LESJASKOG

Pål Mølmen: 477 57 570 p.molmen@hotmail.com søreinbu.no

LESJAVERK

LORA/NORDMO OG LYFTINGSMO LESJA/KYRKJEBYGDE OG BØ

KJØREMSGRENDE Skulle barnehagen hatt nye tråtraktorar,korpset ny tuba til 17.mai eller kanskje hyttenaboane skulle ha spleisa på en snøfres? TEMASIDER Det kan DU enkelt gjera noko med i dag! Gå inn på www.spleis.no og start eit spleiselag! Del så spleisen så alle får vore med å bidrege med ein slant. Genialt ikkje sant? ENGLISH


FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

WELCOME TO LESJA

VELKOMMEN TIL TURELDORADOET LESJA! Med denne turguiden i handa og tur-appen Outtt på mobilen er du no klar for å utforske Lesja. Her kan du finne inspirerande turbeskrivingar, bilde og kart over turar i Lesja. Tur- og friluftsmoglegheitene i Lesja er uavgrensa. Her finn du milevis med stiar og gamle setervegar både for den som går og syklar. I elver og fjellvatn er det attraktivt fiske, og det er moglegheiter for fin padling på lett tilgjengelege vatn. Vinterdestinasjonen Bjorli finn du lengst vest i kommunen, med eit stort nettverk av godt preparerte skiløyper og flott turlandskap heile året.

Encircled by mountains, large nature formations and with its rich cultural heritage Lesja has an adventurous landscape to seek and explore. Lesja is surrounded by National Parks like Reinheimen and Dovrefjell-Sunndalsfjella. The possibilities for experiencing wildlife and outdoor activities here in Lesja are unlimited. Miles and miles of trails and old mountain farm paths are well suited for both hiking and biking. There is good fishing in rivers and lakes. The village of Bjorli is a large winter resort with several slopes and lifts, and has great crosscountry skiing.

Lesja-bygda strekker seg 6 mil frå ende til annan. Igjennom dalen går E136 og Raumabana jamsides med gamle ferdselsårer som den gamle Kongevegen og pilegrimsleia. Naturressursane har gitt grunnlag for liv her i uminnelege tider – det vitnar gamle fangstanlegg for villrein, restar etter stor jernverksindustri og det vakre kulturlandskapet om. I dag er Lesja ei aktiv landbruksbygd med stolte og lange tradisjonar.

In this outdoor excursionsguide you will find five handpicked hikes for you to discover the best of Lesja. Look at page 9599. We also recommend that you download the App “Outtt” where you will find a broad variety of other trips in Lesja, all with English description.

Oppdag Lesja og bli begeistra du og!

Explore Lesja!

4

PÅ TUR I LESJA


SERVICETILBUD Lesja Bygdemuseum /

Lesja fjellstyre / 

(+47) 906 82 070

(+47) 910 05 169

Sør Einbu

Blomsterstugu og Kafén / 

(+47) 477 57 570

(+47) 61 24 32 50

www.gudbrandsdalsmusea.no

www.søreinbu.no

Kolstad Gard  (+47) 976 49 372/975 60 274

www.lesja-fjellstyre.no

Avdem gardsysteri og Avdemsbue /  (+47) 477 57 573/951 83 026 www.avdem.no

www.kolstadgard.no

Tynnøl backpackers lodge (+47) 480 42 580 www.backpackerslodge.no

Sjongsvangen /

YX Bensin og Service, Bjorli (+47) 61 24 55 90 T-kroken kafé, Bjorli (okt.-april) /  (+47) 61 24 55 93

www.bjorliskiskole.no/t-kroken-kafe

(+47) 91 84 58 51 www.sjongsvangen.no

Joker Lesja

Bjorli skiskole og skiutleie / 

(+47) 61 24 31 83

www.joker.no/finn-butikk/joker-lesja

(+47) 61 24 55 93/90 11 99 90 www.bjorliskiskole.no

Coop marked Lora

Bjorli Lesja løypelag /

(+47) 61 24 37 31

www.coopinnlandet.no/butikker/marked/lora www.loyper.net/#bjorli

Lågen fiskeelv sone 7 (+47) 913 45 300

www.laagen-fiskeelv.no

Coop marked Lesjaverk (+47) 61 24 40 23 www.coopinnlandet.no/butikker/marked/lesjaverk

Brann/Fire: 110 | Politi/Police: 112 | Ambulanse/Ambulance: 113 PÅ TUR I LESJA

5


s 93 3 11

1 4 s 91

10 6

2

8

14 9 15

5

19 21 17

24

12 20

7

22 23

16 18

25 27

13 s 84

28

26

29

s 92

PÅ TUR I LESJA OUTDOOR EXCURSIONS IN LESJA SIDE 12–23

SIDE 48–59

SIDE 24–35

SIDE 60–71

SIDE 36–47

SIDE 72–83

KM

0

1

2

3

4

34

5

s 85

6

PÅ TUR I LESJA


s 86

30

s 87

s 90 32

31

33

42

38 35

39 36 40

45

43

41 44 s 93

52

53 37

49

46 47

51 60

48

50

54

55

59

56

58

57

PÃ… TUR I LESJA

7


OUTTT – DIN DIGITALE TURGUIDE FOR LESJA Finn enda fleire inspirerande turskildringar, bilde og kart over turmoglegheiter i Lesja med turappen Outtt! Last ned appen gratis på smarttelefonen din. I appen får du informasjon om kor lang turen er, vanskegrad og estimert tidsforbruk. Du får opp fine bilde, kart å gå etter, skildring av turen og korleis kome deg til startpunktet. Appen hjelper deg med å finne og planlegge nest utflukt. 8

I Outtt kan du og lage di eiga turbok. Her kan du spore turar, legge til bilde og skrive litt om alle dine spennande eventyr. Du kan og følgje vener og kjente på deira turar rundt om i landet. På nett finn du Outtt – Lesja her: www.outtt.com/lesja Oppdag tureldoradoet Lesja med lokalkunnskap i handa du og! PÅ TUR I LESJA


GANG- OG SYKKELVEG Lesja kommune har omtrent 55 km med gang- og sykkelveg langs E 136. Her kan du ferdast trygt til fots, på sykkel, med barnevogn og rullestol. Dei fleste strekningane er asfalterte og har fast dekke. Fleire stader er det plassert ut benker der du kan ta ein kvil og nyte utsikta. Mange stader heng gang- og sykkelvegen naturleg saman med grusvegar til å bli fine rundturar. Ein kan sjølv regulere lengda på turen, da ein som oftast kan velje kor langt borte ein vil før ein tek av for å begynne på tilbaketuren.

GEOCAHING – DIGITAL SKATTEJAKT PÅ TUR Geocaching er ein internasjonal aktivitet som passar for folk i alle aldrar. Det kan sammenliknast med orientering, men ein finn fram ved hjelp av GPS på telefonen i staden for kart og kompass. Ein leitar etter postar, kalla «cacher». Det uttalast kæsj på norsk. Cachene er plassert ut over store delar av verda, og du finn mange i Lesja. For meir informasjon sjå geocaching.com eller last ned appen «Geocahing ®».

CARWALKS LESJA Carwalks eller «bilvandringar» er retta mot dei som er på køyretur og som ynskjer å ta inn landskapet på ordentleg, ikkje berre gjennom bilvindauget. Carwalks er korte utvalde turar frå E136 som gjer at du som reisande får moglegheit til å strekke på beina og sjå nye plassar. Du finn carwalks både i Lesja og Rauma kommune. Sjå eiga brosjyre med beskrivingar. Turane på side 15, 28, 44, 52 og 65 er carwalks som du finn i denne guiden.

VED VILTULYKKE ETTER BILVEG RING 02800 PÅ TUR I LESJA

9


BEITEDYR

FERDSEL OG OMSYN

I Lesja er det mykje bufe på beite vår, sommar og haust. Hugs derfor å late att grinder og hald hunden i band. Dersom du skulle kome over eit skada eller daudt bufe på tur, gjer følgjande: • Varsle Lesja kommune sin rovvilt-telefon: (+47) 488 92 160.

• Allemannsretten står sterkt i Norge. Den seier at ein kvar kan ferdast til fots i utmark heile året når det skjer med omsyn og ein er varsam.

• Merk deg gjerne GPS-koordinatar om du kan, samt øyremerke med nr. og namn. • Ta gjerne nokre nærbilete av dyret og av dyret med omgivnadane. • Dekk gjerne til dyret med noko kvist, dersom det ligg ope til. Merk staden med noko eller sjå etter særskilde teikn i terrenget for betre å beskrive staden til rovviltkontakten. • Meld frå om du ser dyr på beite etter 30. september til rovvilt-telefonen.

• Hugs at Lesja er ein av dei tørraste stadane i landet, så ver ekstra oppmerksam ved fyring av bål. Det er i følgje lova i tida 15. april til 15. september ikkje tillate å gjera opp eld i eller i nærleiken av skogsmark. • Praktiser sporlaus ferdsel etter beste evne, ta med søpla heimatt.

Frå sommaren 2017 er det fleire gardbrukarar som tek i bruk «Beitesnap», ein App som er utvikla for at alle som ferdast i naturen enkelt kan melde frå om beitedyrobservasjonar. Appen er gratis, enkel i bruk og verkar online, offline og i ettertid. Slik teknologi er stadig under utvikling.

10

• I Lesja kommune gjeld den generelle bandtvangen for hund i perioden 1. april – 20. august, men også i tida frå og med 21. august til og med 1. oktober i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar. Det same gjeld på og ved preparerte skiløyper og i skileikanlegg medan dei er preparerte.

• All utfart er på eige ansvar. Turbeskrivingar i dette heftet er berre rettleiande.

PÅ TUR I LESJA


TIPS TIL TUREN Av kart anbefaler vi den nye Norge-serien (2015) i målestokk 1:50 000. Dei tåler vatn og er rivesikre. For å dekke heile Lesja treng du to kart – Lesja 10072 og Tafjord 10071. Skal du på lengre turar til fjells, hugs å sjekke vêrmeldinga. Ta med

nødvendige klede, mat, drikke og utstyr. Ha god kunnskap om bruk av kart og kompass. Vêr obs på at det er ikkje sikkert det er god mobildekning dit du skal. Meld frå til nokon du kjenner om kvar du tenkjer å ferdast.

SYMBOLFORKLARING Lett

Tilrettelagt bålplass

Middels

Tilrettelagt fiskeplass

Vanskelig

Bilvandring (Carwalks)

Vandreruter

Estimert tid tur/retur

Skiruter

Avstand i kilometer

Sykkelruter

Høgde over havet ved stigstart

Pilegrimslei

Høgdeforskjel på turen

Fottur

Anbefalt sesong

Sykkelrute

GPS koordinat ved stigstart

Høyfjellsløyper

Attraksjon

Langrennsløyper Badeplass

PÅ TUR I LESJA

11


PÅ TUR BJORLI & RÅNÅ OUTDOOR EXCURSIONS BJORLI & RÅNÅ

3

4

6

8

5

7

0

1

2

3 Asbjørndalen

KILOMETER

12

PÅ TUR I LESJA


1

10 2

9

Einbusetre

PÃ… TUR I LESJA

13


NO 1

BØVERBOTTEN/ EIKESDALEN FOTO: LAILA BRØSTE

BJORLI

TUREN: Dette er ein kjempefin tur for heile familien opp til Bøverbotten. Råket er merka og tek deg opp langs høgre side av elva Bøvre. Åa har flotte elvestryk og fine fossar oppetter. Etter om lag 3,5 km med jamn stigning er du komen opp over skoggrensa. Rett før du kjem til Bøvervatnet kjem du til eit vegskilje. Hald til venstre for å kome til Bøverbotten.

TILKOMST: Sving av E136 i rundkøyringa på Bjorli. Parkering ved Bjorli skisenter, avgift betalast med kort. Stien startar ved parkeringa og går vidare opp mellom elva Bøvre og skitrekket.

Held du til høgre, følgjer du stien og den gamle ferdselsvegen til Eikesdalen. Ved høg vassføring kan det vere vanskeleg å krysse åa rett aust for Bøvervatnet. Etter kvart går du gjennom den lange og flotte Gravdalen før du kjem ned i sjølve Eikesdalen. Dette er ein lang tur i høgfjellet på nærare 24 km, så den krev turerfaring.

Middels 14

3–4 t/r

570 moh

sommar/haust

4 km

463 m

32 V 459066 6904054

PÅ TUR I LESJA


NO 2 FOTO: THERESE GJERSØE HOLE

BØVERTRÅKKET BJORLI

TUREN: Bøvertråkket er den perfekte rundturen for små føter, barnevogn, sykkel og heile familien på nærtur. Det er ein lett tur, med lite høgdeskilnad og variert natur og gjenstandar å oppdage undervegs for nysgjerrige barneauge. Underlaget er noko på grus, noko sti og noko asfalt midt i sentrum av Bjorli. Ein har mange moglegheiter for å korte ned eller forlenge runden etter ønske. Bøvertråkket går frå YX bensinstasjon vestover Parallellvegen til Bøvervegen, mellom hyttefelt og over elva Bøvre før ein kjem opp på vegen bort til skisenteret. Vidare følgjer en Løkjevegen bort til Vetlegrenda, kryssar Skriuvegen og går i retning Furulund, der du kjem inn på

Lett

Ljosmyre og følgjer den ned til E136. Kryss denne og fortsett rett fram, over jernbana og ned til elva Rauma. Fylg denne vestover eit lite stykke. Det er ein fin badeplass akkurat der du går opp Vasstårnvegen til rundkøyringa og YX att. TILKOMST: Sving av E136 i rundkøyringa på Bjorli. YX bensinstasjon har du på venstre hand, Bunnpris på høgre. Stor parkering ved Bjorli skisenter, avgift betalast med kort. Denne turen er skilta som ein carwalk/ bilvandring frå YX bensinstasjon.

1,5 t/r

275 moh

sommar/haust

5 km

15 m

32 V 458732 6903240

PÅ TUR I LESJA

15


NO 3 FOTO: BIRGITTE BJØRDAL

BJORLITOPPEN BJORLI

TUREN: Bjorlitoppen er det største og næraste fjellet på Bjorli, og er blitt eit populært og ynda turmål heile året. Turen til toppen sommarstid er lettgått med god sti. Når du kjem opp kan du gå på den bakarste toppen, frå her vil du ha eit fantastisk utsyn vestover mot eit heilt annleis fjellandskap. Du kan starte fleire plassar, frå anbefalt parkering er det enklast å byrje med å følgje den skilta stien til Bøverbotten frå skisenteret, sjå tur nr. 1. På høgde med dei øvste gardane tek du av mot venstre og kryssar elva Bøvre, som stien no går på venstre side av. Du kan og byrje med å gå delar av Bøvertråkket, sjå tur nr. 2, og gå inn på stien frå Lykkemyrvegen.

Middels 16

Om vinteren går nokon på skifeller frå parkeringa, medan andre tek fjellheisen og renner på skrå mot Bøverbotten. Her gjeld det å krysse høgt oppe for å krysse elva, så kjem fellene på siste biten mot toppen. TILKOMST: Sving av E136 i rundkøyringa på Bjorli. Parkering ved Bjorli skisenter, avgift betalast med kort.

5 t/r

570 moh

sommar/haust/vinter/vår

5 km

681 m

32 V 459066 6904054

PÅ TUR I LESJA


NO 4 FOTO: OLE KRISTIAN SILSETH

RÅNÅ - BRØSTDALEN RÅNÅ

TUREN: Ein fin sykkeltur i skog og terreng som kan kombinerast med fleire moglegheiter. Denne strekka bak Rånåkollen er i dei seinare åra tilrettelagt for sykling. Frå Rånå følgjer du vegen til endes og kjem inn på grusa veg. Ferda går langs Asbjørnsåa og over Stormyra i relativt flatt terreng. Ved Kårebu er det fint å raste i gapahuken. Vidare går det unna bakke til du kjem ned til Brøstdalsvegen, ca 1 km frå E 136. Du kan velje å sykle innover flotte Brøstdalen, langs elva Ulvåa, for å forlenge turen.

av det, kan du frå Brøstdalen sykle langs E 136 attende til Bjorli. Obs! Her er det ikkje gang- og sykkelveg, og vegen er tidvis sterkt trafikkert. No kan ein faktisk starte frå Brøstvegen ved fylkesgrensa til Møre og Romsdal og følgje samanhengande sykkelsti gjennom heile Lesja til Dombås i Dovre kommune. Sjå meir om denne turen på s. / tur nr. 17. TILKOMST: Køyr av E 136 1,3 km aust for Bjorli skilta til Rånå. Følg vegen ca. 4,2 km og parker på ei stor parkering på venstre hand. Parkeringsavgift.

Du kan og starte frå Bjorli sentrum og sykle opp til Rånå før du startar på denne turen. Om du ønskjer å lage ein rundtur

Lett

2 t/r

712 moh

sommar/haust

7 km

200 m

32 V 456315 6900780

PÅ TUR I LESJA

17


NO 5 FOTO: GUNHILD FLØTTUM

KVERNHUSSTIEN RÅNÅ

TUREN: Ein fin, kort og lettgått tur for heile familien, med mykje spennande å utforske for dei aller minste. Stigen følgjer ein traktorveg bort til Asbjørnsåa, der stigen deler seg. Turen går til høgre, men om du ønskjer ein litt lengre tur kan du ta til venstre oppover langs elva og opp til Amerikasteinen. Med denne avstikkaren blir turen totalt på litt over 4 km. Her snur du og går ned att til krysset og vidare ned langs elva. Du går over Geitbrue og følgjer kanten av eit jorde, så over St. Olavsberget bort til Kvernhusfossen. Litt nedanfor fossen ligg eit restaurert kvernhus. Her er det fint å raste. Frå her går stigen vidare opp mot Rånåvegen og fylgjer den til parkeringsplassen att.

Enkel 18

Kvernhuset vart flytta hit i 1913 frå lenger oppe i elva, på Rånåmoen. Det er hogd inn 1841 i gavelen på huset. Siste gongen kverna var i bruk, var truleg under 2. verdskrig. TILKOMST: Køyr av E 136 1,3 km aust for Bjorli til Rånå. Følg vegen ca. 4,2 km og parker på ei stor parkering på venstre hand. Parkeringsavgift.

1 t/r

712 moh

sommar/haust

3 km

43 m

32 V 456281 6900770

PÅ TUR I LESJA


NO 6 FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

RÅNÅKOLLEN RUNDT BJORLI/RÅNÅ

TUREN: Dette er ei populær og fin rundløype som slynger seg rund den karakteristiske Rånåkollen i open skog. Løypa er lettast å gå mot solas retning, men har lettast nedkøyring med solretninga. Oppe ved Kårebu, der Brøstdalsløypa òg kjem inn, er det fint å ete nista. Det er ein gapahuk her med ei bålpanne, så ta med litt ved om du ønskjer å grille pølser. Frå her mot Rånå er det jamnt og fint terreng. For barnefamiliar med små ungar kan det vere fint å starte i Rånå og gå med sola til gapahuken. Frå Rånå går det unna med morosam nedkøyring attende til Bjorli. Ver obs ved kryssing av Rånåvegen.

Middels

TILKOMST: Parkering ved miljøstasjonen rett vest for Bjorli tog-stasjon, ca 300 m vest for rundkøyringa. Gratis parkering. Her startar skisporet som tek deg under jernbana og over ei bru for å krysse elva Rauma, og vidare inn på løypenettet på sør-sida av dalen. Du kan òg køyre av E 136 1,3 km aust for Bjorli. Her har du to val. 1) Bølia skistadion, følgje vegen til Rånå over elva og fyrste til høgre. Stor parkering. 2) Rånå, følgje Rånåvegen ca. 4,2 km, og parkere på ein stor parkeringsplass på venstre hand. Parkeringsavgift. Skiløypa går rett forbi her.

2 t/r

572 moh

vinter

14 km

138 m

32 V 458467 6903396

PÅ TUR I LESJA

19


NO 7 FOTO: LIV KLARA ENSTAD

ASBJØRNSDALEN RÅNÅ

TUREN: Vakre Asbjørnsdalen er eit eldorado for mange fine turar heile året og er ein god innfallsport til Reinheimen nasjonalpark. Godt, lettgått råk innover dalen. Når ein kjem over skoggrensa opnar høgfjellet seg og du må gå ditt eige sporval. Brennhø er den næraste toppen å nå, elles har du Kvernhushøi, Gravarhøi og Herrahøene som alle er passande dagsturmål. Vårskiturar i Asbjørnsdalen anbefalast.

TILKOMST: Køyr av E 136 1,3 km aust for Bjorli til Rånå. Følg vegen ca. 4,2 km og parker på ei stor parkering på venstre hand. Parkeringsavgift.

Lesja fjellstyre har tre hytter til utleige 3-6 timars gange opp Asbjørnsdalen; Skurveosbua, Nordre Grønvatnbua og Storvatnbua.

Middels 20

7 t/r

712 moh

vår/sommar/haust/vinter

9 km

423 m

32 V 456281 6900770

PÅ TUR I LESJA


NO 8 FOTO: THERESE GJERSØE HOLE

RÅNÅKOLLEN RÅNÅ

TUREN: Rånåkollen er ein karakteristisk og populær fjelltopp midt i dalen ved Bjorli. Turen opp er noko bratt, men til gjengjeld kort, noko som gjer Rånåkollen til ein av dei mest tilgjengelege toppturane i heile Lesja. Følg merking og vis omsyn til gardsdrift, gå i kanten av jorde og lat att alle grinder. Dyr kan vere på beite. Frå toppen ser du mykje vakkert fjellandskap – i sør ser du rett inn i flotte Asbjørnsdalen og Reinheimen nasjonalpark. I vest ragar Tafjordfjella og Romsdalsfjella. I nord ser du ut over destinasjon Bjorli, med Bjorlitoppen, Kollhøi og Kongelberget som omkransar skitrekket og hyttene, før du i aust let

Vanskelig

blikket kvile over vidstrakte Lesjaskog. Rånåkollen er mykje gått om vinteren med toppturski. Same trasè på austsida eller for lengre nedkøyring, følg Bølivegen og ta sikte på radiomasta både opp og ned. TILKOMST: Køyr av E 136 1,3 km aust for Bjorli til Rånå. Følg vegen ca. 3 km og parker ved gamle Rånå skule på høgre hand. Er det fullt her, finn du 1,5 km lengre framme ei kjempestor parkering. Parkeringsavgift. Gå Rånåvegen attende til startskilt til Rånåkollen ved Haugengardane.

3 t/r

705 moh

sommar/haust/vinter/vår

3 km

457 m

32 V 457716 6900916

PÅ TUR I LESJA

21


NO 9

EINBULØYPA FOTO: LAILA BRØSTE

BJORLI

TUREN: Ei glimrande skiløype å velje for søndagsturen. Einbuløypa går i fint, småkupert terreng i solsida av dalen, mellom Bjorli og Lesjaskog. Den snor seg ganske høgt innunder Kongelberget og er for det meste skjerma av skog, men kan vere noko utsett for vind på dei høgste punkta av traseen. Anbefalt retning er å gå mot klokka. Der løypa vender lengst aust, ved Søreinbuåa, der er det ein gapahuk der du kan legge inn ein rast. Her finn du informasjon om ei digital gjestebok du kan nytte for å registrere turen din hit. Du kan velje å starte turen frå Bjorli eller Sør-Einbugardane. Det er og ein gapahuk ved skiløypa ved SørEinbugardane. Sjå loyper.net/#bjorli for info om alle skiløyper på Bjorli.

Middels 22

TILKOMST: Tri moglegheiter. På Bjorli køyrer du av E 136 i rundkøyringa og inn Bjorlivegen. Sving til høgre inn Skriuvegen etter butikken. Følg denne vegen eit godt stykke oppover hyttefeltet. I eit vegskilje: 1) Sving til venstre inn Liarbergvegen, forbi Bjorli låve, følg framleis Liarbergvegen. I krysset med Sjenstadbergen, hald venstre og P er i enden av vegen i andre avkøyring på venstre hand. 2) Sving skarpt til høgre, fortsett oppover Skriuvegen og vidare Kongelbergvegen, mange svingar, hald hovudleia. I ein venstresving er det P til fire-fem bilar. Einbuløypa er skilta frå start ved P her. 3) Parkering ved Sør-Einbu og Øyom event.

2 t/r

715 moh

vinter

12 km

145 m

32 V 460335 6902653

PÅ TUR I LESJA


NO 10 FOTO: LIV KLARA ENSTAD

KONGELBERGET BJORLI

TUREN: Kongelberget har blitt ein ny favoritt-tur for mange på Bjorli. Den er lett tilgjengeleg, fin for heile familien og mange av dei som bur på hytter her, har fjellet så og seie i eigen bakgard. Frå Kongelberget ser ein ut over heile Bjorli, innover fjellet og austover mot Lesjaskogsvatnet. Det vil bli arbeidd lokalt for å få merka og skilta denne stien. Sjekk tur-appen Outtt for gps-spor å følgje til Kongelberget. Det er primært to leier som blir nytta. Frå parkeringa i Kongelberget hyttefelt kan du gå opp sør for fjellet, eller via fortoppen Vetlfjellet, mot Nedre Liarberget og inn på leia som går opp frå parkeringa i Liarbergvegen. Frå her kan du krysse to små åer, følgje lia opp til Nedre Liarberget, halde ryggen opp og dreie opp mot Kongelberget for å unngå

Middels

bratta på framsida av fjellet. TILKOMST: To moglegheiter. På Bjorli køyrer du av E 136 i rundkøyringa og inn Bjorlivegen. Sving til høgre inn Skriuvegen etter butikken. Følg denne vegen eit godt stykke oppover hyttefeltet. I eit vegskilje: 1) Sving til venstre inn Liarbergvegen, forbi Bjorli låve, følg framleis Liarbergvegen. I krysset med Sjenstadbergen, hald venstre og P er i enden av vegen i andre avkøyring på venstre hand. 2) Sving skarpt til høgre, fortsett oppover Skriuvegen og vidare Kongelbergvegen, mange svingar, hald hovudleia. I ein venstresving er det P til fire-fem bilar. Einbuløypa er skilta frå start ved P her.

3,5 t/r

715 moh

sommar/haust

4 km

458 m

32 V 460335 6902653

PÅ TUR I LESJA

23


PÅ TUR LESJASKOG OUTDOOR EXCURSIONS LESJASKOG

11

14

Håmårfossen

12

Einbusetre

0

1

2

13

3

KILOMETER

24

PÅ TUR I LESJA


15 19

Dambrua

17 20

Fjellvegen

16 18

PÃ… TUR I LESJA

25


NO 11 FOTO: LIV KLARA ENSTAD

SØREINBUSVATNET LESJASKOG

TUREN: Søreinbusvatnet er eit høgareliggjande vatn som ligg vakkert til mellom Kollhøi og Svarthøi, like innafor Dalsida landskapsvernområde. Turen er ein fin dagstur, og særs lettgått over tregrensa. Ein fin avstikkar og alternativt turmål er Kongelberget som er til venstre for deg når du kjem opp over skoggrensa. Frå her har du utsikt over Bjorli.

TILKOMST: Parkeringsplass ved E136, avkøyringa til Nørdre Søreinbu, ca. 3 km vest for Lesjaskog sentrum. Parkeringsplassen ligg i området til Øyom fotballgolf.

I fotballgolfområdet ved parkeringa er det lagt ein universelt tilpassa tursti som er 1,5 km lang for dei som ønskjer ein kortare tur.

Middels 26

7 t/r

599 moh

sommar/haust

8 km

643 m

32 V 464098 6900564

PÅ TUR I LESJA


NO 12 FOTO: THERESE GJERSØE HOLE

GRØNDALEN VEST LESJASKOG

TUREN: Grøndalen er ein vakker dal og eit flott turområde med mange moglegheiter. Turen frå Håmårfossen/Bergene følgjer den gamle setervegen til Uppistugu Kvam-setra på vestsida av Grøndalen. Du kan og følgje sykkelstien vidare mot Grønfossen. Ved Kvitlan kan du følgje skilta sti/traktorveg mot Grøndalen, eller du kan fortsete sykkelstien til fossen. Ved Grønfossen går det eit råk som du kan følgje inn på setervegen til Kvam-setra att, eller du kan gå råket som følgjer den vestre elvebredda til Storgrøna opp til same setra. Å følgje elva er ein spektakulær tur, der du ser ned i det buldrande elvejuvet heile turen. Det er hengebru over elva i dalen mellom Uppistugu Kvam-setra og Sandåa, slik at du kan velje å gå austsida ned att. Sjå tur nr. 13. Ein kan lage

Middels

mange rundturkombinasjonar her! Ved Håmmårfossen er det rasteplass. Fossen har namn etter stongjernshammaren som var plassert her under drifta av Lesja jernverk (1660-1810). TILKOMST: Køyr av E 136 1,3 km aust for Bjorli og følg skilting til Bjorli flyplass. Følg Brekkelivegen forbi flyplassen til vegen sluttar ved Bergene. Alternativt: Parkeringsplass ved E136, avkøyringa til Nørdre Søreinbu, ca. 3 km vest for Lesjaskog sentrum. Parkering i området til Øyom fotballgolf. Kryss E136 og Raumabana, gå ned til Kvitlebrua, følg nordsida av Rauma nedstrøms/vestover ein liten km. Her ved Håmårfossen kan du krysse brua og starte turen ved Bergene.

4,5 t/r

590 moh

sommar/haust

5 km

385 m

32 V 463313 6900131

PÅ TUR I LESJA

27


NO 13

FOTO: JORUNN EINBU

GRØNFOSSEN – GRØNDALEN AUST LESJASKOG

TUREN: Dette er eit særdeles flott turområde for små og store. Ein kan sjølv regulere lengda på turane ut i frå det utal moglegheiter ein kan kombinere her. Sjå også beskrivingar for tur nr. 12. Grønfossen er majestetisk og vel verd eit besøk om våren når vassføringa er stor. I elva er det spor etter gamle kvernhus. Frå sykkelstien mellom dei to nemnde parkeringsmoglegheitene går det ein kjerreveg opp forbi Grønvesetra, til Enstadsetra og Sy Kvam-setra på austsida av Grøndalen. Om du går til Grønfossen fyrst, har du to stiar å velje mellom for å kome deg opp på kjerrevegen og vidare innover dalen. Du går rett opp til Grønvesetra eller du kan gå på austre elvebredd av elva

Middels 28

opp. Du kjem innpå kjerrevegen like etter det trongaste elvepartiet. Frå Sy Kvamsetra er det varda sti vidare til Nysetra i Lordalen, ein lengre tur for turvante. Det er hengebru over elva litt lengre inn i Grøndalen, mellom Sandåa og Uppistugu Kvam-setra på vestsida av dalen. TILKOMST: Køyr av E136 og kryss jernbana rett nedanfor vestre innkøyring til Lesjaskog sentrum, ca 1 km til parkeringsplass. Du kan og svinge av E136 1,8 km aust for den vestre innkøyringa til Lesjaskog sentrum eller 1 km vest for den austre innkøyringa til Lesjaskog sentrum. Kryss jernbana og parker ved Dambrua, nokre plassar langs vegen.

4 t/r

620 moh

sommar/haust

4 km

320 m

32 V 465167 6899509

PÅ TUR I LESJA


NO 14 FOTO: THERESE GJERSØE HOLE

LIAHOVDANE LESJASKOG

TUREN: Liahovdane byr på nydeleg utsikt til Rondane i aust og Romsdals- og Sunnmørsfjella i vest. Ein fin tur som passar for dei fleste i familien. Følg merka stig forbi gardane, oppover lia, langs Mølmsåa og vestover til toppen som ligg 1296 moh.

TILKOMST: Sving av E 136 til Lesjaskog sentrum. Køyr 150 m vestover frå Bunnprisbutikken og følg vegen opp til Øverli. Parker på tilvist P-plass ved fjøset.

Den store engelske komponisten Fredrick Delius (1862-1934) hadde sommarhytte i Øverli. Det store ønsket hans var å koma til toppen av Liahovdane, men på grunn av alvorleg sjukdom var dette svært vanskeleg å få til. Enden var at det vart laga ein spesiell stol som Delius vart boren i, og han fekk til slutt ønsket sitt oppfylt.

Middels

4 t/r

725 moh

sommar/haust

3 km ein veg

571 m

32 V 466344 6901151

PÅ TUR I LESJA

29


NO 15

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

AURSJØHYTTA, EIKESDALEN OG SKOTTÅBOTNEN LESJASKOG

TUREN: Ein lang dagstur i fint og lettgått terreng i Dalsida landskapsvernområde over fjellet frå Lesjaskog til vakre Eikesdalen og Aursjøhytta. Kristiansund og Nordmøre turistforening har merka rutene. Før Nedre Mølmsvatnet deler stien seg, der du tek den vestre mot Eikesdalen eller den høgre mot Aursjøhytta. Aursjøhytta er betjent om sommaren og ligg ved demningen til den 30 km lange Aursjøen mellom Dovrefjell og Sunndalsfjella nasjonalpark og Dalsida landskapsvernområde. Bilveg fram til hytta via Eikesdalen.

Vanskelig 30

Ein fin og langt kortare rundtur med utgangspunkt her, er å følgje stien langs det djupe Skottågjelet mot Skottåbotnen og Storhøa (1868 moh). Gå over Storhøhalsen til Mølmsbotnen (ikkje merka sti) og ned att DNT-stien. Frå Storhøhalsen har du utsikt over heile Lesjaskogsvatnet. TILKOMST: Køyr av E 136 til Lesjaskog sentrum. Køyr Øverbygdsvegen og parker etter denne ved Enstadgardane. Sjå etter skiltet ”Aursjøhytta”. Gå opp vegen eit lite stykkje. Stien byrjar i siste venstresving før gardane.

8 t/r

720 moh

sommar/haust

24 km

840 m

32 V 467502 6901022

PÅ TUR I LESJA


NO 16

KAMPEN FOTO: OVE FURUHEIM

LESJASKOG

TUREN: Kampen er eit karakteristisk fjell på sørsida av Lesjaskogsvatnet. Det er ein flott tur opp, og utsikta er upåklageleg. Det er merka råk over Raudberget til Kampen. Turen frå Dambrua til Kampen er ca. 5 km. Du har fleire moglegheiter for turkombinasjonar her. Frå toppen kan du følgje råket vidare på vestsida av elva Hyrjon og kome ned ved Tandsetre på Lesjaverk. Det er svært bratt øvst ved elva. Pass på i fuktig vêr, da er svaberga særs glatte. Det er spektakulært å følgje elva som har fleire fine fossar. Merka avstikkar til Vesle Hyrjonfossen som er vel verd eit besøk. Heile ruta blir da på 9,8 km. Øygardsråket kan og vere ein kombinasjon. Det går sti frå

Vanskelig

Øygardssetrane til Raudberget langs åa Rota. Dette er ein gamal krøtersti opp til gode beiteområde på Raudbergan. Følg så stien til Kampen ned att til Dambrua for ein rundtur. Frå Lesjaskog sentrum går det sti over Haugabrua. Denne stien møter stien frå Dambrua til Kampen. TILKOMST: Køyr av E136 ned mot Lesjaskogsvatnet ca. 1,8 km aust for den vestre innkøyringa til Lesjaskog sentrum eller 1 km vest for den austre innkøyringa til Lesjaskog sentrum. Kryss jernbana og parker ved Dambrua, nokre plassar langs vegen her. Brua er stengt med bom. Stien startar på andre sida av brua.

4 t/r

615 moh

sommar/haust

5 km

754 m

32 V 466997 6899724

PÅ TUR I LESJA

31


NO 17

SYKKELSTI BJORLI - DOMBÅS FOTO: JORUNN EINBU

LESJA

TUREN: 75 km med fin sykkeltrasé frå fylkesgrensa til Møre og Romsdal i Brøstdalen til Dombås i Dovre kommune. Løypa er godt skilta og går for det meste etter grusveg og skogsråk på sørsida av Lesjadalen. Turen startar i skogsterreng og går austover etter grusveg og parti med grusa sti. Lett kupert trasé frå Lesjaskog til vegen flatar ut langs idylliske Lesjaskogsvatnet. Frå Lesjaverk stig grusvegen jamt til Lora. Strekket langs Lesjaleira er ope og fint langs Lågen. Vidare går traséen etter Vestsidevegen på asfalt til Dombås.

Middels 32

Alternativt kan ein starte frå Bjorli. Det er elles mange moglegheiter for tilkomst til sykkelstien undervegs. TILKOMST: Start frå Brøstvegen ved fylkesgrensa, skilta Brøste. Etter ca. 1,2 km ta av til venstre og følg grusvegen til endes. Sykkelstien er merka med treskilt med sykkel på.

5,5 t (ein veg)

528 moh

sommar/haust

75 km (ein veg)

122 m

32 V 454475 6905272

PÅ TUR I LESJA


NO 18

FOTO: MORTEN KIELLAND

HYRJONFOSSEN AUST LESJASKOG

TUREN: Hyrjonfossen er absolutt eit vakkert turmål. I mai og juni er vårløysinga på det største, og fossen går stor. Denne stien tek deg med opp på austsida av elva Hyrjon. Råket går opp frå Nørdre Tandsetre og følgjer Langranden til Hyrjonfossen. Terrenget her er lettare enn på vestsida.

TILKOMST: Køyr av E 136 rett vest for Thøring Hyttefabrikk på Lesjaverk og ned Tandsetervegen. Køyr over brua og parker her.

Vil ein over Hyrjon mot Kampen, må ein fortsetja høgare oppetter snaufjellet før ein kan krysse elva. Sjå tur nr. 16 for eventuelle turkombinasjonar på vestsida av Hyrjon.

Middels

2 t/r

620 moh

sommar/haust

2,5 km

316 m

32 V 472574 6896557

PÅ TUR I LESJA

33


NO 19 FOTO: MORTEN KIELLAND

ÅHEIM – FJELLGRUVA BRYGGJA LESJASKOG

TUREN: Å gå i fotefara til dei som arbeidde i fjellgruva her for snart 360 år sidan, gir ein ekstra dimensjon på denne turen. Historia her er rik. Frå Åheim kjem ein etter kvart opp på Gruvliløypa. Stien går vidare bratt opp frå Brandlie og ein kjem inn på kulturstien i Gruvlia gruver. Råket er merka og skilta, men informasjonstavlene ber preg av elde og slitasje. Det er storslått utsikt over dal og fjell frå her, og stien går forbi dei største gruvene som leverte malm til Lesja jernverk (1659-1812). Ein kan velje å gå ned til Bryggja eller gå Gruvliløypa attende til stien frå Åheim. Fleire moglegheiter her.

Middels 34

Gruvlia var produksjonsgrunnlaget for Lesja jernverk, det var her dei største og viktigaste gruvene låg. Bergmalmen vart køyrd med hest ned til Bryggja, der den vart frakta vidare austover til masomnen ved Lesjaverk. TILKOMST: Parker ved Åheim camping, like ved E136, 2 km aust for austre innkøyring til Lesjaskog sentrum. Eller parker ved Bryggja, stor P på nordsida av E 136 ca. 5 km vest for Lesjaverk. Merka med severdigheitsskilt og Gruvlia.

4 t/r

625 moh

sommar/haust

6,5 km

435 m

32 V 470078 6899596

PÅ TUR I LESJA


NO 20 FOTO: JO MOSENDEN

GRUVLILØYPA LESJASKOG

TUREN: Ei fin og lett kupert skiløype for alle. Gruvliløypa går i den solvendte lia mellom Lesjaskog og Lesjaverk. Løypa er lun og skjerma for mykje vêr, men har og fine utsiktspunkt over Lesjaskogsvatnet fleire stader. Ein flott gapahuk er satt opp ved Gruvlia, ikkje langt frå der tilførselsløypa frå Bryggja kjem opp. Løypa blir trakka til helg og høgtid. Tilførselsløype frå parkering ved Bryggja, 5 km vest for Lesjaverk. Løypa frå her og opp til Gruvliløypa er ein fin motbakketur, med artig køyring ned att.

TILKOMST: Køyr av E 136 til Lesjaskog sentrum. Følg Øverbygdsvegen til endes og parker ved anvist plass nedanfor fjøset i Brandlie. Eller du kan starte på Lesjaverk. Køyr av E 136 rett vest for Coop Marked Lesjaverk, følg Søristuguvegen. Parkeringsplass i enden av Dosethvegen. Du kan og parkere ved Solheim grendehus like ved E136 ein liten km vest for Lesjaverk stasjon når det trakkes opp spor frå her.

Løypa kan nyttast som terrengsykkel-løype om sommaren.

Middels

2 t/r

720 moh

vinter/vår/sommar/haust

7 km en veg

25 m

32 V 470412 6900524

PÅ TUR I LESJA

35


PÅ TUR LESJAVERK

21

OUTDOOR EXCURSIONS LESJAVERK

23

Sendings

22 Fjellvegen

25

28

0

1

2

3

KILOMETER

36

PÅ TUR I LESJA

29


24

skorgje

30

27 26 Kvilarstein

PÃ… TUR I LESJA

37


NO 21 FOTO: MORTEN KIELLAND

SANDGRODROGJE LESJAVERK

TUREN: Dette er ein fin tur for dei fleste med jamn stigning opp lia. Råket går opp frå garden Sandgro og inn til tuftene av gamle Sandgrosetre, og vidare til Damtjønn. Sandgrosetre ved Damtjønn vart flytt hit frå dei gamle tuftene kring 1928. Det var tradisjonell seterdrift her fram til 1947.

Stien startar like etter garden du kjem til etter å ha kryssa elva Sandgroåe. TILKOMST: Køyr av E136 opp Gravsetvegen ved gamle Sletten skule, ca. 500 m vest for Fjellvegen. 3,5 km vest for Lesjaverk. Parkering er merka.

Etter kort tid er du komen over skoggrensa og terrenget vert lettgått. Hundre meter over tregrensa kjem du inn i Dalsida landskapsvernområde. Flott utsikt over Lesjaskogsvatnet.

Middels 38

3 t/r

730 moh

vår/sommar/haust

3 km

420 m

32 V 472643 6898377

PÅ TUR I LESJA


NO 22 FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

FJELLVEGEN LESJAVERK

TUREN: Lett tilkomst til fjells! Fjellvegen er eit fint utgangspunkt for mange fantastiske turar i området både om sommaren og utpå vår-vinteren. Du finn mange lette turmål eigna for både små og store i vid omkrins her i og med at du startar like over tregrensa. Turmål som kan anbefalast er Kvannslåe, Merrabotn, Gråhøe, Merratind, Odolshøe, Vangshøe og vidare til Gåsbue på Dalsida. Fjellvegen er og mykje brukt som utgangspunkt for turmål som Damtjønn og Svanningbotn. Vinterkvista løype til Dalsida, elles lite av merka og skilta råk i området, så ta med kart og kompass.

Uansett turmål bevegar du deg raskt inn i Dalsida landskapsvernområde, som er eit viktig leveområde for Europa si siste opphavelege villreinstamme. Nyt synet, men vis omsyn. TILKOMST: Skilta avkøyring frå E 136, 3 km vest for Lesjaverk stasjon. Fjellvegen tek deg opp over tregrensa. To store parkeringsplassar i enden av vegen. Bomveg. Kontantar. Blir brøyta opp til påske.

960 moh Lett

vår/sommar/haust/vinter 32 V 474461 6898306

PÅ TUR I LESJA

39


NO 23

FOTO: LIV KLARA ENSTAD

STORSTEINSBERGET / KVANNSLÅE LESJAVERK

TUREN: Dette er ein fin tur etter ein stig som snor seg opp lia under Storsteinsberget og vestover mot Sendingskorgje og vidare inn til Kvannslåe. Eit stykkje over skoggrensa passerar du Sendingskorgje, ein karakteristisk stein som er lett å sjå langs stien. Det er bygd opp med steinar på toppen som ein kan sjå igjennom. Sendingskorgje i seg sjølv er eit fint turmål om ein har med ungar. Etter kvart vil du kome inn på råka frå Fjellvegen, og du vil få mange turmoglegheiter å velje mellom vidare.

TILKOMST: Køyr av E 136 rett vest for Coop Marked Lesjaverk, følg Søristuguvegen. Parkering til venstre opp forbi Søristua.

Ved Kvannslåe ligg det to setrar som kan vere frå midten av 1800-talet.

Middels 40

4,5 t t/r

720 moh

vår/sommar/haust

5 km

490 m

32 V 475387 6896588

PÅ TUR I LESJA


NO 24

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

LYNNINGEN/ GÅSBUE LESJAVERK

TUREN: Ein flott tur med jamn stigning oppetter ein traktorveg til Lynningen. Turen startar frå Torsplassen. Det er fleire grinder du må igjennom på ferda, så hugs å late att grindene da dyr kan vere på beite. Når du kjem opp i høgda, får du god utsikt over Lesjaverk.

TILKOMST: Parkering ved Lesjaverk stasjon. Gå over E 136 og følg vegen opp til Torsplassen og Lesjaverk samdrift.

Turen er ikkje så lang, men kan for dei interesserte forlengast med å gå inn til Merrabotn eller heilt over til Gåsbue på Dalsida.

Middels

4 t t/r

623 moh

sommar/haust

4 km

553 m

32 V 475994 6895711

PÅ TUR I LESJA

41


NO 25 FOTO ANDERS ERIKSEN

LESJASKOGSVATNET LESJAVERK

TUREN: Lesjaskogsvatnet er eit eldorado for ulike aktivitetar og gode naturopplevingar året rundt. Her kan du bade, padle, fiske, kome tett på fuglelivet eller nytte grusvegane rundt for å gå eller sykle. Vinterstid finn du skiløyper i området, og på isen kan du gå på skøyter eller isfiske. Det er fleire gapahukar rundt vatnet, og den ved Bryggeosen er universelt utforma også for fiske frå flytebrygge. -Det er ikkje utan grunn at Lesjaskogsvatnet vart kåra til Lesja sitt flottaste friluftslivsområde i 2017. Vatnet er ca. 10 km langt, idyllisk omringa av furuskog og ligg på vasskiljet mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen. Lesjaskogsvatnet renn faktisk ut i begge endar, - her startar elva Rauma si ville ferd vestover og den meir sindige Lågen søkjer austover ned Gudbrandsdalen. Anbefaler

Lett 42

særleg å sykle rundt Lesjaskogsvatnet. Fleire moglegheiter for å tilpasse lengda på turen etter ønske. Eksempel: Frå Lesjaverk stasjon, kryss jernbana og følg gamle Kongevegen til Tandsetervegen, over Tandseterosen vidare til Tandsetre og følg sykkelstien og skogsbilvegen attende til Soggje og Lesjaverk. TILKOMST: Lesjaskogsvatnet er lett tilgjengeleg, da vatnet ligg i hovuddalen parallelt med E136 og Raumabana. 20 km vest for Lesja sentrum ligg Lesjaverk stasjon i den austre enden av vatnet. 11 km lengre vest ligg Lesjaskog og utgjer den vestre tilkomsten til Lesjaskogsvatnet. Langsetter vatnet finst campingplassar, utleige av båt og kano, butikk ved både Lesjaverk og Lesjaskog. Fiskekort får du enkelt kjøpt på Inatur.no.

45 min t/r

633 moh

vår/sommar/haust

10 km rundløype

4m

32 V 476126 6895576

PÅ TUR I LESJA


NO 26

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

DEN GAMLE KONGEVEGEN LESJAVERK

TUREN: Delar av den gamle Kongevegen går parallelt med E 136 frå Sørsletten i vest til Toftan i aust. Om sommaren er det fint å sykle heile strekket på 9 km ein veg her, medan det på vinteren blir køyrt opp skispor til helg og høgtid. Trakka skispor frå Lesjaskogsvatnet hyttegrend til Tandsetervegen (3,5 km t/r) og Lesjaverk stasjon mot Sandan (10 km t/r). Fin gapahuk ved Lesjaskogsvatnet ca. halvvegs mellom hyttegrenda og Tandsetervegen.

TILKOMST: Parkering til dømes ved Lesjaverk kyrkje, sving da av E136 ved Lesjaverk stasjon, over jernbana og fyrste til venstre. For ski på Nordverket parker ved Lesjaskogsvatnet hyttegrend avkøyring E 136 ved Bryggja. Du kan og parkere ved Lesjaverk stasjon eller Solheim grendehus, 1 km vest for stasjonen.

Langs vegen austover frå Lesjaverk kyrkje finst ei rekkje fortidsminne, som St. Olavs kjelda, kolmiler og Skåpårtjønne. Desse er alle merka med små infotavler. Pilegrimsleia frå Valldal til Dovre går og her.

Lett

1 t/r

627 moh

vår/sommar/haust/vinter

9 km

27 m

32 V 472438 6897568

PÅ TUR I LESJA

43


NO 27

FOTO: NILS MOSENDEN

KULTURSTIEN VED LESJA JERNVERK LESJAVERK

TUREN: Kulturstien ved Lesja Jernverk er ein lett rundtur på 1,5 km som passar alle. Stien ligg vakkert til ved Gudbrandsdalslågens utspring i austre ende av Lesjaskogsvatnet, med Lesjaverk gard og Lesjaverk kyrkje i nærleiken. Det er 11 informasjonstavler etter stien, dei fortel om jernverket som låg her (1659 – 1812) og ulike spor etter drifta. Masomnen frå 1757 er den einaste i landet frå denne epoken. Hovudbygninga på Lesjaverk gard er frå 1734 og er den einaste attverande verksbygninga i Gudbrandsdalen. Huset er i dag freda. Det er satt opp ein gapahuk alle kan nytte langs stien.

og utanlands både til bygging av skip og til bruk i andre gruveanlegg som til dømes Røros. Kunnskapen om jernverksdrift måtte ein hente utanlands, og det var innvandring av tyskarar, hollendarar og andre europearar allereie på 1700-talet. TILKOMST: Parkering ved Lesjaverk gard eller Soggje. Sving av E 136 ved Lesjaverk stasjon, køyr over jernbana og rett fram. Lesjaverk gard på venstre hand og Soggje på høgre med tilrettelagt raste- og badeplass.

Jernet frå Verket var spesielt fordi det var rustfritt og var derfor etterspurt innanlands

Lett 44

1t

635 moh

vår/sommar/haust

1,5 km (rundtur)

25 m

32 V 475869 6895790

PÅ TUR I LESJA


NO 28 FOTO: JAN ROGER BØE ØIEN

VALÅFOSSEN LESJAVERK

TUREN: Valåfossen er verkeleg eit syn ved høg vassføring, gjerne i mai/juni. Den er eitt av dei høgste fossefalla i Lesja. Turen opp er bratt og luftig på kanten av austsida av elva, men ein får lønn for strevet i form av flott utsyn til fossen, Lesjaskogsvatnet og Lesjaverk når ein kjem opp. Stien er merka og eit tydeleg råk. Det går eit umerka råk vidare innover Valådalen og til Valåvatnet. Frå fossen kan du gå austover til utkikkspunktet mot Svartdalen. Råket fortset nedover lia attende til skogsbilvegen. Ein fantastisk rundtur.

fossen er det sett opp ein fin gapahuk og rasteplass. TILKOMST: Sving av E 136 ved Lesjaverk stasjon, over jernbana og fortset ned bakken til Soggje. Bomveg herifrå. Køyr vestover på bortsida av Lesjaskogsvatnet nesten så langt det går. Parkering ved brua der ein kryssar elva Valåe.

I seinare tid er det kome ei røyrgate rett vest for elva Valåe. Her er det og fint å gå opp. Det er plassert ut fleire benker oppetter lia. På toppen med utsyn rett i

Middels

2,5 t t/r

630 moh

vår/sommar/haust

5 km (rundtur)

350 m

32 V 474045 6894836

PÅ TUR I LESJA

45


NO 29

BREIRANDEN FOTO: JORUNN EINBU

LESJAVERK

TUREN: Her finn du motbakke om du ivrar etter å trene beinmuskulaturen! Starten er slak, men ferda blir brattare dess lenger opp ein går. Det går ein traktorveg opp til Heggestudulen, frå her følgjer du eit gamalt råk vidare oppover. Over tregrensa flatar det ut. Går du vidare innover, kjem du til Valåvatnet.

TILKOMST: Sving av E 136 ved Lesjaverk stasjon, over jernbana og fortset ned bakken til Soggje. Bomveg herifrå. Køyr vestover på bortsida av Lesjaskogsvatnet eit lite stykkje til du er forbi hyttene og dyrka mark. Ein traktorveg går opp til Heggestudulen like etter dyrkamarka, parker her og fortsett vidare til fots.

Heggestudulen har truleg namnet sitt frå treslaget hegg, og det andre leddet, -studulen, tyder på at det er gamalt. Ein trur derfor at det har vore setra her i svært gamal tid, frå før jernverket starta. Dei hamna innover mot Valåvatnet.

Middels 46

3 t t/r

622 moh

vår/sommar/haust

2,5 km (ein veg)

383 m

32 V 475497 6894773

PÅ TUR I LESJA


NO 30 FOTO: NILS MOSENDEN

VANGSETRE LESJAVERK

TUREN: Ein flott fjelltur over skoggrensa med nydeleg utsikt til Lesjadalen. Frå parkeringa følgjer du skogsbilvegen oppetter til Vangen. Frå her er råket merka og skilta vidare. Det er noko bratt enkelte parti på høgde med Mosendberget. I tregrensa og litt aust ligg Kvilarstein, ein fin stad å raste og nyte utsikta. Frå Kvilarstein følgjer du så Vangvegen vidare til Vangsetre. Den raskaste, men brattaste vegen til Vangsetre går opp frå Mosenden, like på vestsida av åa Mosendåa. Hugs å late att grindene, dyr på beite. Tydeleg og mykje gått råk opp på Mosendberget, der Vangsetre ligg like bak. Det gamle selet og fjøset her var bygd av stein kring 1880. Det står innhogga 1886 på eit sva ved der selet stod. Vangsetre

Middels

var ikkje i drift lenge, da drifta var tungvint utan vedskog rundt. Ein kan sjå restane etter steinmurane i dag. TILKOMST: Sving av E 136 på oversida rett vest for Nørdre Leirmo, 1 km vest for vestre innkøyringa til Stavemsgrende, Lora. Parker her, ved starten av skogsbilvegen til Vangen. Alternativ parkering når ein går via Mosenden, parker ved den nedlagt Vangrud camping, 650 m aust for Toftan sag eller 1,6 km vest for den vestre innkøyringa til Stavemsgrende. Kryss E 136 og følg gangvegen 100 m vestover og følg grusvegen opp til Mosenden.

5 t t/r

630 moh

vår/sommar/haust

4,2 km (ein veg)

720 m

32 V 481436 6893116

PÅ TUR I LESJA

47


PÅ TUR LORA/LYFTINGSMO OUTDOOR EXCURSIONS LORA/LYFTINGSMO

32

34

35 36 Lorkverna

0

1

2

3

KILOMETER

48

PÅ TUR I LESJA


31

Sveavarden

33

Termofuru

38

39

Muspelheimen

40 Ulvaholen

37

37

PÃ… TUR I LESJA

49


NO 31

FOTO: JO MOSENDEN

DJUPTJØNN VIA SKRØYA LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Dette er ein fin tur som tek deg med på gamle råk. Frå parkeringa følg vegen gjennom undergangen, vestover og vidare oppover til vegen endar ved Skrøya, eit gamalt småbruk. Frå her er det skilta og merka råk langs Motterudåe til Djuptjønn. Møter Hosetråket ved hytta Reingløtt i fremre Motterudholet. Frå Djuptjønn går råket vidare over fjellet til Gåsbue på Dalsida. Området Djuptjønn – Ylsbotnen har lange tradisjonar for mange råk og ferdsel frå gamalt av mellom bygda og sidedalen Dalsida.

merka. Råket møter det andre råket frå Skrøya ved Kjeltjønne. TILKOMST: Sving av E 136 og inn austre innkøyring til Stavemsgrende, følg grendevegen ca. 1,5 km vestover. Parker ved undergang Raumabana.

Det går eit råk til frå Skrøya, det går rett opp lia, langs Langranden og opp forbi Svarthovdan. Dette råket er ikkje skilta og

Middels 50

6 t t/r

630 moh

vår/sommar/haust

6,5 km (ein veg)

670 m

32 V 482770 6891804

PÅ TUR I LESJA


NO 32 FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

NORDMOLØYPA LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Flott rundløype, perfekt for heile familien. Anbefalt gåretning er med klokka. Først går løypa over jordet og kjem inn på delar av lysløypa. Nordmoløypa snor seg vidare i lett kupert terreng i skog. Ei lun løype dei dagane det er mykje vind. Gradvis kjem du opp til toppen av runden, der du finn gapahuken «Tronds plass», solvendt og med utsikt over dalen. Gapahuken er vel utstyrt med open peis, bord og benkar, og har plass til mange. Ei bålpanne kan nyttast utanfor om du heller ønsker å grille pølse i sola. Hugs å skrive namnet i turboka mens du er her, og forlat staden slik du sjølv ønskjer å finne han. Herifrå går det lett utfor bakke så det kitlar i magen ned til parkeringsplassen att. Om

Middels

5 km (rundtur)

sommaren kan du gå på fin grusveg og noko skogbotn, opp til gapahuken. Ein kan fint trille barnevogn. TILKOMST: Ved Sveen, Lora. Langs E136, første avkjørsel nordover, 600 m vest for tog-undergangen ved vestre avkøyrsel til Stavemsgrende. Alternativt kan du køyre inn Stavemsvegen og fortsetja til du ser turskilt ved ein tog-undergang. Følg skilt under tog- og vegundergang til reiskapshuset like etter. Parkering og start for lysløypa med lysbrytar her.

635 moh

vinter/vår/sommar/haust

85 m

32 V 483186 6891554

PÅ TUR I LESJA

51


NO 33

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

SVEAVARDEN/ DJUPTJØNN LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Ein slak og fin tur nordover lia som etter kvart går på skrå mot Sveavarden. Frå parkeringa finn du Hosetråket ved å gå undergangen av Raumabana. Du følgjer Hosetbekken, over Kattberget og nedunder Storsteinsberget og innpå Svearåket om lag ved Sveavarden. Eit godt, skilta og merka råk. Frå Sveavarden er det fin utsikt over Lesjaskogsvatnet og mot Lordalen. Turbok. Her kan du velje å gå ned att merka sti (2,2 km) til Sveen og same utgangspunkt som for Nordmoløypa (tur nr. 32). Gapahuk ca. 50 m frå råket nesten halvvegs på turen Sveen – Sveavarden. Fortset du vidare nordover frå Sveavarden går råket etter kvart saman med råket som kjem opp frå

Middels 52

Skrøya (tur nr. 31). Skilta og merka råk vidare til Djuptjønn. Frå Djuptjønn går råket vidare over fjellet til Gåsbue på Dalsida. TILKOMST: Parker på Lora stasjon, sving av nordover frå E 136 200 m vest for Coop Marked Lora eller ca. 9,7 km vest for Lesja sentrum.

4 t t/r

630 moh

vår/sommar/haust

4,5 km (ein veg)

435 m

32 V 484223 6890207

PÅ TUR I LESJA


NO 34 FOTO: BERIT E. MEININGEN

STORHAUGEN LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Storhaugen er ein lett tilgjengeleg topp for dei fleste. Kort veg opp, noko stigning opp lia, men overkommeleg. Frå her har du vid utsikt over Lesjabygda, der du får eit spesielt godt inntrykk av jordbrukskommunen og kulturlandskapet langs Lesjaleira med sitt karakteristiske kanalsystem. I sør ser du inn Lordalen og innover fjellandskapet i Reinheimen nasjonalpark. Turen opp Måsådroget er merka og er ein meir direkte tur til toppen. Når terrenget flatar ut øvst i skoggrensa, tek du retning mot det høgste punktet til høgre mot Storhaugen. Ein stor varde står på kanten av Storhaugen. Turkasse om sommaren. Går du på ski om vinteren, kan feller vera greitt å ha.

Middels

Du kan og gå frå setrene ved Haukruste. Skilta råk går oppetter lia til Storhaugen. Lettare terreng frå her. TILKOMST: Sving av E 136 sørover på Lora, 9 km vest for Lesja sentrum. Skilta Reinheimen, Lordalen og Lorkverna. Følg asfaltert veg ned, over ei bru og rett fram. Bomveg med kontantar. Følg Lordalsvegen ca. 4 km og sving til høgre ved skytebana/leirduebana til Lesja jeger og fisk. Følg skogsbilveg ca. 900 m til skilta start av Måsådroget. Alternativt køyr Lordalsvegen 5,6 km og sving opp ved skilt til Haukruste. Parker ved snuplass i sving like før setrene.

3 t t/r

645 moh

vår/sommar/haust/vinter

3 km (ein veg)

495 m

32 V 481602 6888885

PÅ TUR I LESJA

53


NO 35

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

GAMLE HAUKRUST VEG LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Dette er ein nymerka og idyllisk tur etter gamle setervegen til Haukruste. Fyste delen av vegen, fram til bålplass etter ca. 5-600 m, eignar seg for både barnevogn og rullestol. Fin og hard skogbotn. Oppe på Haukruste har ein kjempefin utsikt austover Lesjabygda.

For å gjere ein rundtur ut av det, kan ein frå Haukruste følgje skogsbilvegen ned til Lordalsvegen og følgje den fram til skytebana att.

Den gamle setervegen gjekk frå Hosetbrue og Nylykkjebrue og beinast over Sandmælen til setra. Denne vegen vart utbetra i 1920-åra, med mellom anna mura stikkrenner og grøfter. Etter det kunne ein køyre her med hest. Namnet Haukruste er todelt. Det kan kome av fuglen hauk og ruste, tyder ”den vesle skogen”.

TILKOMST: Sving av E 136 ca. 350 m aust for Coop Marked Lora eller 9 km vest for Lesja sentrum. Skilta Reinheimen, Lordalen og Lorkverna. Følg asfaltert veg ned, over ei bru og rett fram. Bomveg med kontantar. Følg Lordalsvegen ca. 4 km og sving til høgre ved skytebana/ leirduebana til Lesja jeger og fisk. Følg skogsbilvegen til høgre ca. 450 m, parker ved skilt til Haukruste.

Lett 54

”Gammel-Haukrusta” er ei stor freda furu som står ovanfor og sør for setrene.

2 t t/r

650 moh

vår/sommar/haust

2,3 km (ein veg)

150 m

32 V 481367 6888484

PÅ TUR I LESJA


NO 36 FOTO: ROLF SØRUMGÅRD

LORKVERNA LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Lorkverna ligg i lognande furuskog ved den alltid brusande elva Lora. Området høver godt for leik og avkopling for heile familien. Her er det benkar og bord mellom velhaldne tømmerhus, og her er kaffekjel og bålplass. Her kan du sjå korleis vatn har vore nytta til drift i ulike arbeidsprosessar frå gamalt. På Lorkverna er eit møllebruk med tørrstugu, ei vadmålstampe, møllarstugu, stall og smie. Alle hus står opne. Ei omvising omfattar orientering om bruken av området gjennom tidene og demonstrasjon av kverna og stampa. I møllarstugu er det høve til å overnatte. Ei bru over elva gjer Lorkverna tilgjengeleg frå båe sider av elva, og funksjonshemma kan etter avtale med historielaget køyre til brua og såleis koma hit på enklaste måte. Ein turstig med ti postar er opparbeid, her finn du informasjon om kultur og natur i området.

Lett

Øvst i turstigen ved Lorfossen er det ein gapahuk med bålplass. Stigen til gapahuken er godt eigna for barnevogn og rullestol. Turstigen er ca. fem kilometer lang fram og attende. Lorkverna er restaurert og oppbygd av Lesja Historielag, og er eit levande industrihistorisk kulturminne. Omvising kvar fredag – søndag gjennom sommaren, kontantar. Lorkverna er elles open for besøk heile året. Sjå lesjahistorielag.no for fleire opplysningar. TILKOMST: Lordalsvegen tek av frå E 136 ved Lora, skilta Lordalsvegen, Lorkverna og Reinheimen. Etter 1 km, køyr til venstre i vegkryss. Vidare bru over elva Lora, køyr til høgre langs elva til parkeringsplassen, ca. 3 km. Derifrå gangstig 1,2 km til Lorkverna. Lett terreng, stigen egnar seg bra for barnevogn og rullestol.

1 t t/r

565 moh

vår/sommar/haust/vinter

1,3 km (ein veg)

22 m

32 V 482726 6887651

PÅ TUR I LESJA

55


NO 37

FOTO: FRANK WIGGO STAVHEIM

NØRDRE OG SØRE VIGGA LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Nørdre og Søre Vigga er to setergrender som her er beskrive under same turen. Det er storslått utsikt frå begge stadene, og dei gir god trim både på sykkel og til fots opp lia. På tur opp til Nørdre Vigga er det skilta til ei daudisgrop. Eit fint utgangspunkt for turar innover fjellet. For å kome til Søre Vigga kan du sykle/gå vegen langs kanalen og vidare oppover lia. Du kan følgje grusvegen heilt opp, eller du kan svinge av til venstre eit stykke oppe i lia og gå den gamle setervegen. Skilta. Turbok ca. 200 m før du kjem til setrene. Det har frå gamalt av gått eit råk på 3,7 km mellom Nørdre og Søre Vigga. Det er ikkje merka og har grodd att. Kupert terreng. To åfar kan vere noko vanskelege å krysse ved høg vassføring.

Middels 56

TILKOMST: Nørdre Vigga: Sving av E 136, 350 m aust for Coop Marked Lora, skilta til Lordalen, Reinheimen og Lorkverna. Følg asfaltert veg ned, bru over Lågen, første til venstre, bru over Lora og venstre bortetter Lesjaleira. Sving til høgre mot Grønkjelda gard og turskilt. Parker nede her. Søre Vigga: Sving av E 136 rett ned for Storhaugverkstaden, fyrste nedkøyring aust for Lesja idrettsplass, ca. 5,7 km vest for Lesja sentrum. Køyr ned til Lågen, sving høgre og over fyrste bru på venstre hand. Sving til venstre nedover Lesjaleira, kryss ein kanal og sjå etter skilt til Søre Vigga på høgre hand, parker her.

2,5 t t/r

562 moh

vår/sommar/haust

2,5 km (ein veg)

323 m

32 V 483902 6886767

PÅ TUR I LESJA


NO 38

FOTO: KARI ANETTE AUSTVIK

MUSPELHEIMEN HOSETHOVDA LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Muspelheimen er eit nært og fint turmål for både små og store. Skilta avstikkar til minnestein reist over ei mor og sonen hennar som vart teke av eit skred her i 1848. Kryss skogsbilvegen og følg eit klart råk oppetter skogen. Skilt viser vegen til Muspelheimen, ei ørlita bu med bålplass og turbok. Ved åa her er det mykje for ungar å finne på.

til venstre går til Hosethovda (4,3 km). Ei naturleg ”oppkomme” ved råket er merka. Frå Hosethovda ser ein vidt omkring. TILKOMST: Parker ved Lesja idrettsbane, på Lyftingsmo, 6 km vest for Lesja sentrum. Gå over E 136 og inn vegen rett på andre sida. Følg denne ca. 300 m, følg turskilt vidare, kryss jernbana.

Fortset du vidare oppover, kjem du til ein stad der råket deler seg. Hald fram oppetter Lyftingsmodrogje, skilta kryss. Om lag 1 km etter Muspelheimen kjem du til Termofuru, ei furu med gradstokk og turbok. Følg råket vidare innover snaufjellet til det deler seg. Råket til høgre går til Kvita på Dalsida (ca. 16 km totalt), medan det

Middels

4,5 t t/r

603 moh

vår/sommar/haust

4,3 km (ein veg)

556 m

32 V 487101 688264

PÅ TUR I LESJA

57


NO 39 FOTO: YVONNE HOLSETH

PLASS-SETRE LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Plass-setre er ein passande tur for dei aller fleste. Råket går nord med nokså god stigning oppetter skogen. Det er sett opp ein koseleg og original gapahuk på plassen. Du finn bord og benker, samt bålplass her. Etter jernbana følgjer du skogsbilvegen austover, kryss åa Lyftinge og gå til skilt mot Plass-setre. Godt råk å følgje. Fjøset er ferdig restaurert.

TILKOMST: Parker ved Lesja idrettsbane, på Lyftingsmo, 6 km vest for Lesja sentrum. Gå over E 136 og inn vegen rett på andre sida. Følg denne ca. 300 m, følg turskilt vidare, kryss jernbana som i tur nr. 38.

Plass-setre eller Skålrustsetre er frå 1927, og tradisjonell seterdrift vara fram til 1956. Det vart ysta brunost og kinna smør av kumjølka. Geitmjølka vart bore ned til vegen og levert til ysteriet.

Enkel 58

2 t t/r

603 moh

vår/sommar/haust

2 km

227 m

32 V 487101 6888264

PÅ TUR I LESJA


NO 40 FOTO: MARIT SVANBORG

ULVAHOLEN LORA/LYFTINGSMO

TUREN: Ulvaholen er eit perfekt turmål for heile familien. Det er flatt og lettgått. Sykkel, barnevogn og rullestol kan fint kome seg hit, da helst frå den vestre nedkøyringa. Det er sett opp ein kjempefin gapahuk attmed elva Lågen. Solide bord og benker, samt bålplass, vedskjul og utedo finst. Her kan ein ofte sjå eit yrande fugleliv langs vatnet. Om ein er på sykkeltur kan ein legge inn ein rast her, for så å sykle langs forbygginga på Lesjaleira og kome opp

Enkel

til gang- og sykkelvegen langs E 136 fleire stader. TILKOMST: Sving av E 136 rett ned for Storhaugverkstaden, 350 m aust for Lesja idrettsplass, ca. 5,7 km vest for Lesja sentrum. Køyr ned til elva Lågen, parker her. Gå austover vegen langs Lågen, ca. 1,3 km. Frå aust, sving av E 136 ved Avdem, 150 m aust for Avdemsbue. Følg vegen ned til Lågen, parker her. Klatregrinder over nokre gjerder frå her. Ca. 1,2 km.

1 t t/r

338 moh

vår/sommar/haust/vinter

1,3 km

0m

32 V 488059 6886660

PÅ TUR I LESJA

59


PÅ TUR LESJA/BØ

OUTDOOR EXCURSIONS LESJA/BØ

42

Storstein

41

Pikåtstein Fjosfuru

46

0

1

2

3

KILOMETER

60

PÅ TUR I LESJA


45 43

Tussheim

44

49

47 Veslgutstein

48 48

50

PÃ… TUR I LESJA

61


NO 41

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

VANGLYKKJA LYFTINGSMO LESJA /BØ

TUREN: Dette er ein fin tur som eignar seg særleg for terrengsykkel, medan barnevogn og terrenggåande rullestol går fint på skogsbilvegen.

TILKOMST: Sving av E 136 mot Lesja stasjon rett vest for Lesja sentrum. Parker her. Kryss jernbana, ta opp til venstre og følg Steinevegen vestover.

Frå enden av Steinevegen følg råket mot Vanglykkja der det deler seg. Følg skilting mot Lyftingsmo. Nedanfor jordet er råket noko steinete, men ein kjem snart inn på ein brei skogsbilveg. Denne kan du følgje heilt til Lyftingsmo (5 km), eller du kan svinge ned mot Avdem (3 km). Ved Lyftingsmo eller Avdem kan du sykle gang- og sykkelvegen attende til Lesja sentrum for å få ein fin rundtur.

Enkel 62

1 t t/r

632 moh

vår/sommar/haust

5 km

53 m

32 V 492347 6887391

PÅ TUR I LESJA


NO 42

FOTO: JORUN EINBU

PIKÅTSTEIN – STORSTEIN – KVITA / FJOSFURU LESJA /BØ TUREN: På denne turen har du fleire turmål å velje mellom. Dei fyrste er det ikkje langt å gå til. Frå parkeringa fortsett vestover til Vanglykkja og følg merka råk frå der. Den karakteristiske Pikåtsteinen (0,5 km) er lett å sjå i skogen. Fortset du vidare opp lia, kjem du til Storstein (1,5 km). Denne kan du sjå som ein bauta mot himmelen frå hovuddalføre. Går du vidare, kjem du inn på den gamle setervegen til Kvita på Dalsida (ca. 14 km). Denne vegen går like vest for Veslhorrungen som er ein topptur med fantastisk utsyn i alle himmelretningar (ca. 5,5 km).

Enkel

Frå Vanglykkja kan du og følgje skilting nordaust til Fjosfuru. Dette utgjer ein rundtur på ca. 4 km. Ved Fjosfuru er det benk og turbok. Furua har låge greiner som gjev ly for husdyr. Like etter Fjosfurua er det rydda og merka eit råk som held høgda austover. Følgjer du dette råket kjem du att på stien til Tussheim like over Lesja sentrum. Fortset du på stien frå Fjosfuru kjem du ned i bustadfeltet og kan gå Steinevegen attende til bilen. TILKOMST: Sving av E 136 mot Lesja stasjon rett vest for Lesja sentrum. Kryss jernbana og parker i enden av Steinevegen. Du kan og starte turen frå E 136 ved Tynnøl, 3 km vest for Lesja sentrum.

2 t t/r

670 moh

vår/sommar/haust

1,5 km

295 m

32 V 490414 6888059

PÅ TUR I LESJA

63


NO 43 FOTO: MARIT SVANBORG

TUSSHEIM LESJA /BØ

TUREN: Tussheim er eit flott turmål og utsiktspunkt ut over Lesjabygda. Ein stor varde står oppe på fjellkanten her, den er synleg frå Lesja sentrum om du tittar opp. Tussheim er ein tur med noko stigning, men passar dei fleste. Frå parkeringa gå opp under togundergangen og følg skilting til Tussheim. Du følgjer den gamle setervegen til over tregrensa. Her tek du av austover til Tussheim. Fortset du rett fram innover fjellet kjem du inn i Dalsida landskapsvernområde og over til Filling på Dalsida.

kan du halde fram vidare og følgje Søre Skardvegen eller Holsbrekkdroget ned att aust for Tussheim. Holsbrekkdroget kjem ned att ved Holegardane. Søre Skardvegen kjem ned ved Aurstad og Dalsidevegen. For å kome attende til Lesja sentrum kan du anten ta gang- og sykkelvegen eller tur nr. 44. TILKOMST: Sving av E 136 på nordsida midt i Lesja sentrum, parkering rett overfor Lesja kommunehus.

Ønskjer du å gå ein annan veg ned,

Middels 64

3 t t/r

327 moh

vår/sommar/haust

3,2 km

458 m

32 V 492884 6887401

PÅ TUR I LESJA


NO 44

FOTO: MARIT SVANBORG

AURTANDEFELTET AURSTAD LESJA /BØ

TUREN: Spennande kultursti for store og små like ved Lesja sentrum. Gå togundergangen frå parkeringa og følg skilt austover til både Aurtandefeltet og Aurstad. Aurtandefeltet er eit kulturminnefelt som består av ei rekke gravminne, fleire hustufter, ca. 2-300 rydningsrøyser, åkerreiner og andre dyrkingsspor. Informasjonstavler står langs heile løypa. Det er gjort funn av både sverd, knivblad, pil- og spydspissar og vevlodd frå vikingtida her. Desse kan truleg knytast til gravhaugane i området. Vegfaret gjennom gravfeltet er gamalt. Pilegrimsleia frå Valldal går her i dag på vegen til Dovrefjell. I enden av gravfeltet ligg ei lysning med eit fint

Lett

klatretre for dei minste. Løypa går vekselvis på gamal traktorveg og på sti. Det er beitedyr i området om sommaren, så hugs å lat att grinda. Stien vidare mot Aurstad går i lett skogsterreng forbi fleire nedlagte bruk og over to skreddalar. Alternativ runde attende er gang- og sykkelvegen langs E 136 eller Søre Skardvegen via Tussheim, sjå tur nr. 43. TILKOMST: Sving av E 136 på nordsida midt i Lesja sentrum, parkering rett overfor Lesja kommunehus.

1,5 t

627 moh

vår/sommar/haust

2,4 (rundtur)

63 m

32 V 492885 6887401

PÅ TUR I LESJA

65


NO 45 FOTO: THERESE GJERSØE HOLE

TORLØYPA LESJA/BØ

TUREN: Ute etter ein vinterleg og variert skitur med høgfjellspreg? Torløypa er ei fin rundløype som går noko i skog og noko i snaufjellet. Frå parkering ved Myrin kan du velje å gå slakt vestover mot Nosi fyrst og gå i møte Veslhorrungen med sin karakteristiske topp. Oppe på Nosi har du nydeleg utsikt over Lesjabygda og innover Dalsida, og du entrar her Dalsida landskapsvernområde. Storsteinen er eit velkjend turmål i skiløypa, der mange vel å leggje inn ein rast. Mange snur her, men du kan fortsette nedover mot Fiskedammen og gå Baklia attende til Myrin igjen. Vis omsyn om du er så heldig å møte villrein i fjellet på vårvinteren, la

Middels 66

dyra få mest mogleg ro og hald hunden i band. Ved Myrin kan ein og gå i oppkøyrte og barnevennlege løyper på 2 km og 3 km på austsida av P-plassen frå Røde korshytta. Frå Myrin kan ein velje å renne ned til Helgestad, ein fin trasé. TILKOMST: Følg E136 ca. 3 km aust for Lesja sentrum. Sving av ved Aurstad, skilta til Dalsidevegen og Aursjøen. Følg vegen ca. 4 km opp til stor parkeringsplass ved Myrin. Parkeringsavgift.

3t

954 moh

vinter

14 km (rundløype)

310 m

32 V 498742 6888459

PÅ TUR I LESJA


NO 46

FOTO: SILJE SLETTAHAUG

AVDEMSSETRE – HOVDA LESJA /BØ

TUREN: Godt eigna sykkelveg som gir styrke i føtene på tur opp og som byr på morosam sykling ned att. Nesten oppe får du eit vegskilje ved det kommunale vassinntaket. Syklar du rett fram kjem du til Avdemssetre (2,3 km). Råket til Hovda (3,1 km) tek av til høgre ved vassinntaket. Frå her er det flott utsikt over Lesja.

TILKOMST: Køyr av E 136 i Lesja sentrum, ned forbi Lesja kyrkje. Sving av frå vestsidevegen (Fv 496) på bortsida av Prestgardsbrua. Køyr om lag 1 km og parker ved skilt til Avdemssetre/Hovda.

Denne setergrenda er gamal.

Middels

1 t/r

544 moh

vår/sommar/haust

2,3 km (en veg)

374 m

32 V 491637 6885734

PÅ TUR I LESJA

67


NO 47

FOTO: SVEIN INGE STUEN

SNARSTAD VESLGUTSTEIN - AVDEMSETRE LESJA /BØ

TUREN: Dette er ein fin tur høgt oppe i skoggrensa med flott utsikt over Lesjabygda. Rydda og skilta råk som er finast å gå frå Snarstad. Råket går høgt oppe i bjørkelia, etter ei stund kjem du over tregrensa ved Skarven. Etter ca. 2,5 km er det skilta avstikkar til Veslgutstein. Her var det at ein 4 år gamal gut fraus i hjel etter at han var sakna i 10 dagar i august 1820. Faren reiste så eit minnesmerke over sonen, Ole Flågåstad, her. Dette minnesmerket vart i 2014 reist opp att i regi av Lesja historielag. Ei minnetavle som fortel om den tragiske hendinga som gav Veslgutsteinen namn, er sett opp.

Middels 68

Attende på råket kan du fortsette vidare over tregrensa til du svingar ned mot Avdemssetre (4,6 km). TILKOMST: Sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre. Sving opp Slådalsvegen. Bomveg, betalingskort kan nyttast. Følg vegen opp lia, sving av til Snarstad på høgre hand, skilta. Parker.

2,5 t/r

899 moh

vår/sommar/haust

3 km (en veg)

93 m

32 V 495067 6883509

PÅ TUR I LESJA


NO 48

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

SILIHÅGÅN GAMLE SLÅDALSVEGEN LESJA /BØ

TUREN: Denne turen byr på vandring på gamal ferdselsveg mellom Vågå og Lesja, og passar dei fleste. Ikkje langt frå parkeringa er det skilta avstikkar til bålplass, restaurert kvern og klesstampe ved Silihågån, om lag der Hattremsåa og Kvernbekken renn saman. Her er det historisk atmosfære og god plass til å koke på svartkjelen medan ein lyttar til suset frå elva. Gamle Slådalsvegen fortset vidare opp lia til Bøsetre. Enkelte stader går du innom langs bilvegen. Om du ønskjer å gjere ein rundtur av det (ca. 7,5 km), kan du gå til dei austre setrene i Bøsetergrenda. Her går det eit merka og

Middels

brattare råk ned til svingen etter bommen på dagens Slådalsveg. Her kan du følgje vegen heilt ned eller ta inn på lysløypa ved Vidflotten og fortsette på gamle Slådalsvegen som du kryssa her på tur opp. TILKOMST: Sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre. Parker ved avkøyringa til Slådalsvegen.

3 t t/r

563 moh

vår/sommar/haust

3,5 km (en veg)

361 m

32 V 496120 6885761

PÅ TUR I LESJA

69


NO 49 FOTO: MARIT SVANBORG

VIDFLOTTEN LESJA /BØ

TUREN: Vidflotten skistadion eignar seg for både små og store. Lysløypa er 3,3 km. Løypa er asfaltert for rulleski om sommaren og har fleire sløyfer og alternativ for rundturar. Om vinteren blir løypa preparert ved behov. Flott anlegg med naudsynte fasilitetar. På andre sida av Slådalsvegen er det mogleg å gå langs skogsbilvegen til Bottheimsetervegen og vidare inn på skiløypa frå Bottheim til Svarttjønne. Løypa er 6,8 km ein veg. Her er det fint å sykle om sommaren.

Lett 70

TILKOMST: Sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre. Køyr opp Slådalsvegen, Vidflotten skistadion får du ved skytebana på høgre hand før bommen.

0,5 t

658 moh

vinter/vår/sommar/haust

3,3 km (rundløype)

25 m

32 V 496425 6884790

PÅ TUR I LESJA


NO 50 FOTO: JSOLVEIG GRÆSLI

SLÅDALSVEGEN LESJA /BØ

TUREN: Ein køyretur over Slådalsvegen er ei lita perle av ein tur. Mykje vakkert landskap å sjå langs den 32 km lange grusvegen som i grove trekk følgjer den gamle ferdselsvegen over Slådalen mellom Lesja og Vågåmo i Vågå kommune. Høgste punktet på vegen er 1180 m.o.h.

TILKOMST: Sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre.

Frå Slådalsvegen finn ein mange lettgåtte turmål i nær omkrins, som Grønhøi, Veslguttjønn, Fauttjønn, Nonshøi, Verkjeshøi og Skjervedalen. På vestsida av vegen ser ein inn i Reinheimen nasjonalpark. I heile området finst det ei rekke kulturminne etter villreinfangst.

Sving opp Slådalsvegen. Bomveg, betalingskort kan nyttast.

Lett

32 km

562 moh

vinter/vår/sommar/haust

618 m

32 V 496123 6885759

PÅ TUR I LESJA

71


PÅ TUR KJØREMSGRENDE OUTDOOR EXCURSIONS KJØREMSGRENDE

60

0

1

2

3

KILOMETER

72

PÅ TUR I LESJA


52 53

Karisetre Samlingshaugen

Baklihaugen

51 Eremittbue

54

55

56

58

59

57

PĂ… TUR I LESJA

73


NO 51

LOKKARVEGEN FOTO: ORUNN EINBU

KJØREMSGRENDE

TUREN: Ein av hovudstiane i grenda med god og lettgått sti som går slakt opp og aust for Veslfjellet, inn Svartdalen til Reindølsvegen. Med utgangspunkt i Lokkarvegen (merka blå og gul), har du mange flotte turmoglegheiter å velje mellom. Når du kjem opp rundt Synstbøhovda, kan du velje å gå av Lokkarvegen og følgje blå og kvit skilting vestover til Samlingshaugen og vidare til Andbergshøe (1184 moh). Turkasse ved Samlingshaugen. Vel du å fortsette vidare mot Svartdalen, kjem du til ein skilta (gult og svart) avstikkar til Baklihaugen, eit fint utkikspunkt med bålplass, benk og turbok. Sjå turdetaljar under. Råket fortset med grøn og kvit merking etter Baklia til Karisetre, og vidare innover mot Reindølsvegen er det skilta avstikkar

Lett 74

til Hansstudulen som ligg nede ved elva Jora. Siste strekka til Reindølsvegen er det noko myrlendt. Frå Karisetre kan du i lett terreng gå nedre Baklivegen via Joramodrogje (grøn og kvit), Årbogvegen (raud og kvit) og den opne Eremittbue attende til utgangspunktet. TILKOMST: Ta av E136 ein km vest for elva Jora og kommunegrensa mellom Lesja og Dovre. Sving nordover og følg skilting til Årbogen travbane. Køyr vestover forbi travbana, der du no er komen til skogsbilvegen. Denne går parallelt med E 136 og Raumabana nesten fram til Dalberget, godt synleg i terrenget. Parker ved skilting Lokkarvegen.

2 t t/r

685 moh

vår/sommar/haust

2 km (ein veg)

204 m

32 V 502791 6884881

PÅ TUR I LESJA


NO 52 FOTO: JØRN BOTTHEIM

ANDBERGSHØE KJØREMSGRENDE

TUREN: Dette er turen for deg som ønskjer å komme raskare opp i høgda frå Kjøremsgrende. Og oppe på Andbergshøe ventar eit vidt utsyn deg. Slettmodroge, merka riddarblå og blå, tek deg fyst opp gjennom skogen i ca. 700 m til du kjem over tregrensa på Urberget. Innover Veslfjellet går du i lett fjellterreng. Frå her kan du følgje stien opp på Andbergshøe (1184 m.o.h.), eller du kan ta av til venstre og gå til Bottdalshøe (1106 m.o.h.) og Hesthovda (1026 m.o.h.). I nord-vest ser ein innover Dalsida, i vest mot Lesjabygda og i aust Dovre og Rondane. På varden på toppen heng det ein turkasse med bok. Du kan og kome til topps på Andbergshøe frå Myrin om du køyrer opp Dalsidevegen ved Aurstad.

Middels

TILKOMST: Ta av E136 ein km vest for elva Jora og kommunegrensa mellom Lesja og Dovre. Sving nordover og følg skilting til Årbogen travbane. Køyr vestover forbi travbana, der du no er komen til skogsbilvegen. Denne går parallelt med E 136 og Raumabana nesten fram til Dalberget, godt synleg i terrenget. Start frå parkering i vestre enden av skogsbilvegen ved Brattbakken (gamal husmannsplass).

4 t t/r

732 moh

vår/sommar/haust

3 km (ein veg)

452 m

32 V 501979 6885068

PÅ TUR I LESJA

75


NO 53

BOTTBERGET FOTO: JORUNN EINBU

KJØREMSGRENDE

TUREN: Bottberget er ein fin helgetur for heile familien. Øvre Skardråket, merka raud og kvit, tek deg med i noko bratt terreng innunder Veslfjellet bort til Bottberget. Det er fleire fine utsiktsplassar undervegs, men den største vinsten får du vel framme på Bottberget. Her i frå har du flott utsikt både aust- og vestover hovuddalføret.

Middels 76

TILKOMST: For å kome til startpunktet sving av E136 ved Kullungstad i Kjøremsgrende, togundergangen lengst vest i grenda. Køyr under toglina, følg vegen til du kjem opp på skogsbilvegen. Sving til venstre og parker i vestre enden av skogsbilvegen ved Brattbakken (gamal husmannsplass).

3, 5 t t/r

732 moh

vår/sommar/haust

3 km (ein veg)

303 m

32 V 501975 6885070

PÅ TUR I LESJA


NO 54

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

ROLSTADBERGET RUNDT KJØREMSGRENDE

TUREN: Fin tur rundt Rolstadberget som passar for alle. Går du runden mot klokka, kryssar du Bergebrue og følgjer den gamle vegen bratt oppetter Rolstadberget. Når du er komen opp på flata ovanfor Rolstadgardane, svingar du til venstre (skilta til Brekka) og følgjer vegen ned til Brekka. Før gjekk hovudvegen mellom Kjøremsgrende og Botheim her. Frå Brekka følgjer råket Lågen attende til Bergebrue der ein fin gapahuk, bålplass og turbok er å finne. Det er vakkert å følgje elva her. Råket går delvis over innmark så du kan treffe på bufe. Hugs å late att grindene. Runden er merka med fargane riddarblått og svart.

Lett

Bergebrue er restaurert i dei seinare år, og er etter modell av ei utleggarbru. Fin badeplass nedanfor brua. TILKOMST: Start frå Vestsidevegen (Fv 496) ved Bergebrue/Tråsådalen, ca. 500 m vest for Rolstad camping. For å kome på Vestsidevegen sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre.

2,5 t

523 moh

vår/sommar/haust

2,7 km rundtur

102 m

32 V 501193 6884167

PÅ TUR I LESJA

77


NO 55

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

BOTTHEIMSETERVEGEN KJØREMSGRENDE

TUREN: Turen opp til Bottheimssetrene er ein fin tur med flott utsikt over Kjøremsgrende, mot Lesja og Dombås frå setrene. Vegen går bratt oppetter lia på austsida av Vetahaugen og Hovda og er skilta blå og kvit. Der du kjem opp dei verste bakkane, står det ein benk du kan nytte for å kvile deg før siste stubben opp til setrene. Bottheimssetergrenda skal frå gamalt av ha lege 1 km nærare Kvennåe, der det framleis heiter Gammelstulen. På folkemunne heiter det at dei flytta fordi det var mykje orm der. Etter ein km på setervegen kan du ved Vetahaugen ta av austover til Svarttjønne (sjå tur nr. 56). Her kan du

Middels 78

og gå vestover etter skogsbilvegen fram til Vidflotten (sjå tur nr. 49). Ein fin avstikkar her er til Djupholo, som er ei mosedekt daudisgrop frå siste istid. TILKOMST: Start frå Vestsidevegen (Fv 496) rett sør for Bottheimsgardane, skilta. For å kome på Vestsidevegen sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre.

3,5 t t/r

545 moh

vår/sommar/haust

3,5 km ein veg

355 m

32 V 500277 6885004

PÅ TUR I LESJA


NO 56 FOTO: THERESE GJERSØE HOLE

SVARTTJØNNE KJØREMSGRENDE

TUREN: Svarttjønne er ei idylllisk skogstjønn med bålplass og turkasse, perfekt for heile familien. Start frå Bottheimssetervegen merka blå og kvit. Etter ca. 1 km tek du av frå hovudråket og går austover Flotvegen. Skilta og merka raud og kvit. Breitt og fint råk fram til Svarttjønne. Fortset du vegen vidare forbi Svarttjønne kjem du til Kvennåe, der det er ei fin bru over. Flotte fossar i elva ovafor brua. Kvennåe er no blitt bygd ut til småkraftverk og vasstilførsla i elva kan bli påverka. Du kan og kome til Svarttjønne frå Høgsetervegen (oransje og kvit) med start frå Kvennmoen (pelsdyrfarm). Ta av til høgre frå Høgsetervegen når du er kome

Lett

opp på skogsbilvegen. Her er det godt skilta. Du kan også bruke skogsbilvegen Borgåvegen (raud og kvit) frå Brenna. TILKOMST: Start frå Vestsidevegen (Fv 496) rett sør for Bottheimsgardane, skilta. For å kome på Vestsidevegen sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre.

2,5 t t/r

545 moh

vår/sommar/haust/vinter

3,2 km (ein veg)

105 m

32 V 500278 6885006

PÅ TUR I LESJA

79


NO 57

FOTO: JØRN BOTTHEIM

HØGSETRE BOTTHEIMSETRE KJØREMSGRENDE

TUREN: Frå Høgsetre er det flott utsikt mot Dovrefjell og Rondane. Du kan og sjå det høgste fjellet i Lesja frå her, Storstygge Svånåtind (2209 moh). Råket startar frå Kvennmoen. Følg den gamle setervegen heilt opp til Høgsetre (2,3 km). Råket er stadvis ganske bratt. Merka oransje og kvit. Frå Høgsetre kan du gå bortetter lia til Bottheimssetre (2,6 km). Dette er ein fin familietur i jamt terreng. Det er godt merka og skilta i området (oransje og blå). På ein del av strekninga kan du velje mellom to råk, øvre og nedre råket. Fin bru over Kvennåe som kallast Øvre Kloppe. Her

Middels 80

er det kvilebenk, og fossen ovanfor brua er flott å sjå til. TILKOMST: Sving av E 136 ved Joramo, 450 m vest for Jora bru på kommunegrensa mellom Lesja og Dovre. Skilta Vestsidevegen og Traasdahl. Følg Vestsidevegen over ei bru og ta til venstre bortetter Blæstervegen. Køyr 850 m til du kjem til Kvennmoen pelsdyrfarm. Parker ved vegen. Det går og an å køyre opp til Høgsetre. Køyr om Blestergrende, Dovre kommune. Bomveg. Skilta.

4,5 t t/r

532 moh

vår/sommar/haust

5,5 km ein veg

406 m

32 V 501743 6882745

PÅ TUR I LESJA


NO 58 FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

HARKILDHAUGEN KJØREMSGRENDE

TUREN: Harkildhaugen er ein kort og godt eigna tur for små og store. Sjølve Harkildhaugen er ein karakteristisk morenerygg som ligg ved ei lita tjønn, Storrtjønne. Eit spanande område å utforske for ungar. Turen er merka gul og svart. På toppen av ryggen er det benk og turbok. Staden er ein fuglebiotop dvs. eit fuglefredingsområde, så ver varsam i hekketida.

Lett

TILKOMST: Sving av E 136 ved Joramo, 450 m vest for Jora bru på kommunegrensa mellom Lesja og Dovre. Skilta Vestsidevegen og Traasdahl. Følg Vestsidevegen over ei bru og ta til venstre bortetter Blæstervegen. Køyr ca. 1,4 km, parker ved vegen, ca. 500 m aust for Kvennmoen pelsdyrfarm.

30 min t/r

538 moh

vår/sommar/haust

0,7 km (ein veg)

9m

32 V 502117 6882470

PÅ TUR I LESJA

81


NO 59 FOTO: OLA ARNT AMUNDGÅRD

KVENNÅRÅKET KJØREMSGRENDE

TUREN: Kvennåråket er nokså bratt, men har mykje natur å by på opp lia langs Kvennåe. Råket startar frå stien mellom Svarttjønne og Kvennåe (sjå tur nr. 56) og går opp til råket mellom Høgsetre og Bottheimsetre (sjå tur nr. 57). Her kan ein gjere fleire ruteval for turen. Langt oppe kryssar råket kraftutbyggingsgata. Råket er merka gul og svart.

ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover, eller du kan svinge ned ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kan og svinge ned E 136 ved Joramo, 450 m vest for Jora bru på kommunegrensa mellom Lesja og Dovre. Skilta Vestsidevegen og Traasdahl.

TILKOMST: Start frå Vestsidevegen (Fv 496) rett sør for Bottheimsgardane, skilta. For å kome på Vestsidevegen sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av

Middels 82

1,5 t t/r

651 moh

vår/sommar/haust

1,5 km (ein veg)

257 m

32 V 501261 6882248

PÅ TUR I LESJA


NO 60

FLOT-RUTA FOTO: ØYVIND NORDLI

KJØREMSGRENDE

TUREN: Denne sykkelruta er eit godt alternativ til å sykle etter Vestsidevegen mellom Bø og Blæstergrende i Dovre kommune. Turen startar på Vestsida ved oppkøyringa til Slådalsvegen. Følg vegen opp til bommen ved Vidflotten skianlegg. Ta til venstre her og følg skogsbilvegen til Djupholo og øvre Floten. Sving ned Bottheimsetervegen til nedre Floten, ei gamal strandline frå istida. Ta til høgre og fortsett langs Flotvegen som er ein gamal opparbeidd veg til Svarttjønne. Rett etter Svarttjønne må du passere Svarttjønnbekken og Kvennåe. Her er det eit parti på om lag 100 m med terreng å krysse. Vidare sørover følgjer ruta ein skogsbilveg som endar ved Brenna i Blæstergrende.

Middels

Frå Brenna kan du velje å sykle Vestsidevegen attende til der du starta. Heile runden vert da på om lag 21 km. TILKOMST: Sving av E 136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Ta av ved Lesja sentrum og følg vestsidevegen (Fv 496) austover. Eller du kan svinge ned til vestsidevegen ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Du kjem og til vestsidevegen ved å ta av E 136 knappe 3 km aust for Dombås, Dovre.

1 t t/r

564 moh

sommar/haust

11 km

115 m

32 V 496148 6885733

PÅ TUR I LESJA

83


FOTO: OLE THØRING

REINHEIEMEN NASJONALPARK Reinheimen nasjonalpark – villmark med veidemannsspor. Nasjonalparken ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg med sine 1969 km2 i utbreiing. Fjellområdet er særs variert. Dei høgste fjella reiser seg over 2000 m.o.h., medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. I vest er det meir dramatiske kystfjell med kvasse tindar, djupe dalar og strie elver. I aust finn ein rundare fjell, innsjøar, slake vidder og rolege flyer. Nasjonalparken ligg i kommunane Lesja, Vågå, Lom, Skjåk, Norddal og Rauma.

84

I Reinheimen finst det mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Den kritisk trua fjellreven er i ferd med å etablere seg i desse fjellområda på nytt. Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Det finst mange fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar. Fjellområda her har vore i bruk sidan siste istid. I vår tid gjer brearkeologar funn etter gamal ferdsel i område som blir blottlagt når snø- og isfonner som smeltar. I 2014

PÅ TUR I LESJA


FOTO: MORTEN KIELLAND

FOTO: MORTEN KIELLAND

LORDALEN

blei det blant anna funne ei 1300 år gamal ski med binding. Det meste av Reinheimen nasjonalpark er villmarksområde som er viktig for friluftsliv knytt til jakt og fiske. Området er elles i liten grad tilrettelagt for friluftsliv. I Tafjordfjella i vest, finst det merka stiar og turisthytter. Som gjest i Reinheimen er det viktig at vi strevar etter å ferdast sporlaust og vise omsyn til plantar, dyreliv og kulturminne. For meir info sjå www.nasjonalparkstyre. no/Reinheimen PÅ TUR I LESJA

Lordalen er ein idyllisk og flott seterdal og eit godt utgangspunkt for fot- og fisketurar på begge sider av dalføret. Grusvegen som tek deg opp i dalen er om lag 22 km, og den er veldig fin å sykle etter. Vegen følgjer store delar av elva Lora, og etter kvart som du kjem inn i dalen, endrar landskapet seg til meir høgfjellsterreng. Det er fleire setergrender innover Lordalen. Beitedyr og tradisjonell drift av setrene har opp gjennom tida vore med på å skape det flotte kulturlandskapet her. Ved dei inste setergrendene i dalen, Nysetre og Nordstølen, er det ein fint tilrettelagt parkeringsplass, gapahuk og bålplass med informasjonstavler. Lordalen er ein innfallsport til Reinheimen nasjonalpark. I Lordalen finn du mange kulturminne knytt til jakt og fangst av rein. Gamle ferdselsvegar over fjellet er framleis gode å sjå. Løvegen til Skjåk er eit godt døme. Fine turar med utgangspunkt i Lordalen er Trihøene, Fellingvatnet, Gråhøe, spektakulære Dordiholet og Digervarden. TILKOMST: Sving av E 136 ca. 350 m aust for Coop Marked Lora eller 9 km vest for Lesja sentrum. Skilta Reinheimen, Lordalen og Lorkverna. Følg asfaltert veg ned, over ei bru og rett fram. Bomveg med kontantar. Her startar Lordalsvegen. 85


DOVREFJELL-SUNNDALSFJELLA NASJONALPARK Eit populært turmål er velkjende Snøhetta (2286 m.o.h) som ruvar høgast i landskapet. Hit kjem ein seg lettast frå DNT-hytta Snøheim, ved å ta buss inn til hytta frå Hjerkinn. På Hjerkinn finn du blant anna Viewpoint Snøhetta og Villreinsenteret, eit besøkssenter med ulike attraksjonar. Som gjestar i nasjonalparken har vi alle eit ansvar for korleis vi ferdast her. Vi kan alle streve etter å ferdast sporlaust og vise omsyn til plantar, dyr og kulturminne. Vi kan

FOTO: OLE THØRING

Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark har til føremål å ta vare på eit stort, samanhengande fjellområde med sitt høgfjellsøkosystem og biologiske mangfald, da særleg med tanke på villreinen. Noreg har eit særskild ansvar for å ta vare på villreinstammene i desse områda, sidan dei er siste rest av vill fjellrein i Skandinavia. Nasjonalparken har eit areal på 1699 km2 og går inn i kommunane Lesja, Nesset, Sunndal, Oppdal og Dovre. Dette mektige fjellområdet er heimen til karakterartar som villrein, moskus og fjellrev.

86

PÅ TUR I LESJA


DALSIDA gå og renne på ski, medan sykling ikkje er tillate med unntak av nokre få stiar.

Dalsida er ein stor og fantastisk vakker dal i Lesja som bør opplevast. Naturgrunnlaget er rikt og variert, og folk har nytta naturressursane her i lange tider. Enda i dag blir det drive med setring her, og dyr beitar på utmark. Store Aursjøen er eit flott syn der den strekker seg med sine lange 23 km i dalbotnen.

Er du heldig kan du få auge på moskusen som held til på Dovrefjell. Sjølv om han er ein tilsynelatande fredleg planteetar, så kan han gå til angrep om han følar seg trua. Det anbefalast å halde seg på minst 200 m avstand, gå i stor boge rundt eller gå attende same veg som du kom.

Dalsida har mykje å by på. Moglegheitene for tur- og friluftsliv, jakt og fiske er gode. Det er tilrettelagte raste- og campingplassar innover dalen, og det finst utleige av båt og hytter. Det er fint å sykle etter grusvegane og padle på dei mindre vatna som idylliske Flisarvatnet og Sjongsvatnet. Natur- og kulturstigen ved Dyratjønne kan anbefalast.

For meir info sjå www. nasjonalparkstyre.no/Dovrefjell

Dalsida er ein innfallsport til DovrefjellSunndalsfjella Nasjonalpark i nord og Dalsida landskapsvernområde i sør. Jora landskapsvernområde ligg og her, med verdfulle setermiljø, natur- og kulturlandskap.

FOTO: OLE THØRING

FOTO: SOLVEIG GRÆSL

TILKOMST: Køyr av E 136 ved Aurstad, ca. 3 km aust for Lesja sentrum. Skilta Dalsidevegen og Aursjøen. Bomveg. Betaling er mogleg med kort om sommaren. Om vinteren er det brøyta opp til parkeringsplass ved Myrin. Vegen blir som regel brøyta inn til Kvitakrysset ved påsketider.

PÅ TUR I LESJA

87


FOTO: LESJA FJELLSTYRE

LESJA FJELLSTYRE I Norge er det 94 fjellstyre, og disse fjellstyra forvaltar størsteparten av dei høgareliggjande skog- og fjellområda i Sørog Midt-Norge. Lesja fjellstyre forvaltar bruksrettane i Dalsida statsallmenning og Lordalen statsallmenning i Lesja kommune. Statsallmenningane i Lesja utgjer 70 % av arealet i kommunen. Dalsida statsallmenning er ein del av Dovrefjell, og er ca. 1030 km2. Lordalen statsallmenning er ein del av Reinheimen, og er ca. 570 km2.

Fjellstyrets viktigaste oppgåve er å forvalte bruksrettane i statsallmenningane til beste for dei med bruksrett og for allmennheita. Fjellstyret si forvaltning av bruksrettane i statsallmenningane skal også skje på ein måte som tek omsyn til naturvernog friluftsinteressene, og som fremmar næringslivet i bygda. Lesja fjellstyre har 15 hytter og buer som blir leigd ut, og 2 buer som står opne. Hyttene og buene er gode utgangspunkt for jakt, fiske, fjellturar og skiturar. For meir informasjon: www.lesja-fjellstyre.no

Viktige bruksrettar er fiske, jakt, fangst, beiting og seterdrift. Statskog forvaltar dei andre grunneigarrettane i statsallmenningane. 88

PÅ TUR I LESJA


FOTO: LIV KLARA ENSTAD

FISKE I LESJA

Lesja byr på eit rikt og godt fiske i elver og dei mange fjellvatna. Heile Lesja er delt i tre fiskeområde som du må forhalde deg til; Lågen fiskeelv sone 7, Lesja fjellstyre og Lesjaskogsvatnet fiskeforening (Lesjaskogsvatnet, Lågen ned til sideelva Skråkka og Rauma vestover). FJELLFISKE MED LESJA FJELLSTYRE Dalsida statsallmenning og Lordalen statsallmenning har ca. 230 fiskevatn og mange elver og bekkar med fisk som ventar på deg. Her er det gode moglegheiter for avslappande fritidsfiske til fjells. I alle vatn, elver og bekkar med fisk, er det aure, i tillegg er det røye på vatna nede i dalen på Dalsida, samt harr i Aursjøbassenget, Vangsvatnet og Vangstjønn. Jore er ei god fiskeelv med

årlige fangstar av aure på over kiloen. Fiske frå 1. juni – 10. september. Isfiske om vinteren. Båt og hytter ved fleire gode fiskevatn kan leigast av fjellstyret. www.lesja-fjellstyre.no ELVEFISKE I LÅGEN – SONE 7 Frå Lesjaskogsvatnet renn Gudbrandsdalslågen gjennom det opne kulturlandskapet i Lesja-bygda. Stordelen av elva har klar botn og er sakteflytande. Under gode forhold kan ein lett sjå fisken, og det kan vere aure på både 2 og 3 kilo. Her er moglegheiter for spennande fluefiske både etter aure og harr. Det er god tilgang til elva ved ei rekkje bruer. Fiske frå 21. mai – 9. september. www.laagen-fiskeelv.no

INATUR.NO: Søk «innlandsfiske» og «Lesja» Fiskekort kjøper du enkelt på nett eller med SMS. Her står alle fiskereglar, områder m.m PÅ TUR I LESJA

89


NATUR OG KULTURSTIGEN PÅ DALSIDA

PILEGRIM VALLDALSLEIA

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

Valldalsleia – ei lei frå fjord til fjell, frå kyst til innland, var ein gong Olav den Heilage si fluktrute. For dagens vandrar er leia ein veg for oppleving mot eit mål. Leia går frå

Natur- og kulturstigen på Dalsida tek deg med på vandring gjennom ei rik naturfagleg og spennande kulturhistorie frå dette fjellområdet. Den syner korleis menneske og dyr har levd i samspel med omgjevnadene for å nytte naturressursane opp gjennom tidene. Dei eldste spora etter menneske her er 5500 år. I alt 27 informasjonstavler langs stigen fortel om geologien, planter og dyr, jakt og fangst, seterliv, vasskraft, gruvedrift og kulturminne av både ny og gamal dato. Stigen går gjennom variert natur, i fjellskog, over myr og fjell, langs elver og vatn, på gamle setervegar og forbi gamle seterhus. Den kan gåast som ein runde på 10 km, eller delast opp i mindre etappar. Stigen er godt skilta. Alle tavler har informasjon på norsk, engelsk og tysk. Gode fjellsko eller støvlar er å føretrekke. Det er start og innkomst ved krysset til Nysetre, ca. 13 km langs Dalsidevegen etter avkøyrsel frå E136 mot Aursjøen og Sjong seter. Bomveg. Lesja fjellstyre og Lesja kommune står for tilrettelegginga av natur- og kulturstigen. 90

PÅ TUR I LESJA


Storfjorden, der han drog alle sine skip på land i Valldal og gikk derfrå over fjellet til Lesja og Dovre. I følgje sagaen skal Olav ha overnatta på Einbu, Lesjaskog. Eit Olavsmerke i form av eit hesteskoavtrykk i berget finst like ved E 136 her. Leia følgjer den gamle kongeveg frå Lesjaverk kyrkje, der ein går forbi Olavskjelda ved Valtuva. Valldalsleia har gamle tradisjonar som ferdselslei, men er nymerka som pilegrimslei i 2017. Sjå www.pilegrimsleden.no for meir informasjon.

PÅ TUR I LESJA

91

FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

Sylte i Norddal kommune, opp Valldalen til Grønningseter, gjennom Reinheimen nasjonalpark og vidare ned gjennom Lesja og inn til Dombås sentrum. Frå her går leia opp til Fokstugu på Dovrefjell, der den koplar seg inn på Gudbrandsdalsleia vidare mot Trondheim og Nidarosdomen. Valldalsleia er totalt 150 km lang. Ein bruker 7 dagar dersom ein går heile turen. Det er mange fine strekningar langs leia som eignar seg for kortare og lengre turar lokalt. Da Olav den Heilage rømde landet vinteren 1028-1029 kom han inn


FOTO: OLE KRISTIAN SILSETH

SYKKEL I LESJA Lesja er eit fantastisk område for sykling og har mange uoppdaga stiar for den sykkelinteresserte. Moglegheitene for gode opplevingar med sykkel er omtrent uavgrensa. Her finst noko for alle og ein kvar, uansett alder, fysisk form og ferdigheitsnivå. Her finst kilometer på kilometer av grusvegar, spennande sidedalar, gang- og sykkelveg som går parallelt med E 136, og som gjev deg eit mangfald av rutevariasjonar og lengder. I skog og fjell finst det stiar som kan by ein driven stisyklist god flyt. Sykkelstien Bjorli/Brøstdalen - Dombås på vel 75 km, er godt merka og tar deg med på ein samanhengande tur for det meste etter grusveg og skogsråk på sørsida av dalen. Fleire ruter for sykkel er merka rundt Lesjaskogsvatnet. Sjå fleire nemnde ruter i dette heftet eller sjå i tur-appen Outtt. 92

For sykling i høgfjellet: Ta omsyn til gjeldene reglar innanfor verneområde. Stivettreglane for syklistar (eit utval) 1. Ver omtenksam og hyggeleg i møte med turgåarar. 2. Du har alltid vikeplikt for fotgjengarar. 3. Tilpass farten slik at du ikkje er til fare eller ulempe for andre. 4. Brems ned til gangfart i god tid før du passerer andre på ein smal sti. 5. Unngå å sykle på spesielt sårbare stiar like etter periodar med mykje nedbør. 6. Ikkje lag stien breiare ved å sykle utanom vassdammar eller hindringar. 7. Ber sykkelen gjennom myrområde slik at det ikkje blir djupe spor. 8. Ikkje lås bakhjulet i bratte nedoverbakkar. Utvikla av NOTS.no

PÅ TUR I LESJA


SKI I LESJA Liker du å gå i fjellet, har Lesja ypperlege forhold for å gå fjellskiturar utpå vårvinteren. I lett terreng og på godt føre kjem du deg langt til fjells. Fjella lengst vest, i Bjorli-området, er lettast tilgjengeleg for toppturar. Sjå tur-appen Outtt for fleire skiløyper og skiturar. På www.loyper.net finn du oppdatert informasjon av løypetråkking på både Bjorli og Lesjaskog.

PÅ TUR I LESJA

93

FOTO: SOLFRID GRÆSLI

I Lesja finst det gode forhold for å nytte skia – same om du driv med langrenn, skileik, alpint, toppturar eller fjellskiturar. Nede i bygda er det preparerte løyper nesten i kvar grend. Av tilrettelagde arenaer for ski kan vi nemne skistadionen på Vidflotten, lysløypa på Nordmo, og skileikanlegg og lysløype på Lesjaskog. På Bjorli er det eit bra alpinanlegg og mange fine preparerte løyper å velje i.


FOTO: THERESE GJERSØE HOLE

LESJALEIRA Opphavleg låg det to vatn i dalbotnen i Lesja i ei strekning på om lag 16 km. Over store område var desse vatna ikkje over ein meter djupe. Siemsvatnet låg lengst vest og Lesjavatnet i aust. Desse Lesjavatna var fiskerike og sikra bygdefolk god tilgang på mat. Det blei etter kvart bestemt å tappe ut vatna for å få meir dyrkingsjord. Uttappinga føregjekk i perioden 1857 – 1865.

Det blei samstundes gjort tiltak for å betre tilhøva for fugl og fisk. I dag er godt og vel 8000 dekar av Lesjaleira oppdyrka – ein viktig ressurs for landbruksbygda Lesja. Lesjaleira er framleis eit verdifullt område for fugle- og dyreliv trass i dei store inngrepa og endringane i landskapet. Om våren er dette eit viktig område for trekkande vadefuglar og ender. Elles er rådyr, hjort og elg ofte å sjå.

Etter uttappinga blei områda utsett for flaum og fekk problem med flygesand. Frå 1976 til 1984 blei Lesjaleira, som i dag utgjer det tidligare Siemsvatnet i vest, kanalisert og flaumsikra med ei 11,5 km forbygging langs Lågen. Dette arbeidet stod Norges vassdrag- og energiverk for. 94

PÅ TUR I LESJA


NO 1 FOTO: GUNHILD FLØTTUM

TUSSHEIM LESJA LOOK AT HIKE NUMBER 43 ON THE MAP. you can either continue to Dalsida or turn right and follow the signs/path to Tussheim. Great viewpoint from the top! TO GET THERE: Leave the E 136 in the Central of Lesja. Parking available on the North side of the E136

FOTO: MARIT SVANBORG

Tussheim is a great viewpoint and hiking tour in Lesja. It is a distinctive landmark 3,6 km above Lesja centre. You can see it from the town centre. It’s a well-marked trail. Take the Railway underpress and follow signs to Tussheim. The path merges with Skamsdalsdroget. Above the treeline

Medium

3 hour round trip

627 m.a.s.l.

spring/summer/autumn

3,2 km (one way)

458 m

32 V 492884 6887401

PÅ TUR I LESJA

95


NO 2 FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

LORKVERNA LORA LOOK AT HIKE NUMBER 36 ON THE MAP Lorkverna is one of the most popular places for the entire family to visit in Lesja! Here you can discover an authentic atmosphere back to the historic industrial time in Norway. After an easy walk on a good trail through the woods, you will enter Lorkverna with its restored houses, replicas of an old flour mill and a woollen stamp both driven on waterpower. You can also see how they did iron blastering and made coal from burnt wood in the old days. It’s a nice place to bring packed lunch and make coffee on the open fireplace. A reconstructed old style wooden bridge is built across the river Lora, and you can continue the hike on the other side by following the signs. Along this trail you will

Easy 96

find posters with both nature and historical information. It’s Lesja Historielag, a local historic organization, that has built this place with voluntary work and great enthusiasm. TO GET THERE: Drive the main road E136 approximately 10 km west from Lesja center, or 30 kilometers east of Bjorli. At Lora turn off E136 and follow the signs towards Lorkverna, Lordalen and Reinheimen. Turn left just before the toll, and follow signs to Lorkverna and assigned parking. The trail is 1,2 km long and it’s suitable to walk, cycle, pushing baby carriages, and also to ski or go on foot in winter. At the parking lot you’ll find more information and a map of the area.

1 hour round trip

565 m.a.s.l.

spring/summer/autumn

1,3 km (one way)

22 m

32 V 482726 6887651

PÅ TUR I LESJA


NO 3

FOTO: TOR IVAN BOINE

LESJA CHURCH AND LESJA MUSEUM LESJA

Lesja Church, built of wood in 1749, is beautifully situated on a hill in the middle of Lesja Valley. The church is especially famous for its interior wooden carvings and it is well worth a visit. Jakup Bersveinsson Klukstad, one of the best woodcarvers in Norwegian history, has made the altarpiece and pulpit. The baptismal font, also made out of wood, originates from the old stave church in Lesja. The church is open for visitors every day during the summer.

still know this kind of cultural heritage, are there to demonstrate for you how to make typical pastry baking and other local diches.

Lesja museum is located close to Lesja church, and is made up of several traditionally built log houses from the 17-1800s. The houses come from different farms throughout Lesja and represents different housing and living standards from that period of time.

TO GET THERE: Lesja Church and Lesja museum is situated 500 m south of Lesja center. Follow E136 from Dombås, after 16 km follow the sign «Lesja bygdemuseum». Follow this road about 500m after having exited the main road. Free parking. Toilet, HC-toilet, elevator, museum store, playgrounds for kids and animals to pet. Food serving in summer.

During the summer, you can experience different traditional crafts and old farm skills at the museum. Local people, who

The museum has different exebitions at display, some are permanent while others are temporary. The opportunity to experience old and new traditions in both art and culture is something that makes a visit to the museum so unique for each visit.

PÅ TUR I LESJA

97


NO 4 FOTO: SOLVEIG GRÆSLI

THE LESJASKOGSVATNET LAKE LESJAVERK/LESJASKOG Lake Lesjaskogsvatnet is an eldorado for all kinds of activities all year around. You can go fishing, go for a swim or go canoeing. Here you get real close to wildlife and it`s a popular place for bird watching. The dirt roads surrounding the lake are great for both biking and hiking. A lot of hiking trails start by the lake and take you uphill for a great view of the lake. No wonder the lake won the price «Finest place for outdoor activities in Lesja 2017».

TO GET THERE: Lake Lesjaskogsvatnet lies idyllic in the Valley of Lesja and is easy accessible of the main road E 136, at both Lesjaverk and Lesjaskog. At Bryggeosen we recommend a stop at great facilities for fishing and picnic. It’s especially made for users with strollers and wheel chairs, but it is open to all visitors.

The lake is about 11 km long and actually there are two rivers that have their origin here. The river Rauma goes west on its wild journey down Romsdal, whilst the other river, Lågen, goes east and down Gudbrandsdalen to Mjøsa lake. FUN FACT: Did you know that Lake Lesjaskogsvatnet was used as a location for a scene in one of the Harry Potter movies?

98

PÅ TUR I LESJA


NO 5 FOTO: MIMMI K. ULSTEIN

BØVERTRÅKKET BJORLI LOOK AT HIKE NUMBER 2 ON THE MAP. Try this car walk at Bjorli. Stretch your legs and take a fresh mountain breath in great surroundings. Bøvertråkket is a short round trip in the center of Bjorli, yet you will see the magnificent river Bøvre with its many waterfalls. If you take the whole round trip you will walk along the river Rauma at one point. Rauma is flowing calmly past Bjorli, but further down the valley Romsdal, it will turn wild, descending 570 meters on its way to the Romsdal fjord. On this short hike you don´t need any special hiking shoes or other equipment. Walk as you are, bring a jacket and enjoy the walk. The walk is about 5 km and will take you proximately 1 hour and

Easy

30 minutes. You have several options to shorten the walk. The village of Bjorli is a large winter resort with several slopes, lifts and great crosscountry skiing. During summer you have excellent opportunities for both hiking and biking in the area. TO GET THERE: Turn off E 136 in the roundabout at Bjorli. Park at the gas station YX. Here you will find a sign with information and a map over this hike.

1 1/2 hour round trip

275 m.a.s.l.

summer/autumn

5 km

15 m

32 V 458732 6903240

PÅ TUR I LESJA

99


Ope heile sommaren

Lesja bygdemuseum Tysdag - Søndag kl.10.00 –16.00 Ynskjer du eit avbrekk frå vandringar og gnagsår? Kom å besøk oss på bygdatunet og opplev lokalhistoria på nært hald. Ta ein titt i dei gamle husa, lær korleis ein strauk klede før ein fekk straum. Slapp av på tunet med ein god kopp kaffi og høyr historiar frå lokale. Leik med styltar, i dokkestova eller ta del i ein av dei andre barneaktivitetane Utstillingar, gardsdyr, demonstrasjon av tradisjonsbakst, husflid og handverk kvar dag.

Lesja bygdemuseum - Gudbrandsdalsmusea www.gudbrandsdalsmusea.no

Avdemsbue – ein stopp for matglade på Lesja! Her finn du alle produkta til Avdem Gardsysteri, samt øl, spekemat med meir. Vi serverer også ferske rømmevaflar, is og kaffe. Sjå nettsida vår for opningstider:

www.avdemsbue.no

OVERNATTING I TRADISJONSRIKE OMGIVELSER PÅ GÅRD Kyrkjevegen 71, 2665 Lesja Anne Marie: 976 49 372 Aasmund: 975 60 274 post@kolstadgard.no www.kolstadgard.no


BJORLI LESJA LØYPELAG

God tur! OPPDATERT LØYPEINFORMASJON finner du på loyper.net og på Facebooksiden vår. Vi er takknemlige for bidrag til løypekjøringen: 1503.19.64269

Kiosk · Gatekjøkken Dagligvarer BJORLI BENSIN ·&Propan SERVICE Tipping · Ved · Dekk Turistinformasjon Kiosk · Gatekjøkken · Dagligvarer Propan · Tipping · Softis · Ved · Dekk 24 90 55 90 Telefon Telefon 61 246155

kjøkken

Vidars

Møbelsnekkeri www.amundstad.no 91540950

Bad Kjøkken Soverom Garderobe




tlf. 612 44 051

post@thoring-hytter.no


Hytte ved Søreinbu Eige eller leige

elvevandring // freesbeegolf // fotballgolf Turer mot Grøndalen, Svarthø, Hammarfossen, Grønfossen. Utsikt til Rondane. Skiløyper til Bjorli.

Pål Mølmen: 477 57 570 p.molmen@hotmail.com søreinbu.no

Skulle barnehagen hatt nye tråtraktorar,korpset ny tuba til 17.mai eller kanskje hyttenaboane skulle ha spleisa på en snøfres? Det kan DU enkelt gjera noko med i dag! Gå inn på www.spleis.no og start eit spleiselag! Del så spleisen så alle får vore med å bidrege med ein slant. Genialt ikkje sant?


MIDT I LANDET, MIDT I FJELLET Lillehammer

Trondheim

Oslo

Dombås

Bjorli

Otta

Dombås

Otta

Kjøretid (timer:minutter)

0:37

1:22

1:31

3:17

3:29

0:46

2:06

2:41

4:04

2:51

3:25

4:49

4:42

2:05

0:37

Bjorli 1:22

0:46

Lillehammer

1:31

2:06

2:51

Trondheim

3:17

2:41

3:25

4:42

Oslo 3:29

4:04

4:49

2:05

6:40 6:40 Trondheim Ålesund

Molde Bjorli Lom

Sogndal

Dombås Otta Lillehammer

Bergen Oslo

Lesja kommune Jakup B.Klukstads veg 32 2665 Lesja (+47) 61 24 41 00 postmottak@lesja.kommune.no facebook.com/Lesjakommune #turilesja

Bruk #turilesja på din neste tur!

På tur i Lesja  

Din turguide for Lesja. Her finner du flotte tur- og naturopplevelser for alle. Se også https://outtt.com/no/regions/24/lesja for flere in...

På tur i Lesja  

Din turguide for Lesja. Her finner du flotte tur- og naturopplevelser for alle. Se også https://outtt.com/no/regions/24/lesja for flere in...

Advertisement