
1 minute read
«Difor står eg på liste til KrF»
Tekst: Anne-Kristin Bruns
Politikar eg? Eg hugse svært godt då eg i 2011 fekk telefon om at eg var vald som vara til kommunestyret. Etter å ha sagt nei mange gongar, hadde eg sagt ja til å vere «listefyll» og i ein by som Stavanger tenkte eg at det var heilt uproblematisk. Eg hadde ikkje drive valkamp og heller syntest det var litt ukomfortabelt å skulle stå på KrF si liste. Så hadde eg altså fått så mange personkryss at eg vart vara.
Advertisement
Dette er over 11 år sidan, og vegen hit har vore ei spennande reise, med verv i ulike politiske utval og i organisasjonen KrF.
Grunnen for at eg framleis står på, at eg framleis vil stå på KrF si liste er at eg ser at det nyttar. Det nyttar å stå på for saker som familiepolitikk, eldrepolitikk, utanforskap og samfunnsbyggande strukturar, og eg meine at KrF har den beste politikken for nettopp dette.
Som sosialarbeidar har eg jobba med menneske som streve med livet. Det er folk som er det viktigast og det er menneskemøta som gjev meg energi, men det er også meiningsfylt å kunne legge til rette for tiltak på meir systemnivå som politikk er.
Det som gjev meining med å drive politikk for meg er mellom anna å få legge til rette for at pårørande blir meir sett, at menneske med funksjonsnedsettingar får hjelp, at eldre blir prioritert, at frivilligheita blomstre, og for at familiar er ulike og med ulike behov. I tillegg treng vi noko å leve av, difor er det viktig at vi legg til rette for dei små og mellomstore bedriftene.
Eg trur også på ein indre drivkraft, ein indre motivasjon om du vil som eg gjerne vil kalle eit kall. Same drivkrafta gjorde at eg vart sosialarbeidar. Det kan høyrest åndeleg ut, men eg klare ikkje å skilje mellom tru og arbeid/politikk. Det heng nøye saman.
Det er svært flott å sjå at ved å vere ombodskvinne for dei som stemde på KrF ved siste val, har dei gjeve meg tillit til at KrF kan få fram viktige KrF saker.
Så vil eg framsnakke alle som har gått vegen før meg. Som har brukt mykje av si tid og energi på å nettopp legge til rette for at KrF sin politikk er synleg i mange kommunar, fylke og på nasjonalt nivå.
KrF er eit verdiparti og det vil eg vere med å kjempe for.