Tillit - KS Folkevalgtprogram 2019-2023 - Nynorsk

Page 59

• Utsegner eller avtale i kommunestyret om «godt debattklima», gjerne inspirert av Valgløftet 2019 frå KPT. • Reglar for bruk av sosiale medium på møter i kommunestyret eller fylkestinget. • Openheit i politiske prosessar. • Avklare felles køyrereglar for ordskiftet i valkampen – mellom partia. • Gjennomføre samlingar for folkevalde – inspirert av «Stopp hatprat» frå Europarådet. Til dei politiske partia • Etablere ressursgruppe i dei politiske partia som handterer skriv, innlegg og meldingar • Tverrpolitisk erklæring om ytringskultur og debattklima, med bevisstgjering og ansvarsleggjering av retorikk. • Nettverk mellom folkevalde, eller ordførarar, anten i same parti eller på tvers av partia. • Tilpasse partivedtekter om trakassering til òg å omfatte hatefulle ytringar og netthets. • Oppslagshefte om nettvett og sosiale medium for kandidatar. • Redaktørplakat-profilen til partia på sosiale medium – om etiske retningsliner og ansvar for framferd. • Ein kontrakt som alle kandidatar må underteikne rett før valet. • Utarbeide og implementere førebygging- og handteringstiltak. • Kurs eller samlingar om debattkultur. Til media • Samtaleforum/dialogmøte mellom lokalaviser og politikarar. • Avgrensingar for kommentarfelt. • Obligatorisk brukarkonto med fullt namn. Til KS • Utvikle handbok om førebygging og handtering av hets og trugsmål. • Meir eksplisitt omtale av nettvett og ytringskultur i KS Folke­ valgtprogram • Etablere eit KS-organ som hjelper folkevalde med å vurdere og handtere hatefulle ytringar og trugsmål dei blir utsette for. • Lage ei bilderamme som folkevalde kan bruke på den profilen dei har på sosiale medium, og ta initiativ til ein «hashtag» på sosiale medium som oppfordrar politikarar til å støtte andre politikarar som blir utsette for netthets eller hatefulle ytringar.

di rolle som folkevald

59


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.